Program Arbeidsmiljøkonferansen 2017

ARBEIDSMILJØKONFERANSEN 2017
4. og 5. april
Scandic Parken, Ålesund
«Morgondagen er no»
MØRE OG ROMSDAL
DAG 1 - 4. APRIL
09.30 – 10.30 Registrering
10.30 – 11.15 Opning og kulturinnslag
Velkomen til Ålesund og Arbeidsmiljøkonferansen 2017!
Geir Stenseth, kommune- og fylkespolitikar og styremedlem i KS Møre og Romsdal
Innleiing
Anne Marie Bergset, fylkesleiar Utdanningsforbundet Møre og Romsdal
Programleiar: Line Hoem
11.15 – 12.15 Morgondagen er no – entusiasme og optimisme på vegner av framtida
Eirik Newth, framtidstenkar og forfattar
12.15 – 13.15 Lunsj
13.15 – 14.00 Arbeidsmiljøprisen 2017
Gunnar Bendixen, regiondirektør KS
Utdelinga av Arbeidsmiljøprisen er ei årleg hending og det er knytt stor spaning både til å få høyre korleis det
har gått med vinnaren frå i fjor og kven som får prisen i år.
14.15 – 14.45 Arena for Læring om Velferdsteknologi
Tone Kirkhorn, leiar ALV Møre og Romsdal og
Cecilie Campbell, fagutviklar Ålesund kommune
15.00 – 15.45 Parallelle seminar
TEMA A
Korleis kan vi skape helsefremmande
arbeidsplassar?
May-Britt Flønes, seniorrådgivar
NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal
TEMA B
Medarbeidardriven innovasjon –
jakta på beste praksis
Astri Sjåvik, kompetanseleiar
Kristiansund kommune
15.45 – 16.15 Kaffe, te og pausemat
16.15 – 17.00 Det fleirkulturelle Norge
Amal Aden, forfattar og samfunnsdebattant
19.30Festmiddag
ARBEIDSMILJØKONFERANSEN
MÅL: KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal vil fremje samarbeid og utvikling på arbeids­
miljøfeltet i Møre og Romsdal. Arbeidsmiljøkonferansen er eitt av fleire tiltak samarbeidsgruppa arbeider med for å
få dette til. Konferansen har som mål å vere ein viktig møtestad for arbeidsmiljø der ein kan få tilført ny kunnskap og
inspirasjon i møte med andre som er opptekne av helse, miljø og tryggleik!
INVITASJONEN GÅR TIL: Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane i Møre og Romsdal, helseføretaka,
offentleg eigde institusjonar, arbeidstakarorganisasjonane, arbeidsmiljøutvala og tillitsvalde.
DAG 2 - 5. APRIL
09.00 – 09.15 Kulturinnslag
09.15 – 10.15 Roboten «Digifrid» er allereie i arbeid hos Kemneren i Bergen
Arne Selvik, sosiolog og fagbokforfattar
10.15 – 11.00 Kaffe, te og pausemat - utsjekk av rom
11.00 – 11.45 Parallelle seminar
TEMA A
Korleis kan vi skape helsefremmande arbeidsplassar?
May-Britt Flønes, seniorrådgivar NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal
TEMA B
Medarbeidardriven innovasjon – jakta på beste praksis
Astri Sjåvik, kompetanseleiar Kristiansund kommune
11.45 – 12.00 Pause
12.00 – 13.00 Om kjernefysikk og forsking og sånn – historia om ein rosanerd
Sunniva Rose, doktorgradsstipendiat og «rosanerd»
13.00 – 13.15 Avslutning
13.15 Lunsj og heimreise
Takk for denne gong
og velkomen tilbake neste år!
EIT GODT ARBEIDSMILJØ KJEM IKKJE AV SEG SJØLV, MEN GJENNOM SAMHANLDING MELLOM MENNESKE.
Arrangør:
Fagforbundet Møre og Romsdal
Geir Ole Kanestrøm
Olaug Andreassen
KS Møre og Romsdal
May-Ann Bruun
Anne-Karin Sjøli
Utdanningsforbundet Møre og Romsdal
Gerd Botn Brattli
Stein Ove Lianes
MÅLGRUPPE: • Ordførarar, politikarar
• Rådmenn, leiarar, personalansvarlege
• Arbeidsmiljøutval, IA-utval, bedriftshelseteneste
• Tillitsvalde, hovudverneombod, verneombod
• Utdanningsinstitusjonar
ARBEIDSMILJØPRISEN: : Arbeidsmiljøprisen vert delt ut kvart år, og er ei oppmuntring til ein kommune/fylkes­
kommune, offentleg eigd institusjon, arbeidsplass eller enkeltperson som har utmerka seg med å leggje til rette for
eit godt arbeidsmiljø. Alle tilsette i kommunane, fylkeskommunen, bedrifter tilslutta KS og offentleg eigde institusjonar
kan foreslå kandidatar til prisen.
INNLEIARAR
Geir Stenseth
May-Britt Flønes
Anne Marie Bergset
Astri Sjåvik
Line Hoem
Amal Aden
Eirik Newth
Arne Selvik
Gunnar Bendixen
Sunniva Rose
Politikar i Ålesund og varaordførar i nesten
to periodar, fylkespolitikar og styremedlem
i KS. Utanom politikken er Geir dagleg leiar
i Opplæringskontoret for Hotell, Restaurant- og Matfag i Møre og Romsdal.
Yrkesbakgrunn er lærar i grunnskulen. Anne
Marie har vore fylkesstyremedlem sidan
oppstarten av Utdanningsforbundet.
Bakgrunn som varaordførar og ­funger­ande
ordførar i Kristiansund. Line har vore politisk
engasjert i store delar av livet, både som
heiltidspolitikar og som ungdomsleiar i
fagbevegelsen.
Astrofysikar, forfattar og formidlar av
vitskap, teknologi og framtidstenking.
Eirik er av «Apollo-generasjonen»; fascinert
av verdsrommet og romfart og overtydd
om at framtida ville bli fantastisk. Viktig å
forstå drivkreftene og megatrendane som
formar vår tid, og framtid. Teknonerden
som ikkje brukar tekniske hjelpemiddel
utan at han må, og det er svært sjeldan.
Utdanna sosiolog og er i dag region­
direktør i KS i Midt-Norge. Gunnar har
òg arbeidd i KS Konsulent AS med leiarutviklingsprogram for norske kommunar
samt vore medforfattar av fagboka «Ledelse
– å lede mennesker, dynamiske krefter i
organisasjoner».
Bakgrunnsfoto: Ivan Holmedal - www.holmedalfoto.net
Ergoterapeut med vidareutdanning i
arbeids­helse, organisasjon og endring
og relasjons­leiing. May-Britt er genuint
interessert i korleis vi kan skape gode og
lønsame arbeidsplas­sar, som gir folk moglegheiter til vekst og utvikling i kvardagen.
Arbeider med kompetanseplanlegging og
kartlegging av rekrutteringsbehov i Kristiansund kommune. Ho er ansvarleg for
introduksjonsprogram for nye medarbeidarar og leiarutviklingsprogram, og jobbar
med heiltidsproblematikk.
Forfattar og aktiv samfunnsdebattant. Ho
er oppteken av likestilling, integrering,
ytringsfridom og det fleirkulturelle Norge.
Amal er tildelt fleire prisar for sitt samfunns­
engasjement på dette området; Zolaprisen
2010, Amnestyprisen 2012 og Erik Bye sin
minnepris 2014.
Arne omtalar seg sjølv som «fleksjonist»
og fagbokforfattar. Utdanna siviløkonom
og sosiolog og har erfaring frå forsking,
leiarutvikling og styrerådgiving. Arne har
skrive fleire vitskaplege bøker om leiing,
m.a. «Omgitt av løgnere», «Styreverden»
og «Ledelse på hjernen».
Doktorgradsstipendiat i kjernefysikk ved
UiO. Ho forskar på thorium som brensel i
kjernekraftverk, og korleis dette potensielt
kan redusere radioaktivt avfall. Sunniva
passar ikkje inn i nokon bås og har difor
laga sin eigen, der ho snakkar om kjernekraft, forsking og fordommar. Ho omtalar
seg sjølv som «rosanerd» og er forskaren
med rosa lipgloss og 13 cm høge hælar.