Program Amalfikysten.pdf - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

Vandring på Amalfikysten
- ei av dei vakraste kyststrekningane i verda
6-dagars tur med avreise 3/5 2015
Pompeii, Capri og vandring langs «The Path of God» - Gudestien.
Denne vandreturen tek deg med til dei vakraste områda langs Amalfikysten. Vi skal vandre på gamle
muldyr-stiar og gjennom sjarmerande landsbyar langs kysten. Vi får oppleve den Italienske landsbygda
og nyte eit storslagent utsyn over den vakre naturen på vår vandring som fører oss «frå hav til himmel».
Vi startar turen med guida vandring i Pomeii. Det er båttur til vakre øya Capri, med fjelltur til øyast
høgste punkt; Monte Solaro på 589 m.o.h.
Turen går med fly frå Bergen til Roma. Vi bur på Imperial Hotel Tramontano, eit 4-stjerners hotell som
ligg vakkert til i Sorrento, ein sjarmerande by med ekte Italiensk atmosfære.
Og sist, men ikkje minst, skal vi nyte gode fellesmåltid frå det italienske kjøkkenet.
Puss vandreskoa dine og ver med oss til vakre Italia litt utanfor allfarveg.
DAG 1, søndag 3/5
Flyavgang fra Flesland/Bergen med Norwegian kl.07.00 med ankomst Fiumicino/Roma flyplass kl.10.15. Vi
tek plass i bussen som ventar og set kursen mot Pompei, byen som vart lagt undar aske frå Vesuv i år 79
e.Kr.
Her møter vi den engelsktalande guiden som skal ta oss med gjennom ruinene og fortelje om utgravingane
og historia bak.
Etter rundturen vert det lunsj på lokal restaurant før vi køyrer vidare mot Sorrento. Turen er ei oppleving
med asurblått hav, frodig og vill natur, stupbratte fjellsider og små pittioreske landsbyar. Vi skal overnatte
på det vakre 4-stjerners Imperial Hotel Tramontano med ei praktfull utsikt over Napoli-gulfen.
Resten av dagen kan vi nytte til å gjere oss kjende i denne vakre byen på eiga hand.
Om kvelden er det fellesmiddag på hotellet.
Dag 2, mandag 4/5
Frukost på hotellet før avreise med buss til naturparken Punta Campanella. Her vil ein engelsktalande
guide, som er ekspert på Italiensk natur, ta oss med gjennom desse fantastiske kulissane og vi får mykje
interessant informasjon om korleis det kalkrike landskapet på halvøya er blitt forma.
Det er ei spektakulær vandrerute vi går i dag med høgdepunkt i Termini, Monte San Costanzo og Punta
della Campanella.
Etter utflukta reiser vi attende til hotellet i Sorrento og kan nyte resten av dagen på eiga hand.
Fellesmiddag om kvelden.
Dagens vandring er 7 km.,tek omlag 4 timar og vert rekna som ein krevjande tur.
Dag 3, tysdag 5/5
Vi startar også i dag med ein god frukost før vi
tek plass i bussen og køyrer til Pontone der vi
møter guiden som skal vandre saman med oss
på vakre turstiar i Valle delle Ferriere
naturreservat i Amalfi-området.
Valle delle Ferriere er eit naturområde som er
heilt unikt. Her er det fint og kjølig sjølv midt på
sommaren takka vere fossefall og bekkar som
renn gjennom området. Heile dalen er dekka av
eit nettverk av stier, men dei viktigaste er
sentiero basso (nedre sti) og sentiero alto (øvre
stil). Den mest interessante delen er uten tvil
naturreservatet som finnes i midten. Som ein
følgje av korleis området ligg til, har det drege
nytte av dei fysiske og biologiske eigenskapene
til sine omgjevnader. Som til dømes at det ligg
sørvendt og at den høge steinete rygger på kvar
side av dalen tek av for den kalde nordavinden.
Kombinert med god fuktigheit og små
temperatursvingingar ligg det godt til rette for
eit økologisk mangfald.
I dette ekstraordinære miljøet, har koloniar av
plantar som er av stor interesse kunne overleve i
uminnelege tider. Nokre arter kan daterast heilt
attende til tertiær-perioden.
Etter ei opplevingsrik vandring tek vi bussen
attende til hotellet for middag og overnatting.
Dagens etappe er 5km. og vi vandrar i 3 timar.
Ein litt krevjande tur også i dag.
Dag 4, onsdag 6/5
Ein god frukost må til før det vert heildagsutflukt til vakre Capri. Vi spaserer mot hamna som ligg nokre
hunder meter frå hotellet og går ombord i hydrofoilbåten som tek oss til denne sagnomsuste øya. Ved
ankomst tek den engelsktalande guiden oss med til Monte Solaro den høgaste toppen av øya med sine 589
meter. Vi vandrar gjennom Middelhavskysten sin vakre og frodige vegetasjon og har ei fantastisk utsikt.
Ved ankomst på toppen nyt vi utsikta over den
vakre Napoli-gulfen før det er tid for retur.
Dei som ønskjer det kan då ta stolheisen som
går attende til hamna (ikkje irekna i pris), eller
ein kan spasere.
Det vert tid for litt tid på eiga hand i den vesle
byen før båten går attende til Sorrento.
Også i kveld middag på hotellet før det er tid for
å gå til ro.
Ikkje den tyngste vandringa denne dagen, men vi
brukar kring 3 timar på turen.
Dag 5, torsdag 7/5
Også i dag er det heildagstur. Etter frukost er det avreise med buss til landsbyen Bomerano. Vi skal vandre
„frå hav til himmel“ på Gudestien "Il Sentiero degli Dei". Denne vidkjende vandreturen startar i landsbyen
Bomerano, og vi vil ta deg med på ei vandring som passerer naturlege grotter, juv, flotte vingardar, og ei
panoramautsikt over naturen som du vil minnast i lang tid. Frå Bomerano går vandreturen til Nocelle og
deretter ned til Positano. Høgaste punktet på turen ligg på omlag 500 moh. og utsikta er fantastisk med
havet og Capri på eine sida og Cilento-regionen på den andre.
Etter denne vakre vandringa, som er siste turen i Italia denne gongen, går bussen attende til hotellet der
det vert avskilsmiddag og overnatting.
Dagens etappe er 6 km, tek 4-5 timar og vert rekna som krevjande.
Dag 6, fredag 8/5
Frokost og utsjekk på hotellet før bussen køyrer til Fiumicino flyplassen for flyavgang med Norwegian kl.
12.50 med ankomst Flesland/Bergen kl.17.55.
REISEFAKTA
Turpris: 12.990,Tillegg for enkeltrom 1.400,Antal dagar
Avreisedato
Returdato
6
3.mai 2015
8.mai 2015
Irekna i turprisen :
* Flyreise Bergen – Roma t/r
* Busstransfer flyplass – hotell t/r.
* 5 netter i dobbeltrom på Imperial
Hotel Tramontano
* Vandring iflg program
* Båtbilletter iflg program
* Guiding i Pompeii og på Capri
* 5 frukostar og 5 middagar og 1 lunsj
* Aud Lundeland er reiseleiar på turen
Høver denne turen for meg ?
Du må vere vant til å gå lengre turar
Dagsetappane er som du ser stipulert
til 3 – 5 timars vandring og på dei
fleste etappane er det ein del
høgdeskilnad. Du må difor vere i
normalt god form og ikkje ha fysiske
plager som vil plage deg ved langvarig
belastning.
Tlf. 57725090
E-post : [email protected]