Tugendreich reportasje

XXXXXXXX
sa k a
Ein ung mann i militærstøvlar stig ut
av toget på jernbanestasjonen i Nesbyen.
Det er ein varm sommardag i 1974.
J ac o
b
frå Is Tugend
re
ra
somm el ankom ich
Oslo
er ne
å ferie
1974
fo
r
Elites e i Norge r
.
oldat
en o g
fallsk
je
h a d d r mh o p p a r
e
e
i Mid delteke i k n
t-Aus
rigen
t
e
ha n h
n, de
a
r
bror s dde mista
in.
22. ju
li
Tuge 1974 sen
ndreic
de
h
postk
or t fr eit
å Tor
i Hall
po
in
stopp gdal. Der
ar all
e
e t ter
22-å spor
ringe
n ...
KVA SKJEDDE
med Jacob Tugendreich?
Tekst: Arne Ole Lindahl
HAN HAR BERRE MED seg det aller
viktigaste. Bagasjen har han sendt vidare med toget til Bergen. For det er dit
han har tenkt seg.
Under det krøllete håret og dei lette kleda er det ein topptrent kropp.
Guten er elitesoldat frå Israel – og
fallskjerminstruktør. Krigen har
teke hardt på, og han mista dessutan broren sin i kamp. Han drog til
Norge for å avreagere.
Jacob Tugdenreich legg av garde til fots frå jernbanestasjonen,
og mot Nesbyen sentrum. Det er
ein kilometer å gå. Han hadde
«gjort» hovudstaden i fire dagar tidlegare. Der budde han
på studentheimen på Sogn.
Den 15. juli 1974 kjøper han
billett på Østbanestasjonen
i Oslo, og set seg på toget til
Bergen. Dagen etter sender
han eit postkort heim. Han
skriv: «Eg er i ein liten by
som heiter Nesbyen. Her
er fjell og fin natur. Håpar at postkontoret fungerer
tilfredsstillande. Ha det bra. Jacob».
22. juli sender han eit nytt postkort
12
12
CMYK
PÅSKEMAGASINET 2012
heim til familien. Det er poststempla
på Torpo. Han fortel om den fine naturen og moglegheitene for å gå turar.
Poststyrar Hans Sjøthun pratar
med han, og legg merke til postkortet
som han sender. For det er skrive med
teikn. Hebraisk. Guten er vennleg og
pratsam. Han helsar etter kvart farvel
og går ut av det vesle postkontoret.
Sidan har ingen sett eller høyrt noko
ifrå han. Jacob Tugendreich vart søkk
borte.
Tugendreich. Han kallar seg privatdetektiv.
– Eg trur Jacob Tugendreich er myrda. Vi du møte meg?
Han bur på Svenkerud Hotell. Det er
berre hundre meter å gå. Hjartet hoppar i halsen. Myrda? I Nesbyen? Eg møter han i resepsjonen, han er ulasteleg
kledd. Me set oss ned ved eit bord diskret borte i eit hjørne. Her fortel han at
han trur forsvinninga er meir enn eit
hendeleg uhell.
SEPTEMBER 1974: Ei etterlysing blir
sendt ut frå Oslo politikammer.
Jacob Tugendreich blir meldt sakna
av familien. Israelsk statsborgar, 1,86
cm høg, slank, brune auge, brunt hår,
22 år gammal.
Familien utlover ein dusør på 5.000
kroner for opplysningar som kan bidra
til at han blir funnen. Ein ven av familien kjem til Nesbyen for å leite. Saka
får eit mystisk slør over seg.
Telefonen ringjer på lokalkontoret
til avisa Fremtiden i Nesbyen. Eg grip
automatisk røyret mens eg les raskt
på eit manus. Det er tidleg kveld, og
snart deadline. Ei kraftig røyst i andre enden av telefonen gjer at eg kvekk
til i stolen. Det er vennen til familien
TO JENTER I NESBYEN hadde lagt
merke til den unge guten med det korte
håret og dei underlege skoa. Dei er dei
einaste. Han har ikkje budd på nokon
av hotella eller ungdomsherberget i
bygda. Ingen Tugendsreich har skreve
seg inn. Ein person fortalde at han har
sett eit telt like ved riksvegen. Budde
han der? Eller budde han privat hjå
nokon, for han hadde lett for å kome i
kontakt med folk.
Han tek bussen frå Nesbyen til Torpo
22. juli. Ein bussjåfør hugsar han. Tugendreich har ikkje bagasje med seg.
Han står og ventar på bussen for å ta
den tilbake til Nesbyen. Men han står
på feil stad. Bussen stoppar ikkje. Kva
skjedde etterpå?
PÅSKEMAGASINET 2012
13
13
CMYK
TUGENDREICH-SAKA
11. JULI 1974
1 Jacob Tugendreich
kjem til Oslo lufthavn
Fornebu kl. 23.00.
15. JULI 1974
Nesbyen: Tugendreich går av toget i Nesbyen. Planen er å bli i Nesbyen og omegn i tre veker. Han er innom turistkontoret, men sjekkar
aldri inn på nokon hotell eller campingplass. Folk tipsa seinare om eit lite
telt som i lengre tid sto oppslått ved Hallingdalselva, 150-200 meter frå
stasjonsbrua. 16. juli sender Tugendreich eit postkort frå Nesbyen.
5
22. JULI 1974
11.-15. JULI 1974
2 Tugendreich bur to netter på Sogn studentby.
Torpo: Tugendreich tek bussen frå Nesbyen til Torpo.
Der han er innom Hans Sjøthun ved Torpo underpostkontor og sender eit postkort. Israeleren ventar på bussen
for å ta den tibake til Nesbyen, men står på feil stad.
Ein Oslo-mann hevdar han seinare same dag snakka
med Tugendreich på toget mellom Finse og Haugastøl.
4
15. JULI 1974
FUNN
3 22 åringen kjøper togbilett
1975: Eit par israelske plastikkposer blir
funne ved ein bekk ved et pensjonat noen
kilometer nord for Nesbyen. Også ein
sovepose fylt med stein blir funnen i elva
ved stasjonsbrua i Nesbyen. Tydeleg
dumpa med overlegg.
til Nesbyen på Østtbanehallen.
Bagasjen blir sendt
til Bergen.
«Eg er i ein liten by som heiter Nesbyen. Her er
fjell og fin natur. Håpar at postkontoret fungerer
tilfredsstillande. Ha det bra. Jacob»
Jacob Tugendreich i postkort til familien
Politiet avviser at han er teken
av dage. Kst. lensmann Asbjørn Valla
uttaler at lause spekulasjonar er meir
eigna til å forvirre enn å avklare. Det
er ikkje grensar for kva teoriar som
kan lanserast om kva som har skjedd
i denne saka, uttaler han. Tugendreich
er ein topptrena israelsk soldat. Kven i
all verda hadde noko usnakka med han
i tjukkaste Hallingdal?
DET ER EIN SEIN ETTERMIDDAG.
Spora har ført meg til eit lite hus litt
utanfor Nesbyen sentrum. Ein person
14
14
CMYK
FERIEMAGASINET 2012
har fortalt meg at kvinna i dette huset
sannsynlegvis hadde møtt han på turistkontoret. Eg bankar på. Ho opnar
forsiktig. Ser kven eg er, og forstår kva
eg vil. Inne på kjøkkenet spør eg henne
rett ut: Har du treft Jacob Tugendreich?
Ho blir redd, eg ser at ho skjelv lett.
Mannen hennar er ikkje heime, det er
nok like greitt. Det er berre oss to.
– Nei, seier ho med skjelvande røyst.
Ho ber meg gå. Vennleg, men likevel
bestemt. Ho er redd. For kva? Ho ristar
på hovudet nærmast for å gi meg eit
teikn. Eg har sett og forstått.
Der, på kjøkkenet, stoppar alle spor
etter Jacob Tugendreich.
MAI 1975: Ei liten og vever kvinne
tek meg i handa. Mrs. S. Tugendreich.
Mor til Jacob. Ho har kome til Nesbyen
for å leite, saman med ein son og ein
nevø. Det er snart eitt år sidan Jacob
forsvann sporlaust. Men ho har ikkje
gitt opp. Ho vil finne ut kva som har
skjedd.
– Eg trur ikkje Jacob er myrda. Det
er ikkje noko motiv, seier ho.
– Han var ikkje politisk interessert
og ikkje i konflikt med nokon. Eg trur
det har skjedd ei ulykke, at han har
falle utfor ein skrent. Jacob ville nemleg gå i fjellet.
Ho blir stram i ansiktet når eg spør
om han vart sendt hit som israelsk
agent.
– Han var ingen agent, slik enkelte
vil ha det til. Det er ikkje nokon grunn
til å lage noko mystikk av denne saka.
Norsk og utanlandsk presse er på
plass. Ho forstår ikkje kvifor det er
slikt oppstyr.
– Eg er berre ei stakkars mor som leitar etter sonen min, seier ho.
Trykket er så stort at ho rett og slett
dreg frå hotellet i Nesbyen.
DEN MYSTISKE forsvinninga engasjerer bygda. Ei sentralborddame på
telefonsentralen meiner å hugse at han
forsøkte å ringe eit nummer i Norge,
men at han ikkje fekk svar. Israelske
plastposar blir funne ved ein bekk i
Nesbyen. Ein sovepose fylt med stein
blir funnen under dykkararbeid i Hallingdalselva i Nes. Ei Oslo-avis hevdar
at Tugendreich var utsendt for den israelske etterretningstenesta Mossad.
Han skulle dekke eit handballag som
var i Oslo.
Men kvifor drog han då til Nesbyen?
JUNI 1976: Ei anonym kvinne ringjer.
Ho veit om ein synsk mann i Hovet,
øvst i Hallingdal, fortel no. Kanskje
han kan hjelpe?
Eg hyrer ein kjentmann, korrespondenten vår i bygda, Ivar Reinton. Ein
ettermiddag går me gjennom skogen
og kjem til det vesle småbruket. Me
bankar på. Ingen svarar. Plutseleg dukkar ein mann fram frå eit vedskjul som
me hadde gått forbi nede i skogen. Ivar
Flatmo. Han hadde «spionert» på oss
då me kom gåande.
PÅ LEIT:
Ti månader
etter forsvinninga kom fru
S. Tugendreich
til Nesbyen på
leit etter sonen
Jacob. Med seg
hadde ho broren
og nevøen til
den sakna
22-åringen.
(FREMTIDEN
24. MAI 1975)
Han set dei stikkande augo i oss. Han
visste kvifor me hadde kome.
– Eg kan sjå han så fint, seier han
brått. Han fall utfor eit fjell.
Flatmo har tidlegare med stort hell
påvist sakna ting, dyr og ein person
som var borte.
– Han har så underlege sko. Dei er
brune. Han har mørk bukse og pent
kledd.
Flatmo tek fram ei kule som heng
i ein pendel og let den dingle over eit
kart som han legg på kjøkkenbordet.
– Der, seier han og peikar.
FERIEMAGASINET 2012
15
15
CMYK
TUGENDREICH-SAKA
FLÅM
MYRDAL
FR
ET
I
HE
AL
MD
N
AT
SV
ET
OBSERVERT
Ei dame i Aurland
påstår å ha synt
Tugenreich vegen til fjells.
Folk på ein fjellgard i Flåm
meiner at Tugendreich var
innom og spurde om vegen
til Myrdal. Dei retta seg til
lensmannen då saka vart
kjend, men vart
ikkje trudd.
GEITERYGGHYTTA
FLAKAVATN
STRANDAVATN
FINSE
LENGJEDALSVATN
SØK
HAUGASTØL
1976: Ei skisse frå synske Ivar Flatmo fører leitemannskap til området Lengjedalsvatn/Flakavatn. Søket resulterte ikkje i noko funn.
1978: Flatmo blir med avisa Fremtiden til Flakavatn for eit nytt søk.
Nok ein gong resultatlaust.
«SÅG» PLASSEN:
Han fortel og teiknar skisser på ein
papirlapp. Kjentfolk kjenner det att
som området Lengjedalsvatn/Flakavatn. Her går det ei turistslepe til Finse.
Kanskje skulle Tugendreich ta toget frå
Finse til Bergen der bagasjen ventar?
Hjelpekorpsfolk frå Finse leitte i ni
timar i dette området etter at Flatmo
hadde peika det ut. Snøen skapte problem. Men kartet som Flatmo teikna,
stemte forbausande godt.
JULI 1978: Me tek av med eit småfly
frå Holsfjorden i Hol. Me skal til Flakavatn, i det same området som hjelpekorpset hadde leita. Ivar Flatmo er med.
– Eg ser beinrestar og klede. Ved dei
store steinane i enden av juvet ligg
veska hans, seier han skråsikkert før
me klatrar ombord.
16
16
CMYK
FERIEMAGASINET 2012
Ivar Flatmo
var sikker på
kva som hadde
skjedd med Jacob
Tugendreich. Han
såg óg for seg
ulykkesplassen,
men var usikker
på kor det var.
Denne skissa
liknar på området
ved Fretheimdalsvatnet i Flåm.
Han tviheld seg i det vesle flyet som
kastar på seg i vindveret. Trygt nede på
landjorda er han svært ivrig. Når han
«ser» staden, tek han til å skjelve. Og om
han er aldri så dårleg til beins, hoppar
han nedover i juvet der han er sikker på
at Tugendreich ligg. Han sklir på snøen i
berre småskoa. Han kjende seg att.
Under ein stein finn me to utanlandske flasker og noko brent gummi.
Kripos fekk det til undersøking, men
hadde ikkje noko svar å gi.
Familien til Tugendreich aukar dusøren til 50.000 kroner. Men det er
ikkje pengar det dreier seg om. Det er
mangel på spor. Tugendreich har nærmast vore usynleg. Det er så få som har
sett han. Underleg nok.
Det blir funne eit kranium i Ål og ein
fjellsko med ein fot i ved turistslepa
mellom Finse og Krækkja. I Bodø blir
det gjort eit likfunn. Kvar gong: Er det
Tugendreich? Meir mystikk og meir
konspirasjon.
JANUAR 1988: Ivar Flatmo døyr brått
og dramatisk etter å ha vorte stukken
med kniv heime i bustaden i Hol. Han
«Eg ser beinrestar og klede.
Ved dei store steinane i enden
av juvet ligg veska hans»
Ivar Flatmo, juli 1978
JULI 1978: Syn-
ske Ivar Flatmo
frå Hol vart med
avisa Fremtiden
til Flakavatn
for å leite etter
den forsvunnede
israeleren Jacob
Tugendreich. Øvst
gjer Flatmo og
journalist Arne
O. Lindahl dei
siste kartanalysane før turen.
På biletet i midten
peiker Flatmo
ut fjellvegen
der han meinte
Tugendreich låg
på ei hylle. Men
under søket vart
det berre funne
to flasker og noko
som likna ein bit
brent gummi.
MID T I
TU
Flakavat R ISTSLEPA:
n
i bakg ru med Finse stasjo
nnen.
n
vart kjendis som følgje av Tugendreichsaka. Men det var også ei forsvinning
som engasjerte han sterkt. Heilt til sin
dødsdag hevda han at levningane etter Jacob Tugendreich ein gong ville
bli funne.
Men kven var han, den topptrente
elitesoldaten? Ein heilt vanleg gut som
ville roe seg ned etter krigsopplevingane – eller var han på spesialoppdrag?
2. MAI 2012. Eg sender ein e-post til
den israelske ambassaden i Oslo.
Eg stiller ei rekkje spørsmål. Blant
anna dette: Vart Jacob Tugendreich
funnen?
Eg fekk aldri svar.
I politiets etterlysingsregister ligg
det eit svar. Der er han framleis registrert som sakna. Forsvinninga er eit
mysterium – 38 år etter at Jacob Tugendreich gjekk av toget på Nesbyen
stasjon.
FERIEMAGASINET 2012
17
17
CMYK