Jakta på den verdifulle kva

4
KVINNHERINGEN TYSDAG 26. JULI 2011
Jakta på den verdifulle kva
Kvinnheringen
fekk vera med i
felten då to
geologistudentar
leita etter kvarts
i Kvinnherad.
I januar skreiv Kvinnheringen
om
gruveselskapet
Nordic
Mining i Oslo som har inngått
avtale med grunneigar om einerett til undersøkingar og drift av
ein kvartsførekomst på Nesodden
forbi Årsnes. Kvartsåra som er
funnen er interessant fordi det er
tale om såkalla høgrein kvarts, eit
svært etterspurd mineral som blir
brukt i produksjon av høgverdige
produkt i til dømes elektronikkog solcelleindustrien.
Førre veke dreiv to geologistudentar feltarbeid i området på
oppdrag frå Nordic Mining.
Spennande yrke
Vi møter Kristian Drivenes (28)
frå Tørvikbygd og Steinar
Kleppe (23) frå Florø ein tidleg
morgon ved Rosendal Camping
og Hyttetun der dei har basen sin.
Over alt i hytta ligg plastposar
med mineralprøvar dei har teke ut
frå kvartsåra i naturen, og som
dei har merka og lagt i forsegla
plastposar. Desse skal dei ta med
seg tilbake for analysar.
Men kva gjer eigentleg ein
geolog, bortsett frå å samla på
stein?
– Geologi er kort fortalt vitskapen
om
grunnen
og
jordskorpa, om berg- og
jordartar. Som geolog forskar du
på korleis mineral og førekomstar av bergartar blir danna
og korleis dei opptrer i naturen,
forklarar Kristian og Steinar.
Begge fortel at dei byrja på
geologistudiet heilt tilfeldig, men
er glade for det no.
Feltleiar Kristian er byrja på
doktorgraden sin i geologi ved
NTNU, medan Steinar, som er
assistenten hans i felten, skal
byrja på mastergraden sin ved
Universitetet i Oslo til hausten.
– Eg kunne ikkje tenkt meg å
studera noko anna. Å få vera i
felten er det mest spennande
med jobben, spesielt når du likar
friluftsliv. Du kan sjølvsagt vera
geolog og sitja på kontor også,
men det er jo dette det eigentleg
handlar om, å få vera ute i
naturen, smiler Steinar engasjert.
– Som geolog kan du jobba
med mange ulike ting, alt frå
oljeindustrien til geologi på
kommunalt nivå, fortel Kristian.
Utfordringar i terrenget
Etter ein kopp kaffi pakkar dei
sekkene sine med naudsynt
utstyr, før vi byrjar på turen
oppover i terrenget.
Denne dagen regnar det
mykje, og skogen er både våt og
gjørmete. Kristian og Steinar
sprett lett som fjellgeiter oppover
det bratte henget, medan underteikna pustar tungt og konsentrerer seg for ikkje å snubla i røter
og lyng. Det blir etter kvart tydeleg at jobben krev ein viss kondi-
sjon, i tillegg til kunnskap om
kart og kompass for i det heile å
finna fram til kvartsåra i eit
område du aldri har vore før.
– Kvar dag denne veka har vi
gått mellom fem og sju kilometer
og over 1.000 høgdemeter. Det
blir ein del klatring, kvartsåra
følgjer gjerne bratt oppover terrenget. Vi har måtta prøva oss
fram etter kvart for å finna stiar
eller dyretrakk å følgja, fortel
Kristian.
Etter ei stund nærmar vi oss ei
elv. Dei to stoppar opp og klør
seg i hovudet.
– Denne fossen var berre ein
liten bekk i går. Vatnet fossar rett
over delar av kvartsåra, så det
kan bli ei lita utfordring. Vi la
igjen sleggja og grafsa ved
bekken – eg håpar dei ligg der
framleis, seier Steinar.
Men ingen utfordringar er for
store, og etter å ha laga ein provisorisk veg av steinar, kjem vi
KVINNHERINGEN TYSDAG 26. JULI 2011
5
1) ELV: Vêret kan vera ei utfordring når ein er på feltarbeid i
naturen.
Geologistudentane
Kristian Drivenes (t.v.) og Steinar
Kleppe ser på elva som dagen før
berre var ein liten bekk.
2) ÅRE: Kvartsåra som geologistudentane kartlegg på oppdrag
for Nordic Mining er om lag 5–
600 meter brei og 12 meter lang.
3) PRØVE: Steinar Kleppe har
hakka laus ein prøve av kvartsen
som han skal ta med tilbake for
analysar.
1
artsen
oss over elva alle tre. Nokre av
oss meir våte på beina enn andre.
Kvarts i lange banar
Snart ser vi den kvite kvartsen
dukka opp fleire og fleire plassar
i bakken langs kvartsåra, som totalt er rundt 5–600 meter lang og
12 meter brei. Steinar og Kristian
spreier seg rundt i skogen, klatrar
og hoppar frå såpeglatte berg til
våte tuer for å finna stader der
kvartsen ser rein ut. Ein annan
faktor som kanskje påverkar tempoet til dei to studentane er den
store mengda innpåslitne knott
som heile tida svermar rundt oss.
– No kosar knotten seg, sukkar
Kristian oppgjeven og veiftar
febrilsk med hendene.
– Ja, for dei er det visst jul og
bursdag på ein gong! Eg trur eg
svelgde ein god munnfull i stad.
Det biologiske mangfaldet her er
det heller ingenting å seia på, ler
Steinar, før han forsvinn lengre
4) I FELTEN: Geologistudentane
Steinar Kleppe (t.v.) og Kristian
Drivenes er på feltarbeid på
Nesodden i Kvinnherad for å kartleggja kvartsførekomsten for
gruveselskapet Nordic Mining.
2
inn i skogen. Kristian peikar på
eit belte av berg som stikk opp av
mosen.
– Her ser du at kvartsen er
blanda med gneis og ikkje er så
veldig rein. Men likevel kan vi
ikkje sjå med det blotte auga kor
rein kvartsen er, den må analyserast for å finna ut kjemien og
kva den inneheld.
Steinar brukar grafsa til å grava
vekk vegetasjon for å finna ut kor
kvartsgangen går. Når dei har lokalisert interessante kvartsførekomstar, brukar dei GPS til å
plotta inn koordinatane og noterer
informasjon i ei notatblokk. Koordinatane skal seinare setjast inn i
eit kartprogram slik at ein kan få
eit kart over kvartsførekomsten.
– Med arbeidet vi gjer no kan
Nordic Mining laga ressursestimatar for kor store mengder kvarts
dei kan vinna ut her, og kva den kan
brukast til. Dette er overflatekartlegging, og seinare må dei bora for
3
4
å finna ut kor djupt ned i grunnen
kvartsen går, seier Kristian.
Steinar finn ein eigna stad med
kvarts.
– Kvartsen er ein veldig hard
bergart, og det er vanskeleg å vita
korleis den vil dela seg. Vi må
finna knausar som er enkle å hakka
bitar av, forklarar Kristian, medan
Steinar slår laus på bergveggen.
Ein bit losnar, og han markerer den
med tusj før han legg mineralprøven i ein merka plastpose.
– Det blir etter kvart mange
kilo med slike mineralprøvar å
bera med ned til hytta igjen,
blunkar Steinar.
Snart skal dei gjera seg ferdige
i felten og ta med seg funna til
Nordic Mining. Så blir det
spennande å sjå kva som skjer
vidare med det kvite gullet frå
Kvinnherad.
Mona Grønningen
[email protected]