REGLAR - DYRSKU`N 2016

REGLAR - DYRSKU’N 2016
Dyrsku’n Arrangement AS har vedteke følgjande reglar for utstillarane under DYRSKU’N 2016. Alle offentlege
lovar og reglar gjeld også for Dyrsku’n. Arrangøren vil vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige
søknader frå utstillarar, som ikkje følgjer desse reglane.
STAND
Ingen utstillar har krav på fast plass fleire år etter kvarandre, plassen er i stadig endring, noko som kan gje endringar i
plasseringa. Ingen utstillar kan ha større vogner enn det er plass til innanfor måla på standen, medrekna drag på
vogn/bardunar/betonglodd til telt. Utstillarar som sjølv monterer telt e.l., må syte for at desse er forsvarleg festa med
betonglodd e.l. Det er ikkje høve til framleige eller bytte av stand.
UTSTILLINGSPLASSEN
Plassen blir stilt til rådvelde frå måndag i utstillingsveka. Dersom plassen ikkje er teken i bruk innan fredag kl. 09.00, vil
den bli overlaten til andre. Salsplassane skal vere klare når marknaden opnar kl 09.00 kvar dag. Dei skal og halde ope fram til
marknaden stenger om kvelden. I hallane er det ikkje tillate å gjera faste installasjonar eller spikre i veggar. Montering av stand
må vera ferdig og all emballasje teken bort innan utstillinga opnar. Utstillarane skal ikkje avslutte salet eller ta ned
standen før utstillinga er slutt på sundag kl. 18. Tildelt standskilt skal hengast godt synleg opp på standen. ID-band skal
festast rundt armen ved innsjekk og sitte på under heile arrangementet.
VARETRANSPORT/ INN - OG UTKØYRING
På grunn av stor publikums-tilstrøyming, må varetransport skje om morgonen før kl. 10 eller på kvelden etter kl. 20 dei tre
Dyrskudagane. Dette gjeld for alle køyretøy, også ATV. Sundag kveld opnar portane for innkøyring til plassen kl. 18.30.
PARKERING
Parkering må berre skje på eigen salsplass om det er rom for det, eller på utstillarparkeringa utanfor gjerdet. Godkjent
parkeringsbevis må festas i frontruta. Ved ulovleg parkering vil borttauing skje for eigars rekning og utan varsel.
SØPPEL OG OPPRYDDING
Kvar salsplass har ansvar for søppel og orden på standen og fram til midt i vegen. Det skal vere ryddig til ei kvar tid under
Dyrsku’n. Det er kjeldesortering av papp. Ei veke etter utstillinga må alt gods vere fjerna frå utstillingsområdet. Om dette ikkje
er skjedd, blir den einskilde utstillar belasta for utgifter med å rydde plassen.
BRANNSLOKKINGSAPPARAT
Alle salsplassar skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat. Kontroll vil bli gjennomført.
SKADE/FORSIKRING
Utstillarane er sjølve ansvarlege for skader dei sjølve, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og
personar. Utstillarane må sjølve ordne med all forsikring. Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige,
avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force
majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap. Dei som har særskilte behov for straum, bør ha dette i
beredskap i tilfelle straumbrott.
Utstillarane har sjølv plikt til å følgje gjeldande lovar og reglar for sal, jfr m.a. brukthandlarlova og lov om meirverdiavgift.
NÆRINGSMIDDEL OG MAT FOR KONSUM
Alle som sel næringsmiddel må vere registrera hos Mattilsynet.
a.
Arrangøren har inngått avtale om sal av serveringsmat på plassen. Det er ikkje tillate å selje serveringsmat utan avtale.
b.
Sal av sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l er ikkje tillate utan avtale
c.
Utstillarar i lokalmatteltet/matkvartalet blir inndela i to grupper; dei som sel serveringsmat (16% provisjon) og dei som
sel mat/matprodukt til å ta med seg heim (fast pris) – jfr eigne kriterier.
ANDRE VARER
a.
Ved sal av elektriske artiklar må Samsvarserklæring for El-produkt vere med på utstillinga.
b.
Plakatar og annan reklame kan ikkje setjast opp eller distribuerast utanom eigen stand
c.
Ulovlege varer: Sal av softgun, fjær/luftvåpen, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar o.l. er ikkje tillate. Ved påvist
sal av ulovlege varer, vil utstillar bli bortvist frå marknadsplassen og utestengd frå neste års arrangement
d.
Loddsal. Seljar må sjølv ordne med løyve frå politiet.
e.
Ambulerande sal er ikkje tillate.
STEMMEFORSTERKARAR / LYDANLEGG
Bruk av stemmeforsterkar/lydanlegg er kun tillate på låg styrke. Ta omsyn til dine naboar!
BETALING/FRISTAR
Standleige skal vere betalt før ein tek i bruk standplassen på Dyrsku’n.
Om plassen vert avbestilt før 15. august, vil standleige bli refundera. Om plassen vert avbestilt før 1.september, vil ein få att 50%
av standleiga. Om utstillar ikkje møter opp på marknaden eller ikkje gjer beskjed innan 1. september, må standleiga betalast i sin
heilhet. Vi sett krav om gyldig avmeldingsårsak som t.d sjukemelding e.l. om standleige skal refunderast.
Påmeldingsavgifta er eit administrasjonsgebyr som ikkje vert tilbakebetalt sjølv om ein ikkje får plass.