Norangsdalen

Norangsdalen
Menneske – natur / Man – nature
Sunnmøre sin villaste og vakraste dal / The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Ørsta kommu ne
Norangsdalen er eit av dei trongaste dalføra det går bilveg gjennom i Norge. På det
smalaste er det berre 200–300 m
­ eter frå fjellvegg til fjellvegg. Stupbratte fjell om­
kransar dalen, som er om­tala som ­Sunnmøre sin villaste og vakraste dal. Ein tur hit byr
på rike natur- og kultur­opplevingar.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Stavbergsetra. Foto: G. Wangen
Norangsdalen is one of the most scenic passes open to traffic in Norway. At its
narrowest point, there are just 200-300 metres from one cliff face to the other. Steep
mountains surround the valley, described as the wildest and most spectacular in
­Sunnmøre. A visit here offers a wealth of nature and cultural experiences.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Landskapet
Norangsdalen strekkjer seg frå Øye i enden av Norangsfjorden i Ørsta kommune
og går over i Nibbedalen mot Tryggestad og Hellesylt i Stranda kommune. Høgste
punktet i dalen ligg på om lag 300 moh. Fjella ikring har høgder opptil om lag 1700
meter. Dei mest kjende fjella er Slogen (1564 moh.), Smørskredtinden (1631 moh.) og
Kvitegga (1693 moh.)
Dalen har vorte forma av isbrear i løpet av siste istida. I tillegg har fjell­ og snøskred gitt
dalen ei dramatisk utforming. Det går årvisst mange snøskred, og spora etter desse
kan ligge til langt ut på sommaren. Bilvegen er difor stengd store delar av vinteren.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Svidebrua. Foto: G. Wangen
The landscape
Norangsdalen stretches from Øye at the end of Norangsfjorden in the municipality
of Ørsta, through Nibbedalen towards Tryggestad and to Hellesylt in the municipality
of Stranda. The highest point in the valley is around 300 metres above sea level.
The surrounding mountains tower up to 1700 metres. The best known are Slogen
(1564 metres), Smørskredtinden (1631 metres) and Kvitegga (1693 metres).
The valley was formed by glaciers during the last Ice Age and rockfalls and avalanches
have contributed to its dramatic shape. Avalanches are very common in the winter,
and traces of them can be seen well into the summer. The road is therefore often
closed in the winter.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Seterdrift
Norangsdalen har i lang tid vore n
­ ytta til sommarbeite og seterdrift. På Stavberg­setra
og Urasetra er sela p
­ lasserte inn til store steinar i ei steinur, slik at dei skal ligge mest
mogleg i livd for snøskred og fonnvind. S
­ etrane vart bygde på midten av 1800-talet då
seterdrifta var på det mest intensive her til lands.
Frå 1920-talet gjekk seterdrifta i Norangs­dalen tilbake, og frå 1950-åra var det mest
heilt slutt. I dag beitar storfe og småfe i dalen.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Budeier på Stavbergsetra kring 1890. Foto: Axel Lindahl. Eigar: Norsk Folkemuseum
Hill farming
Norangsdalen has been used for summer grazing and hill farming for hundreds of
years. At Stavbergsetra and Urasetra, houses were built in the shelter of the rocks
and a rock wall to provide maximum protection from avalanches and the wind. The
herder’s buildings were built in the mid-1800s, when hill farming was most intensive in
this country.
After the 1920s, hill farming in Norangsdalen began to decline and by the 1950s, had
died out almost completely. Cattle, sheep and goats now graze in the valley.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Ferdsel
Norangsdalen er bindeledd mellom indre Sunnmøre og Nordfjord, og frå gamal tid
har det vore allfarveg gjennom dalen. Dagens veg vart bygd i tida 1893-1898. Ein eldre
køyre- og rideveg, frå 1846, er det framleis spor etter mange stader. Vegen har i dag
vegstatus som fylkesveg 655.
Utbetringa av vegen i 1890-åra fann stad saman med auke i turist­tilstrøyminga, og eit
ynske om å gjere reisa gjennom dalen meir behageleg for dei mange tilreisande. Berre
få år etter at vegen stod ferdig, kom Storesvora og la delar av nyevegen under vatn.
Det er denne vegen som i dag ligg på botnen av Lygnstøylvatnet.
Vegen er framleis viktig for turismen på Sunn­møre. Ei reise gjennom dalen er ein turist­
attraksjon.
Langs vegstrekninga er det fleire bruer som er bygde på slutten av 1800-talet;
Nebbedøl­brua, steinhelle­bruer ved H
­ augen og Litlevatnet, Geilskred­brua, Lysholbrua
og Skylstadbrua. I tillegg kjem Svidebrua bygd i 1830-åra.
Geilskredbrua vart restaurert i 2011 av Statens vegvesen etter å ha blitt skada av stein­
sprang. Statens vegvesen har ansvar for å ta vare på eigne kulturminne.
Svidebrua er ei steinhellebru med seks gjennomløp. Brua har vorte tatt av flaum fleire
gonger, og kvar gong har bøndene i bygda sett ho i stand. Brua er i bruk den dag i dag
som driftsveg for bøndene.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Improvement of the road in the 1890s began in line with the increase in tourism, and
the desire to make the journey through the valley more comfortable for the many
tourists. Only a few years after the road was completed, the ‘Storesvora’ landslide and
rockfall occurred, and left large parts of the new road under water. This is the road that
now lies on the bottom of Lygnstøylvatnet.
The road is very important to tourism in Sunnmøre. A trip through the valley is a real
tourist attraction.
There are several bridges long the road built in the late 1800s: Nebbedølbrua, stone
bridges at Haugen and Litlevatnet, Geilskredbrua, Lysholbrua and Skylstadbrua.
Svidebrua was also built in the 1830s.
Geilskredbrua was restored in 2011 by the Norwegian Public Roads Administration
after it was damaged by a rockfall. The Administration is responsible for their own
cultural monuments.
Svidebrua is a stone bridge with six spans. The bridge has been damaged by the river
several times, and restored by local farmers. It is still used today by farmers.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Geilskredbrua, Foto: Wiggo Kanck / Turistar på Fivelstadhaugen, Postkort, Eigar Jostein Mo / Lysholbrua, Foto: Rich. Andvord, 1892
Getting about
Norangsdalen is the link between the inner part of Sunnmøre and Nordfjord, and there
has been a road running through the valley since ancient times. The current road was
built ­between 1893-1898. An older cart track dating from 1846 can still be seen many
­places. The road is now classed as county road 655.
Turistskip i Norangsfjorden. Postkort: Eigar, Jostein Mo
Turisme
Kring år 1900 oppdaga mange Norangsdalen som turist­attraksjon. I 1898 vart kong
Oscar II frakta med hest og karjol gjennom dalen. Året etter kom keisar ­Wilhelm. Sein­
are kom dronning W
­ ilhelmina av Nederland. I 1906 køyrde kong Haakon og d
­ ronning
Maud gjennom dalen, og same året passerte kong Christian X av Danmark.
Turisttrafikken auka utover i 1930-åra. Turistskipa sette av passasjerane på Øye, og dei
vart frakta med hesteskyss gjennom Norangsdalen til Hellesylt, der dei gjekk om bord
i skipa att. Turismen gav grunnlag for hotelldrift på Øye, Fivelstad og ­Hellesylt. Også
bygder som Fyrde i Austefjorden (­Volda kommune) og Bjørke i Hjørundfjorden hadde
hotell den gongen.
Turisthotella var som oftast trehus i sveitser­stil, utsmykka med overdådig ornamen­
tikk. Fleire av desse hotella er framleis mellom dei mest skatta kulturminna våre. Hotell
Union Øye står i dag som eit praktfullt minne over starten på turismen.
Norangsdalen og fjella ikring har sidan slutten av 1800-talet vore eit populært om­
råde for fjellturisme og tindesport. Mellom klatre­pionerane var W.C. Slingsby, E.C.
­Oppenheimer og C. W. Patchell.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Hotell Union Øye. Foto:G. Wangen
Tourism
Around 1900, Norangsdalen was discovered as a tourist attraction. In 1898, king
Oscar II was transported through the valley by pony and trap. The following year,
kaiser Wilhelm visited, followed by queen Wilhelmina of Holland. In 1906, king Haakon
and queen Maud travelled through the valley, and king Christian X of Denmark did the
same in the same year.
Tourist traffic grew through the 1930s. Tourist ships dropped passengers at Øye, from
where they were taken by horse­drawn carriage through Norangsdalen to Hellesylt,
where they reboarded their ship. Tourism gave rise to hotels at Øye, Fivelstad and
Hellesylt. Villages such as Fyrde in Austefjorden (Volda municipality) and Bjørke in
Hjørundfjorden also had hotels at the time.
Tourist hotels were often built as log chalets in the Swiss style, complete with fancy
decorations. Some of them are still to be seen as much­loved cultural monuments.
Hotel Union Øye is an excellent reminder of the birth of tourism here.
Norangsdalen and its surrounding mountains have been a popular area for moun­
tain tourism and climbing. Some of the climbing pioneers were W.C. Slingsby,
E.C. Oppenheimer and C. W. Patchell.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Setra før raset. Foto: K. Knudsen
Om korleis Lygnstøylvatnet vart til
26. mai 1908 gjekk eit stort jord­ og steinras frå fjellet Keipen. Folk frå bygda fortalde
at dei kunne høyre at dette var noko langt større enn det dei hadde opplevd tidlegare.
Ikkje berre høyrde dei lyden, men etter ei tid var store delar av dalen skoddelagd av
steinrøyk. Raset er det største ein kjenner til i Hjørundfjorden.
Raset, eller Storesvora som det også vart kalla, fylte opp dalbotnen med stein. Då
bygdefolket kom innover dalen, møtte dei ei enorm steinur. Til alt hell var det ikkje folk
eller buskap i området.
Storesvora sperra elva Lygna som rann gjennom dalen. Etter kvart som dagane gjekk
tok vatnet i elva til å stige. Slik vart Lygnstøylvatnet til.
Med raset kom ein stor stein som vart ståande på høgkant, mest som ein bauta. Den
12 meter høge steinen fekk namnet «Gange­Rolv». Ungdomslaget i bygda fekk hogd
inn namn og dato for Storesvora i steinen, som står der som eit minne frå hendinga.
Steinen står på vestsida av fylkesvegen, rett nord for Lygnstøylvatnet.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Folk med hest og kjerre på veg gjennom raset , Foto: Axel Lindahl, Eigar Norsk Folkemuseum
How Lygnstøylvatnet came to be
The road through Lygnstøylvatnet was blocked on 26 May 1908 by a massive
landslide from Keipen. The villagers said they could hear this was much bigger
than anything before. The noise was tremendous, and large parts of the valley
were coated with dust. The landslide was the worst ever in Hjørundfjorden.
It became known as ‘Storesvora’, and filled up the valley floor with stone. The villagers
were met by an enormous stone wall. By sheer luck no one was hurt.
Storesvora blocked the river Lygna, which ran through the valley. As the days went by,
the river water began to rise forming Lygnstøylvatnet.
The rockfall brought one gigantic stone which was left standing upright. This 12
metre­high stone became known as “Gange­Rolv”. Youngsters carved the name
and the date of Storesvora into the stone, as a reminder of the landslide. The stone
stands on the west of the road, just north of Lygnstøylvatnet.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Dykking i Lygnstøylvatnet, Foto: Lill Haugen
Lygnstøylvatnet som kulturminne
Lygnstøylvatnet er eit særmerkt kulturminne. Å kunne sjå restane etter ei seter under
vatn er heilt unikt. Likskap finst sørover i Europa i dei italienske byane Pompeii og
Herculaneum, som vart dekte av lava og oskenedfall etter utbrotet frå vulkanen
Vesuv i år 79.
Ta vare på kulturarven! Lygnstøylvatnet er eit verdfullt kulturminne. Gamlevegen
med stabbesteinar, bruene, sela, steingardane og trea er svært sårbare. Ta omsyn til
kulturminna i området, slik at dei ikkje får unødig skade eller slitasje.
Ved dykking gjeld følgjande:
• Du som dykkar i Lygnstøylvatnet må vise stor varsemd
• Du må berre dykke på vestsida av gamlevegen i Lygnstøylvatnet
• Du må ikkje røyve trea i vatnet
• Du må ikkje flye på steinar eller trekonstruksjonar
• Du må ikkje grave i botnsedimenta, inne i sela eller andre stader
Retningslinene er utarbeidde i samråd med antikvariske myndigheiter og
grunneigarane. Bruk av undervasscooter er forbode, jf. Småbåtlova § 40.
Norangsdalen – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Seterruinar i Lygnstøylvatnet, Foto: Lill Haugen
Lygnstøylvatnet as a cultural monument
Lygnstøylvatnet is a special cultural monument. Being able to see the ruins under
the water is something unique. A parallel can be drawn from southern Europe,
where the Italian towns of Pompeii and Herculaneum were covered by lava and ash
after the eruption of Vesuvius in 79 AD.
Respect our cultural monuments!
Lygnstøylvatnet is a precious cultural monument. The old road, its kerb stones,
bridges, farms, stone walls and trees are extremely fragile. Please respect the cultur­
al monuments in the area to avoid unnecessary damage or wear.
Rules for diving:
• Divers in Lygnstøylvatnet must exercise great care.
• Diving is only permied on the western side of the old road in Lygnstøylvatnet
• Do not touch the trees in the water
• Do not move stones or timber constructions
• Do not dig in the boom sediment, in the houses or elsewhere.
These guidelines have been compiled in consultation with the antiquities authorities
and landowners. The use of underwater scooters is forbidden, according to
Section 40 of the Act on Small Boats.
Norangsdalen – The wildest and most beautiful valley of Sunnmøre
Møre og Romsdal fylkeskommune
Telefon: 71 25 80 00
E­post: [email protected]
Ørsta kommune
Telefon: 70 04 97 00
E­post: postmott [email protected]
Vi takkar for godt samarbeid!
Forsidefoto: Gunnar Wangen
Slogen
Urke
1564
655
Smørskred1631
tindane
Øye
Lygnstøylvatnet
1220
Keipen
1517
Stavbergvatnet
Staven
Uravatnet
Djupvatnet
Geilskredvatnet
41
1691
655
60
Kvitegga
Hellesylt
Informasjonsskilt / Information
60
miljømerket trykksak 241 690
Statens vegvesen, Region midt
Telefon: (+47 915) 02030
E­post: firmapost­[email protected]
EKH.no
Samarbeidspartnarar i dette prosjektet er
• Statens vegvesen Region midt
• Ørsta kommune
• Møre og Romsdal fylkeskommune
• Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum
• Volda Dykkerklubb
• Norangdal Elveeigarlag
• Norangdal Grunneigarlag