BLADET MEDLEMSBLAD FOR MØRE OG ROMSDAL FOLKEMUSIKKLAG NR.2 2014 29. ÅRG. Velkommen til kurs og sjokoladekappleik i Ålesund 1. og 2. november Deltakarar i Ungdomslaget Ivar Aasen sitt Futt og Fant-prosjekt. Frå venstre: Åshild Karlsbakk, Leikny Aasen, Karoline Berset, Nikola Thomascewska, Gina Karlsbakk Småge, Ane Wangensteen Kynø, Jens Karlsbakk Småge og Vidar Underseth Sitjande framme: Eirik Måseidvåg, Jacob Torseth Eliassen, Iver Karlsbakk Småge og Johan Rafteseth. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 MØRE OG ROMSDAL FOLKEMUSIKKLAG Styret: Leikny Aasen (leiar), Nybømarka 17, 6011 Ålesund Epost: [email protected] May Grethe Gridseth (nestleiar , Joakimbakken 18, 6300 Åndalsnes. Epost: [email protected] Hanne Salthammer (skrivar) Epost: [email protected] Guttorm R. Ulvund (kasserar) Bjørnstj. Bjørns. Veg 100 B, 6410 Molde Epost: [email protected] Runhild Heggem (styremedlem) Epost: [email protected] Varamedlemmer: Anna Liv Skjelten Gjendem, Håskjoldvegen 299, 6105 Volda. E-post: [email protected] Kine Iselilja Gyldenskog, Sørdals Feltet, 6630 Tingvoll Epost: [email protected] Tlf. 90 95 80 13 Tlf: 98 07 12 91 Tlf: 95 22 06 38 Tlf. 47 85 82 11 SUNNMØRE: VALLDAL SPELEMANNSLAG v/Nathalie de Vrieze, 6250 Stordal E-post: [email protected] Nettstad: www.folkemusikklag.no. U.L. «IVAR AASEN» S. Bullgt. 4, 6002 Ålesund. v/Leikny Aasen, tlf. 909 58 013 E-post: [email protected] ÅLESUND SPELEMANNSLAG, v/Kjetil Aamelfot, Boks 7690, Spjelkavik, 6022 Ålesund. Tlf. 97770188. E-post:[email protected] SPELEMANNSLAGET «HAVELLA» v/Ola Vestavik, Nedre Sørlia 26, 6092 Fosnavåg. Tlf. 99 22 87 99. E-post: [email protected] HALKJELSVIKA SPELEMANNSLAG v/Jakob Heltne, Vikebygdv. 65 6100 Volda. Tlf. 70076103/40482696 ØRSTA OG VOLDA FOLKEDANSLAG, v/ Olav Egset, Rotsetgeila 11, 6100 Volda. Tlf. 977 12260 ROMSDAL: RAUMA SPELMANNSLAG, v/May-Grethe Gridset. Tlf. 98 07 12 91. E-post: [email protected] Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturavdelinga, Fylkeshuset, 6404 Molde. Tlf: 712 58833. Faks: 712 58837. E-post: [email protected] * Tlf: 47 40 93 02 Tlf: 98 42 44 67 TRESSALAGET, v/Torunn Vestre Kjersem, 6391 Tresfjord. Tlf. 48 23 70 17. E-post: [email protected] SPELEMANNSLAGET DÅM OG DRAG, v/Hanne Moldvær Salthammer, Kaibakken 11, 6390 Vestnes. Tlf. 95 22 06 38. E-post: [email protected]. ROMSDAL SPELEMANNSLAG v/ Guttorm Ulvund, Per Amdamsveg 1A, 6413 Molde. Tlf. 47 85 82 11. E-post: [email protected]. GRENDALAGET, v/Eli Hustad, 6392 Vikebukt. Tlf. 91 6 0 84 68. E-post: [email protected] MEDLEMSKONTINGENT: Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg sender ut innbetalingskort på samla kontingent direkte til kvar einskild medlem kr. 60 (fylke), kr. 100 (sentralt til Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg), som 3-4 gonger i året vil refundere lokallaga sin del av kontingenten. Laga må gi opp til Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg, namna også på born, 14 år og under. Årskontingenten er kr. 15. Organisasjonen sine konti er: Postgiro 0809 5553649 og bankgiro 1600.20.36375. MRFL. Org. nr. 975 854 876. MRFL sin kasserar sender separat giro til sine lag, der denne lagskontingenten er kr. 600. Bankgirokontoen vår er 6562.05. 16613, Nordea. Sats: Øystein Sande, 6100 Volda, tlf. 93 88 91 64. E-post: [email protected] Frist for innlevering av stoff er 4 (fire) veker før kappleiken. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR): Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda. Tlf: 70 07 50 92. Faks: 70 07 50 51 Epost: [email protected] http://www.hivolda.no/folkemusikk Tlf. 90 87 47 03 Medlemslag i Møre og Romsdal Folkemusikklag: NORDMØRE: NORDMØRE SPEL- OG DANSARLAG v/Magnar Almberg, 6657 Rindal. Tlf. 95 05 90 54. E-post: [email protected] 2 Norsk musikkråd, Møre og Romsdal (NMR, MR), Fylkeshuset, 6404 Molde. Tlf: 712 58850. Faks: 712 58848. FOLKORG. Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg Postboks 4613, Sofienberg, 0506 Oslo. Besøksadresse: Trondheimsvegen 2. Tlf. 22 00 56 22. Faks: 22 42 55 07. Leiar: Per Øyvind Tveiten Bladet Folkemusikk v/red. Bjørn Sletten, Midt-Gudbrandsdal næringshage, Toksevegen 14, 2640 Vinstra. Tlf. 97471997. E-post: bjø[email protected] Internett: www.folkemusikk.no * Rådet for folkemusikk og folkedans Rff-sentret, Dragvoll, 7491 Trondheim Tlf. 73 59 65 77. Arne Bjørndals Samling, Griegakademiet – Inst. for musikk, Lars Hillesgt. 3, 5015 Bergen. Tlf. 55 58 22 07. Abonnement: Bladpengar for Folkemusikkbladet er 60.- kr. året. Kto.: 6562.05.16613 Redaktør: Dagfinn Nupen, Grepalivegen 25, 6150 Ørsta. Tlf.: 700 68547 / 416 93934 (m.) Red.nemnd: Daniel Dyrnes (Nordmøre) Tlf.: 477 58223 Hugs å melde frå om adresseendring! Trykk: Printing AS avd. Volda, tlf. 982 05 515. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 3 TRESSALAGET, v/Torunn Vestre Kjersem, 6391 Tresfjord. Tlf. 48 23 70 17. E-post: [email protected] LEIAREN HAR ORDET Kjære folkemusikkvenner! Mykje har skjedd i folkemusikkmiljøet på Nordvestlandet sidan sist eg skreiv leiarartikkel i Folkemusikkbladet. Aldri har det vore så stort oppmøte på eit årsmøte. Møtelokalet var fylt til randen, og etter ein intens debatt var alle einige om at eksistensen til folkemusikklaget måtte sikrast. Etter litt om og men blei nytt styre valt, og som styreleiar seier eg meg særs nøgd med at det no er kome fleire unge med i styret. FYLKESKOMMUNEN SATSAR PÅ FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS På fylkeskappleiken, same helg som årsmøtet, hadde den nytilsette fylkeskultursjefen ei stor overrasking i talen sin – 200.000 blanke kroner var sett av til utgreiing av fylkeskommunen sin rolle i folkemusikk- og folkedansarven. I desse dagar vert dette utgreiingsarbeidet sett i gang, og folkemusikklaget er representert i fleire av arbeidsgruppene saman med arkivet i Volda, ungdomslaga og andre aktive lag innan folkemusikk og folkedans. Det er ingen tvil om at fylkeskommunen no er lydhøyr for kva miljøet tenkjer og ønskjer seg i framtida. Her er mandatet frå fylkeskommunen (MRFL sine representantar): Mandat Med utgangspunkt i fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør: 1. Evaluer fylkeskommunen sin bruk av kulturtilskot til ulike tiltak og organisasjonar mm innanfor folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal (Leikny Aasen). 2. Kva kjenneteiknar undervisningssituasjonen innan folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal i dag? Kven vil vere viktige aktørar i framtida? (Hanne Salthammer). 3. Vurdere mulegheitene til å vidareutvikle Åkerfallet som tilbod til lærar-studentane ved Høgskulen i Volda (ekstern utgreiing). 4. Kartlegg situasjonen til Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, beskrive dei viktigaste utfordringane og forslag til konkrete tiltak for den vidare utvik- linga av arkivet (Hans Lefdal MRFL sin repr. Arkivet). 5. Vurder om Møremusikarordninga kan nyttast til å gje unge folkemusikarar ein introduksjon og hjelp på vegen til å etablere seg og leve av å vere utøvarar innanfor sjangeren. Prosjektarbeidet skal resultere i ein rapport som seier noko om prinsipp og intensjonar for det vidare arbeidet med folkemusikkog folkedansarven i Møre og Romsdal. «Følg med! No vert det spanande – følg med i neste bolken!» Samstundes med at det skjer positive ting i Møre og Romsdal, kjem det høge naudrop frå nabofylket i sør. Der er sparekniven i ferd med å skjere store delar av kulturbudsjettet. Ottebrev er sendt frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Førdefestivalen og Sogn og Fjordane Ungdomslag til fylkespolitikarane. Sjå brevet ein annan stad i bladet og på denne heimesida www.folkemusikklaget.no. Sogn og Fjordane har i mange år vore eit førebilete for korleis fylkeskommunen bidrar til positiv aktivitet innan folkemusikk og folkedans. Men denne utviklinga visar med full styrke kor sårbart dette arbeidet er. Det er difor viktig at vi no sikrar utviklinga gjennom prosjektet i Møre og Romsdal slik at utviklinga går i riktig retning. Berre når fylkespolitikarane erkjenner at den immaterielle kulturarven er like viktig som den materielle, kan vi rekne med å trygge dei økonomiske rammene. SJOKOLADEHELG FØRSTE HELG I NOVEMBER Til slutt vil eg ønskje deltakarane på Sjokoladekappleiken vel møtt til Ålesund. I skrivande stund er det planlagt spel- og dansekurs laurdag 1. november og kappleik sundag 2. november. Det blir arbeidd med å finne lærarar, og det ser allereie ut til å bli eit supert team som tek i mot elevar denne helga. Nokre av lærarane blir også dommarar på kappleiken. For dei som kjem på kurs, blir det høve til overnatting på lagshytta til Ungdomslaget Ivar Aasen på Eiken- osen på Emblemsfjellet. Der er det plass til 50 personer i ei godt utstyrt hytte med nytt sanitæranlegg og stort kjøkken, og ikkje minst ei koseleg peisestove. Ålesund i september 2014 Leikny Aasen Den høge tonen Mannskor har lenge streva med å fylle rekkjene sine, særleg er 1.tenorar mangelvare. Eit kor her i vest ville gjerne også ha svenske songar på repertoaret sitt, m.a. «sjøna mai». Øvingane gjekk fint, med unnatak av songen sin høgste tone. Litt giring, ekstra konsentrert på tonane føre denne topp tonen – men likevel ikkje godkjent frå dirigenten si side. Nytt forsøk, men siste dropen.... nei då. Kva så? Mange framlegg, men likevel magert resultat. Endeleg måtte det vel lukkast, og framlegga vart forkasta etter tur. Men så, endeleg, kom både tipset og unnataket. Også den slagferdige -en fekk ordet og ville prøve. Ikkje berre prøve, han hadde slagplanen heilt klarog eksamensprøva utførde han både med glans og bravur, til stor jubel og trampeklapp under konserten. Resultatet lurer du mogleg på? Han meistra denne høge tonen, som i utgangspunktet var ovan hans rekkevidde. Tonen lydde venvakkert medan -en stod på berre ein fot. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 4 FRÅ REDAKTØRKRAKKEN Vel møtt igjen, gode kulturarbeidarar. Så har tida henta inn Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal også. Dette måtte berre kome, vi skulle fylgje med i tida, eit papirark og ein penn var noko som besteforeldra våre brukte, etter gammalt mønster frå den tidlege morgon. Bladet skal inn på nettet, på linje med dagens praksis. Stillfarande og sterke i arbeidet, var ein heider før i tida, men no har mykje endra seg. Nye kostar skal føre arbeidet vidare, faklar skal skine i nye, klåre former, kvar og ei(n) av oss må fornye vårt gamle mønster, på linje med verda omkring oss. Vi kan ikkje få fram bodskapen vår i motvind, slik som før. Den bratte lærekurva frå tida med blekkhus skulle endeleg ta slutt, ny luft under vengjene og meir moderne «nakketak», var ein lykel som spelte på lag med fleiretalet – som har makta. Vidare veit vi at eit samfunn vert bygt nedanfrå, i alle fall om du går i ei kvista merka løype. Nytenking og endringar har samfunnet vårt teke imot gong etter gong, men kva med mannen som braut med den eldre tradisjonen? Eller putte inn eit dommarsitat, der det heitte lurer på om tradisjonsgrunnlaget er til stades? Etter ei slik tøvete tilbakemelding kan kvar og ein lure på om jorda er flat. I alle fall vil eg poengtere/kommentere ei utsegn «Ungdommern i dag er ikkje slik han var, men det har ungdommen aldri vore! Men attende til dette bladet. 29 årgangar skulle vere meir enn nok, sidan vi har mange gode skribentar her i Møre og Romsdal. Slepp ungdommen til! Vi måtte berre hekte på eit kompromiss, eller kva det heiter. Bladet på nettet, men abonnentane utanom desse medlemslaga, kunne få ei kopiert utgåve av Folkemusikkbladet sendande i posten! Ja, også nokre sider med aktuelt stoff, for «Vi veit at du har ein del stoff liggjande i skuffa di», som kan brukast framleis . . . I skuffa mi har eg sjølvsagt ein god del notat etter fleire års samling kring denne folkekulturen, i tillegg til notat omkring, særleg skiidrett. Heilt sopt og tomt er det ikkje, dersom eg går ned i djupare vatn, som det heiter. Men... resultat; dårlege resultat på kappleikar etter mykje aktiv øving har sett meg på harde prøver. Då er det godt å falle attende på spørsmål og initiativ frå den andre leiren, idrettar, som stadig hjallar om skriving av idrettsstoff. Til dette siste; nye notat frå det området ligg sjølvssagt klart på skrivebordet. Endå eit punkt: Leiar i FolkOrg, Tveiten, skreiv brev til meg, og vona vi kunne treffast både på Landskappleiken i -14 og Landsfestivalen! Eg takkar hjartans for dette! Mitt indre sa nei, etter ein hard kamp som vanskeleg var. Samansying av eit blad er litt av eit broderiarbeid, utfordringar heile vegen. Fela er og vert hovudinstrumentet, og ein red. som ikkje spelar fele, dette vedunderlege instrumentet som i alle år har stått på strengestaden kvil, med sine fire strenger. I alle fall, blåseinstrumenta er ikkje den musikken eg lyttar mest til, men kva? Vi både les og høyrer om mange tilbod i dagens samfunn. Stemne, festivalar, jubileum m.m. vert feira med musikkinnslag. Men kva slag? Folkemusikk er der lite av, men skryting av ein natur ikring oss, er allmenn og unik, faktisk i verdsmålestokk. Kva høyrde, og la merke til, den gode Edvard Grieg på sine fjellvandringar!? Han opna sinnet sine indre kanalar og vidaresende – merka og kvista ei løype i ukjent terreng rett inn i verdsmusikken. Han, og fleire, høyrde og såg dei enkle verdiane, ressursane ute i lendet og sette dette inn i eit system som fengde i ettertid. Folkemusikken har ofte lege i skuggen av overmakta, ja, ja – sola går ned i landet vårt – men opp i eit anna landerike. Tenk på bondejenta med kvardagsstakken, og gråsteinsveggene, som såg at verda der ute skifte tempo, strøymingar og trendar gjekk nye vegar. Kvart-tonar som ho song, ukjende for mange, men i dag ein fakkel og bodberar med stort verdigrunnlag. Hausten er komen med innplukking av jordas grøde, veksten skulle vere klar til å lagrast. Ljosfakkelen minkar, verda omkring oss kan gi kvar einskild meir tid for dyrking av interesser på det kulturelle plan. Ein hadde eit språkår, ein periode som starta ved nyttår, men ikkje sluttar. Ny ungdom tek over etter oss eldre, vonleg ikkje etter ei altfor bratt lærekurve. Musikken skal dyrkast vidare, etter nye (?) retningslinjer, eller kva. Folketonen skal framleis vere ein, for mange, døropnar. Har vi ein tendens til berre kopiering av eldre spor? Ein eldre mann sa for lenge sidan: Endringsvilje kunne vere like viktig for ein musikant, som vinkel og vater for ein bygningsmann. Såleis kunne vi gå fram, med fyndord og sitat. Eitt er i alle fall sikkert: Ingen kamp er vunnen for alltid. Men, kva hylle stend vi på, som elskar folketonen? Ser vi oss omkring, får vi ein avkrok, i skuggen av overmakta. Side opp og ned, med grupper i engelsk tekst osv, og eitt av dei siste frå mi side «må skrives om» og tendensen er gruppe & band, «Spelemannslag var før i tida», og på setra i fjellet. Ja, ja, gjennom lang tid har eg arkivert både skriftleg og munnlehg ei mengd utrop, eit sluk av kunnskapsløyse, det ser ut som vi nordmenn ikkje siglar i same havet. Ressursar ligg ute i terrenget, ventande på deg også, enda du skulle vere personen som braut med delar av tradisjonen. Mogleg vil du fortelje meir om dette med tradisjon, som heile tida er i alle fall litt i rørsle. Endringar og nytenking er element som frå urtidas morgon til i dag har vore i utvikling. Godt spel & song. Dagfinn Nupen FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 5 Kunstmusikken / Folkemusikken vår, kva veit vi om opphavet? Sidan eg driv aktivt med speling på dei eldre folkemusikkinstrumenta, dukkar ofte spørsmålet opp om alder og år kring denne musikken sitt opphav. Korleis starta det heile, kva slag instrument vart brukte, og korleis lydde tonane? Sidan Noreg er ein ung nasjon i høve til mange, er det naturleg å søkje til andre land sine kulturar for å finne svaret eller svara. Innan den norske folkemusikken er dette med tidlegare kjelder, påverknad, miljø etc. alltid eit vanleg tema i drøftingane. Dette kjem vi attende til, men for å sikre oss grunnleggjande fakta, veit ein at studie av musikkformene i utlanda må vere med for å få meir heilskap i kunnskapsmengdene. Litteraturen gir oss svar på mykje, difor fører dette til både Bibelen, Snorres kongesoger og andre bokverk. I tillegg er notat frå skular, kurs, og foredrag av ymse slag viktige. Er ein så heldig at samtalar med dugande personar innan musikkfaget kan kome i tillegg, skulle kvar og ein ha eit godt grunnlag for systematisk nedskriving av toneveldet gjennom åra. Ein del ord og uttrykk går ofte oppatt, og må repeterast for å konstatere nokre fakta som illustrerer heilskapen. Spørsmål som melder seg, kan vere: Kva er musikk? Folkemusikk, kva er det? Kva er ein tone, korleis vert «laga ein tone», kva må til? Kor mange tonar må vi ha, for å kalle det musikk? Eitt er i alle fall sikkert, vi får ein tone ved regelmessige svingingar. Uregelmessige svingingar gir støy. Desse regelmessige svingingane i lufta når øyrene våre, og trommehinna blir sett i rørsle, hjernen registrerer ein tone, tonar. Stgemmegaffelen skulle dei fleste kjenne. Dirigenten brukar denne for å finne høgda på tonen, før koret skal starte. Denne tonen, einstroken a, har eit svingetal på 435 (440) pr. sekund. Forskarane seier at eit godt øyre kan høyre tonar mellom 16 og 16000 svingingar pr. sekund. Vanlegvis talar vi om stamtonane (7 forskjellige) som kan sjåast på eit piano/ orgel som kvite tangentar (vanlegvis), i tillegg skulle dei fleste kjenne halvtonane (svarte tangentar), totalt 5. Vi registrerer høgda, styrken, tida/ varigheita, og klangfargen. Tonehøgda vil variere med svingetalet, og vidare veit vi at lengda på ein streng er avgjerande for tonen ): lang streng gir djup tone, ein høg tone lyder når strengen er kort – og stramminga er den same. På eit blåseinstrument er det luftsøyla som svingar. Kan du lage ein regel for dette? Grunnelement i musikken er rytme, melodi, harmoni og klangfargen. Vekslinga mellom tunge og lette slag (impulsar) kallar vi rytme. Nokre folkeslag har gjennom tidene sunge svært primitivt, kan kallast rytmisk deklarasjon, og melodien er einstonig. Vidare kan seiast at melodirytmen gir oss den einskilde tonen sitt særpreg. Ofte snakkar vi om dur eller moll. Syng fyrste strofa av «Brede seil over Nordsjø går». Kva tonekjensle føler du? Attende til folketonane, som kan vere vanskelege å notere ned, skalaene stemde ikkje heilt etter dur/moll-skjemaet. Ikkje taktskjemaet heller. Dei hadde sin eigenart, desse eldre tonane, der m.a. Sparre Olsen studerte desse «avvika», og fleire med han. Folkemusikken hadde gamle «ting», som var nye for komponistar, men fleire tok med ein god del i sine verk. Edvard Grieg var nok den fyrste som tok godt vare på desse grunnvollane, der R. Nordraak sette han på sporet, godt akkompagnert av H. Kjerulf. Ser ein vidare utover, t.d. musikk frå fleire land i Asia, vil vi finne heilt andre tonerekkjer enn våre.Eit konkret namn må nemnast når musikk frå utlandet kjem på bane, pentatonikk, fem-toneskala. Angelsaksisk musikk, med sine eigenarta tonar i folkemusikken frå Skottland, var ei fryd å høyre der borte, lytt til «Loch Lomon». Skal vi få eit bilete av musikken gjennom tidene, må mangt leitast fram frå eldre bokheim. Alt vil ein nok ikkje finne, for det gjekk lang tid før detaljerte fakta vart skrivne ned. Musiserte fedrane våre i steinalderen? Ganske sikkert, men heilt sikre kjelder finst nok ikkje. Forskarar har gått ein liten omveg, og i våre dagar har dei leita fram folkegrupper, t.d. i avstengde skogar i jungelen, som er heller lågståande i høve til dagens opplyste folkeslag. Opptak av desse har gitt oss eit bilete av denne primitive songskatten. Vidare er funne små, enkle beinfløyter frå dyr. Berre å få sjå ei slik beinfløyte på den eldgamle buplassen Knossos, Kreta, var rett og slett ei oppleving! Notatane mine seier at vi skal ca. 30000 år bakover i tid når eldre instrument vert omtala. Eit utruleg tal. Her skyt eg inn at eldste fløyte/horn frå våre land (Norden) er noko usikkert. Men talar vi om instrument som etter ei svært lang utviklingssoge har fått fingerhol, så er soga enklare å tidfeste. Eldste funn reknar vi til ca. 850 e. Kr., frå Bornholm i Danmark. Kva (og korleis) dei spelte, er likevel uklårt, sidan skriftlege kjelder frå den tida manglar. Ein reknar med at langt, langt attende i soga brukte steinalderfolket skrapeinstrument, rasler, som kunne gi lydar, perler som var festa kring armane, etc. Dei kunne nok laga seg ein «syllofon» av steinar med ulike storleikar. Desse kunne slåast på og gav ymse slag lydar/tonar. Frå seinare tider kan vi lese Eirik Raudes saga, at ei skive av bein eller flint, festa i ein tråd og svinga rundt i lufta, gav frå seg ein lyd. Har sjølv laga dette, som har fått namnet hurre, og brukte tre (i staden for flint eller bein). Ein tydeleg brummande lyd lyder. Hurre «Var Pà veift tránjum ollum rangsælis, ok yla allir skrælingar hátt ùpp.» Langt attende meiner forskarar at ymse slag av stamme-folka hadde sine variantar, som dei uttrykte seg på. To tonar var vanleg, opna med ein høg tone, og heldt fram vidare ned til ein slutttone «djupt nede». Frå desse to tonane heldt utviklinga fram med songar på både tre-fire tonar, og meir enn det. Kom også ein 5. tone, kunne vi snakke om pentatone melodiar (penta = fem). Dermed nærmar vi oss slektskap med vår norske folkemusikk. Vidare vil eg setje eit spørjeteikn til eldre folk som i dag kan desse eldre lokkane, når dei er oppe i fjelldalen og lokka på husdyra sine, gjerne med ekko frå fjella ikring! Ei stor oppleving! Songen/vokalstemma er altså det eldste musikkinstrumentet, og langt eldre enn både blåse-, strenge- og slag-/rasleinstrumenta. Tromma, det skarpe slaginstrumentet, må vere svært gammalt. Vi reknar ganske sikkert med at urfolket både hadde trommer, og brukte desse for å skape kontakt med andre stammer langt unna. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Så ein liten «brannfakkel». Mykje tyder på at jegeren sin boge er førelauparen til strengeinstrumenta våre. Kort/liten boge, og strenger som var laga av dyretarm, gav frå seg ein høg tone. I våre dagar lyder ein god del slåttar på munnharpe. Endring av munnhola gir oss ymse slag tonar. Munnhola kan brukast som klangbotn ved at vi klimprar på ein bogestreng, opnar munnen vår, og ein tone lyder. Her må liggje mange og ymse slag forsøk for å finne den eksakte tonehøgda. Munnharpa – talar vi om eit strengeeller blåseinstrument? Instrumentet er i alle fall svært gammalt, og opphavet er nok i Asia ein stad. Kva er eit instrument? Les vi ein gong til gjennom den eldre soga vår, finn ein at dei gamle forfedrane våre fann fram til ymse slag materialar i naturen. Dei hadde, som vi i dag, ein trong for å uttrykkje seg med ymse slag tonar. Syngje, rope, hauke, etc. kunne dei frå urtidas morgon, så vokaltonar har tona uendeleg langt attende – to, tre eller fire tonar, etter som utviklinga skreid fram. Skralle Etter kvart kom ymse instrument, av enklaste slag. Nokre er tekne vare på, så dermed har vi eit lite prov for dette, men vi manglar sjølvsagt ein god del. Korleis dei uttrykte seg reint musikalsk, veit vi ikkje, for skriftlege dokument manglar, noteskrift kom langt seinare. Fløyter av dyrehorn er funne, elles har tre, bork vore brukt for å lage seg lurar. Planter som er hule, siv, strå, reknar ein med har lange tradisjonar. Trestykke i ymse lengder/dimensjonar meiner forskarar vart brukte av mange. Slag-/klimpreinstrument har ei lang historie i si utvikling, som vi veit. Fibrar av planter skulle også vere bra material å klimpre på. Varsel til andre grupper som levde i skogane, var nok godt utbreidd gjennom lange tider. Primitive folkegrupper har, som vi veit, heilt andre levereglar enn hjå oss. Dei trudde på trolldomsmakt i musikken. Alle større hendingar, frå fødsel til død, vart feira med musikkinnslag. Kraftige tonar skulle drive ut vonde ånder, så alt i alt vil musikkutfaldinga deira verke heilt annleis hjå desse primitive folka, enn hjå oss nordbuarar. Forskarar har etter evne prøvd å notere ned musikken deira, som seier m.a. at både tonetrinn, skalatypar og harmoniar har store avvik frå den musikken vi høyrer i dag. Svært gamle som desse musikkformene er, skal vi likevel ta lærdom av korleis forfedrane våre uttrykte seg. Noko kan vi vel lære av dette også. Frå historieboka les vi om kulturar som vart skapte i alle fall 3000 år f.Kr., t.d. i Egypt, som no er utforska. I pyramidane er funne både måleri og relieff som fortel om sivfløyta, som vart blesen frå kanten. Strengeinstrumentet harpe (lyre) er eit anna instrument som er mykje omtala. Sjå 1. Mosebok kap. 4 (vers 21), som er fyrste gongen instrument er nemnde i Bibelen. Mesopotamia er også eit eldre kulturområde, og som kan skilte med mykje musikk. Her hadde ein fleire folkegrupper nedetter landet til Den persiske golf, der det er funne mange slag strenginstrument (t.d. Kithara) og blåseinstrument som liknar ein dobbel obo. Templet i Jerusalem hadde mykje musikk, både vokalt og insdtrumentalt, i gudstenesta. Under korsongen skulle berre levittane syngje, og ofte høyrer vi om at dei hadde ein føresongar, medan sjølve koret kom inn med eit omkvede. David-salmene var sjølvsagt dei gode kjeldene her. Vidare var også to korgrupper å høyre, med vekselsong. To-stemmig, kan vi tru, men denne tida talar vi om einstemmig framføring. To-stemmig song reknar vi med fyrst kring året 1000, og utøvarar var norske (og 6 danske) vikingar. Innan instrument-musikken lydde både dyrehorn (shofar på hebraisk) som har elles vore i bruk heilt til våre dagar. Funn har vidare fortalt om ymse slag trommer (ein ring eller forma leire, + geiteskinn), kastanjettar, og ymse sortar rangler var i bruk. Det jødiske folket var mykje ivrige for at musikken skulle ha ein brei plass. Også hellenarane var mykje musikalske, der lyra var nasjonalinstrumentet deira. Byggjemåtem var to dyrehorn, festa til eit skilpaddeskal, som var klangbotn. Vidare eit tverrtre der strengene, 4-7 strenger, vart festa til klangbotnen. Klimpring med fingrane eller eit plekter, av bein, gav gode tonar. Aulos er eit namn som dukkar opp i dag, og hellenarane nyttar dette namnet mykje. Ein dobbel obo, som kom frå Lilleasia. To heile siv-strå var munnstykke, og det næraste vi kjem no, er når vi bles på ein løvetannstilk, som dei fleste har prøvd. Eine strået gjorde teneste som melodi, medan det andre strået berre lydde summande under. Her talar vi nok om ei lang utviklingssoge? For å få fram meir tonar veit vi at i Hellas vart laga syrinx, som vi kallar panfløyte. Fem røyr med ymse lengder vart hekta saman, og blesne frå sida. Ei slik fløyte fekk eg også sjå i York (England), som atter syner oss at vegane til instrumenta gjekk i ymse retningar. Soga er gammal. Eit instrument som mange kjenner i dag, er trompeten salpinx, som i eldre tid vart laga av tynne og ganske lange røyr. Fleire slike, laga av metall, er funne fleire stader, m.a. i Irland, der vi får sjå dei i dag. Interesante å få oppleve på nært hald. Hellenarane har elles ei lang soge innan korsongen. I tillegg viser bilete at dei dansa til. Kva med song, dans og instrument? Historiebøkene fortel at til dansen hadde dei både lyre, harpe og aulos som tonefylgje (akkompagnement). Dei hellenske kordansane likna ein god del på framføringar vi ser i dagens leikarringar. Unison song, der lyre støtta til. Dei (hellenarane) hadde også noteskrift, og forskarar fortel om ymse slag skalaer, oppattkalla etter folket og landskapet desse var komne frå (dorisk, lydisk, frygisk etc.) som alle hadde sine særpreg. Romarriket gjekk under (ca. 500 e.Kr.), nye musikkformer skaut fart, og kyrkja la nytt grunnlag for europeisk vokalmusikk. Soga fortel om vekselvis song der dei hadde to grupper, t.d. eit kor (gruppe) svarar den andre (anti-fonal). Vidare høyrer vi om responsoral-song, der ein på slutten av kvart vers kom inn med t.d. halleluja. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Pave Gregor skipa ein songarskule i Roma, før noteskrifta kom. Etter minnet vart notetrinna nedteikna med neumer, som desse vart kalla. For å hugse sjølve melodien, hadde dei ei tid berre ein tone på kvar staving. Men dette systemet vart etter lang tid endra (forbetra). Eit langt og møysommeleg arbeid gjekkføre seg. Dei gamle skalaene vart løyste av, frå dei som vi kjenner i dag, dur og moll, på midten av 1600-talet. Musikksoga vår fortel om nye songformer både i kyrkjer og kloster (600-800talet), og utetter til medio ca. 1600, ja då må ein slå fast at dur- og moll-skalaene slo røter og utvikla musikken vidare. Gregorianske melodiar har du sikkert høyrt om. Dei gjekk i lange rolege vendingar, og sjeldan større sprang enn ein kvint (5 tonar). Oppbygde av heile og halve tonetrinn, der to halvtonetrinn faktisk aldri kom etter kvarandre. To-stemmig song har sjølvsagt si historie. Reknar med at song både i kvart- og kvint-parallellar lydde hjå fleire primitive folkeslag, og norske (og danske?) vikingar var med på å bringe denne nye syngjemåten over til Storbritannia, som du nok har lese om (?). På 1000-talet og utetter kunne ein i katedralar, både i Frankrike og England, lytte til den spede byrjinga av fleirestemmig song, av enklaste slag, med over- og understemme. No kom også noteskrifta til, og dermed får vi betre informasjon om utføringa av songen for ca. 1000 år sidan. Neumene, som var førelaupar til noteskrifta kan vi seie, vart forbetra. Ei rett linje vart trekt gjennom desse neumene, og etter kvart fekk vi eit system med eit viktig haldepunkt, etter svært mange forbetringar. Noreg-soga skulle vere rimeleg godt kjend, og kongesogene eit fast pensum nær sagt for alle. Viktige haldepunkt er Olav Trygveson og etter han kom Olav Haraldson. 7 Notatane mine seier at notesystemet vart tydelegare utforma. Ein fekk fire linjer, tonane d - f - a - c markerte på linjene, og e - g - b mellom. Der får vi berre setje strek og seie at ein er inne i eit eldgammalt system om noteskrifta, som ekspertar kan gi deg meir detaljar om. Vi er i alle fall langt frå opphavet, etter mange og lange drøftingar og forsøk. Musikk-soga er som ein skjønar eit svært langt studium over mange år, frå ei tid vi manglar nokre konkrete detaljar om. Vi har heldigvis funne fleire informasjonar, men kva gjer ein når notar ikkje var funne opp? Mange tankar melder seg, for min del har eg berre teke med nokre fakta, som granskarane har gitt oss. Eit utdrag frå den eldgamle tida. Er det nokon som tippar alderen på eit «djuptrykk» av dette slaget? FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 8 Folkemusikken vår. Kva veit vi om opphavet? Fyrste jobben min etter lærarskulen (1962) var i Hardanger. Eg følte at då var det i eit distrikt som på fleire vis var i sentrum innan folkekulturen. Fyrste hardingfela ein kjenner til, skal ha soga si knytt der, på vestsida av Sørfjorden – frå garden Jåstad, og årstalet er 1651. Berre eg nærma meg denne historiske garden for fyrste gong, kjendest det ut frå mitt indre, ei kulturhistorisk høgtidsstund som eg ikkje hadde opplevd før. Ei mengd artiklar, foto og bøker vart rett og slett synlege. Dette var nok ei minnestund som ville gå rett inn i dei indre kanalar. Tonekunsten hadde eg drive med, både i teori og praksis. I fyrstninga det ein kalla kunstmusikken, t.d. på piano, men heretter skulle det verte folkemusikken. Dette siste skulle dermed høve godt, sidan eg var levande interessert i historie. Fjeldeventyret av H. A. Bjerregaard (tekst), og Waldemar Thrane (1770-1828) var musikanten som løyste ut vårbrusen innan dette nye tonestoffet, som peika ut kursen for den nasjonale tonekjensla. Så talar vi om dette opphavet, som ikkje alltid er så lett å kartleggje. Vi veit at naturen har i alle år inspirert personar/ kunstnarar, og vore ei rettesnor i vidare arbeid. Så går vi oppetter i bakkane langs elva – fossen buldrar og elva renn i sitt gamle spor og er godt synleg. Lenger oppe minkar vassføringa og til sist er det slutt, langt der oppe under fjelltinden. – Lyden er heilt tagna. Som ungdom høyrde eg eit foredrag der det vart teikna ein parallell i dette tilfelle. Vatnet frå elva/fossen berre rann ut i havet, nær sagt til lita nytte (?). Såleis også Frå «Fjeldeventyret». Tekst H.A. Bjerregaard, tone W. Thrane. med folketonen, som ikkje vart særleg teken hand om, i mange høve–. Elva og vatnet hadde ei kraft i seg, same er tilfelle med folketonen. Vi hadde ikring oss materialet som måtte til for å skape or den fjellfriske tonekjelda. Mang ei budeie tok ein liten kvilepause når dei nærma seg fosseduren. Nettopp der og då heva dei røysta og song, med fossefallet som komp. – lenge før dette ordet var funne opp. Var ein heldig med litt skiftande vindretningar, ja då kunne kvar og ein sitje roleg og lyde til vindens stigning og fall, som dermed gav utslag i ymse tonehøgder. Dette har vel kvar og ein lagt merke til i våre dagar !(?) Eller du sat nede i fjøra ved fjorden, såg bølgjene som kom rullande mot strandkanten. Du la øyra til for å fange opp dynamikken av lydbølgjene. Med fuglesong i tillegg fekk du meir tonesprang og vart stornøgd for alt du fekk oppleve. Frå W. Thrane kan ein gå vidare på den eldre vandringa vår, innan norsk tonedåm, som no kjem sprettande fram or det eldre og uoppdaga norske. Fleire dugande musikantar kjem deretter frå det skjulte, og heilt fram på scenekanten. Litteraturen har side opp og ned i store mengder om desse som såg verdien av tonekunsten vår. Ein som faktisk alle skulle kjenne til, er L. M. Lindeman (1812-1887). Han reiste ein god del kringom i fleire bygdelag og noterte flittig frå mange kjelder og hadde masse verdfullt som kunne delast og vidareførast med andre. Denne Lindeman var mykje seriøs og dermed ganske nøyen under nedteikningane. Han fekk høyre at den heimlege tonedåmen vart teken godt i vare, etter arbeidet hans. I bøker og samla skrifter er difor Lindeman sitt arbeid både stort og grundig. Ole Bull var eit par år eldre enn Lindemann. Bull (1810-1880) kjenner vi som «trollmannen» med fela, og litt av ein eventyrar. Med han kan vi tale om ein nyare epoke i tonekunsten vår. Han kjenner vi nok mest som den utøvane solisten med fela si. Men Bull var også ein ypparleg skapande kunstnar. Kven kjenner ikkje til «Et seterbesøk». Endå eit par tonekunstnarar fylgjer like etterpå, og som merker seg ut med sin stil. I ei særstilling står Halvdan Kjerulf (18151868). Berre vi høyrer eit par takter som han har skrive, gløymer eg aldri ein nær slektning av meg. «Aa..hå-i». Kjerulf vart nynna, sunge, trilla og tralla, vidare frå notearket som ho hadde godt verna etter mange år i eit kor. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Tek du fram eit historisk kart over Noreg og øyane vester landet vårt, vil du finne Orknøyane. Ei fin oppgåve for oss alle. No kom trilllene sjølvsagt utan notar. Romantisk tonespråk, vakre melodivendingar med innfall av kunstnarleg teknikk. Vidare i denne minnevurderinga kjem han som var noko yngre. Mannen som skapte nasjonalsongen vår, Rikard Nordraak. Kjend for dette skalarytmiske tonespråket. Det seiest av Bjørnstjerne Bjørnson ein einste gong i livet var still. Han hadde skrive songen «Det ligger et land...». Songen mangla tone, Nordraak fekk papiret og plystra songen ut (frå bladet) linje for linje, såg på B.B. for kvar setning. Stavande stilt, og tonen var ferdig. Bladar vi gjennom mange notatbøker, leksikon og ymse slag publikasjonar elles, vil vi finne ein god del om tonekunstnarar i eldre tider. Ofte stiller du eit spørsmål kring dei eldste spora, og gjerne kva misjon tonekunsten hadde å seie for forfedrane våre. Kva tid kom instrumenta, og kva slag? Ein ting som er heilt klårt: Songrøysta er det fyrste instrumentet, deretter kom dei mange instrumenta. Desse deler vi vanlegvis i tre grupper: strengeinstrument – blåseinstrument – og slag-/rasleinstrument. Dermed kjem eit nytt spørsmål: Kva er den eldste gruppa av desse? Dette spørsmålet skal berre få liggje her. Eit anna spørsmål melder seg også: Kva song dei, korleis, og kvifor? I samband med arbeidet, eller kva? Notar, eller notat, er eit anna spørsmål. Vi veit ein del om dette. Mange dugande songarar i det siste hundreåret kunne ikkje notar ein gong, ja kva skulle dei med notar, når dei gjekk ute i terrenget og gjette husdyra sine? Tonekunsten i dette tilfelle hadde ein praktisk funksjon. Melodiane, ofte berre eit signal, gjekk i arv og godt lagra i kvar einskild si minne- 9 bok, og vidare til neste generasjon. I fleire høve vart ymse melodivendingar endra ein del på, mogleg avdi tonesprang kunne vere vanskeleg, eller dei ikkje likte det heilt godt. Variantar kunne bli resultatet, men opphavet eller kjeldene skulle vel vere kjende? I dag er mange opptekne med musikksoga vår, og skriv oppgåver til eksamen – i slike høve må eldre publikasjonar saumfarast. Kom to-stemd song tidleg, og korleis? Dette har mange grunda på i lange tider. Ein meiner med tyngde i argumentasjonen at dei fyrste, i alle fall innan vår kultur, at vikingane song to-stemd. Eldre skriftlege prov eg har funne om dette i vår nordiske/ norrøne saga, er frå Orknøyane. Her er det snakk om parallellsong. Men samanhengen vidare veit vi heller lite om. Under ein av mine turar til Vesterhavsøyane, nærare fastsett til Kirkwall og kyrkja på Orknøyane, stilte eg spørsmålet til organisten der, men fekk svaret at evt. notar fanst ikkje. På leiting etter godt eldre tonemateriale kan vi i dag finne mykje om opphavet til vår norske folkemusikk. Eg er mykje glad for at fleire framifrå personar har gitt meg mykje, og ein god del notat vert ofte henta fram og repetert. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Liv Greni er ei av desse kjeldene som stadig dukkar fram frå minneboka mi. Hjå henne og fleire andre er sjølvsagt Edvard Grieg den største, sidan han var heldig og fekk oppleve fleire av våre fremste folkemusikarar på nært hald, og sette meir enn vanleg pris på møte med både songarar og hardingfelespelarar. Sjur Helgeland stod svært høgt i kurs, for verdien av spelet hans. Fleire kunne nemnast. Arne Bjørndal kunne fortelje at Helgeland fekk mykje ros frå Grieg. Helgeland var av den eldre garde som kom frå eit heller isolert miljø, og mangla utdanning. Til dette fekk han svaret, og takka mest for at «han inga utdanning hadde». Vidare seier eit notat i ei bok, etter samtale med OlavMoe i 1848 (frå Valdres): «Den norske bondespillemanden bør fare varsomt med gamle slåttene». Dersom nytt vart laga, måtte dette ikkje «forkvakle de opphavelige motiver,...». Ein sterk påstand kjem også i tillegg: Trekkspelet vil rett og slett «ødelegge hele den norske folkemusikk». Kven var den/dei fremste til å vekkje Grieg for folkemusikken vår, vil fleire spørje. Her er både Ole Bull og Rikard Nordraak i fremste rekkje. Grieg studerte i Leipzig, men dette var innan klassisk musikk, og dermed heller lite (for å gi den norske folkemusikken meir vengjefang). Han var lei seg, avdi han ikkje kunne meistre hardingfela. Nettopp i hardingfele- spelet oppdaga han den lydiske kvarten. Denne kvarten måtte kome frå ei av dei eldgamle skalaene, men meir kunne ikkje stadfestast då (i 1901). Dei norske folketonane er fundamentet som Grieg bygde på, men forskarar må gi oss meir kunnskap om dette interessante feltet. I alle fall kom vi no til inngangen «for skapande norsk tonekunst», og folkemusikken er og vert det dominerande og verdfulle grunnmotivet for vidare arbeid. (sjå t.d. opus 72), samt dei fire salmer i opus 74. Mykje av dette stoffet byggjer direkte på folkemusikken vår. Edvard Grieg hadde ein stor produksjon, og i den vil vi finne eit toneomfang «som varer til verdi øydest». Store delar av den norske slåttemusikken har denne «lydiske» kvarten. Han seier vel ein stad at den auka kvarten i folkemusikken skil seg frå kunstmusikken og høyrest i vokaltonane, som eldre utøvarar kringom i bygdene song, som vi veit.... Grieg sin musikk var ein del prega av folkemusikken vår, i denne samanhengen, men her må meir systematisk gransking til for å gi oss konkrete svar. Vi kan ikkje vere bastante, men meir varsame, når folkemusikken sine tonale overføringar skal setje liksksapsteikn med Grieg-musikken (som vi veit, er eit stort og breidt kapittel i soga vår). Grieg søkte etter gode kjelder fleire stader gjennom mange år. På (Øvre) Børve i Ullensvang vart han 10 nok kjend med den eldre bondekulturen for fyrste gong. I fleire år nytta han somrane til å få møte personar som sat inne med verdfulle kulturformer i ord, tonar og deira levekår vidare. I tillegg til Ole Bull stod hardingfelespelaren Ola Mosafinn høgt hjå toneskalden Grieg, som likte svært godt denne bygdespelemannen for slåttespelet hans og dei særmerkte tonespranga. Ein annan som også var mykje påverka, var Sjur Helgeland, som spelte mykje for Grieg. I turistsesongen meinte Grieg at hardingfelespel måtte vere det rette og beste når hotellgjester kom t.d. til Stalheim hotell. Dei mange klangfargane på fela til Helgeland (14 ulike stille) var noko som fengde i Grieg sine øyro. Olav Moe frå Vestre Slidre i Valdres var ein annan storspelemann som gav mykje til Grieg, både under kappleikane i Bergen og på Trollhaugen. Eit anna namn som er mykje omtykt, er Lars Kinsarvik, som også spelte ofte for Grieg. I samtale mellom dei merka Grieg seg særleg det lydiske moment i tonane som vart utførde på hardingfela. Etter samtalen mellom desse to er det vi har setninga «går opad tonestigen efter en regel og nedad tonestigen efter en anden regel. Jeg bruker ofte disse regler i mine komposisjoner». Kinsarvik spelte hardingfele, og var ein dugande forteljar i tillegg, både når det galdt soger, segner og stev. Om spelet som I samband med Vesterhavsøyane (britisk område) tek vi her med eit foto frå Færøyane. Vi er vanlegvis oppvaksne med at i kyrkja skal vere eit orgel. Her ser vi Saksum kyrkje på Færøyane som var/er fyrste kyrkja eg har sett, som ikkje har orgel til songen, pre- og postludium. Folket der i grenda song på sitt språk, kjende den eldre kulturen bygd på livsgrunnleggjande toneelement. Har vi ei kyrkje her i Noreg, utan orgel, som du kjenner? FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 var både rytmisk og hadde god tonal klang, heiter det etter Grieg, «vriden og innfløkt» med å feste notane til papiret. Den store tonekunstnaren vår bad om at det skulle trampast under spelinga for å få rette takta i spelet. Dette kjenner vi godt i dag, av fleire spelemenn. Berit paa Pynten er eit anna namn som lyser godt innan folkemusikkhistoria vår. Ho budde på ein husmannsplass på grensa mellom Vang og Vestre Slidre, like ved hovudvegen. Berit var ein meister på den gamle, slitne langeleiken sin. Pynten var m.a. kvileplass for skysskarar og hestar, og ein gong kom ein framandkar og ville høyre slåttar som han dermed kunne skrive ned og ta vare på. Ein gong kom utsegna, som mange har smilt til: «E meine du kan notad’n me du», sa Berit med høg røyst, og denne framande karen måtte berre sanne den utsegna. Edvard Grieg var namnet til denne setninga. Vi må ta med ei kvinne til i same rennet, som i seinare året har spira opp igjen: Gjendine Slålien, som i årevis var budeie på Skogadalsbøen, Ho var ei av dei absolutt beste kjeldene våre innan den vokale folketoneskatten. Grieg vitja henne og området der oppe i fjellheimen i 10 år etter kvarandre. Ho song (og hauka) og ei mengd tonar/viser vart skrivne ned (sjå Opus 66). I dag kan ein høyre tonar som Gjendine er opphavet til, no også av mannskorsongarar. Frants Beyer, som arbeidde mykje saman med med Grieg, dei fekk høyre at seterfolk lærde frå seg ymse songar, viser, lokk og sullar, etc. Tonane gjekk i arv, ekte og heilnorske folketonar vart vidareførde etter presise nedteikningar. Mi mor tar meg opp på sitt fang dansa med meg att og fram. ||: Danse så, med de små, danse så. Så skal barnet danse. :|| Nedskrivingane var med andre ord heilt nøyaktige av framifrå, dugande utøvarar. Dermed har vi folketonar som er svært gamle og ekte. Likevel står att eit spørsmål: kva med overføring, kva fekk Gjendine frå forfedrane sine? Song dei eldre heilt likt, alltid? Opphavet til den eldre folketonen vår står atter ein gong med eit spørsmål. Notat etter notat, nedskriving... alt etter boka, som vi seier, og framleis ikkje ved mål. Ny solnedgang er...? enda ein lokk – ein ny dag med blyanten og notearket fram. Gjendine sine tonar får ein ny vår... Min mor hun tar meg opp på sitt fang, danser med meg att og fram. Dermed «sluttar» vi med den no kjende voggesongen Barnet legges i vuggen ned. stundom græder og stundom ler. ||: Sove nu, sove nu, i Jesu navn, Jesu bevare barnet :|| Ser vi vidare i notenedteikningar, t.d. frå Valdres – både lokkar og bånsullar, er ei mengd av desse i eit toneomfang på berre fem tonar. Her skulle ein ønskje at fleire distrikt var representerte. Kva med Møre og Romsdal? I alle fall er ein nok sikker på at desse enkle melodiane må ha ei svært gammal tonekjensle hjå folk. Granskarar seier at gode melodiar har ein funne nær sagt over heile Noregs land, og i grannelanda våre også. L. M. Lindeman fortel at kjeldene hans kunne syngje «en ledetone mellom f og fiss». Kva noterte han då? Elles skriv Lindeman at han ikkje fekk nok tak i melodiar som han var ute etter, dvs. salmetonar. Vidare var Hans Thomissøns salmebok, som er den eldste norsk-danske salmebok (1599), kjend av mange. Ei anna salmebok, som eg fekk glede av å høyre ein del av på Færøyane (1967), var også eit viktig verk under dei lange gudstenestene både på 1500- og 1600-talet. I same rennet tek eg med einaste kyrkja eg kjenner på nært hald: Saksum (Færøyane), der salmesongen vart utførd utan orgel. Korleis denne lydde, må overlatast til musikkgranskarane. I mange heimar var nok salmeboka til Thomissøn kjend, og dermed melodiar derifrå. Det er fastslege at melodiar frå den boka kan sporast attende til tyske folketonar m.a. frå 1500-talet. Les vi vidare i ymse eldre skrifter, vil ein også slå fast at ein folketone som har vandra i 300-400 år, går gjennom «forvandlingens lov» og skifter både ord og farge. Ja, det seiest at fleire norske folketonar, som kan vere like frå tonevendingar ute i verda – har vorte smelta om her heime. Til tider kan dette tonestoffet høyrast ut som kjelda er norsk, rett og slett lyde som norsk natur og heimleg lynne. Spørsmålet som er aktuelt, melder seg på nytt: Typisk norsk – kva er det? I Grieg sin musikk kan vi vel seie at rytme og harmoni er vesentlege. Dessutan 11 er det mange som poengterer dei trolske akkordane hans. I eldre tonemateriale finn vi elles pentatoniske trekk, som ikkje er eit framandelement i norske folketonar. Ser vi og høyrer etter dette (pentatoniske) elementet som er gammalt, både i salmetonar, dei enkle bånsullane og når budeia lokkar på husdyra sine oppe i Nykkedalsheiane. Fleire av komponistane våre har sendt oss folketonen sitt mors-/tungemål. Skal tru om vi ikkje kan konstatere dette etter samtalar/lytting og personleg deltaking innan eit «seterbesøk»? Så til det gamle uttrykket: «Han kom frå byen, og kunstmusikken, så søkte han fjellet og folkemusikken.» Komponerte norske musikkstykke, men der finn vi også ein avleggar frå t.d. tyske tonekjelder, men som er planta om i moder Noreg si jord. På1800-talet hadde vi vel ikkje eit samla norsk kultursentrum som tok vare på verdiane våre (?). Men nokre røyster tok til å vakne. Ole Bull uttalte: «Jeg hører en forunderlig dyp sangbund skjælve i det nrske folkebryst.» «Mit livs maal har været at faa sat strenge på den.» Vidare tek vi med eit sitat av Wergeland (1841): «Det (folket) sine sønner sproget gav; giv smykker det igjen derav.» For oss amatørar er mangt eit spørsmål å leite fram i. Legg vi nok vekt på desse kvarttonane. Dersom vi høyrer den, korleis skal dei noterast? Litt av ei viktig oppgåve. Samanliknar vi seljefløyte i samspel t.d. med eit piano, finn ein rimeleg snøgt ut nokre tonar er «ved sida av» kvarandre på dei to instrumenta. Vidare veit vi at eldre personar song mykje, og ein god del kvarttonar kom naturleg fram. I årevis fekk eg høyre dette at t.d. Grieg sine verk var slekta på norske folkemelodiar, samt lån frå melodivendingar han hadde funne i Skottland. Dette stemmer, men den gode Edvard Grieg fekk mykje også frå tyske tonekunstnarar. Fjelleventyret (Thrane) vert nemnt som ein avleggar frå tysk tonekjensle. Men dette må forskarar seie meir om til oss. I alle fall kan seiast at stofftilfang frå norske folkemelodiar speglar seg av i mykje av den vakre kunstmusikken vår. O. M. Sandvik fortalde mykje om nettopp dette, og ein stad vi samsnakka om dette vakre og klanglege, skriv han tydeleg: «Fjellvidda bor i disse harmonier, vi hører ekkoet fra bergveggen.» (Sjå «Gjæterslaatten».) –––> FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Kjelder: Personlegesamtalar, brev og notat. Arne Bjørndal, O. M. Sandvik, Geirr Tveitt, Liv Grini, Rolv Myklebust, Reidar Sevåg, Egil Nordsjø, Øystein Gaukstad, Sparre Olsen, Olav Sæta, Alfred Maurstad, Sigbjørn Berntoft Osa, Egil Storbekken, Per Bolstad (sen.), Eiving Groven, Marius Moaritz Ulfrstad. Morellar Så var det dei tre bygutane som i alle år faktisk berre var i byen. «Landet» hadde dei høyrt om, noko som var langt der inne i fjordane. Ein gong skulle dei på fisketur i ei lakseelv. Dei hadde med rikeleg mengder mat, songstemme og sjølvsagt fyrsteklasses fiskevegn. Kveld, seinkveld og natt, men magert av fisk. Dermed byrja dei med song for å korte inn natta. Folk omkring undrast, songarstemnet var ikkje enno. «Ja, ja dei slo seg til ro med den «obligatoriske». Der to eller tre er samla ved vesterhavets strender, er vegen snøgg til eit songkor, for repertoaret og tilgangen til dei rike folketonane var kort. Om morgonen kom nokre grannar og ville sjå nærare på det dei fekk lytte til kvelden før. Der sat gutane ved elvebreidda, nynna, prata litt, men song meir. På langtur var dei, og fleire kvadratmeter mat låg framme. Gjetordet gjekk i ettertid – dei song som ein oktett med tre stemmer medan matfatet deira var så stort at det var nok føde til to bryllaup. Har maten i friluft noko med minikorsongen å gjere? Vekstkrafta ligg hjå ungdommen som har endringsvilje, og er på leiting etter faglege vandringsvegar som etterkomarar vil lovprise. Morellar/tradisjon Nokre personar (litt konservative, kanskje?) har sine faste gjeremål dagen lang, og åra til endes. Alt av klede på fast plass, dagsrytmen pertentleg innarbeidd. Men kva med litt meir ytre ting? Av og til sånn «opp og ned med garda». Ein eldre mann måtte ha med seg vêrmeldinga som var dagens høgdepunkt. -bakk ofra ikkje tid på dette, trass i at han hadde eit lite gardsbruk, og såleis var avhengig av slike meldingar. Han brukte sauene i staden. Kraftige bjølleklunk, og dei firføtte kom i lystig tempo ut og ned frå fjellet når uveret med tunge skyer truga. Neste dag i rolege steg innover i fjellheimen, og vidare beiting i lett lende. Ja, ja, pent vêr i sikte, ingen «simesong». Mannen som var godt inne i musikken sine tonar og takter, sjølvsagt kring dei fyldige folketonane frå Møre og Romsdal. Han hadde dermed heil kontroll over språket. Tradisjonell elles var han også og gjekk aldri lei av å lytte til tips frå den eldre garde. Denne gruppa sat inne med masse livsvisdom, som dei yngre etter kvart tok mål av å lære seg. Vi som har litteraturen på heidersplass i bestestova, og folkemusikkinstrument på trygg plass i eige rom, veit at songskatten vår har eit stort og viktig rom i fylket vårt, Møre og Romsdal. Ikkje berre i ei, fleire bøker, men framfor alt utfører ei mengd melodiar både i kvardag og i feststunder. Ei småjente austpå fekk vitjing av bestemora frå vest, som ikkje var heilt inne i repertoaret, fekk difor oppgåva å få veslejenta til sengs og dermed ro for kvelden. «Folketonar fra “hele landet” til opning, deretter «Songbok for folkeskulen». Nye sider og gode songar som skulle høve godt for den vesle. Etter kvart tok augene til å minke i omfang, klokka gjekk, medan mørkret ute tok overhand. Bestemora måtte syngje eit par songar til, og enda ein gong etter liten pause – delvis 2 songar til, der «Fager kveldssol» skulle slutte heile sekvensen og natteroa senke seg over dei kvilande og trøytte. Kven som var mest, mest trøytt av dei to, vitast ikkje, men som det heiter i fagspråket: «Bereevna under vengene tok til å minke, og songen slutta med eit kontrollert geisp. Finale for kvelden, banka i det indre, men likevel... - ikkje slutt – eller punktum. Så kom det med ei kjærleg, svak røyst: «Men, besta – kan du ikkje den der “Mellom bakkar og bert utmed havet”?» Tradisjonane er sterke hjå den oppveksande slekta. 12 Skifærden Eit viktig ord seier «Posten skal fram», og på ein praktisk måte skjer dette, så sant ferjene og vegane på vest og i nord ikkje blir hindra av... Bilane skal også fram, bussane som eit godt alternativ for allmenta... Før kunne ivrige bygdefolk faktisk stå ute i gata/vegen, drøftande om det siste avslaget dei var vitne til. Men i dag er det nok lite truleg at personar stend ute på riks/fylkesvegen og snakkar om den siste sensasjonen i bygdesamfunnet. Men, så er det dette med unnataket, som vi var vitne til ein vinterdag. Eit skirenn med deltakarar frå det ganske land, (også Troms, som tok 1.pris) skulle samlast med tale, folkemusikk frå bygda, allsong og gode historier. Programleiaren fekk mange spørsmål, m.a. frå ei av heidersmedlemmene i det store songkoret. No hadde ho slutta grunna alderen, men fylgde likevel godt med. Ryktet kunne fortelje at «koret hennar» skulle vere med i eit omfattande programinnslag. Spørsmålet som programleiaren fekk, var naturleg nok kva hennar yndlingskor skulle framføre i tillegg til bygdesongen. Svaret måtte heilt naturleg kome raskt, for spaninga var både til å ta – og føle på: «Skifærden» av T. Beck. Desse to vart ståande midt ute i den trafikerte vegen, utan sans for bilførarar som ville køyre forbi. Vanlegvis ville sjåførarar tenne litt i ei sådan stund, men ikkje denne gongen. Dei skjøna stodå, kjende godt den ivrige songaren og berre smilte. Den sanne soga er såleis Musikkstykket. «Skifærden» vart framførd på strak arm, frå bladet utan blad, og med framifrå presisjon. Fykande og strykande var samtalen, medan biltrafikken stod roleg – berre lyttande denne gongen. Var det nokon som snakka om å syngje frå bladet?! FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Slåttar for vanleg fele «Slåtter for vanlig fele» Olav Sæta si framifrå gode, store bok «Slåtter for vanlig fele» er ei gullgruve av stor klasse. Mange notar, og i tillegg nøyaktige opplysningar til desse. Tilfeldig skal vi her ta fram frå desse notane, som er presist nedskrivne av redaktøren (Sæta). Dette skulle gi oss alle, med eller utan fele, verdfulle opplysningar kring dei mange slåttane. Eit omfattande og nøyaktig arbeid. Døme: POLS / SPRINGAR S1a Grølislåtten Erik Almhjell, Sunndal 1954. Om opphav for slåtten og navnet, se fam komm. Almhjells rytmemarkering i 1. vek virker variabel (tvetydig) – som i enkelte andre slåtter. Han trår oftest 1-2 (også 1-2-3), med markert tyngde også på toer. 2. vek er klarere rytmisk, og med antydning til rytmisk asymmetri (noe innkortet ener, noe utvidet toer) – som blir vel så tydelig i hans andre innspillinger av denne. Jf NRK 1625, 1, Grøslislåtten, E.A. Svært lik denne. Innslag av rytmisk asymmetri i 2. vek. Figurer utføres kantete og korte – triol i kadenser (d’’ - e’’ - ciss’’) kunne godt noteres som tre (markerte) 16-deler + 16dels pause. Jf NRK 1627, 5, Grøslislåtten, E.A. Svært lik denne. Griper enkelte f’’ og g’’ i overkant. Jf Rff Ls 1494, 3, Grøslisllåtten, E.A. Enkelte grep på f’’ og g’’ er i overkant, og tona før siste hus gripes fiss. Jf Bjørndal 46, Springar, E.A. Ei takt mangler i 2. vek. Td 32, 21 S1b Grønlislåtten Olaf Smiseth, Sunndal. Om slåttenavn mm, se fam komm. Teknisk dårlig opptak, brudd, mye støy. Spenstig spill, men med «hvil» i alle overganger – fra ca et halvt taktslags lengde til nær et helt (iberegnet «bred» start på 2. vek). Tilsvarende fenomen opptrer hos flere gode spelemenn der dansen har vært lenge ute av bruk. Fargerik d-toneart, med en viss variasjon på 3, 4 og 7 trinn. Hovedform i tråd med Almhjell (a), Røen (e) og Eidem (g). Rff Ls 1499, 4 S1c Grølileikjen Tore Hoås, Sunndal. «De va’ en mann som budd langt inne i Grøli’n her, som sku’ ni’ gjennom med eit tå borna sine te dåpen, da, på vårparta. Da han kom ned i lia et stykke ble han tørst og trøtt og la seg ned og drakk. Da han da sto opp att og rusla, så hør’n denna slåtten, som kalles Grølileikjen». Hoås hørte historia av en «gammel spelemann» – kanskje hans nære kilde Tore Knutsliøyen? Den tonale variasjonen i takt 2 og første figur i takt 3 er spesiell (lite synlig i notene): 1. omgang starter med «moll-preget» f’’, i 2. omgang klinger det samme svevende (halvhøgt), og i 3. gripes fiss. Klangfullt og spenstig spill. Formforskjeller i 2. vek fra Almhjell (a) og Smiset (b), men noe nærmere Halses (d) form, og bygger til en viss grad bru mellom disse. Navnefellesskap mm bidrar til at alle disse holdes samlet. NRK 52620, 6 S16 Prillarguri Ludvig Hatlen, Eide 1969. Lært på Bud. Aktuell kilde kan ha vært f eks Hans Gjerde (1882-1949)? Ujamn rytmisk puls og usikkert spill. Noe rekonstruksjon i opptegnelsen. denne slåtten (også opptegnelser, under) og Bræins nr 948, Pellar Guri marsjen, etter Oscar Torske, Nordmøre / USA (se M11) er de eneste registrerte forekomster av Pillarguri-navnet i materiale fra Møre og Romsdal. Bakgrunn og forklaring mangler her. Ellers er Pillarguri (Prillar-) uløselig knyttet til slaget ved Kringen (Gudbrandsdalen) i 1612, der Sinclars hær ble tilintetgjort (se under). Men hæren gikk i land ved Klungnes i Romsdal. Musikk tilknyttet hendelsen / sagnet fins flere steder, men da oftest i sjangrene halling og marsj (se under). Slaget ved Kringen i 1612, der «Bønder fra Vaage, Lesja og Lom» stoppet og utslettet Sinclars hær av skotter og europeiske leiesoldater, var en svært dramatisk hendelse, og også del av et storpolitisk spill. Denne hæren skulle styrke stormakten Sveriges slagkraft i kriger i Europa, men måtte ta vegen over Norge fordi den danske flåten stengte sjøvegen til Sverige. Etter landgangen i Romsdal skal lokale veivisere ha avledet hæren for å gi forsprang til dem som fór østover fjellet med budstikka. Dette ga dølene tid til å samle bondehæren. 13 Prillarguris signaler og svarene fra Sinclars musikere har gitt inspirasjon til folkelig musikk- og fortellerkunst som i betydelig grad er holdt levende helt til vår tid, særlig i Gudbrandsdalen (jf bd I-II og en springleik, se henv på S137). Men historiene rundt en slik hendelse fikk sjølsagt større spredning. Prillarguri har også gitt navn til en halling i Folldal (bd 4 H3), en halling (bd 4 H4) og en marsj i Engerdal (bd 4 M9a) og f eks en springar i Hallingdal – og altså en springar fra Romsdal og en marsj fra Nordmøre. Jf Bjørndal 1660 (ms Ivar Eide), Pillar-Guri, springdans etter Peder Olsen Dahl Joramo. Mange detaljforskjeller. Det musikalske materialetmi denne springaren er imidlertid «kjent», i andre kombinasjoner: 1. vek: jf S18, 2. vek. 2. vek er beslektet med S15, 1. vek. Tr 0819, 19 * * Eit namn vi stadig møter når eldre folkemelodiar er tema, lyser L. M. Lindeman klårt fram. Samlinga hans «er litt av ei gullgruve som alle songarar bør eige. Tvisong? Trolske akkordar, rytme & harmonikk = G. sereigne. Grieg talar og syng den norske folketones tungemål. Ole Bull høyrde songbotnen i Noreg. Fjellet bur i Grieg sine harmoniar. Hardingfele = kunstverk Grieg og folkemusikken er som sysken, samlande. Han byggjer på folketonen sitt stødige fundament, og byggjer vidare på dette enkle med sin storslåtte harmonikk, som seinare erobra store delar av verda. Etter Geirr Tveitt har eg eit notat som m.a. fortel at Edvard Grieg.... Pentatoniske trekk, melodiske stil jf. n. folkem. mixolydisk tonalitet -> i n.f. i Varen finn vi solmodale drag, og Vinje seier: «derfor den ljod i den fløyte eg skar meg tyktest at gråta». Grieg og n.f. i arbeida (bearb.) sine = personleg i sin kromatiske harmonikk nasjonal kultur = den mest universale Utdrag fra Eirik Raude si saga «Var Pà verift tránjum qllum rangsælis. ok yla allir skrælingar hátt upp». FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 14 FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 15 Brev frå Romsdal Spelemannslag I Møre og Romsdal har vi fleire lag, mange særs aktive spelemenn og -kvinner, som er gull av verdi for aktiviteten år etter år. Folkemusikkbladet set stor pris på driftige personar som kan fortelje både i ord, bilete og faktaopplysningar om framføringar innan deira distrikt. År etter år kjem verdfullt stoff rett ned i postkassa – og utan påminning. Midt i sommarvarmen kom Romsdal Spelemannslagv si årsmelding, og red. fekk atter ein gong ei kveldssamlingsstund med dei store poenga som varma mykje. Denne årsmeldinga på 16 sider er eit viktig kunstverk, velredigert og i fargar. Heile heftet er ein eignalut med viktige meldingar, og ypparleg plassert. Ei «kokebok» som alle må lovprise og ta til varig dokumentasjon for arbeid i etter- tid. Ei redaktørkvinne sa til meg for lenge sidan, at arbeid av dette slaget er så godt at vi må «stjele» idear frå slike arbeid. Her går vi ikkje i detaljar. Heftet skal tale for seg sjølv. Berre nokre stikkord frå vår side. Spelemannsstoff hjå Offerdal Spelmannslag, Sverige, leiarartikkel frå Guttorm Roaldsnes Ulvund, samt detaljar av årsmeldinga for 1913. Øvingar, stemmer, adresser og komitéar, og eignaluter til spelemannslaget er så sirleg oppførde at ein kan faktisk sjå heile garderobeskapet. Berre høyr/les: «Hel kontrabass, bygget i Tsjekkia» og «30 m multikabel 16 + 4» m.meir. Under dette heile står «Takk for innsatsen i 2013». Snakk om orden og presise formuleringar! Vi les vidare om fylkeskappleiken, og eldre notehefte – «Jeg fant, jeg fant!» Turar til Sverige, samspelstoff med «Fjelljom frå Nordfjord», speling for kongen (Olav V), konsertdugnad med Molde Musikkråd er sjølvsagt med. Speling på omsorgssenter, på Storkaia, hurtigruta. Ein kan kome ut av protokollteljinga av mindre. Vi som er historieamatørar, hevar augebryna våre ekstra for Jan Flatholmn sine «Tidi ho renn som elv mot os.» Gullkorn som vil vare lenge. I tillegg til Per Kåre Rørhus sine framifrå aktuelle artiklar + toneflaumen frå Arnold Farstad. Eit lagarbeid føredøme til kveik og ettertanke. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Det stilige brudeparet skulle vere godt kjent!? 16 FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Utdrag frå Årsmelding 2013 til Romsdal Spelemannslag Årsmøtet vart halde på Reknesstabburet 15. mars 2013 kl. 19.00. 16 til stades. Årsmeldinga kunne fortelje om stor aktivitet. Under gjennomgangen trekte Guttorm Ulvung fram den flotte innsatsen på fylkeskappleiken, og ivra for ei eiga springargruppe. Han var også glad for dei nye rekruttane som var komne inn i laget, og at det no var eit eige folkemusikktilbod på musikkskolen i Molde, eit tilbod som gjerne kunne marknadsførast meir. Rekneskapen vart presentert av kasserar Solveig Pålerud. Overskotet var på kr. 10.345, mykje tatta vere Røkkes Tilhørighetsprosjekt, godt CD-sal og mange spelejobbar. Kontingenten vart halden på kr. 100 for vaksne og kr. 25 for barn. Styret for 2013 bestod av: 17 Guttorm Roaldsnes Ulvund Ove Rødal Solveig Pålerud Liv Haldis R. Kvernberg leiar sekretær kasserar musikalsk leiar Laget hadde pr. 31.12.2013: 30 medlemer. Æresmedlemer: Olav P. Hjelvik, Leidulv Stokkeland, Bergtor Gjerde, Per Kåre Rørhus, Jan Flatholm og Liv Haldis Rypdal. Laget la på blomebukett ved gravferda til Henry Vike den 27. desember. Etter Ragnhild Sandvik / Karen Sandvik fekk eg overta ei eldre bok, som inneheld mykje verdfullt. I ettertid reine skatten for alle som driv med musikken vår. Tittelbladet på boka lyder: Melodier til "En liden Visebok for Hjemmet" ved Karl Seip Harmoniseret for to lige Stemmer (Sopran og Alt eller Tenor og Bass). ved Ludvig M. Lindeman Ny Udgave ved Peter Lindeman. Christiania. Forlagt af H. Aschehoug & Co. Brødrene Hanches Boktrykkeri. 1889. Den morosame dirigenten Dirigentar kan vere så mangt, i alle fall før i tida. Songarstemne, og fleire hundre i salen fekk eit minne for livet. Damekoret som han var leiar for, skulle framføre ein song, som stadig gjekk høgare og høgare oppetter tonestigen. Songen gjekk fint, men dirigenten, om han ikkje fekk pustevanskar, fekk han litt å stå i med armane sine opplyft. Alle dei 7 tonane gjekk heilt normalt. Smilebanda hjå nokre tilhøyrarar tok til å eksplodere, for dei visste at enno mangla sluttonen. Du las rett, men begge hendene var no komne opp i meir enn maxhøgde. Kva ville neste steg verte? Dette vart konserten sitt samtaleemne i lange tider, og er det enno. Eit langt og intenst latterbrøl ljoma i salen då dirigenten ganske enkelt berre letta seg sjølv og skuldrane, langt der oppe. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 18 Eg tok meg ein tur kringom i fleire bygder der skulestova no er borte. Eit sakn hjå mange. Verda skifter tempo, men dagane i den vesle krinsen og skulen var ein danningsprosess, ei mogning for den enskilde som gav verdigrunnlag og kompetanse for seinare livsstrøymingar. Ein ballast tufta på eldgamle og praktiske grunnelement. Teikning: André Aætherskar Salmodikon, det enkle instrumentet med berre ein streng, var tidlegare einaste instumentet i mange heimar. I dag kan vi finne nokre få, som har minne frå skuletimane i barneskulen. Historia seier at i mange høve kjem eldre musikkformer fram igjen frå gløymsla. Kven veit`? Mogleg vil også salmodikon få ein ny vår!? «Salmodikon, enkelt og smakfullt, ekte tonar.» Vi må lære oss å sjå det store – i det enkle og verdfulle. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 19 FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 20 Ny publikasjon Juni 2014 var Anna Gjendem ferdig med sitt masterstudie ved Høgskolen i Telemark. Oppgaven hun skrev er nå ute for salg: Springar i Romsdal - variasjon over tid. Springaren i området rundt Romsdalsfjorden er tema for denne masteroppgaven. Dette er en springarform som i dag i liten grad blir brukt utenfor de lokale øvingene til dansegruppene. Det finnes få kilder og lite filmmateriale om denne dansen. I arbeidet med oppgaven er mye nytt materiale blitt samlet. Anna Gjendem har funnet rundt 30 forskjellige stegvariasjoner, og stiller spørsmål rundt rytmen og lengden på dansen. Hun spør også om hva endringene i dansemiljøet har hatt å si for utviklingen av dansen, hvilke arenaer dansen har hatt innpass i, og om hvem som utøvet den. Heftet kan bestilles her: [email protected] – 150 kr. Mykje folkemusikk og folkedans i Kultursekken 2014/15! Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere: – å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod – å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag – å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål. Nordmøre. Magnhild song til arbeidet, og helst når ho var åleine i fjøset. Og nettopp det kan vere grunnen til at få personar i nærmiljøet visste kva ho Magnhild sat inne med! Hildur med danseverkstaden – Spring! I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne til tradisjonane frå heimplassen. Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi elevar i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring. Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse i leik. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk og er dermed spesielt eigna for mestringskjensle. Pardans inkluderer nær sagt alle sansar og gir elevar høve til å jobbe trygt i naturlig fysisk samhandling. Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med Skuleåret 2014/15 er det ni produksjonar som skal ut i skulane med hovedvekt på folkemusikk og folkedans: Kjiko Kjiko let felestrengjin Innhaldet i denne verkstaden vil dreie seg om lokale historier og sagn, og lokal folkemusikk av ulik karakter. Mykje av stoffet er humoristisk og fargerikt – og kanskje kjem vi også innom både underjordiske og huldrer. Magnhild Arbeidsom, trufast, allsidig og litt sta! Magnhild Almhjell (1894 - 1985) var ei sterk kvinne med mange interesser og evner, men det var med folketonesangen ho sette spor etter seg i historia. I denne teaterkonserten gir dei fire musikarane eit bilete av denne tradisjonsberaren frå Tingvoll på Hildur turnerer med «Danseverkstaden - Spring!» skuleåre 201415. Foto: Iver Gjendem. Frå venstre: Laura Ellestad, Mathilde Øverland og Anna Gjendem. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Det er i dag også få arenaer der unge har høve til å bevege seg til levande kvalitetsmusikk, få kjennskap til musikk i ulike taktartar, og til å møte dyktige folkedanspedagogar. Elevane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast skolen av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre – i alt fem ulike, unike og lokale dansar. Drøymefjell Drøymefjell er ikkje ein plass ein reiser til – det er ein plass musikken tek ein med til. Når de skal på konsert med Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken på skulen dykkar, spelar dei spenstige slåtter, syng gamle forteljingar med rare ord om vakre vårdagar. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tek dei oss med til sitt eige Drøymefjell. Anten ein er lukkeleg, trist, sur eller hoppande glad er Drøymefjell den beste og tryggaste staden i verda. Der skjer akkurat det ein vil. Folkemusikk og folkedansverkstad med Åkerfallskulen Dette tilbodet i Kulturlauget er ein songog danseverkstad med lokal musikk- og dansetradisjon frå fylket. Elevane får lære nokre songar frå Møre og Romsdal som vi og kan danse til, som til dømes «Kråka raka duå dro» etter Magnhild Almhjell frå Tingvoll og dansen Gilleråsen frå Gjemnes. Elevane vil og få lære smakebitar av Nordmørspolsdansen. Tradisjonsstoffet vert tilpassa etter kor i fylket utøvarane skal gjennomføre verkstadane. Tilbodet skal gjere dette tradisjonsrike stoffet kjent for nye generasjonar og på den måten får vi tatt vare på unikt historisk materiale som kun kan lærast ved sjølv å utøve tradisjonen. Hekla stålstrenga Hekla Stålstrenga spiller nordnorsk tradisjonsmusikk og har utviklet sin helt egne sound. En egen sjanger, vil mange si – Heklamusikken. Singler som «Folketonen» og «Har du fyr» har blitt flittig spilt på radio og har etter hvert blitt et allemannseie. Anmelderne har kastet terninger med mange øyne både for cd-innspillingene og for konsertene de holder. Ryktet om et av Norges beste liveband har begynt å spre seg og snart spiller Hekla i nærheten av der du bor. Kom på konsert! Valkyrien Allstars Tre hardingfeler. Som erobrer Norge og utland og spiller seg inn på alt fra hitlister via ambassader til både undergrunnsklubber og konsertsaler. Hørt det før? Vel, kanskje ikke egentlig! Valkyrien Allstars har siden oppstarten i 2005 vært et sant unikum i norsk musikk, og har rukket å bli en attraksjon over store deler av verden. Debutalbumet fra 2007 har for lengst solgt til langt forbi gull her hjemme, og gruppa har besøkt alt fra Kina og Japan til Slovakia og England, samt turnert Norge fra ende til ende flerfoldige ganger. 14. oktober slipper Valkyrien Allstars sitt tredje album, et album som viderefører og foredler bandets unike sound. Og som på ny fornyer norsk folkemusikk. Trekkspel på tur Elevane skal ut på tur med to trekkspelarar, ei musikalsk reise der dei besøkjer mange ulike land og mange ulike typar musikk (sjangrar). Dessutan er det ei reise i tid, fordi noko musikk er gammal, og noko er heilt ny. Mange assosierer trekkspel med gammaldans- eller runddans-musikk. Denne konserten inneheld alt anna enn akkurat det! I staden blir det musikk frå Russland, Frankrike, Italia, Balkan og SørAmerika, og det blir orgelmusikk og samtidsmusikk – for å nemne noko. Det finst mange slags trekkspel, og elevane får i dette programmet høyre akkordeon (som er eit stort 5-raders konsert-trekkspel med melodibass) og musette (som er eit fransk trekkspel med ein heilt spesiell klang). I tillegg har dei med seg eit mindre 3-raders akkordeon som passar fint for barn. Kanskje nokon av elevane får prøve seg på det i løpet av konserten? Tindra – Den kvite hjorten Hugsar du korleis hjortedyr ser ut? Dei har ei mørk hårstripe frå nakken og langs heile ryggen. Stripa syns tydeleg både i den raudbrune sommarpelsen og i den meir gråbrune vinterpelsen. Nyfødde kalvar har ljose prikkar på sidene, elles er dei også brune. I naturen er fargen viktig for at dyra skal kunne gøyme seg i farlege situasjonar og for at dei skal bli akseptert som ein del av flokken.Men av og til, uvisst av kva grunn, blir det ein sjeldan gong fødd dyr som ikkje ser ut som dei andre – som i denne historia, som handlar om ein hjort som var heilt kvit i pelsen. Dette er ei forteljing om ein kvit hjort. Forteljinga vert sunge og spelt med spretne, smygande, sinte, skjøre, søte og 21 svingande tonar av folkemusikarane Åshild, Irene og Jorun Marie og dansa av Nasser Mhende. Dei vil gjerne at de syng med på songen «Ha deg vekk!!» – den ligg under overskrifta «Ressursar» så de kan øve før konserten. Ny soloplate frå Britt Elise Skram nominert til Folkelarmprisen Britt Elise Skram si soloplate Intakt vart nominert til Folkelarmprisen 2014 som fann stad i Oslo 25.-27. september. Under Folkelarm blir Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards) delt ut. Dette er folkemusikkens og verdsmusikkens eigen platepris, som har vore ein viktig del av Folkelarm siden starten i 2005. Plateprisen er open for alle former for tradisjonsmusikk utøvd av musikarar – med norsk eller ikkje-norsk bakgrunn. Albumet må vere utgitt i Noreg. Sidan ho starta å spele fele i 10-års alderen har Britt Elise Skram hatt gleda av å spele mykje til dans, og det er runddansmusikken som har oppteke ho mest. Ho har i samband med denne produksjonen hatt eit ønske om å presentere gode runddansslåttar frå Romsdal. Det ho meiner med gode slåttar er for det første at dei appellerer til dei som skal danse til dei, både gjennom takt og melodiføring. «Noko av materialet på denne plata er tradisjonelt stoff som eg har fått lære anten ved hjelp av notar, arkivopptak eller direkte overlevering. Andre slåttar er komponerte i gamal stil av nyare spelemenn. Felles for dei er at det er slåttar med god dansetakt og med den friske stilen som kjenneteiknar mykje av tradisjonsspelet i Romsdal.» Intakt er innspelt hos Lydkjelleren i Ålesund med Sverre Walderhaug som lydteknikar. Plata er gitt ut gjennom Kvarts CD-produksjon. Det er blitt mottatt støtte frå Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans. Plata kan tingast frå utøvaren sjølv ([email protected]), gjennom FAMR, eller lyttast til via Wimp, Spotify eller itunes. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 MØRO-springar i spel og dans Møre og Romsdal har ein rik danse- og spel-tradisjon. Alt frå reinlendervariasjonar til parisar, skorsk og springar. Spekteret er stort, men diverre er det få som kjenner til og nyttar seg av fylkets eigne tradisjonsdansar. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ser at bygdedansen står svakt. Etter fleire år med observasjon på kappleikar og andre arrangement ser vi at denne sjangeren i liten grad er nytta. Du er heldig om du opplever at det vert spilt ein springar i løpet av dansekvelden. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har arbeidd ut frå tanken: «Vert det ikkje spelt springar, vert det heller ikkje dansa springar. Vert det ikkje dansa springar, så vert det ikkje spelt». Og har frå 1. desember 2013 til 7. september 2014 arrangert seks kursdagar: 2013: 1. desember: Springar frå Tafjord 27. desember: Polsdans frå Nordmøre 2014: 23. februar: Springar frå Søre Sunnmøre 4. juli: Springar frå Nordre Sunnmøre, Tafjord, Sykkylven, Romsdal, Søre Sunnmøre og polsdans frå Nordmøre. 31. august: Springar frå Romsdal 7. september: Springar frå Sykkylven. I løpet av dei seks kursdagane har Folkemusikkarkivet arrangert seks dansekurs og fire spelkurs, kvart kurs på tre timar. Folkemusikkarkivet har til saman leigd inn 15 danseinstruktørar/ spelmenn/spelinstruktørar, alle desse er frå Møre og Romsdal. Omlag 150 22 kursdeltakarar har vore innom eit eller fleire kurs. Slike kurs skapar ringverknader. Ikkje berre får deltakarane lært seg nye slåttar eller dansar, men lærarane må setje seg betre inn i tradisjonen på førehand. Nokre av lærerane har alt brukt dette repertoaret i sitt vanlige virke som danse- og/eller musikklærar. Folkemusikkarkivet har gjeve lærarane arkivopptak og noter, og har vore tilstade på alle kursa med. Ekstra kjekt er det å sjå dansane verte brukt på dansegolvet av deltakarar som vi veit lærte dansen for fyrste gong på eitt av desse kursa. Folkemusikkarkivet planlegg no ein ny kursserie med eit anna fokus – info kjem snart! Stort danse- og spilletreff i Rauma Den 13. september arrangerte Rauma Spelmannslag danse- og spilletreff på Trollstigen Gjestegård i Isterdalen. Vi samarbeidet med Rauma Leikarring som på forhånd hadde et dansekurs i tango, mazurka og reinlender med 2 instruktører fra Oslo. Det var god deltakelse på kursene. Dansespillingen ble besørget av flere lokale spelemannslag og grupper; Dåm og Drag, Grendalaget, Rauma Spelmannslag, Valldal Spelemannslag, Øresus og Bjarne Dahle/ Ingar Brokstad med mere moderne rytmer. Alle lag fikk spille i 2 omganger. Stor stemning og fullt på dansegolvet hele tiden. Da er det ekstra kjekt å spille. Anna Gjendem fra Fylkesarkivet gjorde opptak av dansespillingen slik at dette blir bevart for ettertiden. Og veteranen, 94 år gamle Olav P. Hjelvik, var selvfølgelig til stede og gjorde sine notater. Han ga uttrykk for at han var svært godt fornøyd med det lagene presterte. Vi tror det er viktig og at vi kan komme sammen på denne måten en gang i blant og lære av hverandre samt knytte kontakter. Og de mange tilbakemeldinger vi har fått både fra dansere og spillemenn, tyder på at det var en svært trivelig helg som må gjentas til neste høst. Og så må vi få tilføye at Trollstigen Gjestegård er et utmerket sted for slike arrangement. En stor takk til Edmund Meyer og hans mannskap for en utmerket service. Rauma Spelmannslag Arvid Stennes Møre-Nytt 9. sept. 2014. FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 Folkemusikksatsinga i Sogn og Fjordane ei suksesshistorie -snart berre historie? Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Førdefestivalen og SOFUL har utarbeidd eit innspel i høve den politiske debatten som pågår i fylket der folkemusikksatsinga er truga av nedskjeringar. Det er vårt og berre vårt ansvar å ta vare på og utvikle vår eigen musikkarv. Vi stoler på at fylkespolitikarane framleis tek dette ansvaret på alvor. Folkemusikksatsing i Sogn og Fjordane – ei suksesshistorie – snart berre historie? Det er vårt og berre vårt ansvar å ta vare på og utvikle vår eigen musikkarv. Vi stoler på at fylkespolitikarane tek dette ansvaret på alvor. Satsinga på folkemusikk i fylket vårt er ei suksesshistorie. Vi har i dag eit mangfaldig, vitalt og levande folkemusikkfelt med mange ulike aktørar. Og folkemusikken er ei av Sogn og Fjordane sine sterkaste merkevarer. Fylket har dei siste 25 åra vore ein talentfabrikk for unge folkemusikkutøvarar, og fleire gjer god karriere med folkemusikkarven frå fylket i bagasjen. Utøvarar som Sigrid Moldestad, Erlend Apneseth, Unni Løvlid, Gro Marie Svidal og Gamlebanken spelemannslag, for å nemne nokre, har gjort seg sterkt gjeldande på små og store scener i inn- og utland, og sanka ei rekkje heidersutmerkingar. Dei har sett Sogn og Fjordane på kartet. Desse utøvarane hadde ikkje vore der dei er i dag, om det ikkje fanst eit aktivt og levande folkemusikkmiljø og profesjonelle lærekrefter der dei voks opp. Førdefestivalen har også i høgste grad sett fylket på kartet. Festivalen er den største i sitt slag i Skandinavia, og får kvart år besøk av publikum, artistar og presse frå heile verda. Men Førdefestivalen kunne aldri har vore der den er i dag, hadde det ikkje vore for det store lokale engasjementet. Folkemusikkmiljøet har sidan starten vore ein avgjerande bidragsytar, både profesjonelt og på dugnadssida. I denne satsinga har fylkeskommunen vore ein svært viktig aktør. Fylkesmusikarordninga har sikra at både kulturskular, spelemannslag, og andre aktørar innan både frivillig og profesjonelt musikkliv har hatt tilgang på profesjonelle musikartenester. Fylkeskommunen sine løyvingar til det frivillige folkemusikkmiljøet, til Førdefestivalen, til musikarordninga, har sikra nødvendige arenaer for ein levande folkemusikktradisjon. Rekruttering, opplæring og formidling. Resultata har vi alle sett. 23 Det har teke lang tid og eit stort og medvete arbeid å kome dit vi er i dag. Men det er skremmande enkelt å rive ned. No er både fylkesmusikarordninga og tilskot til organisasjonar og knutepunkt-festivalar som Førdefestivalen truga. Suksessen er ikkje tilfeldig. Alt heng saman. Og det ligg ei satsing bak. Pionerarbeid. Vi har vore eit føregangsfylke. Det vi har fått til her, har vore til inspirasjon for resten av landet. Folkemusikkarven vår er ein unik skatt det ikkje finst maken til. Den er vår immaterielle kulturarv. Denne skatten forvaltar vi best gjennom aktiv bruk: Gjennom å halde folkemusikktradisjonen levande. Gode fylkespolitikarar: Dette ansvaret er vårt, og berre vårt. Vi som er aktørar i det frivillige musikklivet og dei profesjonelle institusjonane, tek meir enn gjerne vår del av ansvaret. Vi stolar på at de som fylkespolitikarar òg tek dette ansvaret på alvor gjennom dei fylkeskommunale løyvingane – også i framtida. Sogn og Fjordane Folkemusikklag Førdefestivalen Sogn og Fjordane ungdomslag Antonia Karete H. Kongsvik – leiar Hilde Bjørkum – direktør Arve Hornnes – leiar FOLKEMUSIKKBLADET 2/2014 B Porto 24 Returadresse: "Folkemusikkbladet" v/Dagfinn Nupen Grepalivegen 25 6150 Ørsta Jostein Fet - 90 år og universal kunstnar Tida går, og vi eldest. Rett nok i år, men hjå Jostein Fet ser det ikkje slik ut. Han kom frå Velledalen i Sykkylven kommune i ein større syskenflokk, i ei villvakker grend, med rike kulturtradisjonen i alle retningar. Vi som driv aktivt med folkemusikk, veit at under kappleikar skal skriftleg, dvs. notar ikkje brukast. Under framføringar må vi kunne musikken som skal framførast, og dermed vert minnet vårt sett på prøve. Dette er folkemusikk. Sidan eg har vore kjend med Fet frå tilbakevendinga til Volda, og lærarskulen, i 1958, vil eg også skrive ned nokre tankar etter minnet. I fyrste åra var han norsklæraren min, som kunne ause ut ei mengd kunnskapar om det han kalla «godt språk». Vi som sat nede i klasserommet, hadde fullt opp med å feste tankane til papiret, og vidare formidle dei utover. Etter som åra går, gløymer vi nok ein del av lærestoffet i detaljar, men – du verda så mykje som ligg att. Masse kunne nemnast i denne samanhengen, nokre visdomsord dukkar fram att både titt og ofte. Jostein Fet nemnde dette viktige, med å arbeide for å skrive eit godt språk. I dag kan høyrast så mangt – også av såkalla autoritetar – som talar og skriv både fløkt og snirklut. Dermed ei hending frå ei skulestove, som kjem att i minneboka mi med visse mellomrom. Reknebøkene vart delte ut til ei klasse, der elevane fekk tydeleg høyre at dei måtte arbeide meir med rekningane. Dei unge både forstod det som vart sagt, og sanne utsegna. Veka etterpå dei same elevane, men no var det norskbøkene som skulle kommenterast, og gjennomgåast. Stort sett tipset denne dagen også, og med tyngde vart det sagt: «De må arbeide med språket dykkar!» Dette siste stilte fleire seg undrande til, skjøna det faktisk ikkje. Arbeide med språket? «Det va’ no berre å skrive nokre tankar, ferdig med det.» Jostein Fet kjem tydeleg fram her, han sa, tenkte og skreiv det gode språket, og etter mitt skjøn kan vi med tyngde tale om ein person som har språket i si makt. Vi er mange, mange som lovprisar han nettopp for dette! Ofte kjem ei setning fram. Rett mann på rett plass, og i denne samanhengen kan soga sannast. Frå det yrkesaktive livet kan nemnast: Volda lærarskule frå 1958, og vidare til Distriktshøgskulen og Høgskulen i Volda. Undervisningsleiar, dosent dei neste åra, til han vart pensjonist. I vide krinsar vert han hugsa og hylla som forskar og forfattar, der grundige arbeid kom frå pennen hans. «Skrivande bønder» og «Lesande bønder» er verk som historikarar landet over fekk inn som ypparlege tillegg til tidlegare sogeskriving. Meir kunne nemnast, så ein tur til biblioteket vil gi deg faktastoff i fleng. Vi som har vanka ein del innom folkemusikken, er ekstra glade og stolte for arbeidet med dette kulturstoffet. Aktiv spelemann (på fele) og med ei oppkome av slåttar og vokale folketonar, gjorde vegen til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal både strak og lett. Jostein Fet var den heilt naturlege personen som bygde opp dette arkivet, som er eit mønster for alle. Heilt frå skipinga i 1990 leia han dette i fleire år, og leverte eit mønsterbruk vidare til Frode Følling Birkeland. Desse to har med sine kunnskapar og ordenssans bygt opp eit arkiv som ligg på sikker medaljeplass i landssamanheng. «Folkemusikken i Møre og Romsdal» skulle skrivast, og ei vakker, stor bok kom ut, til stor glede og kveik. Denne boka og hundradvis av melodiar vitnar no om eit kulturhistorisk verk som 90-åringen kan glede seg over. Mange til gratulere deg med overstått dag den 10. september, og takk for alle bidrag du gav oss. Folkemusikkbladet fekk gjennom alle år kulturstoff av fremste merke – og sette dermed både farge og innhald som store flokkar minnest med smil og glede. Du er ein stor toneskald med flagget til topps! Gratulerer! Dagfinn Nupen
© Copyright 2024