Info til foreldre – Saman mot mobbing

Elevarrangement
Alle elevar frå 6. – 10. trinn i Fjell, Sund og Øygarden skal delta på dette arrangement.
Innhaldet vil vere BRUK HUE-kampanjen og Kjartan frå Kjetil & Kjartan.
Tema for dagen er mobbing, digital mobbing og nettvett.
Kl. 09.30 – 11.15
Kl. 12.00 – 13.45
6. til 7. trinn
8. til 10. trinn
Kveldsarrangement for foreldre kl 18.00 – 20.00
Del 1. Oppfølging av BRUK HUE- foredraget som elevane har hatt tidlegare same dag.
Internett og andre sosiale medium er utfordrande arenaer både for barn og vaksne
og vi treng å vera oppdatert på kva som skjer.
Del 2. Panelsamtale etter modell av Debatten på NRK1. Marco Elsafadi vil leie
panelsamtalen.



Del 1. Erik Hanøy og Aleksander Solaat Rødland vil dele sine erfaringar med mobbing
Del 2. TRYGG I FJELL – arbeid med mobbing i Fjell kommune, erfaringar frå idrett,
barnehage og skule.
Del 3. Ekspertpanel: Mobbeombod i Hordaland Mari-Kristine Morberg, leiar i
Olweusgruppa i Bergen Andrè Baraldsnes, leiar i Kors på halsen Nelly Kongshaug, frå
Barnevakten Kjellaug Tonheim Tønnesen og vår eigen Guttorm Helgøy.
Parkering
Vi oppmodar alle om å vere tidleg ute, og oppmodar til kompiskjøring og parkering i
kystbygarasjen (det tar 5 minutt å gå til Sotra arena).
Arrangementet er gratis, og det er inga påmelding.