IF Klypetussen sitt opplegg: Skånevik IL sitt opplegg:

Me har fått spørsmål om kor ein kan starta dei ulike turane til ”Alle 30”. Her kjem eit framlegg.
Info: Gisle Sellevold 4860 2195
IF Klypetussen sitt opplegg:
Nordfjellet:
Start: over steinbrua på Grønstad og ca 8 km inn og opp mot Håheimskar. Bompengar kr 45.-.
God stølsveg opp i Håheimskar. Komen opp til grinda, tek du til venstre og opp lia ved den øvste hytta på
Kvamsstølen. Etter 10 – 15 minutt er du på ei myr og kan sjå varden i sør. No problem.
Hellaug, Feto og Heimre Sauanuten:
Start: Rett over brua over Hellaugelva inn mot Øyno. Opp T-merka løype til Hellaug (40 – 60 minutt). Følg
løypa opp Fetabrekko og du kjem etter 40 - 60 min til stølsmuren der ”Farande Fant”-posten for 2013 er.
Følg t-merkinga mot Blomstølen. Rett før du kjem opp til Ingebørvatna er det svak gulmerking opp mot
høgre. Du kjem opp på eit platå der du går i ei bratt skår med ein slag trappetrinn. Dette virkar litt
skummelt fyrste gong du går her, men dei fleste går her. Det er også minst to andre vegar ein kan ta. I
slutten av juli vert det fellestur her og over til Åbødalen i Sauda og buss heim. Opp skaret held me til
venstre, og får ein flott tur opp ein fjellrygg til ”prestisjenuten” Heimre Sauanuten 1178 m.o.h.
Ljusneshovda/Skredkollen:
Start: Lauareidsvingen 100 m sør for Klypetunellen. Opp ryggen til Ljusneshovda.Boka er i ein postkasse på
sjølve masta. Så følgjer ein sti nordover via Revtjørn til Skredkollen 907 m.o.h. Dette er ein av dei lettaste
turane, grunna mykje fjellgrunn (litt myr nokre stader). Ein kan og gå opp traktorvegen ved Kyrping kro og
bensinstasjon på Tjelmeland.
Hålandshovda:
Start: ved skilt ”Hålandshovda é Toppen”. Følg traktorveg mot venstre. Etter 200 m til høgre over myra. Her
er det ofte særs blautt. Følg god sti opp til toppen 655 m.o.h. Vanvittig utsikt - 360 gradar!
Nesestølen/Håfjellet:
Start: Hålandsheio mot vest. Følg sti – ikkje særleg godt merka, men ring 4860 2195 om du tvilar på vegen.
Me vil prøva å merka litt meir over Langemyr. Men i enden tek du opp åsen svakt mot høgre. Boka på
Nesestølen står ved den gamle stølsmuren.
Skånevik IL sitt opplegg:
Kyrkjesteinen:
Start: 4 km frå Skånevik mot Mortveit. Der køyrer du opp ved postkassestativet med ein fin, kvit sykkel. Du
ser Kyrkjesteinen oppe i himlasynet. Rett ovom parkeringsplassen går ein opp til høgre, og til høgre igjen
ved vatnet. Der kan du fylgja skilt og god sti opp til posten. Det er fint å gå nordover oppe på fjellet til
Leknesnepa som du ser i nord.
Leknesnepa:
Start: Frå Tjelle gard tek du ny grusveg langs gjerde til det står skilt opp mot Leknesnepa. God sti, men litt
attgrodd somme stader. Ikkje gløym fotoapparatet. Fantastisk utsikt over Skånevik og Sunnhordland.
Heggelinuten:
Start: Ligg rett vest for Varleite på Postvegen Skånevik – Etne. (ca 5 minutt frå Varleite). Det er fin tur opp
til Stødlehetta aust for Postvegen over Heggelinuten og sør ned til Veten.
Juraskarskjerringa:
Start: frå Åsheim og inn Rodalen over Valdra på godt merka sti. Mange blaute parti store delar av året. Du
kan gå rett opp frå Norheim i Stordalen. Dette er brattare, men tørrare. OBS! Trimgruppa i Skånevik IL
arrangerer tur til kjerringa kvart år i september. ”Juraskarstråkket”. Du kan og få kjøpt Juraskarsbrød på
Larsen`s Bakeri. Denne turen startar frå Villmarksleiren med frukost og nistepakke. Flott tilbod!
Strondahaugane:
Start: frå Åsheim like før fyrste flata. Der er det skilt. Følg Erik-stien (etter Erik Ness som merka og la ned eit
stort arbeid i løypa like opp til Hodnet). Etter 20 – 30 minutt står det skilt. Ta til venstre og følg raudmerka
sti. Du kan og gå om Valdra og opp til venstre bak ”husa”. Då kjem du opp til Erik-stien og tek til venstre
ved skilt Strondahaugane.
Etne IL sitt opplegg:
Veten:
Start: på Kambe og opp Postvegen. ¾ oppe er det skilta mot venstre. Her er det relativt tydeleg merking ut
til varden. 20 – 25 minutt ut.
Stødlehetto:
Start: Postvegen på Kambe. Du kan ta av ved skilt vel ¾ oppe. Der er det brukbar merking heilt opp. 20 – 30
minutt frå du tar av frå Postvegen. Det er vanleg å ta Stødlehetto og Veten og Heggelinuten (Skånevik IL) på
éin tur. Frå Skånevik løner det seg å ta Stødlehetto fyrst, så ned til Varleite og opp på Heggelinuten; for så å
ta rett sør (sørvest) mot Veten.
Steinfjellet:
Start: Køyr opp til Rus og gå på merka løype i vestleg retning. Ca 35 minutt bort til nuten.
Høylandsnuten/Lysenuten:
Start: Rus og opp over myrane til venstre i merka løype. Høylandsnuten ser ein mest heile tida framføre
seg. Ca 35 – 45 minutt. Så er det derfrå ein fantastisk tur mykje på fjellrygg og ned i lune dalar med flotte
fjellvatn bort til Lysenuten. Derifrå kan ein gå nordvestover til Steinfjellet. Kan vera tungt over myrane, men
ein fin tur.
Bjørndalsvio:
Start: Skarsstøl forbi Røde Kors-hytta på fin grusveg. Rett før ein kjem til hyttene etter 15 – 20 minutt
spasertur, tek ein av mot venstre. Ein ser stien tydeleg bratt opp fjellryggen. God sti til ein kjem opp, og det
flatar ut. Då må ein berre gå oppover mot sør, til ein ser varden.
Bordfjellet:
Start: Skarstøl og rett fram mot Grindheimstøl. Så går du til høgre på god sti mot Løkjelsvasshytta. Oppe i
det store skaret tek du til høgre opp på Bordfjellet. Komen opp på det merkeleg flate fjellet, må ein halda til
venstre for å finna den vesle varden.
Hodlestadnuten:
Start: ”Hodlestadnuten står som løva på vakt”, slik startar Etnesongen. Ein køyrer mot Litledalen og opp til
Berge. Her parkerer me nede på garden rett fram (ikkje den fyrste me kjem til, men 200 m litt ned igjen).
Så følgjer ein traktorveg og sti opp på nuten. Her kan ein ikkje ta feil, men det er fleire vegar til målet. Oppe
i tyngste brekka er det skilt til høgre – ein snarveg, kan henda. Men ein kan og gå vidare på traktorvegen
som slynger seg rundt åsen. Ein veg opp og den andre ned? Fantastisk utsikt over Etnebygda!
Fjæra og Rullestad sitt opplegg:
Paddekjølene:
Start: Bort forbi kyrkja på Fjæra (100 år i 2013). Rett ved brua går me opp i sandtaket til venstre. 10 – 15
minutt gjennom spennande terreng bort til postkassen på eit tre. Gå vidare opp til Flåto og ned gamlevegen
til start. Ein super kveldstur. Hugs fotoapparatet også her.
Jettegrytenuten/Gamleselsbruo
Start: Over brua til venstre oppe i Rullestadjuvet. Ca 25 minutt i merka løype. Så er det merka løype derfrå
til Gamleselsbrua. Ca 1 times tur. Derfrå 20 minutt på traktorveg ned til nye E-134 like ved tunellen.
Mjelkestølen/Simlenuten:
Start: over fyrste bru i Rullestadjuvet og opp steinvegen til høgre. Etter ca 45 minutt er du på Mjelkestølen.
Så følger du t-merking vidare til Simlebu. 10 – 15 minutt før Simlebu tek me opp til høgre. Herfrå er det
under ein halvtime opp.
Tretteteig:
Start: Du finn posten på sørsida av den nye turstien rundt Rullestadvatnet. Her kan me gå med ”andakt” og
tenkja på alle dei mange dugnadstimane folk i Fjæra og Rullestad har lege ned for å gjera denne rundturen
godt tilgjengeleg for folk flest
Svenuten:
Start: Frå garden til Per Rullestad 150 m etter Halvfjordingen. Undergang under E-134 og opp på venstre
side av skaret. Turen tek ca 45 minutt til ein time opp. Kjempeutsikt! Her kan ein gå vidare til Hjortedalen
og ordna seg skyss over fjorden frå Mosnes på returen. Går ein på ein sundag, kan ein jo ta middag på
Halvfjordingen. Denne posten er Fjæra og Rullestad sin nye farande fant. Neste sesong vert boka flytt til
ein annan post.
Kontaktpersonar:
- Per og Nils Rullestad
Fjellgruppene i dei fire idrettslaga ynskjer kvar og ein mange gode opplevingar.
Dei som klarer ”ALLE 30” – nutane på éin sesong får ein rosemåla plakett i ein samleserie. Det vert ulik
farge på kantlinja etter kor mange år du har klart dette. Ranking og skjema for alle nuteringane, finn du på
www.klypetussen.no Skjema plar også ligga ute på SkånevikNett og Etne kommune si heimeside.
Og kvart år vert det arrangert fest for alle som har klart ”Alle 30” éitt eller fleire år.
Einar Gisle Sellevold tek gjerne i mot turbilete og skildringar på: [email protected]