Kvinnheringen på jobb med mor1

10
KVINNHERINGEN FREDAG 6. FEBRUAR 2015
Med mor i ryggen på skulen
– Mamma er ikkje berre
mamma, ho er rett og slett
ein god kollega òg!
Slik er det for Astrid Fjellandsbø
Røstbø (25), og på det slår ho
ikkje av ein tomme. Både ho og
mora, Jorunn Fjellandsbø (56),
er lærarar i småskulen på Undarheim skule. Dei kan rett og slett
risikera å snubla i kvarandre
kvar einaste dag – heile dagen.
Støttar kvarandre
– Blir det for mykje av det gode,
Astrid?
– Det går fint. Undarheim er
ein stor arbeidsplass. Dagane er
travle, og så lenge vi ikkje
jobbar på same trinnet, blir det
helst på møte og på pauserommet vi møtest.
– Og kva seier mamma?
– Uproblematisk. Så langt har
det gått knirkefritt å jobba på
same plassen som Astrid. Det
hjelper nok på at ho ikkje bur
heime lenger, men vi ser kvarandre ofte i fritida òg, det er
ikkje det, seier mor Jorunn og ler
den gode låtten sin.
– Greier de å leggja bort rollene som mor og dotter på jobb?
Begge ler, men begge er
samde om at dei prøver å vera
profesjonelle på det området.
– Går det mykje i faglege
spørsmål på fritida ?
– Ja, det gjer nok det. Å ha
nokon å diskutera ulike problemstillingar med er veldig
greitt, seier Jorunn.
Astrid peikar på fordelen med
å ha ei mor med lang erfaring i
ryggen.
– Mamma har halde på lenge
og veit kva som fungerer og
ikkje, ei erfaring eg set pris på å
ha lett tilgang til, rosar dottera.
Litt like
– Kva vil du elles seia om mor
di, Astrid?
– Ei kjekk dame som alltid er
blid og sprudlande. Låtten sit
svært laust. Ho er omsorgsfull,
og ho er flink i jobben sin, seier
dottera.
– Dessutan har ho litt av
skulda for at eg utdanna meg til
lærar. Først tenkte eg i heilt
andre banar, men ettersom eg
var litt i stuss, lytta eg til
mamma sitt råd om å ta lærarutdanning, legg ho til.
– Ja, eg føreslo det for henne,
vedgår Jorunn, – fordi det er ein
givande jobb, og fordi eg syntest
Astrid ville passa til å vera lærar.
– Synes du framleis ho passar
som lærar?
– Absolutt. Ho er kreativ,
strukturert, har god oversikt og
er godt førebudd til timane. Ærekjær er ho òg, rosar mor.
Astrid protesterer litt på det
siste.
– Ærekjær og ærekjær, eg har
lyst å gjera ein god jobb, men
aksepterer at det ikkje alltid kan
vera perfekt, justerer ho.
– Er de like?
– Både ja og nei, meiner Jorunn, – vi er i alle fall interessert i
mykje av det same.
Som døme nemner ho faga
norsk, historie, samfunnsfag,
dans og musikk.
– Vi kan til og med lika den
same musikken, legg Astrid til.
Og det seier ikkje så reint lite.
Musikk er nemleg ein sentral del
av livet til heile familien.
Kanelbollar
– Korleis heidrar du mor på
morsdagen, Astrid?
– Med ein presang, eit fint
morsdagskort og eit besøk. Av
og til bakar eg kanelbollar, det
trur eg det blir i år òg. Ho har i
alle fall fortent det.
– Er mor fornøgd med dette,
Jorunn?
– Høyrest lovande ut. Eg tenkjer ikkje så mykje på morsdagen, men den har likevel ein
tendens til å dukka opp som eit
lyspunkt, kvitterer ho.
– Forresten, det endar som
regel opp med at eg må yta noko
sjølv òg, kjem ho på og ler godt,
– Truleg kjem eg til å varta opp
med middag til heile familien på
søndag.
Trude Aarsand
[email protected]
GOD TONE: Mor og dotter, Jorunn
Fjellandsbø og Astrid Fjellandsbø
Røstbø, greier å rista av seg mor/dotterrolla så lenge dei er på
jobb på Undarheim skule.
Muntre dagar med «mammo»
– Han lyder meg enno,
seier mamma Ingvild Sjo
humørfylt om sonen Peder
Sjo Slettebø. Så følgjer den
trillande låtten.
– Eg berre tullar. Peder er sjefen
her, legg ho til.
Dei har delt mykje desse to
blide bakarane. Ikkje berre i
oppveksten og alt det som går
føre seg på den tida. No jobbar
dei saman dagleg i bakeribedrifta Peder Bakar AS. Han som
eigar, sjef og bakar, og ho som
bakerikaféstyrar i Rosendal,
bakar, muntrasjonsråd og rådgjevar i store og små spørsmål.
– Forresten så spør han meg
ikkje så mykje lenger. Han har
fått god kontroll etter kvart,
rosar Ingvild.
– Vi jobbar godt saman. Eigenleg har eg berre godt å seia om
«mammo», kvitterer sonen.
Utradisjonell mor
– Korleis vil du karakterisera
henne?
– Ho er ei god mor som har
gitt meg mange minne. Ein god
samtalepartnar er ho òg, ikkje
minst når det oppstår problem av
eit eller anna slag. «Mammo» er
kreativ og utradisjonell på alle
måtar, for ikkje å snakka om kor
uføreseieleg ho kan vera.
Akkurat det kan av og til bli litt
for spennande.
– Kva tenkjer du på?
– Til dømes då ho plutseleg
reiste til Afrika åleine i fjor. Då
var eg litt engsteleg, det må eg
vedgå. Eg er jo redd for henne,
seier Peder med eit lunt smil.
– Irriterer ho deg av og til?
– Tja, eg synest ho har knust
litt mange raudvinsglas for meg.
Ho greier ikkje å læra kor hardt
ein kan halda eit glas før det
sprekk. Ikkje berre gjer ho inn-
MYKJE MORO: Bakar Peder Sjo Slettebø (28) synest det berre er kjekt å jobba saman
med mamma Ingvild Sjo (52) i bakeriet på Sæbøvik.