Sakshandsamar: Tom Dybwad Telefon: 57643123 E-post: [email protected] Vår dato 10.03.2017 Dykkar dato Vår referanse 2017/1077Dykkar referanse Til adressatar i følgje liste Ytamo naturreservat - melding om oppstart av verneprosess (utviding) etter naturmangfaldlova etter prosedyren for frivillig vern Dette brevet markerer oppstart av arbeid med vern etter naturmangfaldlova med utviding av Ytamo naturreservat Luster kommune, etter prosedyre for frivillig vern. Frist for å kome med merknad før utarbeiding av høyringsframlegget er 5. april 2017. Bakgrunn Sidan St.meld. 25 (2002-2003) har frivillig vern, saman med vern på statsgrunn, vore ein av hovudstrategiane for vidare vern av skog i Noreg. Frivillig vern inneber at det er grunneigarane, i samarbeid med skogeigarlaget, som tilbyr staten areal for mogleg vern. Dersom verneverdiane er så store at miljøvernstyresmaktene finn det interessant, vert det så starta forhandlingar mellom staten og grunneigarane. Det vert då forhandla både om avgrensing, verneforskrift og pris, og det vert ikkje inngått avtale om vern med mindre partane vert samde. Områdevern er likevel ikkje berre ei sak mellom grunneigarar og miljøstyresmakter. Som for tradisjonelle verneprosessar er det difor viktig med ei offentleg høyring der også andre instansar og samfunnsinteresser kan kome med merknader. Naturmangfaldlova §§ 41 og 42 krev også at alle som vernet vedkjem vert informerte når vernearbeidet tek til, slik at dei i god tid før høyringa er best mogleg informerte om korleis det planlagde verneområdet vil kunne gripe inn i deira interesser. Dette er ikkje mindre viktig ved frivillig vern, der forhandlingane med grunneigarane allereie har kome langt når den formelle delen av prosessen startar opp. Føremålet med dette brevet er såleis å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og å innleie til god medverknad frå aktuelle partar og få innspel til arbeidet med vernesaka. Aktuelt verneområde Den planlagde utvidinga av Ytamo naturreservat (sjå vedlagt kart) ligg i Luster kommune. Grunneigarane i området har underskrive avtale om vern som naturreservat Den planlagde utvidinga av Ytamo naturreservat omfattar i alt ca. 270 da. Verneverdiar i området Verneverdiane i utvidingsområdet i Ytamo er kartlagde av Miljøfaglig Utredning v/ Geir Gaarder i 2016: «Det er utskilt to kjerneområder, begge gamle og dels rike edellauvskoger i midtre/søndre del av området, med verdi viktig - B og lokalt viktig - C. 5 rødlistearter er hittil påvist, ei karplante og fire lavarter, der to har status sårbar og tre er nær truet. Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post [email protected] Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/6 Området vurderes å få en ganske god arrondering, da det er en direkte forlengelse av eksisterende verneområde, samtidig som vassdrag og snaufjell danner grensa mot andre kanter. Med grunnlag i mangelanalyser for skogvern (Fremstad m.fl. 2002, 2003, 2010) så dekker området opp enkelte mindre mangler knyttet til gammel edellauvskog og rødlistearter. Isolert sett er det vanskelig å gi området høyere enn 1 poeng og regne det som lokalt verdifullt, men det bør sees i sammenheng med det nærliggende etablerte Ytamo naturreservat. Dette inneholder noe av de samme kvalitetene, men vesentlig større areal med verdifulle miljøer og med større mangfold av krevende og rødlistede arter. Utvidelsesforslaget vil i så måte styrke verdiene i reservatet litt.» Fylkesmannen ser det som verdfullt å utvide Ytamo naturreservat mot nord. I tillegg til det Miljøfaglig utredning –rapporten tek opp, meiner vi at steinura ned mot elva med lite skog er av kvartærgeologisk verdi. Verneform Som ei utviding av Ytamo naturreservat er naturreservat den aktuelle verneforma i området. Naturreservat er ei streng verneform etter naturmangfaldlova, og § 37 i lova seier kva som er grunnlaget for eit naturreservat: «§ 37.(naturreservater) Som naturreservat kan vernes områder som a) inneholder truet, sjeldan eller sårbar natur b) representerer en bestemt type natur c) på annen måte har særlig betydning for biologisk mangfold d) utgjør en spesiell geologisk forekomst, eller e) har særskilt naturvitenskaplig verdi Som naturreservat kan også vernes et område som er egnet til ved fri utvikling eller aktive gjenopprettingstiltak å få verneverdier som nevnt i første ledd. I et naturreservat må ingen foreta noe som forringer verneverdiene angitt i verneformålet. Et naturreservat kan totalfredes mot all virksomhet, tiltak og ferdsel. I forskriften kan det gis bestemmelser om vern av kulturminner i reservatet. Treffes vedtak om reservat som krever aktive gjenopprettingstiltak, eller vedtak om reservat der bruk er en forutsetning for å ivareta verneformålet, skal det samtidig med vernevedtaket legges frem et utkast til plan for skjøtsel for å sikre verneformålet. Planen kan omfatte avtale om bruk av arealer, enkeltelementer og driftsformer. Planen eller avtalen kan inneholde bestemmelser om økonomisk godtgjørelse til private som bidrar til områdets skjøtsel.» Verneforskrift og grenser Ved oppretting av eit naturreservat vert det utarbeidd særskilde verneforskrifter som fortel kva for restriksjonar som vert lagde på aktivitetar i området. Vi legg til grunn av verneforskrifta vil vere den same som for Ytamo naturreservat i dag. Det inneber forbod mot tekniske inngrep, hogst og motorferdsel. Vanleg friluftsliv, fiske og vanlegvis også jakt vil vere lov. Eigedomstilhøva vert ikkje endra ved oppretting av naturreservat. Kartet som er lagt ved viser grensene for utvidinga slik tilbodet er pr. i dag, og kan fram til høyring bli endra båe vegar, dvs. både utviding og innskrenking. Erstatning Etter § 50 i naturmangfaldlova har eigar eller rettshavar i område som vert verna som naturreservat rett til erstatning for økonomisk tap når vernet fører til vanskeleggjering av igangverande bruk. Ved frivillig vern følgjer ein derimot ikkje den ordinære framgangsmåten ved fastsetjing av erstatning som er omtalt i § 51. Frivillig vern er basert på at partane har vorte samde, også om erstatninga. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/6 Difor kan erstatningssummane utbetalast så snart området er verna, utan å vente på dei fristane som er omtalte i § 51. Namn Namn på verneområdet er ein del av verneplanprosessen, og sidan utvidinga gjeld Ytamo naturreservat vil dette namnet bli ståande. Saksgang vidare Dette brevet saman med annonser i lokalavisa og kunngjering på internett markerer oppstart av verneplanarbeidet. For å følgje opp Stortinget si satsing på frivillig vern i budsjettet for i år, og for at ikkje grunneigarane skal måtte vente unødig på erstatningsutbetalingane, er det sterkt ønskjeleg at utvidinga av Ytamo naturreservat kan vedtakast ved kgl.res. i år. Dette føreset ein relativt stram tidsplan, der Fylkesmannen bør sende ut høyringsframlegget allereie kort tid over påske med høyringsfrist rundt 15. juni. På den måten reknar Fylkesmannen med å få sendt tilrådinga vår til Miljødirektoratet innan 1. august. Dette er naudsynt sidan Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet vil få eit stort tal saker frå heile landet, og som det vil ta tid å handsame i dei ulike departementa og andre sentrale instansane som skogreservata vedkjem. Frist for å kome med førebelse innspel og merknader til melding om oppstart av arbeidet vert sett til 5. april 2017. Fylkesmannen legg opp til å arrangere opne møte eller synfaringar i det omfanget grunneigarane og andre interesserte ønskjer. Det kan vere aktuelt både før og etter at verneframlegget vert sendt ut. Høyringsframlegget, med verneforskrift og avgrensing, vil i alle høve vere det som grunneigarane og staten har vorte samde om. Dette framlegget vil bli sendt på høyring til alle grunneigarar, organisasjonar og organ på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå som på ulike måtar har interesse i saka og det arealet som er tenkt. Det vil då bli sett ein frist i juni 2017 for å kome med merknader til framlegget. Etter at planen har vore på høyring, vil fylkesmannen oppsummere alle lokale innspel og reknar med å sende si tilråding innan 1. august i år til sentrale styresmakter, som vil leggje planen fram til endeleg avgjerd i Regjeringa (Kgl. res.). Adresselister Dette brevet er sendt ut til alle grunneigarar og rettshavarar innanfor det aktuelle området, lokale, regionale og nasjonale organ og organisasjonar som kan ha interesse av planarbeidet. Vi ber om forståing og orsaking for om det skulle vere feil og manglar ved adresselistene, og ber samstundes om tilbakemelding på manglar eller feil adresse o.l. til Fylkesmannen ved sakshandsamar. Informasjon Spørsmål om planarbeidet kan rettast til - seniorrådgivar Tom Dybwad, tlf 57 64 31 23, e-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/6 Skriftlege innspel sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller på e-post [email protected] Med helsing Nils Erling Yndesdal fylkesmiljøvernsjef Tom Dybwad seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Vedlegg: Kart over aktuelt utvidingsområde for Ytamo naturreservat Adresseliste: Grunneigarar: August Johan Evensen (36/4), 6868 Gaupne Svein Olav Skjæret (86/12), Myklemyr, 6871 Jostedal Ole Arne Haugen (85/2), 6868 Gaupne Andre: Luster kommune, [email protected] Luster Bondelag v/ Henny Karin Skildheim, Skildheim 6872 Luster, [email protected] Luster Bonde- og Småbrukarlag v/ Kjell Edvin Vedvik, 6873 Marifjøra Luster jakt- og fiskelag, [email protected] Luster Turlag, [email protected] Jostedal bygdelag v/ Anne Marte Snøtun, Haugåsen 1 , 6871 Jostedal Statens naturoppsyn Breheimen v/ Liv Byrkjeland (e-post) Sogn og Fjordane fylkeskommune, [email protected] Sogn og Fjordane Politidistrikt, [email protected] Høgskulen på Vestlandet v/ avd. for naturforvaltning, Sogn og Fjordane, [email protected] Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, [email protected] Norges Jeger- og Fiskerforbund NJFF Sogn og Fjordane, [email protected] Norges vassdrags- og energiverk, region vest, [email protected] Sogn og Fjordane Bondelag, [email protected] Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag v/fylkessekretær, [email protected] Sogn og Fjordane Skogeigarlag, [email protected] Sogn og Fjordane Skogselskap, [email protected] Sogn og Fjordane Turlag, [email protected] Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, [email protected] Sogn og Fjordane avd. NOF v/Anders Braanaas, [email protected] Visit Sognefjorden, [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 5/6 Statens vegvesen region vest, [email protected] Forsvarsbygg, [email protected] Norges jeger- og fiskerforbund, [email protected] Technogarden (nødnett), [email protected] NOTS, [email protected] Stadnamntenesta på Vestlandet, [email protected] Statnett, [email protected] Avinor, [email protected] Direktoratet for mineralforvaltning, [email protected] Universitetsmuseet i Bergen, [email protected] Den Norske Turistforening, DNT, [email protected] Det Norske Skogselskap, [email protected] Fortidsminneforeningen, [email protected] Luftfartstilsynet, [email protected] Norges geologiske undersøkelse (NGU), [email protected] Norges Naturvernforbund, [email protected] Norges Skogeierforbund, [email protected] Norsk institutt for Naturforsking NINA, [email protected] Norsk ornitologisk forening (NOF), [email protected] Norsk Skogbruksforening NORSKOG, [email protected] Riksantikvaren, [email protected] SABIMA, [email protected] Universitetet i Bergen, Geologisk institutt, [email protected] Verdens Naturfond (WWF Norge), [email protected] Kopi pr. e-post m/vedlegg: Miljødirektoratet Vestskog Klima- og Miljødepartementet FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 6/6
© Copyright 2024