Nyheitsbrev for reiseliv og oppleving nr 2 - 2013 Ekspertpanelet i National Geographics kåra Fjord Norge til verdas vakraste reisemål i 2012. 133 av verdas beste reisemål vart evaluert opp mot evna til å ivareta destinasjonen på ein berekraftig og autentisk måte, samt tilby ulike kvalitetar som sikrar regionens integritet som reisemål. Marknadsundersøkingar viser at dette blir stadig viktigare for turistane når dei skal på ferie. Åmot Operagard – frå gründer til kulturbedrift Åmot Operagard i Bygstad, Sunnfjord, er presentert i regjeringa sin handlingsplan for kulturnæringar "Frå gründer til kulturbedrift" og skal bli rådgjevar for politisk leiing i Kulturdepartementet, Nærings- og Handelsdepartementet og Kommunal- og Regionaldepartementet i eit bransjeråd. Vi gratulerer Åmot Operagard v/Steinar Sørli og Yngve Brakstad, og ønskjer lukka til med spennande utfordringar! Turistinformasjonane i Førde og Jølster Sunnfjord Næringsutvikling driftar dei sommaropne turistinformasjonane i Førde og på Skei i Jølster. I Førde vil turistinformasjonen halde til som i fjor i Brunosten ved E39, medan den på Skei vil vere der den alltid har vore, ved fotobutikken til Helgheim. Dersom de har mykje ledig kapasitet er det lurt å seie frå om dette til dei tilsette ved å ringe eller sende ein mail, enklaste måten for dei tilsette ved turistinformasjonane å anbefale turistane di bedrift. Opningstider for sesongen er: Førde: 15. juni – 17. august. Måndag til Laurdag kl. 09:00 – 17:00. Søndag stengt. Jølster: 17. juni – 25. august. Måndag til Laurdag kl. 10:00 – 18:00. Søndag kl. 12:00 – 17:00. Kontaktinformasjon: Førde Turistinformasjon: [email protected], tlf.: 57 82 22 50 Jølster Turistinformasjon: [email protected], tlf.: 57 72 85 88 Brosjyrar Lageret for Sunnfjordguiden, Fossestibrosjyra og Jølsterguiden er på turistinformasjonen i Førde. Her kan de hente brosjyrar til eiga bedrift. For å betre marknadsføre reiselivsbedriftene i regionen anbefaler vi dykk å levere eigne brosjyrar på turistinformasjonane i Førde og på Skei. Sunnfjord Næringsutvikling Hafstadvegen 34, Postboks 133, 6801 Førde. Tel: 57 72 19 50 Turistinformasjonen i Bergen Vi skal i år som tidlegare ha ein felles Sogn og Fjordane- tilsett på turistinformasjonen i Bergen. Denne personen skal selje fylket vårt på ein god og profesjonell måte. Bergen er ein viktig innfallsport for fylket vårt og det er derfor viktig å auke synlegheita vår der. NCE – Tourism: andre kontraktsperiode Sunnfjord Næringsutvikling har inngått ein ny avtaleperiode med Fjord Norge om NCE Tourismprosjektet. Visjonen til prosjektet er at Fjord Norge – regionen skal bli eit av verdas ledande reisemål innan aktive, naturbaserte opplevingar. Tema for andre kontraktsperiode er ei spissing frå første kontraktsperiode og er valgt ut gjennom ei nøye vurdering frå ressursgrunnlaget. Tema skal vere verdt ei reise opplevingar som er relevante for heile Fjord Norge – regionen. Tema som er valgt for andre kontraktsperiode er ski, vandring, sykkel, fiske, padling & elvesport og arkitektur. Det har blitt laga onlinemagasin for ulike tema, desse magasina kan du lese her. Inspirasjonssamling på Åmot Operagard 18. april 18. april vart det halde inspirasjonssamling på Åmot Operagard i Bygstad. Sunnfjord Næringsutvikling, Fylkesmannen si landsbruksavdeling og Innovasjon Norge var arrangørar av samlinga som skulle motivere og inspirere aktørane til å satse på lokal mat. Harald Osa var inspirator for bedriftene, og han fokuserte spesielt på kor viktig det var med den heimelaga maten, som var basert på tradisjonar og norsk historie. I tillegg så deltok prosjektleiar for «Mat langs Nasjonale Turistvegar», Egil Ørjan Thorsen på samlinga, og prosjektleiar for Nasjonale Turistvegar, Bjørn Andresen. Bedriftene fekk også møte Innovasjon Norge, Sunnfjord Næringsutvikling, Fylkesmannen, Kompetansenavet Vest, og COOP extra, i direkte dialogmøter. Båtmesse i Florø 25.-26. mai hadde vi stand under bil, båt og friluftsmessa i Florø. Hensikten bak messa var å marknadsføre hyttetomter i Jølster, samt alle aktivitetane i området, i tillegg delte vi ut smaksprøver frå Jølster bakst og Jølstramat – dette presentert under «ein smak av Jølster.» Best of Fjord Norway Fjord Norge skal kåre Vestlandets 10 beste opplevelser / attraksjoner. Last opp eit bilete av din attraksjon på instagram eller på www.bestof.fjordnorway.com og stem på den beste opplevinga. Tagg bileta med #bestof #fjordnorway #(stad). Dette er ein viktig marknadsføringskampanje for å fremme vår region, ta bilete sjølv, oppmuntre andre til å ta bilete og la alle få sjå kor fint vi har det i Sunnfjord! Avslutning av turstimerkeprosjektet Turstimerkeprosjektet har vore eit samarbeid mellom Sunnfjord Næringsutvikling AS og lokale aktørar i kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Fylgjande løyper er merka og skilta med internasjonal standard : Sunnfjord Næringsutvikling Hafstadvegen 34, Postboks 133, 6801 Førde. Tel: 57 72 19 50 Storefjellet, Fossestien, Venevassegga, Gøyvinga, Kjelstad-Skudalen, Solsidevegen, Reiakvamstølen/Horstadstølen, Flugestøylen, Hjellbrekkestøylen, Angedal-Skaret-Flugestøylen, Angedal-Trodalsstrand og Bolsetnipa. Det er oppsett store informasjonstavler ved utgangspunktet for alle turane. 8 av turane ligg langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Vi har hatt eit svært godt samarbeid med Nasjonal Turistveg for å utforme informasjonsskilt som ivaretek både vedteken standard og Nasjonal Turistveg sin design. Nasjonal Turistveg har og teke på seg kostnad med og oppsetting av informasjonstavlene langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Prosjektet, med gradering av løyper frå grønt til svart, vil legge til rette for gode naturopplevingar for ulike brukargrupper. God tur! Arrangement på nettsida Dei som vil kan no legge inn arrangement sjølve på nettsida vår. Dette kan vere alt frå små til store arrangement. Arrangementet vil då bli lagt til godkjenning hos oss før det blir publisert. Cruise til Førde 14. juni hadde Førde besøk av eit cruiseskip for første gong i historien. Skipet hadde 250 kunnskapsbevisste passasjerar. Skipet, som er 133 meter langt, vart restaurert for nærmare 100 millionar tidleg i 2012, og har mellom anna 44 balkongar, to restaurantar og bibliotek. Det var lagt opp til turar til Jølster, Naustdal og Sunnfjord Museum/ Huldefossen. Sel kvarandre Turistane som kjem til vår destinasjon er ute etter mange opplevingar når dei først er i området. Snakk varmt om kvarandre til turistane slik at vi kan sørge for at kvar turist legg igjen mest mulig i området. Reiselivskonferansen i Sogn og Fjordane 2013 I førre nyhetsbrev skreiv vi at reiselivskonferansen for Sogn og Fjordane i 2013 skal arrangerast 16.-18. oktober på Kviknes Hotel i Balestrand. Arrangørane hadde publisert feil dato, konferansen vil bli haldt 16.-18. september på same stad. Bedriftsbesøk sommaren 2013 Sunnfjord Næringsutvikling kjem til å besøka reiselivsbedriftene i SNU-regionen med jamne mellomrom i sommar. Vi rekk dessverre ikkje innom til alle, men send oss ein mail viss du ønskjer at vi skal ta turen innom di bedrift! Sunnfjord Næringsutvikling Hafstadvegen 34, Postboks 133, 6801 Førde. Tel: 57 72 19 50 Med dette ønskjer vi dykk alle ein god sommar og lukke til med sesongen! Beste helsing, Alle oss i Sunnfjord Næringsutvikling as [email protected] www.sunnfjord.no Besøk oss på Facebook! Sunnfjord Næringsutvikling Hafstadvegen 34, Postboks 133, 6801 Førde. Tel: 57 72 19 50
© Copyright 2024