Fagkveld sau i Balestrand Balestrand Sau og Geit, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Nortura inviterer til fagmøte sau hos Lars Hallvard Ese, Esefjorden, torsdag 9. mars kl. 19.30 Lars Hallvard Ese har bygt om fjøsen sin til ein lettstelt, fleksibel og triveleg fjøs for både folk og dyr. Han har gjort alt arbeidet sjølv over eit par års tid. No er fjøsen ferdig. Då nyttar vi høve til å invitere interesserte bønder til gards for ei kveldsøkt med sau i fokus. Lars Hallvard Ese orienterer om planlegging og gjennomføring av prosjektet. Norsk landbruksrådgiving: o Driftsplan og økonomi i sauehaldet. Arve Arstein, prosjektleiar "Sau i Pluss" o Beitestell og god lammetilvekst før fjellsending. Marit Henjum Halsnes. Johannes Nedrebø, Nortura, orienterer om gruppering av dyr og fôring før lamming. Enkel servering. Vel møtt!
© Copyright 2024