det går i - Hallingdal.info

18
reportasje torsdag 26. april 2012
torsdag 26. april 2012 reportasje
Mat er
utruleg viktig.
Om ein ikkje
gjev den delen
av drifta stor
nok merksemd,
blir det skjebnesvangert.
Det går i
Gudrun Hesla,
vertinne
gleda
(mat)
Oset Høyfjellshotell er igjen med i kampen
om bli Årets Matgledebedrift.
Det inspirerer dei tilsette.
Tone Merete Tho
[email protected]
Bugnande: Delikat og freistande. Gudrun Hesla set fram dagens dessertar på lunsjbordet. Bak henne ordnar Sanna Nystrøm med
I fjor vart Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet nummer to i Tines landsomfattande tevling, Årets Matgledebedrift.
No er årets konkurranse i gang, og Oset
er med.
– Engasjementet blant dei tilsette har
blitt større etter at me begynte å tevle i
mat, seier vertinne Gudrun Hesla.
– Målet vårt er å skape matglede hjå
både dei tilsette og gjestene, legg salssjef Kolbjørn Stuvebakken til.
Målet
vårt er å skape
matglede hjå
både dei tilsette
og gjestene.
Raud tråd på matbordet
Når Årets Matgledebedrift skal kårast
kjem ein eigen jury til hotella og spisestadene for å teste produkta. I fjor var
160 aktørar med, og på Oset er dei svært
stolte av andreplassen. Juryen trekte
spesielt fram engasjementet blant dei
tilsette, og presentasjonen av maten. I
oktober skal ein ny vinnar kårast.
– Me blir roste for å ha ein raud tråd
og vera tru mot konseptet, fortel Hesla.
For dei betyr det at maten skal vera
genuin, laga frå botnen, fokus på pre-
sentasjon og at det ser delikat ut.
– Me dyrkar også vertskapsrolla blant
heile personalet, seier Hesla. Ho har
fem årsverk på kjøkkenet, og svingar
ofte sleiva sjølv.
Oset deltok i Årets Matgledebedrift
for fyrste gong i fjor. Det heile starta
med ein prosess med å utvikle kjøkkenet. Dei prøvde seg på nye trendar, men
samstundes er vertinna svært oppteken
av å ta vare på dei gamle tradisjonane.
Hundre år gamle oppskrifter heng på
veggen på kjøkkenet. Rummegraut og
Kolbjørn
Stuvebakken,
salssjef
bestikk. (Foto: Sigmund Krøvel-Velle).
karamellpudding kan aldri fjernast frå
menyen.
Blir inspirerte av rosen
– Folk er veldig opptekne av husmannskost, har Hesla erfart. Etter å ha vore
eksperimentelle ein periode, har Oset
gått meir attende til røtene.
– Folk reiser så mykje og et så mykje
mat at nye rettar er ikkje eksotiske lenger. No er det ferskt kjøtt som har kokt i
tre-fire timar som har blitt eksotisk. Folk
vil ikkje at me skal bli for trendy, meiner
Hesla.
– Kva betyr det å gjera det bra i ein
matkonkurranse?
– Det er ein viktig inspirasjon, og ei
hyggjeleg stadfesting på at me gjer
noko rett, seier Gudrun Hesla. Ho innrømmer at ros og merksemd i samband med Årets Matgledebedrift har
betydd meir enn ho hadde trudd.
Må innfri forventningane
Gjestene er opptekne av at hotellet
Matglade: På Oset Høyfjellshotell likar dei å tevle i mat. Sebastian Axelsson (f.v.), Bent Kjetil
Lærum, Sanna Nystrøm, Gudrun Hesla, Kolbjørn Stuvebakken og Pavel Malkowsky er spente
på utfallet av Årets Matgledebedrift etter at dei vart nummer to i fjorårets konkurranse.
innfrir forventningane deira i matvegen. Saman med dei tilsette har ho
innsett at gjæve plasseringar og gode
ord blir lagt merke til. No er det ikkje
berre hotellets eigne gjester som et
middag på Oset, men også fleire og
fleire hyttegjester. Målet er at også
fleire lokale skal finne vegen til matbordet på Oset.
– Mat er utruleg viktig. Om ein ikkje
gjev den delen av drifta stor nok
merksemd, blir det skjebnesvangert,
seier Gudrun Hesla.
Tevlinga er allereie i gang. Det blir
kåra månadsvinnarar som får ein fin
premie. Oset Høyfjellshotell har gått
til finalen for mars, der temaet var
kaffi og kaffikos. I april er dei også
påmeldt, og temaet er ost. Her deltek
Oset med eit prosjekt med barn som
leikar med ost. Månadsvinnarane blir
kåra gjennom ei avstemming på Tines
nettsider, så her er det berre å stemme
i veg.
19