Både Stordalen og Skjold neste år

6
Nyregistrering
i Etne
Eikemotor V/S. Eikemo
Eljervik Gard
Etne Næringsutvikling AS
Etne Sport Og Fritid AS
Globecon Limited
Hamre Design AS
Hegerland Bil & Maskin
Jens A. Markhus DA
Rodin Cafe & Pizza AS
Sandvik Gard V/Blaszkiewicz
Stretch Leadership AS
Ølselva Kraftverk AS
Nyregistrering
i Vindafjord
Adriatic Travels AS
Atms
Bente T. Barane’s Herbalife
Bhc-Eiendom DA Bjarte Berge AS Bjarte Berge Invest AS Bob Worker AS Byre & Henriksen AS Dagsland Miljø AS
Din Jakt AS
G. O. Elvebakken-Invest AS
Geir Harald Skeie
Hatlelid AS
Helgevold Eiendom Holding AS
Helgevold Elektro Holding AS
Hetland Mjølk DA
Horre AS
Hundseid Bygg Og Laft
Isolager Vest Kalveland
Isvik Kafe Baardsen
Knapphus BensinstASjon AS
Kristian Voll
Magnar Larsen,Fjellstøtt
Nina Pizza AS
Nordtveit Eiendom AS
Norstec AS
Omb AS
Omb Invest AS
Osmund Stople JR
Ove Kaldheim Holding AS
Ove Kaldheim Invest AS
Polscan Spolka Z Ograniczona
Odpowiedzialnoscia
7
Siste måltid for ka fé
Både Stordalen og
Skjold neste år
Mindre enn eitt år etter
at Isvik Kafe Baardsen
starta opp i Skjold,
har eigaren bestemt
seg for å avvikle.
Arne Carsten Baardsen
meiner han ikkje lenger
har ei husleige til å
forsvare vidare drift.
To store vegprosjekt på E134
i Etne og Vindafjord kan
starte neste år. Både Skjold
og Stordalen er blinka ut
med løyvingar i 2011 i handlingsprogrammet til Statens
vegvesen.
Jon Edvardsen
[email protected]
Jon Edvardsen
Isvik Kafe Baardsen vart oppretta i februar i fjor og dørene opna
15. mars. Av dei 50 nyregisterte
selskapa i Vindafjord i 2009, er
enkeltmannsføretaket i Isvik utvilsamt blant dei som får ei kortast
levetid.
Drifta blir avvikla i mars og
kafeen har dermed hatt ei levetid
på ganske nøyaktig eitt år. Det har
vore kafé i lokala i mange år, men
Baardsen overtok i fjor då dei tidlegare eigarane bestemte seg for å
slutte. I ein overgangsperiode var
kafeen stengt.
[email protected]
Millionane rullar også ut over E134 frå
Drammen til Haugesund i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2010
til 2013. Det er ei konkretisering av
Nasjonal transportplan (NTP).
Ny E134 gjennom Skjold med to tunnelar, skal får 70 millionar kroner i
2011, 90 millionar i 2012 og 20 millionar kroner i 2013, samla 180 millionar
kroner. Haugalandspakken bidrar med
mest, med 120 millionar kroner.
Stordalstunnelen med ny tilkopling
til Skånevik får 20 millionar i 2011,
150 millionar kroner i 2012 og 80 millionar i 2013. Strekninga har gammal
reguleringsplan, og kostnaden på 250
millionar er difor litt usikker.
Finansieringa er avhengig av at både
Etne og Stortinget godtar ny forlenging
av bompengeperioden i Åkrafjorden.
Bilistane skal betale meir i bompengar
enn det staten går inn med av direkte
løyvingar.
Små marginar
— Jo, det er definitivt. Eg vil selje
bedrifta som den er, eller inventar
og eigedelar stykkevis. Drifta ber
ikkje kostnadene lenger. Husleiga
er blitt for dyr, seier kaféeigaren.
Då han overtok fekk han den
same husleiga som den tidlegare
eigaren, men frå årsskiftet meiner
han husleiga er blitt så høg at kafédrifta i Isvik ikkje kan bere det.
Marginane er små, og stille vintermånader gir raude tal i denne
årstida. Men det er vanleg å hente
inn igjen med større omsetning i
sommarhalvåret.
— Det er ikkje god butikk, eg
meiner det er mogleg å drive kafeen med rimeleg kostnader. Det har
eg ikkje lenger, og då er det ikkje
verd innsatsen.
God start
Av dei nyregisterte selskapa i fjor,
er Isvik Kafe Baardsen blant dei
som også betyr arbeidsplassar for
Vindafjord. Bedrifta har to tilsette
som deler på 1,6 årsverk, pluss at
Arne Carsten Baardsen har det
han karakteriserer som meir enn
full stilling. Ektefellen hans arbeider i Haugesund, men deltar også
i kafeen. I tillegg arbeidet eit par
skuleelevar litt på søndagar.
— Alt låg til rette med eit godt
Ølen-Ølensvåg
Arne Carsten Baardsen gir opp å drive kafé i Isvik. Blant dei nystifta føretaka i Vindafjord i 2009, har Isvik
Cafe Baardsen fått ei uvanleg kort levetid.
foto: Jon Edvardsen
team på kafeen, og skjoldabuen er
flink til å bruke kafeen. Eg føler
vi har fått god kontakt med bygdefolket. Difor er det synd at det
går slik, seier Baardsen.
Han og ektefellen har fått seg
husvære i Isvik, og trivest med
det dei hoppa på.
Solveig Pedersen frå Haugesund
er i gang med å servere torsdagens
komlemiddag, og har berre lovord
om arbeidsplassen.
— Det er den beste arbeidsplassen eg har vore på, og du skal leite
lenge etter like gode sjefar som
Baardsen. No veit eg ikkje kva eg
skal finne på, seier ho.
Søndagen stor
Kafeen har 60 sitjeplassar, og
på ein god søndag serverer dei
rundt 200 middagar. Baardsen er
i gang med å koke sausen til den
neste, tre timar for å få den rette
smaken.
— Søndagen er det heilt store for
oss. I dag er det førebels ganske
stille. Eg trur mange eldre har
husarrest på denne glatta som er.
Det er litt risikabelt, fortel han.
Det er første gongen Baardsen har
starta ei bedrift aleine. Det gjorde
han i ein alder på 68 år.
— Eg har drive med mat i 53 år, og eg
såg ingen grunn til å pensjonere meg.
Eg hadde lyst til å ha noko å gjere på,
og ville ikkje gi meg.
Kokken har tidlegare arbeidd på
hotell i Stavanger, og det private
eldretilbodet Skipper Worse, og vikariert som kokkelærar.
— Det er ideelle lokale og utstyret
vi har er på topp. Som du ser, vi trivest med å ha det reint og alt på stell,
seier han.
Men i mars skal han koke det siste
måltidet på kafeen i Isvik.
Livsstil som levebrød
Roald Kaldheim Holding AS
Roald Kaldheim Invest AS
Bedrifta er førebels på hobbybasis, men Bente T.
Barane arbeider målretta for at helse og livsstil skal
bli levebrødet.
Sagatun-1 AS
Skjold Bygdahus BA
Sæbø Pøbben
T J Service
To Humler AS
Utbjoa Armering Og Sveis AS
Vidar Øvrevik AS
Vik Per
Vikaneset Panorama AS
Vikedal Gardsmat
Westcon Technology AS
Yrkes Maskin
Ølen Mjølk DA
Åkra Stilasutleige AS
Bente T. Barane har starta sitt eige selskap i 2009 der helse og livsstil
skal bli levebrødet.
Den 41 år gamle sjukepleiaren
hoppa av sjukepleiaryrket for eit
par år sidan, og i fjor etablerte
ho Bente T. Barane’s Herbalife
saman med ektefellen Øyvind
Barane som arbeider i Nordsjøen,
men som også engasjerer seg i
temaet livsstil.
Barane arbeidde i ulike leiarstillingar i omsorgstenesta i
Vindafjord før ho ville ha ein
pause.
— Eg ville styre tida mi sjølv,
vere sjølvstendig og stå på eigne
bein. Eg er opptatt av helse og
livsstil, og har lyst til å drive med
noko eg brenn for, seier Barane.
Til no har ho hatt lokale heime
i kjellaren i Vikebygd der ho har
helseprodukt, men ho har arrangert kurs og helsetreff om temaet
livsstil.
Mot Haugesund
No tar ho steget litt vidare og
har leigd lokale i Haugesund,
der ho skal drive aktivlivsstilsenter saman med Siri Jamne frå
Skjold.
— Vi startar på deltid, og satsar
3,2 millionar i 2012.
Håfoss bru på E134 i Etne skal utbetrast for 2,2 millionar kroner i 2011.
Felles plan
— Fleire store prosjekt er på plass i
denne runden, men vi må slost for å få
vår del av sekkepostane. Vi må også
arbeide for nytt kryss i Ølensvåg og
resten av gang- og sykkelstien langs
E134 som manglar opp til avkøyringa
til Frønsdal, seier Bergsvåg.
Han har store forhåpningar til ein
felles kommunedelplan for Etne og
Vindafjord som skal ta for seg traseen
frå Knapphus til Stordalen.
— Vi får ingenting inn i Nasjonal
transportplan før traseane er avklara, og
den nye perioden startar i 2014. Eg trur
både departementet og vegvesenet ser
positivt på at lengre strekningar blir sett
i samanheng. Det er dette vi kan bidra
med lokalt i kampen om samferdslekroner, seier vindafjordordføraren.
Handlingsprogrammet har plassert
Haukelitunnelane i perioden 2014-2019
med 1,75 milliardar kroner der staten
skal bidra med 450 millionar.
Litt fleire konkursar
Litt fleire konkursar og litt færre nye føretak. Det er status
på føretaksfronten i Etne og Vindafjord i 2009.
Presangbuo DA
Pøbben Sølvi Holthe
— Eg er glad for at intensjonane i NTP
og det som er sagt før, blir følgt opp.
Den var eit taktskifte og eit løft for
samferdsla i Noreg, seier ordførar Arne
Bergsvåg i Vindafjord.
Han siktar til at NTP 2010-2019
fekk ein auke i rammene på om lag 40
prosent samanlikna med den forrige
perioden.
I handlingsprogrammet får gang- og
sykkelsti mellom Ølen og Ølensvåg til
saman 17,7 millionar kroner for 2012 og
2013. Det betyr at det manglar 7 millionar som må inn etter 2013.
Nytt kryss i Ølen sentrum ved Rv 514
mot Sandeid får 5 millionar i 2011 og
Ordførar Arne Bergsvåg har store forhåpningar til at ein felles plan for E134
i Etne og Vindafjord skal gi resultat i
neste transportplan.
fullt for å byggje det opp til noko
større. Betre helse og eit aktivt liv
er ikkje blitt mindre viktig for folk.
Livsstilssjukdommar som fedme og
diabetes er stadig aukande, seier ho.
Så langt har alt gått knirkefritt, men
ho trur det er helt andre utfordringar
for dei som skal leve av det dei starta
opp, frå dag ein. Ho har starta opp
med ein hobby som ho har eit større
mål for.
Det er også ein slankebransje gjennom å selje kostprodukt og få folk
over på ein meir aktiv livsstil. Det
handlar både om produkt, kurs og
personleg rettleiing.
Spent på nysatsing
— Eg har eit personleg engasjement
i det eg driv i. Og at personar får ei
betre helse og føler seg betre, ligg
også til sjukepleiaryrket. Det handlar om å ete rett og ta vare på helsa.
Dessutan skal vi vere ein sosial treffstad og motivere dei som vil endre
livsstil.
Bente T. Barane er spent på nysatsinga i Haugesund der utgiftene blir
større, og inntektene må samsvare.
Ho meiner det kunne vore mogleg å utvikle verksemde med base i
Vindafjord, men at det er mykje lettare i eit meir folkerikt område som
Haugesund.
Starten på det heile var at ho sjølv
tok av 10 kilo gjennom å endre livsstil, og dermed fekk meir energi og
overskot med på kjøpet.
Tala frå Brønnøysundregistrene viser ein
tendens i at det går litt tregare for føretaka i
distriktet. Det er ikkje like stor fart i nyetableringar i 2009 som året før.
Det er også litt fleire konkursar i fjor enn
året før. Det er dessutan litt fleire som er
blitt oppløyste og sletta som føretak.
Talet på nyregistrering av føretak kunne
tyde på god knoppskyting i næringslivet
med nye arbeidsplassar. Men mange er
registrering i nytt føretak for aktivitet som
har eksistert tidlegare. Dessutan er mange
selskap passive utan reelt tilsette, og reine
investeringsselskap.
Føretak
Nyregistrering
Konkursar/tvangsavvikling
Oppløyste/sletta
2009
2008
2009
2008
2009
2008
Vindafjord 50
55
8
6
39
33
Etne
29
4
1
17
9
12
Kjelde: Brønnøysundregistrene