PDF, 197 kB - Sula kommune

SULA KOMMUNE
Valstyret
INNKALLING MØTE NR. 1/17
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
28.02.2017
Rådhuset, møterom 4. etg
Kl. 16:00
Eventuelt forfall skal meldast til servicetorget, tlf 70 19 91 00.
Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen.
Møtet er ope for publikum.
Sula kommune
23.02.17
Jim Arve Røssevoll
utvalsleiar
Sakliste
Saksnr.
001/17
002/17
Sakstittel
Godkjenning av møtebok nr. 5/16
Valkrinsar - fastsetting av grenser og val av stemmelokale
Gradering
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Gry Kristina Sommerstad
17/312 17/3955
Arkiv: K1 - 033
Godkjenning av møtebok nr. 5/16
Utval:
Valstyret
Møtedato:
28.02.2017
Rådmannen si innstilling:
Møteprotokollen vert godkjent.
Tittel
Protokoll - Valstyret - 20.09.2016
1
Dok.ID
283019
Saksnr.:
001/17
SULA KOMMUNE
MØTEPROTOKOLL NR. 5/16
VALSTYRET
Møtedato:
Møtestad:
20.09.2016
Rådhuset, møterom 4. etg
Følgjande medlem møtte
Jim Arve Røssevoll
Marthe Strandman Urvik
Vibeke Bjørkavåg
Svein Værnes
Jan Magnar Sandvik
Møteleiar:
Frå administrasjonen:
Innkalling:
Sakliste:
Utlevert i møtet:
Behandla saker:
Orientering:
Sp.mål/interpell.:
Diverse:
Møtetid:
Kl. 16:00 - 16:00
Parti
AP
FRP
H
KRF
SUL
Jim Arve Røssevoll
Rådmann Leon Aurdal, formannskapssekretær Åge Erstad
Remvik
Ingen merknad
Ingen merknad
Ingen dokumenter til sakene.
13/16-15/16
Formannskapssekretæren orienterte i samband med
referatsaka om moglegheit til å ta i bruk elektronisk manntal i
vallokala, og bad i den samanheng valstyre om å vurdere om
det bør utarbeidast sak om reduksjon i talet på valkrinsar.
Valstyret bad om at det vert lagt fram ei sak om dette.
Ingen
Ingen
Underskrifter:
Jan Magnar Sandvik
Jim Arve Røssevoll
Vibeke Bjørkavåg
Åge Erstad Remvik
referent
Saksliste
Saksnr.
013/16
014/16
015/16
Side 2
Sakstittel
Gradering
Godkjenning av møtebok nr. 4/16
Nytt valoppgjer - mellombels suppleringsval for Venstre si
varaliste til kommunestyret
Referatsaker
013/16: Godkjenning av møtebok nr. 4/16
Rådmannen si innstilling:
Møteprotokollen vert godkjent.
Behandling i Valstyret 20.09.2016
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
VALS- 013/16 Vedtak:
Møteprotokollen vert godkjent.
014/16: Nytt valoppgjer - mellombels suppleringsval for Venstre si varaliste til
kommunestyret
Rådmannen si innstilling:
Sula valstyre vedtar å supplere Venstre si varaliste med Ove Kaldhol på varaplass nr. 4 i
perioden 1.oktober 2016 t.o.m. 1.juli 2017.
Behandling i Valstyret 20.09.2016
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
VALS- 014/16 Vedtak:
Sula valstyre vedtar å supplere Venstre si varaliste med Ove Kaldhol på varaplass nr. 4 i
perioden 1.oktober 2016 t.o.m. 1.juli 2017.
015/16: Referatsaker
Rådmannen si innstilling:
Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Behandling i Valstyret 20.09.2016
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
VALS- 015/16 Vedtak:
Meldingane vert tekne til etteretning slik dei ligg føre.
Side 3
Side 4
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Åge Erstad Remvik
16/557 17/3623
Arkiv: K1 - 011
Valkrinsar - fastsetting av grenser og val av stemmelokale
Utval:
Valstyret
Møtedato:
28.02.2017
Saksnr.:
002/17
Rådmannen si innstilling:
Valstyret vedtar slik inndeling av kommunen sine valkrinsar:
01.
02.
03.
Indre; Solevåg og Mauseidvåg valkrins (samanslått Solevåg og Mauseidvåg krinsar)
Midtre; Fiskarstrand valkrins (som i dag)
Ytre; Langevåg valkrins (som i dag)
Vallokale skal vere hhv. Solevågshallen, Fiskarstrand skule og Sulahallen.
Bakgrunn for saka:
Sula kommunestyre vedtok i sak 016/17 at kommunen skal vere inndelt i 3 valkrinsar ved
Stortingsvalet i 2017. Fristen for å melde inn krinsendringar til kartverket er 31.mars.
Valstyret skal i denne saka behandle to spørsmål; 1) krinsinndelinga, og 2) vallokale.
Krinsinndelinga/grensene vil først og fremst spele ei rolle for bemanninga i dei ulike
vallokala, men er også av ei viss symbolsk betyding. Når det gjeld val av lokale og bør
universell utforming/tilgjengelegheit praktiske omsyn vege tyngst.
Saksopplysningar:
1. Krinsinndeling
Dagens krinsinndeling ser slik ut, og fordelinga av stemmeføre og oppmøte ved valet i 2015
går fram av tabellen under:
1
Ein reduksjon frå 4 til 3 valkrinsar i Sula er ikkje forventa å medføre store konsekvensar for
sjølve valavviklinga i Sula, då tre av krinsane er relativt små og endringane like så.
Ved overgangen til 3 krinsar vil det vere ein fordel å unngå å ei «oppdeling» av dei
eksisterande krinsane. Rådmannen rår derfor til at Måseide krins i sin heilskap vert slått
saman med anten Fiskarstrand krins eller Solevåg krins. Reiseveg og kapasitet i vallokalet vil
her vere dei viktigaste praktiske omsyna, noko som talar for at Måseide og Solevåg krins blir
slått saman (med vallokale Solevågshallen). I tillegg vil grendaidentitet og kjensle av naturleg
tilhøyrsle vere av symbolsk vekt.
Ved innføring av elektronisk manntal vil kommunen ikkje lenger oppmode veljarane om å
stemme i eigen krins, men der det passar dei best. Slik sett vil innbyggjarar som ønskjer å
oppsøke stemmelokalet på Fiskarstranda fritt kunne gjere det sjølv om dei høyrer til
«Måseide/Solevåg» krins.
2. Val av stemmelokale
Det ligg ikkje føre kritiske høve som tilseier endringar i dei vallokala vi har i dag. Med
utgangspunkt i innføringa av elektronisk manntal vil rådmannen likevel tilrå at kommunen tar
i bruk eigne, kommunale lokale, då desse er tilkopla det kommunale datanettet. Trygg
oppkopling til internett vil vere avgjerande for at valdagen kan avviklast på ein god måte.
Valdirektoratet si klare anbefaling er ei kabla løysing, med mobilnett som backupløysing.
Bedehusa i Langevåg og på Fiskarstranda har ikkje kabla tilgang i dag. Dersom desse fortsatt
skal nyttast må kommunen dekke etableringsavgift + bindingstid for installasjon frå
teleoperatør, eller eventuelt inngå avtale om å dekke ein andel av kostnaden dersom utleigar
2
vil installere sjølv. Kostnaden for dette avheng av løysinga som blir vald (behov for kabling
lokalt, hastighet, bindingstid mv.), men vil anslagsvis kunne kome på 10.-15.000kr per lokale.
Lokalleia for bedehusa har ved dei to siste vala lagt på 2500-4200kr per lokale, om lag
10.000kr til saman for alle tre bedehusa.
Samla sett vurderer derfor rådmannen det som ei rimelegare og enklare løysing om dei
kommunale lokalitetane vert tatt i bruk:
Solevåg krins/ indre:
Tilbakemeldingane på Solevågshallen som vallokale har vore gode, og rådmannen rår til at
denne vert vidareført uavhengig av endringar i storleiken på krinsen.
Fiskarstrand krins/midtre:
Bedehuset på Fiskarstranda har fungert godt som vallokale, men med noko avgrensa
parkeringsplass. For å kunne ta i bruk elektronisk manntal på enklaste og billigaste måte rår
rådmannen til at Fiskarstrand skule og gymsalen vert tatt i bruk som vallokale.
Langevåg krins:
Langevåg bedehus har fungert tilfredsstillande som vallokale, men det har kome nokre
tilbakemeldingar om at det blir noko trongt og uoversiktleg i dei hektiske periodane. Det er
også kome tilbakemelding om at belysninga ikkje er god nok.
Om vi skulle lukkast med å auke frammøteprosenten ved valet i år vil presset på Langevåg
bedehus auke ytterlegare. Dette, og argumenta om ei enklare, tryggare og rimelegare
nettilkopling gjer at rådmannen tilrår Sulahallen som vallokale for Langevåg krins. I tillegg er
det godt med parkeringsplass tilknytt lokalet.
Vurdering:
Ei overordna målsetting med organiseringa av val er å legge til rette for høgast mogleg
valdeltaking, og at alle som ønskjer det skal få stemme utan unødige hindringar.
Valdeltakinga i Sula var lav ved kommunevalet i 2015 (55% mot landssnitt 60%, 396. plass
av landets 428 kommunar) etter gjeldande organisering med fire krinsar. Sjølv om kort veg til
vallokalet talar for høgare valdeltaking er det grunn til å tru at reiseavstand ikkje er
hovudutfordringa knytt til valdeltakinga i Sula.
Aktiv marknadsføring av tilbodet om å tidleg- eller førehandsstemme, samt tilbodet om å
stemme i eigen heim og i institusjon, utviding av opningstida i vallokala (til kl. 21.00) og bruk
av sosiale media vil vere aktuelle tiltak som kan spele positivt inn på valdeltakinga. I tillegg
kjem sjølvsagt innsatsen frå dei politiske partia.
Å ta i bruk skulane som vallokale vil kunne medføre enkelte trafikkmessige utfordringar, men
ikkje større enn dei vi allereie har i dag. Gjennom god dialog med skuleleiinga, god
kommunikasjon ut til foreldre som skal hente born ved skulane og bruk av trafikkvakter/god
skilting bør den trafikale avviklinga la seg løyse tilfredsstillande. Ein positiv tilleggseffekt av
å nytte skulane er ei enklare og meir tilgjengeleg avvikling av skulebesøk i vallokale, ein
viktig og populær aktivitet.
Samla sett vurderer derfor rådmannen å endre valkrinsar og vallokale slik det går fram av
innstillinga.
3
4