Seilentusiasten frå Sogn

Seilentusiasten
frå Sogn
BÅT: Vindereken er navnet på seglbåten til Odd.
VED SJØEN: Dette her er huset til Odd som ligg nede i Kaupangerbukti. Huset er
heilt nedfor sjøen, og han har eigen kai til Vindreken.
KAUPANGER: Odd Tufte er ein av dei største seglentusiastane i Sogn.
Han har sigla både på Sognefjorden og til Shetland, og den store framtidsdraumen er ei jordomsegling.
For Odd Tufte har interessa
for segling vore med han heile
livet.
- Eg har meir eller mindre
vokst opp ved sjøen, men med
hovudsak berre med motorbåtar.
På ein ferietur i Rødehavet leigde
eg ein seglbåt og blei heilt betatt
av segling, seier Odd Tufte.
Lengre turar
Etter mange år med segling
i Sognefjorden begynte Odd å
segle lengre vekk, og han har
segla mange gongar på Shetland. Han har også vore i den
Engelske kanal, Øster Sjøen og i
Nord Norge.
– Høgdepunktet var nok dei
to gongane eg leigde seglbåt i Karibia og segla der borte. I Karibia
er det fantastisk godt og segle
på grunn av klima, krystallklart
vatn og friskt lys frå aust.
Kva er den mest dramatiske
seglturen du har vore på?
- Det var med den første
seglbåtane eg hadde, Lisa ein
original Colin Archer båt i frå
1916. Eg skulle segle til Bergen og
på veg ut Sognefjorden kom det
masse vind og stor sjø. Eg visste
at nokre av spanta var gjennområtne og var livredd for å miste
kjølen, og båten skulle søkke.
Det er den einaste gongen eg har
vore skikkeleg redd for å vera på
sjøen.
Draumen
Etter mange år med segling
har Odd vore mange stadar og
har ein stor draum om jordomsegling.
KOSELEG PÅ SEGLTUR: Odd med dottera Oda på fanget.
-Draumen er å segle frå No-
reg over Nordsjøen til i Inverness
i Skotland gjennom Kaledonien
kanalen over Lock Ness, kanskje
me får sjå Nessie, vidare over
Biscaya, Portugal, Kanariøyane
vidare over Atlanteren til Barbados . Bruka god tid (fleire år)
i Karibia vidare opp til Florida
og langs innlandwatervays på
austkysten av Amerika. Til NY
Main Newfoundland , Grønland,
Island, Færøyane, Shetland og
heim til Noreg.
Han er veldig optatt av sikkerheit på sjøen og har alltid
med seg rett utstyr.
- Det er viktig å ha med
redningsflåte, nødpeilesendar og
satellitt-telefon. I tillegg til det er
det viktig med GPS og kart.
Familie
Likar familien din å vera
med på segltur?
Bygde eiget hus
Odd har vokst opp i ein
familie som dreiv butikk. 18 år
gammal fekk han seg tomt på
Kaupanger byggfeltet. På grunn
av at det var så mange bygg
som skulle byggast mangla dei
snekkarar.
– Eg måtte bygga huset mitt
sjølv, med god hjelp av Johnny
som seinare blei min kompanjong i Jatak. I 1979 flytta eg inn
i huset 19 år gammal. Å bygge
dette huset tennte eit voldsomt
engasjement for å skape og
bygge. Slik at etter husbygginga
begynte eg som tømrar, med ein
stor gründer i magen, seier Odd.
OPP MED SEGLET: Seglet på Vindreken.
Så når han nokre år seinare
kom i kontakt med ein takstolprodusent, kom ideen om å
starte takstolbedrift i Kaupanger.
- Ja. Eg trur me alle saman er
rastlause og liker å forflytta oss
rundt i båt. Ein gong nekta Oda
på 7 å gå på land, etter å ha vore
eit døgn på sjøen.
Odd har seglbåten sin rett
utanfor huset i Kaupangerbukti,
men likevel trur han ikkje at
han seglar meir enn andre folk
med seglbåt.
-Den båten som eg har er
laga for å reise på litt lengre
turar med, ikkje sånne korte ettermiddagsturar. Eg synes det er
kjekkare med lange turar enn her
i fjorden. Så det har nok for så
vidt ikkje noke å sei at båten ligg
her enn hvis den hadde ligget ein
anna stad.
Trine A. Hundershagen
[email protected]
EKKO: Odd blås i tåkeluren og høyrer etter
ekko i fjellet.