ÅRSMELDING 2014 BJØRKEDAL KYSTLAG STYRET: Tove Aurdal Hjellnes, leiar Frode Pilskog, nestleiar Heidi Thöni Sletten, kasserar Steinar Lyngnes, styremedlem Ann-Elin Haugland Bjørkedal, styremedlem Vara: Birte Einan Arve Bjørkedal Ottar Bjørneset Arvid Stokkenes VALNEMND: Nils Ola Skuset og Rune Husevåg REVISOR: Olav Eidseflot MEDLEMMAR: 109 medlemmar ved årsskiftet. MØTER: Årsmøtet vart avvikla utanfor Jakobsskotet på Søre Bjørkedal laurdag 5. april 2014. Styret har hatt to styremøter og elles diskutert saker via e-post. REPRESENTASJON OG AKTIVITET: Bildesøndag 26. januar på Ungdomshuset. Avfotografering av gamle bilder knytt til båtdraging spesielt og båtbygging generelt. Magnar Høydal hjalp oss med fotograferinga. Heidi har jobba med registrering Av bilda i ettertid. Besøk (omvising og middag) på fyrmuseet i Dalsfjorden 2. mars 2014. Jakob Helset deltok på Forbundet KYSTEN sitt seminar i Tromsø 28.-30. mars 2014. Temaet var båtbygging. Tove var der som medlem i landsstyret. Årsmøtefest i Jakobsskotet 5. april, servering av klippfisk og kornøl. Feiring av tjueårsjubileet til kystlaget. Kystens dag / handverksdagen vart arrangert Helgetorsdag 29. mai 2014. Arrangementet var eit samarbeid med Freidig 4H, Bjørkedal båtsamlingar, Bjørkedal skogeigarlag og Volda/Ørsta skogeigarlag. Kurs i ølbrygging også på Helgetorsdag. Per Arne Bjørkedal sto for kursinga. Vi sendte ei åre (ei år) med svimerke og helsing frå kystlaget til landsstemnet i Oslo, der den skulle vere ein del av ein installasjon. Vi deltok på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik 15.-17. august 2014 med «Nordlys». Rostemnet vart arrangert på Helset laurdag 30. august 2014. Jakob Helset stilte båtar og anlegg til disposisjon for kystlaget. Fisketurar med «Nordlys» i september. I samband med friluftsgudsteneste på Korsen/Kile 7. september 2014, organiserte kystlaget roing frå Helset til Vassenden. 4H laga kyrkjekaffi på Helset etter gudstenesta. Vi deltok også i avviklinga av Årsetøystemnet 14. september 2014. «Nordlys» gikk med folk frå Høydalen til Årsetøya. 20. september 2014 hadde Animation Volda sin årlege rekefest om bord i «Nordlys». Håvard Alsaker tok folk med ut på fjorden om bord i sin båt «Åsa». FARTØYA: Nordlys: Er frameleis i bra stand. Råte framme på babord side er ikkje er ordna. Vinsjen er fiksa. Flåten vart sjekka av Fosnavåg Notbøteri. Høgskulen leigde Nordlys til å transportere studentar frå friluftslivslinja til Yksnøya både våren og hausten 2014. I 2014 var det Arvid Stokkenes, Steinar Lyngnes, Hans Høydalsnes og Ståle Mek som førte båten. Troll: Ikkje forandring frå i fjor. Er satt på land og skal klinkast opp att. Hans Høydalsnes har gått over motoren og den er klar for og settast inn att i båten. Volda 19.04.15 Tove Aurdal Hjellnes Frode Pilskog Heidi Thöni Sletten Ann-Elin Haugland Bjørkedal Steinar Lyngnes
© Copyright 2024