Annonse - Vindafjord kommune

Annonse
VARSEL OM NY OPPSTART AV ARBEID MED REGULERINGSPLAN FOR ØLENSVÅG
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 kunngjer Vindafjord kommune at det vert sett i
gang nytt arbeid med reguleringsplan for Ølensvåg. Foreløpig planavgrensinga går fram av
kartet. E134 og areal regulert i planane for fotgjengarundergangar i Ølensvåg og gang- og
sykkelveg Ølen – Ølensvåg inngår ikkje i planområdet.
Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bustadar, forretning, kontor, offentleg og
privat tenesteyting m.m.
Andre aktuelle reguleringsføremål er småbåthamn i Vågen, marina i Gjerdevik,
gangvegsamband mellom fotgjengarundergangen under E134 og Bjoavegen på nordsida av
elva, friområde med badeplass m.m.
For å få ei god arealdisponering i området langs elva, kan det vera aktuelt å gjera endringar i
elveløpet nedanfor brua på Bjoavegen.
For meir informasjon, sjå kommunen sine nettsider www.vindafjord.kommune.no under
Kunngjering. Ved ev. spørsmål kan du kontakta Sissel Aarvik, tlf. 53 65 61 36 eller e-post:
[email protected]
Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast: Vindafjord kommune,
Areal og forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller til [email protected]
innan 20.02. 2016.