Samarbeidsavtale for lån av Vinjar gymsal.

Samarbeidsavtale mellom Suldal IL og Vinjar skule

Avtale om lån av gymsalen kvardagar før kl 17.00 og helger skal avtalast med
vaktmeister v/Vinjar skule (40406321), eller rektor (52790900).

Avtale om lån av gymsalen på kvardagar mellom kl 17.00 og kl 22.00 skal avtalast
med Suldal IL
E-post: [email protected]

All trening skal vera avslutta kl 22.00. All bruk utover denne tida må avtalast med
utleigar. Trening må vika for andre arrangement.

Det skal ALLTID vera ein ansvarleg vaksen (over 18 år) til stades under trening i
gymsalen.

Dersom det er nokon som har nøklar til gymsalen, og som ikkje lenger er trenar, skal
nøklane leverast til Vinjar skule v/vaktmeister.

Nøklar til gymsalen skal ikkje lånast ut til personar under 18 år, og det er personen
som låner vekk som er ansvarleg for nøkkelen.

Skulen ønskjer at låning/kvittering ut av nøklar skal skje i opningstida til skulen.

Reglar for bruk av gymsalen elles heng på oppslagstavla i Foajèen.
Vinjar skule, 18.01. 2017