Les meir.. - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Nr. 1 I mars 2013 I 41. årgang
God påske!
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm
Kasserar: Arne Flatland
Livets skattekistesamling i skulehuset i Jordal – Brita og Nils. Foto: GHN.
Bankgiro: 3720 30 15063
Postgiro: 0806 341 1915
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal.
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune. Det
er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste blad kjem ut i veke 25.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 21. mai 2013.
Indre sogn, beredskapsteneste:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74.
Bladpengar: kr. 300,- pr. år,
kr. 400,– for abonnentar.
2
nr. 1-13
Leiar:
Snart jul…!
Me er godt i gang med eit nytt år.
Kva vil 2013 føre med seg? I kyrkja
i Sogndal, Sogn og Bjørgvin står
mykje på planen. Lokalt skal me
mellom anna markere at Norum
kyrkje er 150 år i 2013. Soknerådet
har sett saman eit flott program
som skal kunne engasjere alle.
Alt talar for at prostiet vårt blir
utvida i vår og at det nye namnet
blir Sogn prosti. I mars vil stillinga
som prost i Sogn bli utlyst.
Biskopen og bispedømet har
vedteke at 2013 er Ungdomsåret og
ynskjer å framheva ungdomen ved
at ungdom får fokus i gudstenester,
forkynning og der kyrkjelyden
samlast. Du kan lese meir om
Ungdomsåret 2013 i bladet.
Fastetida er snart omme og
du har kanskje akkurat hatt
besøk av ein konfirmant med ei
innsamlingsbøsse frå Kirkens
Nødhjelp. Fasteaksjon har ei lang
historie og det blir gjennomført
innsamlingsaksjonar i stort sett alle
kyrkjelydar i landet. Pengane som er
samla inn blir brukt der dei trengst
mest. Kirkens Nødhjelp jobbar
integrert, med katastrofehjelp og
langsiktig bistand. Fastetida kan
mellom anna minne oss om vårt
ansvar for kvarandre.
Og snart er det tid for påskefeiring!
Påska er eit drama på liv og død
som utspelar seg over fleire
dagar. Me kjenner historia og den
begynner å bli gamal, men stadig er
det menneske som opplever at livet
deira blir snudd opp ned i møte med
den oppstadne Kristus.
God påske!
Magny Ugulsvik Bukholm
REDAKTØR
Illustrasjonsfoto frå Morguefile.
Foto på framsida:
Soknerådet i Norum ynskjer velkomen til jubileum.
Snitt frå altertavla i Norum kyrkje som er frå 1703.
Konfirmantsamling i Stedje kyrkje i januar. Alle 3 foto: Egon Askvik.
Illustrasjonsfoto frå Morguefile.com
Sogndalkyrkjelydsblad
Helsing frå kyrkjeverja
Når du får bladet i handa er det
straks påske. Påsken er ei viktig
høgtid i kyrkja, og for mange er
det ogso ei veldig viktig tid for
familien. Då er det tid for ski, hyttekos og appelsiner. Mange som
elles i året bur andre stader reiser
ofte heim att i slike høgtider. Då er
det skulefri, og for mange jobbfri,
så då er det ei fin tid og samlast.
Mange mødrer og fedrar som får
barn og barnebarn heim, seier
at dei ikkje veit kva godt dei skal
gjere for dei. Då blir det stulla og
stelt etter alle kunstens reglar.
Som mor kjenner eg meg att der.
Borna er dei kjæraste du har, og
du er villig til å gjere alt for deira
skuld.
Slik me elskar borna våre – elskar
Gud oss. Det er ein uforbeholden
kjærleik. Heilt utan krav til gjengjeld. Til han kan me få komme
som me er. Du treng ikkje pynte
på fasaden, for han kjenner deg
og ser deg som den du er. Påsken
er ei fin tid å samlast i kyrkja. Bli
minna om Guds kjærleik til oss. At
Jesus døydde for vår skuld – nettopp fordi han er glad i oss og vil
det beste for oss.
Ute har det snøa dei siste dagane. Tidlegare i vinter har det
vore mindre av det kvite teppet,
og meir berrfrost på marka. For
mange har det ført til problem
med at vatnet frys, og mykje tele
i marka. På kyrkjegardane har
me mest merka det i samband
med gravferder. Med tele opp til
1,5 meter tek det si tid å få opp ei
grav. Då er det godt å ha utstyr og
gode medhjelparar rundt seg. Og
eg må seie at eg er heldig slik. Det
er ein fantastisk gjeng som arbeider i kyrkja. Dei stiller opp der
det trengs, og det er ein ståpåvilje
og eit ynskje om å gjere ein god
jobb hjå alle. Som arbeidsgjevar
må eg seie at det er eit privilegium! Utan desse gode medarbeidarane ville det vore tungt å
få oppgåvene gjort. Likeså er det
utruleg godt med alle dei frivillige
som stiller opp. Anten det gjeld
dugnad for å få noko gjort, eller
det gjeld meir faste tenester – så
gjer dei ein fantastisk jobb! Utan
dei frivillige ville det rett og slett
vere umogleg for oss å halde alle
hjula i gang. Og det skal de vite,
at me er utruleg takksam for den
jobben de gjer!
For å vise at me set pris på alle
dykk frivillige skipar me til Medarbeidarfesten. Den har etter kvart
nesten vorte fast tradisjon, og det
er kjekt. Då skipar me som tilsette til ei samling i Stedje kyrkje
for alle dei frivillige. Me håpar det
blir ein kveld der dei endeleg kan
få komme utan å få oppgåver. Ein
kveld der de berre skal få nyte og
sleppe å yte. 21. mars er datoen i
år. Kom å bli med!
vil kanskje ikkje merkast ute i
kyrkjelydane. Det vert vel prosten og prostesekretæren som vil
merke det mest, men for oss alle
får me fleire medarbeidarar med
oss. Det skal bli kjekt, og me helsar vikjer og balestrendingar velkomne i prostiet!
Organisatorisk er det endringar
på gang i kyrkja. Prostigrensene
her i området skal endrast, og frå
6. mars vert Ytre Sogn Prosti lagt
ned. Dei 6 kommunane som høyrer til der vert då fordelt på dei omkringliggjande prostia. Solund og
Gulen går til Nordhordland, Høyanger og Hyllestad går til Sunnfjord og Balestrand og Vik kjem til
oss i Indre Sogn Prosti. Det vert
ogso namneskifte for prostiet
vårt – frå då av heiter det Sogn
Prosti. Dei heilt store endringane
Bedehuset i Fjærland rundar
100 år dette året. Dette vart
markert 16. februar. I det høvet
vart det hengt opp ei lysekruna,
som er gjeven til Bedehuset.
Styret takkar så mykje for dette
og for pengane som gjevne i
høvet jubileet.
Når påsken er omme nærmar
våren seg med stormskritt. Det
kan ofte vere ei fin tid med sol og
grøne lier. Eg vil difor ynskje alle
ein flott påske og ein like flott vår!
Venleg helsing
Jorunn Merete
Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger
JUBILEUM
Kjem tilbake med referat
frå jubileumsfesten i neste
nummer.
Sogndalkyrkjelydsblad
Nils Skeide
nr. 1-13
3
- OG EG ER MED!
Familiegudstenesta
i Fjærland
2. februar 2013
Denne sundagen var det tid for
familiesamankomst i kyrkja.
Ein god del folk var samla. Eit
godt samarbeid med skulen
gjer at me nyt godt av skuleborna. Dei yngste borna song
flott. Berre så dumt at
«Kyrkjelydsbladet» ikkje kjem
ut i lydutgåve. Mellomtrinnet
framførte evangeliet om bonden som sådde godt korn, men
om natta var fienden ute og
sådde ugras i åkeren. Tenarane
sa til husbonden at dei kunne
riva opp ugraset. Det skulle dei
ikkje gjera sa bonden, då kunne
dei riva opp kornet også. Vent
til hausten, då tek de ugraset
fyrst og brenn det på bålet.
Så haustar de inn kornet, var
ordren frå husbonden.
To av konfirmantane våre, Kari
Sunneva og Ingunn var hjelpeliturgar og var med prest Kjell,
og las frå Bibelen og bad bøner.
Seinare i gudstenesta fekk
11-åringane kvar sin Bibel som
gåve frå kyrkjelyden. I år var
det 7 born som skulle få Bibel.
Etter gudstenesta var det
kyrkekaffi, og mange var det
som såg seg tid til å vera med
der, endå det skulle vera skirenn på ettermiddagen.
Småskulen syng.
11-åringane med biblane sine. Frå venstre: Magne Skeide, Ingebjørg Solli Supphellen,
Nils Eivind Skeide, Jøran Skeide og Wdith Margarit Mundal.
Takk for ei gild stund i kyrkja.
Nils Skeide
Tekst og foto
Mellomtrinnet framfører evangeliet om såkornet.
4
nr. 1-13
Sogndalkyrkjelydsblad
11-åringane i Sogndal
27. januar var det utdeling av Godt Nytt til 11-åringane i Stedje. Ein flott gjeng som aktivt deltok i gudstenesta. Foto: MUB.
11-åringane på
Kaupanger
Søndag 27. januar 2013,
såmannssøndagen, fekk
2002-generasjonen frå
Kaupanger ”Godt nytt” i
Kaupanger stavkyrkje. Dei var
medhjelparar i gudstenesta saman med ungdomspresten vår,
Kjell Olav H. Nordheim, noko
dei gjorde på ein grei og fin
måte. Tusen takk!
Kirsten Anny Amledal
Tekst og foto
Livets Skattekistedag på Kaupanger
Livets skattekiste-dag er eit
trusopplærings-opplegg frå
senior til junior, der Astrid
Sønstegaard og Birgit Kverme
Johnsen er sentrale.
Samlinga var på Bedehuset på
Kaupanger med pizza,
forteljingar, aktivitet og leik, og
til slutt ein fin avslutning i stavkyrkja med bøn og lystenning.
Vi hadde ein super gjeng av 11 åringar på Livets skattekistedag på Kaupanger.
Guri Høstaker Nordheim
Tekst og foto
Konfirmantane Linn, Jørgen og Andre var gode medarbeidarar på Livets skattekistedag!
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
5
Fjærland
ule
Gospelklubben
Ving
k
s
s
g
barnemisj
a
d
n
St
ø
ed
je
s
sø
nd
ag
on
e
ss
ku
t
le
Miniklubben
e
Nots
B
arnegospelen
uleBabysong
k
ss
ag
d
n
sø
n
e
g
au
h
st
je
G
Innblikk
Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i kyrkjelydane våre. Mykje godt arbeid vert drive, med
sikte på å gi barn og unge ein stad der dei kan høyre Guds ord forkynt og vekse i trua på Han. Samarbeidet mellom organisasjonane og kyrkja er difor svært viktig for at ei systematisk trusopplæring kan skje i kyrkjelydane våre.
Kyrkjelydsbladet ynskjer å gje eit innblikk i dette arbeidet.
Innblikk i:
Notsete søndagsskule
heime hjå Ester og Leif Arne Nordheim.
Annankvar søndag føremiddag i tida november –
april ser ”programmet” slik ut: Frukost må vera
avslutta til kl. 09.30, for då skal stove, kjøkken og gang
gjerast klar for søndagsskule. Leif Arne tek seg av
møblering av stova og fjerning av det meste av eigne
ytter-kle, medan Ester set fram søndagsskuleutstyr
og skjer opp frukt til servering. Innhaldet i sjølve
søndagsskuletimen har Ester førebudd tidlegare i
veka. - Her må me nemna at Notsete Søndagsskule
har sidan 2006 vore med i Sprell-Levande-opplegget
som Norsk Søndagsskuleforbund tilbyr, og har fått
mykje godt materiell og mange gode idéar derifrå. Om lag kl. 10.30 dukkar dei to hjelpeleiarane Ann
Eline Fretland og Ingvil Talleraas opp. Dei får ei
innføring i ”dagens skjema” og fordeler oppgåvene
mellom seg. Oppgåvene er mange: Tenna lys,
setja på CD-spelar, halda opp plakatar, dela ut
klistermerke og blad, hjelpa til ved fargelegging
og formingsaktivitet, servera frukt, gjera klar
avslutning-ringen m.m. Dei går til oppgåvene med
stor velvilje og gjennomfører dei med glans!
Like før kl. 11 kjem søndagsskuleborna, saman
med vaksne, i bil eller gåande. Og alle blir med på
søndagsskuletimen, som varer til kl. 12. Oftast er
talet på frammøtte 10-12 born og 5-6 vaksne.
Etter innskriving i dagboka og velkommen
ljomar songen ”Til søndagsskulen går min veg”,
eit fast innslag gjennom nokså mange år, til
trekkspelmusikk v/Leif Arne. Hjelpeleiarane tenner
3 lys, og alle les 3 bøner saman: til Gud, Jesus og
Ailin Elvagjeng tykkjer
kappa til Josef vart fin.
6
nr. 1-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Fargelegging er kjekt tykkjer (f.v.) Anders Resaland,
Jaran Elvagjeng og Lars Ove Kusslid.
Den heilage Ande, etterfylgt av songen ”Du er evig”
til CD-musikk. Etter nokre bevegelsesongar fylgjer
gjennomgåing av teksten for dagen, oftast v/Leif
Arne. ”Noko for augene” er det alltid: flanellografbilete, teikneserie-plakatar, DVD-presentasjon,
ja, til og med dokke-teater! Etter repetisjon av ein
eller fleire bevegelse-songar får borna komma
og få blad og klistermerke i frammøtekortet sitt.
Dei legg óg pengar på bøssa. Pengane går mest til
dekking av utgifter til materiell, oppmuntringsgåver,
abonnement på Barnas (søndagsskuleblad),
medlemspengar og gåve til fadderbarnet, ein gut
frå Moldova.
Deretter fylgjer
aktivitets-delen av timen:
fargelegging av ark med teikningar frå teksten og
ulike formingsoppgåver. Borna klipper, limer, brukar
trolldeig m.m. og lagar alltid noko som understrekar
teksten for dagen. Medan borna er i full gang med
fargelegging og forming, serverer hjelpeleiarane
frukt. Dette held dei på med til klokka nærmar seg
12. Då set alle seg i ein ring, held kvarandre i hendene
og syng Velsigninga, saman med song og musikk på
CD. Så finn borna søndagsskule-posane sine, går ut
i gangen og tek på seg sko og ytter-kle og startar
på heimveg. Att står oppryddings-arbeidet. Sjølv om
dette tek si tid, er søndagsskulen ei oppgåve Ester
og Leif Arne finn stor glede og djup meining i å vera
med på. Dei byrja ein gong på 1970-talet, og førebels
har dei ikkje planlagt å gje seg.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
7
Ungdomsåret 2013
Biskopen og bispedømet vil framheva ungdomen i «Ungdomsåret 2013». –
Dette er ikkje ei ny reform, men eit høve til å setje lys på aldersgruppa 15-19
i det vi held på med i kyrkjelydsarbeidet, slik som gudstenester, diakoni og
trusopplæring, seier prosjektleiar Arnt Johan Vistnes ved bispedømekontoret.
Biskopen har valt eit ikon for
Ungdomsåret, «Jesus og vennen hans», eit koptisk (egyptisk)
ikon frå 6-700 talet. I dette ikonet
er nærleiken mellom Jesus og
venen hans uttrykt med handa
over skuldra og at dei ser på
kvarandre med det eine auga og
med det andre ser dei fram – på
oss.
– Vi treng alle, uavhengig av alder, å høyre at Jesus vil vere nær
oss og ta del i liva våre - Han har
auga sitt fest på oss og ser oss,
men ber oss òg om å sjå fram –
ut mot verda til vår neste. Saman
med ikonet har ungdomsåret eit
slagord: «Venner for livet». Jesus
er ein ven for livet, han ynskjer
vennskap menneske imellom,
og at vi skal verne om livet, seier
biskopen.
– Kva skal vi gjere i Ungdomsåret?
– Eit hovudmål er å halde på
fleire av ungdommane etter konfirmasjonen. Vi kan blant anna
setje lys på aldersgruppa 15-19
i dei reformene vi allereie held
på med. Ungdommar er viktige
i gudstenestereforma og dei er
viktige i trusopplæringsreforma.
Kan gudstenestereforma og trusopplæringsreforma hjelpe oss
med å halde på fleire av ungdommane etter konfirmasjonen?
I 2013 håpar vi på at ungdom får
fokus i gudstenester, forkynning
og der kyrkjelyden samlast. Vi
håpar at ungdom får delta der
planar blir lagt og der avgjerder
blir tatt. Kanskje Ungdomsåret
2013 kan bli startskotet for noko
8
nr. 1-13
som skaper ei positiv retning for
ungdomssatsinga i åra som kjem.
Vi håpar at fleire unge, etter konfirmasjon, kan oppleve at kyrkja
vil dei noko og at den har noko
viktig som dei treng. Det er ikkje
meininga at dei kyrkjeleg tilsette
skal gjere alt, men alle tilsette
må setje ungdom på dagsorden. Vi må utfordre kyrkjelydane
våre på å vere med på å gjere
kyrkjelyden til ein plass der alle
kan finne sin plass, seier prosjektleiar Arnt Johan Vistnes.
Dei fire B-ane
På mange måtar satsar vi på
det som har blitt kalla Dei fire
B-ane: Bibel, bøn, brødsbrytinga
(gudstenesta) og (broder)fellesskapen. Gjennom ungdomsåret vil
vi oppmode ungdom til å lese i
Bibelen, blant anna vil vi dele ut
ei spesialutgåve av Det nye testamentet. Det blir arbeidd med å
få klar eit kurs om kristentrua for
ungdom i løpet av Ungdomsåret.
Vidare har vi invitert ungdom til
å vera med å formulere ei eiga
Biskopen og Marius Økland (Acta-leiar i Sogn og Fjordane).
Sogndalkyrkjelydsblad
bøn for ungdomsåret. I våre møte
med kyrkjelydane har vi lagt vekt
på at det må vera eit mål å gjera
gudstenestene relevante for unge
menneske, seier Vistnes.
KAFÉ i Fjærland
Misjonsprosjekt
Ungdomsrådet i Bjørgvin fekk i
oppgåve å anbefale eit av SMM
(Samarbeid Menighet og Misjon) sine prosjekt som ungdomsåret sitt misjonsprosjekt. Dei
valde Normisjon sitt prosjekt:
«Gi steinarbeidarane eit verdig
liv og ei framtid.» Prosjektet
set søkelys på steinindustrien i
Vest-Bengal i India. Vi ser fram
til å samarbeide med Normisjon
og kyrkjelydane om å engasjere
ungdom i dette prosjektet.
Ungdomsårarrangement
Ungdomsåret blir arrangert i
samspel med dei kristne ungdomsorganisasjonane. Fleire
arrangement vil bli merka som
«Ungdomsårsarrangement». Der
står organisasjonane sjølve for
innhaldet i sine arrangement,
men i Ungdomsåret vil vi særskild promotere desse arrangementa for kyrkjelydane. Desse
arrangementa er i stor grad spreidd over heile året.
Det har ei tid vore omtala noko meir aktivitet i regi av
diakoniutvalet. Dette er no inn i ei prøvetid. Denne våren skal det
vera kafé på Busenterstova ein gong i månaden fram til påske. Det
er Tordis Reinen, som er Fjærland sin vara til diakoniutvalet, som
er ansvarleg. Dette er lagt opp som eit sosialt samvær frå
kl. 15.00 til 17.00. Kaffi og litt mat er fast. Litt song, opplesing og
utlodding, so får ein prøva seg fram med andre aktivitetar.
tter fyrste KAFÉ såg det ut til at interessa var stor. Det er å vona
E
at dette held fram.
Opningsgudstenester og opningsarrangement
Frå 13. januar vil det vera ein del
opningsarrangement for Ungdomsåret rundt om i bispedømmet. Bergen domkirke har
opningsgudsteneste 13. januar,
og andre stader i bispedømet vil
det skje ulike former for opningsarrangement fram mot februar.
kjem. For 2013 vil Bispedømerådet vere med på å støtte slike
tiltak.
November er ungdomsmånad
I november 2013 vil vi ha ungdomsår-månad. Kyrkjelydane
blir då utfordra på å ha eit eige
ungdomsårarrangement. Her må
ein gjerne samarbeide på tvers av
soknegrenser for å samle ressursar. Kanskje eit slikt tiltak kan bli
vellukka og skje igjen i åra som
Heimeside –
www.ungibjorgvin.no
Heimesida, ungibjorgvin.no er ikkje berre for Ungdomsåret, men
skal òg kunne brukast i tida som
kjem. Den viktigaste funksjonen
til denne sida vil vere ungdomskalenderen der arrangørar av ungdomsarrangement i bispedømet
å dette vert lese, har det vore to samlingar til, så det vert
D
spennande å sjå utviklinga.
Nils Skeide
kan legge inn sine arrangement.
Dette er ei god synleggjering av
det enkelte tiltak, samstundes
som ein lettare kan unngå kollisjon av større arrangement.
Heimesida vil ha linkar til andre
ungdomssider og vil vere ein
kanal for gode idear og erfaringar
med kristent ungdomsarbeid.
Vi ynskjer alle i Bjørgvin
bispedøme eit godt ungdomsår!
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
9
Diakonihjørna:
…kvar dag er ei påminning om det same;
vi er tilgitt…
I fleire ulike samanhengar eg har vore no i
det siste, har ordet om tilgjeving dukka opp. I
forbifarten er det eit kjent ord for oss alle, men
når eg stansar litt lenger ved dette ordet, får eg
moglegheit til å tenkje over kva det inneber å gje
og få tilgjeving.
”Viss eg ikkje hadde tilgitt han, hadde eg ikkje
vore her i dag, - då hadde eg kanskje ikkje
levd” sa ei kvinne til meg. Det var sterkt å høyre
ho fortelje. Ho beskreiv den innsikta ho hadde
fått når det gjaldt tilgjeving og forsoning: ho
visste at viss ho skulle leve vidare så måtte ho
både forsone seg med det vonde som hadde
skjedd, og ho måtte tilgi. Ho visste at det som
hadde skjedd aldri ville bli gløymt. Det ville
aldri forsvinna vekk. Men ho fortalde vidare
korleis ho kunne forholda seg til det vonde utan
at ho blei ”oppeten” innvendig. Den nagande,
altoppslukande, harde og aggressive reaksjonen
var erstatta med forsonande kjensler som
innebar nytt perspektiv på livet. ”Det går an å
leve vidare, eg har eit håp, eg treng ikkje bruke
alle kreftene på det vonde som var”. Var dette
lett for ho? Nei på ingen måte. Alt ho hadde
opplevd hadde kosta ho mykje.
Ein mann eg møtte sa: ”eg kan ikkje tilgi han”,
og han var sint då han sa det. Kven av oss
har ikkje kjent på akkurat dette? Sinne over
urettferdigheit, mangel på innrømming, vilje
til oppgjer. Av og til må ein gå løpet ut, inntil
ein kanskje innser at det er ein sjølv som må
strekkje ut handa og be om tilgjeving.
Kan alt bli tilgitt? Skal alt bli tilgitt? Kven kan
forvente tilgjeving? Tilgjeving er vel ikkje noko ein
kan krevje? Men vi har vel alle opplevd eit ynskje
om at ein annan skal tilgi våre mistak? Tilgjeving
har mange sider ved seg; vi kan tilgi, vi skal tilgi,
vi bør tilgi, vi får tilgjeving, vi er tilgitt. Kven av
oss har ikkje gjort noko galt? Kven av oss treng
ikkje tilgjeving?
10
nr. 1-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Jesus oppfordrar oss til å tilgi kvarande, igjen og
igjen. Kva er alternativet? ”Slik som eg har tilgitt
dykk, skal de tilgi kvarandre” seier Jesus. Den
vonde kjensla i magen når du har noko uoppgjort
er ei tung bør å bere med seg, og vi treng av og
til å hjelpa kvarande med å leggja børa frå oss.
Kvinna eg fortalde om opplevde at ho kunne
tilgi fordi ho kunne leggja det vonde som hadde
hendt ho over til Jesus. Det var Jesus som gjorde
tilgjevinga mogleg og ho vart fri frå hat og sinne.
Å forsone seg med fakta og verkelegheit, og å
ikkje gløyma er ikkje ein motsetning til tilgjeving.
Men mellom dette er det ein moglegheit til å leva
livet sitt vidare med eit nytt håp om noko av det
gode i livet! Dagane vert såleis ikkje berre sol og
glede for nokon av oss, men tilgjeving gir oss alle
ein ny sjanse til å gå vidare eller begynne på nytt.
Påsken sin bodskap handlar om nettopp dette:
den nye moglegheita til forsoning med Gud og
med menneske på grunn av Jesu soning for oss
på korset. I påskehøgtida minnest vi kva Jesus
gjorde den gong på korset, men kvar dag er ei
påminning om det same; vi er tilgitt av Han som
forsonar oss med Gud vår Far.
Soknediakon
Gitte Th. Torstad
Nåde • miskunn • tilgjeving • ære • nådegåver • audmjukskap • alfa og omega • nattverd •
gudsteneste • respekt • Guds rike • Bibelen • liv i anden • profeti • faste • teneste • overgjeving •
allmakt, pakt • synd • vedkjenning • fridom • von • omvending • tillit • vekst …
Store Ord
I oktober 2011 kom Bibelselskapet si nye omsetjing av bibeltekstane ut. Det er gjort få store men mange små justeringar og endringar for at språket skal vera levande og nært det som er vårt språk i dag. Denne spalta kjem ei tid
framover til å ta føre seg ord som har fått endra omsetjing i den nye bibelutgåva. Ord som mange kjende og hadde eit
tilhøve til. Kanskje må noko lærast litt på nytt? Og kanskje kan vi oppdaga noko nytt undervegs!
Stort ord:
Nærvær
I Sogndal kyrkjelydsblad nr. 1 2009 dukka spalta «Store ord?» opp for første gong.
Dåverande redaktør Åshild Torsnes Espeland hadde hausten før utfordra meg til å dele
tankar om enkeltståande ord som var vanleg i bruk i forkynning og i kristen praksis.
Store ord
Utfordrande ord, ord som
femna vidt. Ord som kunne
virke svevande og vanskelige.
Men som ein likevel ville møte
i kyrkja, blant kristne, men òg i
andre samanhengar.
Spalta var meint å fylgje
kyrkjelydsbladet i eitt år, men
det vart fem. Ord som Tru,
Fellesskap, Heilag. Oppstode,
Stillheit, Forsoning og Lovsong
har blitt løfta fram. Kva
røyndom er det desse orda
freistar å vise veg til for oss?
Til saman har det blitt 15
korte tekstar, dette vert den
16. og siste. I alle høve i denne
omgang.
For stort?
Det fell oss stundom så altfor
enkelt å tale lettvint om det
som betyr mykje. Ein som med
orda sine rører ved mange er
poeten Jon Fosse. Han seier:
«Det går ikkje an å forklara
tekstar». Og meisteren sjølv,
Jesus, advarar ved fleire høve
mot å bruke for mange og for
store ord.
Overskrifta «Store ord?» var
nok valt med tanke på ordtaket
om at store ord og feitt flesk
sit ikkje fast i halsen. Og
spørsmålsteiknet skulle vel
få oss til å tenkja oss om: Er
det berre store og svevande
ord den kristne trua handlar
om, eller finst det ein konkret
røyndom som orda peikar på
og kan hjelpe oss til å finne?
Gud er større
Talrike er dei som har forsøkt å
tale om Gud, for slik å oppdage
litt etter kvart at det aller
viktigaste om Gud, det kan ikkje
seiast. Uansett kor mange og
flotte ord vi brukar – Gud er
alltid større. Bruk livet ditt til å
tale så vakkert og stort du kan
om kven Gud er – Han er likevel
alltid større enn store ord.
Han let seg ikkje fanga inn eller
begrensa av våre ord. Men Han
er der. Dette er det innerste.
Det som vert verande òg når
orda er oppbrukt, som all
kyrkjeleg tru og praksis og all
sann von kviler på.
Guds nærvær. Det endrar alt.
Jødane feira påske til minne
om korleis Gud fria dei ut frå
nauda dei levde under som
slavar i Egypt. Fordi han elska
dei, førte han dei ut frå Egypt
«ved sitt nærvær». (5.Mos 4,37)
Me skal feira påske saman. Me
skal feira at den oppstandne
Jesus Kristus er i mellom oss,
og at Han som ber naglemerka
frå døden på krosssen er oss
nær i vår naud. Med den same
utfriande kjærleiken. Den
kjærleiken som er sterkare enn
døden, og som dei største orda
ikkje kan forklare. Men som
endrar alt. God påske!
Kjell Olav Høstaker Nordheim
Foto: GHN.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
11
Med Lionsvener på ”førjulskaravane” til Jurbarkas
i Litauen frå 13. – 16. desember 2012
4 som var med frå Sogn f.v.: Ulf, Karianne, Renate og Helga + Regina.
Førjulstida er som regel full av
mange gjeremål og oppdrag
som skal vera på plass for at
julefeiringa skal bli vellukka. Det
gjeld både baking, vasking av hus,
handling av julepakkar, juletre
m.m. - i tråd med god gamal
tradisjon. Denne helga midt i
desember fekk for meg og mange
andre ein ny dimensjon i 2012 –
me var 2 vaksne og 3 ungdomar
frå Kaupanger, Sogndal og
Regina t.v.som senterleiar
Kristina. som pensjonatvertinne.
12
nr. 1-13
Hafslo som deltok på ein såkalla
”julekaravane” til byen Jurbarkas
i Litauen. Turen var lagt opp i
samarbeid med lionsklubbar
frå Ålesund-området, samt
Gudbrandsdalen(me var 18
stk til saman), og har vore
gjennomført dei siste 5-6 åra.
Hjelpeprosjekt er å dela ut
julepresangar på eit senter for
psykisk utviklingshemma, ein
barneheim, samt delta i arbeidet
på eit suppekjøken, og besøkja
og gje ut matpakkar til fattige
familiar som bur og lever under
svært primitive tilhøve.
Me var 5 spente sjeler, nemleg
Ulf Menes (var også med i
2011), Einar Skeie, Karianne D.
Løypestrand, Helga Farestveit
og Renate Fredheim som reiste
frå Gardermoen torsdag morgon
kl.10.00 med fly til Vilnius, så ein
3 timars busstur til Jurbarkas
før me var framme seint på
ettermiddagen. Vertskap var
medlemer i Lionsklubben der,
så me blei tekne godt vare på
og transportert rundt omkring
til alle dei forskjellige plassane
me skulle innom. Me ”vaksne”
Sogndalkyrkjelydsblad
blei innlosjerte på eit pensjonat,
som eit av medlemene i Lions
Club Jurbarkas dreiv, medan
alle ungdomane blei plasserte
heime hos andre medlemer i
klubben. Sjølve byen Jurbarkas
har ca 13 000 innbyggjarar, heile
kommunen om lag 32 000. Det
var vinterlege forhold med litt
snø, til dels glatte vegar, kald
austavind og minus 3 til 5 grader.
Det var godt å ha med varmt
vintertøy på turen.
Første kvelden besøkte me
Regina`s Senter som er eit buog aktivitetssenter for psykisk
utviklingshemma. Der fekk me
servert god mat og drikke, delte
ut julegåver og fekk omvisning og
musikalsk underhaldning av dei
som budde der. Alle var smilande
og virka fornøgde, og var svært
takksame for besøk frå Noreg.
I arbeidsstova si viste dei fram
ting og utstyr som dei hadde laga,
og som me kunne kjøpa med oss
for å støtta opp om drifta.
Ein triveleg gjeng å bli kjende
med.
Det var sterk vind og snøfokk den
siste natta, men heldigvis løya
vinden på morgonkvisten slik at
bussen kom vel fram og henta
oss i tide til å rekka flyet heim att
til Gardermoen søndag midt på
dagen.
Det blei mange sterke og
minnerike opplevingar å ta
med seg frå denne turen.
Kontrastane var store - fattigdom
og kummerlege levekår med
arbeidsløyse og lite å leva av
for mange, likevel velstand og
overflod for andre. Det var godt
å koma heim att til Kaupanger
og treffa att familie og vener.
Alle opplevde me kor heldige
me er som bur og lever i Noreg,
og at me skal vera EKSTRA
takknemlege for det!
Neste føremiddag var det
pakking av posar med matvarer
som skulle køyrast rundt i
heile kommunen Jurbarkas
på laurdagen i den såkalla
”karavanen”. Etter pakkinga
var me innom eit suppekjøken
der ungdomen jobba litt. Me
fekk servert raudbetsuppe og
wienerschnitzel + kaffi og kaker.
Utdeling av rasjonar med julemat
var også på programmet her.
Fordelinga til kven som skulle
motta posane blei kontrollert
og notert ned av folk som jobba
fast på kjøkenet. Turen gjekk
etterpå vidare til eit dagsenter for
skuleborn. Der fekk me vera med
på eit eige program med songog musikkinnslag og utdeling
av julepakkar til alle borna. Dei
hadde pynta seg med nissehuer
og strikkehuer med norske flagg,
og song til og med ein julesong
på norsk til ære for oss gjestene.
Stor stas!
Frå starten av julekaravanen laurdagen
med ”sjefsnisse ”Raymondas og Karianne.
På besøk hos ein familie med mor og to døtre – Renate i midten.
Frå senteret for skuleborn
Etter karavanen på laurdag
var det høve til å ta seg ein
handlerunde på byen. Om
kvelden var det flott fest i eit
stilig senter der me fekk god
mat, dans og 3 ungdomar frå vårt
reisefylgje song ”O helga natt” på
framifrå vis. Me tok farvel med
vertskapet, utveksla julegåver
med kvarandre, og tok rimeleg
tidleg kveld.
Vil også få retta ei STOR TAKK til
alle privatpersonar og firma som
var med å støtta opp om turen
med gåver, pengar og utstyr! Me
såg at alt kom vel fram og blei
sett pris på!
Med ”lionshelsing”
frå alle som var med på turen
v/Einar Skeie/LC Sogndal
Me skulle opp kl. 06.00 sundag
morgon og starta på heimturen.
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
13
Konfirmantar 2013
Lista er sett opp med atterhald om endringar.
Konfirmantar i Fjærland
19. mai kl.11.00
Anne Mari Mundal
Odd Atle Rauboti
Gøril Resaland Skeide
Kristian Mundal Skjelten
Ingunn Supphellen
Kari Sunniva Waatevik
Konfirmantar Stedje
Torsdag 9. mai kl. 11.00
Eivind Stedje
Maren Stavø Stenehjem
Hannah G. Stenehjem
Silje Sva
Thea Gustavsen Uglum
Evita Uglum
Rakel Humlebrekke Nebb
Øystein Sørheim
Erlend Nondal Lereim
Olav Grevsnes
Ole Marcus Bergheim
Inge Rune Hjellum Bjørgum
Eldar Jørn Brekke
Håvard Helgesen
Karoline Haugane
Leon Lukas Tvedt Aakre
Konfirmantar i Stedje
søndag 12. mai kl.09.30
Håkon Orrestad
Kristoffer Svedal
Gunnar Midtbø England
Aurora Bondevik Loftesnes
Sofie Sundberg
Sebastian Skjerdal
Jøran Espe Kollsete
Jonas Skjeldestad Hove
Guro Skjerdal Bondevik
Ole Kristian Loftesnes Rygg
Ørjan Bakken
Miriam Lyngset Christiansen
Daniel Fritzon
Jannike Orrestad Andersen
Vegard Øyre
Martin Kristoffer Ø. Johansen
14
nr. 1-13
Konfirmantar. Foto. Egon Askvik.
Konfirmantar i Stedje
søndag 12. mai kl.12.00
Stina Bjørgo Fimreite
Hege Randmo
Vilde Falck Husum
Marianne Tvedt
Ingvild Lysgård Almås
Bjørn Gurvin Gurigard
Gunnar Fimreite Kleiven
Øystein Elvagjeng
Vegard S. Hofslundsengen
Ingvild Uglum
Jennifer Iren Austad Uglum
Konfirmantar i Norum
26. mai kl.11.00
Christian Hagen
Kjetil Haukås-Eide
Christoffer Robøle
Mats Sjøthun Uglane
Marianne Åsarmoen Slinde
Helene Svedal Venes
Marie Ylvisåker
Ingrid Elisabeth Øvretun
Konfirmantar i Kaupanger
laurdag 18. mai kl. 12.00
Andrè Solbakken Skjerven
Linn Hundershagen
Henrik Mathias Nordgulen Bjørk
Sogndalkyrkjelydsblad
Christine Solheim
Frank Andersen
Heine Skarsbø Listou
Pompimol Khettim
Torjus Andersen Øydvin
Konfirmantar i Kaupanger
søndag 19. mai kl. 10.30
Lars Evenstad Dalaker
Marta Dalaker
Ida Eineteig
Ingeborg Haukås
Ingvild Skjelle Fimreite
Jørgen Tangen
Kenneth Ågotnes Fosse
Kristi Vedvik
Tiril Egelandsdal Aase
Konfirmantar i Kaupanger
søndag 19. mai kl. 12.30
Agnete Hope Skjerven
Magnus Grotle Førde
Jesper Ruud
Viktoria Nondal Marøy
Ida Emilie Stormyren
Jan-Torje Olstad Duesund
Per Bjørkum
Petter Wefring Osen
Sindre Ness
Ein januarkveld me
aldri gløymer
Mitt vitnemål
Me hadde om Eg-perla i Kristuskransen. Den perla som fortel at me er
verdfulle.
Difor vart me noko overraska då gjesten denne kvelden opna med desse
orda:
”Eg heiter Rita Kalstad og eg er ingen ting”.
Frå då av hadde ho over 100 konfirmantar + leiarar sin fulle
konsentrasjon.
Ho fortalde korleis ho for fire år sidan på dramatisk vis so å seia mista
livet to gonger.
Ho vart fortald at ho aldri kunne gå meir. Men då dei sette inn rullestolen
til henne for at ho skulle venna seg til synet, ba ho dei ta han ut. ”Eg skal
aldri oppi den”, sa ho.
Rita fortalde korleis ho hadde mista så mykje. Helsa si og jobben sin som
ho var så glad i.
Rita var diakon i Sogndal og var med i konfirmantarbeidet her i fleire år.
For to år sida miste ho også mannen sin. Det vart det største tapet.
”Eg kjenner meg so svak og eg veit ikkje om eg greier sjå på meg sjølv
som verdfull, sjølv om eg veit at eg er det”, sa Rita, som også hadde med
seg dotter si, Maria, denne kvelden.
Me sat likevel att med inntrykket av ein ”fightar” som nekta gje seg, sjølv
om ho kjende både på tvil og avmakt og var sint på Gud.
Ein av konfirmantane sette ord på det. Framfor heile forsamlinga reiste
ho seg og sa ”Du må ikkje seia at du ikkje er noko. For du er noko her i
kveld. Med det du har fortald”. Maria hadde også ordet og minna mor si
på kor betydningsfull ho var for familien, henne og barnebarnet ho hadde
fått.
Rita uttrykte stor takksemd til konfirmantane for den respektfulle og
lyttande måten dei hadde møtt henne på. ”Eg må innrømma at eg kvidde
meg voldsomt til å møta dåke, men det var heilt unødvendig” smilte
ho. Rita var likevel tvilande til i kor stor grad ho ville orka å gjera dette
framfor andre forsamlingar. Det var krevjande.
For oss som var der, var det som å ha fått ei stor gåve.
Det sette i gong så mange tankar og refleksjonar om kva livet er og om
kva me er verd når me ikkje kan vera ”nyttige”.
Eg hentar min styrke i Gud.
Mykje har forandra seg dei
siste åra, men kyrkjebygningen er den same og kyrkja er
ein stad der eg kjenner meg
heime.
Eg har sut for at folk må få
høyra om Jesus. Hvis ein tek
bort Jesus, tek ein bort det
viktigaste i livet.
Jesus har vore med meg heile
livet. Mang ein gong har eg
lagt vanskane i Guds hender og
funne styrke og fred.
Bøna hjelper meg i kvardagen,
gjev styrke når eg er einsam og
åleine.
Egon Askvik
Tekst og foto
Gunnhild Sørebø 96 år
(frå festskrift til Norum kyrkje, som kjem
ut til jubiléet i juni)
Mange hadde spørsmål og ville snakka vidare med Rita etter foredraget
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
15
Bygdebok for Kaupanger sokn
Sogndal Sogelag minner om at
Sogndal kommune har fått 2
bøker om gods, gardar og folk i
Kaupanger og Amla, på Skogen og
ved Eidsfjorden. I bøkene er det
omtala 21 gardar og 69 plassar
med oversyn over alle folk som
bur eller budde der – ofte attende
til 1600-talet. Me får høyra om
kvardagen deira, og om vilkåra
til dei som hadde levebrødet sitt
frå jordbruk og skogsdrift m.m.
Også folk som budde eller bur i
byggjefelta er nemnde fram til
1980, men på gardane er folk førde
fram til 2012.
Sjølv om bøkene ikkje er
reine slektsbøker, kan folk og
generasjonar fylgjast frå gard til
gard, eller plass til plass – med
mangslungne skjebner. Difor
høyrer bøkene også saman med
dei 3 bøkene om Stedje sokn som
vart utgjevne i 2007.
Ved å bli kjend i bøkene er det
16
nr. 1-13
Bilete frå ei av bøkene: 4 generasjonar Nybø/Bakketeig.
mange sogndøler som vil finna ut
meir om sine eigne røter og sin
eigen identitet, og dermed bli meir
førebudd når det kjem eit aktuelt
spørsmål: ”Kven trur du at du er”?
heimar som ei investering – også
for etterkomarane. Dei to bøkene
kostar kr. 700,- samla, og vert
selt av Europris, Kaupanger og
Skjeldestad Libris i Fjøra.
Det er Jan Anders Timberlid og
Berit Selseng som har forfatta
bøkene. Dei er på 1000 sider og
har 600 bilete, og bør finnast i alle
God studering og lesnad.
Sogndalkyrkjelydsblad
Helsing Sogndal Sogelag
”Nye” brurestolar i Norum
Brurestolane i Norum kyrkje
har fått nytt trekk. Vi reknar
med at det gråblå trekket
som var på stolane no var
nytt i 1964 i samband med
restaureringsarbeid i kyrkja.
Stolane som den gongen var
kvitmåla med gullkantar vart på
nytt trekvite.
I samband med arbeidet med
nytt trekk oppdaga vi at det sto
Th. Ness 1946 under kvar stol.
Harald Nornes har undersøkt
litt om dette, og komme fram til
at det er Theodor Torbjørnsson
Ness (1888-1967) frå Sogndal
som har laga stolane. Han budde
på gbnr 11/1 - Nes og dreiv som
møbelsnikkar og treskjærar ved
sidan av gardsdrifta. (Kjelde:
Bygdebok for Sogndal 2007 og
noverande eigar)
Som de ser på biletet har
stolane vorte meir fargerike!
Det er Sissel Melvær som bur
på Nornes som er meister
for det nye trekket. Ho er ei
erfaren veverske! Ho har teke
utgangspunkt i fargane i kyrkja
når fargane på stoffet vart valgt.
Som de ser på biletet har ho òg
lagt vekt på at stolane høyrer i
hop.
Frå venstre Rønnaug Dahl, Sissel Melvær og soknerådsleiar Ingunn Marie Myren.
Foto: Egon Askvik.
Nytt teppe på plass i Stedje kyrkje!
Alt arbeid med teikning, innkjøp
av vevgarn og veving er ei gåve
frå Sissel til kyrkja. Det er vi i
soknerådet svært takksame for.
Steinar Bolme i Sogndal har
gjort eit godt arbeid med å sette
trekket på stolane.
Det passa fint å få noko nytt i
kyrkja i samband med jubileet!
Rønnaug Dahl
Tusen takk til alle som har vore med og gitt pengar til nytt teppe til
Stedje kyrkje!
Stedje sokneråd
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
17
Norum kyrkje 150 år
Norum kyrkje er 150 år dette året
og soknerådet har mange planar
for å markere dette.
Jubileumshelga 8.-9. juni
Laurdag 8. juni
Bursdagsselskap for ungane i
kyrkja midt på dagen.
Konsert i kyrkja med lokale og
tilreisande song- og musikkkrefter.
Sundag 9. juni
Kl.11.00 Jubileumsgudsteneste.
Innbedne gjester, mellom anna
tidlegare prestar i soknet.
Samkome i Nortun ungdomshus
med rømmagraut på menyen.
Det er påmelding. Sjå meir
informasjon i avisa. Alle er
velkomne så langt plassen rekk.
Jubileumskor
Jubileumskoret øver ein gong i
månaden og har plass til fleire
medlemer. Sverre Volle har
laga eit bestillingsverk som
skal urframførast på konserten
laurdag kveld under jubiléet.
Dette vert spennande !
Jubileumsskrift
I jubileumsskriftet fortel
kyrkjemedlemer om opplevingar i
kyrkja. Me har spurd dei som har
konfirmantjubileum - 30-, 40,50,- og 60-årskonfirmantar – om
korleis det var.
Me trur mange vil setja pris på
denne boka.
Norum sokneråd/
Jubileumsnemnda
Jubileumsnemnda frå v Rønnaug Dahl,
Arnor Mannsverk, Jermund Ølmheim og
Ingunn Marie Myren (fotograf).
18
nr. 1-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Kunngjeringar
og smånytt
Kyndelsmesse
Veit du kva det er? Eg måtte leite på
nettet, og på Wikipedia står det slik
forklart:
Kyndelsmesse, formelt «Festen for
framberinga av Herren i tempelet», er
ein kristen feiringsdag til minne om at
Jesusbarnet vart boren fram i tempelet
i Jerusalem førti dagar etter fødselen.
Dagen vert feira 2. februar i vestleg og
austleg kristendom.
Plan for søndagsskulen
i Stedje kyrkje, våren 2013
Det er søndagsskule dei søndagane det er gudsteneste i
Stedje kyrkje kl 11.
Dersom det er familiegudsteneste eller gudsteneste med fokus
på born og ungdom, er det ikkje eigen samling for søndagsskulen.
Det gjev denne datolista:
I Sogndal har misjonsforeiningane
tilknytt Det Norske Misjonsselskap
gått saman om å lage
kyndelsmessefest. I 2005 feira
Sogndal Misjonsforening 150 år,
og i 1997 skreiv Bjørg Mundal ein
artikkel til Sogndal kyrkjelydsblad
om misjonsarbeid og tradisjonar i
Sogndal. Utifrå den kan me lese at det
har vore over 100 kyndelsmessefestar
i Sogndal. Ein sterk tradisjon! 2.
februar inviterte dei til fest igjen i
Frelsesarmeen sine lokale og 64
personar møtte fram. Kjell Sæter talte
og Dalklang song.
Datoar våren 2013:
• 10. mars Søndagsskule
• 14. april Søndagsskule
• 28. april Søndagsskule
• 26. mai Søndagsskule
Me møtest i kyrkja kl. 11, og går derifrå samla til Stedjetunet etter ei lita stund.
Du er hjarteleg velkomen til søndagsskulen dersom du er fire år eller eldre.
Leiarar:
Stein Bondevik: 47 33 76 23
Gudrun Skjerdal: 41 26 70 15
Åse Storegjerde: 95 46 65 60
MUB
MARS
27-31.Fam.leir NLM
APRIL
4. Knøttekor og Torsd. klubb
5. Vårbasar
7. Barnas supersøndag
11. Småbarnstreff
12-14. Regionårsmøte Normisjon/ACTA
18. Knøttekor og Torsd.klubb
19-21. Leir for 16-30
25. Småbarnstreff
26.-28. Ordet og Israel
MAI
Bladpengar for 2013
I dette bladet ligg det giro for innbetaling av bladpengar. Bladet blir
sendt til alle husstandar i Sogndal kommune, og bladpengane er sett til
kr. 300. Det er opp til deg om du vil betale, men ved å betale er du med
på å dekke utgifter til trykking og utsending av bladet. Det som blir til
overs går til arbeidet i kyrkjelydane i Sogndal. Bur du utanfor Sogndal
kommune, eller du vil ha bladet med namnet ditt på, er bladpengane sett
til kr. 400. Dette er på grunn av at portoen er dyrare.
Redaksjonen
2 . Avslutn.knøttekor og torsd.klubb
16. Ungdomsarrangement
17. Fest på nasjonaldagen!
23. Småbarnstreff
27. - 30. Vi over 60
JUNI
6. Småbornstreff
7.-9. Leir for 7. - 10. klasse
14. -16. Leir for 2. - 4. klasse
21. Småbarnstreff
21.-24. Leir for 5.- 7. klasse
30.-8.juli - Bibelsommar i vest
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
19
Støttespelarane våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848 FJÆRLAND
Telefon 97 03 08 67
Tømrar
Jostein Øygard
nybygg • tilbygg • rehab • flis • våtrom
- Liftutleige Parkveien 5, 6856 Sogndal • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen
Telefon 97 09 79 82
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
ME SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
20
nr. 1-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Onsdagsturane
Onsdagsturane er fot- og trimturar rundt omkring
i Sogndal kommune, på kjende og ukjende stiar og
vegar.
Av og til er me innom ein nabokommune og. Turleiaren vår, Kjell Magne Hillestad, kan fortelja oss
masse om forskjellige plassar. Og jammen hender
det ofte at nokon av turdeltakarane også har ein del
å fortelja oss. Nokre gonger har me kjentmann med.
Me har med oss litt mat og drikke. Kaffipause må
me sjølvsagt ha når me har nådd turmålet vårt.
Dette er ein god kombinasjon av sosialt fellesskap
og god mosjon.
”Ei sunn sjel i ein sunn lekam” er det noko som
heiter.
Turane er for alle i alle aldrar, spreke eller ikkje
spreke. Dei vert arrangert kvar onsdag frå første onsdag i mai til ut i september, uansett ver. Så folkens,
bli med på tur! Sjå i avisa når det nærmar seg mai.
Vel møtt!
Kirsten Anny Amledal
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf.
57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf. 57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
Frå Flót, Barsnes.
Tuftastølen, Sogndal.
Tønjum,
Lærdal
Avdeling6887
Lærdal
Tlf.
57
66
86
60
Tønjum,
6887 Sogndal
Lærdal
Fossetunet
4, 6856
66 86 60
Tlf. 57 Tlf.
68 57
14 77
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
14 77
Kjell68Grønli
Kjell Grønli
Anne
Kristin Gunvordal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Telefon heile
døgnet:
57 [email protected]
14 77
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
TA TUREN TIL
NORDSJØFARTMUSEET
I TELAVÅG
[email protected]
Tlf. 56 32 74 40
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
www.skrivargarden.no
Epost: [email protected]
Sentralbord: 57 66 23 60
Bank: 3705.17.34204
Orgnr.:974 900 580 MVA
å r d a l : Storevegen 13,
6884 Øvre Årdal
s o g n d a l : Tess-bygget (2. etg.),
Nestangen, 6856 Sogndal
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
Telefon: 57 67 18 85
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
21
Ætti i glede og sorg
DØYPTE
VIGDE
DØDE
FJÆRLAND:
KAUPANGER:
FJÆRLAND:
01.01.13 Sverre Eineteig
29.12.12
Gudrun
Bjåstad
Torunn Irene Danielsen og
Øyvind Sivertsen
08.12.1915 – 28.11.2012
Kaupanger:
Norum:
09.12.12 Leah Celine Fivelsdal Berget
Inghild Kvam
Asbjørn Haukereid 13.04.1969 – 06.12.2012
Even Ness
26.12.12 Eskil Harkjerr Frimanslund
Stedje:
25.11.12 Olaus Malmanger Svedal
06.01.13 Ella Høgi Nes
09.12.1932 – 08.01.2013
Bjørn Erik Lappen 08.05.1950 –18.11.2012 (Bisett i Tingnes kyrkje, Fagernes)
stedje:
Oddveig Melås
25.07.1932 – 22.11.2012
13.01.13 Jonas Nilsen
Berta P. Skjeldestad
02.10.1935 – 15.12.2012
Norvald Larsen
Viljar Faaberg Øyre
27.01.13 Gunnar Riiser
08.08.1928 – 20.12.2012
Lars Karstein Stenehjem
12.09.1938 – 26.12.2012
03.02.13 Malkia Barsnes
Einar Vidvei
21.07.1919 – 26.12.2012
Svein Brosvik
23.09.1936 – 29.12.2012
Einar Vikdal
19.07.1943 – 28.12.2012
Kari Skram
14.08.1915 – 04.01.2013
Jorunn Dyrdal
10.06.1930 – 15.01.2013
Sverre Johan Dyrdal
24.01.1928 – 30.01.2013
Ragnar Fåberg
01.12.1923 – 02.02.2013
Ingebjørg Sofie Kjørlaug
08.07.1922 – 08.02.2013
Johanne Marie Lindvik Hoff
11.08.1934 – 12.02.2013
Ta kontakt med kyrkjekontoret om
moglege datoar for dåp og vigsel.
Telefon 57679985.
22
nr. 1-13
Sogndalkyrkjelydsblad
Velkomen til
gudsteneste
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
MARS
17. mars
Maria bodskapsdag
Leikanger kl. 19.00: Gudsteneste ved konfirmantane
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste ved konfirmantane
Fjærland kl. 11.00: Høgmesse
24. mars
Palmesøndag
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
28. mars
SkjærtorsdagNorum kl. 11.00: Høgmesse
Fjærland kl. 11.00: Høgmesse
Leikanger kl.19.00: Gudsteneste m/nattverd
Stedje kl.20.00: Gudsteneste m/nattverd
29. mars
Langfredag
Sogndal omsorgssenter kl. 11.00: Gudsteneste med nattverd
Leikanger alders- og sjukeheim kl. 12.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Pasjonsgudsteneste
Leikanger kl. 19.00: Pasjonskveld
Stedje kl. 21.00: Pasjonskveld
APRIL
7. april 2.s.i påsketida
Stedje kl. 11.00: Borna sin påskefest. 4-åringar
Leikanger kl. 11.00: Borna sin påskefest. 6-åringar
Norum kl. 16.00: Borna sin påskefest. 6-åringar
14. april
3.s.i påsketida
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste ved Normisjon
Kaupanger kl. 11.00: Samtalegudsteneste 2
Fjærland kl. 11.00: Samtalegudsteneste
21. april
4.s.i påsketida
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste ved konfirmantane
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
28. april
5.s. i påsketida
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
MAI
5. mai
6.s.i påsketida
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 18.00: Gudsteneste
9. mai
Kristi Himmelf.
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Fjærland kl. 11.00: Høgmesse
12. mai
Søndag før pinse
Stedje kl. 09.30: Gudsteneste med konfirmasjon
Stedje kl.12.00: Gudsteneste med konfirmasjon
17. mai
Stedje kl. 09.30: Gudsteneste
Kaupanger kl. 10.45: Gudsteneste
Leikanger kl. 10.45: Gudsteneste
18. mai
Pinseaftan
Kaupanger kl. 12.00: Gudsteneste med konfirmasjon
19. mai
Pinsedag
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Leikanger kl. 13.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Kaupanger kl. 10.30: Gudsteneste med konfirmasjon
Kaupanger kl. 12.30: Gudsteneste med konfirmasjon
Stedje kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
26. maiNorum kl. 11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
JUNI
2. juni
Leikanger kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Høgmesse. 50 års konfirmantar
Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse. 50 års konfirmantar
9. juniNorum kl. 11.00: Festgudsteneste. Jubileum
16. juni
Kaupanger kl. 11.00: Vitusmesse 23. juni
Fjærland kl. 11.00: Blomstergudsteneste
Sogndalkyrkjelydsblad
nr. 1-13
23
INFORMASJON
Ei tid for å dansa
Av Bård Haukedal
Har du sett sola dansa? Rart
spørsmål synest du kanskje. For
ho gjer jo ikkje det. Sola ho skin,
strålar, varmar og gjer godt, men
dansa gjer ho no ikkje.
Eg har nok ikkje sett sola dansa,
men no må eg innrømma at eg
ikkje har sett så godt etter heller.
Kanskje eg skal gjera det i påska?
Det er nemleg då det blir påstått
at sola gjer det. Ikkje kvar dag,
men ein heilt bestemt.
1. påskedag om morgon då dansar sola. Det var i middelalderen
dei oppdaga dette forunderlege
fenomenet, og fleire stader i
landet vårt har det vore tradisjon å dra til fjells grytidleg om
morgonen 1. påskedag. Dei ville
sjå sola stå opp. Dei ville oppleve
henne dansa over fjelltoppane.
Ho jubla over Jesus sin seier over
døden. Ho kunne ikkje halde seg
i ro i glede over morgonen som
kom med lyset og livet, og som
planta håp midt på vår jord. Så er
det mogeleg dei tok litt sterkt i dei
som meinte sola dansa, men det
som hendte 1. påskedag er grunn
god nok for både den eine og den
andre til å bevega litt på seg.
Påskeforteljinga inneheld sterke
kontrastar. Her er sorg og glede,
nederlag og seier, sjokk og trøyst,
fortviling og håp. Slik kan vi òg
oppleve livet. Dagane kan vera så
ulike, men påska vil minne oss
om at det finst ein soloppgang.
Det finst ein kjærleik som er sterkare enn døden, og eit håp som
står som fjellet fast.
Det gjer ikkje livet enkelt. Han har
så rett Forkynnaren i Gamle testamentet som seier at alt har si tid.
” Ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid
til å syrgja og ei til å dansa” Men
når tida for å dansa er der, så kan
ein kanskje - saman med sola –
våga seg frampå og ta nokre trinn.
Den gode bodskapen 1. påskedag
møter oss med, er i alle fall ein
god grunn til å gjera det.
God påske !
Eg veit ikkje kva du tenkjer om
dette fenomenet? Kan vera dei
tok litt sterkt i dei som påstod
dette? Eg er ikkje så sikker på om
dei ville støtta teorien på meteorologisk institutt, eller kva den
engasjerte astrofysikaren Knut
Jørgen Røed Ødegaard ville sagt.
Men det får vera. Det er ikkje så
nøye. Det er forklaringa eg synest er så flott. Kva det var som
gjorde at ein meinte at sola dansa
akkurat denne dagen. Og kva
var det då? Jau, ho dansa i glede
over at Jesus stod opp frå grava.
Har du sett sola dansa?