Er du ny i nabolaget? - Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS

Skade på avfallsbehaldar?
For mykje avfall?
Avfallsbehaldaren er VØR sin eigedom.
Dersom avfallsbehaldaren din er skadd, tek
du kontakt med oss, så byter vi den. Vask
avfallsbehaldaren ved behov, så slepp du lukt
og andre hygieniske problem. Skadd avfallsbehaldar som følgje av misbruk/aktløyse, blir
abonnenten sin kostnad. Har du til dømes
tømt vedomnen for oske, er det viktig at den
er nedkjølt før du kastar det i behaldaren din.
Dette kan du gjere:
Transport av avfall
til miljøstasjonen?
Då kan du låne tilhengar av oss gratis.
Hengarane har berre sommardekk, og blir
difor ikkje lånt ut om vinteren. Hugs å sikre
lasten på veg til miljøstasjonen.
• Bestille større behaldar for restavfall
og/eller papir. Sjå prisliste på www.vor.no
• Kjøpe ekstra avfallssekk som er merka
med VØR-logo. Denne plasserer du ved
sidan av behaldaren din på hentedag
• Levere direkte på miljøstasjonen i
Hovdebygda mot betaling pr. kilo
Er du ny i
nabolaget?
Les meir om returpunkt for glas- og
metallemballasje, tekstilar og farleg avfall
eller levering av avfall til miljøstasjonen
på www.vor.no
For information in other languages,
please contact us!
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 86 00
[email protected]
Besøk oss gjerne på
miljøstasjonen i Hovdebygda!
Kva passar for deg?
Slik skal du sortere
Velkomen som ny abonnent hjå Volda og Ørsta
Reinhaldsverk IKS. Alle husstandar i kommunane
har plikt til å levere avfall, og vi tilbyr ulike
løysingar for deg. Kvar enkelt bueining/leiligheit
skal vere registrert med 1 renovasjonsgebyr.
Med dette som utgangspunkt, har du høve til
å velje ulike typar abonnement.
Restavfall blir samla inn kvar eller annankvar veke.
Med omsyn til hygiene skal restavfallet vere emballert i pose og ikkje ligge laust i avfallsbehaldaren
din.
Eit standard renovasjonsgebyr inneheld:
1 x 140 liter avfallsbehaldar for
restavfall. Tøming kvar veke.
1 x 140 liter avfallsbehaldar for
papir/papp/kartong + plast (i eigen sekk).
Tøming kvar tredje veke.
Du kan lese om kommunal innsamling av avfall
i forskriftene på www.lovdata.no
Avfallsproduksjon og butilhøve kan variere og du har difor
høve til å velje større behaldarar, endra hentefrekvens
og/eller samarbeid om felles behaldarar. Dersom du bur
i eit sameige, kan det vere aktuelt med ein samarbeidsavtale. Sjå fullstendig prisliste på www.vor.no
Papir og papp blir samla inn kvar tredje veke. Brettar
du pappen får du betre plass i avfallsbehaldaren.
Plast blir samla inn kvar tredje veke i eigen sekk, saman
med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren.
Dersom plastemballasjen skal kunne brukast til
gjenvinning er det viktig at du skyl skiten plast i
kaldt vatn og let den tørke før levering. Bruk gjerne
oppvaskbørste på vanskelege flekkar – går ikkje
dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet.
Sortert plast går til materialgjenvinning og
produksjon av ny plastemballasje.
Vi leverer ut sekkar til plastemballasje éin gong i
året. Du får fleire sekkar gratis dersom du går tom,
Skyll, brett & stapp
Drikkekartongar blir samla inn kvar tredje veke, saman
med papir. Slik gjer du det:
• skyl og tørk drikkekartongane
• brett dei saman til kubbar
• legg kubbane direkte i papirbehaldaren
For å delta i Returkartonglotteriet må det vere minst
seks drikkekartongar i den sjuande. Korker kan vere på
og kartongane kan gjerne stikke opp. Merk kubbane
med namn og telefonnummer.
Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet.
På hentedag
– hugs å plassere behaldaren:
• Rett veg, med opning mot bilen
• Med ein avstand på 1 - 3 meter frå vegkanten
• Fritt frå vegg, tre, mur osb.
• Med ein avstand på 20 cm mellom behaldarane
Ingen overfylte behaldarar
– loket skal vere på ved tøming!
JA
NEI