fredag 23. oktober 2015 UTSIKT MOT STAVANGER: Frå toppen har du nesten 360 graders utsikt. 17 PLATEDEBUTANTAR: Kameratane Audun Schanche Veland (til venstre) og Olav Veland Th gav i september ut si første plate - «Om ikkje lenge». (Foto: Audhild Svela) Nært og nedpå Sandnes-duoen SkankeVelan med aner på Jørpeland har denne hausten gitt ut debutplata si «Om ikkje lenge». På plata syng Audun Schanche Kristoffersen og Olav Veland Thu om livet og kvardagen på ein nær og avslappa måte. FIN RUNDTUR: Turen til Sokkaknuten er lagt opp som ein fin rundtur som eg brukte mindre enn to timar på. Hadde eg hatt betre tid hadde eg nok blitt sitjande og nyta den fantastiske utsikta på toppen litt lenger. NEDTUREN: Turen ned går i bratt terreng. Hadde det vore veldig vått, hadde eg nok gått ned same veg som eg gjekk opp, for denne delen av rundturen blir nok våt og glatt når det har regna. LETT Å FINNA FRAM: Stien er godt tilrettelagt heile tida, både med skilt og anna merking. Mot slutten av turen går du ei stund på skogsveg. Elin Moen Karlsen [email protected] PLATEMELDING: Det lokale alibiet er faren til Kristoffersen som voks opp på Jørpeland og mange besøk til bestemor og bestefar i Ryfylkebyen. SkankeVelan starta opp i 2013, og har dei to siste åra spelt på Egersund visefestival. I 2014 gav Sandnes-duoen ut ein EP. Det siste året har SkankeVelan jobba med plata som kom ut i slutten av september. Tekstane og songane til SkankeVelan er herleg frie for pompøsitet. Sandnes-gutane skriv om livet og ulike situasjonar i kvardagen på ein nedpå og ja, kvardagsleg måte. På song nummer to på plata «Alt eg vil ha» er første verselinje «Det ligge ein børste på badet, så ikkje e min». Desse enkle orda får deg kjapt til å forstå kva denne songen kjem til å handla om - ny kjærleik. SkankeVelan skriv både tekstar og melodiar sjølv. Nokre gonger blir dessverre teksten litt utydeleg på grunn av instrument og litt vel avslappa uttale, og det opplever eg som litt frustrerande. Spesielt fordi teksten kjennest som viktig, noko som er naturleg i viselandskapet som SkankeVelan lever i. Songane til SkankeVelan har ein melankolsk undertone uavhengig av tekst og rytme. Denne melankolien gjev djupne, synest eg. Eg liker denne vare og såre undertonen. Nokre av songane verkar også å handla om sorg og død, at nokre er vekke og blir sakna. Dette gjeld spesielt «For seint», «Någen så ser» og «Koss eg blir då». Kristoffersen og Thu varierer på kven som syng og kven som korar på songane. For meg verkar det som om det er Kristoffersen som er den eigentlege vokalisten i duoen. Eg liker hans litt hese og luftige stemme, som gjev assosiasjonar til annan artist med Sandnes-bakgrunn, nemleg Thomas Dypdahl. Favorittane mine på «Om ikkje lenge» er «Pusta» og «Nagen». Førstnemnde har ei setning som seier «og den grunnen eg står på gjer kje grunn te å ha ro», og for meg handlar dette om at me alle glepp litt av og til. Av og til er det vanskeleg å få hovudet over vatnet og pusta. Av og til blir ansvaret for mykje. Nærleiken for nær. Men det er me ikkje aleine om. Det er det ei slags trøyst i. På «Nagen» er rytmen litt høgare, men det ligg likevel ein melankolsk tone under. Det handlar om å vera ærleg overfor den du elskar, og kor ubehageleg og samtidig frigjerande det kan kjennast. Trass i at dei fleste songane på debutplata til SkankeVelan er vare og nedpå, klarer duoen likevel å skapa spenning og dynamikk i dei. Det gjer dei med å variera på hovudvokal, intensitet, rytme og instrument. Dermed blir plata aldri kjedeleg. Det akustiske preget med gitar, piano og sparsommeleg banjo gjev også songane ei kjensle av noko ekte. Det er ei plate det fungerer både å ha litt i bakgrunnen og som ei plate du kan setja deg ned og lytta til. Fleire av melodiane set seg lett i hjernebarken, og du oppdagar plutseleg at du går og nynnar «Alt eg vil ha»-refrenget. Evie i kyrkja Elin Moen Karlsen [email protected] HAUSTIDYLL: Eikelidtjønn er nydeleg ikledd haustfargane. Her er det lagt til rette både for å eta nista og for bading i varmare årstider. Wikipedia fortel om den kristne songaren at ho var særleg aktiv på slutten av 1970-talet og inn i 1980åra. Evie slo gjennom som artist allereie som 14-åring. Debutalbumet hennar kom då ho var 16 år i 1974. Evie har vore med i dei store kampanjane til den amerikanske forkynnaren Billy Graham. I 2006 song Evie saman med australske Rebecca St. James, som Wikipedia omtaler som dei kristne sitt svar på Britney Spears. I 2005 blei Evie vald inn i Gospel Music Hall of Fame. Den norsk-amerikanske songaren har gitt ut songar og plater på både engelsk og svensk. Ho gifta seg nemleg med den svenske visesongaren Pelle Karlsson.
© Copyright 2024