Utdanningsmessa for Sunnhordland

Utdanningsmessa
for Sunnhordland
Invitasjon til Utdanningsmessa for
Sunnhordland 2015.
Stord
Rotaryklubb
Sekreteriat:
Stord Idrettspark AS, Vikahaugane
Postboks 677, 5404 Stord
Telefon: 92813994
Org.nr. 993 542 105 - MVA
Bank, Spv: 3520.65.34298
e-post: [email protected]
Bremnes, 6. oktober 2014
De vert med dette invitert til den årlege Utdanningsmessa for Sunnhordland i regi av Stord
Rotaryklubb. Dette blir den 25. messa i rekkja og sidan dette blir ei jubileumsmesse, vil me
markere dette på ulik vis under messedagane.
Messa vert i Stord Idrettspark, Vikahaugane, Leirvik
onsdag 28. og torsdag 29. januar 2015.
Omlag 3.100 elevar og lærarar frå ungdomskular og dei vidaregåande skulane i
Sunnhordlandregionen vil delta på messa. Me reknar med om lag 4000 besøkjande på messa
desse 2 dagane. Elevane vert fordelt slik at me får eit jamt besøk begge dagane. I tillegg vert
det lagt opp til at foreldre/føresette, elevar og anna publikum kan vitja messa på
ettermiddag/kveldstid onsdagen. Det totale besøkstal for messa i 2014 var omlag 3900. Det
var 62 utstillarar, men me har plass til fleire.
Stord Rotaryklubb sitt mål med Utdanningsmessa er å gje elevar som skal søkje utdanning ein
god, variert og informativ orientering av ulike utdanningsvegar, fag og yrke slik at dei kan
gjere eit godt og framtidsretta utdannings-og yrkesval.
Utdanningsmessa for Sunnhordland er også ein særs viktig arena for dei som vil
marknadsføra seg overfor ungdommane i regionen. Me vonar derfor at utstillarane legg vekt
på god profilering og ein aktiv informasjonsflyt til elevane i messehallen.
Kvart år vert ”Beste stand” frå sist messe kåra og premiert under opninga.
Som arrangør av Utdanningsmessa legg Stord Rotaryklubb ned eit stort arbeid for å forbetre
den tekniske kvaliteten på arrangementet. Dette syner seg i dei gode tilbakemeldingane me får
i evalueringsskjema som utstillarane leverer oss. Kvart år får me også innspel til forbetringar
som me prøver å følgje opp.
Før messa får utstillarane tilsendt ei ”Utstillarmappe” der me vil orientere om gjennomføringa
av messa. Det vert også jobba med fleire tiltak som har som mål å få fleire foreldre/føresette
til å møta opp på messa onsdag ettermiddag.
Heimesida vår, www.utdanningsmessa.no vil frametter bli oppdatert etter kvart som
informasjon om messa blir klar. Her kan me også som tidlegare år, tilby marknadsføring av
verksemda Dykkar. (sjå vedlegg 2)
Opningstidene for messa vert:
Onsdag 28. januar
Torsdag 29. januar
kl. 09.00 - 14.00
kl 17.00 - 20.00 (merk tida, åpent for publikum)
kl. 09.00 - 14.00
Alle utstillarane må setja opp standen sine kvelden før, slik at alt er klart til opning dagen
etter. Det vil bli tilkomst i hallen for opprigging tirsdag 27. januar mellom kl.16.30 – 21.30.
Me ber om at De sender vedlagde påmeldingsskjema i retur til oss
innan fredag 14. november 2014.
Har De ynskje om plassering i messehallen og liknande, må fristen for påmelding til
Utdanningsmessa haldast, slik at me kan ta omsyn til dette når me starter arbeidet med
plassering av standane i messehallen straks etter fristen for påmeldinga.
Alle utstillarane får tilgång til trådlaust internett i messehallen.
Bruk eige påmeldingsskjema (vedlegg 1) og send påmelding til:
Utdanningsmessa for Sunnhordland 2014
v/Stord Idrettspark AS
Postboks 677
5404 Stord
eller e-post: [email protected]
Påmeldingsskjema finn ein også på nettsida vår.
Har De spørsmål, ber me Dykk om ta kontakt med sekretariatet eller underteikna.
Vedlegg:
1) Påmeldingsskjema til Utdanningsmessa.
2) Søknad om støtte/profilering
Velkommen til Utdanningsmessa for Sunnhordland 2015.
Med helsing
Robert Halleraker
Prosjektleiar Utdanningsmessa for Sunnhordland
Stavlandsneset 80
5430 Bremnes
e-post: [email protected]
mob. 412 11 275
STORD ROTARYKLUBB