Intervju - Jan-Magnus Bruheim

3/2-14
- Jan-Magnus Bruheim var ein særs modig mann
- Eg vart gripen av det djupe alvoret i mange av tekstane hans. Dei store orda. Tykkjer
Bruheim var ein særdeles modig mann. Sjølv om ein ikkje skal sjå på all dikting som
sjølvbiografisk, så trur eg det er mykje av han i alle dikta. Sånn sett skreiv han utruleg
utleverande, ærleg og modig, seier Sigrid Moldestad.
Ho har siste året sett tone til mange dikt av Jan-Magnus Bruheim. Dei ho er mest nøgd med
er med på den nye CD-en «Brevet til kjærleiken», som ho og bandet hennar no skal på turne
med. Det var Bruheim-nemnda som spurde Moldestad om ho kunne tonsette dikt av
Bruheim til 100-årsjubileet, og vart svært glade då ho takka ja til oppgåva.
- Det har vore både spennande, utfordrande og moro. Ei reise. Eg vart mest overraska over
dei mange fine barnedikta. Han må ha klart å behalde undringsevna si livet gjennom, seier
Moldestad.
- Kor godt kjende du til diktinga hans før du fekk dette oppdraget?
1
- Ikkje så mykje, viste det seg, for produksjonen var veldig stor og dei dikta eg kjende til var i
realiteten få samanlikna med mengda han etterlet seg. Men når det er sagt er namnet hans,
og det at han hadde budd i heimfylke mitt godt kjent for meg, så eg har kanskje trudd eg
visste meir enn eg faktisk gjorde. Sånn er det jo ofte.
Magekjensle og rytme
- Kva var vanskeleg?
- Eg må sei at eg til tider sat og las og las og ynskte at det skulle kome eit dikt der han hadde
fått eller funne dette “du –et» han så tydeleg lengta sånn etter. Og så var det vanskeleg å
plukke ut kva for dikt eg skulle bruke. Det var sjølvsagt den største utfordringa.
- Korleis arbeidde du med tekstane?
- Eg gjekk ganske systematisk til verks og jobba meg gjennom bok for bok, samling for
samling. I førstninga gjekk eg kun etter kva som greip meg. Magekjensla. Noko i rytmen,
noko eg kjende eg kunne synge og gjere om til mine ord. Sidan vart det å gå gjennom lista på
nytt og forsøke så smått å gjere musikk av dei. Lage melodiar og tenke uttrykk, kva som var
naudsynt for å bevare eller forsterke orda og bileta i dikta.
- Var det ei spesiell bok som trefte deg?
- Då eg kom over den vesle boka “Brevet til kjærleiken”, vart den på mange måtar eit slags
ankerpunkt i prosessen. Den boka har eg hatt med meg nesten overalt for å bli minna om
kva eg styra på med. Har ikkje med så mange dikt derifrå, men essensen frå dette
prosalyriske verket har vore mi påminning.
Kjenner att vemodet
Dikta som er med på CD-en «Brevet til kjærleiken» er: Å kjæraste (Bøn for henne), Du i meg,
Tri Roser, Tungt glir båten, Vegen, Brevet, Når vi møtest, Haustkveld ved havet, Den
annsame, Kva batar det? Støkk ikkje.
- Kvifor vart det desse dikta som kom med?
- Ei blanding av kva for dikt som til slutt fungerte som songar, kva for historier eg ville fortelje
og kva som gav både heilheit og variasjon. Eg har jo laga melodiar til fleire dikt enn dei som
fekk vere med heilt fram. Siste utvalget vart dei som tok best vare på både musikk og tekst.
- Kva er samnemnaren mellom Jan-Magnus Bruheim og Sigrid Moldestad? Er det
melankolien?
2
- Hehe… Ja, du kan så sei. Eg kjenner meg iallefall igjen i mykje av dette vemodet som ligg og
pustar kring annakvar linje hos Bruheim. Eg likar at han vågar å bruke dei store orda, snakke
om dei store tinga, og eg likar at han tek tak dei små detaljane. Og så likar eg hans
samfunnsbetraktande vidsyn.
Det er noko utruleg lengtande i orda hans. Lengten er noko vi alle kjenner oss att i og ei
drivkraft i alle sine liv, trur eg.
Trøyst i dikta
- Kva har Bruheim å seie oss i dag?
- Bruheim er god å lese fordi eg trur mange kjenner seg igjen i det han skriv. Det er noko
med at vi alle er “åleine” i oss sjølve. Bruheim beskriv mange av dei kjenslene godt syns eg.
Det er litt trøystande å lese dikta hans. Åleine mot verda kan vi vel alle kjenne oss iblant…
Elles er det jo so mykje å ta av, det fins dikt av alle slag, til alle tider og anledningar i diktinga
hans.
- Korleis vert det å dra på turne med «Brevet til kjærleiken»?
- Det skal bli så fint! No har eg vore så hemmeleg og intern med desse songane så lenge. Eg
gler meg til å dele både songar, historier og andre dikt med publikum. No skal songane leve
sine eigne liv, no er eg ferdig med dei på plate, no skal dei vekse seg sterke på konsertane.
Det er slik det fungerar. Så er eg spent på kva folk tykkjer sjølvsagt, og eg håpar eg klarar å
formidle både noko kjenslevart, leikande og nytt med Bruheim. Både for dei som kjenner
han frå før og nye lyttarar, seier Sigrid Moldestad.
Av Magni Øvrebotten
3