Cornwall - Englands Riviera - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

Cornwall - Englands Riviera
…med sightseeing i verdsbyen London
8 dagers tur med fly frå Bergen. Avreise 12/6 2014
Velkomen til «Dronningens England», til ein landsdel med eit mildt klima året rundt. Her finn vi gamle slott,
praktfulle herregardar og flotte katedralar med store parkar og hagar. Her kan ein vandre i vakker natur, koble
av og nyte lokalprodusert drikke på tradisjonelle pubar. Det vestlege landskapet i England, Cornwall, er vakkert
og frodig, og har i tillegg ein dramatisk kyst.
Bli med Travelnet Fjordane Reisebyrå på denne opplevingsrike turen til Cornwall, og få ein smak av London.
Dag 1, torsdag 12.juni
Avreise frå Bergen Flesland med British Airways, kl. 12.05
direkte til London Heathrow, der vi landar kl. 13.00 lokal tid.
Vi blir møtt av skandinavisktalande guide som tek oss på ein
3-timers rundtur i London før vi sjekkar inn på
Hotel The St Giles. (www.stgiles.com) Felles middag på hotellet.
Måltid: Middag
Dag 2, fredag 13.juni
Nokre timar i London til eigen disposisjon før avreise til Winchester, ei kort dagsetappe på knappe to timar. Lunsj
undervegs eller i Winchester. Her skal vi bu ein natt på Hotel Holiday inn Winchester
http://www.hiwinchester.co.uk Administrasjonsbyen i Grevskapet Hampshire er ein fantastisk fin liten by,
der vi mellom anna finn den verdskjende katedralen, Winchester Cathedral. Det vert guida omvisning i
katedralen, og litt tid på eiga hand, før felles middag på hotellet.
Måltid: Frukost ,lunsj, middag
Dag 3, laurdag 14.juni
Vi set oss i bussen etter frukost, og køyrer sørover til Torquai ,«den engelske riviera».
Undervegs vert det stogg for lunsj. Byen ligg på sørkysten av England i Devon distriktet.
På 1800 talet var dette ein populær badeby, velkjent for sitt helsebringande klima. Torquay er også fødebyen til
Agathe Christie, og dette veit innbyggjarane å setje pris på, mellom anna med ei statue av henne. Vi kan vere
med på ei utflukt som er lagt opp i hennar fotspor!
I Torquay skal vi bu 4 netter på hotel Toorak (www.tlh.co.uk) som ligg flott til , ikkje langt frå strandpromenaden.
Måltid: frukost, lunsj, middag.
Dag 4, søndag 15.juni
I dag skal vi på heildagsutflukt. Saman med engelsktalade guide skal vi vitje Eden Project, det største drivhuset i
verda! Her er det samla inn planter frå heile
verda, og ideen bak det heile er å ta vare på miljøet og
jorda vi lever på! Prosjektet opna i 2001 og det er ei
oppleving å sjå miljøet frå tropisk- til middelhavsklima,
med eit utal plantar og vekstar. Her vert det høve til å
kjøpe seg eit smakfullt måltid på ein av kafeane på
området. Vi gjev oss god tid her, før turen går vidare til
The Cornish Cyder Farm. Her får vi smake på cider og sjå korleis
den vert produsert. Attende på hotellet i god tid før middagen vert servert. Måltid: Frukost og middag
Dag 5, måndag 16.juni
Også i dag skal vi på tur med engelsktalande guide. Vi køyrer tvers over halvøya i vakker natur til Dartmoor og
Tintangel. Dartmoor er ein nasjonalpark på nær 1000 km2 og vi tek ein stogg her for å strekke på beina. Målet er
Tintangel, den vesle byen somligg ytst mot Atlanterhavet. Her skal vi ha ein typisk engelsk lunsj. Tintangel Slott og
området kring, er kjent gjennom legenda rundt Kong Arthur og ridderane av det runde bord!
I den vesle byen Tintangel finn vi også «The old post office» som i dag er verna. Her er små butikkar og puber,
og mange turistar frå heile verda vitjar staden.Også i kveld vert det felles middag på hotellet.
Måltid: Frukost, lunsj og middag
Dag 6, tysdag 17.juni.
Det har vore mange opplevingar og mange inntrykk og det er tid for ein «fridag» .. Du kan utforske Agatha
Christie sin heimby på eiga hand, ta ein tur på badestranda, eller rett og slett nyte livet i byen. Vi samlast om
kvelden til felles middag . Måltid : Frukost og middag
Dag 7, onsdag 18.juni
Vi har god tid til ein god frukost før turen igjen går nordover. Vi skal til den gamle katedralbyen Salisbury i Wiltshire
som ligg i Salisbury-distriktet. Her sjekkar vi inn på The Red Lion Hotel . (www.the-redlion.co.uk)
Hotellet som er 700 år sidan gamalt, skulle gje husly til alle arbeidarane som arbeidde med å bygge katedralen like
ved. Gjennom tidene er hotellet modernisert og alle rom har sin eigen sjarme og særpreg.
Det vert tid til å vandre i byen før vi har felles middag på hotellet. Måltid : Frukost og middag
Dag 8, torsdag 19.juni
Etter frukost og utsjekk frå hotellet, set vi oss i bussen, og turen går mot London Heathrow.
Vi har flyavgang med British Airways kl. 17.00, flyet tek oss direkte til Bergen Flesland der vi landar kl. 19.45 lokal
tid. Måltid : Frukost
REISEFAKTA
Turpris:
Tillegg for enkeltrom
Antal dagar
Avreisedato
Returdato
kr. 13.000.kr. 1700,8
12/6 2014
19/6 2014
Irekna i turpris:

Flyreise Bergen – London tur/ret

Flyskattar og avgifter

Transferbuss og turbuss

7 netter i delt dobbeltrom

Sightseeing i London med lokal guide

Utflukter i samsvar med program

Lokal guide dag 3 og 4

7 middagar, 3 lunsjar og 7 frukostar

Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.
Påmeldingsfrist 1/5 2014
Bestill tidleg-rabatt:
Ting turen før 1.februar 2014 og få kr 300.- i rabatt!
Tlf. Sandane: 57725090
Tlf. Førde:
57725070
Tlf. Sogndal:
57725750
Email: [email protected]
Sjå også vårt turprogram på www.fjordanereisebyra.no
For meir informasjon om staden
www.visitcornwall.com