Sauekurs 20.-21. januar 2017, Målgruppe: Sauebønder som vil bli litt betre. Sau og geit, Nortura og Norsk Landbruksrådgiving Østafjells(NLRØ), inviterer til helgekurs og sosialt samvær. Tidspunkt: 20.-21. januar Oppmøte fredag kl. 0900. Slutt laurdag kl. 1500. Stad: Oset Hotell, Golsfjellet – 3550 Gol. Påmeldingsfrist: 8. januar 2017 til : [email protected] eller telefon: 906 52 629 Full pakke inkl. kurs, mat og overnatting Fredag-laurdag: kr 2500,- pr pers Dag pakke inkl. kurs og lunch kr 950,- pr dag pr pers. Felles Fredag Fredag 0900-0930 0930-1100 Fredag 1115-1200 1200-1300 1300-1345 1400-1530 Velkommen og kaffi - Få kontroll på ugraset i eng og beite. NIBIO Lars Olav Brandsæther - Beiteplanlegging i utmark Lunsj - Beiteplanlegging i utmark framhald - Best på sau - faktorar som påverkar økonomisk resultat i saueholdet, Ola Flaten Nibio Velg ved påmelding Driftsstyring og bygningar Grovfôr og teknikk i Fokus Fredag 1600-1645 -Korleis starte rett med sau? - Drift styring i saueproduksjon. - Raseval og kryssing . Nortura Vinni Foss. Fredag 1900-> Middag Spesialkurs – Proff produksjon av rundball surfôr, Fortørking av graset - Teori og erfaringar. -Brei eller smal streng eller breispreiing? Slåmaskiner-River-Presser. - Nøytral vurdering av utstyret. NLRØ- Aslak Botten Velg ved påmelding Driftsstyring og bygninger Grovfôr og teknikk i Fokus Laurdag 0830-0915 Bygningar til sau med vekt på praktiske løysningar og tidsbruk Eirik Kolbjørnshus, fagrådgivar bygg Nortura. Laurdag 0930-1015 Bygningar framhald Smittevern, praktiske og gode smittesluser Eirik Kolbjørnshus, fagrådgivar bygg Nortura. Spørjetimen med etablerte bønder i panelet NSG og erfarne sauebønder Laurdag 1030-1115 1130-1215 Laurdag 1215-1315 Laurdag 1315-1400 Laurdag 1415-1500 Spesialkurs – Proff produksjon av rundball surfôr Maskinøkonomi –Gras. Optimaliser teknikk, økonomi og agronomi. NLRØ- Aslak Botten Sikker bruk av rundballeutstyr. NLRØ-HMS: Ingrid Terum Ensileringsprosessen, val av middel, fôrkvalitet og lagring stabilitet. NLRØ: Mari Hage Landsverk Jordpakking, køyreskader, hjul, lufttrykk. NLRØ: Mari Hage Landsverk Lunch Sauekontrollen som styringsverktøy Nortura: Vinni Foss/Grete Ringdal - smittebeskyttelse og gode, sikre smittesluser - Sjukdom og sjukdomsførebygging hos sau til ulike tider av året - Oppdaterte anbefalingar om parasittbehandling - Nyheiter frå forsking på fagfeltet helse og velferd hos sau Om dei ulike fagkursa. Få kontroll på ugraset i eng og beite Forelesar: Lars Olav Brandsæther frå Nibio, Norges fremste ugrasekspert Kurset har eit praktisk fokus på dei mest problematiske ugrasa i attlegg, eng og beite. På kurset vil kunnskap om biologien til grupper av ugras og enkeltugras bli gjennomgått. Me lærer korleis spesifikke tiltak påverkar dei ulike ugrasa på ein arts spesifikk måte, og korleis ulike tiltak påverkar konkurransen mellom ugras og kulturplanter. Oftast er det både meir økonomisk og meir effektivt å førebygge ugrasspreiing enn å vente til det vert tvingande nødvendig med direkte tiltak mot ugras gjennom t.d. sprøyting. Dette kurset hjelper deg å få mindre ugras i eng og beite. Beiteplanlegging i utmark Beiting i utmark er den mest arealkrevjande næringa vi har i landbruket. I 2009 vart over 30% av landet brukt av 894 beitelag. Desse organiserte 78% av sauen og 29% av storfeet som beita i utmark. For næringa er det viktig å drive beiteplanlegging for å få mest mogeleg ut av utmarksbruken i form av kjøt, mjølk og ull. Men også kulturlandskap er eit viktig produkt frå landbruket, noko storsamfunnet set som vilkår for å halde fram med overføringar. Effektiv produksjon av kulturlandskap krev at rett tiltak blir sett i gang på rett areal. Det vil vera behov for beiteplanlegging på tre nivå; fylke, kommune og beitelag. Best på sau - faktorar som påverkar økonomisk resultat i sauehaldet Ola Flaten Nibio. Stilling: Forskar. Arbeidsområde: Foretaksøkonomi i jordbruket, landbrukspolitikk, jordbrukets struktur. Det er velkjent at variasjonen i økonomisk resultat mellom sauehaldarar, som produserer under omtrent same driftsvilkår, er stor. Kva kjenneteiknar dei som oppnår et godt økonomisk resultat, og kva kan en gardbrukar gjere for å betre resultatet sitt? Ola fortel om kva faktorar som bidrar til resultatforskjellar mellom bruk i sauehaldet, og i kva grad desse faktorane kan påverkast for å skape betre lønnsemd i sauehaldet. Målet er å finne fram til faktorar som bonden sjølv kan påverke for å oppnå betre lønnsemd. Spesialkurs: Proff produksjon av surfôr Har me nådd grensa for kor mykje jorda toler utan å ta permanent skade av vekta på utstyret? Kan ny kunnskap innan hjulutrusting/lufttrykk redusere skadane av tungt utstyr? I dei siste åra har det vorte meir og meir vanleg å breispre graset for å få raskare og betre fortørking. Kva slags rive bør brukast for å rake graset saman i strengar att før pressing? Skal det alltid brukast ensileringsmiddel i rundballar, eller er mange lag plast også ein god måte å sikre fôrkvaliteten på? Kva type slåmaskiner kan brukast, bakmontert eller frontmontert, eller begge delar? I den vidare prosessen etter slått er det mange punkt å ta tak i som kan betre sluttresultatet. Fortørking, pressing pakking, lagring, lagring stabilitet før og etter opning av rundballen. Hygienisk kvalitet. Desse spørsmåla og mykje meir håpar me å få svar på. Ulike rådgjevarar i NLRØ Foto: Aslak Botten Korleis starte rett med sau? Bedrift styring i saueproduksjonen. Kurset legg vekt på å gje praktiske råd og nyttig informasjon til nye produsentar og dei som er i ferd med å starte produksjonen. Korleis sikre god drift igjennom året? Vinni foss, Nortura Bygninger til sau med vekt på praktiske løysnigar og tidsbruk v/Eirik Kolbjørnshus, fagrådgjevar bygg Nortura. Spørjetimen Her treff du 3-4 flinke etablerte bønder som svarer på spørsmål og deler sine erfaringar på godt og vondt med deg frå sin oppstart og kvardag som bonde, Dei svarar på spørsmål du lurer på med både med fjøs, fôring og beite, gjerding, maskiner butilhøve og forholdet til svigers etter at dei kom til gards. Raseval, papirarbeid og rutinar. 3-4 stk NSG hentar aktuelle bønder Maskinøkonomi- Gras(Optimaliser teknikk, økonomi og agronomi.) Vurderer du nytt grashaustingsutstyr? Skal du bygge ut og samtidig leige meir jord? Kva betyr dette i arbeidstid og kostnader? Ofte er det behovet for å bli meir effektiv som utløyser investering i nytt driftsopplegg. Når ein står overfor et val må en halde seg til prisar, kost-nytte og ofte mange ulike alternativ. Me jobbar med alternativ i system og gjev deg svar på dei økonomiske konsekvensane i tillegg til tidsforbruk. Kurset fokuserer på å utarbeide ei totalkalkyle på kva heile grovfordyrkinga kostar, men kan også brukast for å rekne på de enkelte kostnadselement som pløying, gjødsling, ugrassprøyting, vatning med meir i alle kulturar. Ein tek utgangspunkt i dei faktiske tilhøva og avstandane på garden Kurset er ein del av fagtema på «Grovfôr 2020» NLRØ: Aslak Botten
© Copyright 2024