PDF, 106 kB - Gloppen kommune

NORDFJORDRÅDET
MØTEINNKALLING
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
30.01.2017
Gloppen hotell
Kl. 10:00
Eventuelle forfall til møtet skal meldast til sekretariatet i Gloppen kommune på tlf. 57 88 38
00. Forfall kan også meldast på e-post til: [email protected]
For medlemmene i Nordfjordrådet, og for dei som har møte- og talerett i rådet (rådmennene),
ligg saklista til møtet også i møteportalen, som du finn link til på Gloppen kommune si
heimeside.
Saklista til møta i Nordfjordrådet skal elles vere tilgjengeleg på alle medlemskommunane sine
heimesider, dvs. på heimesidene til Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy
kommunar.
Sandane
23. januar 2017
Leidulf Gloppestad
leiar
Birte Fossheim
sekretær
SAKLISTE:
Sak nr.
Sakstittel
001/17
Godkjenning av møtebok, innkalling, dagsorden og sakliste
002/17
Orienterings- og drøftingssaker
003/17
Søknad frå Nordfjord Opplæringskontor - tilskot til produksjon av
video/digital marknadsføring
NORDFJORDRÅDET
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Nordfjordrådet
Avgjerd av: Nordfjordrådet
Saksbehandlar: Birte Fossheim
SAKSGANG
Møtedato
30.01.2017
Saksnr.
001/17
Arkiv:
Objekt:
Arkivsaknr.:
17/60-1
Godkjenning av møtebok, innkalling, dagsorden og sakliste
Møteboka frå Nordfjordrådet sitt møte den 2. desember i Hornindal i 2016 blir lagt fram til
godkjenning.
Leiaren har sett opp slik dagsorden for dette møte:
10.00
Søknad frå Nordfjord Opplæringskontor
11.15
Status arbeid med heimeside Nordfjordrådet
10.30
Fornybar region Nordfjord 2025
Grøn næringsutvikling – tiltak strategi og handlingsplan 2017
Innleiar Geir Arne Solheim – Forum for Grøn energi
11.45
Lunsj hos Bano
12.00
Orientering og bedriftssynfaring Bano og Strukturplast – Frode Lindvik,
dagleg leiar
13.00
Arbeidsverkstad omkring Strategi for senterstruktur og tettstadutvikling
- Korleis utvikle ein senterstruktur og attraktive tettstader som møter den
nasjonale sentraliseringa og gjev grunnlag for sterkare folkevekst?
- Kva jobbar Nordfjordregionen med som kan vere bidrag inn i strategien?
Prosess og arbeidsverkstad med Sogn og Fjordane fylkeskommune - Annlaug
Kjelstad, Synnøve Stalheim og Arne Kringlen
15.30
Møte slutt.
LEIAREN SI TILRÅDING:
1. Nordfjordrådet godkjenner møteboka frå sitt møte den 2. desember 2016
2. Nordfjordrådet godkjenner innkallinga og saklista til møte den 30. januar 2017.
NORDFJORDRÅDET
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Nordfjordrådet
Avgjerd av: Nordfjordrådet
Saksbehandlar: Birte Fossheim
SAKSGANG
Møtedato
30.01.2017
Arkiv:
Objekt:
Saksnr.
002/17
Arkivsaknr.:
17/59
Orienterings- og drøftingssaker
1. Fornybar region Nordfjord 2025
Grøn næringsutvikling – tiltak strategi og handlingsplan 2017
Innleiar Geir Arne Solheim – Forum for Grøn energi
2. Status arbeid med heimeside Nordfjordrådet
3. Arbeidsverkstad omkring Strategi for senterstruktur og tettstadutvikling
- Korleis utvikle ein senterstruktur og attraktive tettstader som møter den nasjonale
sentraliseringa og gjev grunnlag for sterkare folkevekst?
- Kva jobbar Nordfjordregionen med som kan vere bidrag inn i strategien?
Prosess og arbeidsverkstad med Sogn og Fjordane fylkeskommune - Annlaug Kjelstad,
Synnøve Stalheim og Arne Kringlen.
LEIAREN SI TILRÅDING:
Saka vert lagt fram utan tilråding.
NORDFJORDRÅDET
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Nordfjordrådet
Avgjerd av: Nordfjordrådet
Saksbehandlar: Birte Fossheim
Møtedato
30.01.2017
Objekt:
Arkiv:
U01
Saksnr
003/17
Arkivsaknr.:
17/11-2
Søknad frå Nordfjord Opplæringskontor - tilskot til produksjon av
video/digital marknadsføring
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Nordfjord Opplæringskontor ynskjer å styrke rekrutteringa og fokuset på utdanning innan
helsefag. I den samanheng søkjer dei Nordfjordrådet om støtte til produksjon av video/digital
marknadsføring for helsefag.
Saksutgreiing:
Nordfjord Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor med nedslagsfelt i
kommunane som deltek i Nordfjordrådet. Kontoret vart starta i februar 2016, og er framleis i
etableringsfasen.
Prosjektet skal vise fram moglegheitene ved å ta fagbrev som helsefagarbeidar, og gleda ved å
jobbe i helse og omsorgssektoren. Videoane skal vere kreative med eit moderne uttrykk, og
hovudmålgruppa er elevar i 9. klasse til VG2. Målsettinga med prosjektet er å bidra til at
fleire vel utdanning innan helse og oppvekst, og tek læretid etter fullført 2-årig
helsefagutdanning på vidaregåande skule.
Økonomiske konsekvensar for Nordfjordrådet:
Nordfjord Opplæringskontor vil produsere ein video og 2-3 korte snuttar til bruk på sosiale
plattformer. Dei vil samarbeide med profesjonelt videoselskap om oppdraget.
Dei søkjer Nordfjordrådet om kr 57.500 i støtte.
Sekretæren si vurdering:
Prosjektet som Nordfjord Opplæringskontor søkjer om, rettar seg inn mot fleire
satsingsområde som Nordfjordrådet har sett for 2017. Vi har sagt vi skal jobbe for å auke tal
læreplassar. Vi vil styrke inkludering gjennom godt tilrettelagt utdanningsprogram som er i
samsvar med regionen sine behov. Vi veit at behovet for helsefagarbeidarar i regionen er
svært stor i åra framover.
Denne videoproduksjonen til Nordfjord Opplæringskontor er slik sett eit nyttig verktøy og
bidrag inn mot tiltak som Nordfjordrådet har på planen for 2017. Om vi dekkjer dei faktiske
utgiftene med produksjon av video på kr 50.000, så ser vi det som rimeleg at Nordfjord
Opplæringskontor dekkjer eigen timesats innanfor eige budsjett.
LEIAREN SI TILRÅDING:
Nordfjordrådet støtter Nordfjord Opplæringskontor med kr 50.000 i tilskot til produksjon av
video/digital marknadsføring for helsefag.