Høyringsnotat - Vågå kommune

Høyringsnotat- forslag til kommunal forskrift om tildeling av langtidsopphald i
sjukeheim, vurderingsmoment og vurderingslister m.m
Vågå kommune legg med dette forslag til kommunal forskrift om tildeling av langtidsopphald i
sjukeheim til offentleg høyring.
Stortinget har vedteke lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt
tilrettelagt for heildøgns tenester. Syner til Stortingets behandling av Prop. 99 L (2015-2016) og
vedtak av 17.06.16 om endringar i pasient- og brukarrettigheitslova og helse- og omsorgstenestelova.
Syner til vedlagte brev frå Helse- og omsorgsdepartementet datert 26.06.16 der det blir orientert om
lovendringane.
Utkast til forskrift er sendt til offentleg høyring og det er sett frist for høyringssvar til den
18.04.17.
Plan for behandling av forskrifta er slik:
- Rådet for eldre og funksjonshemma 23.03.17
- Høyringsfrist 18.04.17
- Behandling i Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg 15.05.17
- Forskriftsvedtak- Behandling i Kommunestyret juni 2017
- Kunngjering i Norsk Lovtidend innan 01.07.17
Regjeringa vil innføre nasjonale kriterie for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande
bustad. Inntil nasjonale kriterier er på plass er kommunane ved ovannemnte lovendring plikta til å
utarbeide kommunal forskrift for tildeling av langtidsopphald, om ventelistar og oppfølging av
personar som står på venteliste.
Forskrifta gjeld langtidsopphald i sjukeheim, da Vågå kommune ikkje har «tilsvarande bustad særskilt
tilrettelagt for heildøgns tenester» etter lovgivars intensjon. Vågå kommune har omsorgsbustad med
heildøgnstilsyn, men desse bustadane er primært retta mot funksjonshemma personar og fell såleis
utanfor denne lovendringa der «regelforslaget i hovudsak skal være innretta mot eldre pasienter og
brukere», jfr. Prop. 99 L (2015-2016).
I forslaget til lokal forskrift er omgrepet «kriterier» som er nytta i lovteksten bytt ut med
«vurderingsmoment». Bakgrunnen for dette er at det bare i svært sjeldne tilfelle vil være mogleg å
sette objektive kriterie som er avgjerande om ein person får opphald i institusjon eller ikkje. Kva for
bu- eller tenestetilbod som den enkelte får tilbod om, vil alltid være basert på ei faglig forsvarlig og
skjønnsmessig heilheitsvurdering.
Personar som ikkje har eit umiddelbart behov for opphald i sjukeheim, men som vil være best tent med
dette vil bli sett på ei vurderingsliste. Vågå kommune vel å nytte eit anna begrep enn i lovteksten, da vi
meiner at «vurderingsliste» er meir dekkande for systemet slik det er tenkt. Det er ikkje ei venteliste i
klassisk forstand, der den som er øvst på lista får tildelt neste ledige plass. Det er til ei kvar tid den
med størst behov som får tildelt den ledige plassen, uavhengig av «plassering» på lista.
Vågå kommune
Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå
Servicetorget: (+47) 61 29 36 00 - Faks: (+47) 61 29 36 01 - E-post: [email protected]
På bakgrunn av innkomne høyringssvar vil det blir vurdert endringar i vedlagte forslag til forskrift.
Høyringssvar vil bli samla i eit høyringsdokument som vil bli vedlagt saksframlegg til behandling i
Kommunestyret.
Høyringssvar sendast [email protected] innan 18.04.17.