Kommunesamanslåing vindafjord

7
6
Om kommunereform
1. For eller mot kommunesamanslåing?
2. Dersom Vindafjord skal slå seg saman, kven bør det vere med?
Jon Olav Velde
(69), Øvre Vats:
— Eg er ambivalent sidan
kommunen nettopp har
vore gjennom ein slik prosess. Det var synd at Etne
ikkje vart med, for det trur
eg hadde gått bra.
Margunn Lygre
Strømme
(27), Isvik:
— Eg vet ikkje, har ikkje gjort
meg opp ei bestemt meining. Å
slå seg saman med Etne kunne
vere ei bra løysing.
Gaute Solheim
Heidi Byrkja
— Spørs litt kor stor kommunen blir, ein kan lett bli
slukt og gløymt, men eg er
for stordriftsfordelar. Med
Tysvær sidan det er mykje
pengar der ute.
— Eg har ikkje sterke
meiningar, men er eigentleg for. Kven det skal vere,
er vanskeleg å tenkje seg.
Tysvær er stort og Etne i eit
anna fylke.
(30), Nedre Vats:
(33), Isvik:
Jan Sverre Frønsdal
Jorunn Helgevold
— I utgangspunktet for, men Vindafjord bør få litt ro. Eg har ikkje tru på
at ein stor kommune på indre Haugalandet er svaret. Kanskje bør ein lage
eit nytt kart, og ikkje berre slå saman
kommunar slik dei er i dag.
— Eg er for kommunesamanslåing, og spørsmålet
er akkurat kven det skal
vere med. Vi bør gå mot
Haugesund, ein storkommune på Haugalandet.
(44), Ølensvåg:
(56), Sandeid:
Ser ingen hast med samanslåing
Vindafjord - Er du for
eller mot at kommunen
din skal slå seg saman
med nokon?
50%
35%
15%
For
Mot
Vindafjord er eit døme på at Sp ikkje
automatisk er mot kommunesamanslåing,
meiner Arne Bergsvåg (Sp).
Veit ikkje
Etne, ikkje Ryfylke
Nei-fleirtalet er ganske
klart, men også
blant dei som er for
kommunesamanslåing
i Vindafjord, vil mange
helst ha ro ei stund til.
Få i Vindafjord er positive til
ein storkommune på indre
Haugalandet. Då er heller
samanslåing med Etne eit
alternativ.
Både tilhengarar og motstandarar
av kommunesamanslåing har svara
på kva alternativ dei kan tenkje
seg dersom Vindafjord skal slå seg
saman med nokon. Alternativa var
Etne, dei fire i helsesamarbeidet;
Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord,
eller ein annan kombinasjon av
kommunar.
JON EDVARDSEN
Det første er konklusjonen i ei
meiningsmåling Norfakta har
gjennomført for Grannar der
50 prosent er mot kommunesamanslåing og 35 prosent er for at
Vindafjord skal slå seg saman med
ein eller fleire nærliggande kommunar. Resten har ikkje gjort seg
opp ei meining om spørsmålet.
Den andre konklusjonen om
at mange ønskjer ro, er basert på
synspunkt frå tilfeldige personar
langs aksen Isvik, Vats og Ølen.
Kan vente
I solsteiken ved Frøken Fryd i
Isvik har Jan Frøyland og Magnar
Frøyland tatt seg ein lunsj. Dei
to brørne frå Skjold er ganske så
samstemte om at kommunesamanslåing må til. Men ikkje i hui
og hast.
— Utviklinga går sin gang,
og det vil tvinge seg fram større
kommunar. Vindafjord har nettopp slått seg saman, og den må gå
seg til. Ei samanslåing treng ikkje
skje så fort, men det kjem, og eg er
for, seier Magnar Frøyland
— Det høyrest ut som vi er
einige, kommunane vil berre
bli større. Eg meiner vi soknar
utover. Aksdal er snart ein by og
sjølv om eg av og til er i Ølen, så
er det ikkje så ofte. Orienteringa
går den andre vegen, seier Jan
Frøyland.
Ser mot Haugesund
Begge reagerer på eit alternativ
der Etne og Vindafjord slår seg
saman, og meiner det er mest
naturleg å sjå vestover.
Meir informasjon vil gi ei meir positiv stemning
for éin kommune på indre Haugalandet, meiner Steinar Skartland (KrF).
Heller Etne
Ein storkommune på indre
Haugalandet med dei fire kommunane, har liten tilslutning og
får berre 14 prosent i målinga. I ein
slik kommune kan Ølen peike seg
Det har ingen hast med å slå Vindafjord saman med andre kommunar, meiner Jan Føyland (t.v.) og Magnar Frøyland. Men dei trur det vil kome, og
begge vil orientere seg mot vest.
FOTO: JON EDVARDSEN
— Eg meiner småkommunar
er for dyre å drive med kvar sin
administrasjon. Kvar den ligg,
trur eg ikkje har så mykje å seie
for bygdene. I staden for å gå
inn i noko nytt med det første,
bør ein heller få ned utgiftene i
Vindafjord. Administrasjonen må
på stell før ein går vidare til noko
nytt. Det er plenty pengar og ein
bør fjerne eigedomsskatten, seier
Magnar Frøyland.
Men hovudkonklusjon er fasttømra: Før eller seinare blir det
ein Haugaland kommune, meiner dei to.
Skepsis i Sp
At Vindafjord skal slå seg saman
med nokon, har klart færrast tilhengarar blant kvinner, 29 prosent, medan 40 prosent av mennene stiller seg positive. Dei aller
eldste i utvalet er mest mot, og nei
til samanslåing har fleirtal i alle
aldersgruppene.
mest positive med 54 prosent
Andre målingar om temaet har for å slå Vindafjord saman med
vist ein tendens
ein eller fleire
til at i kommunar
kommunar.
er
som trur dei skal
I staden for å gå detFaktisk
bli eit sentrum for
berre i KrF
inn i noko nytt
ein ny kommune,
og Sp det er eit
er positive, medan
f leirtal blant
med det første,
dei som er redde
veljarane som
bør ein heller få
for å bli slukt, er
seier nei, men
meir negativ. Den
desse to partia
ned utgiftene
same tendensen er
har godt over
i Vindafjord
forskjellen mel4 0 prosent
lom store komav dei spurmunar der mange
de som har
er positive, medan
bestemt seg
det i små kommunar er fleire som for parti i denne undersøkinga.
vender tommelen ned.
Meiningsmålinga i Vindafjord Sjå oppgåvene først
viser at veljarane til Senterpartiet Senter pa r t ipol it ik a r A r ne
er klart mot kommunesamanslå- Bergsvåg seier han ikkje har eit
ing, og 76 prosent vender tom- godt svar på kvifor veljarane til
melen ned. Også i KrF er det partiet lokalt i Vindafjord i langt
klart nei med 63 prosent, medan større grad enn andre er motstani andre enden er Høgre-veljarane dar av at kommunen skal slå seg
saman med nokon.
— Sidan det handlar om
Vindafjord, så kan det vere at veljarane synest at dei har det godt
som det er, og at kommunen er
stor nok. Ser ein på samanslåinga
mellom Ølen og Vindafjord, så
var det mange som var for det i
Senterpartiet. Kanskje ein ser for
seg ei større kommunesamanslåing og kva ein kan tape på det,
seier Sp-politikaren som var sentral drivkraft for at heimkommunen Ølen skulle slå seg saman
med Vindafjord.
— Problemet i dag er at ein veit
ikkje kva ein seier ja eller nei til,
sidan ein ikkje veit kva oppgåver
kommunane skal løyse. Med status quo, er det ikkje brått om å slå
seg saman med nokon. Får kommunane heilt andre oppgåver, må
ein truleg sjå på inndelinga, seier
han.
VINDAFJORD
For eller mot kommunesamanslåing,
fordelt på partitilknytning
(prosent)
For eller mot kommunesamanslåing,
fordelt på partitilknyting i prosent
For
Mot
Veit ikkje
Ap
47
44
9
Frp
45
40
15
Høgre
54
31
15
Krf
16
63
20
Sp
14
76
10
Andre
45
42
13
ut som eit naturleg sentrum.
I alt 53 prosent ser Etne som ein
mogleg partnar dersom Vindafjord
må slå seg saman med nokon.
Materialet tyder på at Etne også
blir sett på som det minst dårlege
alternativet sidan det er langt fleire
nei-folk enn ja-folk som peikar ut
denne varianten.
Blant dei som er positive til samanslåing, er det derimot fleire som kan
tenkje seg dei fire helsekommunane,
20 prosent. Blant ja-folket peikar 45
prosent på Etne, medan det tilsvarande er 57 prosent blant nei-folket.
Ser ikkje heilskapen
Varaordførar Steinar Skartland
(KrF) i Vindafjord er blant dei som
har sansen for ein større kommune
på indre Haugalandet som kan vere
motvekt til andre tyngdepunkt lenger vest. Det kan hindre at tilbod
og tenester blir f lytta i retning
Haugesund, meiner han.
Men han har ikkje låst seg til noko
alternativ fordi han meiner det er for
tidleg prosessen.
At berre 14 prosent i Vindafjord
vil ha ein storkommune med Sauda,
Etne, Suldal og Vindafjord, meiner
han kan endre seg når informasjonen og kunnskapen blir større.
— Heller ikkje politikarane veit
nok i dag. Vi må få meir kunnskap
om heilskapen først, det er fleire
spørsmål enn kvar rådhuset skal
liggje. Det handlar også om økonomi og næringsliv. At folk vil ha
det nære og kjende, er eit naturleg
val, meiner KrF-politikaren.
Han har ingen bastante synspunkt
i dag, men er skeptisk til at landet
skal ha få og store kommunar.
Kva vil du føretrekkje dersom
kommunen din skal slå seg saman med nokon?
Etne + Vindafjord 53%
Etne + Sauda + Suldal + Vindafjord 14%
Annan kombinasjon 23%
Veit ikkje 10%
10%
14%
53%
23%