Allergivaksinasjon - Helse Møre og Romsdal HF

ØNH Ålesund sjukehus
Pasientinformasjon
Til deg som skal starte opp med
allergivaksinasjon
Velkomen til Øyre- Nase- Hals poliklinikk
Telefon:
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Behandlingstid


Etter vaksinasjonen
Oppdosering: Ein gong i veka i sju veker.
Vedlikehald: Kvar åttande veke i ca. tre år.
Generell informasjon
Etter kvar vaksine blir du observert i 30 minutt. Det er
viktig du ikkje forlet tildelt plass i tilfelle du skulle bli uvel
eller besvime. (Husk å gå på toalettet før
konsultasjonen.)
Unngå allergieksponering for kjente allergener i
oppdoseringsperioden i den grad det er mogleg. I tilfelle, bør
vi vente ei veke med vidare vaksinasjon.
Etter at du kjem heim, skal du vere obs på
seinreaksjonar (6-24 timar). Noter ned desse til neste
konsultasjon. Enkelte føler seg litt trøytt etterpå, noko
som er normalt.
Dersom du har tatt ein annan type vaksine, må vi vente i ei
veke med vidare allergivaksinasjon. Om du har feber eller
ein infeksjonssjukdom må du også vente til du er blitt frisk.
Den dagen du får vaksine skal du ikkje anstrenge deg
fysisk og du skal unngå varme bad, badstu og alkohol.
Det er også greit å unngå alkohol eit par dagar før
vaksinasjonen. Dette for å avgrense reaksjonane på
vaksinasjonen.
Vi kontrollerer lungekapasiteten din før og etter injeksjonen.
Vi kontrollerer også stikkstaden.
Antihistamin/ astmamedisin
Skulle du får generelle reaksjonar og du er i tvil, skal du
ta kontakt med lege.
Er det noko du lurer på, så ta kontakt med oss på
telefon: 70 10 52 70
Helsing oss på ØNH-poliklinikk, Tlf 70 10 52 70
Astma skal vere godt regulert. Forordna antiallergisk/
antiastmatisk medisiner skal oppretthaldast. Dersom du
bruker medisinar ved behov, kan du gjerne ta dei med.
Husk å ta antihistamintablett før vaksinering, minimum
ein time før.
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no