Better Technology for Function Prosjektgruppa Roy Andre Solvåg-Hellevang (prosjektleiar) Thomas Bondehagen Jermund Hopland Thomas Indreflø AVDELING FOR INGENIØR- OG NATURFAG OR2-300 PROSJEKT KNX – teknologi Utvikling av produkt Referanseside TITTEL RAPPORTNR. DATO Better Technology for Function 01 29.11.2013 PROSJEKTTITTEL TILGJENGE TAL SIDER Prosjekt OR2-300 Prosjektstyring med prosjekt Open 24 pluss vedlegg FORFATTARAR ANSVARLEG RETTLEIAR Thomas Bondehagen, Jermund Hopland, Thomas Indreflø og Roy Andre Solvåg-Hellevang Joar Sande Prosjektansvarleg og fageleg rettleiar OPPDRAGSGJEVAR Høgskulen i Sogn og Fjordane avd Førde og Function Technology AS SAMANDRAG Prosjektoppgåva er ein obligatirisk del av faget OR2-300 Prosjektstyring med prosjekt. Vi tok kontakt med Frode Gandrud i Function Technology AS, og fekk oss ei oppgåve. Prosjektet går ut på å sette seg inn i BREEAM og KNX teknologi, og finne mogelege forbetringar eller nye produkt som Function kan hente poeng i BREEAM. BREEAM har mange emnar og vi fant ut kvar vi kunne sjå for å hente poeng. Vi kom fram til nokre forslag til mogelege produkt som Function kunne bruke, men oppdragsgjevar valde ikkje å gå vidare med nokon av dei. SUMMARY The project started as an assignment in the subject OR2-300 “Project management with project”. We approached Frode Gandrud in Function Technology AS, and got us a task. The project aims to familiarize ourselves with BREEAM and KNX technology, and find possible improvements or new product which Function can retrieve points in BREEAM. BREEAM has many topics and we found out where we could look to pick up points. We arrived at a few suggestions for possible product Function could use, but they decided not to go further with any of them. EMNEORD OR2-300 Prosjektstyring med prosjekt, KNX, BREEAM, Function OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 i KNX – teknologi Utvikling av produkt Føreord Prosjektstyring med prosjekt er ein del av den 3-årige ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og vert gjennomført i 5 semester. Faget gir 10 studiepoeng og ein vurdering bestått/ ikkje-bestått. Oppgåva som vi tok føre oss er eit samarbeid mellom prosjektgruppa og en oppdragsgjevar frå Bergen som heitar Function Technology AS. Grunnen til at vi ende opp med dette samarbeidet var fordi ein i prosjektgruppa hadde hatt ein del kontakt med verksemda gjennom tidligare jobbsamenheng, og dei hadde eit oppdrag til oss. Gruppa vart einige om å forsøke å vidareutvikla eller finne eit heilt nytt produkt for firmaet etter ein videosamtale med Frode Gandrud, som er marknadssjef for Function Technology AS. «Better Technology For Function» vart tittelen for prosjektet som har gått ut på å setta seg inn i BREEAM, KNX, Function Technology AS sitt produktsortiment, og finne eit produkt ut i frå dette. BREEAM er ein metode for å miljøsertifisere bygg og inneheld en hel del forskrifta. KNX er eit automatisert system for styring av lys, ventilasjon, varme m.m. Prosjektgruppa har bestått av: Roy Andre Solvåg-Hellevang Prosjektleiar Thomas Bondehagen Student Thomas Indreflø Student Jermund Hopland Student Styringsgruppa har bestått av: Joar Sande Fagleg rettleiar Førde 29.11.13 Thomas Bondehagen ________________ OR2-300 Prosjekt Roy A. Solvåg-Hellevang ________________ Thomas Indreflø _______________ 29.11.2013 Jermund Hopland _______________ ii KNX – teknologi Utvikling av produkt Samandrag Oppgåva er eit samarbeid mellom prosjektgruppa og oppdragsgivaren Function Technology AS. Ein av medlemmane i prosjektgruppa hadde ein del kontakt med firmaet i jobbsamanheng og dei hadde eit interessant oppdrag til oss. Gruppa starta tidleg i september med samtaler med oppdragsgivar. På dette stadiet starta innsamlinga av informasjon om kva Function Technology AS hadde som ambisjonar med dette prosjektet. Vi vart raskt einige om å først og fremst sette oss inn i BREEAM-sertifisering og KNX-teknologien. Neste steg var å sjå gjennom produkt-sortimentet til oppdragsgjevar for å få en oversikt over eventuelle produkt de kunne forbetre eller om dei til og med hadde nokon produkt som mangla i forhold til poengsanking i BREEAM. Det er gjennom heile prosjektperioden kommunikasjon mellom gruppa og diverse firma som jobbar innan KNX-teknologien. Det meste av kommunikasjonen gjekk ut på generelle førespurnader om dei følte det var nokon manglar i det KNX-marknaden hadde å by på i dag, og om det var noko forbetring potensiale på allereie eksisterande utstyr. Vi spurte også om det var noko som mangla på utstyr i forhold til å dekke mest mulige BREEM poeng. Prosjektgruppa var også i kontakt med Årsta Vaaland Veen hos Smigruppen for å få litt innføring i BREEAM. Her fikk vi kunnskap om kva emnar innanfor BREEAM vi burde konsentrere oss om. I slutten av prosjektet måtte dessverre gruppa innsjå at dette oppdraget var vanskeleg å oppfylle i forhold til de ambisjonane vi hadde satt på førehand. Og vi satt igjen med 3 moglige forbetringar. Desse 3 alternativa var dessverre ikkje noko som oppdragsgjevar valde å gå vidare med, i hovudsak fordi dei ikkje innhenta nok poeng i BREEAM. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 iii KNX – teknologi Utvikling av produkt Innhald Referanseside............................................................................................................................................i Føreord ..................................................................................................................................................... ii Samandrag .............................................................................................................................................. iii Innhald ..................................................................................................................................................... iv 1 Innleiing ........................................................................................................................................... 1 2 Generelt om KNX og miljø-klassifisering ......................................................................................... 2 2.1 Function technology AS ........................................................................................................... 2 2.2 Teknologien før KNX ............................................................................................................... 2 2.3 KNX teknologi .......................................................................................................................... 3 2.3.1 2.4 3 Generelt om BREEAM Sertifisering......................................................................................... 5 2.4.1 BREEAM Sertifisering...................................................................................................... 5 2.4.2 Målsetningane og formålet med BREEAM ...................................................................... 5 2.4.3 BREEAM POENG ............................................................................................................ 5 Better technology for Function ......................................................................................................... 8 3.1 Arbeidsmetode......................................................................................................................... 8 3.2 Utvalte kategoriar i BREEAM .................................................................................................. 8 3.2.1 Helse og Innemiljø ........................................................................................................... 9 3.2.2 Energi ............................................................................................................................ 10 3.2.3 Forureining ..................................................................................................................... 11 3.3 Forslag til nye produkt ........................................................................................................... 12 3.3.1 Helse og innemiljø - Dørstyring ..................................................................................... 12 3.3.2 Energi - Energimåling .................................................................................................... 12 3.3.3 Energi - Lysstyring i opne kontorlandskap .................................................................... 13 3.3.4 Forureining - Førebygge lekkasje frå kuldemedia ......................................................... 14 3.4 4 KNX system ..................................................................................................................... 3 Konklusjon produktutvikling ................................................................................................... 14 Prosjektadministrasjon .................................................................................................................. 15 4.1 Organisering .......................................................................................................................... 15 4.1.1 Gjennomføring og Gantt Skjema ................................................................................... 16 4.1.2 Timeliste ........................................................................................................................ 16 4.2 Økonomi ................................................................................................................................ 16 5 Konklusjon ..................................................................................................................................... 17 6 Referanseliste ................................................................................................................................ 18 7 Figurliste ........................................................................................................................................ 18 8 Vedlegg .......................................................................................................................................... 19 OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 iv KNX – teknologi Utvikling av produkt 1 Innleiing Bakgrunnen for prosjektet er arbeidskravet i faget Prosjektstyring med prosjekt (OR2-300) ved ingeniørutdanninga i Førde. Prosjektet skal gje oss innføring i prosjektstyring og korleis vi kan gjere oss sjølve meir effektive og organiserte før vi tek til på hovudprosjektet. Hovudmålet vårt med prosjektet er å lære om prosjektstyring som ein arbeidsmetode, medan det sekundære målet vårt er å få eit best mulig resultat av den oppgåva vi har velt. I den teoretiske undervisninga har vi fått innføring i bruken av ulike verktøy for prosjektarbeid som vi har nytta oss av i dette prosjektet. Prosjektet skal bestå av ei munnleg framføring og ein skriftleg rapport. Framføringa hadde vi den 22. november, medan innleveringa av rapporten skal skje seinast 17. desember. Massiv Lust AS var på besøk i klassen og fortalde om firmaet, og at dei ønska hjelp til å få automatisert ein del av produksjonen av massivtre. Vi syntest dette høyrdes interessant ut, og tok derfor turen til Luster for å sjå nærare på dette. Etter denne turen bestemte vi oss for å prøve å kople opp ein traverskran som dei hadde ståande, og få programmert opp denne til å fungere i produksjonen. Etter litt arbeid viste da seg at å skaffe dokumentasjon på utstyret ikkje var so enkelt. Leverandøren i Norge hadde ingenting, og dei anbefalte oss å ta kontakt med Tyskland. Vi forsøkte å ta kontakt med ein person som vi vart tipsa om, men det viste seg å ikkje lede vidare. Vi bestemte oss etter dette om å droppe prosjektet og i staden finne eit nytt. Vi la hovuda våre i bløyt for å finne noko nytt å arbeide med. Vi tok kontakt med Frode Gandrud i Function, for å høyre om dei kunne ha eit prosjekt til oss. Grunnen til at vi valde å ta kontakt med Function var først og fremst at Roy Andre hadde kjennskap til bedrifta gjennom tidlegare jobbar. Firmaet som elles held på med KNX-teknologi var noko både Thomas og Roy Andre hadde jobba med før, og det var et spanande tema for resten av gruppa. Etter den fyrste videosamtala med oppdragsgjevar bestemte vi oss for å ta på oss oppdraget med å vidareutvikle eller finne heilt nye løysingar med KNX. Dette forslaget var det Function sjølv som ønska. Dei nye løysningane vi kom fram til måtte også oppfylle krava til BREEMsertifisering som står forklart i rapporten. Så sjølve utfordringa i oppdraget var å finne ei heilt ny løysing innanfor KNX som marknaden endå ikkje hadde. Etter kvart i prosjektet fant vi ut at det ville bli veldig vanskelig å finne opp noko som enda ikkje eksisterte, så mesteparten av tida gikk med til å finne svakheter på allereie eksisterande utstyr. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 1 KNX – teknologi Utvikling av produkt 2 Generelt om KNX og miljø-klassifisering 2.1 Function technology AS Function består av to firma, Function Technology AS og Function Products AS. Disse har til saman 14 tilsette. Function Products As er eit firma frå Bergen, med kompetanse innan elkraft, byggautomasjon, prosjektleiing, elektroprodukta, kurs, sal og produktutvikling. Firmaet er leverandør av funksjonelle løysningar for styresystemar til bustad og næringsbygg, med spisskompetanse innanfor KNX teknologien. De har som hovudmål å tilby komplette tenester som sikrar at prosjekteiring, programmering, innkjøp, installasjon, idriftsetjing og overlevering av KNX prosjekter blir utført optimalt og effektivt. Function Technology AS er selskapet som utviklar og produserer KNX-produkt. Dei er Norges einaste KNX produsent, med ca. 20.000 aktive produkt. Utviklingsavdelinga er lokalisert i Horten, mens produksjonen føregår i Stavanger. Function Technology As jobbar opp mot alle ledd i ein produksjon, og dei har ved fleire anledningar utvikla nye løysningar som er med på å forbetre opplevinga av produkta både for sluttbrukar samt handverkarane som installera dei. 2.2 Teknologien før KNX Den teknologien som var før KNX kom på marknaden besto for det meiste av separate styringssystema. Det største plusset med KNX er at det er eit intelligent system kor alle komponentane på bussen snakkar saman. Dette gjør det mogleg å kople saman lys, overvaking, energibestemmingar, sikkerheit og styring gjennom internett. Dette er også den største forskjellen på teknologien som var før bussystemenets tid. Tidlegare var det til dømes vanlig med tidsstyring på lys, medan det i dag brukast bevegelses- eller lys-sensorar. Lyssensorane (LDR – Light Dependent Resistor) er for det meste brukt i forbindelse med utandørs belysning. Den nye teknologien på dette området er veldig energisparande i og med at det blir mørkt på ulike tidspunkt heile året. Før måtte personar inn å endre på tidsstyringa etter kvart som årstidene endra seg, mens i dag skjer dette automatisk. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 2 KNX – teknologi Utvikling av produkt Bevegelsessensorar (PIR – Passive Infrared Detector) brukast for det meste i større næringsbygg kor det er mange kontor eller sonar. Denne typen sensor reagera på bevegelsar frå menneske og vil da tenne lyset i rommet. Lyset vil igjen sløkke seg etter ein førehandsinnstilt tid. Dette er med på å spare unødvendige energikostnadar i form av at personar gløymer å sløkke lyset, eller at tidsstyringa slår på lyset medan det ikkje er personer tilstade. Før var det også vanleg at persiennene måtte styrast ved hjelp av bryter, mens nå er det sensorar på utsida og innsida av bygget som held orden på dette. Når systemet oppdagar at solen skin inn i eit bygg som allereie er for varmt og driver med nedkjøling, så vil persiennene gå ned automatisk for å skjerme ut varmen frå sola. Tidligare var det også mogleg å drive oppvarming og kjøling på same tid, men dei nye KNXsystema i dag hindrar for at det skal være mogleg. Nå er det enten kjøling eller oppvarming systemet handterer. 2.3 KNX teknologi KNX (tidlegare kjend som EIB) er eit buss-styrt system [1]. Med buss-styring meinas det at alle komponentane er koplet til ein og same kabel for å sei det enkelt. KNX er eit standardisert system som tilbyr ein fleksibel installasjon, det vil sei at endringar kan utføres på ein rask måte utan de store omleggingane av eit ferdig bygg. Det er også viktig å få med seg at systemet er i stor grad energieffektivt. Bruken av systemet går ut på: Belysning Klimaregulering Solavskjerming Sikkerheit Tidsstyring Signalgjeving Dette kan skje både enkeltvis eller samordna. 2.3.1 KNX system Systemkomponentar som er einingane som driver KNX systemet, og kommuniserer med det. Enkelt forklart så er det straumforsyning og grensesnitt. Sensorar som er einingar som reagerer på hendingar og gjer det om til eit unikt signal på bussen. Dette kan være trykknappar, bevegelsessensorar og verstasjonar. Aktoratorar som er einingar som mottar signaler på bussen, før dei igjen tilarbeide funksjonen og utførar ein aktivitet. Dette er for til dømes ein brytaraktuator, dimmeaktuator eller ein persienneaktuator. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 3 KNX – teknologi Utvikling av produkt Eit typisk senario eit KNX anlegg styrar er viss det er sol ute og temperaturen inne er for høg eller det utføres kjøling. Då vil systemet aktivere persienneakturatorane, slik at persiennene går ned. Dette fører til at sola blir skjerma ute frå bygget, og unødvendig oppvarming vil unngåas. Eit anna senario kan være at det er for kaldt i rommet, og då vil temperatursensoren sende signal vidare til klimareguleringa om å redusere kjølinga, samtidig som at aktuatorne på omnane køyre i gong oppvarming. Systemet fungera også slik at det ikkje vil være mogleg å kjøle samtidig som du varmar opp. Dette er eit sikkerhetstiltak for å unngå unødvendig energibruk. Figur 1 Skisse over KNX system I Figur 1 kan du sjå at den grøne buss-kabelen er kopla til alle komponentane, og rekkefølgja har ingenting å sei. Ut frå komponentane koplast det eksterne utstyret som lys, omnar og motorar. Etter monteringa programmerast til dømes bevegelsessensoren til at universaldimmeren skal tenne lyset i rommet. Trykknappen med termostat kan settast til å overstyre, slik at viss bruker ikkje ønska lys så kan det slås av. Med denne brytaren er det også mogleg å dimme lyset gjennom universaldimmeren. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 4 KNX – teknologi Utvikling av produkt 2.4 Generelt om BREEAM Sertifisering 2.4.1 BREEAM Sertifisering BREEAM sertifisering er eit klassifiseringssystem for bygg og eigendom som dokumenterer forskjellar på miljø- og helsebelastningar, og gjer det lettare å gjere rette val [2]. BREEAM vart først laga og utvikla av BRE i Storbritannia i 1990. BRE var i starten ei statsbedrift, men er i seinare tid privatisert. Den norske tilpassinga er BREEAM-NOR som er laga for norske forhold tilknytt standardar og reglar innanfor energi og miljøområde. BREEAM står for Building Research Establishment’s Enviromental Assessment Method, og er verdens leiande og mest brukte miljøklassifiseringssystem for bygg, og har 225 000 sertifiserte bygg, og over ein million registrerte bygg sidan sertifiseringa starta i 1990 [3]. I Noreg blei BREEAM lansert den 20.oktober 2011. BREEAM-NOR er utvikla av Norwegian Green Building Council (NGBC). Det er NGBC som klassifiserer utifrå løyve og lisensvilkår gitt av BRE Global Ltd. 2.4.2 Målsetningane og formålet med BREEAM Målsetningane er Å redusere eit bygg sin påverknad på miljøet. Å gjere det mogeleg å kjenne att bygg ut ifrå miljøstandarden det har. Å tilby truverdig miljøklassifisering og –sertifisering for bygg. Å stimulere etterspurnaden etter bærekraftige bygg. Formålet er Gi godkjenning i marknad til bygg med lav belastning på helse og miljø. Sikre at beste miljøpraksis blir innearbeidet i bygg Fastsette kriteria og standardar som overgår det som krævast ved forskrift, og utfordre marknaden til å utvikle innovative løysingar som minimera bygg sine miljøpåverknadar. Bevisstgjere eigarar, brukarar, designarar og dei som driv bygga om fordelane ved bygg med høg miljøstandard. Støtte verksemda si prioritering av samfunnsansvar og dokumentere framgang i forhold til miljø. 2.4.3 BREEAM POENG BREEAM sertifiseringsklasse blir gitt utifrå poengsum ein har fått frå dei ulike kategoriane i BREEAM. Der er 10 klasser med forskjellig vekt i BREEAM som ein kan få poeng. BREEAM -NOR er laga for norske forhold, standardar og reglar. Den har litt andre vekt prosent enn BREEAM Europe, t.d. Transport og Materiale er høgare i vekt for å reflektere transport utfordringar i et spreidd land, og for å støtte robuste løysingar som bidrag til tradisjonen med manglande vedlikehald/teknisk etterslep. Vann og Forureining er tilsvarande redusert i betyding, Noreg har god tilgang på reint vatn, og ved at betydinga av BREEAM-NOR er avgrensa, samanlikna med myndighetenes betyding for å redusere forureining. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 5 KNX – teknologi Utvikling av produkt Grenseverdiane for klassefisering og sertifisering etter BREEAM-NOR: Figur 2 BREEAM-NOR nivå. * Der er nokre tilleggskriterier for å oppnå Outstanding Kvar kategori har emne som gir forskjelleg mengd med poeng. For å få poeng i eit emne må kvart av punkta i emnet vere tilfredsstilt, viss berre nokre punkt er tilfredsstilt så får ein ikkje poeng frå det emnet. Poengsummen ei får frå ein kategori konverterast til % av total oppnåeleg innanfor kvar kategori. Figur 3 Vekting av BREEAM-kategoriar I tillegg til desse kategoriane, er der ein innovasjons kategori. Innovasjonspoeng gir ekstra godkjenning for eit bygg som er innovative når det gjeld berekraftig yting. Den maksimale mengd innovasjons poeng ein kan oppnå er 10 dvs. at ein kan få 10% på totale oppnådde poeng prosentdel. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 6 KNX – teknologi Utvikling av produkt Minimumskrav til sertifisering Sjølv om krava til sertifisering og klassifisering er oppnådd etter tabellen ovanfor, skal minstekrava i tabellen nedanfor vere tilfredsstilt for å oppnå klasse og sertifisering. Figur 4 Minimumskrav for BREEAM-sertifisering OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 7 KNX – teknologi Utvikling av produkt 3 Better technology for Function 3.1 Arbeidsmetode Vi skal i dette prosjektet modernisere og vidareutvikle KNX komponentar, og kome med forlag til nye løysingar for systema for å gjere byggeprosjekta eigna for miljøsertifisering i BREEAM. Detter er verdens mest brukte miljøklassifiseringssystemet [4], og det gir poeng i totalt ni hovudkategoriar [Vedlegg 7], i tillegg til at det vert det premiert for innovasjon. For å få innspel til nye løysingar kontakta vi ulike firma som arbeider med KNX til dagleg. Løysingane må vere i samsvar med det som vil gje poeng i BREEM, og krava er nøye spesifisert i manualen. Nokon av emna gjev delpoeng, medan i andre emnar med strengare krav må ein oppfylle alle kriteria får å få poenga. Det er og ein muligheit å finne heilt nye løysingar innan enkelte emnar, som då kan gje innovasjonspoeng. Vi kontakta også energirådgivingsfirmaet Smigruppen, som spesialiserer seg innan fagområdet. Dei arbeider med å skape effektive energiløysingar og velfungerande bygg, og dei hadde god oversikt over BREEAM. Vi fekk tips om kva emnar vi kunne fokusere på for å kome fram til løysingar som gav poeng. 3.2 Utvalte kategoriar i BREEAM Vi fekk ikkje så mange konkrete tilbakemeldingar, men av dei mest relevante var energimåling og styring av dører. Smigruppen kom med innspel om at er det muligheit for innovasjonspoeng om en finn løysingar på emna under kategorien «Forureining». Vi har også tenkt ut eit system der ein kan redusere energiforbruket som går belysning i opne kontorlandskap. Vi går igjennom BREEAM manualen og dei kategoriane og emna som vi med KNX teknologien kan utfylle nokon av poengkrava. Det er i kategoriane «Helse og Innemiljø» og «Energi» vi finn de emna vi vel å fokusere på. I tillegg så ser vi på kategorien «Forureining», og då spesielt på emnet om lekkasje frå kjølemedia, sidan den virka mest relevant. Oppdragsgjevar la vekt på at det er mest aktuelt å arbeide imot dei emna som gjer mest mogeleg BREAM-poeng, og at det generelt er det størst energiforbruk knytt til lys og ventilasjon. Det er alt utvikla ein del komponentar som dekka dei poengkrava som var mest aktuelle for oss innanfor desse kategoriane, men i nokon av emna finn vi potensial for vidare utvikling. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 8 KNX – teknologi Utvikling av produkt 3.2.1 Helse og Innemiljø Denne kategorien er ganske omfattande, og tar for seg alt frå vegetasjon og bygningskonstruksjon til automasjonsløysingar. Oppdragsgjevar dekkjer i dag fleire av krava med sin KNX MultiLight. Vi har funne eit lite forbetringspotensial under punkt 10 og 11 innan denne kategorien som legg vekt på termisk komfort og soning. Vi tar også med punkt 14 som omhandlar kontorareal. Dette emnet oppsummera dei krava til tiltak for å fremme eit godt arbeidsmiljø i mindre kontor i byggeprosjektet. Hea 10 - Termisk komfort Å sikre, ved hjelp av designverktøy, at man oppnår hensiktsmessige termiske komfortnivå for areal i aktiv bruk. Hea 11 - Termisk soning Å fremme brukarkontroller som lar brukarane justere varme-/kjølesystema i bygget sjølv. Hea 14 - Kontorareal Følgjande viser samsvar: Første poeng 1. For varehandel-prosjekter må tre av følgjande tiltak være oppnådd for minst 80 % av kontorareala i byggeprosjektet: a. b. c. d. e. f. 2. Utsyn: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 2 Blendingskontroll: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 3 Lyssoner og lysstyring: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 6 Potensial for naturlig ventilasjon: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 7 Termisk soning: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 11 Akustisk ytelse: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 13. For industri-prosjekter må tre av følgjande tiltak være oppnådd for minst 80 % av kontorareala i byggeprosjektet: a. b. c. d. e. Utsyn: I samsvar med krava til kontorareal i BREEAM-område Hea 2 Blendingskontroll: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 3 Lyssoner og lysstyring: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 6 Potensial for naturlig ventilasjon: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 7 Ventilasjonsløysning for å sikre innandørs luftkvalitet: I samsvar med krava i BREEAM område Hea 8 f. Termisk komfort: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 10 g. Termisk soning: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 11 h. Akustisk ytelse: I samsvar med krava i BREEAM-område Hea 13. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 9 KNX – teknologi Utvikling av produkt Andre poeng 1. For varehandel-prosjekter må fire av de seks tiltaka ovanfor være oppnådd for minst 80 % av kontorareala i byggeprosjektet. 2. For industri-prosjekter må seks av de åtte tiltaka ovanfor være oppnådd for minst 80 % av kontorareala i byggeprosjektet. Kriterier for mønstergyldig nivå Følgjande skisserer kriteriene for mønstergyldig nivå som er nødvendig for å oppnå innovasjonspoeng for dette BREEAM-området. Det kan deles ut poeng for mønstergyldig nivå viss alle tiltaka ovanfor er oppnådd for minst 80 % av kontorareala i byggeprosjektet. 3.2.2 Energi I denne kategorien har vi funne potensial for å hente poeng under punkt 2 og 3 som tar for seg delmåling av energibruk. Ene 2 - Delmåling av betydelig energibruk Følgjande viser samsvar: 1. Separate tilgjengelige delmålarar for energi, merket med sluttbruk/formål for den energien som blir målt, finnes for følgjande systemer (viss disse finnes): a. b. c. d. e. f. g. Romoppvarming og ventilasjonsvarme Varmtvann Luftfukting Kjøling (romkjøling og ventilasjonskjøling) Vifter og pumper (hovud) Belysning Teknisk utstyr (belysning og teknisk utstyr kan være på same delmålarr viss det blir målt i kvar etasje/avdeling) h. Andre større energikrevjande einingar, der det er hensiktsmessig (sjå samsvarsnotater). ELLER 2. Der det er installert BMS (sentral driftskontroll), med individuell overvaking og output for systema som er oppført under punkt 1 ovanfor. BMS: (Building (energy) Management System) - Sentralt driftskontroll, er en sentral datamaskin som styrer, overvaker og optimaliserer tekniske bygginstallasjonar og systemer som oppvarming, klimaanlegg, belysning og sikkerheit. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 10 KNX – teknologi Utvikling av produkt Ene 3- Delmåling av høy energibelastning og utleieareal Følgjande viser samsvar: For utdanning gjelder kravet kunn for vidaregåande skoler, høgskoler og universitet. 1. 2. Installasjon av tilgjengelige delmålarar som dekker energiforsyninga til kvar leigetakar, eller viss det er bygg med kunn en leigetakar, relevante funksjonsområder eller avdelingar innanfor bygget/eininga. Målerane er merket med kva energibruken går til. 3.2.3 Forureining Punkt 2 i denne kategorien tar for seg å førebygge lekkasjar frå kuldemedia for å redusere utslepp til atmosfæren. Pol 2 - Førebygge lekkasjar frå kuldemedium Følgjande viser samsvar: 1. Bygget har ingen kuldemedia, ELLER Lekkasjedeteksjon 2. 3. Systemer som bruker kuldemedia, oppbevarast i delvis lufttett innbygging (eller et mekanisk ventilert anleggsrom), og det er installert et lekkasjedeteksjonssystem som dekka høgrisikodeler av anlegget, ELLER Det er spesifisert et permanent, automatisk lekkasjedeteksjonssystem, og systemet er IKKE basert på prinsippet om å oppdage eller måle konsentrasjonen av kuldemedia i lufta. Oppsamlings-/gjenopprettingssystem 4. 5. 6. Automatisk avstenging og nedpumping av kuldemediet når det blir oppdaga høge konsentrasjon av kuldemedia i maskinrommet/ innbygginga. I dei fleste tilfelle er det kunn system i mekanisk ventilerte/ delvis lufttette maskinrom (eller innbyggingar) som vil samsvare. Automatisk nedpumping til enten ein separat behaldar eller til varmevekslaren er akseptabelt, men kunn viss automatiske isolasjonsventiler er montert for å holde på kuldemediet når det først er pompet ned. Alarmterskelen som utløyser automatisk nedpumping er innstilt på et maksimum på 2000 ppm (0,2 %), men lågare nivå kan stillast inn. Poenget kan ikkje tildelast for manuelle systemer. Merk: For forretnings- og kontorbygg vil samsvar med krava om lekkasjedeteksjon føre til at første poeng blir tildelt. Samsvar med krava om oppsamlingssystem vil gi det andre poenget. Det første poenget må være tildelt før det andre poenget kan tildelast. Merk: For industri- og utdanningsbygg kan poenget tildelast viss det er spesifisert både eit lekkasjedeteksjonssystem OG eit oppsamlingssystem i samsvar med ovannemnte krav. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 11 KNX – teknologi Utvikling av produkt 3.3 Forslag til nye produkt 3.3.1 Helse og innemiljø - Dørstyring Lyssoner og lysstyring (hea_6) heng ofte saman med Termisk soning (hea_11). Oppdragsgjevar Function har i dag allereie ein multikontroll, KNX MultiLight [5], som lar brukaren styre temperatur og lys. I denne skal det også på sikt implementerast ventilasjonsstyring. I samband med termisk soning har vi kome fram til eit forslag om å styre dører avhengig av temperatur i dei ulike sonene. Brukarane kan ved hjelp av MultiLight justere temperaturen 3° C opp eller ned i forhold til det som er sett som temperatur i lokalet. Kva ønska temperatur skal vere kan variere for ulike personar, og det kan difor i verste fall oppstå ein temperaturdifferanse 6° C. Om desse to sonene er i nærleiken av kvarandre, kan dei påverke temperaturen i den andre sona, og det vil oppstå unødig oppvarming eller kjøling. Det hadde difor vert ein fordel å få ti leit slags fysisk skilje mellom dei sonene om slike tilfelle skulle oppstå, for å avgrense denne unødige energibruken. Eit system for å styre dører melom sonene kan vere in måte å gjere dette på. Sensorar kan oppdage om dørene er opne eller lukka, og om temperaturavviket når ein viss storleik, skal systemet automatisk lukke dørene igjen, eller gje varsel om at dørene bør lukkast. Overvaking av temperatur i ulike soner kan også nyttast for å finne den beste posisjon til dører i heile lokalet, opne eller igjen, avhengig av temperaturar ute og inne, eller for å skjerme at soner som ikkje er i bruk påverkar resten av anlegget. 3.3.2 Energi - Energimåling Som krav for å få poeng for energimåling er at det er separate tilgjengelige delmålarar for energi, merket med sluttbruk/formål for den energien som blir målt, finnes for alle energikrevjande einingar i bygget. Eit alternativ til dette er at ein har installert BMS, Building (energy) Management System. BMS, eller SD – anlegg i norge (Sentral Driftskontroll) er eit system med ein sentral datamaskin som styrer og overvaker tekniske bygginstallasjonar. Fleire bygg har i dag begge systema, både KNX og SD anlegg [6], og kravet skal dermed vere oppfylt. Om omfanget av energikrevjande komponentar ikkje er stort, er også muleg å få dekka dei naudsynte krava til energimåling ved hjelp av berre KNX komponentar. Ein slepp då å ha to komplette styringssystem. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 12 KNX – teknologi Utvikling av produkt 3.3.3 Energi - Lysstyring i opne kontorlandskap Dette er eit forslag som ikkje er direkte knytt til BREEAM og automatisk vil gje miljøpoeng, men det kan bidra til å spare ein del energi på grunn av unødig belysning. Ein kan ved hjelp av KNX lage eit system for å dimme dei lysarmaturane over dei sonene som ikkje er i bruk. Det kan vere i eit klasserom eller i opne kontorlandskap, med til tider varierande grad av aktivitet i dei ulike sonene. I større felles arbeidslokalar kan ein ved hjelp av eigna sensorar registrere kor det er aktivitet, og så justere lyset deretter for å spare energi. Lyset kan i dag dimmast individuelt med Multilight. Det er i tillegg lagt in ein funksjon der lyset automatisk blir justert alt etter kor mykje dagslys som blir slept in. Men denne funksjonen er mest egna for meir lukka kontor der brukarane har full kontroll over si sone. Val av sensor Ved bruk av bevegelse sensorar i lokalar med stillesittande arbeid opplev ein at lyset blir slått av sjølv om der er folk som sit og jobbar. Dette vil derfor vere ein faktor ein må ta omsyn til ved val av sensor. Slike sensorar bør difor nyttast i soner der det som regel er bevegelse, som ved kopimaskin/skrivar og eventuelt ved kaffistasjonen. Ved arbeidsstasjonen har ein ulike muligheiter for å registrere aktivitet. Ein kan bruke mekaniske trykksensorar i stol eller strekklapp på golv, men dette kan føre til mykje kabellegging og ekstra feilkjelder. Bevegelses sensorar er ein muligheit, men då kan ein som sagt få problem med at det ikkje blir registrert at nokon er på arbeidsstasjonen ved lite rørsle. Det beste kan difor vere å ikkje ha sensor for å registrere aktivitet, men i staden synkronisere systemet med adgangskort. Når ein tilsett stemplar inn registrerar systemet at vedkomande er i lokalet, og den aktuelle arbeidsstasjonen blir då aktivert. Om vedkomande vel å arbeide lenger enn normal tid, vil lyset på denne stasjonen ikkje dimme seg ned eller slå seg av før vedkomande stemplar seg ut. Eit problem med dette kan likevel oppstå om dei tilsette ikkje har fast kontorplass. Ein kan då lage eit system som registrerar kva arbeidsstasjon vedkommande sist logga seg inn på, og så synkronisere dette med adgangskortet den aktuelle arbeidsdagen. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 13 KNX – teknologi Utvikling av produkt 3.3.4 Forureining - Førebygge lekkasje frå kuldemedia Mål med dette emnet er å redusere utslepp av kuldemediar til atmosferen som følje av lekkasjar i kjøleanlegg. Kriteria for poeng er enten at bygget ikkje har kuldemedia, eller det er ei form for lekkasjedeteksjon og oppsamlingssystem. Det er ulike kriterier for tildeling av poeng, avhengig om det er forretningsbygg eller industri- og utdanningsbygg. Med KNX ser vi for oss at vi kan tilfredstille nokon av krava i dette emnet. Det er spesifisert at eventuell lekkasjedeteksjon ikkje skal vere basert på prinsippet om å oppdage eller måle konsentrasjon av kuldemedia i lufta. Alternativet kan då vere å måle trykket i systemet, eller utnytte sensorteknologi for dette som allereie er implementert på kjølesystema. Betydelig trykkfall kan vere ein god indikasjon på lekkasje, og prosedyrar for oppsamling og gjenoppretting av systemet kan setjast i verk. Prosedyrane kan vere avstenging og nedpumping av kuldemedia. Alarmterskelen som skal utløyse automatisk nedpumping er maksimum 2000 ppm (0,2 %). Sidan denne terskelen er basert på måling av media i lufta, må ein ha sensor for dette i tillegg til den interne trykkmålinga i anlegget. Forretnings- og kontorbygg får tildelt første poenget ved å oppfylle krava om lekkasjedeteksjon, og det andre ved å oppfylle krava om oppsamlingssystem. Industri- og utdanningsbygg må oppfylle begge krava før det blir tildelt poeng. Det er og beskrive ulike kriterier for tildeling av poeng alt etter kva gass som blir nytta so kuldemedia. Ved små anlegg, eller om anlegget er oppdelt i mindre hermetiske system kan og poeng tildelast automatisk. Manuelle system og lagringsbehaldarar samsvarer ikkje med kriteria for dette området. 3.4 Konklusjon produktutvikling Hovudmåla til dette prosjektet var at vi skulle finne opp nye løysingar for KNX-styring i bygg. Sidan dette skulle vere i samsvar med BREEAM har det vist seg å vere meir omfattande enn først tenkt. Vi har ikkje fått brukt nok tid på sjølve produktutviklinga, og difor har vi ikkje kome fram til noko meir enn desse forslaga her. Det står igjen ein del arbeid før nokon av ideane eventuelt kan bli utvikla til konkrete produkt. Vi meiner forslaga er gode, og kan bidra til å skape meir miljøvennlege og mindre energikrevjande bygg. Nokon av krava til sertifisering kan vere løyst før, og med andre teknologiar enn KNX, men det var dette bussystemet vi skulle ha som utgangspunkt i dette prosjektet. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 14 KNX – teknologi Utvikling av produkt 4 Prosjektadministrasjon 4.1 Organisering Vi har lage eit enkelt organisasjonskart som viser oppbygginga av hierarkiet i prosjektet. Oppdragsgjevar Oppdragsgjevaren vår er Function Technology AS, ei bedrift som arbeider med utvikling av KNX-produkt. Vår Kontaktperson er Frode Gandrud. Styringsgruppa Styringsgruppa består av Joar Sande som fungerer som prosjektansvarleg og fagleg rettleiar. Prosjektgruppa Prosjektgruppa består av Roy Andre Solvåg-Hellevang, Thomas Bondehagen, Jermund Hopland og Thomas Indreflø. Hovudansvarsområder Roy Andre har fungert som prosjektleiar, og har hatt ansvar for kontakten med oppdragsgjevar og andre bedrifter. Thomas B har hatt KNX som hovudansvar, mens Jermund er rapportansvarleg og Thomas I har hatt BREEAM som sitt felt. Ut over dette har gruppa vert likestilt i arbeidet, og alle har deltatt på alle felt. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 15 KNX – teknologi Utvikling av produkt Kontaktinformasjon: Medlem: E-post : Tlf: Roy Andre Solvåg-Hellevang Thomas Bondehagen Jermund Hopland Thomas Indreflø [email protected] [email protected] [email protected] [email protected] 958 15 282 481 36 458 415 01 884 995 31 668 4.1.1 Gjennomføring og Gantt Skjema Vi starta prosjektet med å planlegge korleis vi skulle gå fram med å nå eit mål. Vi starta med å lage eit Gantt skjema i MS Project [Vedlegg 4]. Med det programmet kan vi lett sette opp plan over korleis vi skulle bruke tida vår utover prosjektet, og vi kan lett gå inn og oppdatere status og sjekke korleis vi var i forhold til skjema. Utover i prosjektet viste det seg at vi ikkje hadde tatt omsyn til at BREEAM var så omfattande, så tidsbruken til å setje seg in i manualen vart større enn planlagt. Vi har laga eit nytt Gantt skjema som syner den faktiske tidsbruken [Vedlegg 5]. 4.1.2 Timeliste Kvar medlem i gruppa hadde kontroll og noterte ned sin eigen tidsforbruk i prosjektet. Den samla vi i eit Excel ark og hadde kontroll over den tida som var brukt [Vedlegg 1-3]. 4.2 Økonomi Kjøring i Noreg 1 - 10 000km Passasjertillegg Sum Sats per km Beskriving 4,05 kr 1 kr 5,05 kr km Kostnad Kjøretur til Luster 134 676,7 kr Retur 134 676,7 kr sum 1353,4 Vi har ikkje hatt nokon kostnadar knytt til sjølve prosjektet, men vi før vi bestemte oss for oppgåve var vi ein tur i Luster for å sjekke på eit mogeleg prosjekt vi kunne ta. Vi har brukt staten sine satsa for køyregodtgjørsle for å berekne desse kostnadane [7]. Vi hadde budsjettert ein kostnad med å ta ein tur til Bergen for å besøke oppdragsgivar, men vi bestemte oss for at det var ikkje nødvendig. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 16 KNX – teknologi Utvikling av produkt 5 Konklusjon Hovudmålet med dette prosjektet var å finne eit nytt produkt for Function Technology AS innanfor KNX-teknologien opp mot BREEAM-sertifisering. For å gjennomføre oppgåva måtte dermed gruppa sette seg inn i kva KNX og BREEAM var for noko. Ein av gruppas største utfordringar var å setje seg inn i alle sertifiseringane BREEAM inneheld. Dette var noko vi i stor grad følte var tungt og utfordrande. Spesielt i kombinasjon med å finnet eit allereie ikkje-eksisterande produkt innafor KNX-teknologien. Ei anna problemstilling vi kom over litt seinare i prosjektet var å få tilbakemelding på førespurnadane våre. Det ble sendt e-post til stort sett alle bedriftene i Sogn og Fjordane som hadde noko å gjere med KNX. Vi konkluderte til slutt med at det var for lite erfaring med BREEAM der ute til at vi kunne få noen gode tilbakemeldingar å jobbe etter. Eit anna punkt som også er viktig å nemne er at dei produkta og den teknologien som allereie fins innanfor KNX er velfungerande og er vanskelig for folk som ikkje jobbar med detta til dagen å finne nokon forbetringar på. Dette har ført til at vi ikkje oppnådde dei måla vi hadde ønska for prosjektet, som var å finne et nytt produkt for Function Technology AS. Elles har gruppa fungert greitt saman, og alle medlemane har fått mykje ny kunnskap innanfor KNX og BREEAM. Erfaringane vi sit igjen med etter dette prosjektet er at produktutvikling er noe vi ikkje vil ta med oss vidare til hovudprosjektet, og vi ser og dermed nøydt til å finna ein ny oppgåve. OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 17 KNX – teknologi Utvikling av produkt 6 Referanseliste [1] Schneider Electric, «Presentasjon av KNX- Byggautomasjon for alle typer bygninger,» 2013. [Internett]. Available: http://www.schneider-electric.no/documents/D-web/KNX-presentasjon.pdf. [Funnen 13 10 2013]. [2] BREEAM-NOR, «Teknisk manual BREEAM NOR ver. 1.0,» 2012. [Internett]. Available: http://ngbc.no/sites/default/files/breeam-nor_ver._1.0_norsk_0_0.pdf. [Funnen 13 09 2013]. [3] The BRE Group website family, «What is BREEAM?,» 2013. [Internett]. Available: http://www.breeam.org/about.jsp?id=66. [Funnen 26 09 2013]. [4] A. Fylling, «Norsk VVS - BREEAM-NOR: Dette gir poeng,» [Internett]. Available: http://www.norsk-vvs.no/assets/pdf/NR1942802410.PDF. [Funnen 7 11 2013]. [5] Function technology, «KNX-Multilight,» [Internett]. Available: http://www.function-technology.com/products/multilight/. [Funnen 26 11 2013]. [6] Instell, «Totalstyring næring og offentlige bygg,» [Internett]. Available: http://www.instell.no/l%C3%B8sninger/totalstyring-n%C3%A6ring-og-offentlige-bygg/. [Funnen 26 11 2013]. [7] Kemnerkontoret, «Bilgodtgjørelse (kjøregodtgjørelse),» [Internett]. Available: http://www.kemnerkontoret.oslo.kommune.no/arbeidsgiver/satser/satser_artikler/article1 06029-30972.html. [Funnen 27 11 2013]. 7 Figurliste Figur 1 Skisse over KNX system ........................................................................................... 4 Figur 2 BREEAM-NOR nivå. * Der er nokre tilleggskriterier for å oppnå Outstanding ............ 6 Figur 3 Vekting av BREEAM-kategoriar ................................................................................. 6 Figur 4 Minimumskrav for BREEAM-sertifisering ................................................................... 7 OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 18 KNX – teknologi Utvikling av produkt 8 Vedlegg Vedlegg 1.Timelister september side 1 Vedlegg 2.Timelister oktober side 2 Vedlegg 3.Timelister november side 3 Vedlegg 4.Gantt skjema framdriftsplan side 4 Vedlegg 5.Gantt skjema prosjektframdrift side 5 Vedlegg 6.Møteinnkalling og møtereferat side 6 til 10 Vedlegg 7.Samandrag av poenggjeving i BREEAM side 11 til 14 OR2-300 Prosjekt 29.11.2013 19
© Copyright 2024