ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG STYRET: Tove Aurdal Hjellnes, leiar Ståle Mek, nestleiar Heidi Thöni Sletten, kasserar Frode Pilskog, styremedlem Ann-Elin H. Bjørkedal, styremedlem Ottar Bjørneset, 1. vara Arve Bjørkedal, 2. vara Erlend Helset, 3. vara VALNEMND: Nils Ola Skuset og Rune Husevåg REVISOR: Olav Eidseflot MEDLEMSUTVIKLING: 109 medlemmar ved årsskiftet. 96 for eit år sidan. MØTER: Årsmøtet vart avvikla på Ungdomshuset på Bjørkedalen laurdag 21. april 2012. Arne Andreassen, leiar i Forbundet Kysten var på besøk. Styret har hatt tre styremøter og elles diskutert saker via e-post. REPRESENTASJON OG AKTIVITET Søndag 19. februar arrangerte vi søndagsmiddag med kulturelle innslag i grendahuset på Straumshamn. Det vart servert bacalao. Roar Sporstøl heldt foredrag om historia til båten. Jorun Marie Kvernberg spela fele og song, med hjelp på kontrabass av Øyvind Espe. Omlag 80 frammøtte. 12. mars besøkte vi Austefjord museum/Årsetøy-samlingane. Nils Håvik fortalde om Årsetøya og samlingane. Omlag 20 tok del. Heidi Thöni Sletten representerte kystlaget på Forbundet Kysten sitt seminar om bord i Hurtigruta 23. – 25. mars. Tove Aurdal Hjellnes var der som vara til landsstyret. Sparebank1 løyvde 25 000.- kr i prosjektmidlar til båtane i hamna (utbetalt først i 2013). Årsmøtefesten på Ungdomshuset 21. april, servering av klippfisk og kornøl. På Kystens dag 9. juni arrangerte vi rostemne på Bjørkedalsvatnet. Jakob Helset stilte båtar og anlegg til disposisjon for kystlaget. Mellom 150 og 200 var innom, 5 lag rodde i vikingskip og 2 i færingar. Middag og fest i vertshuset om kvelden. Vi samarbeidde med Austefjord museumslag om å søke midlar via landbrukskontoret for å restaurere eit naust på Årsetøya. Kutteren Trygve, bygd på Folkestad i 1909, står i dette naustet. Naustet var gammalt og trong vøling. Orkanen ‘Dagmar’ i jula 2011 gjorde sitt til at dette ikkje kunne utsettast lengre. Museumslaget gjorde det praktiske arbeidet. Vi fikk ein del av overskotet Laurdag 28. juli var elleve stykker på dugnad og la torv på Gregersenhytta i Movasslida. Vi deltok på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik med ‘Troll’ og ‘Nordlys’. Fleire av medlemmane var der med eigne båtar. Laurdag 25. august arrangerte vi Skog- og handverksdag i samarbeid med Volda/Ørsta skogeigarlag, Bjørkedal skogeigarlag og Bjørkedal båtsamlingar. Vi markerte også Allskog sitt hundreårsjubileum. Omlag 250 var innom. Dei fleste kom for å sjå oppgangssaga, men det gjekk med mykje lapskaus og mange sveler. Forbundet Kysten lanserte i samband med markeringa av grunnlovsjubileet i 2014, ein kampanje dei kallar ‘Adopter eit kystkulturminne’. Etter ein runde med innspel og forslag frå medlemane, valde styret båtdraging som Bjørkedal kystlag sitt kulturminne. Dette omfattar heile prosessen med å få båtane frå båtskota og ned til sjøen, også historia om korleis Stortinget løyvde midlar til veg, bru og båtvogn på 1870-talet. I samband med opninga av Dalsfjord fyrmuseum i november, var Bente Foldvik, radaktør i Kysten på besøk. Ho lagde ein stor reportasje om båtbygginga i Bjørkedalen, Bjørkedal båtsamlingar og kystlaget, som sto på trykk i Kysten i nr 1/2013. Tove Aurdal Hjellnes skreiv en artikkel til Voldaminne om Bjørkedal båtsamlingar, Bjørkedal kystlag, dei viktigaste båtane og husa i båtsamlingane. Heidi Thöni Sletten har begynt arbeidet med å registrere fartøya til kystlaget og båtsamlingane i tradisjonsbåtregisteret på lokalhistorewiki.no. FARTØYA: Nordlys: Er i bra stand, krev berre vanleg vedlikehald. Samling/dugnad om bord kvar måndag frå 16. april til det vart for mørkt utpå hausten. Vi kjøpte ny redningsflåte til 22000.- kr. Høgskulen leigde Nordlys til å transportere studentar frå friluftslivslinja til Yksnøya både våren og hausten 2012. Skal på slipp i mai 2013. Troll: Er også i bra stand. Motoren svikta på veg heim frå Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Ikkje gjort noko med dette. Havdrønn: Flytta til båtsamlingane. Ina Kristin: Jakob Helset undersøkte båten. Det viste seg at den var meir råten enn vi trudde. Den vart derfor kondemnert hausten 2012. Volda 21.04.13 Tove Aurdal Hjellnes Ståle Mek Heidi Thöni Sletten Ann-Elin Haugland Bjørkedal Frode Pilskog
© Copyright 2024