Virksomhetens navn

Arkivref: 2013/3485 - 12505/2014
Saksh.: Ragnhild Storebø
Saksnr
Utval
Formannskapet
Møtedato
KOMMUNEDELPLA N BARNEHA GE 2015-2025 STORD KOMMUNE.
UTLEGGING PÅ HØYRING
Framlegg til vedtak:
Formannskapet vedtek å senda forslag til kommunedelplan barnehage 2015-2025 Stord kommune på
høyring, og leggja han til offentleg ettersyn.
Høyringsfristen vert sett til 6 veker frå kunngjeringsdato – jf. plan og bygningslova §§ 11-2 og 11-14.
Rådmannen, 21.08.2014
Vedlegg
Utkast til kommunedelplan barnehage 2015-2025 Stord kommune
Innleiing (Bakgrunn for saka)
I premissane for budsjett og økonomiplan 2013-2016 står det følgjande:
«Rådmannen vil i 2013 sjå på moglegheita for å utarbeida kommunedelplan for
barnehageområdet med gjennomgang av status/tilstand i kommunale barnehagar, utarbeiding av
kommunale føringar for barnehageutbygging, bemanningsfaktor, prinsipp for
barnehageutbygging og oversikt over utsikter framover med omsyn til barnehageplassar
(befolkningsprognose med særleg fokus på tal barn 0-5 år)».
Som del av budsjettvedtaket for 2014 vedtok kommunestyret følgjande:
«Kommunen har i budsjettet for 2014 lagt inn netto kr. 110,4 mill. i tilskot til private barnehagar.
I investeringsbudsjettet til utstyr er det teke med 0,5 mill. kr per år i økonomiplanperioden til
fordeling på dei kommunale barnehagane.
Endringar i sentrale barnehagetilskot skal dekkast innan barnehageområdet. Dette gjeld likevel
ikkje for eventuell endring i forskrift for likebehandling av barnehagar som no er på høyring.
Eventuell endring her vert å koma attende til i revidert budsjett.
Kommunen har per i dag ikkje eit overordna planverk for barnehagesektoren. Den førre
barnehageplanen var for perioden 2000-2003. Etter denne tid er det gjort enkeltvedtak med
godkjenning av nye barnehagar (private) og påbygging og oppgradering av kommunale
barnehagar.
Kommunestyret ber rådmannen utarbeida ein barnehageplan der framtidig barnehagestruktur i
Stord kommune skal drøftast».
Denne saka gjeld vedtak om utlegging av utkast til kommunedelplan barnehageplan 2014-2021 Stord
kommune på høyring og offentleg ettersyn.
Saksopplysningar
Rådmannen har på bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak utarbeida eit høyringsutkast til
kommunedelplan barnehage. Målsetjinga med planarbeidet er å leggja grunnlaget for, og vidareutvikla eit
barnehagetilbod og ein barnehagestruktur som gjev innbyggjarane i Stord kommune eit tenleg tilbod, og
som gjer at kommunen oppfyller plikta si i samsvar med barnehagelova sine bestemmelsar. Planprogram
vart vedteke av Komité for oppvekst og utdanning i møte 25.03.2014, sak PS 5/14.
Planarbeidet har vore organisert med kommunestyret som prosjekteigar, Komité for oppvekst og
utdanning som styringsgruppe. Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt har vore prosjektansvarleg og Kjell
Nesbø prosjektleiar. I tillegg har det vore sett ned ei breitt samansett prosjektgruppe.
Planen er bygd opp ved at han først gir ein gjennomgang av nasjonale styringssignal og rammer og
dagens barnehagetilbod i Stord kommune. Planen legg vidare opp til ein revisjon av kommunen sine
prinsipp for barnehagebygg. Kapittel 6 inneheld prognosar for barnetal og ei vurdering av behovet for
barnehageplassar/utbygging i planperioden. Planen gjev og ei vurdering av spørsmålet om vidare
utbygging i privat eller kommunal regi. Avslutningsvis er det skissert investeringsbehov i planperioden.
Vurdering
I høyringsutkastet vert planen summert opp slik i samandraget:
«Målsetjinga med planarbeidet er å leggja grunnlaget for og vidareutvikla eit barnehagetilbod og
ein barnehagestruktur som gjev innbyggjarane i Stord kommune eit tenleg tilbod og som gjer at
kommunen oppfyller plikta si til å gje eit tilbod i samsvar med barnehagelova sine bestemmelsar.
2 av 3
Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om
barnehageplass, har etter søknad innan lokal frist, rett til barnehageplass frå august same år.
I 2011 vart barnehagesektoren rammefinansiert, og kommunen fekk ansvar for at godkjente
private barnehagar vert handsama likeverdig med kommunale ved tildeling av offentleg tilskot
(barnehagelova §14 med forskrifter).
Om lag 75 % av barnehageplassane i Stord kommune er private. Fordelinga på landsbasis er om
lag 50 % privat drift og 50 % kommunal drift.
«Prinsipp for fysisk miljø inne og ute i barnehagar i Stord kommune» er oppdatert og innarbeida i
planen. Dei største endringane er at romma vert nærare omtala og at føringar i folkehelselova er
teke inn. Prinsippa skal leggjast til grunn ved bygging av nye kommunale barnehagar og ved
påbygging/ombygging av eksisterande.
Barnehagane sitt godkjente leike- og opphaldsareal regulerer kor mange barn barnehagen kan ta
inn. Planen legg opp til ein tilsvarande arealnorm som anbefalt av kunnskapsdepartementet:
Leike- og opphaldsareal inne på 4m2 for barn frå 3 år og eldre og 5,3 m 2 for barn under 3 år.
Arealet på uteområdet skal vera seks gonger det godkjente leike- og opphaldsarealet inne. Dette
inneber ei vidareføring av gjeldande arealnorm for kommunale barnehagar i Stord kommune.
Statistisk sentralbyrå si prognoseberekning viser ein auke med 134 førskulebarn i perioden 20152020. Med nye Tyse FUS barnehage as i 2015 tilseier prognosane at Stord kommune har full
barnehagedekning til og med 2017. Kapasiteten lyt såleis aukast frå 2018. Planen legg til grunn
at det vert etablert ein ny barnehage i Tjødnalio med plass til inntil 170 barn.
Større barnehagar vil venteleg medføra stordriftsfordelar og følgjeleg lågare samla utgifter til
barnehagedrift for Stord kommune. Det bør derfor vurderast at også kapasiteten i Sagvåg og
Litlabø barnehage vert overført til dei nye lokala i Tjødnalio. Planen legg følgjeleg opp til å
revidera planane om eit oppvekstsenter/kombinert skule og barnehage på Litlabø. Dette
spørsmålet må handsamast i ei eiga sak, fortrinnsvis i løpet av 2015.
Prognosen tilseier vidare at kapasiteten må aukast i 2021 og 2025. Her er mykje uvisse knytt til
prognosar, utbyggingsmønster og moglege endringar i lovverket. Korleis og kor denne
utbygginga skal skje, lyt ein difor koma attende til ved rullering av planen i neste
kommunestyreperiode.
Stord kommune har eit godt samarbeid med private utbyggjarar, som altså står for brorparten av
barnehagetilbodet i kommunen. Det vert i planperioden lagt opp til at vidare utbygging av
barnehageplassar skjer i kommunal regi. Det vil medverka til å gje kommunen større grad av
styring og kontroll. Det er vidare eit forhold at kommunen sitt økonomiske insitament for vidare
privat utbygging ikkje lenger er like stort.
Det vert elles vist til høyringsutkastet som følgjer saka som trykt vedlegg.
Økonomiske konsekvensar
Må vurderast i høve til det endelege planforslaget.
Miljømessig konsekvens
Må vurderast i høve til det endelege planforslaget.
Folkehelse
Må vurderast i høve til det endelege planforslaget.
Universell utforming
Må vurderast i høve til det endelege planforslaget.
Konklusjon
Høyringsutkast til Kommunedelplan barnehage 2015-2025 tek, etter rådmannen sitt syn, opp i seg dei
relevante problemstillingar, og vert foreslått lagt ut til offentleg ettersyn.
3 av 3