Steg for steg på jobbmesse

JOBBMESSE STEG FOR STEG
På ei jobbmesse er det arbeidsgjevarar frå heile regionen som er på utkikk etter arbeidskraft.
Arbeidsgjevaren har eit stand/bord der dei tek i mot folk som ynskjer å vite meir om bedrifta og
arbeidsmoglegheiter no og framover.
Det kan være nervepirrande å møte opp på jobbmesse Mange lurer på korleis dei skal gje eit godt
inntrykk. Kva bør du førebu deg på før jobbmesse? Korleis skal du gjennomføre ditt besøk på messa?
Det krev mykje eigeninnsats å skaffe seg nytt arbeid. Det er dei mest aktive som lykkast raskast.
Før jobbmessa
Vanlegvis får du ei liste over bedriftene som skal delta ved innkalling eller ved å sjå
på https://www.nav.no/no/Lokalt/Sogn+og+Fjordane/Jobbmesser. Dersom du først får lista ved
inngangen til messa, bruk nokre minuttar til å planlegge ditt opphald på messa.
•
•
•
•
•
•
Ta med fleire kopiar av din CV til messa slik at du kan leggje den igjen hjå dei som ynskjer
det. Sikre at CV-en din er oppdatert . Har du ein CV som speglar din kompetanse og dine
ynskjer? Hugs å ta med realkompetansen (all kunnskap og alle ferdigheiter du har).
Tenk gjennom: kva kan eg, kva vil eg, kva har eg lært gjennom utdanning, arbeid og
fritidsinteresser?
Skaff deg god kjennskap til bedriftene: sjå på nettsida deira, snakk med nokon som kjenner
bransjen. Ver open. Kan du bruke din kompetanse i ein anna sektor eller annan type jobb enn
tidlegare?
Førebu spørsmål til bedrifta. Det viser at du er interessert.
Tenk gjennom korleis du vil stå fram. Sørg for å ha reine og heile kle og at du føler deg
komfortabel i det du har på deg.
Tenk gjennom dine eigne grenser for kor privat du vil være. Gje berre informasjon som er
relevant for arbeidsgjevaren. Tenk på kva du kan bidra med, ikkje kva som er hindringane . Ver
klar over at arbeidsgjevaren i mange tilfelle sjekkar Facebook-profilen din og Googler deg i
etterkant av messa. Har du noko du ikkje er stolt over på nettet, fjern det. Om innhaldet ligg
på nettsider du ikkje kan redigere sjølv, kan du få hjelp av slettmeg.no.
På jobbmesse
7 tips til møte hjå arbeidsgjevaren:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
Fast handtrykk.
Ha augekontakt med arbeidsgjevar.
Ikkje bli for alvorleg. Det er lov å smile.
Ha ei god holdning. Unngå å stå/sitte for avslappa eller hengslete.
Snakk tydeleg. Bruk normal stemmeleie
Vis at du er interessert. Lytt til kva som blir sagt og still gjerne spørsmål sjølv.
Ver obs på bevegelsene dine – unngå å stå uroleg.
Ved møte på stand:
•
•
•
•
•
•
Presenter deg med ei setning. Eg er «Ole Nordmann» og er interessert i jobb i
industri/butikk/reinhald osv. Det er heilt vanleg å vere nervøs før og under samtalen. Det går
ofte mykje betre enn du trur.
Første spørsmål skal ikkje være «Kva kan du tilby meg»
Det er plass til notater på info-arket om messa. Bruk dette for å notere kven du har snakka
med og kva som er avtalt. Ta dette arket med til neste samtale med din rådgjevar på NAV.
Nokre spørsmål som du kan bruke:
o Har de ledig jobb no eller framover? (dersom arbeidsgjevaren ikkje allereie har
informerte om det).
o Kvifor du er interessert i denne bedrift/sektor?
o Kva kompetanse krev stillinga?
o Kva forventningar har du til nytilsette?
o Er jobben deltid/sesong/fast/midlertidig dersom dette ikkje er opplyst?
Gjerne fortel kvifor du er ein god kandidat. Ver forberedt på å presentere din erfaring og
kompetanse kortfatta.
Dersom arbeidsgjevaren gir teikn til å avslutte, respekter dette. Dei skal gjerne snakke med
fleire på kort tid. Legg heller igjen CV eller kontaktinformasjon
Vanlege spørsmål som du kan få på messa og som kan være lurt å førebu deg på:
•
•
•
•
•
•
•
Kvifor vil du jobbe hjå oss?
Kva kan du bidra med i vår bedrift?
Kva utdanning/erfaring/kompetanse har du? Likar du best å jobbe i team eller på eigenhand?
Er du villig til å lære nye ting/ta relevante kurs?
Er du villig til å flytte?
Når kan du evt starte i jobb?
Spørsmål om tidlegare jobb. (Ikkje snakk negativt om tidlegare arbeidsgjevarar!
Etter jobbmessa
Bruk litt tid på å evaluere deg sjølv. Noter deg spørsmål som du ynskje å svare betre på neste gong.
Følg opp det som ble avtalt! Du skal være tilgjengeleg på telefon og e-post slik at arbeidsgjevaren kan
ta kontakt med deg. Er du kandidat for ei stilling, kan du ringe etter eit par veker dersom du ikkje har
høyrt noko og samtidig vise interesse for stillinga.
Ikkje mist motet sjølv om du ikkje fekk jobb. Det er god trening i å gå på jobbmesser, og du knyter
nyttige kontakter. Du kan ha gjort eit flott inntrykk sjølv om du ikkje fekk jobben. Neste gong kan det
bli din tur .