les her - Hå rekneskapslag

Til våre kundar
Varhaug 31.10.14
 A-ordning
Frå 2015 er det ny rutine på rapportering av løn. De som har tilsette har fått eit infoskriv om
dette frå skatteetaten.
Ei viktig endring er at løn skal innberettast seinast den 5. i månaden etter løna er utbetalt.
Det vil sei all løn som skal innberettast på 2014 må være utbetalt i 2014. Betalar de ut løn for
desember 2014 i januar 2015, vil dette blir innberetta på 2015.
Det er og viktig at alle som har tilsette som har frikort må be desse om å søke om frikort i
desember.
 Innlevering av bilag
Mange har vore flinke til å levere inn bilag. Nokre har ikkje levert noko for 2014. Leverer dei
bilag for dei 10 første månadane etter 20 november vil vi bruke 50% overtidspris når vi skal
føre desse bilaga. Dette har med at vi ynskjer å være mest mogleg ajour til nyttår og arbeide
minst mogleg overtid etter nyttår. Det er dyrt for kontoret.
 Vikar
Vi har tilsett Hilde Torland Ask som vikar fram til sommaren. Ho har ei 60% stilling. Ho har
skule til autorisasjon, men manglar praksis. Ho får låne nokre rekneskap av oss andre, men
vi skal ha årsoppgjeret sjølv.
 Teljelister
Vi kjem ikkje til å sende ut teljelister i år. Vi legg dei ut på nett på heimesida vår. www.hgrl.no
Vi kjem også til å trykke opp nokre eksemplar som de kan hente på kontoret. Det er eigne
teljeliste for forretningskundar.
 Landbrukstenester Hå
Du får tilsendt faktura frå Landbrukstenester Hå på e-post eller brev. Desse må du nå
levere saman med bilaga. Tidlegare fekk vi ein ekstra kopi frå Aslaug internt her på huset,
men det går ikkje lengre. Hugs å levere desse.
Helsing oss på Hå Rekneskapslag
Brit B
Aslaug
Tove
Hilde A.
Anne Grethe
Asbjørn
Britt
Hilde
Knut
Per
Lars Ove
Mikal
Hå rekneskapslag SA, Møllevn 4, 4360 Varhaug - tlf 51 79 36 60 fax 51 79 36 61 - e-post [email protected]
Autorisert rekneskapsførarlag – Foretaksregisteret NO 971 081 082 MVA – www.hgrl.no
Medlem av: RJD – Rekneskapslaga på Jæren og Dalane, NHO Mat og Landbruk, NB – Norges Bondelag
Miriam