Nettverk for lokal utvikling! Velkomen til nettverksmøte for LivOGLyst 2015 på Leirvik, Stord Vi helser LivOGLystprosjekt velkomne til to spanande dagar på Stord. Her vil vi få god tid til å verte kjent og dele røynsler mellom prosjekta. Frå ide til realisering vil vera eit av tema på konferansen der ekstern prosessleiar vert nytta til inspirasjon og dialog med prosjekta. LivOGLyst-arbeidsgruppa vil orientera om rammer og mogelegheiter for lokalsamfunnsutvikling og invitera til dialog med nettverket om kva kompetanse- og nettverkstiltak prosjekta har behov for i perioden 2015-2016 og tiltak for «vegen vidare». LivOGlyst-prosjektet i Gruveområdet på Litlabø og bydelen Sagvåg/Litlabø er lokalt vertskap for samlinga og vil på laurdag orientere om og syna oss deira prosjekt. Fokus vert på samspelet mellom lokalsamfunn og kommune. Partnarskapen sine sju år med LivOGlyst-programmet har gjeve gode resultat og har vist ein metode for verdiskaping og samfunnsutvikling. Dei fremste kvalitetane i programmet har vore: Brei og open mobilisering nedanfrå og opp Nettverk for erfaring og kunnskapsoverføring Kompetansetilbod og hjelparar i både det lokale og regionale verkemiddelapparatet Sjølv om LivOGlyst-programmet si satsing no vert fasa ut, er det viktig at arbeidet med lokal samfunnsutvikling, for å skape attraktive bu- og arbeidsområder /senter, vert vidareført. LivOGlyst-programmet tek ikkje opp nye prosjekt frå og med 2015. Det vil sei at dei som i 2014 søkte for 2015 ikkje vert gjeve tilsegn. Alle LivOGLyst-prosjekt som i 2014 og tidlegare har tilsegn vil no i perioden 2015-2016 får fullført og avslutta desse med oppfølging frå arbeidsgruppa. Nettverk og kompetanse vert vidareført i denne perioden frå den regionale partnarskapen. Arrangør: Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge-Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling i samarbeid med lokal arrangør LivOGlyst i Austevoll. Tid: 13.&14. februar 2015 Lunsj-lunsj Stad: Stord Hotell, Leirvik, 5411 Stord, tlf 53402500, e-post: [email protected] Målgruppe: LivOGLystprosjekta i Hordaland, inklusiv dei som søkte for 2015 og ikkje får støtte. Pris: Sjøve konferansen er gratis Prosjekta sjølv finansierer opphald, reise og diett. Prosjekt som søkte og ikkje får støtte i 2015 vert subsidiert. Stord Hotell: Prisen inkluderer deilig lunsj ved ankomst, 3-retters middag fredag kveld, overnatting i enkeltrom/dobbeltrom og frukostbuffet og lunsj lørdag. Full pris Subsidiert pris 1. Overnatting i enkle rom lunsj, middag, frukost, lunch kr 1 990,kr 1 000,2. Overnatting i enkle rom lunsj, middag, frukost kr 1 695,kr 1 000,3. Overnatting i dobbeltrom lunsj, middag frukost, lunch kr 1 590,kr 800,4. Overnatting i dobbeltrom lunsj, middag frukost kr 1 295,kr 800,Dagpakker uten overnatting og frukost: 5. Fredag. Dagpakke med lunsj, middag kr 985,6. Fredag. Dagpakke med lunsj kr 550,7. Lørdag. Dagpakke med lunsj kr 550,- Nettverk for lokal utvikling! Program Programmet for LivOGLyst-konferansen 2014 er lagt til Leirvik på Stord. Det vert ein del forflyttingar og det er difor ei føremon at ein kjem i bil og gjerne samkøyrer. Programmet er på Stord Hotell på Leirvik, og ein vil på laurdag ha synfaring på Gruveområdet på Litlabø og Båtbyggjarmiljøet på Jensaneset, Sagvåg Køyrerute Bergen-Lervik: http://kart.gulesider.no Dag 1. Fredag 13.02.2015 13.00 Lunsj 14.00 Velkomen til LivOGLyst 14.10 Nettverk for lokal utvikling ved arbeidsgruppa 14.30 Være i og lære om prosess i arbeidet med utvikling av lokalsamfunn. Ved Interplan www.interplan.no Bli kjend – øving. Presentasjon og inspirasjon – kven er vi og kven er de? Kva er utfordringane no? – Kreativ problemløysing med fokus på å lære av kvarandre og komme opp med gode løysingar og kort handlingsplan for det vidare arbeidet i prosjektet. Pausar og innsjekking undervegs. 18.15 Oppsummering 20.00 Nettverksmiddag Rådmann i Stord kommune, Magnus Mjør, ynskjer velkommen Underhaldningsinnslag Dag 2. Laurdag 14.02.2015 08.00 Frukost Utsjekking og betaling 09.00 Vegen vidare Dialog om kompetanse- og nettverkstiltak for lokalsamfunnsutvikling 09.45 Lokalsamfunnsutvikling på Litlabø og Sagvåg Samspel lokalsamfunn og kommune. Synfaring. Køyring i eigne bilar til Gruvo på Litlabø og Båtbyggjarmiljøet på Jensaneset 13.00 Lunsj på Stord Hotell 14.00 Avreise Interplan er representert ved: Prosessleiar Eli-Grete Høvik. Tidlegare næringssjef og fylkesplanleggar og har allsidig erfaring med bygdeutviklingarbeid gjennom 15 år som mentor for etablerarar gjennom innovasjon Norge, som bedriftsrådgjevar for kulturbedrifter (godkjend FRAM-rådgjevar), frå reisemålsutvikling. Ho underviser på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (Rogaland) og driv Ciderhuset og Balholm AS i Balestrand saman med familien. Med seg har ho Gard Eitunggjerde Høvik som er utdanna allmennlærar med tillegg av arbeids- og organisasjonsutvikling, drama og psykodrama. Han har etterkvart brei erfaring med internasjonalt arbeid gjennom volontøropphald i Polen (Rodowo), opplæring i og leiing av internasjonale ungdomsprosjekt i regi av Aktiv Ungdom / Ung i Europa. Gard har vore prosjektleiar for Sogn Fruktrute, og leiar no forprosjekt for bedriftsnettverket kring Nasjonal turistveg, Gaularfjellvegen. Han driv også Ciderhuset saman med resten av familien.
© Copyright 2024