GUIDE myWeblog - Fjordane Flyklubb

GUIDE myWeblog
Fjordane Flyklubb
Innlogging
Via nettsida til flyklubben eller direkte til www.myweblog.no, trykk logg inn.
Brukarnamnet ditt er 153-xxxxx (xxxx=ditt medlemsnummer i NLF)
Ved første gongs innlogging nyttar du brukarnamnet også som passord. Du blir deretter bedt om å endre til eit sjølvvalt passord.
Innstillingar
For å endre dine personlige innstillingar klikkar du på namnet ditt oppe til høgre.
Medlemsinformasjon blir administrert av NLF. Kvar natt blir data frå NLF synkronisert med bookingssystemet. Om du skal endre adresse
osv må du logge inn i Melwin på NLF sine sider og endre opplysningane der.
Medlemstypar:
Passive
Hovudmedlem
Hovudmedlem med årskort TBL
Hovudmedlem utan årskort
Beskriving
Ikkje aktive medlemar
Ordinært medlemskap
Ordinert medlemskap og årskort TBL. Alle som skal fly LN-TBL
For Instruktørar og teknisk sjef som er fritatt årsavgifter
Medlemspris
0
2500
2500
0
Tillegg
0
0
4500
0
Sum
0
2500
7000
0
Type medlemskap blir styrt av administrator. Det er viktig at du sjølv gir beskjed dersom du skal endre type medlemskap før beløp vert
debetert kvart år!
Bytte passord seinare
Trykk på Endre passord.
Generelle instillingar
Her kan du velje kva typar meldingar
og påminningar du ønskjer å få tilsendt
på e-post.
Her kan du velje om du som
standardinnstilling skal motta SMS ved
booking dagen før og få tilsendt SMS
dersom det er anmerkning på fly.
MERK: Du blir belasta med 1kr/sms på
din konto om du ønskjer SMS!
Legg inn kontaktinformasjon om
pårørande.
Her kan du velje startside. Anbefallar at
denne blir satt til Bookingobjekt.
På denne sida ser ein info om flyet,
som anmerkningar og rest-flygetid.
Legg inn når rettar og sertifikat går ut.
Du vil da bli varsla i forkant og får
varsel om du forsøker å booke fly om
sertifikatet er ugyldig.
Booking
For å booke fly går du til Bookingkalendar.
Legg til booking
Velg tidsrom og type booking.
Ledige plassar: Om du ønskjer å
invitere med andre i klubben på tur
kan du legge inn kor mange plassar det
er ledig i flyet.
Velg om du vil ha tilsendt påminning
(SMS kostar deg 1kr).
For teknisk sjef: Ved å legge inn
service/vedlikehold blir flyet holdt av
for vedlikehold og kan ikkje bookast i
gjeldande tidsrom.
For instruktør: Legg inn tidsrom ein er
tilgjengeleg på Bringeland for skuling.
Logg flygning
Velg logg flygning i menyen.
Velg fly og pilot. (Instruktørar kan i tillegg til seg sjølv også logge flygning på andre medlemar).
Fyll inn data frå flygetidsboka. Da systemet automatisk sender data over til CAMO er det viktig at alt er riktig!
NB: Ein skal fylle inn teknisk flygetid. Systemet legger automatisk til 5 min block-tid for kvar tur. Du skal ikkje ta med blok-tid når du
registrerer flygninga i systemet!
Sjå over at alt er riktig før du godkjenner logginga, når du trykker OK, bokfør denne transaksjonen blir beløpet belasta kontoen din og du får
ikkje gjort endringar i den. Eventuelle korrigering må da endrast av kasserar!
Min konto
Velg min konto i menyen.
På denne sida kan har du oversikt over dine transaksjonar og saldo.
For å betale for flygning går du til Betal online med Netaxept.
Dersom du har negativ saldo blir denne føreslått som beløp. Du kan sjølv velje beløpet du skal betale. Fyll inn ønskja transaksjonsbeløp og
trykk fortsett.
Betalinga vidare blir handtert av NETS og er identisk med betaling online på nettbutikkar. Du vel sjølv betalingsmetode.
For å booke fly er det sett ei sperre på -4000 kr på kontoen.
Meldingar
På meldingar kan du sjå meldingar som er sendt ut med deg som mottakar.
Andre verktøy
Aktivitetskalendar
Her kan enn legge inn kommande aktivitetar som GAP osv.
Reisedagbøker
Når flygningane blir loggført i systemet får vi her ein digital kopi av flygetidsboka. Teknisk sjef, CAMO og andre får da oppdatert
informasjon om flyet. Ver derfor bra og registrer flygingane dine umiddelbart etter flygning!
Kart
Her kan du sjå kart over dine flygingar basert på avgangs og ankomstplass når du loggfører flygningar.
Skuling
Her kan du registrere at du treng flyging med instruktør og instruktørane kan legge seg inn som tilgjenglige. Dette er ein meir generell
informasjon og kjem ikkje som vakthavande instruktør i bookingkalendaren!
Medlemsliste
Kontaktinformasjon til medlemane i klubben.
Påminningar
Her kan du legge inn om du har nokon andre påminningar du ønskjer å bli varsla om. Desse er personlege for deg.
IRS – Integrert rapporteringssystem
Avvikssystem for klubben. Her kan du registrere avvik og hendingar knytt til flysikkerheit, tekniske installasjonar (hus og hangar) m.m. Saka
vil bli sendt til Kvalitetsansvarleg som deligerer den til den som skal følgje opp saka vidare.
Kategoriar (Kvar kategori har sin ansvarleg person)






Administrativt
Fly / teknisk
Flysikkerheit
Klubbhus og hangar
Økonomi
Anna
NB: Hugs at eventuelle anmerkingar SKAL registrerast i flygeloggboka til flyet! Det er alltid den som er gjeldande!
iPhone app
Du kan laste ned ein app til iPhone for å raskt sjå om flyet er ledig og eventuelt booke det. Her ser du også saldoen din. Søk på myweblog i
Appstore.