ARBEIDSPLAN 10

1
ARBEIDSPLAN 7. KLASSE.
TEMA: C –6.b VEKE: 21 og 22 (24/5 – 4/6)
Temanamn: Europa frå Mellomalder til 1750
YMSE:
Gåvekontonummeret til skulen: 3347.20.47235
Skulen si web-adresse:http://www.minskole.no/sjernaroy
Fridag: Måndag 24. mai
Aktivitetsdag:
Mai
Ma Ti On To Fr Lø Sø
17
18
Kulturell skulesekk;
Indiske musikktradisjonar:
Onsdag 2. juni
19
20
21
22
3
10
17
24
31
1 2
4 5 6 7 8 9
11 12 13 14 15 16
18 19 20 21 22 23
25 26 27 28 29 30
Juni
Ma Ti On To Fr Lø Sø
22
23
7
24 14
25 21
26 28
1 2 3
8 9 10
15 16 17
22 23 24
29 30
4
11
18
25
5 6
12 13
19 20
26 27
NB! Arnfin har fri f.o.m. måndag 25. t.o.m. måndag 31. mai. Jobb godt og stell fint med
vikarane!!
PRØVER OG INNLEVERINGAR:
Engelsk: Pass på at du blir ferdig med engelsk forteljing!!
2
Norsk:
Veke 21: Korleis me enn snur og vender på det, går tre norsktimar vekk denne veka. To på
måndag (2. pinsedag) og ein den dagen det blir aktivitetsdag. Derfor kan me ikkje ha så mykje
på planen!
Læringsmål denne veka:
- vita og kunna forklara kva subjekt, verbal, objekt og preposisjonsledd er og visa dette
gjennom enkel setningsanalyse
- kunna forklara kva som meinast med ytring, setning og setningsemne
- meir øving i rettskriving – samansette ord
- meir øving i leseforståing
- meir øving i høgtlesing
Få norsktimar denne veka – derfor etter måten lite på planen.
Dette skal alle gjera:
Grammatikk: Me brukar svart Soria Moria bok i arbeidet!
Setningsemne og fullstendige setningar :
* les kudagboka du finn på sidene 72 og 73
- gjer så oppgåve 32 på side 75
- forklar kva som meinast med ytring, setning og setningsemne
- gjer så oppgv 33 på side 75
Skriveverkstad: Vel ei av desse overskriftene:
* Den hemmelege øya
* Skattekartet
* Innbrotet
NB! Det kan henda at det blir for lita tid til å bli ferdig med denne forteljinga i veke 21, så
det er greitt om du gjer dette arbeidet heilt ferdig i veke 22
Leseforståing 1: Finn fram heftet Kva las du no. Gjer stykke 49 (Det svarte gullet) på side
149. Gjer oppgåvene du blir beden om å gjera undervegs.
Leseforståing 2: Finn fram heftet Snute. Gjer side 56 og 57 (Eit jordskjelv).
Rettskriving: Finn fram Vekeord C. Gjer stykke 17 Samansette ord resten av oppgåvene på
side 37 (frå og med oppgåve E)
Ekstra: Les i boka di
3
Norsk:
Veke 22:
.
Læringsmål denne veka:
- kunna gjera greie for – forklara om teksttypane skjønnlitteratur og sakprosa
- kunna beskriva – forklara om kjenneteikn på ulike sjangrar som dikt, brev, intervju,
bruksrettleiing, skodespel, eventyr og fakta
- meir øving i rettskriving – framandord med c
- meir øving i leseforståing
- meir øving i å skriva tydeleg og samanhengande skrift
- meir øving i høgtlesing
Språk og kommunikasjon: Les tekstane du finn på side 5, 6 og 7 i Svart Soria Moria bok.
Gjer så oppgåve 1 ab på side 7. Etterpå gjer du oppgåve 2 på side 8
Skriveverkstad: Gjer ferdig dette arbeidet som du rimelegvis starta opp med sist veke:
Vel ei av desse overskriftene:
* Den hemmelege øya
* Skattekartet
* Innbrotet
Leseforståing 1: Finn fram heftet Kva las du no. Gjer stykke 50 (Oljeprodukt) på sidene
149 og 150 og stykke 51 (Korleis olja vart til) på sidene 151 og 152. Gjer oppgåvene du blir
beden om å gjera undervegs.
Leseforståing 2: Finn fram heftet Snute. Gjer side 58 (Kryssord).
Rettskriving: Finn fram Vekeord C. Gjer stykke 18 Framandord med c side 38 + oppgåve F
på side 39
Finskriving: Skriv diktet ”Voggesong for reinkalven” på side 142 (to vers) i Kvit Soria
Moria bok så fint du berre kan. Lag ein eller fleire illustrasjonar til diktet.
Lesing: Les resten av stykket ”Kremmerhuset” sidene 96, 97 og 98 i Kvit Soria Moria bok.
Høgtlesing: Les høgt for meg frå dette stykket på torsdag i denne veka. Stykket er på bokmål,
så du bør øva ekstra godt
Ekstra: Les i boka di
4
Matte:
Ta godt vare på matteplanen – spør etter ny om du ikkje finn han. Jobbar du skikkeleg godt,
greier du fint å følgja han.
Studer grundig stoffet som står i grå felt, studer grundig oppsummeringa etter kvart kapittel.
Skriv i regelboka di ting du vil læra ekstra godt og hugsa ekstra godt på!
Du får plan av Terje – jobb godt!!
NB: Hugs å skriva i regelboka di!!
5
RLE:
Me jobbar vidare med Kap 7: Frå historia til kristendommen s. 134 ff. Dette er eit stort
emne, så me må nok bruka ein del veker før me kan seia oss ferdige med dette stoffet.
Veke 21:
Veka er etter måten kort, to dagar går vekk – derfor heller lite på planen.
Læringsmål denne veka:
- finna ut av og kunna fortelja ein del om nye oppdagingar på 1500-talet (du må få med om
vitskapsmennene Copernicus, Galilei og Newton)
- finna ut av og kunna fortelja om kva som kunne henda med folk som meinte noko anna enn
det kyrkja meinte
- finna ut av og kunna forklara litt om hekser og trollmenn
For å nå læringsmåla desse vekene, kan du gjera slik:
* Les stykket Den nye tida på sidene 165 – 166
- nytt arbeidsboka di og ta for deg læringsmåla ovanfor
Ekstra : Finn meir stoff om ein eller fleire av vitskapsmennene nemnde i læringsmåla på nettet
Isac Newton (illustrativt måleri)
6
RLE:
Me gjer oss ferdig med Kap 7: Frå historia til kristendommen s. 134 ff.
Veke 22:
Læringsmål denne veka:
- finna ut av og kunna gjera skikkeleg greie for hekseprosessar og andre forfølgingar både
ved hjelp av tekst og illustrasjonar
For å nå læringsmåla desse vekene, kan du gjera slik:
* Les om Hekseprosessane på sidene 166 – 168
- fortel og teikne til stoffet her
- kva andre forfølgingar er nemnde i denne teksten
Ekstra : Finn meir stoff om hekseprosessane på nettet. Du bør rimelegvis bruka bokmål i
søkjefeltet – altså: hekseprosessene
Heksebrenning (måleri)
7
Engelsk: Me jobbar vidare med emne; Unit 7: Great adventures p 140 ff
Veke 21:
Monday: No English today – you have the day off!!
Tuesday: Du skal jobba med ei engelsk forteljing. Du får eit ark med ein biletserie på som du
skal nytta til å lage ei forteljing – på engelsk så klart!!
Friday: Jobba vidare med forteljinga di og kanskje starta opp med ein ny!
Dette skal du gjera: Kort og godt jobba med engelsk forteljing både på tysdag og fredag!!
Homework: No homework this week, but your story must be finished during Friday, so…..!!
Veke 22:
I løpet av dei tre engelsktimane me har denne veka skal du lesa gjennom stykket ”Cecilie
Skog” p 152 – 155. Du må nytta deg av glosene bak i boka, slik at du skjøner teksten. I tillegg
skal du både til tysdag og fredag velja deg ut ein bit frå teksten som du skal ha som leselekse
og lesa for meg. Det blir ikkje gloseprøver
Dette skal du gjera: Work Book: Alle oppgåvene på p 164 and 165
Homework:
Tuesday 1/6: Vel deg ut ein bit av teksten om Cecilie Skog som du les for meg
Friday 4/6: Vel deg ut ein bit av teksten om Cecilie Skog som du les for meg
Cecilie Skog – ei skikkeleg tøff dame – inga pingle
8
Natur & Miljø:
Me går i gang med nytt emne; Kap 6: Elektriske krinsar s 90.
I heile dette emnet skal du m.a. læra om:
- kva ein straumkrins er
- kva ein straumleiar er
- kva som er gode straumleiarar
- kva ein isolator er
- korleis ei lyspære oppbygd
- korleis ein brytar verkar (og kunna laga ein enkel brytar)
- kva seriekopling er og korleis han verkar
- korleis ein elektromagnet verkar (og kunna laga ein enkel
elektromagnet)
- kva parallellkopling er og korleis han verkar
- forstå og teikna enkle koplingsskjema
Veke 21 og 22:
Læringsmål desse vekene:
- finna ut av og kunna forklara kva ein straumleiar er
- finna ut av og kunna nemna ein del gode straumleiarar
- finna ut av og kunna forklara kva ein isolator er
- kunna teikne ei enkel lyspære og forklara korleis ho verkar – kvifor ho lyser
- finna ut av og kunna forklara kva ein straumkrins er
Alle skal gjera dette:
For å nå læringsmåla denne veka, kan du gjera slik:
* Studer teksten og illustrasjonane på s 90 + 91
- kan du finna ut svara på spørsmåla i teksten på s 91. Kontroller så ved hjelp av eige forsøk
(batteri, pære og leidningar)
* Les teksten på side 92 og 93
- finn ut kva ein straumleiar er
- nemn nokre gode straumleiarar
- kva er ein isolator
- teikne og forklar om lyspæra
- teikne figuren nedst på s 93 og forklar kva ein straumkrins er
NB! Prøv deg fram med batteri og pære på dei ulike koplingane du ser på sidene du skal lesa!!
Ekstra : Les litt om strøm og strømkrets på nettet. (Har brukt bokmålsord her – det er nok dei
du bør bruka når du søkjer på nettet)
9
Samfunnsfag:
Tema: Renessansen
Me går i gang med Kap 4: Europa i endring
Me tek ikkje med stoffet om kjettarar og heksar + om Martin Luther. Det har du jobba nok
med i RLE.
I heile dette emnet skal du læra om:
- når epoken renessansen var i Europa
- kva som kjenneteiknar denne perioden
- kjenneteikn ved kunsten i renessansen
- kunstnaren og vitskapsmannen Leonardo da Vinci
- Johan Gutenberg og boktrykkjarkunsten
- kva heliosentrisk og geosentrisk verdsbilete er
- litt om vitskapsmennene Nicolaus Copernicus, Giordano
Bruno og Galileo Galilei
- opprør og religionskrigar, m.a. 30-års krigen
- litt om England på dronning Elisabet 1. si tid
- litt om Spania under Filip 2.
- litt om Ludvig 14. av Frankrike
- litt om Russland og Peter den store
- litt om opplysningstida – kva kjenneteiknar denne perioden
Typisk renessanseteikning
Veke 21:
Læringsmål denne veka:
- finna ut av og kunna seia når renessansen var
- finna ut av og kunna forklara kva ordet renessanse tyder
- finna ut av og kunna forklara kva som kjenneteiknar denne perioden
- finna ut av og kunna fortelja kvar (kor) renessansen blomstra (starta og utvikla seg)
- finna ut av og kunna fortelja om Filippo Brunelleschi – kven han var, kva oppdrag han tok
på seg og korleis han utførte dette oppdraget
Alle skal gjera dette:
For å nå læringsmåla denne veka, kan du gjera slik:
Ta for deg læringsmåla punkt for punkt. Bruk arbeidsboka di. Du finn stoffet du treng på side
62 og 63. Hugs at du også kan bruke nettet for å finna bilete og utfyllande tekst. Leksikon er
òg gode kjelder.
Ekstra: Studer tekst og bilete på side 60 og 61. Prøv om du så kan forklara om korleis
kunsten endra seg i renessansen (kva som kjenneteiknar kunsten i rennesansen).
10
Samfunnsfag:
Veke 22:
Læringsmål denne veka:
- finna ut av og kunna forklara korleis menneska blei teikna og måla i renessansen
- finna ut av og kunna forklara kva perspektiv er for noko og korleis denne teknikken er
- setja deg inn i ein del stoff om Leonardo da Vinci og kunna laga ein del fakta om han både
som vitskapsmann og kunstnar (m.a. om ein del oppfinningar og om korleis han fann ut av
korleis menneska var oppbygde)
- finna ut av og kunna fortelja grundig om boktrykkarkunsten
Alle skal gjera dette:
For å nå læringsmåla denne veka, kan du gjera slik:
Ta for deg læringsmåla punkt for punkt. Bruk arbeidsboka di. Du finn stoffet du treng på
sidene 64, 65 og 66. Hugs at du også kan bruke nettet for å finna bilete og utfyllande tekst.
Leksikon er òg gode kjelder.
Døme på
Leonardo sitt
arbeid pluss
portrett av han
sjølv
Frå eit gammalt boktrykkeri