Les meir om kurstilbodet her

Opplæringsmagasin
Sogn Næring tilbyr kurs til tilsette i service- og handel som fokuserer på
arbeidskvardagen. Saman med Folkeuniversitetet Vestlandet har vi utvikla kurs
som vi er entusiastiske over å kunne tilby.
Dette er kurs som er finansiert av offentlege midlar og som fokuserer på
arbeidskvardagen vår og dei ulike utfordringar vi møter i løpet av ein innhaldsrik
og spennande kvardag.
”Vi er entusiastisk og gler oss over at vi har fått denne
unike moglegheita til å tilby desse kursa i 2014”
- seier daglig leiar i Sogn Næring, Per-Odd Grevsnes.
I dette magasinet finn du informasjon om dei ulike kursa. Du kan sjølv velje kva
kurs du ønskjer å gå på og om du vil gå på meir enn eitt.
Felles for alle kursa er at dei blir gjennomført med éi samling i veka. Kursa på
dagtid går frå kl. 09.30 - 13.00, og ettermiddagskursa går frå kl. 17.30 - 21.00.
Det er særleg rundt gjennomføring av kursa vi ser det store potensialet. I staden
for å sitje på ein skulebenk, vert du invitert til å være med i eit kompetansemiljø
som bidreg til å løfte Sogn! I løpet av april og mai vil Folkeuniversitetet besøke
dei fleste innanfor service- og handel i Sogndal for å informere om dette unike
tilbodet.
Ta vel i mot dei!
Datakurs
Sogn Næring tilbyr no datakurs som er tilpassa for nybyrjarar og
den meir erfarne databrukar.
Kursinnhald for nybyrjarar:
Kursinnhald for vidarekomne:
Datamaskinens oppbygging
Grunnleggjande opplæring i Windows
Internet Explorer
Antivirus og Brannmur
Sosiale Media og nettsamfunn
Nettvett - bli ein sikker digital borgar
E-post og behandling av vedlegg
Bilethandsaming
Skriveteknikkar og ergonomi
Oppsett av brev og dokument
Sikker lagring av dine data
Nettvett - ein sikker digital borgar
Sikker lagring av dine data
Skriveteknikkar og ergonomi
Microsoft Excel
Budsjett og rekneskap
Diagram og rapportar
Tabellar
Presentasjonsverkty og teknikk
KURS 1 Nybyrjarkurs i data
30 timar Måndag
KURS 2 Datakurs for viderekomne
30 timar Tysdag
1730-2100
Campus
1730 - 2100
Campus
28. april
29.april
PÅMELDING:
Send kodeord SOGNKURS etterfølgd av talet 1 eller 2 med ditt namn og postadresse til 912 45 736
eller fyll ut påmeldingsskjema på baksida av dette magasinet.
Salskurs
Vi inviterer deg til å bli med i eit forum der dine røynsler og
synspunkt vil vere med på å styrke vår felles posisjon som den
beste opplevinga for handel i Sogn.
Kompetanseheving sal
Salsfaget
Korleis forstå kundens behov?
Moglegheiter i salssituasjonen
Butikken si oppbygging
Korleis betre salseffekten?
Kampanjeplanlegging
Bruk av digitale verkty til
- kampanjeplanlegging
- budsjettoppsett
- rapportar
Den digitale kunden i butikken
Arbeide i store tekst i store
formatar med plakat
Forretningsplanen
Dei ulike salsmiljøa
Dokumentasjon og kvalitet
Planlegging av sal
Utøving av sal
Dette er en del av fagopplæringa i salsfaget,
fagbrevutdanning for deg som
jobbar i butikk. Etter kurset kan
du melde deg på
eksamensførebuande kurs for
praksiskandidatar i
salsfaget.
KURS 3 Kompetanseheving Sal
50 timer Måndag
28. april
1730 - 2100
Amfi Sogningen
KURS 4 Salsfaget
80 timer Tysdag
29.april
1730-2100
Campus
PÅMELDING:
Send kodeord SOGNKURS etterfølgd av talet 3, 4 eller 5 med ditt namn og postadresse til 912 45 736
eller fyll ut påmeldingsskjemaet på baksida av denne brosjyren.
Kvardagsmatematikk
Enten du arbeider med tilbod til kundar eller har ønskje om
eit enkelt system som gjer kvardagen i butikken enklare, har vi
no kurset for deg.
Ønskjer du å lære korleis du kan setje opp budsjett og ta ut rapportar, så vil kurset i
Excel rekneark vere nyttig for deg. Her skal vi blant anna sjå på korleis vi lagar eit
familiebudsjett med meir.
Excel for butikksjefar fokuserer på dei ulike utfordringane du møter i samband med
kampanjesal, uttak av rapportar og tabellar. I tillegg skal vi og sjå på meir avanserte
verkty. Dette er kunnskap som har verdi i høve til kampanjeplanlegging eller økonomistyring.
Ønskjer du eit kompetanseløft, som gjer deg betre rusta til å yte leksehjelp til dine
born eller for å friske opp i matematikkunnskapane? Kurset i kvardagsmatematikk er
eit av dei mest populære kursa som Folkeuniversitetet no tilbyr alle tilsette innan
handel- og service i Sogndal.
KURS 5 Microsoft Excel - rekneark
30 timer Onsdag
KURS 6 Excel for butikksjefar
30 timer Onsdag
KURS 7 Kvardagsmatematikk
50 timer Torsdag
8.mai
0930-1300
Campus
1730-2100
Campus
1730-2100
Amfi Sogningen
30. april
30. april
PÅMELDING:
Send kodeord SOGNKURS etterfølgd av talet 5, 6 eller 7 med ditt namn og postadresse til
912 45 736 eller fyll ut påmeldingsskjema på baksida av dette magasinet.
Kompetanseheving
Desse to kursa er vi utruleg stolte av å kunne tilby. Her skal vi sjå
nærare på ulike krav vi møter i arbeidslivet og kunnskapssamfunnet.
I tillegg tilbyr vi opplæring for deg som ønskjer å bli dagleg leiar eller
butikksjef.
Lese– og skrivekurset tek føre seg tema som dokumentasjon og kvalitet, helse, miljø og
tryggleik, ulike typar kommunikasjon med meir. Videre skal vi sjå på dei krav som vi møter
i arbeidslivet og i kunnskapssamfunn. I tillegg skal vi sjå nærare på studieteknikk, setningsoppbygging og ulike former for kommunikasjon, enten det er til det offentlege eller til
vener og kjente. Desse kursa er svært populære, så det gjeld å vere raskt ute med påmelding for å vere sikra plass. Vi gjennomfører eit kurs no i vår og eit til hausten. Ønskjer du å
bruke eiga datamaskin på kurset, er du velkomen til å gjere dette.
Kunne du tenkje deg ein jobb som dagleg leiar eller butikksjef? Kurset vi set opp tek føre
seg tema som arbeidsleiing, tilhøve mellom informasjon og kommunikasjon, system for
behandling av observasjonar, hendingar og avvik, planlegging, gjennomføring og oppfølging av møter. I tillegg vil du få ei innføring i korleis vi kan vere ein positiv pådrivar og korleis vi kan utøve rolla som dagleg leiar. Vi skal og sjå på korleis ein skriv notat, utformar
ulike typar brev, referat og søknader. Innanfor økonomi får du ei innføring i dei viktigaste
omgrepa knytt til kostnadsteori og økonomisk analyse.
KURS 8 Kompetanseheving, Les og skriv
50 timar Torsdag
8.mai
1730 - 2100
Campus
KURS 9 Bli dageleg leiar eller butikksjef
50 timar Mandag
8. sept
1730 - 2100
Campus
PÅMELDING:
Send kodeord SOGNKURS etterfølgd av talet 8 eller 9 med ditt namn og postadresse til
912 45 736 eller fyll ut påmeldingsskjemaet på baksida av dette magasinet.
WWW.FOLKEUNIVERSITETET.NO
PÅMELDINGSSKJEMA
Fyll ut skjemaet og legg det i postkassen i informasjonsskranken.
Namn________________________________________________________________________________
Adresse_______________________________________________________________________________
Postnr__________________________ Stad_________________________________________________
E-postadr______________________________________________________________________________
Mobil.tlf_____________________________________ Fødd____________________________________
Eg ønskjer å melde meg på kurs nr_________________________________________________________
(Du kan gjerne melde deg på fleire kurs)