Årsmelding 2014 NLT Sunnfjord driv formidling av arbeidskraft, utlønning og tenesteytingar for sine medlemmar i Naustdal, Førde, Gaular, Hyllestad og Høyanger nordside. Laget har arbeidsgjevaransvar. Kontoret har ope dagleg frå 0900 – 1500, og det blir fortsatt drift i 2015. Styret har i meldingsåret vore samansett slik: Knut Horne Styreleiar Asbjørn Høydal Nestleiar Anne Berit Holsen Styremedlem Linda Kristin Oppedal Styremedlem Odd Magne Vallestad tilsette sin rep. i styret Vararep: Oddvar Aase Kåre Ullaland Geir Eide 1.vara 2.vara 3.vara Valnemnd: Jonny Følling leiar Per Magnar Sognnes Hallvard Hauken Revisor: Deloitte På årsmøtet 26/3-14, vart det vedteke fusjonering mellom Gaular avløysarlag og Sunnfjord landbrukstenester, dette etter grundige forberedelser i begge laga. Det har også vore fleire fellesmøter mellom laga i forkant. Fusjonen har tilbakeverkande kraft frå 01.01.2014. Namnet på laget er no NLT Sunnfjord. NLT Sunnfjord har i året som gjekk hatt 3 styremøter og 12 saker er protokollerte. Antal medlemmar i laget er 529, av desse er det 304 som har brukt laget til utlønning. Noko av grunnen til differansen i desse tala er at Høyanger nord er lagt inn som medlemmar, dette p.g.a av landbruksvikordninga, og det er mange av desse som ikkje brukar laget til utlønning. Som rekneskapen viser har vi i år eit overskot på kr 14 214,- før skatt. Tilsette i laget I 2014 vart det skrevet ut 554 løns og trekkoppgåver. I tillegg har vi hatt 4 avløysarringar drift, 1 i Førde og 1 i Hyllestad og 2 i Gaular. Vi har og hatt nokre freelanse avløysarar som har jobba ein del, så har vi også brukt ein del aust europearar som avløysarar, noko dei fleste brukarane har vore fornøgd med. Vi har og mange familie/deltidsavløysarar, og dette fungerer bra. Vi har formidla mestparten, men ein del har ordna dette sjølv. Årsmelding 2014 I starten på året var vi 3 tilsette i administrasjonen, i tilsaman 150% stilling. Etter at Gro Haga sa opp stillinga si, har vi vore 2 i adm. i ca 120% stilling Blant dei tilsette i laget og i styret, er både kvinner og menn representerte. Lønnsutgifter avløysing 2014: Type avløysing Ferieavløysing Sjukdomsavløysing Andre oppdrag Timar 2013 58988 6162 19489 Totale utgifter 2014 92464 9822 15938 2013 11179059 1137493 4517138 Pr. time 2014 17417638 1884661 3801488 2013 189,48 184,61 231,78 2014 188,37 191,89 238,52 Landbruksvikar Vi har hatt 2 landbruksvikarar tilsett i laget, der den eine delar av året kun tok beredskap ved sjukdom. Vi har stort sett greidd å hjelpe alle som har spurt etter avløysar, ved bruk av lv og beredskapsavløysarar. I samarbeid med kommunen administrerer vi også LV i Solund, der vi har sagt at vi kan ordne den administrative delen. Vi har jamnleg kontakt med dei, men det har heller ikkje i år vore noko aktivitet når det gjeld sjukdomsavløysing der ute. Vervekampanje NLT si landsomfattande vervekampanje, har vore jobba med også i år. Bakgrunnen er alle millionane av ubenytta avløysartilskot som kvart år går inn att til staten. NLT har laga ein del materiell/kurs som laga kan bruke i denne samanhengen. Kari har delteke på salskurs, og det har vore jobba litt med verving av nye medlemmer. Men, vi har fortsatt eit stort potensiale her. Årsmelding 2014 Sosiale samankomstar Den 10.12 vart det halde ekstra årsmøte. Dette pga at meldinga om fusjonen til Brønnøysund vart innsendt for seint, og vi måtte ha eit nytt årsmøtevedtak på saka. I etterkant av dette møtet hadde vi julemiddag på Pikant. Vi har også hatt ein samling/møte med dei tilsette, på Picasso. Maskinprisar Vi brukar felles maskinprisar for alle landbrukstenester/avløysarlag. Dei ligg på nettsida vår. Arbeidsmiljø Vi har betalt ut kr.115 310,- i sjukeløn i år, samanlikna med i fjor er dette ein liten nedgang. Når det gjeld det ytre miljø, kan nemnast at det ikkje har vore faktorar som har påverka dette i vesentlig grad for inneverande år. Kurs/møter Solund Kommune og norsk landbruksrådgivning inviterte oss på våronnmøte i Solund, 18.mars, der vi fekk presentert oss og snakka med nokre bønder. Vi har også vore i Leirvik på ring/medlemsmøte, det var i Juni. NLT si vårsamling var på Gardermoen i Mai, adm deltok på denne. I tillegg har Kari delteke på salskurs, der første samling var i januar. Styreleiar og ein styremedlem var utsendingar til NLT sitt årsmøte i April. I slutten av august vart det arrangert kurs for landbruksvikarar på Skei. Frå NLT Sunnfjord deltok to landbruksvikarar og to frå adm. På den årlege haustsamlinga deltok vi 4 stk frå NLT Sunnfjord, samlinga er i regi av Norske Landbrukstenester. I oktober hadde vi i administrasjonen ein presentasjon av Sunnfjord landbrukstenester på Mo og Jølster vidaregåande skule. Dette er fjerde året vi deltek her. I Desember vart adm invitert på Tine produsentlag sitt julemøte på Sande. HMS I November kalla arbeidstilsynet inn til ein felles gjennomgang med alle landbrukstenestene i fylket. Det vart her sett på rutinane til laga når det gjeld HMS arbeidet. Internett Sunnfjord Landbrukstenester har oppdaterte internettsider: http://www.landbruk.org Vi oppmodar våre medlemmar å bruke sidene aktivt for informasjon og kontakt med oss i styret og administrasjonen. Vi brukar og facebook som informasjonkanal. Årsmelding 2014 Renter Rentesatsane på medlemmane har i år vore 7 % på uteståande, dette utgjer kr. 135155,- og 0,75 % på inneståande, som utgjer kr. 16601,Renter i bank har vore kr. 79924,- på til gode og kr. 729,- på utgifter. _________________ Knut Horne _____________________ Asbjørn Høydal _______________________ Anne Berit Holsen _________________ Linda Kristin Oppedal _____________________ Oddvar Aase _______________________ Odd Magne Vallestad _________________________ Kari Stokkebekk ( adm ) Førde 26.februar 2015 Årsmelding 2014 ________________________ Jonny Lofnes ( adm )
© Copyright 2024