Årsplan 2016/17 - Stranda kommune

Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
TROLLHAUGEN
BARNEHAGE
ÅRPLAN 2016/17
1
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
Trollhaugen Barnehage Stranda SA
Dalevegen 165, 6200 Stranda
Tlf: 934 01 213 / 934 01 558, e-post: [email protected]
KORT PRESENTASJON AV BARNEHAGEN
Trollhaugen barnehage er ein 1-avdelings foreldreeigd samvirke-barnehage som ligg i Dalevegen
165, Sløgstadmarka. Foreldra kjøpte dette bolighuset i 2000, og pussa opp og bygde på litt, og
flytta inn våren 2001.
Vi har ei flott løe, og store skogsområder bak barnehagen som er fine å nytte til turar.
Barnehagen er open for barn 0 - 6 år, fordelt på 24 - 30 plassar. Barnehagen gir tilbod om 5
ulike opphaldstider, og har for tida åpent mandag – fredag kl. 7.00 – 16.15.
SATSER FOR FORELDREBETALING:
Timar pr. veke
Mnd.pris
Inntil 42 t
2655
Inntil 33 t
2190
Inntil 25 t
1660
Inntil 21 t
1430
Inntil 17 t
1200
Timekjøp
30 pr. time
Søskenmoderasjon:
 30% reduksjon på barn nr 2
 50% reduksjon på barn nr 3
Satsanane kan bli auka frå 01.01.17.
30% Rabatt
Å betale
1860
1535
1160
1000
840
50% rabatt
Å betale
1330
1095
830
715
600
Matpenger pr
mnd.
300
240
180
150
120
Pr. måltid kr 7,00
PERSONALET HAUST 2016:
Gro Anita Loen Sve
90% styrar
91 33 21 25 / 93 40 12 13
Hilde Løvoll
96% pedagogisk leiar
41 28 41 65
Ole Petter Stenberg
100% pedagogisk leiar
92 42 31 83
Sølvi Fylling
100% fagarbeidar
Tove Aal
80% assistent
Jeanette Giskemo
90% assistent
Linda Ludvigsen
80% assistent
Reinhaldar: Malgorzata Dymek, ca 20%
TELEFONAR TIL BARNEHAGEN:
 Telefon avdeling:
93 40 15 58.
o Bruk helst denne til beskjedar som angår avdelinga.
 Telefon styrer:
93 40 12 13 / 91 33 21 25 (privat)
2
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
E-post:
[email protected]
EIGARSTYRET:
Eigarstyret består av 4 av andelseigarane (foreldra sine representantar), ein representant frå
kommunen og ein frå dei tilsette. Dei skal ivareta eigarane sine rettar og plikter.(Vedtekter § 6)
Leiar:
Nestleiar:
Styremedlem:
Kommunal rep.:
Personalrep.:
Varamedlemmer:
Elisabeth Vågsæter
Trond Otto Berg
Ingrida Deltuvaite, dugnadsansvarlig
Hedda Breien, dugnadsansvarlig
Rita Svorkås
Hilde Løvoll
Kathrine Engeset Sanchez
Lars Roald Myklebust
SAMARBEIDSUTVALET (SU): Barnehagelova § 4
SU skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ, og sikre samarbeid med
barna sine heimar. SU består av 2 foreldre og 2 ansatte i barnehagen.
Skal bl.a godkjenne barnehagen sin årsplan.
Leiar:
Sekretær:
Medlemmar:
Varamedlem:
Agne Gailiune
Katarzyna Malmon
Ole Petter Stenberg
Tove Aal
Stine Mari Nordholmen
LOV OM BARNEHAGER
Barnehagane i Norge regulerast av Barnehagelova 17.juni 2005 nr. 65, sist endra 01.august 2013.
Med heimel i lova har Kunnskapsdepartementet fastsett Forskrift om Rammeplan for
barnehagens innhold og oppgåver.
Lov om barnehagar, §1 Formål
«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og
lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på
grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for
menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet,
verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i
menneskerettighetene.
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv,
hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha
rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.
3
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den
skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap
og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for
diskriminering.»
§2 Barnehagens innhold (kort utdrag)
«Barnehagen skal være en pedagogisk virksomhet.
Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og
aktiviteter.
Barnehagen skal ta hensyn til barnas alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle
bakgrunn.
Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med
utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter.
Rammeplanen skal gi retningslinjer for barnehagen sitt innhald og oppgåver, og skal ligge til grunn
for barnehagen sin årsplan.»
De kan lese meir med å gå inn på www.lovdata.no ,- Lov om barnehager
RAMMEPLAN
Målet med rammeplanen er å gje styrar, pedagogiske leiarar og det øvrige personalet ei
forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen si verksemd.
Rammeplanen gir også informasjon til foreldre, eigar og tilsynsmyndigheit.
Barnehagen sitt innhald skal bygge på eit heilheitleg læringssyn, kor omsorg og leik, læring
og danning er sentrale deler. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse samt 7 fagområde
viktige deler av barnehagens læringsmiljø.
Gjennom faste og spontane aktivitetar og leik skal barnehagen innehalde element frå dei 7
fagområda:
 Kommunikasjon, språk og tekst
 Kropp, rørsle og helse
 Kunst, kultur og kreativitet
 Natur, miljø og teknikk
 Etikk, religion og filosofi
 Nærmiljø og samfunn
 Tal, rom og form
Eit fagområde vil sjeldan eller aldri opptre åleine, men vil vere representert gjennom temaarbeid
og i samband med leik og kvardagsaktivitetane.
Vi vil gjennom kvart tema vi jobber med, sette opp eit skjema over dei 7 fagområde og
skrive ned korleis dei ulike fagområda er representert i temaet vi jobber med.
Rammeplan kan lastast ned her:
http://www.regjeringen.no/upload/KD/Vedlegg/Barnehager/Rammeplan_2011/K
D_rammeplan_nynorsk_nett2011.pdf
4
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
VERDIARBEID OG VISJON:
Personalgruppa har arbeidd med verdiarbeid og visjon. Ut frå det kom vi fram til kva som er våre
viktigaste verdiar i Trollhaugen barnehage. Vi har også underpunkt på alle verdiane. Ut frå dette
igjen kom vi fram til ein visjon for barnehagen.
Verdiane skal vere berekrafta for det pedagogiske grunnsynet som vi skal bygge det daglege
arbeidet vårt på i barnehagen.
«LITEN, MED STORT HJERTE»
 Velkommen
 Tryggleik
 Kreativitet
 Anerkjennelse
Visjonen vår med underpunkt og utdjupingar, vil stå i garderoba vår, bygd opp som eit hus. Huset
består av grunnmur (lover og forskrifter), veggar (4 grunnverdiar) og tak (visjonen vår).
HANDLINGSPLAN 2016/17
Utanom denne årsplanen vil de få eit info.skriv / periodeplan kvar gong vi begynner med eit nytt
tema. Der vil det stå kva tema vi vil jobbe med dei neste vekene, og kva mål og metode vi har for
dette.
Vi har 4 voksne i grunnbemanning mandag og onsdag. Tirsdag, torsdag og fredag har vi større
barnegruppe og 5 voksne i grunnbemanning. Vi bruker loftet til mindre grupper kvar dag.
GENERELL VEKEPLAN:
Mandag
Tirsdag
F.m
F.m.
Temasamling
Samling
E.m.
E.m.
Onsdag
F.m.
Temasamling
E.m.
Torsdag
F.m.
Temasamling
E.m.
Femårsklubb
Gr. Temasamling:
Gr. 1: Emrik, June, Mateo, Dominykas, Mateusz, Anna-Lydia og Torgrim
Gr. 2: Kamile, Samuel, Gabia og Aaron
Gr. 3: Otilie, Roald, Tobias og Erling
Gr. 4: Wilma, Emilis, Viktor, Jazel og Maria.
5
Fredag
F.m.
Temasamling
E.m.
Turdag / gym
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
Vekeplanane vert ikkje så detaljert, då vi vil ha rom for barns medvirkning. Vekeplanane må også
sjåast opp mot periodeplanane. De vil få vekeplan for 2 veker om gangen.
5-ÅRINGANE
Overgang barnehage – skule
Det siste året før skulestart skal vere litt spesielt. Det er i Stranda kommune utarbeidd ein
eigen plan for kva førskulebarna skal gjennom det siste året i barnehagen.
Målet er å få til eit positivt og godt opplegg for overgangen barnehage – skule. Dette er ein plan
som forpliktar både for barnehage, skule, helsestasjon og PPT. For barnehagen inneber planen i
hovudtrekk:
 5-års klubb i barnehagen ein gong i veka, der dei er innom ulike førebuande «skuletema».
 4 avtalte førskulereff for alle barnehagane.
 Foreldresamtalar haust og vår med spesielt fokus på skulestart og førebuing til det.
 Besøke skulen barna skal begynne på.
I år er det Ole Petter som har ansvar for 5-års klubben. Dei får eigen plan.
Tradisjoner i løpet av året:
 Jul: Innhald i korte trekk
 Vi formidler kristne bodskap
 Julegudstjeneste for alle barna over 3 år. Den som ikkje ønsker at sitt barn skal
delta, har muligheit for å reservere seg ved å gi beskjed til personale i
barnehagen.
 Utedag 1.desember, der vi markerer starten på førjulstida.
 Juleverkstad, der vi 2 dagar er kun inne (evnt ut på slutten av dagen) og deler oss
opp i mindre grupper og lager julegåver og julepynt.
 Besøker Aldersheimen (Solbakken) på Lucia-dagen.
 Syng julesanger og les julebøker (historier)
 Fastelaven: Fastelavensboller og karneval en dag rundt Fastelavenssøndag.
 Påske: Innhald i korte trekk
 Vi formidler kristne bodskap
 Vi arrangerer påskelunsj for foreldre og anna familie
6
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17

Påskeverkstad, , der vi 2 dagar er kun inne (evnt ut på slutten av dagen) og deler
oss opp i mindre grupper og lager påskepynt.
SATSINGSOMRÅDE 2016/17
SPRÅK
Språk og språkutvikling vil vere eit spesielt satsingsområde også i år.
I tema og gjennom daglege situasjoner, tenker vi språk. Vi voksne bruker språket aktivt gjennom
heile dagen i samspel med barna, og er slik gode rollemodellar for dei. Begrepslæring og bruk av
«Tegn-til-tale».
Leik er ein spesielt viktig arena for språklæring – og utvikling.
TEGN-TIL-TALE
Vår barnehage bruker «tegn-til-tale», det vil sei at vi bruker tegn og tale samtidig. Dette gjer vi
for å forsterke det vi seier til barna, og det er positivt for alle barn si språkutvikling. Noken
barn treng, og har rett på, tegn som ein del av sitt språk, men alle barn vil ha god nytte av dette.
Fleirspråklige barn har også svært god nytte av tegn som støtte i si opplæring i norsk.
Vi brukar tegn til dei viktigaste meiningsberande orda i setningane. Tegn vi bruker er ofte enkle
og logiske. Vi senkar automatisk taletempo når vi bruker tegn, og er tydeligare i vår
kommunikasjon med barna. Barn lærer tegn raskt, og synest dette er spennande.
Tegn-til-tale brukast for å tydeliggjere talespråket for dermed å styrke samspel og
språkutvikling. Vi har enkelte barn som treng dette spesielt, men dette er noko som vi jobber
med alle barna, og som alle barn har nytte av dette. Det er viktig at alle barna lærer å bruke
tegn, slik at alle kan kommunisere med kvarandre.
Vi bruker «tegn-til-tale når vi syng, les bøker og i samtaler med barna. Vi voksne er i ein stadig
læreprosess der vi hjelper kvarandre til å bli flinkare. Vi utvider stadig ordforrådet vårt i tegn.
Vi vil etter kvart sende heim tegna vi jobber med, slik at de kan øve også heime.
TEMA GJENNOM ÅRET: LIK - ULIK
Som eit gjennomgåande tema i år, vil vi jobbe med «Lik – ulik». Vi vil dele opp tema i mindre
under-tema i kortere perioder.
Vi er blitt ein veldig fleirkulturell barnehage med mange ulike utgangspunkt. Vi er ulike gjennom
kvar vi kjem frå og kva kultur vi tar med oss, men vi er også ulike som enkeltmenneske. Vi har alle
ulike utgangspunkt og forutsetningar og vi ser forskjellig ut. Dette ønsker vi å ha som eit
gjennomgåande tema, der vi både har ting, menneske og kultur som utgangspunkt. Vi har t.d til no
jobba med lik – ulik i konkrete tema som «Køyretøy», «Størrelsar», «Fargar» og «Former». No
jobber vi med «Kroppen», der vi kjem inn på at også vi som menneske er ulike, ikkje berre ting
som er ulike.
Så vi vil med dette tema etter kvart jobbe med likeverd, anerkjennelse, ulik kultur m.m
MOBBING (VENNSKAP OG INKLUDERING)
Personalet har vore på kurs om førebygging av mobbing, eit program som heiter «Mitt valg».
Dette vil vi jobbe med i barnehagen dette året.
7
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
«Mitt valg» er eit program for utvikling av eit godt læringsmiljø og læring av sosial kompetanse.
Det er eit program for både barnehage «Mitt valg» skal gi barn og unge eit grunnlag for å ta
gode valg. Hensikta er å førebygge problematferd som sinne, mobbing og bruk av rusmiddel.
Dette er med på å skape eit godt og trygt læringsmiljø, som også er føresetnaden for god faglig
læring.
Det er viktig å satse så tidleg som mulig på førebyggande arbeid. Dersom vi tidsnok kan bygge
gode haldningar hos barn og unge og gi dei god sjølvkjensle, kan mange store problem unngås,
både for dei unge sjølv og for alle som står rundt. Identitetsutvikling, sosial tilhørigheit og
mestringsevne er viktige element i dette arbeidet.
«Mitt valg» trener barn og unge i:
 å ta ansvar og sette grenser
 å kommunisere godt
 å bygge sjølvkjensle
 å ta beslutningar
 å sette seg mål
DAGSRYTME:
7.00-8.20
Velkommen! Barna kjem. Leik på avdelinga.
8.20-8.50
Temasamling / samling
Handvask
9.00-9.30
Frukost
9.30-10.30
Leik, formingsakt., gym. eller tur.
10.30-11.00
Dorunde, påkledning.
Dei som skal sove får eit lite måltid.
11.00-13.00
Utetid (meir ute når det er fint ver og i sommarhalvåret)
Handvask
13.00-13.30
Måltid
8
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
13.30-
Leik, formingsaktivitet, gym. eller tur
- 16.15
Barnehagen stenger
BARNEGRUPPA VED TROLLHAUGEN BARNEHAGE 2016/17
Totalt 20 barna (som er fordelt på ulike tider og dagar).
9
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
BARNEHAGERUTE TROLLHAUGEN 2016 / 17
Månad
Trollhaugen barnehage
Skule
AUGUST
Barnehageåret vert rekna frå 01.08.
Første dag etter ferien er tirsdag
09.08.15.
Mandag 08.08.16 er barnehagen
stengt, plandag for personalet
Første skuledag mandag
22.08.15
SEPTEMBER
Studiedag, barnehagen stengt
tirsdag 20.09.16
Studiedag (ungd.s) 16.09.16 Styremøte
Studiedag (grunns) 26.09.16
OKTOBER
Barnehagen er open veke 41, men vi
vil gjerne vite om nokon kjem til å ha
noko fri.
Haustferie i skulen veke 41, Styremøte
10.10-14.10.16
NOVEMBER
Møte
Styremøte
DESEMBER
Siste dagen før jul er torsdag 22.12.16, Siste skuledag før jul er
evnt 23. ved meldt behov. Barnehagen onsdag 21.12.16
er stengt i romjula. 24.-31.12. Dette er
feriedagar for personalet.
Styremøte
JANUAR
Barnehagen stengt mandag 02.01.17 Første skuledag etter nyttår
Plandag for personalet.
er tirsdag 03.01.17
Første dag etter nyttår er tirsdag 03.01.
Styremøte
FEBRUAR
Barnehagen er open veke 8, men vi vil Vinterferie i skulen veke 8,
gjerne vite om nokon kjem til å ha
20.02-24.02.17
noko fri.
Styremøte
MARS
Styremøte
APRIL
Påska er barnehagen i utgangspunktet
stengt f.o.m mandag 10.04 t.o.m
mandag 17.04.17, men kan haldast
opent 3 dagane før skjærtorsdag ved
stort nok behov.
Påskeferie mandag 10.04 –
t.o.m mandag 17.04.17.
Styremøte
Årsmøte
MAI
Barnehagen stengt fredag 26.05.17.
Plandag for personalet.
Skulefri fredag 26.05.17
Styremøte
Siste skuledag torsdag
22.06.16
Styremøte
JUNI
JULI
KOMMENTAR Dei tilsette i barnehagen har 5 studie-/
plandagar i arbeidsåret sitt. 3
plandagar er bestemt, dei 2 siste
plandagen blir avholdt på kveldstid,
evnt. kan det bli 1 dag til vi stenger
barnehagen.
Barnehagen har i utgangspunktet
stengt 4 veker fellesferie (v. 28-31), i
tillegg til 23.12, romjula og påska. Det
kan haldast opent ved stort nok behov
(må meldast styrar innan gitte fristar).
Personalet har 4 veker ferie om
sommaren, og ei 5. ferieveke fordelt
jul /påske/ anna.
10
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
KONTAKT HEIM – BARNEHAGE (vurdering og dokumentasjon)
Etter formålsparagrafen i Lov om barnehager §1, skal barnehageverksemda gå føre seg i nær
forståing og samarbeid med heimen til barnet.
Personalet i Trollhaugen barnehage arbeider for å ha eit godt foreldresamarbeid. Foreldra blir
oppfordra til å vere aktive og kome med synspunkt på det arbeidet som blir gjort i barnehagen.
Dagleg kontakt:
Den daglege kontakta når barna vert levert og henta er veldig viktig. Då kan vi gi og ta imot
beskjed, og snakke om ting som har skjedd i løpet av dagen.
Den daglege foreldrekontakta er utgangspunkt for vidare samarbeid
Bilder:
Vi tek bilder i ulike situasjonar. Her vert kvardagsliv, turar og opplevingar dokumentert. Bilda
vert sendt ut til foreldra med jamne mellomrom.
Viktig at de ikkje publiserer noko bilde vidare på ulike sosiale medier utan samtykke frå dei som
er med på bilda. Dette gjeld også bilder de tar sjølv ved ulike arrangement i barnehagen.
Vekeplaner og info.skriv:
Vekeplanar vert delt ut til foreldra anna kvar veke. Ved nytt tema vert det levert ut ein
periodeplan / info.skriv.
Foreldresamtaler:
Vi kaller inn til foreldresamtale to gonger i året, ein på hausten og ein på våren. Men det er
muligheit for å avtale foreldresamtale gjennom heile året dersom de ønsker andre tider. Ta
kontakt med styrar eller ped.leiar og avtal tid.
Foreldremøte:
Barnehagen arrangerer 1-2 foreldremøte i året. Desse vil innehalde generell informasjon eller vi
kan ta opp ulike tema, då av og til med eksternt bidrag.
Personalmøter / plandager:
Om lag 1 gong i månaden har personalet møte. Er det saker du vil vi skal ta opp der, så kan du gi
beskjed til styrar eller du kan gi melding til leiar i styret eller SU, slik at dei kan formidle vidare
til styrar.
Observasjon av enkeltbarn
Gjennom dei vanlege kvardagssituasjonane og leik ser vi korleis barn fungerer, vi ser på trivsel og
vennskap, språk og motorikk. Tras er eit observasjonsmateriell som vi av og til bruker i
observasjoner av språk. Tras betyr tidleg registrering av språk
11
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
SAMARBEID ANDRE INSTANSAR
Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT)
PPT er ein fagleg instans som kan gi sakkundig vurdering og tilråding om spesialpedagogisk hjelp.
Det kan gjelde enkeltbarn eller gruppe. Dersom barnehagen ønskjer samarbeid om og hjelp til
enkelt barn i barnehagen, må foreldra gi sitt samtykke til det og trekkast aktivt inn i arbeidet.
Helsestasjon
Helsestasjonen har ansvar for å drive generelt førebyggande og helsefremmande arbeid for å
trygge barn sine oppvekstvilkår i kommuna.
Personalet i barnehagen kan ta kontakt med helsestasjonen for råd vedrørande sjukdom og
hygiene osv. Foreldre kan kontakte helsestasjonen, når de er i tvil om barnet kan gå i barnehagen
ved ulike sjukdomstilfelle, og også om spørsmål vedr. smittefare.
Barnevernstjenesta
Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn som lever under forhold som kan skade deira helse
og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. For at barnevernet skal kunne ivareta
denne oppgåva, er dei avhengig av opplysningar frå andre. Barnehagane har opplysningsplikt til
barnevernet.
Skulane
Gjennom samarbeidsprosjektet «Den gode skulestart» skal barnehagen og skulen legge til rette
for at overgangen skal bli så god og forutsigbar som mulig for førskulebarna.
Barnehagen kan og ha samarbeid med den vidaregåande skulen med praksisplassar for sine elevar
innanfor Helse- og sosialfag og Barne- og ungdomsarbeidarar.
Kommuna
Stranda kommune har det øverste tilsynsmynde med alle barnehagane i kommuna.
Styrarane i alle barnehagane er med i styrarnettverk, som er leia av Kommunalsjef Oppvekst.
12
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
PRAKTISK INFORMASJON
Opningstidene i barnehagen er 07.00 – 16.15
Blir det stort nok behov for andre opningstider, så vil vi endre den, enten de treng
tidlegare opning eller seinare stengt. Men det må vere minst 3 som treng anna opningstid.
Opphaldstida til barnet dykkar står i svar på søknad om barnehageplass. Vi vil minne om
at det i den tida skal vere medrekna tid til levering og henting.
Vedr. stenging i feriar og høgtider, henviser vi til Barnehagevedtektene.
Kjøp av ekstra timar
Det er høve til å spørre barnehagen om barnet kan vere utover opphaldstida si, leige ein
dag eller delar av ein dag. Dette er noko som for kvar gong må avtalast med personalet i
barnehagen. Det må vere ungar som har fri / er sjuk, og vi må ha tilstrekkelig med
personale, for å kunne tilby kjøp av ekstra timar.
Det vert tatt betaling for kvar påbegynt time. Timesatsen er kr. 30,-.
Leige av barnehagen
Foreldre kan leige barnehagen ettermiddag/kveld eller helg til t.d bursdagsfeiring eller
andre selskap. Dette må avtalast med personale, så får de skrive under ei kontrakt. Pris
for leige for foreldre er kr. 200,-. Andre kan leige barnehagen for kr. 500,-.
Barna må ha med:
o Ekstra klebyte som kan ligge i barnehagen: undertøy, strømpe, strømpebukse,
gensar, bukse, raggar og lignende.
o Gode kle til utebruk: regnkle, dress, støvlar, hue, vottar, vinterdress, vintersko
og lignende. Alt etter årstid og ver.
o Gymsokkar til innebruk.
o Bleier og eingangsvaskeklutar til dei som brukar det.
o Drikkeflaske
Husk å sjekke hylla ofte og fyll opp med nye klær når det er tomt.
For barn som prøver å slutte med bleie må det ligge rikeleg med ekstraklær.
Det er viktig at alt blir merka med namn (kle, skotøy m.m.). Også bilstol/ -pute
Niste på tur:
 Når vi skal på tur, ber vi dykk som oftast å ta med niste til barna.
 Dette ønsker vi nista skal innehalde:
 Brødskive / knekkebrød med sunt pålegg.
 Evnt frukt
 At barna ikkje har med kjeks eller anna søtsaker.
Bursdagsfeiring
Når det gjeld bursdagsfeiring i barnehagen, feirer vi 1 gong i løpet av dagen med noko
som de har med heima frå. Når det gjeld bursdagskort til invitasjon til selskap utanom
barnehagen, ber vi om at dette blir gjort privat og ikkje i barnehagen. Det er så lett for
at barna blir så fokusert på kven som har fått kort og ikkje.
13
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
Bilder på nett og sosiale medier:
 Tar de bilder av andre barn eller voksne, kan de ikkje dele dette på facebook, twitter
etc., utan samtykke frå dei som er på bilde.
 Og bilder vi sender til dykk, er ikkje lov å laste vidare inn på facebook etc.
Sjukdom:
Er barnet sjuk, må de halde det heime frå barnehagen, men det kan ofte vere vanskeleg å
vurdere kor frisk ein må vere for å kunne kome i barnehagen. Barna må vere friske nok til
å vere ute når dei kjem att etter sjukdom.
Her er nokre hovudreglar: (felles for alle barnehagane i kommunen)
o Som hovudregel skal barn med feber haldast heime og bør ha ein symptomfri dag
før dei går i barnehage att. Allmentilstanden må vere med og bestemme når
barnet er frisk nok til å gå i barnehagen.
o Ved oppkast / diare, skal det gå 48 timar frå man sluttar å ha symptomer til man
kjem tilbake i barnehagen.
o Vannkopper: barnet kan kome tilbake til barnehagen når utslettet har begynt å
tørke inn. Dersom barn/søsken til barn i barnehagen har immunsvikt av noko slag,
skal dei gjevast beskjed om at det går vannkopper.
o Augekatarr: Ved mild til moderat augekatarr kan barnet vere i barnehagen. Ved
kraftig augekatarr (mykje puss-danning), er det vanlegvis behov for kontakt med
lege. Almenntilstanden til barnet vil vere avgjerande om barnet kan vere i
barnehagen. Dersom lege igongset behandling kan barnet vere i barnehagen dagen
etter igongsetting.
o Brennkopper: Dersom ein mistenker brennkopper bør ein kontakte lege. Barn må
haldast heime til brennkoppane er under kontroll for å unngå smitte til andre
barn. Dersom brennkoppane kan dekkast til med plaster vil dei ikkje smitte. Ved
mange og evnt store brennkopper bør desse vere tørre før barnet kan gå i
barnehagen. Generelt gjeld det at smittefaren vert ubetydeleg etter at
antibiotikabehandling er starta. Barn kan difor gå i barnehage eit døgn etter slik
behandling er igongsett. Vurdering av dette bør evnt gjerast i samråd med lege.
Medisinering i barnehagen
Dersom barnet ved sjukdom har behov for medisinar så ønsker vi så langt det er råd at
foreldra gir det dei kan heime. Må barnet ha medisin i løpet av barnehagedagen er vi
sjølvsagt behjelpeleg med det.
14
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
DUGNAD:
Minner om hovudtrekka i «Retningslinjer for dugnad»:
 Alle foreldre har plikt til å utføre 20 dugnadstimar pr. barnehageår. Kan vere
mindre om styret bestemmer det.
 Foreldre må sjølv passe på å registrere utført dugnadstimar i dugnadsperm som
står i barnehagen.
 Innkalling til dugnad kan gjelde heile foreldregruppa eller einskildpersonar, alt
etter arbeidet sin art.
 Som dugnad i barnehagen gjeld:
 Verv i barnehagen sitt styre eller samarbeidsutval.
 Vedlikehaldsarbeid inne og ute i barnehagen.
 Andre spesielle oppdrag som styret ser behov for.
 Vikar i barnehagen.
 Foreldremøte og andelsmøte (kun ein føresett tel).
 Basar


For kvar oppgåve ein er sett til å gjere i samband med basar får
ein føre 1 time dugnad (ein får skrive på kun ein av foreldra pr.
oppgåve).
Frivillige arrangement som t.d. julefest, foreldrefest og 17. mai feiring får ein
ikkje føre opp som dugnad.
Dei foreldra som ikkje utfører dugnadsplikta si, må betale kr. 250,- pr. ikkje
utført dugnadstime.
Vi håper på godt samarbeid med alle foreldre om å få utføre nødvendige
dugnadsoppgåver i barnehagen til beste for barna og barnehagen.
15
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
VELKOMMEN
TIL OSS
16
Årsplan Trollhaugen barnehage 2016/17
Trollhaugen Barnehage Stranda SA
Dalevegen 165, 6200 Stranda
Tlf: 934 01 213 / 934 01 558, e-post: [email protected]
17