jobbmesse steg for steg

JOBBMESSE STEG FOR STEG
På ei jobbmesse er det arbeidsgjevarar frå heile regionen som er på utkikk etter arbeidskraft.
Arbeidsgjevaren har eit stand/bord der dei tar i mot folk som ynskje å vete meir om bedrifta og
arbeidsmoglegheiter no og framover.
Det kan være nervepirrande å møte opp på jobbmesse Mange lurer på korleis dei skal gi et godt
inntrykk. Kva bør du forberede deg på før jobbmesse? Korleis skal du gjennomføre ditt besøk på
messen?
Det krev mykje eigen innsats å skaffe seg nytt arbeid. Det er dei mest aktive som lykkast raskast.
Før jobbmesse
Vanlegvis får du ei liste over bedriftene som skal delta ved innkalling eller ved å sjå
på https://www.nav.no/no/Lokalt/Sogn+og+Fjordane/Jobbmesser. Dersom du først får lista ved
inngangen til messa, bruk nokre minuttar til å planlegge ditt opphald på messa.
•
•
•
•
•
•
Ta fleire kopier av din CV med deg til messa slik at du kan leggje den igjen hjå dei som
ynskjer det. Sikre at CV-en din er oppdatert . Har du ein CV som speglar din kompetanse og
dine ynskjer? Husk å ta med realkompetansen (all kunnskap og alle ferdigheiter du har).
Tenk gjennom: kva kan eg, kva vil eg, kva har eg lært gjennom utdanning og arbeid.?
Skaff deg god kjennskap til bedriftene: sjå på nettsida deira, snakk med nokon som kjenner
bransjen. Vær open, kan du bruke din kompetanse i ein anna sektor eller annen type jobb enn
tidlegare.
Forbered spørsmål til bedrifta, det viser at du er interessert.
Tenk gjennom korleis du vil stå fram. Sørg for å ha reine og heile kler og at du føler deg
komfortabel i det du har på deg.
Tenk gjennom dine eigne grenser for kor privat du vil være. Bare gje opp informasjon som er
relevant for arbeidsgjevaren. Tenk kva du kan bidra med, ikkje kva som er hindringane . Vær
klar over at arbeidsgjevaren i mange tilfelle sjekkar Facebook-profilen din og Googler deg i
etterkant av messa. Har du noko du ikkje er stolt over på nettet, fjern det. Om innhaldet ligg
på nettsider du ikkje kan redigere sjølv, kan du få hjelp av slettmeg.no.
På jobbmesse
7 tips til møte hjå arbeidsgjevaren:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
Fast handtrykk.
Ha augekontakt med arbeidsgjevar.
Ikkje bli for alvorlig. Det er lov å smile.
Ha ei god holdning. Unngå å stå/sitte for avslappet eller hengslete.
Snakk tydelig. Bruk normal stemmeleie
Vis at du er interessert. Lytt til hva som blir sagt og still gjerne spørsmål sjøl.
Vær obs på bevegelsene dine – unngå å stå urolig.
Ved møte på stand:
•
•
•
•
•
•
Presentere deg med ei setning. Eg er «Ole Nordmann» og er interessert i jobb i
industri/butikk/reinhald osv. Det er helt vanleg å være nervøs før og undersamtalen. Det går
ofte mye betre enn du trur.
Første spørsmål skal ikkje være «Kva kan du tilby meg»
Det er plass til notater på info arket om messa. Bruk dette for å noter kven du har snakka
med og kva som er avtalt. Ta dette arket med til neste samtale med din rådgjevar på NAV.
Nokon spørsmål som du kan bruke:
o Har dere ledig jobb no eller framover (dersom arbeidsgjevaren ikkje allereie har
informerte om det.
o Kva kompetanse krev stillinga
o Kva forventningar har du til ny tilsette
o Er jobben deltid/sesong/fast/midlertidig dersom dette ikkje er opplyst?
Gjerne fortel kvifor du er ein god kandidat. Være forberedt på å presentere din erfaring og
kompetanse kortfatta.
Dersom arbeidsgjevaren gir teikn til å avslutte, respektere dette. Dei skal gjerne snakke med
fleire på kort tid. Legg heller igjen CV eller kontaktinformasjon
Vanlige spørsmål som du kan få på messe som kan være lurt å forberede deg på:
•
•
•
•
•
•
•
Kvifor vil du jobbe hjå oss?
Kva kan du bidra med i vår bedrift?
Kva utdanning/erfaring/kompetanse har du? Likar du best å jobbe i team eller på eigen hand?
Er du villig til å lære nye ting/ta relevante kurs?
Er du villig til å flytte?
Når kan du ev starte i jobb?
Spørsmål om tidlegare jobb. (Ikkje snakke negativt om tidlegare arbeidsgjevarar!
Etter jobbmessen
Bruk litt tid på å evaluere deg sølv. Noter deg spørsmål som du ynskje å svare betre på neste gong.
Følg opp det som ble avtalt! Du skal være tilgjengelig på telefon og e-post slik at arbeidsgjevaren kan
ta kontakt med deg. Er du kandidat for ei stilling kan du ringe etter eit par veker hvis du ikkje har
hørt noko og samtidig vise interesse for stillinga.
Ikkje mist motet sjølv om du ikkje fikk jobb. Det er god trening i å gå på jobbmesser og du knyter
nyttige kontaktar. Du kan ha gjort eit flott inntrykk sjølv om du ikkje fikk jobben. Nesta gongen kan
det ble din tur .