PDF, 4 MB - Sula kommune

SULA KOMMUNE
Formannskapet
INNKALLING MØTE NR. 4/17
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
14.03.2017
Rådhuset, møterom 4. etg.
Kl. 16:00
Eventuelt forfall skal meldast til servicetorget, tlf 70 19 91 00.
Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen.
Møtet er ope for publikum.
Sula kommune
08.03.17
Jim Arve Røssevoll
Ordførar
Sakliste
Saksnr.
019/17
020/17
007/17
021/17
Sakstittel
Godkjenning av møtebok nr. 3/17
Oppfølging av K-vedtak i sak 29/15 Skulebruksplanen
2014-2018
Skattinngang for februar 2017
Referatsaker
Gradering
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Gry Kristina Sommerstad
17/403 17/4995
Arkiv: K1 - 033
Godkjenning av møtebok nr. 3/17
Utval:
Formannskapet
Møtedato:
14.03.2017
Rådmannen si innstilling:
Møteprotokollen vert godkjent.
Tittel
Protokoll Formannskapet 28.02.17- offentleg versjon
1
Dok.ID
299010
Saksnr.:
019/17
SULA KOMMUNE
MØTEPROTOKOLL NR 3/17
FORMANNSKAPET
Møtedato:
Møtestad:
28.02.2017
Rådhusetmøterom4. etg.
Følgjande medlem møtte
Jim Arve Røssevoll
MartheStrandmanUrvik
ØysteinBåtnes
Turid Kristin SandHumlen
Vibeke Bjørkavåg
SveinVærnes
JanMagnarSandvik
Møteleiar:
Frå administrasjonen:
Innkalling:
Sakliste:
Utlevert i møtet:
Behandla saker:
Orientering:
Møtetid:
Kl. 16:00- 18:00
Parti
AP
FRP
FRP
H
H
KRF
SUL
Jim Arve Røssevoll
RådmannLeon Aurdal, kommunalsjefAnne- Grethe
Skjærseth,kommunalsjefKjetil Fylling, kommunalsjefJørn
Agersborg,prosjektleiarOdd Arne Talberg,
formannskapssekretær
Åge ErstadRemvik
Ingenmerknad
Ingenmerknad
Ingendokumentertil sakene.
16/17-18/17.Møtet vart lukka underbehandlingav sak17/17
med heimeli kommunelova§ 31-5 og off. lova § 23.
Ordførarenorienterteom følgjande:
- kommunereformarbeidet
i regionenvil føre med seg
behovfor reforhandling/endringi fleire av dei
interkommunalesamarbeidaSulakommunedeltek i.
Med utgangspunkti dettebør formannskapetbe
rådmannenutarbeideei sakmedoversikt over berørte
samarbeidog moglegekonsekvensar.
Formannskapet
konkludertemed å be rådmannenleggefram
ei slik sak.
Rådmannenorienterteom følgjande:
- pågåandeoppfølgingsarbeidknytt til busettingav
einslegemindreårigeflyktningar i Sulaog samarbeid
med KS om forhandlingarmed statenom
utgiftsdekningmv.
-
Sp.mål/interpell.:
Diverse:
Ulukke med personskade på Fiskarstrand skule og
pågåande forsikringssak. Formannskapet var einig i at
kommunen tar eit økonomisk ansvar i saka i samsvar
med råd frå forsikringsselskapet.
Mellombels rekneskapsresultat for 2016, presentasjon
av detaljar ved økonomisjef Britt Blindheim
Ingen.
Ingen.
Underskrifter:
Marthe S. Urvik
Jim Arve Røssevoll
Jan Magnar Sandvik
Åge Erstad Remvik
referent
Side 2
Saksliste
Saksnr.
016/17
017/17
018/17
005/17
006/17
Side 3
Sakstittel
Godkjenning av møtebok nr. 2/17
Endelig vurdering av alternativ for leige av lokale med
sikte på samlokalisering av tiltakseining for barn og unge
Referatsaker
Skatteinngang for januar 2017, korrigert.
Tenestetilbodet i kommunane
Gradering
Ikkje offentleg
016/17: Godkjenning av møtebok nr. 2/17
Rådmannen si innstilling:
Møteprotokollen vert godkjent.
Behandling i Formannskapet 28.02.2017
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
F- 016/17 Vedtak:
Møteprotokollen vert godkjent.
017/17: Endelig vurdering av alternativ for leige av lokale med sikte på samlokalisering
av tiltakseining for barn og unge
018/17: Referatsaker
Rådmannen si innstilling:
Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Behandling i Formannskapet 28.02.2017
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
F- 018/17 Vedtak:
Meldingane vert tekne til etteretning slik dei ligg føre.
005/17: Skatteinngang for januar 2017, korrigert.
Behandling i Formannskapet 28.02.2017
F- 005/17 Vedtak:
Side 4
006/17: Tenestetilbodet i kommunane
Behandling i Formannskapet 28.02.2017
F- 006/17 Vedtak:
Side 5
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Anne-Grethe Skjærseth
13/1632 17/3371
Arkiv: K2 - A00, K3 - &30
Oppfølging av K-vedtak i sak 29/15 Skulebruksplanen 2014-2018
Utval:
Fagutvalet for oppvekst
Formannskapet
Kommunestyret
Møtedato:
07.03.2017
14.03.2017
Saksnr.:
012/17
020/17
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre tek rapporten frå Norconsult AS om skulane på midtre til vitande og ber
rådmannen legge fram ei sak med utgreiing av alternativa, driftskonsekvensane og
finansieringsplan for ein framtidsretta og berekraftig skulestruktur for barnetrinnet i
Sulaskulen.
Saka skal ha fokus på «barnets beste-prinsippet» og dokumentere korleis partane er, og vil
verte, involvert i prosessen med å endre dagens skulestruktur. Likeins skal utgreiinga «svare
på» tema som oppvekstutvalet var opptekne av i OP-sak 12/15 - Skulebruksplan 2014-2018.
(Uttalen frå fagutvalet i oppvekst er del av K-vedtak 29/15).
Sak om skulestruktur skal leggast fram for Sula kommunestyre i møtet 11.mai 2017.
Tittel
Utgreiing skuler midtre - Norconsult AS 11_01_2017
Referat frå dialogmøte om framdrift i saker knytt til Skulebruksplan 20142018
Dok.ID
298968
297754
Bakgrunn for saka:
K-029/15 Vedtak:
Sula kommunestyre godkjenner skulebruksplanen for 2014- 2018 slik den ligg føre i saka.
Med utgangspunkt i rådmannen si vurdering (s.29) og innmelde behov, skal det utarbeidast
forslag til prioritert tiltaksplan for det vidare arbeidet med å sikre ein fortsatt god skule i Sula.
Sula kommunestyre ber difor formannskapet iverksetje ein prosess som utgreier:
·
·
·
·
1
Sula ungdomsskule: Utgreie rombehov, og om ledig areal i dag kan nyttast til framtidig rombehov.
Ein må også sjå om der er uteareal som er eigna til påbygg.
Solevåg skule: Utgreie rombehov, samt sjå om meir effektiv utnytting av areal i eksisterande
bygningsmasse kan stette heilt eller delvis det komande krav om auka areal.
Skula for Fiskarstrand og Mauseidvåg: Nøyere vurdering av elevtalsvekst. På slik bakgrunn avklare
rombehov for samla eller fortsatt delt løysing som i dag. Utarbeide (grovt) kostnadsoverslag for å
kunne vedta vidare arbeid.
Sula kommunestyre ber om at arbeidet med uteområde blir tatt inn som ein del av det vidare arbeidet
med skulebruksplan slik at ein ser heilskapeleg på Sula-elevane sitt fysiske læringsmiljø.
Uttale frå fagutvalet for oppvekst vert å ta med i det vidare arbeidet.
Frå OP-vedtak 12/15 Uttalen som kommunestyret vedtok å ta med vidare:
«Oppvekstutvalet ynskjer å knytte følgjande kommentar til fellesframlegget
SKULESTRUKTUR
Ein konsekvens av forslaga til vedtak som kjem vidare, er at ein må endre skulestrukturen på
Sula. I framtida skal det vere 3 barneskular(Langevåg, Rørstadmarka og Solevåg) og Sula
ungdomsskule i kommuna.
Fellesframlegget frå Oppvekstutvalet, i tillegg til sjølve Skulebruksplanen, beskriv dei
strategiske valg som Sula kommunestyre må vedta i denne planen.
IKT
OP-utvalet legg til grunn at det vert utarbeidd ein eigen plan for IKT i skulen. Den skal ta
omsyn til naudsynt investering, vedlikehald og utskifting i åra framover.
UTEOMRÅDA VED SKULANE:
Dette må lagast eiga sak for den enkelte skule i tett samarbeid med skulen og FAU. Det er alt
avsett midlar til området mellom ungdomsskulen og barneskulen. Dette arbeidet må fullførast.
Eventuell god gjenbruk av kommunen sine leiker, for eksempel frå Molvær skule,må
administrasjonen kunne gjere utan at dette vert vedteke politisk kvar gong. Gjenbruk av
leikeapparat vedskular/barnehager er eit ønske.
Ein viser her til arbeidsgruppa, leia av Vibeke Bjørkavåg, når det gjeld uteområdet på Sula u.
SKULEBYGNINGANE:
Prosjekt Sula U.skule:
Har har meldt inn behov for 2 spesialrom til naturfag og skulekjøkken. Om det er praktisk
mogleg, bør romma planleggast saman 2 og 2, då dette gjev optimal utnytting og fleksibilitet.
Behov for fleire klasserom vil kome frå skulestart i 2019.
Spesialrom / fleire klasserom
- Bruke underetasjen i gymsalen og bygge den om ?
- Bruke eksisterande bygningskropp og bygge på nordover eller austover ?
- Bruke Sula vg –bygget ?
Prosjekt Solevåg skule:
Frå skulestart i 2017 vil det mangle undervisningsareal. Rektor har foreslått å bygge på
gamleskulen mot vest. Eit anna alternativ kan vere brakker ? Saka måutgreieast og
prosjekterast.
Prosjekt Langevåg skule:
Har meldt inn at ein i høve til elevtalsprognosane vil mangle kapasitet fråskulestart i 2018.
Som omtalt i saksutgreieing vil rådmannen kome tilbake med ei eiga sak i 2016 på dette.
2
Prosjekt Fiskarstrand og Måseide skular = RØRSTADMARKA SKULE
Dette er dei eldste skulane i kommuna. Fiskarstrand skule har stort behov for utviding av
ulike areal, både ute og inne . Dette er uavhengig av elevtalsauke eller ikkje. Måseide skule er
den eldste skulen i kommuna. Bygningskropp og rominndeling varplanlagt i ei anna tid og til
eit anna føremål enn i dag. Felles for begge skular er at dei begge treng ukjente beløp til
oppgradering som ein ikkje veit storleiken påi dag.
Det er mest framtidsretta at ein startar planlegging og prosjektering av ein nyRørstadmarka
skule på foreslått stad i arealplanen til erstatning av dagens Måseide og Fiskarstrand skular.
Om Sula kommunestyre vedtek eit slikt prosjekt krev det ein lang, grundig og omstendeleg
prosess. Verken kostnader eller andre verknader for eit så stort prosjekt er utgreidd. Ein treng
ein ny felles skule i denne krinsen om ein vedtek å legge ned dei 2 skulane
(Fiskarstran/Måseide-begge frå 60 talet). Framtidig bustadbygging gjer at bygdelaga vert
samanbygd til ei felles bygd etterkvart. Ein ny skule skal stette behova for ei framtidig
utbygging dei neste 50 åra. Det inneber og at ein må sjå på krinsgrensene og om dei er rett i
forhold til dagens planlagte bustadbygging.
Det nye kommunestyret får då denne saka til første handsaming. Det nye kommunestyret går
vidare med saka om ein vedtek å planlegging/prosjektering/bygging ein ny Rørstadmarka
skule. Dette er eit prosjekt til 200 – 250 mill sånn omlag. Då må ein ikkje bruke meir enn
høgst nødvendig til vedlikehald av dagens Måseide og Fiskarstrand skular. Ein kan leve med
midlertidige løysingar (ref Langevåg skule) i påvente av ein ny Rørstadmarka skule.
Vert det eit negativt vedtak om ein ny felles skule i Rørstadmarka inneber det ei kraftig
satsing pånybygg/oppgradering av dagens 2 skular, Fiskarstrand og Måseide.»
Saksopplysningar:
Denne saka gjeld kommunestyret si bestilling for skulane på midtre.
Norconsult AS har levert rapporten (vedlegg 1) som syner kostnadane for vedlikehald og
utbygging på Fiskarstrand og Måseide skular, vs å erstatte desse to med ein felles barneskule
på Rørstadmarka. (Norconsult AS har og greid ut eit «alternativ 0» som i realiten vil innebere
eit svært dårleg skuletilbod for borna i Måseide skulekrins.)
Rapporten syner, ikkje uventa, at vedlikehaldsbehovet er størst på Måseide skule. Denne
skulen er per i dag ikkje utrusta for drift med dagens elevtal, langt mindre for å kunne vere
ein fulldelt skule om få år.
Oppsummert konkluderer rapporten frå Norconsult AS med følgjande:
3
Andre relevante opplysningar:
Kommunestyret vedtok 9.februar 2017 å byggje på Solevåg skule. I saksutgreiinga om
tilbygget på Solevåg er det og nemnt to andre alternativ for ny skulestruktur:
· Samanslåing av (delar av) Måseide skule og Solevåg skule
· Ein framtidig skulestruktur med to barneskular; Langevåg skule og Solevåg skule.
I sjølve skulestruktursaka kan det vere naturleg å vurdere desse to alternativa og.
Begge alternativa inneber byggetrinn to på Solevåg; å erstatte gamlebygget med eit meir
hensiktsmessig og moderne skulebygg innan rimeleg tid.
Langevåg skule må uansett utvide kapasiteten frå 2018, her vil det anten komme ei eiga sak i
løpet av våren eller prosjektet kan innlemmast i saka om skulestruktur.
Vurdering:
Syner til rapporten frå Norconsult AS. Rådmannen tilrår at ein vurderer ein ny og meir
bærekraftig skulestruktur i Sula og at kommunestyret kan ta stilling til korleis dette skal
løysast i løpet av våren 2017.
4
Sula kommune
Vurdering av ut - og ombyggingsbehov ved
Fiskarstrand skule og Måseide skule
Langsiktige og heilskaplege løysingar
Op p dragsnr.: 5167134 Dokumentnr.: 1
2017-01-10
Versjon: 1
Oppdragsgjevar:
Sula kommune
Oppdragsgjevars kontaktperson: Jørn Agersborg, kommunalsjef teknisk sektor, Sula kommune
Rådgjevar:
Espen Storstrand, Norconsult skoleavdeling, Bergen
Oppdragsleiar:
Sindre Blindheim, Avdelingsleder Plan og Samferdsel, Norconsult Ålesund
Fagansvarleg:
Andre nøkkelpersonar:
Terje Gregersen, Norconsult skoleavdeling, Bergen
1
2017-01-11
Vurdering av ut- og ombyggingsbehov
ved Fiskarstrand skule og Måseide
skule
Espen
Storstrand
Versjon
Dato
Omtale
Utarbeidet
Jørn Agersborg
Fagkontrollert Godkjent
Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten
tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller
gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier.
2
Innhald
Bakgrunn
5
Grunnlagsdokumentasjon
6
Opplæringslova
6
Kunnskapsløftet
6
Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular
6
Arbeidsmiljølova
7
Plan og bygningslova
7
Kommunale føringar
7
Elevtalsframskrivingar
8
Føresetnader for framskriving – SSB høg
8
Folketalsutvikling heile kommunen – to alternativ
frå SSB
8
Elevtalsframskriving for barnesteget 6-12 år
9
Elevtalsframskriving for ungdomssteget 13-15 år
10
Elevtalsframskriving for Fiskarstrand skule
11
Elevtalsframskriving for Måseide skule
12
Arealnorm
13
Arealnorm grunnskulane i Sula kommune
14
Generelt læringsareal (undervisningsrom)
15
Spesialisert læringsareal
15
Personal- og administrasjon
15
Andre funksjonar
15
Areal - og kapasitetsanalyse med pedagogisk
funksjonsvurdering – kommu nale grunnskular
Fiskarstrand skule
16
17
Arealanalyse med kapasitetsvurderingar
17
5.1.1.1
Generelle læringsareal
17
5.1.1.2
Spesialiserte læringsareal
18
5.1.1.3
Areal for tilsette
18
5.1.1.4
Uteområdet
19
5.1.1.5
Sambruk
19
5.1.1.6
Underetasje/kjellar
19
Vurdering av elevkapasitet
19
Vurderte behov for tiltak
20
Måseide barneskule
21
Arealanalyse med kapasitetsvurder ingar
5.2.1.1
Generelle læringsareal
3
21
21
5.2.1.2
Spesialiserte læringsareal
22
5.2.1.3
Areal for tilsette og leiing
22
5.2.1.4
Uteområdet
22
Vurdering av elevkapasitet
23
Vurderte behov for tiltak
24
Økonomiske føresetnader
26
Skule for framtida
27
Tre vurderte alternativ
27
Alternativ 0
27
Tiltak ved Fiskarstrand skule
27
Tiltak ved Måseide skule
28
Alternativ 1
29
Tiltak ved Fiskarstrand skule
29
Tiltak ved Måseide skule
30
Alternativ 2 – Ny fellesskule på ny tomt
Investeringstiltak med kostnadsvurdering
Oppsummering
31
31
32
4
Bakgrunn
Kommunestyret har bede rådmannen om å få førelagt ei eiga sak med utgreiing som
vurderer ei to-delt ut- og ombyggingsløysing for Fiskarstrand og Måseide skulekrinsar slik:
a. Ut- og ombygging av eksisterande skular
eller
b. Ny felles skule for båe krinsane
Norconsult er beden om å bistå kommunen i denne utgreiinga som også skal inkludere ei
enkel visuell tilstandsvurdering av skulebygga.
Vurderinga skal gje svar på om bygga er rive- og saneringsverdige i høve til ei eventuell
oppgradering til dagens standard – tufta på teknisk forskrift (TEK10). Graden av ut- og
ombygging vil også kunne utløyse krav om hovudombygging avhengig av omfang og kva for
bygningskomponentar som må skifast ut. Dette må kommunen sjølv vurdere – tufta på våre
tiltaksbehov.
Sentralt i utgreiinga står behova for å etablere funksjonelle skulebygg i samsvar med
arealkrav og funksjonalitet – og samstundes som økonomiske forskjellane mellom alternativa
vert identifiserte.
5
Grunnlagsdokumentasjon
Rammevilkår – sentrale lover, regelverk og læreplanverk
Lover, forskrifter og rettleiingar frå nasjonale styresmakter set krav til skuleanlegga. I dette kapittelet er
dei mest aktuelle føringane lista opp. Dette gjeld mellom anna opplæringslova med forskrift, forskrift
om miljøretta helsevern i barnehagar og skular med rettleiing, arbeidsmiljølova o g forskrift om
arbeidsplassar og arbeidslokale med rettleiing, samt inneklima.
Opplæringslova
Opplæringslova § 8-1 Skolen, 1. ledd:
«Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet
som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei uli ke områda i kommunen soknar
til (…)».
Opplæringslova § 9-5. Skoleanlegga: «Kommunen skal sørge for tjenlige grunnskoler.»
Opplæringslova § 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper, 1. ledd:
«I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt
tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal
organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og
gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg ».
Kunnskapsløftet
I den generelle delen av Kunnskapsløftet vert dei mest sentrale føremåla i opplæringa omtala. Den
generelle delen dannar eit forpliktande grunnlag for læreplanen for fag i grunnskule og vidaregåande
opplæring.
Fagdelen av Kunnskapsløftet omhandlar dei ulike fagområda for grunnskulen. Hovudidèen bak
læreplanane er Einskapsskulen der omgrepa ”fellesskap” og ”tilp assing” står sentralt.
Læringsplakaten stiller auka krav til tilpassa eller differensiert opplæring. Læringsplakaten er
forskriftsfesta og omfattar grunnleggjande prinsipp og krav som skal prege og forplikte skular. Skulen
skal fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar, og har soleis trong for tilr ettelagde
læringsarenaer som gjev høve til varierte undervisningsformer. (NOU 2006:16 I første rekke).
Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular
Forskrifta inneheld krav til det fysiske og sosiale miljøet, og gjev krav til mellom anna ansvarsforhold,
internkontroll, plikt til opplysning og informasjon, tilsyn, sanksjonar og klage. Føremålet med forskrifta
er å bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremmer helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige
tilhøve samt førebygger sjukdom og skade. Den einskilde skule og barnehage skal godkjennast etter
forskrifta. Dette gjeld også nye anlegg.
Rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular, er direkte relatert til de i ulike
bestemmingane i forskrifta. Rettleiaren angjev og summerer opp føresetnader for god praksis.
6
Arbeidsmiljølova
Dei tilsette sine miljøkrav er ivaretatt gjennom Arbeidsmiljølova. Arbeidsmiljølova sitt føremål er å sikre
eit arbeidsmiljø som gjev "full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger" samt å bidra til eit
"inkluderende arbeidsliv" (§ 1-1). Arbeidstilsynet fører tilsyn med at lova vert etterfølgt.
Plan og bygningslova
Plan og bygningslova med tilhørande byggeforskrift inneheld omfattande krav til det fysiske miljøet,
her under krav til universell utforming. Lovverket skal føljast i samanheng med planlegging og
oppføring av nye skular og barnehagar, samt rehabilitering av eksisterande bygg.
Kommunale føringar
Utvidingar og endringar av skulebygga med uteareal må planleggjast og utførast i samsvar med
eksisterande plandokument og politiske vedtak i Sula kommune.
Dei mest sentrale kommunale planane er:
Kommuneplanen sin arealdel 2015-2025
Økonomiplan, budsjett 2016-2019 og 2017-2020
Vedteke skulebruksplan 2014-2018 (Saksnr. K-029/15)
7
Elevtalsframskrivingar
Sula kommune er ein vekstkommune og historiske erfaringstal frå dei seinare åra viser at
folketalsutviklinga i kommunen har samsvart med Statistisk sentralbyrå (SSB) sine modellar for høg
vekst (HHMH). Kunnskap om framtidig byggjeaktivitet tilseier at vekst i folketalet vil halde fram.
Elevtalsframskrivingane er tufta på SSB HHMH, 2016 – 2030.
Føresetnader for framskriving – SSB høg
Elevtalsframskriving tek utgangspunkt i SSB sitt høgste framskrivingsalternativ med slike
føresetnader:
Samansetninga av elevtalet pr. 01. januar 2016
Faktisk elevtal ved skulane i skuleåret 2016/17 (kjelde: Sula kommune) som er manuelt
framskrive av Norconsult
Fruktbarheit og dødelegheit som for dei siste fem åra
Flytting: Aldersfordelt flyttemønster inn i, ut av og internt i kommunen i åra 2012 -2016, er lagt
til grunn for aldersfordelt flytting i åra framover.
Folketalsutvikling
heile kommunen – t o alternativ frå SSB
Figur 3.1.1: Tre alternativ for folketalsvekst (SSB)
I figuren over er det vist to alternative og relevante folketalsframskrivingar frå SSB. Raud strek viser
det høgste framskrivingsalternativet frå SSB, medan blå strek er SSB sitt hovudalternativ (tidlegare
kalt MMMM).
Båe alternativa gjev delvis stor folketalsauke for Sula kommune. Folketalet er på om lag 9 000
innbyggarar mot slutten av 2016. Utover i framskrivingsperioden vil folketalet auke årleg og
8
progressivt – og om seks til sju år kan kommunen passere 10 000 innbyggarar – om ein legg det
høgste vekstalternativet til grunn.
Elevtalsframskriving
for barnesteget 6-12 år
Figur 3.1.2: Elevtalsframskriving barnesteget 1.-7. klasse (SSB høg og SSB hovudalternativ)
SSB sine to alternativ for framskriving av barnesteget, syner at kommunen kan forvente ein delvis høg
elevtalsvekst på kort og mellomlang sikt. Barnesteget ligg rett under 900 elevar inneverande skuleår
2016/17. På lang sikt vil framskrivinga frå SSB høg - stabilisere på rundt 1 000 elevar i barneskulane.
9
Elevtalsframskriving
for ungdomssteget 13-15 år
Figur 3.1.3: Elevtalsframskriving ungdomssteget 8. -10. klasse (SSB høg og SSB hovudalternativ)
Ungdomssteget i Sula kommune kan forvente stabil elevtalsutvikling på kort sikt med rundt 330-350
elevar. På mellomlang sikt vil elevtalsauken på barnesteget kome inn i ungdomssteget og det vert eit
elevtalsgrunnlag på meir enn 450 elevar på lang sikt.
10
Elevtalsframskriving
for Fiskarstrand skule
Figur 2.2: Fiskarstrand skule 1-7: Elevtalsframskriving SSB høg
Elevtalsframskrivinga for Fiskarstrand skule viser ei svak nedgang i elevtalet i løpet av perioden, men
hovudtendensen er at elevtalet vil halde seg mellom 130 og 140 elevar.
Elevtalet på årstrinna vil for det meste halde seg mellom 15 og 25, men einskilde år kan talet bli både
over og under dette nivået. Det vil vere grunnlag for ein klasse pr. årstrinn gjennom heile
framskrivingsperioden.
11
Elevtalsframskriving
for Måseide skul e
Figur 3.3: Måseide skule 1-7: Elevtalsframskriving SSB høg
Det er venta et jamn vekst i elevtalet vet Måseide skule i første del av framskrivingsperioden, fram til
skuleåret 2025/26. Frå skuleåret 2021/22 vil skulen vere fulldelt med klassar på alle år sstega.
Det vil verte skilnad i elevtalet på dei einskilde årsstega. Elevar født 2008 utgjer eit lite kull med berre
7 elevar. Når 2008-kullet går ut av barneskulen, vert lågaste elevtal på eit årskull 10 elevar. Elevar
som byrjar i første klasse hausten 2019 ser ut til å verte det største kullet i framskrivingsperioden. Her
er det venta 21 elevar.
Frå 2021 når skulen vert fulldelt, vil elevtalet på årstrinna variere mellom 11 og 21.
12
Arealnorm
Det ligg ikkje føre eigne statlege arealkr av for skuleanlegg, slik som det f.eks. gjer for barnehagebygg.
I ny rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skula r (Helsedirektoratet 2014) er det
framheva storleiken på innvendig areal pr. elev i grunnskular og vidaregåande skular. Dette kapittelet
og arealanalysane tek omsyn til føringane i rettleiaren.
Vurdering av kor mange elevar og tilsette den einskilde skule har plass til, er i stor grad tufta på lokalt
skjønn og tek i hovudsak utgangspunkt i det gamle klassedelingstalet. I dette kapitlet er
elevkapasiteten i grunnskulane, vurdert etter fastsette metodar, slik at alle skulane blir v urdert etter dei
same kriteria. Dette for å sikre mest mogleg lik handsaming av areal- og kapasitetsvurdering.
I Rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skula r står dette om areala inne:
Undervisningsrom/Klasserom: Ved berekning av maksimale elevtall i et undervisningsrom, bør det
takast omsyn til hele læringsarealet som klassen/elevgruppa disponerer. Det må også tas hensyn til
rommenes utforming, innhold og ventilasjonsforhold. Læringsarealet til en klasse/elevgruppe skal
legges til rette for varierte arbeidsformer og tilhørende utstyr.
Når en klasse/elevgruppe disponerer tilleggsarealer (grupperom, formidlingsrom eller andre rom) i
nærheten av klasserommet/hovedrommet, må klasserommet/hovedrommet planlegges etter en
arealnorm på minimum 2 m 2 pr. elev. Så lenge inneklimaet er tilfredsstillende og aktiviteten i rommet
er tilpasset, kan elevtallet i enkeltrom (som f.eks. formidlingsrom og auditorier) gjerne være høyere
enn normen på 2 m2 pr. elev tilsier. Dersom klassen/elevgruppen ikke disponerer tilleggsarealer i
nærhet til klasserommet/hovedrommet, bør arealet være større, helst opp mot 2,5 m2 pr. elev.
Areal for ansatte kommer i tillegg til arealnormen i avsnittet over.
Spesialiserte læringsareal: Spesialiserte læringsarealer er rom som er innredet med tanke på andre
aktiviteter enn de det er lagt til rette for i klasserommet eller hovedrommet til en klasse eller
elevgruppe, og som disponeres av flere klasser/elevgrupper. Eksempel på slike rom er rom til
naturfag, musikk, kroppsøving, kunst og håndverk og mat og helse. I videregående skole vil
spesialiserte læringsarealer også omfatte verksteder og spesialutstyrte rom for ulike
utdanningsprogram.
Det kan ikke settes et bestemt arealkrav til slike rom fordi det vil variere etter hvilket utstyr og inventar
som er nødvendig og hvilke aktiviteter som skal foregå.
Vurderingene av disse arealene må basere seg på om sikkerheten og krav til inneklima som luft, lys
og akustikk er ivaretatt (jf. § 14).
http://helsedirektoratet.no/publikasjoner/miljo-og-helse-i-skolen/Publikasjoner/IS-2073-Veileder.pdf
13
Arealnorm grunnskulane i Sula kommune
Figur 4.1: Arealnorm for grunnskulane i S ula kommune (Norconsult 2016).
Sula kommune har ikkje eigen vedteken arealnorm for skuleanlegg. Det er difor utarbeidd eit framlegg
til norm som byggjer på erfaringstal frå andre kommunar i Norge. Arealskjemaet syner normert
arealbehov for ulike skuletypar og skulestorleikar tilpassa situasjonen i Sula. Norma vert nytta i
arealanalysen av det einskilde skuleanlegg for å sikre at skular vert vurdert på likt grunnlag. Ei på
førehand definert norm kan også redusere behovet for interne arealdrøftingar knytt til arealbehov,
arealfunksjonar og arealstorleikar.
I samband med vurdering av ut- og ombyggingsbehov av grunnskulane seinare i rapporten, vert
framlegg til arealbruk i tabellen nytta som utgangspunkt for berekningane.
I skjema for arealnorm er areala og undervisningsromma delt inn i ulike kategoriar. Desse vert nærare
skildra i teksten under.
14
Generelt læringsareal (undervisningsrom)
Undervisningsrom : klasserom, baserom, grupperom, fellesareal, auditorium
Elevgarderobar/toalett:
toalett som er tilgjengeleg for alle elevane i anlegget.
SFO-base: Arealet som i hovudsak er avsett til SFO. Basen kan omfatte leike- og opphaldsareal,
kjøken og materiallager for SFO.
Spesialisert læringsareal
Mat og helse / Skulekjøken: koke-, anretning- og oppvasksone, spiseareal, tørrvare- og kjølelager
og rom for vask og stell av tøy.
Bibliotek: boksamling for skjønnlitteratur og fagbøker, og bibliotekararbeidsplass. Areal til eventuelt
arkiv for lærebøker hentast frå «Drift og lager».
Naturfag: forsøksrom/klasserom, førebuingsrom og lager.
Musikk: øvingsrom, klasserom og lager.
Kunst og handverk: verkstader for harde materialar, mjuke materialar, maskinrom, materiallager og
lagerplass for elevarbeid.
Personal - og admini strasjon
Administrasjon:
rekvisitalager.
forkontor, kontorar for rektor, assisterande rektor og SFO-leiar, arkiv og
Lærararbeids plasser m/støttefunksjoner:
samarbeidssonar.
kontorarbeidsplasser for lærarane, stillerom og
Møterom: møterom som er tilgjengeleg for alle i personalet. Personalrom, som også er møterom, er
ikkje inkludert i dette arealet.
Personalrom: arealet som nyttast til avvikling av personalets lunsjpause. Ofte er dette rommet også
tilrettelagt for møteverksemd, men arealet blir ikkje rekna som møteareal.
Personalgarderobar/toalett: toalett, omkledingsrom med dusj og garderobe for personalet. I dette
arealet inngår ikkje garderobar tilknytt idrettsarealet.
Andre funksjona r
Samlingsareal : areal kor elevane kan samlast for lunsj eller til andre sosiale samkomer.
Helse/PPT/Logoped: dei rom som er tilpassa skulehelsetenesta si verksemd. Dersom
helsetenesta/PPT/logoped nyttar møterom eller generelt læringsareal tel det ikkje med i denne
kategorien.
Drift og lager: areal for reinhald, driftspersonell og ulike lagerrom.
15
Areal- og kapasitetsanalyse med pedagogisk
funksjonsvurdering – kommunale grunnskular
Dette kapitlet vurderer kapasiteten til dei kommunale grunnskulane med utgangspunkt i ei n
gjennomgang av arealbruken og kva for areal skulane har til rådevelde. Arealanalysane er tufta på
bruk av fleire metodar og samanlikningar.
Norconsult nyttar desse metodane i høve areal - og kapasitetsanalysane for dei tre kommunale
grunnskulane:
1. Kapasi tet ut frå netto generelt læringsareal gjerast ved å registrere og summere læringsarealet
(som elevane nyttar) dvs. klasserom, grupperom, formidlingsrom, fellesrom / allrom, garderobar,
mv. Dette arealet vert dividert med 5 m2 pr. elev – tilsvarande det arealet Norconsult tilrår ved
planlegging av nye grunnskular i Noreg og som er synt i framlegg til arealbruk i denne rapporten.
Ein svakheit ved denne metoden, er at den ikkje tek omsyn til skuleanlegga sin bygningsmessige
struktur og heller ikkje andre naudsynte funksjonar i skuleanlegget. Skular med mykje gang - og
trafikkareal og innvendige løysingar som er lite føremålstenleg for skuleverksemda kjem ofte ut
med låg kapasitet.
2. Kapasitet ut frå tal klasserom gjerast ved å telje klasserom, og multiplisere med tal elevar i kvart
klasserom. Det er i hovudsak lagt til grunn 28 elevar som normalkapasitet i eit klasserom på 60
m2 på barnesteget, eller ca. 2,1 m 2 pr. elev i rommet – dersom klasseromma har tilgang til
grupperom og andre støttefunksjonar . Klasserom som har ei lite føremålstenleg utforming (td.
søyler, vinklar, fastmontert inventar, mv) bør få fråtrekk i vurderinga av elevkapasitet for det
einskilde rom. I kapasitetsvurderinga legg ein difor til grunn 2,14 m 2 pr. elev i klasserommet (28
elevar i eit klasserom på 60 m 2 på barnesteget). Metoden integrerer ikkje kapasiteten i spesialisert
læringsareal, grupperom eller garderobar - og desse vert vurdert særskilt jf. pkt. 3 under. Tal
klasserom er samstundes viktig for skulen sine gruppestorleikar og talet på klassane.
3. Kapasitet i spesialisert læringsareal bereknast ved å dividere skulen sitt areal til spesialiserte
funksjonar med erfaringstalet/arealnorma for ein samanliknbar skule. Er forholdstalet over 1
indikerer det at skulen har kapasitet til fleire ele var i dei spesialiserte areala enn det er i dei
generelle læringsareala, og er forholdstalet lågare enn 1 indikerer det at dei spesialiserte areala
ikkje har kapasitet til alle elevane ved skulen. Ein svakheit ved denne metoden er at den ikkje tar
omsyn til om skulen manglar einskilde spesialiserte funksjonar, fordelinga av areal mellom dei
ulike funksjonane eller talet på elevgrupper ved skulen. Difor må dette vurderast særskilt.
4. Gymsal / idrettsareal med garderobar vert vurdert som eigen kategori, slik at skular med store
idrettsflater ikkje får ei kunstig høg kapasitetsvurdering jf. pkt. 3. og 4.
5. Kapasitet ut frå skulen sitt bruttoareal tek utgangspunkt i skulen sitt samla bygningsareal –
utrekna frå ytterveggane - og bereknar elevkapasiteten ved å samanlikne bruttoarealet pr. elev
med det aktuelle erfaringstalet eller arealnorma. Metoden inkluderer idrettsareal, lager/tekniske
rom, tilfluktsrom og anna ikkje nyttbart areal. Bruttoarealkapasiteten seier noko om
arealeffektiviteten til skuleanlegget. Ein s vakheit ved metoden er at den ikkje tek omsyn til at nye
skular har store areal til tekniske installasjonar, og at eldre skolebygg kan innehalde store ikkje nyttbare areal som tilfluktsrom, loft, osv. I samband med kostnadskalkylane vert bruttoarealet lagt
til grunn for dimensjonering og kostnadsberekning.
Denne metoden vert i hovudsak nytta i samband med vurdering av utbyggingsbehov.
16
Fiskarstrand skule
Fiskarstrand skule ligg sentral plassert i Fiskarstrand, på austsida av Riksveg 657
(Fiskarstrandvegen). Skuleåret 12016/17 har skulen omkring 140 elevar og 24 tilsette. Skulen er
fulldelt med ein klasse pr. årstrinn, og elevtalet varierer mellom 16 og 25 på dei ulike trinna. Det er
venta at elevtalet vil halde seg relativt stabilt dei komande åra. Frå 2017 og fram mot 2031 er det
venta svak nedgang (J.f. elevtalsframskriving kap. 3).
Skulebygget består av fleire bygg som er blitt reist til ulike tider, og sett saman til eitt samanhengande
skulebygg. Den eldste delen av skulebygget er frå midten av 1960-talet. Skulen fekk ny klasseromfløy
og gymsal i 1996. I 2004 vart skulen utvida med eit mindre paviljongbygg.
Areala i 2. etasje vart rehabilitert suleåret 2010/2011.
Tal frå skulen
Elevtal2016/17:
Elevari SFO:
Klassetal:
Talpå lærarar:
Talpå andre tilsette:
I skuleleiinga/admin.:
Oppgjevebruttoareal bygg:
Oppgjevetomteareal:
141
59
7
13
8
3
9132m2
Oppgjeve tomteareal omfattar Gnr/Bnr 79/13 og 79/28, inkl. del av Fiskarstrandvegen som delvis ligg
på tomtene. Parkeringsareal som vert nytta på 79/70 er ikkje teke med.
A reala nalyse med kapasitetsvurderingar
5.1.1.1 Generelle læringsareal
Skulen har til saman sju klasserom. Tre av desse ligg i andre etasje medan fire ligg i første etasje i
den nyaste delen av skulebygget. Storleiken på klasseromm a varierer frå 48 til 74m2. Samla
klasseromareal er 421m2.
Det er til saman sju grupperom. Fire av grupperomma ligg i første etasje og to av desse har direkte
tilgang frå klasserom. To større grupperom ligg i eit påbygg ved gymsalen. Desse romma vert i da g
nytta til språkverkstad og som ekstra areal i samband med stasjonsundervisning. I andre etasje har
skulen to grupperom samla. Desse har ikkje direkte tilgang frå klasserom.
Areala i andre etasje vart pussa opp skuleåret 2010/11 og framstår som lyse og trivelege.
17
SFO har ikkje eigen base, men dei nyttar dei fire klasseromma i første etasje for sine aktivitetar, etter
at undervisninga er ferdig. Gymsalen er også lett tilgjengeleg for SFO etter undervisningstida.
Garderobar og toalett
Elevane har i hovudsak garderobe i gangarealet utanfor klasseromma. Dei yngste elevane har eigen
garderobe ved inngangsdøra midt i skulebygget. Her er det plass til å setje frå seg utesko, hengje frå
seg skulesegg og yttertøy. På topphylla er det plass til oppbevaring av byttetøy.
Elevane har tilgang til toalettanlegg med inngang frå skuleplassen, - her er det eit anlegg for gutar og
eit for jenter.
Skulen har moglegheit til å samle alle elevane til fellessamlingar i gymsalen.
5.1.1.2 Spesialiserte læringsareal
Skulebiblioteket er lokalisert i sør-fløya, med inngang frå vestibyle/hall. Biblioteket er innreia med
bokhyller på veggane. Midt på golvet er det sett ut gruppebord og stolar. Dette gjer at biblioteket lett
kan nyttast til undervisning ved behov.
Areal for kunst og handverk er også lokalisert i sør-fløya, vegg i vegg med biblioteket. Her er det ein
tradisjonell sløydsal med 12 høvelbenker og ein arbeidsbenk langs den eine veggen. Det er sett inn
nye vindauge i nyare tid, men elles ber lokala preg av at lite opprusting og fornying dei seinare åra.
Materialar vert lagra i hyllar på veggane. Frå sløydsalen er det direkte tilgang til eit lite lagerrom der
mellom anna elevarbeid vert lagra.
Ved inngangen til biblioteket er det hyller og skap for oppbevaring av materiell og utstyr som vert nytta
i kunst og handverk. Biblioteket vert gjerne nytta til finare formingsarbeid, som til dømes male- og
teiknearbeid.
Areal for mat og helse ligg midt i skuleanlegget. Det er tre arbeidsstasjonar i rommet. Midt i rommet
står det eit spisebord med plass til omkring 10 elevar. Areal for mat og helse vart fornya i 2016, og
framstår med ny-standard.
I vegg mot gang til gymsal er det ei luke for servering eller sal av mat og drikke.
Undervisning i kroppsøving går føre seg i gymsalen. Gymsal med tilhøyrande garderobar og
støtteareal vart bygga i 1996. Både musikkorps og idrettslag er flittige brukarar av areala her på
ettermiddag- og kveldstid.
Skulen har ikkje spesialiserte læringsareal for undervisning i faga musikk og naturfag. Undervisninga i
desse faga går føre seg i klasseromma.
5.1.1.3 Areal for tilsette
Areal for administrasjon og tilsette har ei sentral plassert midt i skulebygget og like ved
hovudinngangen. Forkontoret er lett synleg for besøkande, men det er ikkje direkte dagslys til
arbeidsplassen her. Rektor og inspektør har inngang til kontora sine via forkontoret.
Det pedagogiske personalet har sine arbeidsplassar lokalisert i to felles arbeidsrom, eit i kvar etasje.
Ni lærarar har sine arbeidsplassar nede, medan 5 har sine oppe. Arbeidsrommet i andre etasje vart
tatt i bruk som nytt areal hausten 2016.
Pauserom, garderobar med tilhøyrande fasilitetar, kopirom og møterom ligg i tilknyting til arbeidsrom i
første etasje, men er og lett tilgjengeleg via trapp frå det andre arbeidsrommet.
18
5.1.1.4 Uteområdet
Oppgjeve areal på skuletomta er 9132m2. Tilgjengeleg areal for leik og aktivitetar i friminutt ligg i all
hovudsak på austsida av skuletomta og er på om lag 5150m 2.
Helsedirektoratet tilrår 5000m 2 tilgjengeleg uteareal for skular med inntil 100 elevar (jf Veileder til
forskrift om miljøretta helsevern, Hdir 2014).
Arealet som ligger nærast skulebygget er asfaltert med oppmerka felt for ulike aktivitetar. Lengst mot
aust er det ein grusbane. Midt i uteområdet er det ein grasplen som strek kjer seg over to haugar. Det
er og montert opp leikestativ og sandkasse i uteområdet.
Langs sør-veggen er det sykkelparkering. Tilsette som nyttar bil til og frå skulen, har høve til å parkere
på nabotomt nord for skulen.
5.1.1.5 Sambruk
Skuleanlegget vert lånt ut til/ nytta av lokale lag og organisasjonar på ettermiddag- og kveldstid. Det er
i hovudsak gymsalen med støtteareal som vert nytta.
Rektor fortel at skulen sitt uteområde blir mykje brukt på kveldstid og i helgane (Jf skulebruksplan
2014-2018).
5.1.1.6 Underetasje/kjellar
Skulen har tilgang til kjellar under hovudbygget. Under sør-fløya er det eit «Stor-lager», og frå dette er
det tilgang til tre mindre lagerrom. I stor-rommet er det vindauge langs heile sørveggen. Samla
oppgjeve areal for denne delen av underetasjen er 159m 2.
Under administrasjonsdelen er det og er det og tilgang til kjeller via innvendig trapp. Her er det fem
rom i tillegg til gangareal. Ingen av romma her har vindauge. Samla oppgjeve areal for denne delen
av underetasjen er 137,5m2.
Vurdering av elevkapasitet
Kapasitet ut frå klasserom areal
Fiskarstrand skule har sju klasserom med ulik storleik. To av romma er større enn 70m 2, og desse vil
ha kapasitet for klassar opp mot 28 elevar. Arealet i dei to minste klasseromma er på rundt 48m 2.
Funksjonell kapasitet her vert sett til 21 elevar. Tre klasserom i første etasje har eit areal på 59m 2.
Funksjonell kapasitet her vert sett til 25 elevar.
Skulen har fem grupperom, men berre to av desse ligg i direkte tilknyting til klasserom. Redusert
tilgang på støtteareal gjer at det vert nytta eit høgare delingstal i kapasitetsberekninga. Delingstalet
som er nytta har er 2,3.
Samla teoretisk elevkapasitet basert på maksimal dekning i alle klasser omma vert med dette 173
elevar.
Kapasitet ut frå netto g enerelt læringsareal
Fiskarstrand skule har eit samla netto læringsareal på 630m2. Klasseromarealet utgjer 421m2 av
samla netto generelt læringsareal. Utover dette har skulen bra tilgang på støtteareal (grupperom),
men berre få av desse ligg lett tilgjengeleg i tilknyting til klasseromma.
Elevgarderobane er i hovudsak lokalisert til korridor/gangareal utanfor klasseromma.
Netto generelt læringsareal med dagens arealdisponering tilseier ein kapasitet på omkring 125 elevar.
19
Netto Spesialisert læringsareal
Samla netto spesialisert læringsareal er på totalt 163 m2. For ein ny barneskule med ca. 150 elevar
(B150) vert det avsett ca. 395m 2 til tilsvarande netto spesialisert læringsareal (Jf. arealnorm kap. 4).
Differansen skuldast i hovudsak mangel på areal til naturfag og musikk.
Samla kapasitetsvurdering
Undervisningsareala ved Fiskarstrand skule har varierande storleik, og elevkapasiteten i areala
varierer difor også. Samla sett er undervisningsareala for det meste i relativt god stand.
Kapasitetsvurderinga tek utgangspunkt i klasseromkapasiteten, men redusert tilgang til støtteareal,
garderobar og wc, samt manglar i høve til spesialisert læringsareal og tilgjengeleg uteareal, førar til
redusert funksjonalitet.
Funksjonell maksimal elevkapasitet for Fiskarstrand skule vert vurdert til 150 elevar.
Figur 5.2.1 under, viser at Fiskarstrand skule har nok klasserom i heile framskrivingsperioden. Eit godt
og funksjonelt skuleanlegg krev og tilgang på støtteareal og spesialiserte læringsareal. Full utnytting
av klasseromkapasiteten føreset utbetring av desse manglane for å sikre god pedagogisk
funksjonalitet.
Figur 5.2.1: Klasseromkapasitet ved Fiskarstrand skule, basert på elevtalsframskriving SSB høg.
Vurderte behov for tiltak
Fiskarstrand skule har behov for utvida tilgang på støtteareal. God funksjonalitet krev tilgang til
grupperom frå alle klasseromma slik at desse kan nyttast optimalt i den ordinære undervisninga.
Fiskarstrand skule manglar spesialiserte undervisningsareal for naturfag og musikk, medan
spesialisert undervisningsareal for undervisning i Kunst og handverk og Mat og helse er for små og
har for liten kapasitet i høve til elevtalet som er forventa utover i planperioden (fram mot 2031).
Midlertidig bygg/modulbygg har ikkje sam e standard som permanente bygg med nystandard, og det
20
vert lagt til grunn ei kortare levetid for midlertidige bygg. Langsiktig plan for skuleanlegget bør vere
basert på permanente løysningar, og midlertidig bygg bør difor fasast ut.
Skulen bør ha eit eiga areal for SFO-base. Dette arealet kan nyttast som grupperom i
undervisningstida.
Måseide barneskule
Måseide skule ligg sentral plassert i Mauseidevåg, på oppsida/nord for Riksveg 657. Skulen har
omkring 85 elevar, fordelt på 5 klassar. Skulen er organisert som fådelt-skule. Elevar på 2. og 3. trinn
er organisert i same klasse. Det same er 6. og 7. trinn.
Elevtalet på årstrinna varierer mellom 7 (3. trinn) og 21 (1. trinn). Neste skuleår er det venta 15 elevar
på første trinn, medan 8 elevar går ut frå 7. trinn til sommaren. Det er venta auke i elevtalet dei
komande åra, fram mot 2025. Deretter er det venta at elevtalet vil stabilisere seg mellom 100 - 110
elevar (J.f. elevtalsframskriving kap. 3).
Skuleåret 2016/17 er det 21 tilsette ved skulen.
Skulebygget består av fleire bygg som er blitt reist til ulike tider og sett saman til eitt samanhengande
skulebygg. Siste utviding av skulebygget vart gjort til skulestart hausten 2016. Då vart eit
paviljongbygg ført opp og knytt saman med sør-fløya. Den eldste delen av skulebygget er frå 1964.
Tal frå skulen
Elevtal2016/17:
Elevari SFO:
Klassetal:
Talpå lærarar:
Talpå andre tilsette:
I skuleleiinga/admin.:
Oppgjevebruttoareal bygg:
Oppgjevetomteareal:
85
50
5
10
9
2
Ca8500m2
Arealanalyse med kapasitetsvurderingar
5.2.1.1 Generelle læringsareal
Skulen har til saman sju klasserom. Fire av desse ligg i andre etasje medan to ligg i sør-fløya og eit i
det nye paviljongbygget. Storleiken på klasseromma varierer frå rundt 43 til 67,5m 2. Samla
21
klasseromareal er 393m2. Det er fire grupperom i skulebygget, to i andre etasje, eit i sør-fløya og eit i
paviljongen.
I tillegg vert eit tidlegare «formingsrom» (kunst og handverk) dag nytta som ekstra grupperom.
Elevane har i hovudsak garderobar i gang/korridor utanfor klasseromma. Toalettanlegg for gutar og
jenter har inngang frå uteområdet. Elevar som har klasserom i paviljongen har eigen garderobe med
direkte tilgang til toalett.
SFO har til vanleg ikkje eigen base men dette skuleåret har skulen eit ledig klasserom for SFO. Herfrå
er det lett tilgang til skulekjøkenet. SFO nyttar også andre klasserom for sine aktivitetar etter at
undervisninga er ferdig.
5.2.1.2 Spesialiserte læringsareal
Skulen har spesialiserte læringsareal for undervisning i kunst og handverk, kroppsøving og mat og
helse. Undervisning i naturfag, musikk og noko kunst og handverk går føre seg på klasseromma.
Areal for kunst og handverk ligg i eit tidlegare påbygg (modulbygg) mot nord. Her er det ein tradisjonell
«sløydsal» med høvelbenker og verktyskap. Materialar er lagra på hyller i rommet. Eit mindre rom att
med sløydsal vart tidlegare nytta som «tekstilrom». Dette vert i dag nytta som grupperom/disponibelt
rom.
Areal for mat og helse (skulekjøkenet) ligg mellom dei to klasseromma i sør-fløya. Kjøkenet har berre
2 arbeidsstasjonar, og dette gjer at skulekjøkenet har låg kapasitet. Mellom skulekjøkenet og det eine
klasserommet er det foldevegg som kan trekkast til side ved behov.
Skulen har ein liten gymsal der elevane på 1.-4. trinn har kroppsøving. I tilknyting til gymsalen er det to
garderobar med dusjanlegg og toalett. Frå gymsalen er det også tilgang til eit lite lagerrom.
Musikkorpset disponerer og eit lite lager her.
Gymsalen er relativt liten (120m 2) og dette gjer at den er mindre egna for dei eldste elevane.
Takhøgda i gymsalen er heller ikkje tilfredsstillande. 5.-7. trinn dreg difor ein gong i veka til naboskulen
i Solevåg for å ha kroppsøving i idrettshallen der.
På ettermiddag- og kveldstid vert gymsalen nytta av lokalt idrettslag, musikkorps og til dans.
Barnehagen att med skulen nyttar gymsalen nokre timar kvar veke.
Gymsalen vert og nytta når heile skulen samlast til fellesarrangement. Salen vert for liten når heile
skulen skal samlast saman med føresette.
Skulen har ikkje eiga bibliotek, men det er laga til ein lita boksamling på eit grupperom. I tillegg nyttar
skulen tilbod frå folkebiblioteket som ligg like ved.
5.2.1.3 Areal for tilsette og leiing
Areal for tilsette og skuleleiing er lokalisert i første etasje, midt i skulebygget. Her er det to arbeidsrom
med til saman 12 arbeidsplassar. I tillegg er det ein felles arbeidsplass for assistentar i det eine
rommet.
Personalgarderobe med toalett ligg i same del av bygget. Personalrommet har inngang via
garderoben. Rektor sitt kontor ligg ved sida av det eine arbeidsrommet, men inngang frå felles gang.
Sekretær er til stedes ved skulen ein dag per veke.
5.2.1.4 Uteområdet
Skulen har eit fint og oversikteleg uteområde på sør- og austsida av skulebygget. Underlaget er i
hovudsak asfalt rundt skulebygget, og grasplen i ytre sone. Fleire leikeapparat og ein ballbinge er
flittig i bruk av elevane i friminutta.
22
Ein paviljong blei sett opp på den asfalterte delen nærast skulebygget sist sommar, slik at uteområdet
er blitt noko redusert dette skuleåret.
Oppgjeve samla areal for skuletomta er om lag 8200m 2. Med fråtrekk for skulebygget, parkeringsplass
på baksida og veg opp, er tilgjengeleg areal for leik og aktivitetar i friminutt om lag 7000m 2.
Helsedirektoratet tilrår 5000m 2 tilgjengeleg uteareal for skular med inntil 100 elevar (jf . Veileder til
forskrift om miljøretta helsevern, Hdir 2014).
Vurdering av elevkapasitet
Kapasitet ut frå klasserom areal
Skulen har til saman sju klasserom. Desse varierer i storleik frå 43m2 til 67m2. Samla klasseromareal
er 393m2, noko til tilseier eit snitt på 56m2. Skulen har tilgang til tre grupperom. To av desse er knytt til
base for spesialundervisning.
Basert på tilgang til klasserom har Måseide skule kapasitet til ein klasse på kvar av dei sju årstr inna
på barneskulesteget. Elevtalet på dei ulike trinna vil fordele seg ulikt, og med ulik storleik på
klasseromma har skulen moglegheit til å utnytte kapasiteten i romma godt.
Skulen har lite tilgang på grupperom/støtteareal, og delingstalet vert difor s ett høgt, til 2,5. Det største
klasserommet har då kapasitet til klasse med opp til 27 elevar. Elevkapasitet i dei minste
klasseromma er under 20 elever, medan tre klasserom på om lag 60m 2 har kapasitet til 24 elevar.
Samla teoretisk elevkapasitet basert på maksimal dekning i alle klasseromma vert med dette 1 35
elevar.
Kapasitet ut frå netto generelt læringsareal
Skulen har eit samla netto generelt læringsareal på 492m2. Klasseromarealet utgjer 393m2 av samla
netto generelt læringsareal. Utover dette har skulen lite tilgang på støtteareal (grupperom).
Elevgarderobane er i hovudsak lokalisert til korridor/gangareal utanfor klasseromma.
Netto generelt læringsareal med dagens arealdisponering tilseier ein kapasitet på omkring 100 elevar.
Netto Spesialisert læringsareal
Samla netto spesialisert læringsareal er på totalt 107 m2. For ein ny barneskule med ca. 150 elevar
(B150) vert det avsett ca. 395m 2 til tilsvarande netto spesialisert læringsareal (Jf. arealnorm kap. 4).
Tilsvarande areal for B100 vil vere om lag 300m2. Skulen har altså manglar i høve til spesialiserte
læringsareal.
Dagens organisering av undervisninga i kroppsøving, basert på busstransport av elevar på 5. -7. trinn
til naboskulen (Solvåg skule), bør ikkje vidareførast som fast ordning.
Samla kapasitetsvurdering
Måseide skule er planlagt og bygga etter prinsippa for ein tradisjonell klasseromsku le, og det er difor
naturleg at klasseromkapasiteten vert lagt til grunn for berekning av elevkapasitet ved skulen. I
teoretisk berekning etter klasseromkapasitet er det tatt omsyn til at skulen har få grupperom. Ei full
utnytting av klasseromma vil og krevje betre tilgang til mellom anna spesialiserte læringsareal, større
og betre garderobeareal og fleire lærararbeidsplassar.
Slik skuleanlegget framstår i dag, vil det vere lite funks jonelt for drift av ein 1-7 barneskule.
Funksjonell maksimal elevkapasitet for Måseide skule vert vurdert til om lag 90-100 elevar.
23
Figur 5.2.2 under, viser at Måseide skule vil ha nok klasserom i heile framskrivingsperioden. 3.trinn
inneverande skuleår har berre 7 elevar, og skulen vil vere fådelt med to trinn organisert i same klasse
fram til skuleåret 2021/22.
Når elevtalet aukar og alle dei store undervisningsromma vert nytta som klasserom, vil skulen mangle
garderobeareal, spesialiserte læringsareal og lærararbeidsplassar. Full utnytting av
klasseromkapasiteten føreset utbetring av desse manglane for å sikre god pedagogisk funksjonalitet.
Figur 5.2.2: Klasseromkapasitet ved Måseide skule, basert på elevtalsframskriving SSB høg.
Vurderte behov for tiltak
Måseide skule har behov for utvida tilgang på støtteareal. God funksjonalitet krev tilgang til
grupperom frå alle klasseromma slik at desse kan nyttast optimalt i den ordinære undervisninga.
Skulen har spesialisert undervisningsareal for undervisning i Kunst og handverk og Mat og helse, men
areala er for små og har for liten kapasitet i høve til elevtalet som er forventa utover i planperioden
(fram mot 2031). Måseide skule manglar spesialiserte undervisningsareal for naturfag og musikk.
Skulen har heller ikkje bibliotek, men ordninga med lån frå folkebiblioteket kan truleg vidareførast.
Aktivitetsarealet i Gymsalen er på 106m 2. Dette er ikkje ein funksjonell storleik når klassane vert større
og fleire elevar skal nytte salen samstundes. Dagens ordning basert på at dei eldste elevane vert
transportert til naboskulen for undervisning i kroppsøving bør ikkje vidareførast som permanent
ordning. Gymsalen bør difor utvidast.
Med aukande elevtal vil det og vere behov for eit større areal avsett til lærararbeidsplassar og
støtteareal for tilsette. Utforming og størrelse på lærararbeidsplassane må vere i tråd med
Arbeidsplassforskrifta.
Midlertidig bygg/modulbygg har ikkje same standard som permanente bygg med nystandard, og det
vert lagt til grunn ei kortare levetid for midlertidige bygg. Langsiktig plan for skuleanlegget bør vere
basert på permanente løysningar. Modulbygg som i dag vert nytta til undervisning i kunst og handverk
bør erstattast av nybygg/permanent bygg.
24
Lagerkapasiteten bør betrast. I dag vert korridor/gangareal utanfor administrasjon- og tilsetteareal
nytta for oppbevaring av rekvisita, av-utstyr og materiell.
Skulen bør ha eit eiga areal for SFO-base. SFO-basen kan nyttast som grupperom/støtteareal for
skulen i undervisningstida.
Store deler av skulebygget ber preg av slitasje og elde. Skulebygget har behov for generell oppussing
av inventar og overflatar.
25
Økonomiske føresetnader
Det er valt å nytte prosjektkostnadar pr. m 2 BTA som inkl. infrastruktur og grunnarbeid innafor
skuletomta.
Nybygg / tilbygg pr. m 2 BTA
Kr. 36 000 inkl. mva.
Ombygging / omfattande rehabilitering
Kr. 12.000 inkl. mva.
Oppussing pr. m2 BTA
Kr. 4 000 inkl. mva.
Rive- og saneringskostnader pr. m2 BTA
Kr. 1 400 inkl. mva.
I kalkylen er det medrekna dei kostnadskomponentar som ligg inne i standard kontoplan for
byggjeprosjekt:
Konto
Kostnadselement
Innhald
1
Felleskostnader
Rigg, byggeplass, entrepriseadministrasjon, HMS, hjelpearbeid
2
Bygning
Grunn og fundamenter, bæresystem, vegger, dekker, fast
inventar, malararbeid
3
VVS-installasjonar
Sanitær, varme, brann, luft, vann, kjøling
4
Elkraft installasjonar
Elkraft, lys, el-varme, høgspent, basisinst.
5
Tele og automatisering
Telefoni, alarm, lyd og bilete. Instrumentering
6
Andre installasjonar
Heis, rulletrapper, scene, avfall, mv.
1-6
HUSKOSTNAD
7
Utandørsarbeid
1-7
ENTREPRISEKOSTNAD
8
Generelle kostnader
1-8
BYGGJEKOSTNAD
9
Spesielle kostnader
1-9
PROSJEKTKOSTNAD
RM
Reserver og marginar
SUM
KOSTNADSRAMME
Terrengarbeid, murer, trapper, støy, drenering, VA-hovudgrøft,
elkraft, vegar og plassar, park og hage, mv.
Programmering, prosjekteringskostnadar, prosjektadm,
forsikring, gebyr,
Tomtekostnadar, finansiering, mva (25% av byggjekostnad 1-8
over), utsmykking
Ikkje forventa kostnader. Reserver skal dekk je forventa tillegg
og gjev finansiell tryggleik
Det er ikkje rekna med marginar og reserver, inventar og kostnader til tomtekjøp. Merk at kommunen
får mva. kompensasjon på skulebygginvesteringar.
Laust innbu og utstyr er heller ikkje medrekna i prisføresetnadane over. Oslo kommune nyttar kr.
35.000 pr. elev til innkjøp av laust utstyr ved nye skular som hovudregel ved kostnadsfastsetjing.
Kostnaden med nybygg / tilbygg over (kr. 36 000 pr. m2), vil kunne inkludere noko opparbeiding av
fysiske tiltak utomhus og fast inventar.
Eventuelle meirkostnader til leige / drift av fleire paviljongar er ikkje teke høgde for i dei økonomiske
føresetnadane over.
26
Skule for framtida
- Vurdering av utbyggingsbehov og investeringstiltak
I dette kapittelet vert det presentert og konsekvensvurdert tre moglege alternativ for tiltak og
organisering av skuleverksemda for krinsane Fiskarstrand og Måseide i framtida.
Tre vurderte alternativ
Denne planen tek til orde for val mellom tre mogelege strukturalternativ slik:
0. Vidareføring av dagens skular. Minimal utbygging.
1. Vidareføring av dagens skular. Utbygging og investeringstiltak
i tråd med arealnorm.
1. Ny felles barneskule for Fiskarstrand skule og Måseide skule på ny tomt.
Alternativ 0
Alternativ 0 legg til grunn ei vidareføring av dagens skular i Mauseidvåg og på Fiskarstrand. Det vert til
grunn minimal utviding og opprusting av areala, slik at skuledrifta kan vidareførast med tilstrekkeleg
kapasitet. Vurderte behov for tiltak i kap. 5.1.3 og 5.2.3 vert lagt til grunn for byggmessige tiltak ved
skulane. Arealnorma vert ikkje følgt med alternativ 0.
Tiltak ved Fiskarstrand skule
Spesialisert læringsareal ved skulen er for lite. Areal for kunst og handverk bør utvidast ved at
heile sør-fløya vert teke i bruk. Deler av arealet kan nyttast i sambruk med til dømes musikk.
Det vil vere behov for opprusting og noko ombygging av areala her.
Skulekjøkenet vert omdisponert til SFO-base, og kan nyttast som grupperom i undervisninga.
Funksjonane skulekjøken og bibliotek vert etablert i nybygg.
Modulbygg i nord vert rive.
Nye garderobar vert etablert i nybygg, inngang nord.
Tabell 6.2.1 Grovt kostnadsoverslag utbetring og utviding Fiskarstrand skule, med Alternativ 0
Over nemnte tiltak vil gje skuleanlegget betre funksjonalitet . Skulen får betre tilgang på støtteareal og
spesialisert læringsareal. Garderobetilhøva for elevane vert også betre.
27
Det er ikkje lagt til grunn at skulen får spesialisert areal for naturfag. Med utsikt mot forholdsvis låge
elevtal i klassane utover i framskrivingsperioden vil det vere mogleg å leggje til rette for at
undervisninga i naturfag kan gå føre seg i klasseromma.
Skuleanlegget vert set i tilfredsstillande teknisk stand, og skulen vil ha tilgang på sentrale funksjonar.
På ein annan side vil skulen ikkje få same funksjonalitet, fleksibilitet og kvalitet ar som eit nybygg
basert på arealnorma vil gje.
Eit grovt kostnadsoverslag for utbetring av eksisterande bygg, samt utviding for å dekkje naudsynte
funksjonar, viser eit investeringsbehov på om lag kr. 13,5 mill.
Tiltak ved Måseide skule
Undervisningsareala i sør-fløya vert pussa opp. Skulekjøkenet vert omdisponert til SFO-base
og kan i tillegg nyttast som grupperom i undervisningstida.
Alle rom i hovudbygget vert pussa opp (overflater).
Midlertidig bygg i nord vert rive og erstatta med permanent bygg. Nytt areal for Kunst og
handverk er på 120m2.
Spesialisert areal for mat og helse vert lagt til kostnader nybygg. Nytt areal: 85m2.
Spesialisert areal for undervisning i musikk vert lagt til nybygg. Nytt areal 80m2.
Utvida areal for lærararbeidsplassar. Nytt areal: 40m2.
Det må leggjast til rette for betre garderobetilhøve for elevane.
Eitt klasserom i andre etasje byggast om til grupperom. Klasserom vert erstatta i nybygg.
Gymsal vert rive og erstatta av ny og større sal. Eksisterande garderobar vert pussa opp.
Nyoppført modulbygg (2016) vert vidareført, men det bør takast høgde for at dette bygget vert
erstatta med permanent bygg i løpet av planperioden (2016 -2031).
Det vert lagt til grunn at undervisninga i naturfag også i framtida vert gjennomført på
klasseromma. Dersom skuleeigar ønskjer å utvide nybygg slik at skulen også får denne
funksjonen på plass, må det leggjast til 60m 2 NTA i nybygg.
Det vert lagt til grunn at ombygging og utviding vert gjort i fleire fasar. I første fase vert gymsal og
modulbygg i nord rive. Byggjearbeida starter. Når nytt påbygg er ferdig vert dette tatt i bruk i tråd med
behov, - medan eksisterande bygg etappevis vert pussa opp.
I siste fase vert dei nye areala ferdigstilt som spesialiserte læringsareal, og den nyaste paviljongen
vert fasa ut.
I byggeperioden må behov for spesialisert læringsareal dekkjast ved naboskular. Det vert lagt til grunn
at dagens ordning med skyss til Solevåg skule i samband med bruk av idrettshall kan tilpassast slik at
elevane i byggeperioden også kan få undervisning i kunst og handverk ved nabos kulen. Eventuelle
meirkostnader knytt til utvida skyssbehov er ikkje teke med i tabellen under.
Tabell 6.2.2 Grovt kostnadsoverslag utbetring og utviding Måseide skule, med Alternativ 0
Grovt kostnadsoverslag for utbetring av eksisterande bygg, samt utviding for å dekkje naudsynte
funksjonar, viser eit investeringsbehov på om lag kr. 34,5 mill.
28
Over nemnte tiltak vil gje skuleanlegget betre funksjonalitet og kapasitet. Skulen får betre tilgang på
støtteareal og spesialisert læringsareal. Garderobetilhøva for elevane vert også betre.
Skuleanlegget vert set i tilfredsstillande teknisk stand, og skulen vil ha tilgang til dei sentrale
funksjonane. På ein annan side vil skulen ikkje få same funk sjonalitet, fleksibilitet og kvalitetar som eit
nybygg vil gje.
Det er i denne samanheng ikkje teke stilling til eit eventuelt behov for midlertidige lokalar i
byggjeperioden. Eventuelle kostnader knytt til leige av midlertidige lokale vil kome i tillegg til
kostandene vist i tabell 6.2.2.
Alternativ 1
Alternativ 1 legg til grunn ei vidareføring av dagens skular i Mauseidvåg og på Fiskarstrand.
Skulebygga vert rusta opp til dagens standard i tråd med byggjeforskrift og gjeldande regelverk.
Truleg vil det vere behov for hovudombygging av båe skulane.
Arealnorm frå Norconsult (J.f. kap. 4) vert lagt til grunn for berekning av arealbehovet ved skulane,
men det vert og tatt omsyn til føringar som ligg i eksisterande bygg.
Tiltak ved Fiskarstrand skule
Med alternativ 1 vert det lagt til grunn at det er behov for både utbygging og ombygging for oppnå ein
standard som er meir i tråd med areal- og funksjonsnorm. Det vert og lagt til grunn at midlertidig
modulbygg i nord vert fasa ut.
Dei same tiltaka som er nemnt under punkt 7.2.1 (alternativ 0) vert gjennomført med alternativ 1. I
tillegg vert det tilført areal i tråd med arealnorm for ein B150-skule. Ein større del av eksisterande
skulebygget vert pussa opp med dette alternativet. I hovudsak gjeld dette undervisn ingsareala i nord
og garderobeanlegget til gymsal.
Tabell 6.3.1 Grovt kostnadsoverslag utbetring og utviding Fiskarstrand skule, med Alternativ 1
Eit grovt kostnadsoverslag for Fiskarstrand skule med alternativ 1 viser eit investeringsbehov på om
lag kr. 28 mill.
Det vert lagt til grunn at det ikkje vil vere behov for tilgang til midlertidig erstatningslokale medan
utviding og oppussing av skulebygget vert gjennomført. Dette let seg gjere vet at noko spesialisert
læringsareal kan nyttast som klasserom, medan klasseromfløya vert pussa opp.
Skuleanlegget vert set i tilfredsstillande teknisk stand, og skulen vil ha god tilgang til dei sentrale
funksjonane. Storleik på undervisningsareala vil vere i tråd med arealnorm for nybygg. Skuleanlegget
vil få klart betre funksjonalitet enn med alternativ 0, men føringane som ligg i det eksisterande bygget
gjer at skulen ikkje kan få same funksjonalitet, fleksibilitet og kvalitet som eit nybygg vil gje.
29
Tiltak ved Måseide skule
Med alternativ 1 vert det gjort tiltak ved Måseide skule i tråd med arealnorm for ein B150-skule. Skulen
vil ha behov for oppussing av eksisterande bygg. Sør-fløya blir bygget/rehabilitert. Eit av klasseromma
i andre etasje vert gjort om til grupperom/støtteareal for dei tre andre klasseromma i denne etasjen.
Eksisterande gymsal, modulbygg og inngangsparti i nord vert rive og erstatta med nybygg. Ny gymsal
bør etablerast med same lokalisering som i dag slik at eksisterande garderobar kan nyttast også i
framtida.
Nyoppført modulbygg (2016) vert fasa ut, og arealet vert erstatta i nybygg. Spesialpedagogisk base er
lagt inn (tilleggsareal under Klasserom og grupperom) med same areal som i dag.
Det vert lagt til grunn at ombygging og utviding vert gjort i fleire fasar. Det vil vere behov for tilgang til
erstatningsareal i byggjeperioden. Det vert lagt til grunn at midlertidig bygg kan stå på skuletomta.
Anleggsområdet vert fysisk avstengt i byggeperioden slik at elevane sin tryggleik vert ivaretatt.
I første fase vert drift i sør-fløy og nytt modulbygg vidareført, medan hovudbygget vert rehabilitert.
Gymsal, inngang nord og modulbygg nord vert rive. Deretter starter byggjearbeid på nybygg. Når nytt
påbygg er ferdig vert dette tatt i bruk i tråd med behov, - medan sør-fløy vert pussa opp.
I siste fase vert dei nye areala ferdigstilt som spesialiserte læringsareal, og den nyaste paviljongen
vert fasa ut.
Samarbeidet og bruk av folkebiblioteket vil halde fram, og det er difor ikkje lagt inn areal for
skulebibliotek i nybygg.
I byggeperioden må behov for spesialisert læringsareal dekkast ved naboskular. Det vert lagt til grunn
at dagens ordning med skyss til Solevåg skule i samband med bruk av idrettshall kan ti lpassast slik at
elevane i byggeperioden også kan få undervisning i kunst og handverk ved naboskulen. Eventuelle
meirkostnader knytt til utvida skyssbehov er ikkje teke med i tabellen under.
Med alternativ 1 vert det sett inn heis for universell tilkomst til areala i andre etasje.
Tabell 6.3.2 Grovt kostnadsoverslag utbetring og utviding Måseide skule, med Alternativ 1.
Kostnader modulbygg er basert på prisoverslag frå Malthus 26-30 modular over 2 år. Kostnader knytt
til montering av heis er basert på erfaringstal frå Sula kommune.
Eit grovt kostnadsoverslag for Måseide skule med alternativ 1 viser eit investeringsbehov på om lag
kr. 64 mill.
Med alternativ 1 vert skuleanlegget sett i tilfredsstillande teknisk stand, og skulen vil får tilgang til dei
sentrale funksjonane. Storleik på undervisningsareala vil vere i tråd med arealnorm for nybygg.
Skuleanlegget vil få betre funksjonalitet enn med alternativ 0, men føringane som ligg i det
eksisterande bygget gjer at skulen ikkje kan få same funksjonalitet, fleksibilitet og kvalitet som eit
nybygg vil gje.
30
Alternativ 2 – Ny fellesskule på ny tomt
Alternativ 2 medfører at det vert bygga ein ny felles skule på ny tomt, lokalisert om lag midt mellom
dagens to skular. Det vert lagt til grunn at den nye skulen bør ha kapasitet til å kunne ta imot om lag
300 elevar, eller i gjennomsnitt 43 elevar pr. årssteg.
Figur 7.4: Elevtalsframskriving for ny felles barneskule i midtre region (SSB høg).
Grovt sett er det venta at elevtalet for dei to skulane samla vil halde seg forholdsvis jamt utover i
framskrivingsperioden. Elevtalet på årstrinna vil for det meste halde seg mellom 30 og 40, men
einskilde år kan talet bli både over og under dette nivået. Det vanlege vil vere 2 klassar/grupper på
årstrinna, med færre enn 20 elevar pr. klasse.
Ei samanslåing vil truleg ikkje gje færre klassar, men elevtalet i klassane vert jamnare enn med
dagens ordning, og skulen får høve til å opprette lærarteam på alle årsstega. I høve til
spesialundervisning og tilpassa opplæring vil det vere eit potensiale for effektivisering og ei meir
fleksibel organisering.
Investeringstiltak
med kostnadsvurdering
I tråd med forventa elevtalsutvikling vert det lagt til grunn at fram tidig elevkapasitet for ny fellesskule
vert sett til 300. Med utgangspunkt i arealnorma vert det lagt til grunn at skulen får behov for eit
bruttoareal på 3964m2.
Kvadratmeterpris for nybygg er kr. 36.000 BTA, inkl. infrastruktur og grunnarbeid innafor skuletomta.
Samla investeringskostnad for nytt skulebygg: kr. 142 mill.
Det vert lagt til grunn at eksisterande skuletomtar i Mauseidvåg og Fiskarstrand vert seld dersom ny
fellesskule vert realisert. Sula kommune legg til grunn ei kvadratmeterpris på kr. 450,- ved sal av
tomtane. Samla tomteareal er om lag 17 200m2, dette gjev ei antatt marknadsverdi på kr. 7,74 mill.
Totalkostnad for ny fellesskule B300 vert om lag kr. 136 mill. (inkl. tomtesal).
31
Oppsummering
I denne rapporten har vi vurdert elev- og klassekapasitet, ombygging- og utbyggingsbehov ved
skulane i Mauseidvåg og Fiskarstrand. Vi har og vurdert kapasitetsbehov og investeringsbehov knytt
til ny fellesskule lokalisert på ny tomt mellom dei eksisterande skulane.
Investeringskostnadar:
Alternati v 0 legg til grunn ei vidareføring av dagens skular i Mauseidvåg og på Fiskarstrand. Det vert
til grunn at drift ved skulen vert vidareført, og at det vert gjennomført minimale byggmessige
oppgraderingar og arealutviding. Arealnorm vert ikkje følgt.
Grovt kostnadsoverslag for tiltak ved dei to skulane med alternativ 0:
Alternativ 1 legg også til grunn ei vidareføring av dagens skular, men ei meir omfattande
oppgradering av bygga vert gjennomført.
Grovt kostnadsoverslag for tiltak ved dei to skulane med alternativ 1:
Alternativ 2 medfører at det vert bygga ein ny felles skule på ny tomt, lokalisert om lag midt mellom
dagens to skular. Det vert lagt til grunn at den nye skulen bør ha kapasitet til å kunne ta imot om lag
300 elevar
Grovt kostnadsoverslag for tiltak ved dei to skulane med alternativ 2:
Inntekter frå sal av tomtene med eksisterande skulebygg er teke med i kostnadsberekninga for ny
skule.
Driftskostnada r
Vurderinga av ut- og ombyggingsbehov ved Fiskarstrand skule og Måseide skule tek ikkje føre seg
moglege endringar i driftskostander knytt til undervisningsmateriell, løn tilsette FDV. På ein annan side
synast det klårt at drift av ein felles skule i nytt skuleanlegg vil medføre lågare kostnader innan alle dei
over nemnde områda.
I eit lengre perspektiv, som til dømes heile perioden fram mot 2030 sett under eit, kan
innsparingspotensialet på nemnte område vere betydelege.
Mogleg framtidig utviding
Sula kommune er ein vekstkommune. Sjølv om elevtalsframskrivinga for ny fellesskule viser eit
ganske stabilt elevtal i framskrivingsperioden (2016-2031), vil det vere usikkerheit knytt til korleis
utviklinga verkeleg vert.
Ein ny skule kan planleggast og byggast på ei måte som tek omsyn til mogleg framtidig utviding. Slik
planlegging vil vere kostnadssparande i høve til tilpassingar for framtidig utviding av skulebygget.
32
Ny skuletomt har ei god plassering i høve til busetnadar, friområde, tilkomstvegar og yttergrensar for
skulekrinsane.
Pedagogisk funksjonalitet
Det vert lagt opp til byggmessige tiltak i alle dei tre alternativa som vert presentert over. Med a lternativ
0 vert berre dei mest naudsynte utbetringane gjennomført, medan alternativ 1 gjev skulane tilgang på
meir areal og større heile skuleanlegget vert rusta opp.
Dei to skuleanlegga er ikkje store, og avstand mellom funksjonane vert difor heller ikkje stor. På ein
annan side ligg dei eksisterandes skulebygga klare føringar for kva byggmessige løysingar som er
mogleg å få til. Eit nybygg kan planleggjast meir heilskapleg der hovudfunksjonar kan sjåast i
samanheng og gje nye moglegheiter å nytte areala på, utover hovudfunksjonen.
Til dømes vil oppretting av trinnteam opne for heilt andre pedagogiske moglegheiter enn med dagens
ordning der det i hovudsak er ein kontaktlærar per årssteg. Fleire lærarar på same årssteg gjev utvida
moglegheit til å organisere undervisninga ut frå prinsipp om differensiering, individuell tilrettelegging
varierte undervisningsmetodar.
I eit nytt skulebygg er det med utgangspunkt i areal norma gode moglegheiter til å leggje fysisk til rette
for varierte og effektive organiseringsformer.
Enkelte funksjonar i dei eksisterande bygga vert vurdert som «gode nok». Ikkje alle areala er like store
som arealnorma tilseier, men kostnader knytt til oppgradering/utviding blir for høge til at dei kan
forsvarast. Til dømes får Fiskarstrand skule eit heilt greitt og funksjonelt idrettsareal med alternativ 1,
men eit nytt idrettsareal i ny skule (alternativ 2) vil både vere større, gje rom for fleire ulike aktivitetar,
vil inngå i ein heilskapleg plan for skuleanlegget og vil framstå med ny-kvalitet.
Måseide skule får ny gymsal, men støtteareala vert klart mindre enn arealnorma tilseier.
Med alternativ 2 får den nye skulen eit elevtal opp mot 240 – 250 elevar, eller i gjennomsnitt 35 elevar
på årsstega. Dette gjev eit godt grunnlag for å opprette lærarteam/trinnteam på alle trinna. Det vil
mellom anna seie at fleire lærarar samarbeider om undervisninga for ein større elevgruppe.
Fagkompetanse, timeress ursar, materiell kan utnyttast betre på ein effektiv måte. Trinnteama får
moglegheit til å organisere trinnet og undervisninga på fleire måtar, og areala er utforma for fleksibel
bruk.
33
SULA KOMMUNE
Internt notat
Kommunalsjef kultur og oppvekst
Vår ref.:
17/3737
Saksbeh.:
AGS
Ark.:
A00, &30
Dykkar ref.:
Dato:
17.02.2017
REFERAT FRÅ DIALOGMØTE OM FRAMDRIFT I SAKER KNYTT
TIL SKULBRUKSPLAN 2014-2018
Til stades:
Utdanningsforbundet v/ Bjørn Osnes og Trude G. O. Grøtting
Delta v/ Rigmor Osnes.
Kommunalsjef KO, Anne-Grethe Skjærseth
Forfall: Fagforbundet og NSF
Møtetid: Fredag 17.2.2017
Referent: Kommunalsjef
Neste møte: Ikkje avtalt
AGENDA: Framdrift i oppfølginga av vedtak i Skulebruksplan 2014-2018.
Kommunalsjefen orienterte om vedtekne og kommande politiske saker knytt til oppfølging av
Skulebruksplan 2014-2018. Rapporten for skulane på midtre er klar, og vil verte lagt fram til
handsaming i marsmøta, deretter vert det å følge opp dei eventuelle vedtaka som vert gjort om
framtidig skulestruktur.
Eventuelle endringar i skulestruktur vil og verte tema i Styringsdialogmøta på skulane i mars 2017. Det
betyr at rektorane på førehand vil invitere til drøftingar kring framtidsskulen i ulike fora. Fokuset ein
ynskjer å ha i desse diskusjonane er kva som er viktig i eit «Barnets beste» – perspektiv. Alle som vert
berørt av endringane vil komme til orde via sine representantar.
Organisasjonane er opptekne av at det i planlegginga av Sulaskulen på kort og lang sikt vert teke
høgde for
 tilstrekkeleg areal slik at ein unngår trengselen vi no ser, også på dei relativt nye skulane
 gode arbeidsplassar for tilsette
 nok grupperom og spesialrom for fleksibel organisering og tilpassa læringsaktivitet
 tilstrekeleg uteområde, tilpassa dei ulike aldersgruppene og interessene deira for å sikre gode
skulemiljø
 å legge til rette for positive og varierte SFO-aktivitetar
 at endringane kjem for å bedre kvaliteten på grunnopplæringa, ikkje for å kutte i drifta
 at skulane er tilrettelagt for digitalt læringsarbeid
Adresse:
Postboks 280
6039 LANGEVÅG
Telefon:
Sentralbord:
Saksbeh:
Telefaks:
70 19 91 00
70199100
70 19 91 01
E-post:
[email protected]
Web:
www.sula.kommune.no
Bankgiro:
3910.51.86499
Skattekonto:
6345 06 15317
Foretaksnr.:
964 980 543
Side 2 av 2
Med helsing
Anne-Grethe Skjærseth
Kommunalsjef kultur og oppvekst
Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur
SKATTEINNGANG - KOMMUNEN SIN ANDEL
Januar
Februar
Mars
April
Mai
Juni
Juli
August
September
Oktober
November
Desember
SUM
Årsbudsjett
Månad
26 828 519
716 557
33 205 477
1 605 189
37 942 006
1 066 409
25 404 982
2 550 254
34 552 090
1 353 722
39 550 180
740 781
205 516 166
2016
Akkumulert
26 828 519
27 545 076
60 750 553
62 355 742
100 297 748
101 364 157
126 769 139
129 319 393
163 871 483
165 225 205
204 775 385
205 516 166
% Bud
13,22%
13,57%
29,94%
30,73%
49,42%
49,95%
62,47%
63,72%
80,75%
81,42%
100,91%
101,27%
Månad
29 999 392
980 813
2017
Akkumulert
29 999 392
30 980 205
30 980 205
202 938 000
212 651 000
% Bud
14,11%
14,57%
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Åge Erstad Remvik
17/403 17/5011
Arkiv: K1 - 033
Referatsaker
Utval:
Formannskapet
Møtedato:
14.03.2017
Rådmannen si innstilling:
Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Underliggende saker:
Saksnummer
007/17
1
Tittel
Skattinngang for februar 2017
Saksnr.:
021/17