Nr.4 - Kyrkja i Etne og Skånevik

Kyrkjeposten
Årgang 10 Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn
Nummer 4 desember 2011
n Lyset skal
stråla
side 2-3
n Biskopens
Julehelsing
side 6
n En brennheit dag i
Klokkarhagen
side 7-9
n Gud gir,
vi deler side 10
n Bedehusbasar
side 14
«Guds kjærleik»
tolka av 15-åring
i Etne
1
n Framsida
Som eit tilbod til eks-konfirmantane, tilbyd kyrkjelyden
Loved – eit vidare steg inn i
trua. På fyrste samling handla det om Guds kjærleik,
og utfordringa var: Mal eit
bilete med tema Guds kjærleik. Så fekk 10-klassingane
boltre seg med fingermaling, som dei ikkje hadde
gjort sidan barenhagen. Eit
resultat ser de på framsida.
L
Andakt til
Kyrkjeposten av
Solveig Lunde
Jekteberg
Frist for innlevering av stoff
til neste nummer: 29. februar
Stoff sendes til
[email protected]
2
yset skal
Det folket som går i mørket, ser eit stort lys; over dei
som bur i dødsskuggelandet skal lyset stråla.
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder, og han har fått
namnet : Underfull, Rådgivar, Veldig Gud, Evig far ,
Fredsfyrste.
(Jesaias 9.)
Ein ung gut innlagt på sjukehuset i Ngaoundere i
Kamerun kom til tru på Jesus gjennom samtalar med
sjukehuspresten i sjukdomstida si. Guten vart døypt
og ville læra meir om Jesus. Då mora og faren fekk
høyra dette, ville også dei verta kristne. Ikkje nok med
det, men fem andre i familien ville og læra Jesus å
kjenna og verta døypte.
Over dei som bur i dødsskuggelandet skal lyset stråla.
Jesus – Verdens lys , fekk stråla inn i denne heimen og
bryta mørket si makt.
Josef og Maria skulle til Betlehem for å la seg
innskriva i manntal.”Til Betlehem - det er jo så langt”
sa Maria. Maria var gravid og venta barn. Tenk om ho
fødte medan dei var undervegs! Etter ei lang reise til
Juleandakt
stråla
fots, nådde dei fram til Betlehem der Maria fødte Jesus,
Verdens Frelsar.
”En krybbe var vuggen som ventet ham her, det lille barn
Jesus, vår Frelser så kjær.”
Ei gruppe gjætarar var same natt ute på Betlehemsmarka
og heldt vakt over sauene og geitene sine. Gjætarane prata
saman. Flammane frå bålet lyste opp og varmde.
Plutseleg ser dei eit stort lys og ein engel på himmelen.
Gjætarane vettskremde!
”Ka er dette? Ka seie engelen? Høyr!”
I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by, han er
Messias, Herren.
Plutseleg var himmelen full av englar som song og lovpriste
Gud. Ære være Gud i det høgste , og fred på jorda , blant
mennesker Gud har glede i.
”Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.
Så høyt er jeg elsket av Jesus min bror
Han kom fra Guds himmel. Gud selv var han lik,
men Jesus ble fattig og jeg er blitt rik.”
Tankane går tilbake i tid – kontrastane er store. Førjulstid i
Kamerun - var ei god tid til å dra på evangeliseringsturne til
folket i dei små landsbyane lengst inne i bushen. Dårlege,
uframkommelege vegar, små jordhus med stråtak der
folket budde, ikkje bilar, ikkje utstillingar i butikkvindu som
lokkar til julehandel, ikkje eit einaste blinkande reklamelys,
ingen julegater med tende julelys.
Kvelden og mørket kom fort. Små bål vart tende - folk
sette seg rundt båla, varma seg og prata. Over oss, Afrikas
stjernehimmel – ”der himmlens stjerner blinka ned til liten
og til stor”
Ein merkbar stillhet. Juleevangeliet – den gode nyheten – I
dag er det født dykk ein frelsar i Davids by, han er Messias,
Herren - vart forkynt i ord og ved hjelp av flanellograf til ein
lydhøyr forsamling.
Ei verdifull oppleving- blant mange gode minner frå
Kamerun. Jesus - Lyset frå det høge - fekk stråla til folket i
landsbyen denne førjulskvelden. Eg - langt heima frå Norge
– men ”så nær, så nær” Betlehemsmarka og underet som
skjedde julenatt.
Og over by og land i kveld går julens glade bud om han
som fødtes i en stall - vår Frelser og vår Gud.
Velsigna julehøgtid!
3
Kyrkja – Adresser
Etne kyrkjekontor
Postboks 6, 5591 ETNE
tlf. 53 77 11 70
Heimeside: www.etne.kyrkja.no
Soknepresten i Etne,
Per Hjemdal.
53 77 11 72 / 411 26 549
[email protected]
Soknepresten i Skånevik,
Harald Grønnevik. 922 51 816
Kontortid: Onsdag kl. 10-13
i Skånevik prestegard.
[email protected]
Kyrkjeverje
Aud Jorunn Baustad
960 16 864
[email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar
Astrid Askeland Johnsen
[email protected]
Søndagsskulen
Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65
Tripp Trapp Treff
Tripp trapp treff på Enge bedehus anna kvar onsdag.
Sjå etter plakat.
Det blir treff annakvar onsdag utover hausten.
Er du ein vaksen - ei bestemor eller bestefar - som har lyst å hjelpe med
praktisk arbeid er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med Astrid på
kyrkjekontoret.
Skånevikspeidaren
Småspeidarane: 3. og 4. klasse
Storspeidarane: 5.-10. klasse
Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30.
Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186
Etne Soul-Children
Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annkvar veke torsdagar kl 19.00-20.30
Enge bedehus. Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945
Organist
Solveig Sørheim
[email protected]
S-klubben
Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar
Bjørn Stødle
971 68 514
Fredagsklubben
Soknerådsleiar i Etne
Pål Atle Baugstad
53 75 49 96 / 416 06 945
Soknerådsleiar i Skånevik
Eli Garvik
53 75 59 74
Fellesrådsleiar
Harald Lindevik
53 75 44 74 / 975 89 056
4
Kyrkjas tilbod til barn og unge
i Etne og Skånevik
Tilbod til barn frå 1.-4. klasse. Annakvar torsdag kl. 17.30-18.30 på
Grønstad skule. Kontaktperson: Aud Jorunn Baustad tlf 975 73 021
Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse. Enge bedehus kl 18.00-19.30
Gruppeaktivitetar, song og andakt
KFUK-KFUM speidarane
Oppdagarane frå 3.-4. klasse. Annakvar tysdag kl 18-19.30.
Kontaktperson Marta Onstein 480 95 999
Vandrerar frå 5. klasse. Møte ein laurdag i månaden kl 11-15.
Kontaktperson Ingunn Frette 474 19 364
www.etnespeidar.com for meir informasjon.
Etne Nettkafè
For ungdom frå 7. klasse og oppover. Annakvar fredag på Enge bedehus
Aktivitetar: Internett, X-box, biljard, bordtennis, pizza, kiosk, samling
m.m. Siste halvtimen ryddar og vaskar me.
Nettside: [email protected] (google-lenk)
Ny liturgi innførast!
Frå 1. sundag i advent i år, dvs omtrent no som du
sit og les i Kyrkjeposten, blir det innført ny liturgi
i heile den norske kyrkja. Ikkje så å forstå at alt vil
bli annleis over natta, men litt etter litt kjem det
sigande. I fyrste omgang er det berre bibeltekstane
som vert endra, det vil bli lest i ein krins på tre år
i staden for to som no, og tilfanget av bibeltekstar
blir altså vidare og meir omfangsrikt.
Men frå 1. sundag i advent 2012, skal alle kyrkjelyder, også i Etne og Skånevik, ha på plass ein ny,
stadegen liturgi som skal vere gjennomarbeid av lokale folk og tilpassa vårt lokalsamfunn. Den skal så
evaluerast om 2-4 år, og evt arbeidast vidare med.
Som eit ledd i dette arbeidet, og for å bli kjend med
nytt materiale for gudstenesteleg bruk, vil vi frå januar av ha ei open liturgisk samling i Gjerde kyrkje
kvar torsdag morgon kl. 0900.
Då vil vi øve på den nye liturgiske musikken som
kjem, vi vil dele ord frå den nye bibelomsetjinga,
før vi feirar nattverd i lag. Vi vil også prøve å syngje
oss gjennom iallfall ein liten del av den nye salmeboka som kjem.
Så til deg som ikkje er redd for ei liturgisk utfordring, som synes det kunne vere godt å starte dagen i kyrkja, som har lyst til å vere med påverke dei
vala som skal tas med tanke på ny liturgi – hjarteleg
velkommen kvar torsdag morgon til tre kvarter i
Gjerde kyrkje! PH
Skånevik kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt:
Bygger nytt undervisningsbygg på Bibelskolen i Bafoulabé
Nå er vi igang med byggingen. Et gammelt falleferdig bygg er revet. Mureren startet midt i oktober
med å sette opp jern til veggene, bildet er tatt på
fredag 21. oktober, og håpet vårt er nå, at når elevene starter i januar 2012, skal man kunne undervise i fine, nye rom, uten å frykte at taket vil falle
ned i hodet på oss. Vi vil takke alle som er med og
støtter denne byggeprosessen med midler og med
forbønn. Dere er med i dette viktige arbeidet: å
utruste ledere til kirken her, som selv kan undervise
og rettlede andre (2.Tim 2,2)
Det er den første av to moduler som bygges nå. I
denne modulen vil vi få et klasserom, og tre kontorer som kan brukes av lærerne til kontorer, til bibliotek med mer. Vi bygger nå stort sett alle hus med
flate tak slik at det går an å sove på taket. Dette vil
utvide overnattingskapasiteten vår på bibelskolen.
Vi har særlig behov for mange overnattingsplasser
når vi har kurser, leirer og seminarer og det nye
huset er godt tjenlig i så måte.
LIVETS
GANG
ETNE
Døypte
11. september, Stødle
Iben Sofie Sørheim
18. september, Gjerde
Alida Skålerud
Bastian Lunde Sørheim
2. oktober, Grindheim
Simen Berge Lillegraven
Maren Vevatne
Konrad Hjelvik
Herman Handeland Ekornrud
23. oktober, Grindheim
Madelen Näslund Haugen
Oline Svantesvold Flatebø
12. november, Innfjorden
bedehuskapell
Leo Valentin Sørheim
Vigde
17. september, Grindheim
Kristina Kringlebotten og
Fridtjov Middelthon
Gravferder, Etne
22. september, Grindheim
Henrik Andreas Frette
23. september, Stødle
Aud Torunn Østrem
26. oktober, Gjerde
Aslaug Lindvik
Be om:
Et godt og tjenlig bygg
Om Guds ledelse
Om god rekruttering til bibelskolen og seminarer
Om god helse for både lærere og elever
Gjermund Lygre
5
LIVETS
GANG
Skånevik
Døypte
25. september, Skånevik
Johannes Sævareid
Winterthun
William Sævareid.
16. oktober, Skånevik
Robert Matre
22. oktober, Skånevik
Anna Garvik Arefjord
Vigde
22. oktober, Skånevik
Jon Helge Arefjord og
Hege Garvik.
Gravlagde
7. september, Fjæra
Johanne Gundersen
10. september, Skånevik
Bjarne Mikal Risøy.
16. september, Skånveik
Arthur Berdines Røgelstad
Julehilsen
Guds ord og
Guds kroppsvarme
Det er ikkje alltid sant at ”taushet er gull”. Nokre gonger kan det
vere øydeleggjande å ikkje seie noko. Dersom det lenge blir stille
mellom to vener, er som regel vennskapen i krise. Og dersom
Halvor Nordhaug,
nokon vi er glade i knip munnen saman, tenkjer vi fort at noko
Biskop i Bjørgvin
er galt. Kjærleiken treng ord, gode ord.
I jula feirar vi at Ordet frå Gud er kome til oss. Gud har noko på hjarta, han
vil oss noko. I Maria si livmor skjedde det at ”Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.” (Joh 1,14). Gud grip ordet og han gjer det gjennom
snikkarsonen Jesus frå Nasaret. Slik Jesus er, slik er Gud.
Gud knip ikkje igjen munnen. Vi treng ikkje lure på kva han tenkjer om oss, men kan
høyre kva Jesus seier: ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så
kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.”
Jesus går ikkje lenger rundt slik at vi kan sjå og høyre han. Men han er hos oss framleis, og ordet hans er nær kvar og ein av oss i Bibelen. Ja, det går faktisk an å seie at
orda hans no er komne oss endå nærare. I år har vi nemleg fått ei ny bibelomsetjing.
Det er ei stor og gledeleg hending. La denne boka bli årets julegåve!
Det kan vere vanskeleg når kjende og kjære bibelord blir omsette på nye måtar. Då
den fyrste nynorskbibelen kom i 1921, skal det visstnok ha vore ein eldre mann som
sa: ”Er det ikkje lenger godt nok at Skrifta er på det språket Meisteren sjølv tala?”
Guds ord må likevel stadig omsetjast på nytt, dersom det skal kome nær oss og røre
ved oss. Språket vårt er heile tida i endring. Ord som tidlegare kunne fungere, gjer det
ikkje lenger. Medan det eksempelvis tidlegare stod om kyrkja at den var Kristi ”lekam”
(1 Kor 12), står det no at den er Kristi ”kropp”. Dette er kanskje den viktigaste endringa i den nye omsetjinga. Mens ”lekam” er noko daudt og abstrakt i øyro våre, er
kroppen levande kjøt og blod.
6
Når kyrkja blir Kristi ”kropp” blir linja trekt endå klarare til jula. Slik Jesus var ein fysisk
og levande kropp som møtte menneske sine kroppslege behov, skal også vi i kyrkja
vere ein fellesskap der menneske kan kome med heile livet sitt og kjenne noko av
Guds eigen kroppsvarme. Måtte mange menneske i Bjørgvin få oppleve kyrkja på
denne måten!
Eg ønskjer dykk alle ei glad og signa jul!
Julekveld
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.
Han låg der med høyt til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen,
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.
Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.
Jakob Sande
7
Ein brennheit
av Oddgeir Bruaset
D
et lyste i Jakob Sandes stille grend.
Men det var sola som skein, og
dagen var heit. Diktarstudenten
hadde søkt skuggen av ein stikkelsbærbusk heime i Klokkarhagen. Like fullt
sveitta han, der han sat med blokk i fang
og blyant mellom fingrane. Det var ikkje
nett enkelt å finne høgtidskjensla medan
myggen surra og kleggen beit. Men Jul
i Sunnfjord skulle ha et juledikt, og då
var det ikkje spørsmål om vind og vèr og
årstid. Det var stritt å vere diktar.
8
Han sleit seg til eit dikt, og diktet vart til
ein song, ein av dei kjæraste vi har.
Julesongen sin dikta han ein dag i sommarferien 1931. Han sat under julisola
heime i hagen og drøymde om ei klår og
kald vinternatt då ungane i tun og grend
tende sine lys til ære for den vesle som
vart fødd i eit fjernliggjande land ein gong
for lenge sidan. “Der låg han med høy til
pute,” skreiv diktaren i angen av nyslege
gras. Det var ikkje berre eit glansbilete
han teikna av soga om stjerna og stallen, det ville ikkje ha likna Jakob Sande.
Guten føddest i ein vesal stall, og han gret
på sin ringe seng. Diktaren var ikkje son
av leiaren i fattigkommisjonen for inkje.
Men det var med barnlege auge han såg
juledramaet, og han batt barnesongen i
heimegrendene saman med engelsongen
over Betlehemsmarkene. Juleevangeliet
var nært og levande.
Eit lite halvår seinare stod diktet på
trykk i Jul i Sunnfjord under tittelen “Julekveld”, innramma med englar på stjernestrødd nattehimmel over og hus og tun
i snødekte grender under.
Sjølv heldt ikke Jakob Sande julesongen
sommardag i Klokkarhagen
sin særleg høgt. “Det lyser i stille grender”
kom ikkje eingong med i noka av dei etter
kvart så talrike diktsamlingane hans. Først
da Gyldendal i 1998 gav ut ei ny utgåve av
Dikt i samling, hadde julekveldsdiktet fått sin
rettkomne plass blant andre Sande-dikt.
De fleste såg på “Det lyser i stille grender”
med langt større godhug enn det forfattaren
sjølv gjorde. Diktet var jamt å finne, både i
barneblad og i julenummer til store og små
aviser. Og stadig dukka nye komponistar opp
og ville setje tone til det. Med åra er eit ti-tal
melodiar blitt laga. Men det var Lars Søraas
d.y. som skapte den tonen som kom til å
leve, og som gjorde diktet til ein av dei mest
folkekjære julesongane vi har.
Lars Søraas d.y. var lærar i heimbyen Bergen.
Song og musikk var den store interessa hans,
og utanom å verke som musikklærar ved Sydneshaugen skole var han ein dyktig og inspirerande dirigent for ei rad kor. I arbeidet med
å fremje allsongen gav han ut songbøker både
til heime- og skulebruk. Under krigen laga
han til dømes ei allsongbok som var med på
å skape ei songglede som kom godt med i ei
tung tid, og i Bergen vart han på det næraste
legendarisk som gledesspreiar på dei mange
allsongkveldane han fekk i stand i krigsåra.
Som korleiar sette Lars Søraas d.y. djupe spor
etter seg. Men komponist kan han neppe kallast. Ein einaste gong laga han ein melodi. Til
vederlag skulle den komme til å bli sungen fra
landsende til landsende kvart einaste år ved
juletider.
Lars Søraas d.y. skulle visstnok ha oppdaga julediktet til Jakob Sande i eit barneblad, men
vi veit ikkje heilt om han laga tonen med det
same, eller om det gjekk ei tid. Truleg vart
han skapt ved pianoet i stova oppe i Brattlien
i Fløyfjellet; det var i alle fall der han heldt seg
når han harmoniserte melodiar, og det gjorde
han ofte.
Tonen til “Det lyser i stille greder” vart kjend
gjennom ei ny utgåve av hans eiga skulesongbok, som kom ut i 1948. Men etter det
døtrene hans fortel, vart melodien første
gong sungen i heimen deira ein julekveld ein
god del år tidlegare. Midt under juletregangen stogga faren og sa at han hadde lyst til å
lære dei ein ny julesong, som han sjølv hadde
vore med på å lage, og som ingen andre visste
om. Det vart ei både underleg og høgtidsam
stund der dei gjekk og song på ein juletone
som deira eigen far hadde skapt, og som dei
var heilt åleine om å syngje. Og alltid seinare
vart “Det lyser i stille greder” høgdepunktet i
julekveldsfeiringa i heimen til Søraas.
At komponisten var verkeleg oppglødd for
teksten, viste han gjennom ei julegåve som
han eit år laga til ei av jentene sine. Sirleg
hadde han skrive diktet på vakkert dekorert
papir og ramma det inn. No heng biletet på
veggen til dotterdottera.
Etter kvart tok Søraas mot til seg og øvde
inn songen med skuleklassane sine på Sydneshaugen. Elevane hans meiner å hugse
at det var så tidleg som i 1942, og då tonen
også der vart teken vel imot, lét han det store
mannskoret sitt, Bergen Ynglingeforenings
Sangforening, framføre songen under ein
julekonsert i Johanneskirken. Det var første
gongen “Det lyser i stille grender” lydde i ei
offentlig forsamling.
Før songen vart prenta, tok Søraas kontakt
med Sande og fortalde om melodien han hadde lage. På det tidspunktet var julediktet så fjernt i
minnet til forfattaren at han først
nekta for å ha skrive det. “Ein eller
annan Søraas ringde meg og sa at
han hadde sett tone til eit juledikt
han påstod at eg hadde skrive,”
fortalde han til hybelbuaren sin etterpå. “Først sa eg at eg aldri hadde
skrive noko juledikt, men så tok han
til å lese frå det, og brått kom orda
strøymande fram or minnet. Eg las
for han kvart eit ord, alle versa til
endes,” sa Sande og lo hjarteleg.
Med åra breidde julesongen til
Sande og Søraas seg utover landet, gjennom plateinnspillingar,
gjennom radio- og etter kvart også
fjernsynsprogram.
Oddgeir Bruaset har skrevet
den praktfulle boken
”Det lyser i stille grender”
– historiene om hvordan
våre kjente og kjære
julesanger ble til.
Oddgeir Bruaset:
”Det lyser i stille grender”
Genesis forlag 2009
9
Ny sjef
Ho likar ikkje overskrifta, men det
er ikkje til å koma i frå at Aud Jorunn Baustad er den nye sjefen på
kyrkjekontoret, eller kyrkjeverja,
som det heiter. Ho overtek etter
Astrid Askeland Johnsen som no
går inn i ny jobb hos oss, som trusopplæringsmedarbeidar.
Aud Jorunn er Etnejente frå
Grønstad og har alt i 20 år drive
farsgarden der saman med mannen Pål. Som skikken er der på garden, har dei og 3 jenter i familien.
Ho fortel om ein høgst variert
arbeidsbakgrunn. Etter jordbruksskule i Lyngdal var ho lærar
i Skjold, ettåring i Santalmisjonen, og i 3 år pleiemedhjelpar
på sjukehus i Linkøping, Sverige.
Etter 8 år som heiltidsbonde på
Grønstad har ho og vore assistent
på skulen og dei siste åra jobba
på leiketøysbutikk. Og no kan
ho føya til kyrkjeverje på CV-en.
Ho hadde nok ikkje kome på å søkja heilt av seg sjølv, seier ho, men
når andre nemnde tanken, tok ho
etter eindel fundering utfordringa.
Kontorarbeid, rekneskap og administrasjon har ho alltid hatt sansen for. No har Aud Jorunn nett
vore på kyrkjeverjekurs på Gardemoen, og oppdaga at ho ikkje er
einaste bonden som driv med slikt
attåt.
Den tidlegare kyrkjeerfaringa
frå Etne kjem frå barne- og ungdomsarbeid. Etter systera Marta
overtok ho barnekoret Grønstad
Songring. Eit anna arvestykke ho
fekk overlevert var S-klubben,
ei barneforening for Santalmisjonen, starta av bestemora for 85
år sidan og seinare driven av mor
Anna. Aud Jorunn har og vore ei
drivande kraft i leiren på Rygg
skule. I 20 år har den blitt halden
ei helg i februar for born i 4. til 7.
klasse. Med 40 som maxtal har Ny kyrkjeverje: Aud Jorunn
der innimellom vore venteliste. Baustad
No driv ho saman med Pål koret
Soul Children med 25 deltakarar.
Så dette skal nok gå bra. Lukka
til, Aud Jorunn!
HG
Gud gir – vi deler
Trusopplæring i Etne og Skånevik.
Den norske kyrkja har, saman med familien,
ansvar for å lære opp medlemmene sine.
Me er så heldige å ha fått tildelt trusopplæringsmidlar. På grunnlag av dette er det
oppretta ei stilling som trusopplæringsmedarbeider.
Eg er så heldig å gå inn i denne stillinga. Då
har eg ansvar for at me får laga og godkjend
av biskopen ein trusopplæringsplan innan
2013. Dette arbeidet skal gjerast saman med
sokneråda / trusopplæringsutvala. Denne
planen skal byggje på det viktige arbeidet
me alt har i kyrkjelydane våre.
Målet er at alle døypte frå 0 til 18 år,
uavhengig av funksjonsevne, skal få invitasjon frå kyrkja for å få eit godt møtepunkt
med trua. Saman med heimen skal
kyrkjelyden vere eit lærande fellesskap. Opplæringa skal bere
preg av kunnskap og opplevingar.
10
VI DELER tru og undring
VI DELER kristne tradisjonar og verdiar
VI DELER opplevingar og fellesskap
VI DELER håp og kjærleik
Gjeld dette berre familiar med born?
Nei, dette gjeld alle som vil at born og unge
i Etne skal få eit møte med Jesus! Arbeidet
med trusopplæring er nokså unikt. Vi skal
i fyrste rekkje nå alle med eit møtepunkt i
året. Det er rikeleg høve til å gjere ein innsats
utan å binde seg til å «stå i arbeidet» veke
etter veke. Arbeidet som pågår jamt og trutt
er kanskje det viktigaste vi har. Å få born og
unge i tale – om så berre for ein dag – er også
umåteleg viktig!
Difor: Som medlem i den norske kyrkja
gjeld dette deg. Alle har ei oppgåve: bøn,
praktisk arbeid, vere med å planlegge og
gjennomføre eit tilbod for ei eller fleire aldersgrupper.
Ein gong gav ein liten gut nista si til Jesus.
Jesus gjorde eit stort under
av den enkle nista. Kva kan
Jesus gjere om du vel å gje
oss ein, to, tre kveldar i løpet av eit år -? Eg vil oppfordre til å tenkje over kva som
er di oppgåve. Kva er du god på? Kva har du
lyst å vere med på? Kva tid er det best for
deg å vere med?
Det er fantastisk spennande og lærerikt å
arbeide med barn og unge. Me treng mange
medarbeidarar!
Eg skal lage ei oversikt over frivillige. Du
kan nå meg på mail: [email protected];
tlf kyrkjekontoret (tirsdag og torsdag)
53771170 eller mob: 90207421.
Vonar mange tek kontakt!
Helsing Astrid Askeland Johnsen,
trusopplæringsmedarbeider.
Sigurd sluttar
I desse dagane forlet Sigurd
den faste medarbeidarflokken
på kyrkjekontoret. Ikkje det
at han har slite stolane der så
mykje, bortsett frå stabsmøter
og matpausar. Arbeidet hans
har vore rundt på kyrkjegardane og i kyrkjene, med graving, grasklipping og anna stell,
og noko vedlikehald på bygningane. Dessutan har han
vore kyrkjetenar ved gravferder og eindel gudstenester.
I den gode flokken vår av uløna
klokkarar held han derimot fram.
Det er me glade for. Med si gode
songrøyst er han som ein gamaldags kyrkjesongar. Det går godt
å velja ein ukjend salme med
Sigurd i klokkarstolen. Han held
og fram som medlem og leiar i
KM-karane, dette forbiletlege
kyrkjelege mannsarbeidet i Etne.
Eigentleg er han bonde. I over
30 år fram til 1999 dreiv han med
kyr, gris og sau høgt oppe på
Stødleplatået. Etter det var han
dagleg leiar på Øyane ASVO og
eit par år altmuligmann på SMV
i Skånevik før han kom til oss. Og
skal han nyta nokre vekers ferie,
er han trekkfugl og reiser heilt til
Brasil der han har hus på stranda
nord for Natal, like ved ekvator.
Me lurer på kva han skal driva på med no, ung som han er,
berre 66. Han skal bli bonde att,
fortel han, og igjen overta garden. Og sonen Bjørn kjem til oss
og tek Sigurd sin plass.
Me takkar Sigurd for godt arbeid og medarbeidarfellesskap.
HG
Sigurd Stødle har stelt kyrkjer og
kyrkjegardar det siste halvanna
året
Kyrkjejubileum i Fjæra 2013
Hausten 2013 er det 100 år sidan Fjæra
kapell blei vigsla og jubileum er under planlegging. Ein komite har vore i
arbeid alt i fleire år. Der sit Laila Engdal, Jørgen Lundal, Lars Lundal, Aud
Markhus og sokneprest Harald Grønnevik.
Planen er å laga to små tilbygg ved
hovedinngangen, kjøken og toalett. Rullestolrampe skal og byggjast. Vidare vil ein
erstatta i alle høve eindel benkjer med stolar slik at kyrkja lettare kan brukast til også
andre arrangement enn gudstenester. Malararbeid innvendig og utvendig høyrer og
med om huset skal stå festklart hausten
2013.
Dato for jubileumsgudsteneste er sett til
20. oktober 2013.
Der er økonomiske midlar til å setja i gong,
men meir må til for å fullføra. Me kjem snart til å venda oss til folket med spørsmål
om både dugnadsarbeid og økonomisk
støtte og vonar at og kommunen kjem med
noko meir.
2 år går fort. Ha jubileet i tankane.
HG
11
Foto: Dag Smemo
Me tar oss av alle gjeremål
i samband med
dødsfall og gravferd
i Etne og omegn.
- med heile vegen
Etne Gravferdsbyrå
5590 Etne - Tlf. 53 22 50 10 - Døgnvakt
Etne senter - Tlf. 53 75 64 08
Sunnhordland Mek Verksted AS
12
Tlf. 53 77 12 00
Etne E- lag
5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55
Når dagen er på hell tenn lys
med kraft frå eigne fjell!
Johansen Rør AS
Skånevik
Tlf. 53 77 12 50
Tlf. 53 77 13 00
Ølensvåg
Tlf. 53 76 82 03
Johs. Lundal & Sønner AS
Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80
Etne senter - Tlf. 53 75 60 44
Skånevik - Etne
Tlf. 05555
13
Juleverkstad!
2. sundag i advent,
4. desember, blir det
STOR JULEVERKSTAD
på Enge bedehus. Vi
startar kl. 12 med
kyrkjekaffi.
NB: Velkommen
til familiegudsteneste
same stad kl 11 også!
Julekonsert
i Stødle kyrkje!
Sundag 18. november
kl. 19.
Flyt, Etne musikklag,
K/M-karane.
Fri éntre! Vel møtt
Nye ved
kyrkjekontoret
Frå 1. desember
overtek Bjørn
Stødle som
gravar og kyrkjetenar. Han tar
over stillinga
som far hans har hatt.
Frå 1. januar
tiltrer Mette
Tøsse Voll som
ny kyrkjelydssekretær i 40%
stilling. Ho vil mellom
anna ha ansvaret for
oppfølging av sokneråda,
og elles gjere sekretærarbeid
14 ved kontoret.
Mette bur i Ølensvåg.
BEDEHUSBASAREN 2011 PÅ ENGE
er blitt historie,ei flott historie.
Det var pynta til fest,mede
småbord,blomar og lys.Det seig
på med glade basarmenneske,og
til slutt måtte me dekka fleire
bord.Unge og eldre var i god
samtale,men det vart stille
då KM-karane gledde oss med
vakker song.Sigrid Bjørgen heldt
ein fin andakt der ho minna oss
om at Jesus er vegen,sanninga og
livet.Slik me måtte gå vegen til
bedehuset for å koma på basar,
må me gå livsvegen saman med
Jesus for å nå det evige livet.
Så var det tid for matøkt med
alt det gode ein kan ynskja seg
ei ettermiddagsstund.Etter kvart
vart fata tomme og åresalget
kunne ta til.
Då trekningane kom,det vart
salg i fleire omgangar, fall det
mange lystige kommentarar.Somme var veldig heldige,så det hopa
seg opp på borda,mens det vart
mindre hos andre. Me kikka oss
rundt og såg at den familien som
pla vera av dei heldigaste,ikkje
var der og tenkte at nå blir det
kanskje ein gevinst å henta for oss
andre. Men trur du ikkje dei vann
likevel då hovudtrekninga tok til!
Det var mange flotte gevinstar
som hamna hos glade vinnerar.Tre
familiar vart kjempeglade då dei
vann kvar sin juleduk Men mest
glad blei nok bonden på Eikemo
som kan gleda seg til lange, mørke
haustkveldar der han kan kosa
seg med med den fine leikefjosen
med mange slags husdyr.
Då dei innkomne pengane var
talde opp, vart det 44440,- kroner å setja på bedehuskontoen
i banken. Dei kjem vel med til
drifta av bedehuset der så mykje
barne- og ungdomsarbeid vert
drive.Og i tillegg kjem mange
andre aktivitetar.
Ei stor takk til alle som var med
og støtta oss! Til neste haust kjem
nye muligheter for dei av oss
som gjekk tomhendte heim,men
likevel glade for opplevingane
me fekk!
Sigrid Ur Berge
Loppe marknad
22.-23. oktober var det stor loppemarknad på Enge bedehus i
Etne. Store og små var i aksjon
for å gjere helga til ei heilt spesiell oppleving for alle som kom.
Mengder av lopper strømma
inn i dagen på førehand, og
fann sine plassar i alle rom på
bedehuset. Og jammen fikk dei
bein å gå på også! Fleire hundre
menneskje var innom bedehuset desse dagane, og over
100 000 kroner kom inn til ny
arbeidskyrkje. Tusen takk til alle
som gav lopper, alle som kjøpte
lopper, og alle som jobba så det
blei det flotte arrangementet
det var meint å vere!
Vinterleir i Etne
Joakim Stødle
Loddselgar
med stor L
For framifrå loddsalg i
samband med loppemarknaden på Enge
bedehus, vann Joakim
Stødle gåvekort på
Ringo. Lodd blei selde til
inntekt for den nye
kyrkja, og Joakim var
den suverene vinnar
med 17 (!) selde loddbøkar. Takk for strålande
innsats!
10.-12. februar for 4.-7.
klasse. Pris kr. 350,Arr. Acta – barn og unge
i Normisjon.
Tradisjonen tru blir det leir
på Rygg dette året også. Me
håpar på snø med aking og
skigåing, men uansett vær
skal me vera mykje ute. Samlingar med song, andakt og
misjon skal me óg ha og laurdagskvelden blir det leirkveld.
Dette året blir acta-teamet frå
Grimstad med oss.
Velkommen til ein leir med
mange aktivitetar, mykje sosialt fellesskap og nye venner.
Påmelding: skriv Fullt namn, adresse, fødselsdato, telefon til foresatte og evt. e-post adresse. Skriv også om det er spesielle merknader.
Send påmelding via
internett: www.acta.as/rogaland
e-post: [email protected]
15
brev: Acta, Flintergata 4, 4307 SANDNES
Gudstenester
Våren 2012
Dato
01.jan
08.jan
15.jan
22.jan
22.jan
29.jan
05.feb
05.feb
12.feb
19.feb
19.feb
04.mar
04.mar
11.mar
18.mar
25.mar
25.mar
01.apr
05.apr
05.apr
06.apr
06.apr
07.apr
08.apr
08.apr
08.apr
15.apr
22.apr
22.apr
29.apr
29.apr
Dag
Jesu navnedag
Kristi åpenbaringsdag
2. s i åpbtiden
3. s i åpbtiden
3. s i åpbtiden
4. s i åpbtiden
Såmannssøndag
Såmannssøndag
Kristi forkl.dag
Fastelavnssøndag
Fastelavnssøndag
2. s i fastetiden
2. s i fastetiden
3. s i fastetiden
4. s i fastetiden
Maria budskapsdag
Maria budskapsdag
Palmesøndag
Skjærtorsdag
Skjærtorsdag
Langfredag
Langfredag
Påskenatt
1. påskedag
1. påskedag
1. påskedag
2. s i påsketiden
3. s i påsketiden
3. s i påsketiden
4. s i påsketiden
4. s i påsketiden
16
Endringar
kan skje. Fylg med i Grannar!
Stad
Stødle
Skånevik
Grindheim
Skånevik
Gjerde
Fjæra
Frette
Skånevik
Stødle
Enge b.hus
Skånevik
Fjæra
Stødle
Grindheim
Gjerde
Enge b.hus
Skånevik
Stødle
Fjæra
Grindheim
Gjerde
Skånevik
Stødle
Skånevik
Stødle
Fjæra
Grindheim
Enge b.hus
Frette
Gjerde
Skånevik
Kl
12.00
11.00
11.00
11.00
11.00
11.00
11.00
18.00
11.00
11.00
11.00
11.00
18.00
11.00
11.00
11.00
11.00
11.00
18.00
11.00
18.00
11.00
23.00
12.00
12.00
17.00
11.00
11.00
17.00
11.00
18.00
Gudsteneste
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Familie
Familie
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Familie
Familie
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Høgmesse
Familie
Familie
Fortelje
Høgmesse
Høgmesse
Pasjons
Pasjons
Påskenatt
Festgudst
Festgudst
Høgmesse
Høgmesse
Familie
Høgmesse
Samtale
Samtale
Prest
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Grønnevik
Grønnevik
Hjemdal
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Hjemdal
Hjemdal
Grønnevik
Grønnevik
Grønnevik
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Grønnevik
Hjemdal
Grønnevik
Kunngjeringar
Normisjons møter
våren 2012
24. januar 19.30 Frette
Kørner Høye
20. mars 19.30 Rygg
Aud Vihovde Hoftun
6. mai 19.30 Enge
Jon Birger Wold
NMS møter
våren 2012
15. januar Misjonsmøte Enge bedehus kl 19.30
15. april Misjonsmøte Enge bedehus kl. 19.30
Sunnhordlands aksjon for
misjonen NMS
12. februar Misjonsmøte Enge bedehus kl. 19.30
19. februar Misjonsmøte
- Ebna bedehus kl. 17.00
Merk tida !
23. februar Misjonsmøte Frette Kapell kl. 19.30
Lørdag 17.mars kl 14.00
Misjosstemne NMS
Molnes bedehus
Talar : Edel Sørvik
Bli kjent med
ny liturgi
Kvar torsdag morgon
kl 09.00
Liturgisk samling med
nattverd i Gjerde kyrkje.
Open for alle,
alle velkommen!
Fyrste samling
torsdag 5. januar