Haustprogram 2016 Os familieKRIK

Haustprogram 2016 Os familieKRIK
Med sommaren i ryggen er det på tide å setje av nokre viktige datoar i haust:

KRIKweekend til Brandøy 26-28. august 2016. (2017: 8-10.sept., 2018: 31.aug.-2.sept.,
2019: 30.aug-1.sept., 2020: 28.-30.aug., 2021: 27.-29.aug.)

Søndagstreningar: Vi planleggjer vanlege søndagstreningar på Nore Neset Aktivitetshus i
Torvhålo og hallen frå kl 16.30 – 18.30 desse søndagane:
18. september
16. oktober
27. november og
11. desember.
Ta med: kaffimat til delebord, eigne fat og koppar og det ein ønskjer å drikke. Ta på
treningstøy, det vert aktivitetar for alle! Nye og «gamle» KRIKarar er velkommne!

KRIK Lady startar opp med styrketrening/tabata kvar onsdag frå 7. september til 7. desember
kl 20.30 og ca 1 time. Vi trenar i gymsalen på Nore Neset barneskule. Følg med på
facebookgruppa til Os familieKRIK – der vil det bli lagt ut melding dersom det ikkje blir
trening ein onsdag. Det blir ikkje trening i veke 41 når skulane har haustferie.

Fedre-overnatting – fedre og barn treng òg tid for seg sjølv… med overnatting og kjekke
aktivitetar frå fredag 4. november til laurdag 5. november etter frukost. (Aldersgrense for
barna: barneskulealder eller meir).

Kontingent: Vi betalar for leige av hall, og ønskjer også å ha oppgradert og kjekt utstyr.
Familiemedlemsskap kostar kr 300 per år. Dei som ønskjer å følgje vårt program betalar inn til
konto: 1202 91 56326. Ver venleg å merke innbetalinga med familienamn og kontingent 2016.
Det blir etter kvart mogleg å VIPPSe til oss, info om når dette er i orden blir lagt på
facebooksida vår.

Grasrotandel: du kan registrere Os familieKRIK som grasrotmottakar når du spelar i Norsk
Tipping – eller du kan tipse familie og vener om det same. Alle gode bidrag gjer at vi kan
halde kontingenten låg. Sjå www.norsk-tipping.no/grasrotandelen for meir informasjon om
framgangsmåte.

Følg gjerne med KRIK sentralt sine nettsider: www.krik.no.