Fjuken - sider - Jan

22
- torsdag 20. februar 2014
kultur
www.fjuken.no
[email protected]
23
- torsdag 20. februar 2014
Tips oss!
Strålande jubileumskveld i Skjåk
Jan Magnus Bruheim 100 år
Systrene Alma Høgvoll (97) og Tora Mathilde Haugen (93) var æresgjester på fyrste rad, og fryda seg over den storslagne festforestillinga.Her saman med tantebarnet og programleiar Magnhild
Bruheim.
Ordførar Rolv Kristen Øygard avslutta kvelden med ein varm og
hjarteleg takk til alle medverkande. Her representert ved dei mest
langvegsfarande gjestane: Inge Eidsvåg, Hildegunn Solberg Nes, Ove
Eide og Sigrid Moldestad.
Sigrid Moldestad trollbatt alle i salen med vakker sang frå sin nye
CD «Brevet til kjærleiken».
I 2014 er det 100 år sidan forfattaren Jan Magnus
Bruheim (1914 – 1988) frå Skjåk vart fødd.
Jubileumsåret blir mellom anna markert med nyutgjeving av boka «Dikt i utval», ein diktarstig, ein cd
med tonesette dikt og fleire arrangement. Laurdag
15. februar vart sjølve 100-årsdagen feira med ei
svært vellykka festforestilling i Marlo grendehus i
Skjåk.
oppdrag frå Bruheim-nemnda
tonesett dikt av Jan Magnus
Bruheim i høve 100-års jubileet.
Jan Magnus Bruheim budde
fleire år i Moldestad sitt heimfylke Sogn og Fjordane, og ho
fortalte at det meste av denne
plata er spelt inn i det gamle
skulehuset han budde i, ved
Botnane i Bremanger. Etter lansering av plata på Det Norske
Teateret kvelden før, var festforestillinga i Skjåk innleiinga
på ein lengre lanseringsturne.
-Det er ei stor og spesiell oppleving for meg å stå på denne
scena her i Jan Magnus si eiga
heimbygd nå i kveld, sa
Moldestad, før ho og dei dyktige
musikarane i bandet hennar gav
fleire smakebitar frå den nye
plata. Sigrid Moldestad har ei
hjartevarm
formidlingsform
som får fram den inderlege meininga i Bruheim sine sterke tekster. Alt frå «Å kjæraste»,
«Brevet», den stillferdige og
vakre «Tungt glir båten», til den
melodiøse og folkemusikksvingande «Haustkveld ved
havet», der heile salen song
med på det fengjande refrenget,
og kvitterte med ståande, varm
og lang applaus! Dette er ei
melodiøs, vakker og velprodusert plate som vil glede mange i
tida framover! Og det er også all
grunn til å glede seg til at Sigrid
Moldestad og band kjem attende
for å ha konsert i Skjåk kyrkje 8.
august.
Av Steinar Angard
Eit festpynta grendehus var fylt
til siste plass då programleiaren
Magnhild Bruheim, brordotter
til forfattaren, kunne ynskje eit
entusiastisk og forventningsfullt
publikum av slekt og vener, bygdefolk frå heile Ottadalen og
mange tilreisande gjester frå
store delar av landet, velkomne
til denne historiske festkvelden.
Ekstra stas var det at systrene
Tora Mathilde Haugen (93) og
Alma Høgvoll (97) kunne vere
til stades.
På dagen 100 år
sidan bror og forfattar Jan
Magnus Bruheim vart fødd i
Skjåk.
Med Jan Magnus Bruheims sitt
eige dikt «Mine ord», sette programleiaren ord og stemning på
det som forfattaren sjølv truleg
ville ha ynskt som ramme rundt
denne markeringa – «Stille skulle mine ord vera. Så stille at du
kjende eit sinn røre seg og høyrde eit hjarta slå.»
Jubileumsnemnda – Bruheimnemnda - hadde lagt ned eit
omfattande, grundig og godt
arbeid, der vi i løpet av denne
festforestillinga fekk møte artistar og kulturelle innslag som ein
skal leite langt og lenge etter for
å kunne oppleve maken til.
Nyutgjeving av «Dikt i utval»
I samband med hundreårsjubileet er boka «Dikt i utval» nå
utgjeve på nytt. Boka er redigert
av forfattar Ove Eide, og er eit
sentralt og viktig bidrag i jubileumsåret for å gjere Bruheims
dikt meir tilgjengelege for nålevande og komande generasjonar.
CD-lansering
Eitt av høgdepunkta som det var
knytt store forventningar til, var
lanseringa av Sigrid Moldestad
sin nye CD «Brevet til kjærleiken». Denne allsidige og høgt
prisbelønte folkemusikaren med
mellom anna Spelemannspris
(2007), Folkelarmpris som årets
folkemusikar (2010), har på
Hildegunn Solberg Nes, ei
sprudlande vestlandsdame som
kjente forfattaren personleg, og
som har hatt stor interesse for
diktinga hans frå tidlege barneår, formidla fleire av Bruheim
sine dikt med gnistrande innleving og engasjement. Dikta
fekk ei djupare meining for
mange i hennar tolkning denne
kvelden.
Tidlegare
rektor
ved
Nansenskulen, Inge Eidsvåg,
trollbatt forsamlinga med sine
ord der han tok for seg Bruheim
i perspektivet «Frå skjåkvær til
verdensborgar». Han understreka Bruheims alltid sterke vilje til
å forsvare dei svake og stemmelause. Bruheim stod alltid på dei
svake si side.
Skjåk Songlag bidrog med stemningsfull og vakker sang.
-Eg vonar Jan Magnus sine
ord vil fortsetje å nå fram til oss
– også gjennom larmen i dag, sa
Eidsvåg, og avslutta med det han
såg som forfattaren sitt litterære
testament – diktet «Brevet».
Unge og dyktige elevar i
Karusellgruppa ved Skjåk kulturskule, framførte ein fin barnesang med tekst av Jan Magnus
Bruheim, før Rikard Skjelkvåle
spelte
springleiken
«Jan
Magnus» på fele. Ein leik som
Jan Magnus Bruheim skal ha
lært på Røros, og vidareformidla til spelemenn i Skjåk – der leiken også fekk nammet sitt.
Skjåk Songlag gav ei stemningsfull og vakker framføring av den
vare sangen «Av jord», og Synne
Stensgård Fjerdingren las det
Marlo grendehus var fylt til siste plass av eit entusiastisk og forventningsfullt publikum.
Synne Stensgård Fjerdingren las
barnediktet «Nypoteta» så det
gjekk eit sus gjennom salen.
muntre
barnediktet
om
«Nypoteta» så det gjekk eit sus
gjennom salen.
Ordførar Rolv Kristen Øygard
avslutta festkvelden med ein
varm og hjarteleg takk til alle
som hadde medverka til at dette
vart eit vellykka og minnerikt
høgdepunkt i jubileumsåret , og
overrekte spesialdesigna kopp
frå Skjåk med Bruheim-sitat til
gjestane Sigrid Moldestad med
band, Inge Eidsvåg, Hildegunn
Solberg Nes og Ove Eide. Han
retta ein særleg takk til programleiaren Magnhild Bruheim, og
Bruheim-nemnda for det arbeidet dei har nedlagt.
Bruheim var glad i folkemusikk
og dans. Rikard Skjelkvåle spelte
springleiken «Jan Magnus»
I dag skal oss dikte
Etter konserten var det kø for å sikre seg Sigrid Moldestad sin nye
CD. Ivar Scjølberg frå Vågå var ein av dei heldige, som også fekk ein
triveleg prat og personlig signatur frå kunstnaren med på kjøpet.
Jan Magnus Bruheim gav ut rundt 40 bøker. Her er det Nils Ulvund
frå Ålvundfjord, lærar og tidlegare nestleier i Noregs Mållag, som
studerer den flotte samling av Bruheim-bøker.
Mathias Øvsteng minnest Jan Magnus Bruheim med stor
glede. Og tida i 1957 da han som tredjeklassing hadde
Bruheim som lærar på Skogbygda skule i Vågå, sit som spikra i minnet.
Det var ei storhending å få ein diktar som lærar, fortel
Mathias. Han hadde langt hår og svart alpelue, og såg ut
akkurat slik vi meinte ein diktar skulle væra. Og han var
ein fantastisk pedagog som vi såg opp til, og vart utruleg
glad i. «I dag skal oss dikte», sa Bruheim når han starta
skuletimen. Og elevane satt som på nåler når han skreiv
opp tekstene sine med krit på tavla – og elevane fekk vera
med – å dikte! Seinare fann eg ut at det var tekstene frå
boka «Skrythøna og andre barnerim» han brukte. Boka
kom ut same året, og var nok sikkert allereie ferdig da, men
vi elevane var skråsikre på at vi var med han og dikta. Ein
pedagogisk genistrek i undervisninga, fortel Mathias . Jan
Magnus var glad i og ville at elevane skulle lære seg folkedans. Men han visste også at det var elevar som hadde
andre interesser. Dei fekk lov å teikne på tavla i staden.
Med fargekrit! Ein luksus som ikkje var daglegdags på
Skogbygda skule. Eg trur eg teikna mest på tavla, smiler
Mathias.
På våren tok han oss med oppi Raubekken og segla med
barkebåtar, og 17. mai spanderte han is på alle elevane. Jan
Magnus hugsa på elevane sine i Skogbygda også etter at
han slutta, og til jul 1958 kom det ei stor pakke til skulen.
I den var det mange kilo appelsin, og ei bok til kvar av elevane med personleg helsing frå Jan Magnus. Boka var
«Hornsmeden og andre barnerim», som nettopp var komen
ut. I brevet som fylgde med skreiv Jan Magnus mellom
anna: «Dykk er vel for store til ei slik bok nå, men eg tek
sjansen likevel». Eg har brevet liggjande enda – og gløymer det aldri, minnest Mathias Øvsteng. På biletet saman
med Magnhild Bruheim.