Nr 4 2012 - Kyrkja i Etne og Skånevik

Kyrkjeposten
Årgang 11
Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn
Nummer 4 desember 2012
n Gud som gutunge n Grunnstein n Barnas julesang n Julapapiret
1
n Framsida
Biskop Halvor Nordhaug
la ned grunnstein for ny
kyrkje den 18. november.
Her fortel han kyrkjelyden
litt om kva ein grunnstein
er og kvifor den er fylt
med både myntar og Bibel,
aviser og teikningar.
Sjå fleire bilete
på side 4-5
Gu
som
Andakt: Per Hjemdal
Kyrkjeposten
vert distribuert til alle
husstandar i Etne og
Skånevik. Bladet blir
betrakta som offentleg
informasjon og nærmiljøblad. Kyrkjeposten
er ikkje definert som
uadressert reklame.
Eg snakka ein gong med ei hyggeleg dame. Vi snakka om Gud.
Det blir ofte sånn når presten kjem på tomannshand med folk,
om enn ikkje alltid. Men iallfall, denne dagen snakka vi om Gud.
Ho fortalde - då var vi innom skapinga - ho fortalde korleis ho så
for seg Gud, når han skapte himmelen og jorda og alt som fyller
den. Ho sa: Eg tenkjer meg Gud som ein gutunge, på 10 - 12
år. For så mykje av det han skapte, ser ut som det kunne kome
rett frå fantasien til slik ein gut. Tenk berre på zebraene (Kult,
ein hest i svart-kvitt!) eller maurslukaren (Lang nase! Du må ete
maur!) eller breiflabben (Svær i kjeften, men ikkje mykje å sjå
på!). Ja, sa ho, det kunne visst vært laga av ein gut.
Eg har tenkt på det nokon gonger: Gud som gutunge.
Frist for innlevering av
stoff til neste nummer:
15. oktober.
Stoff sendes til
[email protected]
2
Men eg må innrømme at det er ganske langt frå korleis eg sjølv
pleier tenke på Gud. Eg trur nok eg førestil meg Gud som noko
eldre, noko meir alvorleg, noko meir «verdig» i tydinga vaksen.
Men det er no så, vi bærer jo alle i oss forskjellige bilete og førestellingar, også om Gud. Nokon tenker på Gud som «Det store
Alt», andre som «Krafta» eller «Ljoset», men det er ei der ute
som altså også tenker på gutunge...
Og når eg har tenkt etter, så var det visst ikkje så galt likevel,
dette siste. Nei, ikkje for det, Bibelen seier heldigvis at om ska-
ud
gutunge
pergleda og fantasien kan være frodig og til og med
dristig, så er Gud likevel ikkje nokon smågut når det
gjeld. Påliteligskap og ansvarsfølelse eller kjærleik i
forhold til det skapte, dei tinga tek han ikkje lett på.
Gud ragar visst høgt over den mest trufaste og pålitelige og kjærlege mann og kvinne på jorda. Der er
det så visst verdigheit nok, i ordets beste forstand.
Og det er godt å vite.
Men samtidig dette: Gutunge. Det passer slett ikkje
så dårleg, for han var jo det. Ein gong. Som 12-åring
i templet, ja, det var Gud som gut. Og saman med
Josef heime på snikkarverkstaden i Nasaret. Eller
enda meir dramatisk: Som lyseraud og litt rynkete
baby ved brystet til Maria - Gud som spedbarn. Og
gutunge. Og sidan vaksen mann.
Det blir ganske konkret. Jesus pleier bli det. For
medan vi tenker store tankar om Gud: Ånd, kraft,
ljos - så er Jesus veldig handgripelig med sine illsinte
skrik i krubba, når Josef ikkje lyfta han fort nok opp.
Og det er veldig mykje kropp når han heng på korset
med gapande sår i henda, der naglane blei drevet
inn. Han blir veldig konkret når han ser på kvinna
som var grepet i ekteskapsbrot: Dine synder er deg
forlate. Eller når han vender seg om og ser på Peter
som nettopp har fornekta han, ser på han med
skuffa auge. Det er Gud som menneske. Verkeleg,
fysisk.
Kvifor? Kvifor vel Gud å bli slik, fysisk i så stor grad?
Kanskje fordi Gud visste at du og eg har så lett for
å gjere han fjern, abstrakt, for stor for fatteevna,
- og dermed ufarleg og utan betyding for vårt litle
daglege liv? Men han er ikkje utan betyding, sjølv
om vi kan late som. Han vil ikkje være utan betyding
heller. Han vil tvert om kome nær oss, gjere livet ditt
rikare og meir heilt, gje det retning og eit rikt mål.
Gud som gutunge. Som baby, som 12-åring, som
mann. Det er konkret så det held, og utfordrande:
No ser Gud på deg. Herren ser på deg med kjærleik.
Våger du å møte blikket hans?
3
Grunnstein
Det var ein god søndag for Etne
kyrkjelyd når biskop Halvor Nordhaug saman med prost Svein Arne
Theodorsen vitja tomta for den nye
kyrkja for å feire gudsteneste og setje
ned grunnsteinen.
Været viste seg rett nok ikkje frå si
beste side, men under tak var der
berre trekk og kulde som sjenerte,
og tørr klarar ein det meste. Drygt
170 menneske var på plass, og etter
Soul children hadde opna gudstenesta med eit kraftfullt ”Gloria!” ynskte
prost Theodorsen velkommen. Han
uttrykte stor glede over å sjå både
bygg og kyrkjelyd.
Biskopen preikte om Jesus som gjekk
på vatnet, men byrja med å lyfte opp
grunnsteinen og fortelje litt om kva
som var i han. Både bibel og salmebok, kyrkjepost og Grannar, samt
utgreiingar om tanken bak kyrkja og
sjølve bygget låg i.
Når tida var inne for å setje ned
grunnsteinen, inviterte biskopen alle
4- og 5-åringane som var til stades
fram for å hjelpe til. Dei kom og fekk
utdelt kvar sin spade til odel og eie,
og med den hjelpte de biskopen med
å kaste sement i holet der grunnsteinen stod. Det var stort engasjement
og god hjelp for biskopen. Og ut frå
ansikta på dei som måtte reise seg og
sjå, var det tydeleg at det var kjekt
å sjå nettopp engasjementet og biskopen omgitt av så mange barn.
Etter å ha feira nattverd og høyrd nok
ein flott song frå Soul children, var det
4
stor kyrkjekaffi i Bedehusets storsal.
Den korte vegen frå kyrkje til bedehus
fungerte godt som eksempel på det
som i åra som kjem kan bli eit godt og
fruktbart samarbeid.
Under kyrkjekaffien fekk biskopen
– liksom barna tidlegare – overrekt
spaden som var brukt til å hive sement med. Det sett han pris på, for
han hadde ikkje skikkeleg spade i
bispegarden i Bergen. Så kan me tru
han sender ein venleg tanke til Etne
når hagearbeid skal gjerast.
Ordføraren helste også, og let vel
både om arbeidet som er i gong og
det gode samarbeid mellom kyrkjelyd
og kommune. Prosten helste med ein
god historie og gode ord.
Soknepresten nytta høvet når så
mange av kyrkjefolket var samle til
å takke av ein god og verdsett medarbeidar i Sigurd Stødle. Sigurd
var kyrkjegardsarbeidar ei tid, men
kyrkjelyd og stab hadde enno ikkje
funne rette stunda til offisielt å sei
takk for tenesta. Som synleg teikn på
takksemda, fekk Sigurd ein fin kniv
laga av Jens Håkon Horneland.
11 fløytekaker og enno noko fleire utgjorde eit festdekka kaffibord. Litt var
til overs når samlinga var slutt, men
både mengda kake som var att og eit
godt støynivå på samtalen, tyda på at
folk delte ei triveleg stund på bedehuset.
No venter vi berre på at arbeidet skrid
fram som planlagt, slik at den nye
kyrkja kan takast i bruk neste år.
Kranselag
Nokre veker før grunnsteinsnedsettinga
var det også kranselag på kyrkja, i samband med at kyrkja hadde kome under
tak. Arnt Grindheim hadde laga rikeleg
med god betasuppe, ode kaker var på
plass, og alle som var i arbeid på kyrkja
samt byggjenemnda og representantar
frå staben tok del i markeringa.
Nokre uformelle talar blei heldt om det
historiske arbeidarane var med på, sidan
det er fleire hundreår sidan sist det blei
bygd kyrkje i Etne, og nok vil gå svært
lang tid til det blir gjort på nytt.
5
Bygging på bibelskulen.
No er det full fart på bibelskulen i Bafoulabé. Juckou Konate
og hans team er i ferd med å
reise radiobygget. Her skal
det vere eit studio, kontor,
undervisningsrom og lager.
Dette gir oss ein god anledning
til å gje ei god opplæring og
praksis i radioarbeid
til
elevane på bibelskulen. Samstundes vil vi kunne
sende jevnlege
program på radioen. Vi ynskjer
eit bredt repertoar. Vi håpar
å få til eit samarbeid med det
lokale helsevesenet, slik at dei
kan bruke radioen til å fremme
folkehelsa. Musikk og kultur vil
vere viktig å ha på programmet.
Kristne radioprogrammer på
ulike språk vil vere viktig for å
nå ut med den glade bodskapen
om han som blei menneske, vår
bror og vår frelsar. Undervisning
og praksis vil gje elevane nyttig
praksis i å forbereie og gjennomføre formidling av evangeliet offentleg . Her vil vi jobbe
saman med elevane i forkant
og gje evaluering i etterkant.
Dette blir nyttig og god erfaring
for alle partar.
Aadama Bah er i full gong med
å få dei formelle bitane på
plass. Han har god kunnskap
om dette og veit kva kanalar ein
må bruke for å få dette
til. Han driv allereie
no radioarbeid blant
6
FotogrAF AAdAmA BAH
fulanerane med utgangspunkt
i fulanersenteret i Mahina. Han
er sjølv tidlegare elev på bibelskulen.
Straum er kjekt å ha. Kunne du
tenkje deg ein kvardag utan
straum; utan elektrisk lys, utan
oppvarming, straum til pc og
fjernsynet. Dette er kvardagen
på bibelskulen. No gler vi oss til å
få innlagt straum på bibelskulen.
Dei formelle tinga er på plass.
Me manglar kun to stolpar som
kjem så snart vegane har tørka
opp etter regntida. No meiner
dei at vegane snart er ok slik at
transportørane vågar seg ut på
vegen. Fram til no har faren vore
for stor for at transportørane med
sin lastebil kunne setje seg fast i
eit gjørmehol og i verste fall bli
verande der i fleire dagar om dei
var uheldige. Innan utgongen av
november håpar vi dette vil vere
i orden.
gjermund Lygre
BIBELHELgA
12.,13. OG 14. oktober på Rygg
bedehus er blitt noko me ser tilbake på med takksemd og glede.
Kurt Hjemdal er ein mann som
er på farten støtt og stadig,så
det gjekk eit år etter han vart
kontakta før me fekk møta han
her i Etne.Men den som ventar på
noko godt kan venta lenge.
Me møtte han på bedehuset på
Rygg fredagskvelden, der me
fekk eit interessant og levande
møte med Paulus i Efesus og
menigheten der.Tema for bibeltimane var dei tre første kapitla
i efeserbrevet,og emna for kvar
time var 1. Velsigninga i Kristus
2.Guds veldige makt 3. Nådens
under og den fjerde timen fekk
me innføring iHan kan gjera meir
enn alt.
Dette var ei grundig og solid undervisning som ga oss alle veldig
mykje.
Det var høve til å stilla spørsmål
etterbibeltimane,men me hadde
fått så mykje at spørsmåla forsvann!
Etter bibeltimen fredag var
det kaker,kringle og kaffi m.m.
Laurdag var det matpause
midt på dagen med nydeleg
risengrynsgraut,kaffi og kaker.Så
var me klare for meir undervisning.
Kurt Hjemdal har vore sokneprest
i ti år og i ti år var han lærar på
bibelskulen i Grimstad.Han har
og vore lærar på bibelskulen i
Staffelsgata i Oslo mellom mykje
anna.Nå gler me oss til ny bibelhelg neste haust.Då kjem han att,
og vil fortsetja med dei tre neste
kapitla i efeserbrevet.Me håpar
den nye kyrkja er i bruk då,for me
treng større plass….
Han tykte det var litt rart å koma
til Etne og bli kalla far til Per,han
var helst van med at folk sa at Per
var sonen hans!
Bibelhelga vart avslutta med
gudsteneste i Gjerde kyrkja,og
det han sa der trur eg me som
var tilstades tenkjer på rett som
det er.
S.Ur Berge
og misjonsvenene der Då han
siterte noko frå Bibelen på gassisk
smilte og nikka Marie Sørhus.Ho
er tidlegare madagaskarmisjonær
som snart er nitti år og var vel
den einaste som forstod det som
vart sitert! Me andre måtte få
det oversatt.Han las og ei helsing
fråEivind Haugli,som er leiar i
Stavanger region for NMS.
Solveig L.Jekteberg bar fram ei
helsing frå NMS i Etne og gav
dei seks medlemene i foreninga
kvar si vakre rose til takk og oppmuntring.
Fleire bar fram helsingar og det
kom inn ei fin gåve til misjonsarbeidet,9560 kroner
Som det seg hør og bør på ein
bursdagfest var det mykje god
mat og kaffi ..og bursdagskaker!
Me gjekk heim i stor glede og
takksemd og med kallet til å delta
vidare i arbeidet klingande i øyro.
grINdHEIm mISJoNSForENINg 125 År
Torsdag første november var det
stor misjonsfest på Rygg bedehus
i Etne Sigrid Bjørgen opna festen
og sa at nå er foreninga vår 125 år
og me som er med der er nesten
like gamle! Det er nå ikkje radt
så gale, men over åtti er dei alle
saman! Det står respekt av den
gleda og pågangsmotet dei viser
i arbeidet for misjonen! Rop det
ut med hjertets jubel var opningssongen
Foreninga vart starta 1887 og den
første leiaren var Peder Grindheim.På foreningsmøta karda og
spann dei ulla og så strikka dei
Det er vanskeleg å tru at leiaren
deltok i det arbeidet,men som det
høvde seg i den tida måtte dei ha
ein mann til leiar.
Klaus Muff var talar og snakka
over teksten om Marta og Maria
som fekk Jesus på besøk.Å sitja
ved Jesu føter og lytta til det han
seier er det eine nødvendige.
men etterpå krevst det handling!
Misjonsoppgåva er lagt på oss:Gå
difor ut
Aksjonskoret frå Aksdal gledde
oss god og vakker song Song
gjorde også Anne Karin Førland
frå Haugesund og Solveig Lunde
Jekteberg viste nokre bilete frå
gamle dagar i foreninga.Me såg
mange som hadde teke på seg
ansvar i foreninga men som nå er
borte.Kor er dei som skal ta opp
arven og føra den vidare etter
som åra kjem?
Jakob Vea ,som er med i regionstyret, var glad for at Etne er
blitt med i Haugaland område i
Stavanger region og ynskte oss
velkomne.Han fortalde frå misjonsarbeidet på Madagaskar
der han hadde vore med på å
utvikla landbruksarbeidet.Og
han fortalde om kor godt det var
å sitja på gudsteneste på Madagaskar og høyra dei be for Norge
7
Sigrid Ur Berge
Etter nokre
få , men intense
veker med maling, vasking, snekring og tilrigging, kunne
me med stor spenning og mange sommarfuglar i magen endeleg opna Etne bruktbu
fredag 9.november.
Mange interesserte stod i kø i pøsregnet utanfor gamle ”Sæbøhuset” då dørene gjekk opp
8
kl 16. Nokon
hadde allereie sett
seg ut ting dei ville ha, etter
å ha kikka i utstillingsvindauget. Andre
gjekk grundig til verks for å finna ”skattar”
som kunne vera gøymt innimellom alle varene
som var plasserte rundt om i reolar og diskar.
Sportsutstyr, leiker, gamle orgel, møbler, steintøy, smykkar, bøker, dukar, gardin. Det er nes-
Johs. Lundal & Sønner AS
Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80
Ølensvåg
Tlf. 53 76 82 03
ten ikkje ein ting du ikkje finn i Etne Bruktbu!
Det mest utrulege og flotte blir levert inn frå
gåvmilde etnebuar. I butikken blir varene vurdert og verdsett av ei prisnemnd, for deretter
å få sin spesielle plass i utstillinga. Etterkvart
som hyllene tømmast, blir nye skattar sett på
plass. Alltid nye og spennande ting å finna.
Med god fyr i omnen, nytrekt kaffi på kanna
og litt godt å bita i, er det også høve til å slå
seg ned i ein av godstolane for å ta seg ein
prat med kjente og utkjente sambygdingar.
Sosialt samvær og god, heimekoseleg stemning er noko som Etne Bruktbu har lyst å vera
kjent for.
Etne Bruktbu er eigd av Etne Sokneråd, men
eit styre på 7 personar har ansvaret for den
daglege drifta. Hovudmålet er å samla inn
mest mulig pengar til den nye kyrkja som er
under oppføring. Butikken skal vera open 4
dagar pr veke og for at det skal kunna la seg
gjera, er styret er avhengig av mange gode
medarbeidarar. Ei vaktliste er tilgjengeleg i
butikken, slik at folk som har lyst til å gjera
ein innsats kan skriva seg opp på den dagen
eller den vakta som passer best til ei kvar tid.
Ideen med å starta ein bruktbutikk kom etter
loppemarkedet på bedehuset sist haust. Altfor
mange godt brukbare ting måtte kastast, noko ingen syns var kjekt.
Bygda har vore enormt positiv til dette tiltaket,
Johansen Rør AS
Skånevik
Tlf. 53 77 12 50
og det er masse lovord å høyra kvar einaste
dag. Dette gir inspirasjon og pågangsmot! Alt
arbeidet vert gjort på dugnad, og lokale firma
har støtta oss både med maling, tapet og anna
nødvendig materiell og utstyr. Stor takk til alle
som har bidratt! Stor takk og til utleigar som
har gitt oss muligheten til å realisera dette
prosjektet!
Til slutt sender me igjen ut ønske om å ta imot
alle mulige varer (utanom klær og kvitevarer),
og eit minst like stort ønske om at frivillige
melder si interesse for å vera medarbeidarar
i eit veldig spennande og gjevande prosjekt!
Reidun Sande
Etne E- lag
5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55
Når dagen er på hell tenn lys
med kraft frå eigne fjell!
9
LIVETS
GANG
ETNE
DØYPTE:
16. september, Grindheim
Hannah Stølås Sævareid
7. oktober, Grindheim
Theodor Kleppe Askvik
14. oktober, Gjerde
Eline Selland Tesdal og
Edvard Børretzen
21. oktober, Enge bedehus
Morten Hustoft Sortland,
Johanne Holter Vae, Signe
Rebekka Holter Vae og Linnea Holter Vae.
VIGDE:
1. september, Grindheim
Jorunn Wathne og Svein
Kjetil Løhaugen
8. september, Stødle
Maria Giessing Kallevik og
Jone Rødde
15. september, Stødle
Jorunn Taraldsøy og Øyvind
Eide Grindheim
6. oktober, Stødle
Hilde Synnøve Jacobsen og
Hans Martin Harboe
GRAVLAGDE:
13. september, Stødle
Sigrid Elisabeth Tesdal
28. september, Grindheim
Arne Håland
10
J
ulapapire’.
Du må ta vare på julapapire’, Harald – sa mor
mi ett år. Me sat oppi de’ heilt te knes. Eg sko
nett i kjedlaren itte ei øskja te å trø alt neri.
Du må ta vare på julapapire’, sa mor mi, å så
blei me i staden sitjande å leggja det fint i hop
så om det va’ silkelommaplagg å damaskdukar.
Det e’ forresten ikkje berre mor mi så har sagt
disse kjende ordo. Di fleste i vår slekt seie det
itte di har fylt førti.. Så der e’ mykje julapapir i
slekto. Sko der bli krisetider å folk mangla papir
te pakkane sine, kan di berre koma te oss.
For me samla ikkje på papir. Me broka det. Det
Ei lito julaforteljing.
Tileigna slekto mi.
Utan den konne dinna
litla julaforteljingo
ikkje blitt te.
sirkulera i slekto. Mong ei jul drege me kjensel på ett papir me har sitt før. Å det e’ alltid
gilde stonder, me kan ofta bli sitjande i longe
å koselige samtalar utøve julafteskvelden. Då
snakka me om ka år me sende det ifrå oss å
lure på adle plassene det har vore innom si sist.
Enkelte av julapapiro i slekto fere te å bli reine
klenodier, å somme kan me spora tebake te
åro lika itte krigen. Di har gått monge rondar å
e’ sletne ittekvart. Små e’ di og, for serligt itte
dinna teipen kom i brok, må me kløppa noko
av, kvart år. Nå egna di seg berre te di minste
Jule- og nyttårsgudstenestene i Etne og Skånevik:
Julaften:
Fjæra Grindheim Gjerde Skånevik kl. 13.30: Grønnevik
kl. 14.30: Hjemdal kl. 16.00: Hjemdal
kl. 16.00: Grønnevik
1. juledag:
Skånevik kl. 12.00: Grønnevik
kl. 12.00: Kurt Hjemdal/Per Hjemdal
Stødle 2. juledag:
Frette kl. 11.00: Hjemdal
Nyttårsaften:
Skånevik kl. 17.00: Grønnevik
1. nyttårsdag:
Stødle kl. 12: Hjemdal
4. oktober, Grindheim
Henrik Emil Sande
24. oktober, Gjerde
Sigurd Sævareid
1. november, Stødle
Trygve Gravelsæter
30. november, Grindheim
Gerda Klara Almeland
SKÅNEVIK
pakkane. Men det e’ ett kjert gjensyn kvar gong
di dokka opp.
Serlig ett e’ eg gla i. De’ ha’ føllt meg heilt ifrå
den tilegaste barndommen. Eg minnes di fine,
gammeldagse fargane å de småblomstrete mønstere’. Men det e’ lenje si eg såg det. Sist va det
veldig tynt å lite – å me snakka om at det meste
sko vore gitt te Sunnhordland folkemuseum, slek
at seinare slekter konne ha gleda av de’. Men eg
tru’ de’ blei me’ tonkjen. Så nå sete eg å lure på
kor i slekto det e’ nett nå – å om det kjeme te å
liggja onda ett julatre ditta åre’ og.
HG
Samarbeidsmøte om diakoni i Skånevik.
10. oktober hadde diakoniutvalet invitert til
samarbeidsmøte i kyrkja og mange møtte,
Berit Håland (Frivilligsentralen), Sigrid Olaug
Sævareid og Marta Sveen (Skånevik helselag)
Ingebjørg Rullestad (Måndagskaffien/Psykiatritenesta), Dagny Ness (Føremiddagstreffet)
Sokneprest Harald Grønnevik, Liv Tungesvik,
Bjørg Astrid Sævareid og Torbjørg Grønnevik
(Diakoniutvalet).
Leiar i diakoniutvalet, Liv Tungesvik minna om at
diakoni er kyrkja sitt kroppsspråk og las likninga
om Den miskunnsame samaritanen.
Sokneprest Harald Grønnevik innleia om emnet: Kva er det mest nødvendige av diakoniarbeidet i kyrkjelyden vår?
Han understreka først verdien av den uorganiserte diakonien som mange gjer i det stille, ved å leva
eit enkelt kristent liv på den staden der dei bur.
Elles er det mest det feltet Diakoniplanen
kallar KONTAKT OG FELLESSKAP som pei-
kar seg ut: Besøksteneste i heimane og på
institusjonar, opne og uformelle kyrkjekveldar, kyrkjekaffi, kyrkjeskyss og sorggrupper.
Det er og ynskjeleg og viktig at kyrkja blir
ein del av lokalsamfunnet og ikkje ein isolert
sektor. Det oppnår ein både ved at kyrkja
samarbeidar med lag, organisasjonar og
kommune og ved at aktive kyrkjefolk engasjerar seg direkte i andre samanhengar.
Skånevik sokneråd er alt medeigar i Frivilligsentralen og samarbeidar om måndagskaffien på
Gjestgjevargarden og føremiddagstreffet på
bedehuset.
Det fylgde ein god samtale. Ein var inne på
overføringa frå kyrkja til omsorgssenteret,
besøkstenesta, blomehelsinga ved store dagar,
kyrkjelydsturar og mannsarbeid.
Eit særleg ynskje er det at fleire tenkjer over om
dei kunne ta dei i besøkstenesta og melder seg
HG
som besøksvener.
DØYPTE:
23. september, Skånevik
Vilde Johansen Winterthun,
Carmen Åsheim Karlsen, Filip
Helland Åsheim og Liam Vika
Knudsen.
7. oktober, Skånevik
Simon Svendsen Nedreskår
GRAVLAGDE:
10. august, Skånevik
Sigurd Gundersen
14. september, Skånevik
Gunnhild Marie Enge
2. november, Skånevik
Ragnvald Vannes
28. november, Skånevik
Knut Jespersen
29. november, Fjæra
Lars Austrheim
BISTEJING:
12. september, Skånevik
Siri Sunniva Endresen
2. november, Fjæra
Audhild Gundersen11
Det var etter Impuls i Stavanger i februar at kontakten blei oppretta mellom ungdomsleiarar frå Etne
og Bore på Jæren. Etter ein del kontakt og på initiativ og pågangsmot frå Gerd Elin Kringlebotten, inviterte styret i Nettkaféen ein gjeng frå Bore oppover siste helga i november.
Seminar om tru og kristent liv, olympiske leikar av ymse slag, ungdomsmøte i Gjerde kyrkje og sein
kveldsmat saman med ein triveleg gjeng ungdommar ein just var blitt kjent med, ga også dei påmeldte
frå Etne ein boost og ei god oppleving av kristent fellesskap større enn berre innanbygds.
Og kven veit, kanskje er det vår tur å ta reisa neste gong?
NMS har planlagt to møter og eit misjonsstevne våren 2013
Misjonsmøte søndag 10. februar kl 19.30 talar : Roar Vik
Misjonsstevne lørdag 9. mars kl 14.00
Misjonsmøte søndag 14.april kl. 19.30
Begge møtene og stevnet skal væra på Enge bedehus.
12
Barnas kjære julesong
Prestekona gustava Kielland skreiv
”o jul med din glede”
For mange barn er julesongen ”O jul med din glede”
ein av dei kjæraste. Den har ikkje fått rom i nokon
salmebok, men i alle julesong-hefta er den med, og
det er vel ikkje ein julefest utan at barna ”svinger seg i
kretsen og neier”. Den har ikkje det stemningsfulle og
høgtidelege over seg som ”Eg er så glad kvar julekveld”. Men den er så lys og lett, så tindrande glad, og
barneaugo strålar når dei festkledde går rundt juletreet og jublar og syng: ”Vi klapper i hendene, vi synger
og vi ler”.
I nokon kjeldar heiter det at songen blei skriven ned
på sjølve julekvelden – av prestekona Gustava Kielland.
Ho var fødd i 1800 og levde til ho var nesten 90 år
gamal. Gustava Kielland var interessert i både litteratur
og musikk. Som lita jente byrja ho å lage rim og vers.
Ho har skrevet ei rekke smådikt til glede for både stor
og liten. Eit av desse dikta er ”Liten Ekorn Satt” som
dei som var born på 60 opp til og med barn i dag kjenner, blant anna frå ”Barnas store sangbok” (1963).
Gustava Kielland stifta den første misjonskvinneforeininga i vårt land og har fått tilnamnet ”kvinneforeiningas mor”. Vi har mykje å takke den fromme prestekona
for, og ikkje minst julesongen ”O jul med din glede”.
Det er på det reine at det er ho som har skrive songen,
men det er også mykje som talar for at dei fleste av
rima hennar ikkje er komen på trykk. Kanskje satt ho
og klunka på klaveret. Som ho no satt der denne høgtidskvelden høyrde ho ei av jentene i prestegarden – ei
fattigjente som het Tone og som dei hadde teke til seg
medan dei var på Finnøy – synge ute i kjøkenet. Ho tok
seg til å lytte etter og spurde Tone kva ho song. ”Det
er noe eg har høyrd Svenske-Stine hos landhandlaren
synge” svara jenta. Det skal visst vere ei julesong, men
ikkje ein alvorleg ein slik som våre. Eg trur Stine syng
”Vilje I veta og vilje I forstaa”.
Gustava Kielland fekk Tone til å synge om att til ho
hadde heile melodien. Snart var arket fullt av verseliner. Klavertonane fylde den julepynta stua, og Gustava
Kielland song.
O jul med din glede
O jul med din glede og barnlige lyst,
vi hilser deg alle velkommen.
Vi hilser deg alle med jublende røst
ti tusene ganger velkommen.
Vi klapper i hendene,
vi synger og vi ler,
så glad er vi, så glad er vi.
Vi svinger oss i kretsen og neier.
I Østerlands vise, I tre stjernemenn,
vi vet jo hvorhen I vil drage.
Ti vi ville også så gjerne derhen,
og Eder på reisen ledsage.
Så rekker jeg deg da med glede min
hånd,
kom skynd deg å gi meg den annen.
Så knytter vi kjærlighets hellige bån
d,
og lover å elske hinannen.
Og en gang vi samles i Himmelens sal
og synger om jul med sin glede.
Vi takker og jubler i tusene tall,
i himlen for tronen vi trede.
Om ute det stormer og regner og sner
,
det kan oss jo slett ikke skade.
For julen og freden oss alle er nær,
og vi ere fromme og glade.
13
Me tar oss av alle gjeremål
i samband med
dødsfall og gravferd
i Etne og omegn.
- med heile vegen
Etne Gravferdsbyrå
5590 Etne - Tlf. 53 22 50 10 - Døgnvakt
Etne senter - Tlf. 53 75 60 44
Sunnhordland Mek Verksted AS
Skånevik - Etne
Tlf. 05555
14
Tlf. 53 77 12 00
Kyrkja – Adresser
Kyrkjas tilbod til barn og unge
i Etne og Skånevik
Søndagsskulen
Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65
Tripp Trapp Treff
Tripp trapp treff på Enge bedehus anna kvar onsdag.
Sjå etter plakat.
Det blir treff annakvar onsdag utover hausten.
Er du ein vaksen - ei bestemor eller bestefar - som har lyst
å hjelpe med praktisk arbeid er du hjarteleg velkommen til
å ta kontakt med Astrid på kyrkjekontoret.
Skånevikspeidaren
Småspeidarane: 3. og 4. klasse
Storspeidarane: 5.-10. klasse
Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30.
Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186
Etne Soul-Children
Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annakvar veke torsdagar kl 15.30-17.00
Enge bedehus. Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945
Fredagsklubben
Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse. Enge bedehus kl 18.00-19.30
Gruppeaktivitetar, song og andakt
KFUK-KFUM speidarane
Oppdagarane frå 3.-4. klasse. Annakvar tysdag kl 18-19.30.
Kontaktperson Marta Onstein 480 95 999
Vandrerar frå 5. klasse. Møte ein laurdag i månaden kl 11-15.
Kontaktperson Ingunn Frette 474 19 364
www.etnespeidar.com for meir informasjon.
Etne Nettkafè
For ungdom frå 8. klasse og oppover.
Annakvar fredag på Enge bedehus kl. 20.00-23.30.
Bordtennis, biljard, internett, Wii, PS3, Xbox,
kiosk, pizza, prat, samling med lystenning osv.
Etne kyrkjekontor
Postboks 6, 5591 ETNE
tlf. 53 77 11 70
Heimeside: www.etne.kyrkja.no
Soknepresten i Etne,
Per Hjemdal.
53 77 11 72 / 411 26 549
[email protected]
Soknepresten i Skånevik,
Harald Grønnevik. 922 51 816
Kontortid: Onsdag kl. 10-13
i Skånevik prestegard.
[email protected]
Kyrkjeverje
Aud Jorunn Baustad
960 16 864
[email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar
Astrid Askeland Johnsen
[email protected]
Organist Vikar
Harald Sævik
[email protected]
Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar
Bjørn Stødle
971 68 514
Kyrkjelydssekretær
Mette Tøsse Voll
[email protected]
Soknerådsleiar i Etne
Pål Atle Baugstad
53 75 49 96 / 416 06 945
Soknerådsleiar i Skånevik
Eli Garvik
53 75 59 74
Fellesrådsleiar
Harald Lindevik
53 75 44 74 / 975 89 056
15
gudstenester
våren 2013
dato
Søndag
Stad
KL
type
Prest
Gjerde
12.00
Høgmesse
Hjemdal
06.jan Kristi åpenbaringsdag Fjæra
17.00
Høgmesse
Hjemdal
06.jan 2. s i åpbtiden
Stødle
11.00
Høgmesse
Grønnevik
13.jan 2. s i åpbtiden
Skånevik
11.00
Høgmesse
Grønnevik
20.jan 3. s i åpbtiden
Gjerde
11.00
Familie
Hjemdal
27.jan Såmannssøndag
Frette
11.00
Høgmesse
Grønnevik
03.feb Kristi forkl.dag
Grindheim
11.00
Høgmesse
Grønnevik
10.feb Fastelavnssøndag
Enge
11.00
Familie
Hjemdal
10.feb Fastelavnssøndag
Skånevik
11.00
Familie
Grønnevik
For julegudstenester sjå side 10
01 .jan Jesu navnedag
17.feb 1. s i fastetiden
Grindheim
11.00
Høgmesse
Hjemdal
24.feb 2. s i fastetiden
Fjæra
11.00
Høgmesse
Vikar ? (HG)
03.mar 3. s i fastetiden
Gjerde
19.00
Høgmesse
Hjemdal
03.mar 3. s i fastetiden
Skånevik
11.00
Høgmesse
Hjemdal
10.mar 4. s i fastetiden
Stødle
11.00
Høgmesse
Vikar ? (HG)
17.mar Maria budskapsdag
Enge
11.00
Familie
Hjemdal
17.mar Maria budskapsdag
Skånevik
11.00
Familie
Grønnevik
24.mar Palmesøndag
Frette
17.00
Høgmesse
Grønnevik
24.mar Palmesøndag
Skånevik
11.00
Forteljemesse
Grønnevik
28.mar Skjærtorsdag
Gjerde
19.00
Høgmesse
Grønnevik
29.mar Langfredag
Grindheim
11.00
Pasjonsgudsteneste Hjemdal
29.mar Langfredag
Skånevik
18.00
Pasjonsgudsteneste Hjemdal
30.mar Påskenatt
Stødle
23.00
Påskenatt
31.mar 1. påskedag
Skånevik
12.00
Høgtidsgudsteneste Hjemdal
31.mar 1. påskedag
Stødle
12.00
Høgtidsgudsteneste Grønnevik
01.apr 2. påskedag
Fjæra
11.00
Høgmesse
16
Endringar kan skje. Fylg med i grannar!
Begge
Grønnevik
Vil du vere med
å byggja kyrkje
i Etne?
Vi seier takk for alle gåver!
Send gjerne ein epost om du vil
vite meir om fast gjevarteneste.
Kontonummer
3543.13.50007
Epost:
[email protected]