Mobilbank - bruksanvisning for nedlasting

Last ned mobilbanken
Med mobilbanken kan du betale rekningar, godkjenne eFaktura, sjekke saldo,
overføre pengar både til andre og mellom kontoar på mobilen. Her er ein enkel
bruksanvisning:
Nedlasting av mobilbanken
Du lastar ned mobilbanken i App Store eller i
Google play. Søk på banken sitt namn.
Før du byrjar å bruke mobilbanken må du aktivere den i nettbanken
Finn mobilbank i menyen
Vel «Aktiver» til høgre for «Mobil App til iPhone og Android»
Tast inn mobilnummeret til den telefonen du skal bruke mobilbanken på.
Lag din eigen PIN-kode. Denne PIN-koden treng du når du skal logge deg på mobilbanken og når
du skal signere betalingar.
Klikk OK
Hvis du vil ha tilgang til disponible kontoar må dei aktiverast kvar for seg
Bytt avtale til den aktuelle avtalen kontoane ligg på
Gå til mobilbank i menyen
Velg «Endre» til høgre for «Mobil App til iPhone og Android»
Mobilnummeret du registrerte på din eigen avtale treng du ikkje legge inn på nytt
Legg inn same PIN som du nytta på din eigen avtale
Klikk OK
Fyrste gong du loggar på:
Fyrste gong du loggar deg på må du taste personnummer og PIN
Viss du vel «Husk personnummer» treng du kun å logge deg på med PIN seinare
Vel dei kontoane du vil skal vere synleg på startsida. Du kan velgje 5 kontoar.
Gode tips!
Du kan godkjenne eFaktura ved å dra eFakturaen opp til den kontoen du vil betale med
Du kan òg overføre mellom kontoar ved å leggje ein konto over ein annan
I menyen ser du om du har eFakturaar eller betalingar som må godkjennast
Viss du registrerar kontonummeret ditt på SnapCash, kan andre bankkundar i Eika-alliansen
sende deg pengar kun ved å bruke mobilnummeret ditt.
Vi håpar mobilbanken vil bidra til å gje deg betre oversikt
- og at du bruker mindre tid på bank!