God jul - Kyrkja i Gloppen

nr.7 Kyrkjeblad for Gloppen desember 2014 Årgang 44
God jul
Julenummer 2014
Andakt
Versågod!
Redaksjonen presenterer med dette det
største bladet vi har laga hittil. Variasjon,
gamle historier, dagsaktuelle hendingar,
god tidtrøyte og ein smak av jul er det
vi serverer her. Vi har prøvd å gjere det
variert og underhaldande. Kvar i Bibelen
er instruksjonane for julefeiring? Les side
57. Kvifor kunne ho ikkje vere heime
på sin eigen konfirmasjonsdag? Les kva
Magnhild Aa fortel side 20–22. Korleis
likte Anders Rinde konserten med Iver
Kleive? Det står på side 50. Vil du ha oppskrift på norsk eller utanlandsk julemat,
finn du begge deler, og vil du løyse lette
eller vanskelege oppgåver eller løyse eit
lokalprega kryssord, har du fleire timar
juleknask for handa.
av Sokneprest Vidar Bjotveit
Innhald
7
nr.
Pengane
Om det blir dyrt, kanskje? Eit større blad
kostar meir å designe og trykke. Men
skriving og fotografering er gratis, og omberinga i Gloppen er ekte dugnad. Vi trur
fleire betaler meir når bladet blir større
og betre. Vi har råd til dette nummeret og
til det første neste år. Viss vi trur det blir
knapt å greie nummer 2 i 2015, sender vi
ut blankettar i nummer 1, så tenkjer eg
ting ordnar seg.
GOD JUL
Redaksjonen ønskjer alle ei fredfull,
velsigna høgtidsfeiring, ei roleg og restaurerande romjul med gode fellesskaps- og
kulturopplevingar, og eit godt nytt år!
Tema 2015
Redaksjonen har sett opp tema for 7
nummer i 2015. I rekkefølgje frå nummer
1 er temaformuleringane ”Jubileumsboka.
Vereide kyrkje”, ”Han stod opp!”, ”Salmar
og salmesong”, ”120 år med søndagsskule”, ”Vereide prestegard”, ”Misjonsprosjekta i Gloppen”, ”Jul”.
Neste nummer kjem ikkje før i slutten av
februar. Frist for innsending av stoff er
30. januar. Kanskje du driv eit arbeid og
har noko å annonsere, eller vil fortelje om
noko laget ditt var med på? Redaksjonen
har møte om dette bladet 14. januar, så
det er lurt å ta kontakt med ein av oss før
det, slik at ditt ærend blir med til møtet.
Framsida
Lyslo foto har levert framsidebildet denne
gongen. Det er meininga at du skal kome
i stemninga ”Heimsleg jul”.
2
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Greidde alle å halde augene opne på
Lys Vaken samling i Vereide og Hyen?
Sjå side 42.
Kva har Weidemann å seie for
Jon Bjørn si julestemning?
Sjå side 10.
FOR TANKE OG TRU
3 Epleandakt ved sokneprest Vidar Bjotveit
5 Leiarartikkel om gåver av Marièl Eikeset Koren
6 Pynt til jul med Venke Kollbotn
8 Gamle julekort ved Aud Bergheim
10 Jon Bjørn Fløtre ser på kunst
26 Organist Kobberstad i Volda ved Harald Aske
MØTE MED MENNESKE
12 Magne Kristiansen tenkjer høgt om livet og Gud. Ved Oddvar Almenning
16 Rasmus og Elisabet med 190 års fartstid i livet, ved Asbjørn Gjengedal
20 Magnhild Aa om konfirmasjonen og meir til. Ved Aslaug Heimset Larsen
24 Kurdarar blir glopparar ved Gunn Hole
38 Frå Sri Lanka til Sandane ved Gunn Hole
DETTE VAR VI MED PÅ
23 Konfirmantjubileum i Hyen ved Aslaug Heimset Larsen
42 Lys vaken i Vereide og Hyen av Harald Aske og Venke Kolbotn
44 Haustmøte på Nordfjord folkehøgskule ved Oddvar Almenning
48 Babette heldt gjestebod i Sandane kyrkje ved Venke Kollbotn
49 Kyrkjedag for Nordfjord ved Tore Myklebust
50 Konsert med Kleive og Reiersrud ved Anders Rinde
51 Gitarkvartett i Sandane kyrkje ved Oddvar Almenning
52 Juletonar i Gimmestadkyrkja ved Oddvar Almenning
BARNESIDER FOR ALLE
28 Juleevangelium for vår tid ved Sigurd Vengen og Oddvar Almenning
30 Julenøtter for barn
42 Lys vaken i mange kyrkjer ved Harald Aske
MEST FOR MORO
34 Julesøndagsskule-kryssord
36 Julenøtter for alle
40 Julemat med Bodil Fjellestad ved Harald Aske
53 Dar kjem dampen ved Arne Eikenes
54 Susli-gubbane av Knut Gjengedal
Eple
H
ar du kjent lukta av norske eple i haust? Det
har eg. Ein eigen aroma spreier seg i rommet
når dei norske epla vert sette fram. Om det
var dei fyrste Prinsane, Gravenstein eller den
gode sorten Aroma. Sjølvsagt er ikkje berre lukta
annleis, smaken er og suverent betre. Eg vert
glad når eg held i eit norsk eple, og gleda
forfylgjer meg heile vegen til magen.
Og i jula vil eg helst ha eit godt
Aroma-eple.
”Adams eple” er ein dansk film.
Det er ein komedie med svarte
trådar. Nokon vil gjerne seie
det er ein trist film med nokre
lyse trådar. Alt etter korleis ein
ser det. Den handlar om ein prest
med namnet Ivan som også tar
imot tidlegare straffedømte for at dei
lettare skal kunne kome tilbake til samfunnet. Når dei kjem har dei ein samtale og
blir einige om ei oppgåve dei skal gjennomføre.
Den siste som kjem er Adam, ein valdsdømt mann. Han
har ikkje tru på opplegget og går inn for å sabotere alt.
Og høgst motvillig vert han med på si oppgåve. Han skal
bake ei eplekake. Presten Ivan har eit epletre med mange
fine gode eple på. Men gjennom historia vert epla øydelagde av fugl, makk og lyn! Til slutt er det berre eitt eple
igjen, eit lite eit fullt av makk, som han klarer å bake ei
lita kake av. Denne gjev Adam til Ivan som har hamna på
sjukehus. Det vert stilt spørsmål i filmen: kva er det gode
og vonde i menneska?
Den aller fyrste Adam åt av kunnskapens tre, mot Guds
vilje. Slik kom synda inn i verda, og vi menneske kom
på avstand frå vår Gud. Men etter Guds vilje er det
bygd ei himmelsk bru. Og det er det vi feirar i jula. Den
andre Adam, Jesus, Guds son, kom til vår jord.
Døden fekk herredøme fordi eit einaste
menneske fall. Kor mykje meir skal
ikkje då dei få liv og herredøme
ved den eine, Jesus Kristus, dei
som tek imot Guds store nåde og
rettferdsgåve. Rom 5,17
Jula handlar om denne gåva.
Innimellom alle gåvene finst
det ei stor Gåve. Sårbar og
menneskeleg kom Jesus til oss.
Den fyrste Adam gav menneske
fråfall frå Gud, medan den andre
Adam gjev oss menneske nåde og
rettferdsgåve.
Vi treng lukta av jul. For meg gjev Aroma-eplet lukt og
smak av jula. Men det finst noko meir. Det er ei lukt
av ei gåve. Guds prosjekt var å redde oss, og difor kom
Jesus. Det er for underfullt til å skjøne, det er så høgt at
eg ikkje kan fatte det. Men slik er det vel med gåver. Vi
kan ikkje alltid forstå at nokon vil så vel i mot oss, men
vi kan seie takk og amen.
Med ynskje om ei velsigna god jul!
Innimellom alle gåvene finst det ei stor Gåve.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
3
Frå redaksjonen
Jul
Salmeboka minutt for minutt
Frå og med kl. 11.45 fredag 28. november til og med søndag 30. november rundt
midnatt vart alle salmane i salmeboka
sungne i ei direktesendt TV-sending på
NRK2. Rundt 200 kor og meir enn 3000
korsongarar deltok. Vår Frue kirke i
Trondheim var hovudbase, men det vart
også sunge frå Tromsø, Kåfjord, Fløyen,
Maihaugen, Halden, Finnsnes, Utstein
kloster, Fredrikstad, Karasjok, Lofthus,
Oslo og USA. Salmeboka minutt for
minutt var eit samarbeidsprosjekt mellom
NRK, korrørsla i Norge og Kirkerådet.
Kort sagt sytte Korforbundet for at kora
stilte opp og song salmane, NRK laga tv av
det, og Vår Frue kirkes menighet i Trondheim stilte kyrkja til disposisjon.
I 2013 kom det ny salmebok, med
899 salmar. Salmeboka har ei langt større
sjangerbreidde enn tidlegare. Dei tradisjonelle salmane står side om side med gospel,
spirituals, moderne lovsong, viser, afrikanske, latin-amerikanske og asiatiske salmar.
Det er salmar på alle dei tre samiske
språka, på kvensk, svensk, engelsk og andre
framandspråk.
Ideen hadde Helge Gudmundsen i NRK.
Han har hatt ansvaret for m.a. morgonandakten i 28 år, og han har også programmet «Salmer til alle tider» - som går kvar
søndagskveld i radio. Han vedgår at det
var ein sprø tanke, men han la han fram
for sjefen sin. Sjefen tende på ideen, og
dermed var det heile i gang. Det har vore
eit stort apparat i sving for å få alt til å gli.
HØYRING OM KYRKJE/STAT
K
ulturdepartementet har sendt ut
høyringsnotatet ”Staten og Den norske
kirke – et tydelig skille”. Alle sokna og
fellesrådet i Gloppen har sendt inn nokså like
høyringssvar. På førehand låg det føre eit felles
utkast som alle har brukt, og etter kvart har det
i nokre råd kome med nokre fleire utdjupingar.
Råda i Gloppen har sagt seg nøgde med at
departementet følgjer opp kyrkjemøtevedtaket
om eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, og
at ein følgjer den tempoplanen som er lagt.
Råda gler seg også over at statsråden understrekar at folkekyrkja ikkje skal svekkast ved
eit slikt tydeleg skilje, men at det er den same
kyrkja som skal vidareførast og at ho kan vere
ei folkekyrkje for alle. Då er det viktig at Den
norske kyrkja kan få så gode rammevilkår at
kyrkja kan få den rekrutteringa som trengst for
at ho kan vere ei kyrkje som kan nå ut til alle
både i by og bygd.
Råda seier seg samde i at Den norske kyrkja
vert eit eige nasjonalt rettssubjekt med sjølvstendig rettsleg handleevne, men understrekar
at dei ikkje vil ha ei topptung kyrkje.
Råda er klare på at dei ønskjer ein arbeidsgjevar for alle tilsette (no er det staten, ved
bispedømeråda, for prestane og ein del andre,
og fellesråda for lokalt tilsette. Etter det som
er lagt opp til i høyringa, blir arbeidsgjevaransvaret også for prestane overført til kyrkja,
men korleis det blir vidare er ikkje avklara).
Nokre av råda har understreka at ein ynskjer
felles arbeidsgjevaransvar så lokalt som det er
praktisk mogleg, og i alle fall ikkje så sentralt
som bispedømerådet. Ein konsekvens av det er
at det blir feil å lovfeste bispedømerådet.
Råda uttrykker sterk støtte til at det vert
teke inn i Kyrkjelova §2 ”Hvert sokn skal være
betjent av prest...” Då får ein slått fast at Den
norske kyrkja skal vere ei landsdekkande kyrkje
med presteteneste over heile landet,- også i
grisgrendte strok! Det bør understrekast at det
skal kunne haldast gudstenester i kvart sokn,
kyrkjemedlemer skal ha tilgang til kyrkjelege
handlingar, sjelesorg og trusopplæring. Råda har
òg slutta seg til at prestane framleis skal ha eit
sjølvstendig ansvar og mynde i utføringa av sitt
virke, som i dag.
Når det gjeld finansiering av Den norske
kyrkja i framtida, er råda nøgde med at det
framleis blir ei ansvarsdeling mellom stat (1/3)
og kommune (2/3) av utgiftene til Den norske
kyrkja. Utfordringa vert å få kommunane til
framleis å sjå sitt ansvar for den lokale kyrkja ut
frå §15 i Kyrkjelova. Øyremerking eller tydelegare føringar for kva som bør gå til den lokale
kyrkja ved statlege overføringar til kommunen
er nødvendig.
Høyringsnotatet viser at det er mange justeringar og endringar som trengst ved ei verksemdoverdraging frå stat til ei sjølvstendig kyrkje.
Råda understrekar at det er viktig at arbeidstakarane kjenner seg ivaretekne i denne prosessen,
og at dei ikkje må kome dårlegare ut med kyrkja
som arbeidsgjevar. Dette har mykje å seie for
rekrutteringa til kyrkjelege stillingar.
Respons: Opplegget har fått svært god
omtale av veldig mange. Folk har snakka
om det dei har høyrt når dei har møttest,
og mange har sendt inn positive reaksjonar
til NRK. Vi kan slå fast at dette vanvittige
prosjektet har vore vellukka og til inspirasjon og glede for mange. Ikkje minst
gledeleg har det vore å sjå så mange unge
koristar og dirigentar ta eit tak og vere med
på dette. Der ligg håp i det!
Kyrkjeblad for Gloppen
www.gloppen.kyrkja.no
Utgjeve av sokneråda i Vereide, Breim,
Gimmestad og Hyen. Kjem ut minst 7
gongar i året på Sandane. Betaling etter
ønske.Bankkonto: 3705 04 71307
Grafisk design: Snøggbakken
Trykk: Druka, Klaipeda
4
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Kasserar:
Venke Kollbotn, Breim sokn
Tlf. 97 77 73 83
Epost: [email protected]
Distribusjonsansvarleg:
Harald Aske
Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915
Redaktør: Oddvar Almenning
Tlf. 57 86 94 24 / 400 04 377
Epost: [email protected]
av Mariél Eikeseth Koren
”For dei gåver som du gjev”
I
år kjem nordmenn til å bruke sju prosent meir på
julegåver, mat og pynt til jul enn vi gjorde i fjor. Det vil
seie at i overkant av fem millionar menneske kjem til å
bruke 46,3 milliardar kroner. For mange kling nok desse pengane i kassa og utsikta til stadig større gåver under treet søtare
enn sjølve julebodskapen. Men har det ikkje også ein bittersøt
etterklang? For kva er det som gjer at vi kjenner slik trong til å
overgå oss sjølve og vår neste med
stadig opnare lommebok kvart
einaste år? Kva er det vi vil vise,
og kven er det vi vil vise det til? For litt over ein månad sidan
gjekk TV-aksjonen 2014 av stabelen. Her var det også mange som
opna lommeboka så det verkeleg
monna. Det vart sett ny gjevarrekord i år som så mange år før,
med 47 kroner per innbyggar. Ei
kort stund vart ein kanskje leidd
til å tru at det er stadig aukande
gjevarglede som gjer at vi brukar
meir og meir også på julehandelen for kvart år. Men veka
etter TV-aksjonen synte det seg at dette nok diverre ikkje var
tilfellet. For veka etterpå var det Halloween. Og media kunne
fortelje at kvar nordmann i snitt brukte meir på Halloweenutstyr og -pynt enn det dei gav til TV-aksjonen. Eigen trong
til fest og moro for ein kveld trumfa andre sin trong for reint
vatn. Om du ikkje lèt deg skremme av born i skumle kostymar
og faren for å få husveggen tilgrisa av egg, tykkjer eg dette bør
skremme deg.
For tre år sidan vart Gloppen råka av orkanen Dagmar. Eg og
familien min stod i stoveglaset og såg på korleis krins etter
krins miste straumen, før det til slutt vart heilt mørkt i stova
hjå oss også. Det fanst vel knapt noko dårlegare tidspunkt for
Redaksjonsnemnd:
Tore Myklebust, tlf. 456 01 260
[email protected]
Vidar Bjotveit, tlf. 958 80 030
[email protected]
Anders Rinde, administrasjonen
Tlf. 57 86 93 06 / 997 20 238
[email protected]
Harald Aske, Vereide sokn
Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915
Epost: [email protected]
Aslaug Heimset Larsen, Hyen sokn
Tlf. 57 86 98 67 / 995 24 502
Epost: [email protected]
Aase Ryssdal Sæther, Gimmestad sokn
Tlf. 57 86 50 51 / 911 07 329
Epost: [email protected]
Rønnaug Ryssdal, korrekturlesar
tlf. 950 72 392
E-post [email protected]
Leiar
å verte råka av ein orkan – om det finst noko godt tidspunkt
for det. Vi måtte ete ustanseleg for å redde maten frå kjøleskapet, huset var fullt av born og vaksne som gjerne kunne
tenkje seg ein dusj etter kvart, og vi var midt i legginga av det
tradisjonsrike julepuslespelet. At straumen i tillegg gjekk midt
under den juleepisoden av Downton Abbey der Matthew frir
til Mary gjorde tristessa til eit faktum. Etter kvart synte dette
seg å verte den beste jula eg har
hatt. I staden for å sitje på kvar
vår skjerm var det ikkje noko
anna vi kunne gjere enn å fyre i
omnen, tenne stearinlys og lese
ei bok. Eller prate saman. Så kvifor er det vi brukar stadig
større verdiar til jul, når det ikkje er dette som skaper verdiar?
Dei gledene vi opplever når vi
ser kvarandre og får lov til å
tilbringe tid saman vert ikkje til
gleder på grunn av kor mykje
pengar vi har brukt. Å setje pris
på det mellommenneskelege er
ikkje det same som å setje ein
pris på det. Kor mykje eg er verdt for deg let seg ikkje skildre
i kor mange iPadar, iPhonar, pelsar, klokker eller kilo mat du
gjev meg. Grekarane hadde ein gravskikk der dei døde vart gravlagde
med ein mynt på kvart augelok for å betale ferjemannen for
transporten til dødsriket over elva Styx. Vi trur at Jesus vart
fødd julekvelden for å opne vegen til himmelen for alle. Det
er ikkje lenger trong for å betale seg fram til endestasjonen. Så
la oss heller bruke juletida til å følgje og feire den vegen Jesus
syner oss, der nestekjærleiken og hjartevarmen får styre, heller
enn å vandre kring som levande daude der vi ikkje ser noko
for myntane som ligg på augneloka våre.
Så kvifor er det vi brukar stadig større verdiar til jul,
når det ikkje er dette som skaper verdiar?
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
5
Juletradisjonar
Opa kyrkje
våren 2015
28. januar, 25. februar, 25. mars,
29. april og 27. mai i Sandane
kyrkje.
Kl. 20.00
Kyrkja er opa for stille og bøn
Kl. 20.40
Orgelmusikk, song og kveldsbøn
Også i vårsemesteret ønskjer vi velkomen til Sandane kyrkje den siste
onsdagskvelden i månaden. Kyrkja
er opa for meditasjon, refleksjon,
stille og bøn. Ein kan ”berre vere”
der ein sit, lytte til musikk, lese i sin
eigen bibel eller låne ei salmebok.
Det er høve til å gå til ulike stasjonar i kyrkjerommet for å tenne bønelys, skrive bønelappar eller legge
frå seg ein stein som eit symbol på
noko tungt ein ber på. Det er og
høve til å be om personleg forbøn.
Vi samlar oss til ei felles avslutning
med orgelmusikk, song og kveldsbøn. Ein kan vere der heile timen,
eller så lenge ein sjølv ønskjer.
”Ver still for HERREN
og vent på han!”
Sal 37,7
Helsing ansvarsgruppa: Kari
Eikenæs Vengen, Bente Kårstad,
Anders Rinde og Britt Randi
Heggheim.
6
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Venke pyntar til jul
På Kollbotn er det som regel ikkje så mykje som minner
om jul før veslejulafta, men den dagen skal det pyntast
til jul både inne og ute. Tradisjonen er også å hogge
juletreet på veslejulafta. Det skal stå natta over for å
pyntast på sjølvaste julafta.
Av Venke Kolbotn
S
jølvsagt er det andre juleførebuingane som må gjerast
unna tidlegare både med
mat, baking, vasking og skriving
av julehelsingar, men pyntinga kan
vente til dagen før høgtida tek til.
Få ting kan gje ei slik god kjensle
som eit hus pynta til høgtid og
lukta av grønsåpe overalt på veslejulafta om kvelden.
Etter at eg tok over garden etter
foreldra mine og flytta tilbake hit
for godt eitt år sidan, så er juleførebuingane og julefeiringa som
eg vaks opp med blant tradisjonane som er
både viktige og ikkje minst veldig kjekt å
prøve å ta vare på. Eg er blant dei heldige her
i verda som hugsar jula som lyse og glade
dagar frå då eg var liten noko som ikkje er
alle forunt, dessverre. Mykje av julepynten
har vore i huset så lenge eg kan minnast.
Til adventstida som startar 1. søndag i
advent finn eg fram stjerna, Den sjuarma
lysestaken og Maria med Jesusbarnet.
Stjerna minner oss om Betleheimsstjerna
som kan vise oss veg gjennom mørkret. Den
sjuarma lysestaken er frå jødisk tru og vart
brukt i tempelet.
Med akkompagnement av
englespelet vert juleevangeliet
lese frå Lukas kap. 2. Då er
julehøgtida byrja.
Advent betyr Herren kjem. Medan vi ventar på jula, er det tradisjon å tenne eit lys på
kvar av dei 4 søndagane i adventstida.
Medan eg var misjonær på Madagaskar
fekk eg i gåve ei julekrubbe med figurar
utskorne i tre. Her er alle dei sentrale personane samla som vi kan lese om i Bibelen frå
forteljinga omkring Jesu fødsel ; Jesusbarnet,
Maria og Josef, engelen som kom med bodskapen om at ein frelsar for folket var fødd,
gjetarane som mottok denne bodskapen, og
dei tre vise menn som kom med gåver til det
nyfødde barnet.
Når ungane var små, pleide eg å bruke
desse figurane som ein del av adventskalendaren. Stas var det for den av ungane som
var heldig å finne Jesus på julafta.
Etter å ha ete ribba på julafta, har det vore
tradisjon å ta fram Bibelen for å lese juleevangeliet medan alle er samla rundt bordet.
Vi har også alltid hatt eit englespel ståande
på bordet i jula. Med akkompagnement av
englespelet vert juleevangeliet lese frå Lukas
kap. 2. Då er julehøgtida byrja.
Nissepynt har vi ikkje så mykje av i huset,
men denne heimelaga juletrefoten med 3
nissar er nok ganske gammal og den vert
framleis brukt. Nissen er vi glade i, så vi har
så og seie hatt besøk av nissen kvar jul
på Kollbotn også om det berre har vore
«store ungar» til stades. Mykje moro
har det blitt ut av det opp gjennom åra
når gåvene skal delast ut.
Juletreet vert pynta med kuler, bjeller,
fletta hjarteforma kurver og norske
flagg. Kulene er gjerne eit symbol på
jordkloden, bjellene symboliserar
kyrkjeklokene og hjarta kjærleik. Dei
norske flagga burde ein vel med rette
supplere med litt utanlandske flagg
etterkvart. Julelenkene som vi pleide
å lage då vi var små, kan symbolisere
inkludering og fellesskap.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
7
Frå soknerådet si postkasse
Aase R Sæther
soknerådsleiar i Gimmestad
Ny rekord?
Fire sendingar på ein dag – det trur
vi knapt at vi har fått før, skal vi kalle
det ein rekord? Vi får ein møbelkatalog, eit venleg spørsmål frå Statistisk
Sentralbyrå om vi har talt det dei vil
vi skal telje, og ei innstendig bøn frå
ein hjelpeorganisasjon som gjerne vil
ha offerpengane våre ein søndag i det
komande året.
Den siste konvolutten er frå eit firma
som sel såkalla profilmateriell – det
vil seie pennar, nøkkelringar og
andre meir eller mindre praktiske
gjenstandar som ein kan få namnet
sitt på i reklame-samanheng. Vi får
eit par slike sendingar i året, og oftast
er det ein penn som følgjer med.
(Rett som det er går det an å skrive
med han og.)
Flukta til
Egypt
Josef og Maria var flyktningar straks julenatta
var over. Dei for til Egypt
med det nyfødde barnet
og berga han frå Herodes
sine herjingar i Betlehem.
Det er natt-flukt, for det
er ein nymåne som viser
vegen.
Men dagens gjenstand var ingen
penn – derimot ei ørlita lommelykt,
utforma slik at ho enkelt kan festast
på same ringen som bilnøkkelen,
og dermed har vi fått ei praktisk
lyskjelde når vi skal famle oss fram
til den parkerte bilen vår i mørke
vinterkveldar. Lurt!
Kanskje skal vi be firmaet om eit
tilbod på 2-300 eksemplar av denne
lykta, som vi kan sende ut til kvar
husstand i soknet vårt som ei lita
gåve? Det ville vere eit fint symbol,
fordi det står i Bibelen at Guds ord
skal vere ei lykt for foten vår. Med
ei slik lykt festa på livsnøkkelen vår
kunne vi ta oss trygt fram gardimellom, sjølv utan gatelys, og vi kunne
finne vegen både til kyrkja og til
grannane våre.
Vi konstaterer at prøve-eksemplaret i
konvolutten har fått teksten «Gimmestad Menighet», men ho lyser
godt likevel, uansett målform – akkurat som Gudsordet.
Så nyttar vi høvet til å ynskje alle våre
trufaste lesarar ei riktig god jul, og
vel møtt i det nye året!
8
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Gamle julekort
av Aud Bergheim, Byrkjelo
S
å lenge som eg kan hugse har
eg vore fasinert av julekort.
Då eg var lita jente vart eg
aldri lei av å studere korta, og dei
som eg lika aller best, dei samla eg
i ei tom, godluktande konfektøskje. Eg hadde også nokre gamle
kort som mor mi hadde teke vare
på, frå sin ungdom.
Å kjøpe julekort vart snart min
jobb heime, og dei vart utvalde
med stor omhug! Far min skreiv
på dei, heilt til eg greidde det, på
vegner av familien. Dei finaste
korta med glans eller gull var dyre,
så det var gjerne berre eit utval av
mine søskenbarn som kunne få av
dei… Eg lika også godt å teikne,
så det var eit alternativ. Problemet
var stiv og tynn papp, då måtte
ein saumfare huset etter slikt. Å
klyppe opp øskjer og å få det beint var ikkje
alltid så lett, så eg vart sjeldan fornøgd med
dei korta.
Ordlyden på kortet var også viktig, for om
ein skreiv meir enn God Jul og Godt Nyttår
(eller Gledeleg Jul og Velsigna Nyår, som eg
tykte høyrdest mykje finare ut), då var portotaksten høgare! Difor var det heller sjeldan at
det vart skrive noko meir på korta.
Ei historie om julekorta våre kan eg ta
med. Då var eg blitt «stor», sikkert 12-13 år,
eg hadde fått pengar, kjøpt kort og skrive på
dei. Vi hadde stor familie, så det var mange
kort som skulle sendast frå oss. Frimerka
var komne på, og eg skulle levere korta
på postkontoret. På veg til posten hadde
eg så mange slags ærend, mellom anna
eit besøk hjå ei veninne. Brått var bunken
med julekort vekke, eg leita og leita, men
måtte til sist gå heim utan å ha funne dei att.
Dette var heilt grusomt, og eg utsette å
fortelje det heime. Jula kom, og eg hadde det
ikkje godt. Men så fekk far min (til all lukke)
telefon julafta frå ei søster, ho sakna kortet,
som pla koma i god tid...? Eg fortalde alt, og i
samråd med min snille far vart det bestemt å
kjøpe nyttårskort og sende i romjula. Det var
slike kort folk sende når dei ikkje rakk i land
med juleynskja... så fortredeleg, men for meg
var jula redda! Med til historia høyrer at julekorta kom for ein dag i vårreingjeringa, bak
sofaen, hjå veninna mi! Og kunne brukast
neste jul, for årstal stod det ikkje på!
Kortet med jenta i snøvêret fekk bror
min og eg i posten i 1952, då var eg 4 år. Det
kortet var eg så glad i, mest fordi det var så
nydeleg med den snøen. (Ved Sognefjorden
var oftast dårleg med snø.) Så hadde jenta
slike fine klede, som ein berre kunne drøyme
om... og julefuglane (som eg kalla dei) var så
trinne og utruleg fine. Det fekk heller våge
seg at dompapen tok epleknuppane i staden
for juleneket, som var etla til dei!
Frå mor mi hadde eg arva kortet med
jenta og snøballen, ho hadde fått det sist i 30åra då ho var frisørdame i Bergen og nyforlova med far min. Gratulerer med forlovelsen!
står det bak på kortet i tillegg til juleynskje.
Eg elska det kortet, såg vel føre meg at det
var eg som var ute i det spennande mørkret,
med masse snø og kyrkja så fin, med lys i
og julesnø på taket. Ho som teikna kortet,
Eldbjørg Øien, laga mange julekort på den
tida. Eit enkelt og fint kort.
Kortet med engel og gull hadde nok vorte
mitt favorittkort i barndomen, om eg hadde
fått hand om det alt då! Dette er frå ei tante
til mannen min, som hadde gøymt på det sidan 30-talet. Eit tysk produsert kort, dei med
gull frå den tida var helst utanlandske. Ein
nydeleg engel, det lysande juletreet og leiker
som ein kunne ynskje seg. Mange detaljar
å sjå på, nei betre kan det vel neppe bli, ein
god vinnar i julekortsamlinga mi!
Med desse korta ynskjer eg lesarane av det
fine kyrkjebladet vårt ei Gledeleg Jul og eit
Velsigna Nyår!
Julekorta kom for ein dag i vårreingjeringa,
bak sofaen.
Dette er eit tema for
mange kunstnarar. Bildet
ovanfor er eit relieff i
støypejern, 22 cm breitt
og 30 cm høgt. Det er
kanskje ei plate frå ein
omn? På baksida står det
”Nyborg jern Denmark”.
Ikkje noko årstal eller
namn på kunstnar. På
baksida er det ikkje mykje
som tyder på at plata
er laga for å passe inn i
andre delar i ein omn.
Derimot er det tillaga for
oppheng på vegg. Kan
det vere eit ”frittståande”
relieff, som eit bilde eller
ein dekorasjon til å pynte
til jul med?
Vi har høyrt at det finst
omnar med bibelske
motiv på platene. Er det
nokon i Gloppen som har
ein slik omn, eller som
veit noko meir om denne
plata?
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
9
Jon Bjørn Fløtre om jul og kunst
Julekunst gjev minne
om stjernehimmel, fjøslukt og julesongar
Weidemann er eitt av dei namna som Jon Bjørn Fløtre tenkjer på
når han skal tenkje høgt omkring jul og kunst, slik Kyrkjebladet bad
han om. Det handlar om naturopplevingar, barneminne, fargeklang,
julesongar og kjensle av tryggleik.
Av Oddvar Almenning
V
Jon Bjørn Fløtre tenkjer høgt om juleminne frå barndomen som kjem att når han møter bilde av t.d. Jakob Weidemann.
10
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
i var to søsken då vi var så små at
vi ikkje ville vere att inne når mor
og far gjekk i fjøsen. Eg hugsar vi
gjekk over tunet under ein mørkeblå himmel med tusenvis av stjerner. Inne i
fjøsen var det varmt og godt. Margun og eg
sat i vindaugskarmen i dei metertjukke fjøsveggene. Vi høyrde lyden av mjølkestrålane
når både mor og far mjølka. Det var fred og
ro. Det var trygt og godt. Vi var nær dyra
og dei vaksne, vi kunne sjå ut, og vi kunne
følgje med i arbeidet. Og vi song! Små var vi,
men mor og far lærte oss alle julesongane i
fjøsen i tida før jul. Alle julesongane. Det er
eit fantastisk kjekt bilde å bere med seg frå
barndomen.
-Weidemann har sans for å skape dei gode
julestemningane! For meg. Seier Jon Bjørn
og slår opp i ei kunstbok og viser fram eit
måleri. -Sjå på dette. Dette er jul -. Eg veit
ikkje kva tittel bildet har, men sjå her: Her
er alt jula handlar om. Til høgre det mørke,
blå. Vinternatt. Julenatt med stjerner. Ser du
englane mot nattehimmelen? Og dette raude
ovanfor: Dei tre vise menn kjem vandrande!
Her er lys. Her er alt som skal til for at mi
barndoms jul kjem tilbake til meg!
-Men du såg ikkje Weidemannkunst då du
var liten!
-Eg var vaksen før eg møtte Weidemann
sine måleri. Men bilda hans tiltalar meg
sterkt. Han set saman fargar på ein perfekt
måte, synest eg. Det er vakkert. Det er godt.
Og det vekkjer gode minne.
-Andre ville kanskje brukt eit meir kunsthistorisk utgangspunkt om vi bad dei trekke
fram eit julemåleri?
-Eg har vore kunstinteressert heile mitt liv.
Eg har sett mykje kunst, og eg har tileigna
meg ein god del kunnskap på området. Eg
kjenner kunstnarane på stil og målemåte og
har ikkje problem med å plassere rett kunstnarnamn på eit bilde når eg ser det. Men
når eg opplever kunst, handlar det ikkje om
akademiske spørsmål. Det handlar meir om
kjensler, stemningar og harmoni. Og så skal
det vere vakkert.
-Det finst folk som seier at Weidemann
ikkje kan vere nokon stor kunstnar når han
driv på berre med å «smørje» måling utover
ei plate?
-Dei kan no prøve å måle slik han gjer, så
skal dei få oppleve noko anna. Det er ikkje
lett. Det går ikkje tilfeldig føre seg! Bilda
hans gir meg assosiasjonar og tiltalar meg.
Eg synest dei er fine å sjå på, og eg kan bruke
min eigen fantasi og dikte litt rundt det eg
ser. Det kallar eg kunst. - Så les eg kva Jakob
Weidemann fortel om sine eigne juleminne,
om korleis bestefaren kom full heim, men tok
guten med seg ut og gjekk til bedehuset under
stjernehimmelen, og om at dei kom inn i eit
varmt bedehus… Og så er eg tilbake på fjøsveg over tunet vårt ein førjulskveld igjen…
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
11
Magne Kristiansen har stilt ut i Gloppen
Å lage bilde er å være ærleg
mot det skapte, og det må
gjerast med to leiestjerner:
Sannhet og skjønnhet.
Tekst og foto Oddvar Almenning
Bilde og bildetekstar Magne Kristiansen
Luft, hav, vatn er spesialitetar
for Magne Kristiansen, som
er ein tydeleg kunstnar, både i
ord og bilde.
Transperens, Ryssfjøra. Olje på lerret. Det er ikkje nok å berre ha ei rasjonell forståing av dei optiske fenomen ein har framfor seg. Ein må
vere tru mot det auget eigentleg ser. Rasjonell analyse og poetisk kjensle må gå hand i hand. Stanislaw Zoladz, nolevande svensk polakk, akvarellmålar sa til meg: ”Det har tatt meg åresvis å forstå vatnspeglinga i stein og fjøre”.
Han har alltid teikna og aldri
slutta med det. Han utdanna
seg som lærar, men har no levt
av kunsten sidan 1993. Sjå eiga
ramme med hans eiga CV-liste.
Her i Gloppen er han aktuell no i
haust som utstillar på Galleri 104.
Han seier at Gloppen er ein god
plass å vise, - og selje -, kunst.
Det merkast at det er ei kulturbygd med lange tradisjonar,
seier han. Og han har eit interessant syn på tilværet og mennesket i skaparverket, som han
gjerne deler med både intervjuar
og med lesarar.
12
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
D
å eg var tolv år, såg eg på eit vanleg
billeg landskapsmåleri hos bestemor og kjende meg dregen mot
kunsten. –Eg vil bli kunstnar, sa eg. Det
tykte bestemor var ein dårleg ide! –Vi hadde
ein klok lærar på ungdomsskulen som sette
oss til å kopiere dei gamle meistrane. Og
som 17-åring målte eg kopi av ”Stugunøset
på Filefjell” av J.C. Dahl. Ein lærer mykje av
å kopiere. Ein ser kva kunstnaren har gjort
med pensel og fargeval og fargeblanding.
Ein oppdagar noko om komposisjon og
form. Det er nyttig å sjå på det andre har
gjort. Eg har gått i galleri, kjøpt bøker og
ikkje minst ser eg mykje på nettet.
-Vi ber han nemne kunstnarar som han
har vore spesielt oppteken av, og det kjem
namn på rekke og rad: Fritz Thaulow, Harriet Backer, Erik Wærenskiold. Og Balke. –
Visste du at norske Peder Balke har ein heil
vegg i Louvre i Paris? Og apropos Louvre:
Eg hadde gått gjennom rom etter rom og
sett dei store gigantane i kunsthistoria frå
renessansen og framover. Så kom eg inn
i Rembrandt-romet, og då klårna alt. Eg
kunne puste ut! Noko liknande opplevde
eg i Vereidskyrkja. Det var ein konsert med
klassisk musikk, kyrkjemusikk, og det var
utplukka bilde til som blei viste på skjerm.
Flott kunst frå barokken, med små svulstige
englar og alt, og motiv som passa til musikken. Men så kom det bilde av Rembrandt.
Då vakna eg. Alt berre steig!
-Hadde Rembrandt vore like interessant
for deg viss han ikkje hadde så mange bilde
med motiv frå Bibelen?
-Det er mykje å lære av Rembrandt sin
teknikk. Han var utruleg moderne for si
samtid. Men det er klart at dei religiøse
bilda hans seier meg svært mykje. Eg meiner
ein ikkje kan måle slik utan å vere ein truande person.
Populære motiv
-Men det du stiller ut her, er rein natur.
Mennesket som figur er fråverande. Er
det fordi det er lettare å selje landskap enn
andre ting?
-Eg veit kva folk kjøper. Skog og hav er
populære motiv. Det eg søkjer når eg lagar
bilde, er autentisitet. Det er ikkje fantasilandskap eg lagar. Det er ein plass som ser
slik ut og som lokalkjende folk kan kjenne
igjen. Eg har dessutan to store leiestjerner:
Sannheten og skjønnheten. Det skapte er
vakkert. Det er godt. –Når nokon vil ha
mine bilde fordi dei likar dei, har eg det bra,
seier Kristiansen og fortel om eit måleri som
han gav bort til TV-aksjonen nettopp. Det
hadde eigentleg ein pris på 7000 kr, men
kom opp i 15 500 kr fordi det var ein som
hadde bestemt seg for at han ville ha det,
fordi han likte det.
-Men vi veit at du lagar bilde med
religiøse motiv òg. I kyrkjestova i Sandane
kyrkje heng det eit måleri av Maria i hagen
første påskedag.
-Ja, i sakrale bilde må mennesket vere
med. I Stryn bedehus heng det eit bilde av
den gode hyrdingen som eg har levert. Å
måle Kristus er krevjande. Ingen veit korleis
han såg ut. Men mange meier dei veit det.
Eg har prøvd meg på portrett òg, men det er
unådig avslørande. Då blir det synleg om du
ikkje duger!
Skaparverket og nåden
Samtalen kjem inn på forholdet mellom det
abstrakte og det konkrete, figurative.
-Eg målar figurativt fordi det er det eg
kan. Men når eit bilde blir til, startar det i
det abstrakte, med ein tanke, ei oppleving,
eit inntrykk eller eit ønske. Så må ein setje
noko ned på lerretet, -farge, stoff. Linjer,
former, mellomrom, fargeklangar blir til
noko konkret, ei avbilding av det skapte.
Slik er det i alle skapingsprosessar. Når Gud
skapte, starta det med ideen, skapartanken.
Så blei materien og universet og naturlovene
og stoffet til, og det blei levande ved at Gud
bles sin Ande inn i det.
Skaparverket var ikkje ein tilfeldighet eller
eit ”uhell”. Gud ville ha det slik, og han såg
at det var godt. Eit måleri av havbåra som
speglar av himmel og skyer og knuser seg
mot stranda, er for meg eit uttrykk for ein
overordna autoritet.
- Men kva med nåden i Kristus?
-Kristus var med før skapinga! Ved han
vart alt til. Å seie at vi er skapte i Guds bilde,
blir berre filosofisk teori om vi ikkje får auge
på Kristus. Tar vi bort nåden i Kristus, drar
vi renninga ut av livsveven. Og ikkje berre
Kristus som Logos ved skapinga, men som
Jesus på korset. Lidelsens mysterium er all
sannhets sammenheng.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
13
Sannhet og skjønnhet
Kyrkjegang
CV
Magne Kristiansen
Kvitsymretid. Olje på lerret. I Kvernhusdalen på Ulvedal har dei rekonstruert dei gamle kvennene med demmer og slok som er føyd inn i vassdraget på naturen sine premissar. Dei lokale
set sjølvsagt pris på det kjente og kjære. men skal ein søkje kundetn må ein få tak i det som gjer
bildet til noko meir enn lokalt skildreri.
Trollfuru! Olje på
lerret. Mystiske krefter
i naturen. Måneskin,
alvar og trollkallar. Furua står på Sølvberg og
er sikkert så gamal som
barokken då folk enno
trudde på tussar og troll.
Måla på foto teke av
Arne Myklebust.
Lysgløtt Hoddevika. Olje på
lerret. Når vinden dreiar på vest
sprekk skylaget opp. Snart sol, snart
grått. Sol mot mørk bakgrunn er jo
eit gamalt romantisk knep. Det er
ikkje berre romantikk, det var slik
det var denne dagen.
«Trollfuru!»
Olje på lerret
30x40 cm 2005
Mystiske krefter i naturen.
Måneskin, alvar og trollkallar
Furua står på Sølvberg og er sikkert så gamal
som barokken då folk enno trudde på tussar og troll.
Måla på basis av foto teke av Arne Myklebust.
Ervika. Akvarell. Akvarellen er ein
gamal teknikk, eldre enn olje. Eg
kallar den dronninga blant teknikkane. Alt ser tilfeldig og flytande ut,
men krev timing og presisjon. Som
i jazz. År med treninf for å treffe
nettopp den tonen nett då.
Kveldslys på Magerholm. Olje på lerret. Eit kort augneblink då sola smetter fram og lyser på
• Boka ”Den gong ei reise var ei
reise”, Selja Forlag. Tekst og
illustrasjonar
• Strekteikningar tilrettelagt for
fargelegging til bruk for born
under gudstenester
• Kirkens Nødhjelp ”All verdens
flagg”. Illustrasjonar
• Design av bok og brosjyrer
Kirkens Nødhjelp
• ”Elle melle” av Solveig Sindre.
Omslag og illustrasjonar
• Design av messehaklar til
Randabygda, Nordsida og
Oppstryn
• Design av lysglobe Nordsida
kyrkje
• Fast illustratør i Kyrkjeklokka,
kyrkjeblad for indre Nordfjord
• Frontmåleri i Stryn bedehus,
Betania. Olje
• Dekorasjon i Stryn symjehall,
80 m2
• Hotell Alexandra. 4 store
oljemåleri
• Lodalskåpa og Bødalssetra,
oljemåleri, gåve til HKH
Dronning Sonja frå Stryn
kommune
• Segestad, oljemåleri, gåve til
miljøvernminister Børge Brende
frå Stryn kommune
• Ulike oppdrag, logo,
plakatar, informasjonstavler til
kundar som Jostedalsbreen
Nasjonalpark, Stryn Energi,
Innvik kraftverk, Nordfjord
Panorama, Melkevoll bretun,
Kulturløypa på Ulvedal og
arkitektfirma a-vista, Stryn
• Held kurs i teikning og måling
• Oppdrag for ”Den kulturelle
skulesekken”
• Delteke i styringsgruppe
for merkevarebygging og
profilering av Nordfjord
Panorama, leia av Ståle
Almenning
• Offentlege utstillingar, kollektivt
og separat
• Medlem av Stryn kunstlag og
Kristne Kunstneres Forening
skyene under. Strålande lys fyller disen og forvandlar fjellet til eld. Eit kjapt arbeid då alt stemte.
14
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
15
Rasmus og Elisabet
Langt liv i lag
på Gimmestad
Asbjørn Gjengedal
F
si andaktsbok,” skyt Rasmus inn. Om det
stundom blei altfor strenge krav til oppførsel,
visste begge å verdsetje den levande trua som
låg bak skikkane i oppvekstmiljøet. Det var
ein djup vørdnad for Gud og det heilage, og
samstundes ei trygg tiltru til Skaparen og
Frelsaren. ”Bestefaren til Rasmus tok av seg
hua når han skulle så kornet,” fortel Elisabet.
Allehelgenssøndag var det alltid nattverd i
kyrkja. Då var det skikken at både kropp og
klede skulle vere reinvaska på alle som ville
gå til altars. Dei gjekk for å ta imot heilage
gåver frå Gud.
argerike blomar står tett omkring
Rasmus og Elisabet når vi møter dei
heime på Gimmestad etter feiringa av
hundreårsdagen hans. Og fargerike minne
strøymer fram så snart samtalen kjem i
gang. Begge er framleis heilt med i livet,
både i familien og i verda omkring. Gleda
lyser i ansikta når dei fortel om hundreårsfesten for Rasmus. ”Alle våre kom!” strålar
Elisabet. Slekt og grannar var òg med og
feira Rasmus. Han ønskte ei gåve til Gamlekyrkja, og då han høyrde at dei gav sytten
tusen kroner, glimta ei tåre. Eit teikn på djup
kjærleik til kyrkja. Den kjærleiken voks seg
sterk heilt frå barndomen i ein heim som låg
midt mellom Gamlekyrkja og Nyekyrkja. I
heimen møtte Rasmus levande kristentru
både i helg og i kvardag. Særleg fekk han
mykje av denne arven frå farfaren, som han
heiter etter. ”Han hadde mykje av det milde
sinnelaget som Rasmus har,” fortel Elisabet.
Saman har dei teke vare på kristenarven og
gjeve den vidare til nye generasjonar.
Bryllaupet stod 26. juni 1951, og paret har
såleis vore ektefolk i over 63 år. Slå den!
Ekteskap og kristentru
Dei var godt vaksne før dei gifte seg, Rasmus
trettisju og Elisabet tjuesju år. ”På konfirmasjonsdagen bestemte eg meg for å vere ein
kristen,” sa Elisabet. Og då var det naturleg å
bli med i det kristelege ungdomslaget i Rygg
bedehus. Der fekk ho tidleg eit godt auge til
Rasmus, og då han begynte å følgje henne
opp Heggjadalen på heimveg etter ungdomsmøta, var dei på god veg i ei livslang
vandring med kvarandre. Hemmeleg skulle
det vere til å begynne med. Men spor i snøen
etter ”friarføter” var vanskeleg å få bort. Slikt
blei det gode historier av, som òg blei for-
talde til stor moro på hundreårsdagen. Bryllaupet blei feira med mykje folk og stor glede
26. juni 1951. ”Sola kom så fint inn over
Hestedalen,” minnest Rasmus. Og mykje lys
og mykje varme blei det i heimen som dei
tok til å skape. Frå sin barndomsheim hadde
Elisabet minne om dagleg morgonandakt for
alle i huset. Bestefar og sidan far, Jetmund
Rygg, las frå ei nesten utsliten ”Låkes andaktsbok” med gotisk skrift. Då var det ikkje
lett for ei kvikk lita jente å sitje i ro. ”Det
blei lettare å forstå når vi fekk Ludvig Hope
16
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Til Kongen etter førti år i søndagsskulen
Med alt dei såleis hadde med seg heimanfrå,
hadde Rasmus og Elisabet eit godt grunnlag til å prege ein trygg og fin oppvekst for
borna, Arne Jostein, Jarle og Margot. Det blei
viktig å få dei med i tilskipingar for born og
unge i bedehuset. Der var det både søndagsskule og yngreslag, og då eldsteguten var fem
år, blei Elisabet med som leiar på søndagsskulen. Saman med Magnhild Rygg, Margret
Arnestad og andre gode hjelparar førte ho
vidare dette viktige tiltaket på Sørstranda.
Det gledde henne å merke at om borna
stundom kunne vere trege å få av garde på
søndagsmorgonen, ville dei helst vere lenger
i bedehussalen når timen var over. Denne
tenesta heldt ho på med i over førti år. Det
blei høgt verdsett, så saman med fleire andre
trufaste søndagsskulelærarar fekk Elisabet
Kongens Fortenestemedalje. ”Å kome på
Slottet og møte Kongen er det største eg
har opplevt!” seier ho med begeistring. ”Eg
var så spent og hadde belaga meg på kva eg
skulle seie. Men då døra gjekk opp og han
stod der, brast det ut av meg: ”So som eg
har gleda meg til å møte Kongen!” Han var
så imøtekomande, gjekk frå den eine til den
andre med vennleg smil og gode ord, og fekk
oss alle til å føle oss vel.”
Eitt hundre års erfaring og levd liv helsar hjartevarmt velkomne
til Gimmestad att, slik det har vore heile tida! Foto: Oddvar Almenning
Prestehanda på – og så
Konfirmasjonsalderen er ei spennande tid
både for dei unge og foreldra. Hundre år
gamle Rasmus mintest ein dag han ikkje
hadde gjort leksa si før møtet med presten
i Vereidskyrkja. Han hadde teke sjansen på
at Kvåle ikkje ville spørje han, men nett det
skjedde. Og salmeverset hadde han ikkje
prøvt å lære. Så dikta han opp ei unnskyldning. Etterpå sa Per Lote: ”Du laug for
presten.” Samvitet verkte og då han kom
heim til Gimmestad, måtte han beint snu og
sykle tilbake til Vereide for å tilstå dette. Han
fann Kvåle i prestegardshagen og fekk sagt
det som det var. Etter eit godt handtak frå
presten, sykla han heim letta og glad. Mange
år etter var han sjølv far til to søner og ei
dotter i overgangen frå barn til vaksen. Då
var samfunnet i stor og rask forandring på
mange felt. I alt som då skjedde, visste Rasmus og Elisabet å støtte ungdomane sine inn
på gode spor, som dei sjølve valde. Dei sydde
ikkje ”puter under armane” på dei unge, men
pute til å sitje på bedehusloftet og synge og
spele nye rytmar og melodiar. Om formene
var annleis enn i deira ungdom, var dei nær
nok til å kjenne at Ånda var den same. Og
dei gledde seg over at ungdom også samlast
heime, stundom til øving av musikk og song
som skulle framførast i kyrkja og elles. Kring
1970 fenga Ten Sing-rørsla, og Jesus-begeistringa breidde seg også i Gloppen.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
17
Rasmus og Elisabet
Elisabet på ski på Morafta tidleg i 1940-åra.
Amaryllis ved Jesu føter
Rasmus seier stundom at han ikkje var
tilsett som kyrkjetenar i Gimmestad. Om det
formelt var slik, var han likevel ein omtenksam, samvitsfull og dugande kyrkjetenar i
fleire tiår. Med klokkesnorene i stødig hand
kalla han sine sambygdingar til samling i
Guds hus, anten det var i glede eller i sorg.
Oftast var det i Nyekyrka, men med særleg
andakt i sinnet steig han over dørstokken i
Gamlekyrkja. Då han var langt opp åra, kom
han ein dag heim til Elisabet og sa: ”Det var
trongt og lite å halde seg i, men det gjekk.
Det held på å bli gammalt opp i der.” ”Kva
snakkar du om?” spurde ho. ”Tårnet i Gamlekyrkja.” Han hadde klatra opp for å sjå til at
festet for klokkene var i orden.
Det manglar ikkje på gode minne frå livet
i kyrkja. Eitt av dei står i ein særleg glans.
Kunstmålaren Finn Emanuel Olsen reiste
i mange år for Bibelmisjonen og preika i
kyrkjene. Ein dag stod han på preikestolen
i Nyekyrkja, peika mot Kristusstatuen på
altaret og sa: ”Hvem er det som har satt
blomster ved Jesu føtter? Det var en nydelig
amaryllis!” Det var ei fin oppmuntring til
kyrkjetenaren som alltid gjorde seg føre med
å gjere det vakkert både på altaret og elles.
Og Elisabet hjelpte til med blomar frå hagen.
18
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Elisabet fekk Kongens fortenestmedalje, og tykte det var
stas å snakke med han. Foto Bjørn Sigurdsøn
Folk på Synnøve-bruket i 1918: Frå v.: Rasmus, far Arne, Elisabeth (syster),
mor Malena med Bergit på fanget, Ingebjørg. Bergit blei seinare gift med
Jakob Gimmestad og Ingebjørg med Magnus Rye.
Ungdomstid heime på Gimmestad, Rasmus til
venstre og svoger Jakob Gimmestad til høgre.
«Vi rekker vår hender frem som
tomme skåler. Kom til oss, Gud, og gi
oss liv fra kilder utenfor oss selv.»
”Kilder utenfor oss selv”
”Kva har trua på Jesus å seie for dykk no når
de har kome så langt opp i åra?” spør eg.
”Veldig, veldig mykje,» er svaret, og sterke
kjensler melder seg. Minne om nokon av dei
nære som for føre dei ut av dette livet, kjem
fram. Ein gammal bestefar gjekk der og sa så
ofte: ”Anten vi lever eller døyr, høyrer vi Herren til.” Slik lever også Rasmus og Elisabet
i håpet om gleda som ventar i himmelriket.
Men enno er dei her med liv og tru. Friske
minne om barnebarn på hundreårsfesten
kjem fram. Ei av dei, Linn, fortalde om kor
trygt det er å vite at besteforeldra har alle
med i sine daglege bøner. Og så song ho:
”Det er makt i de foldede hender”. Også dot-
terdotter Elisabeth gledde dei med song.
Ein av dei høvde særleg godt til den
trua som Rasmus og Elisabet lever i og
lever ut: ”Vi rekker vår hender frem som
tomme skåler. Kom til oss, Gud, og gi
oss liv fra kilder utenfor oss selv.”
Som hundreåring fekk også Rasmus
helsing frå kong Harald. Det var stas.
Men eit minne om ein tidlegare kyrkjetenar i Gimmestad, som dei kalla ”Myren”, sette tinga på plass. ”Myren” hadde
dyrka opp så mykje jord til grøderik åker
og bø at han fekk diplom for det. Då han
tok imot diplomet, sa han som så: ”Dette
var kjekt å få, og det er vel og bra, når
berre eg har Jesus.”
Å gå til kyrkje og å treffe grannar og kjentfolk har vore til stor glede.
Her ein granneprat våren 2013.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
19
Konfirmantjubilant
Magnhild på veg heim frå kyrkje
sist det var gudsteneste i Hyen.
Om konfirmasjon i Hyen 1935 og eit langt liv med tru,
kyrkje og kristenliv. Magnhild Aa fortel.
Den sommaren vi
las for presten
Av Aslaug Heimset Larsen
Foto: Magni Aa Berge. Foto av Konfirmantar i Hyen 1935, Lyslo
D
u har tidlegare nemnt at det var noko
spesielt med antrekket de jentene
stilte opp i den dagen de vart fotograferte.
-Ja, det stemmer det. På den tida vart
ikkje gruppa av årets konfirmantar teke
på konfirmasjonsdagen. Ein stilte opp ein
vanleg ”lesardag” i dei kleda ein hadde på seg
då. Ei av jentene frå Solheim ville at biletet
skulle bli så fint som mogleg, og sa at vi
måtte ha på oss mørke kjolar. Vi hadde ikkje
slike før til konfirmasjonsdagen, så alle måtte
låne. Eg lånte av ei eldre syster. Sjølv om
kjolen var altfor stor til meg, pakka eg han
med på ”reisa”. Ei av dei andre jentene lånte
brudekjolen av svigerinna si.
-Det var langt frå Hjorteset, der du kom
frå, og heilt ned til Straume, der de las for
presten. Korleis kom de dykk ned der?
-Vi skulle starte med presten i skulestova
på Straume klokka 10.00, så vi kunne ikkje
rekke å kome oss dit den dagen. Vi tok ut
dagen før, i middagstida, og måtte overnatte
til neste dag hos slekt eller kjende. Dei fem
jamaldringane mine frå Solheim kom roande
på Storefjorden og tok meg på i støa vår. Vi
rodde så til Heimseta, og la båten der til vi
skulle heim att neste dag. Så vidt eg hugsar,
var det fine turar på vatnet, det var no sommarstid dette.
Frå Heimseta var det å ta beina fatt. Eg
gjekk alle gongane, bortsett frå ein gong. Då
hadde bror min fått ny sykkel, så eg fekk låne
den. Eg la av garde på herresykkelen med
venninna mi på bagasjebrettet, og ned til
”sjøna” bar det.
Magnhild fortel at ho brukte å bu med Ba-
20
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
karen, Erik Rønnekleiv, som var syskenbarn til
mor hennar. Kona hans heitte Jakobia, og dei
var svært hyggelege folk. Der vart ho alltid vel
motteken og fekk godt stell. For Magnhild var
det naturleg å ta på den lånte kjolen der, så
Jakobia kunne seie kva ho tykte. Kjolen vart
tydelegvis godkjend. Elles hadde dei alltid med
klebyte til lesardagane.
-Hugsar du noko frå sjølve preste-timane?
-Ja. Presten vår, Kvaale, song ikkje i det
heile. Så når vi skulle synge salmar, valde
han ut ein av oss konfirmantane til å styre
synginga. Det fungerte bra. Vi lærte mange
salmar. Eg hugsar til dømes ”Herre Gud, ditt
dyre namn og ære” og ”Jeg så ham som barn”.
I Forklåringa lærte vi boda og trusartiklane.
På konfirmasjonsdagen vart eg høyrd i tredje
artikkelen.
-Er det noko av det du lærte som du har
hatt nytte av seinare?
-Ja, det er veldig godt med det ein har lært
utanåt. Særleg salmane er eg glad for at eg
kan, spesielt no når eg ikkje har godt nok syn
til å lese eller sjå i bøker.
Ikkje heime konfirmasjonsdagen
-Korleis var sjølve konfirmasjonsdagen?
-Vi for tidleg heimanfrå og skifta til vår finaste stas før vi møtte opp i kyrkja. Eg hadde
fått sydd meg ny, fin, svart kjole. Det var
vanleg med heimelaga sko. På Solheim var
det skomakar, og eg hadde fine damesko som
han hadde laga. Eg minnest forresten godt at
eg såg ein av gutane som hadde kjøpte sko.
Han var tydeleg stolt av dei.
Eg hugsar kva presten spurde meg i på
kyrkjegolvet, men elles lite frå det andre i
kyrkja. Det eg minnest best frå dagen, var at
foreldra mine og eg var bedde til slekta vår i
Solvika på Å for å overnatte der til neste dag.
Då var det den såkalla nattverdmåndagen, og
alle konfirmantane og foreldra skulle møte
der. Det var langt og tungvint å reise oppatt i
høgste dalane på så kort tid, og såleis vart det
ikkje noko gjestebod i heimen på konfirmasjonsdagen. Ein hadde gjerne med litt ekstra
god mat som ein tok fram der ein overnatta.
Og gåver fekk vi. Eg fekk eit nytestamente av
fadrane mine, som og var i Solvika den dagen. Det vart eg veldig glad for. I posten kom
det endåtil pakke til meg frå ei venninne i
Eikefjorden. I den var det ei fin, blå sølje. Frå
mor og far var gåva nye klede og sko, og i tillegg hadde dei kjøpt ein fin paraply med gult
skaft til meg.
-Tenkte du over kva lovnad du gav då
du stadfesta dåpspakta di under konfirmasjonen?
-Nei, ikkje spesielt, det var slik det var
å bli konfirmert den gongen. Alle gjorde
det. Men eg var ein truande kristen både
då og seinare. I barndomsheimen var det
det naturleg å snakke om tru. Mor var eit
bønemenneske. Eg har nokre spesielle minne
frå juledag og påskedag. Far og mor hadde
senga si i stova. Der var det to senger til,
og det var opptil fire av barneflokken på
elleve som òg sov der. Desse høgtidsdagane
vakna vi av salmesong. Det var fars stemme
som lydde frå senga. Elles var både born og
vaksne med på kristelege møte og basarar
som oftast var i skulehuset på Solheim. Når
det var gudsteneste, skifta det på kven av oss
som fekk vere med.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
21
Konfirmantjubilantar
Kyrkje og kristenliv
Mange år har gått sidan konfirmasjonstida til
Magnhild. Ho sit i stova si og tenkjer attende.
Det er ikkje lett å hugse nøyaktig korleis alt
var for så lenge sidan. I ein alder av 94 år er
ho framleis lett på foten og klår i tankar og
tale. Ho har dessverre mist det meste av synet
dei siste åra, noko som gjer at livet nok ikkje
er så enkelt lenger. Ho kan ikkje sjå gruppa
som vi snakkar om, men hugsar godt korleis
alle konfirmantane er plasserte, og at alle såg
alvorlege ut (slik det skulle vere då).
-Du har vore ein flittig kyrkjegjengar. Kan
du seie litt om det?
-Ja, eg har alltid hatt behov for å høyre
Guds ord, og eg har lyst til å vere med i kyrkja. Vegen til kyrkje vart betydeleg kortare og
lettare etter at eg flytta til Å. Det hadde seg
nemleg slik at eg ti år etter konfirmasjonen
vart gift med ein av lesarkameratane mine,
Olav Aa. Sjølv om det var bilar i Hyen på
den tida, gjekk vi oftast til fots når vi skulle i
kyrkja. Eg såg stort på at borna òg vart med.
Eg tykkjer det er svært viktig at alle born får
høyre om Jesus, og eg meiner dei må få gå på
søndagsskulen og vere med i andre kristne
samanhengar. Etter at eg vart bestemor, var
eg med og dreiv eit misjons-barnelag på
Straume. Då samla vi mange born, og det var
kjekt og meiningsfullt for oss alle.
-Eg kjenner til at du har vore i styre og
leiing for lokale foreiningar i både ytre og
indre misjon.
-Ja, det stemmer. Eg var med og starta oppatt Straume kvinneforeining for Det norske
misjonsselskap på 70-talet. Eg er framleis
med på møta der. Straume Indremisjonsforeining har òg lege mitt hjarte nær. No er
det ei foreining for heile Hyen, Hyen normisjon. Eg vil seie det slik at indre og ytre
misjon er like naturleg og nødvendig, det er
to sider av same sak. Når det er kristelege
møte eller gudsteneste her i bygda, set eg stor
pris på å vere til stades. Eg får mindre ut av
preiker og den slags no, sidan høyrsla mi òg
har tapt seg. Likevel gjev det meg mykje å
vere med der folk samlast.
- Du ser ikkje lenger godt nok til å lese.
Korleis får du ”føde for sjela”?
- Olav brukte å lese andakt om kveldane.
Han var òg ”augene mine” i det daglege
etter at eg byrja å sjå dårleg. Det var på alle
måtar tungt å misse han. Vi var så samansveisa etter 62 års ekteskap. No har eg budd
her åleine i åtte år. Men eg var heldig med
naboen min, Borgny Holme. Ho har i ein
lang periode kome inn til meg mest kvar dag
22
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Her skal det kome ein bildetekst
50-årskonfirmantane i Hyen 2014
Konfirmantar i Hyen 1935. Bak frå venstre: Karl M. Heimset, Jakob E. Hope,
Olav J. Djupvik, Olav A. Aa, (Kvaale), Erik M. Solheim, Ola O. Mjellem, Karl J. Skeistrand.
Framme frå venstre: Magnhild A. Hjorteset Aa, Alvhild O. Solheim Hovland, Bergljot M.
Solheim, Astrid R. Gjengedal, Hulda M. Solheim, Magna A. Osmundnes,
Møyfrid M. Solheim Holme.
og lese både andakt og stoff frå dagens avis.
Eg er svært takksam for det ho har gjort for
meg. Elles så veit eg ikkje korleis eg skulle
klart meg utan lydbøkene som eg får tilsendt
frå KABB (Kristent arbeid blant blinde). Der
kan eg få kristeleg litteratur både til oppbygging og underhaldning.
Frå stova til Magnhild er det utsikt tvers
over Vågen der Brødrene Aa har bedrifta si.
Olav og broren Bertel starta opp båtbyggeriet
som no veks seg stadig større. Alle dei fem
sønene til Magnhild og Olav har sin plass der.
Einaste dotter deira, som no er pensjonist, har
flytta tilbake til Hyen. Mora kan no enkelt
følgje med korleis det går med alle borna.
-Du seier du har mykje glede av etterkomarane dine. Kor mange barneborn og
oldeborn har du no?
-Det er 14 barneborn og 12 oldeborn - så
langt. Det er naturleg nok ikkje alle dei som
er busette i bygda. Men dei er alltid innom
meg når dei er i Hyen. Det er mykje som
ikkje er greitt med å bli gammal, men det
er meiningsfullt å følgje med i alt som skjer
både i samfunnet og i familien. Eg kjenner
på at det må vere vanskeleg for dei som skal
vekse opp i vår tid. Det er ikkje så mykje eg
kan få gjort no, men det er godt å kunne be.
Eg har hatt eit rikt liv, og føler at det er Guds
velsigning.
Av Aslaug Heimset Larsen
I
1964 var det berre sju konfirmantar
i Hyen. Tre av dei kunne av ulike
grunnar ikkje delta i jubileet, så det
blei berre dei fire fastbuande i bygda som
møtte opp. Etter at presten Olav Kvaale
tok initiativ til fotografering av konfirmantgrupper i 1925 og var konfirmantprest fram til 1955, tok Johnny Bakke
over og var prest for årets 50-årskonfirmantar.
Jubileumskonserten i Hyen kyrkje på
laurdagskvelden 18. oktober var til stor
glede for jubilantane og minst 50 andre
frammøtte hyarar. Konfirmantane vart
ynskte særleg velkomne av soknerådsleiar Liv Øygard Solheim. Oddvar
Kandal og Anders Rinde imponerte med
stemningsfullt fele- og orgelsamspel.
Musikkandakten, der Tore Myklebust
drog konfirmasjonslinjene tilbake til
tidlegare tider, la også vekt på trusopplæ-
ringa og bevisstgjeringa som skjer med ungdomane rundt konfirmasjonen. 50-årskonfirmantane sette stor pris på dette høgtidlege
samværet i kyrkja.
Etter musikkandakten samla dei seg
hos ekteparet Judit og Anders Aa til vidare
feiring. Det var ikkje ofte dalingane møtte
sentrumsungdomane i gamle dagar, og Judit
sykla nok fleire gonger heilt frå Røyrvika
ned til Straume for å gå for presten (og der
trefte ho Anders). Mimrekvelden på Aa var
verkeleg triveleg, og serveringa fall absolutt
i smak.
Også gudstenesta i Hyen kyrkje blei
minneverdig. Ikkje minst var dåpsseremonien til Jørgen ei positiv oppleving, og
presten sytte for god kontakt med jubilantane både gjennom preiketeksten og
samtalen etterpå. Jubilantane takka soknerådet hjarteleg for invitasjonen til denne
fine kyrkjesamlinga . Årets konfirmantar
serverte til slutt kyrkjekaffi og heimelaga
kaker til glede også for dei mange andre
kyrkjegjengarane.
Judit Aa tok i 1996 ansvaret for å få
samla alle foto av konfirmasjonsgruppene
i Hyen frå 1925 til 1996, og boka hennar
er blitt sett stor pris på og er mykje nytta
av oss som treng å friske opp hukommelsen.
Prost Johnny Bakke som hadde si siste
konfirmantgruppe i 1975, vart avløyst
av Asbjørn Gjengedal (1976-1977), Per
Inge Eide (1978-1979), Asbjørn Gjengedal igjen (1980–1982) og Olaf Sigurd
Gundersen frå 1983 til 1996 og enno
lenger en konfirmantboka for Hyen rekk,
faktisk heilt fram til i år. Det er visst på
tide å lage ny bok med gruppebilete og
namn på konfirmantar (og prestar) frå
1997 og til i dag. Kanskje 50-årskonfirmanten Judit Aa tek den utfordringa òg.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
23
Kurdisk jul
Forandringa
Alle flyktningar har sin eigen, spesielle bakgrunn som ofte er
ukjend for andre. Fereshete og Sardar frå Kurdistan i Iran fortel
gjerne om bakgrunnen sin og tek oss med inn i sitt landskap.
Tekst og foto: Gunn Hole
V
esle Sako smiler fornøgd frå stolen sin
medan Fereshete finn fram kaffikoppar
og formkake. Snart kjem Sardar heim
frå norskundervisning, og han har med seg
eldste sonen Siako som tok til på skule i haust.
- Det er kjekt å gå i 1. klasse, fortel han blidt
før han finn fram ei leike å styre seg med.
Eg er invitert heim til familien for å snakke
om livet deira før og no, og ikkje minst om
dåpen i Sandane kyrkje.
- Vi er kurdarar som voks opp i Kurdistan
i Iran, fortel Sardar. Morsmålet vårt er sorani,
som er ei kurdisk dialekt. Vi kjem begge frå
muslimske familiar og gjekk på muslimske
skular.
- I området vårt levde folk som gode grannar sjølv om dei hadde ulike religionar, legg
Fereshete til. Forskjellig tru var ikkje problemet.
Sardar held fram:
- Kurdarar er den største etniske gruppa i
verda utan eigen stat, om lag 30 millionar. Det
var tidlegare eit nomadefolk som heldt til i det
store fjellområdet Kurdistan. Her bur dei fleste
kurdarar framleis, men det er delt mellom
Tyrkia, Irak, Iran og Syria. Som gruppe har
24
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
vi opplevd mykje undertrykking, og mange
kurdarar kjempar for å opprette ein egen stat
i Kurdistan. Forholda var vanskelege for oss,
vi måtte ta ei avgjerd. Då Siako berre var to
år, flykta vi til Tyrkia, men der var det heller
ikkje mykje hjelp å få.
Sardar rister på hovudet.
- Vi budde der i to år. Og tenk, vi vart mellom dei heldige! FNs høgkommissær for
flyktningar (UNHCR) plukka oss ut og sette
oss på lista over kvoteflyktningar som skulle
få opphald i Norge. Den 28. august 2012
kunne vi reise direkte til Gloppen, der eit hus
stod klart for oss. Det var godt å komme til
eit land med fred og demokrati! - og samstundes mykje nytt å setje seg inn i.
- Norsk er ikkje vanskeleg å lære, skyt
Fereshete inn, men det tek tid å få alt på
plass. Viss eg får teksten skriftleg, forstår eg
den mykje betre. Eg vil gjerne bli flinkare til
å snakke med andre og formulere setningar,
derfor vil eg tilbake på norskkurs ved Gloppen opplæringssenter seinare. I framtida har
eg lyst til å arbeide som frisør, slik eg gjorde
før eg kom til Norge.
Korleis er kvardagane dykkar?
- Vi fekk gut nummer to i sommar, derfor
har eg morspermisjon, fortel Fereshete, og
dagane er i alle fall ikkje kjedelege! Mykje tid
går med til å gjere husarbeid og stelle med
Sako. På tysdagar deltek eg på samlingane
i Aktivitetssenteret, der treffer eg folk med
forskjellig bakgrunn. Annankvar torsdag tek
eg vesleguten med på Babysong i Sandane
kyrkje, der er det også triveleg å vere! Dessutan går eg på trilletur og besøkjer venner.
- Eg har gått på norskundervisning ved
skulen sidan vi kom, fortel Sardar. No er
eg kommen så langt at eg snart skal over
i arbeidspraksis og har nettopp starta på
truckførarkurs i regi av NAV. Eg er ivrig etter
å ta bilsertifikat og har derfor teke trafikkurs.
Dessutan trenar eg kvar einaste ettermiddag!
Eg skulle gjerne hatt meir tid til å lese, for
tida går det mest i norskbøker og Vegen til
førarkortet, smiler han.
Vi har før snakka om at de ønskjer kristen
dåp for gutane dykkar. Kan de seie noko om
vegen fram til dette?
Sardar fortel gjerne:
- Som før nemnt voks vi begge opp i muslimsk miljø, men eg vil legge til at mor mi var
kristen. Som vaksen var eg søkjande og
las gjennom Koranen to gonger for eg
ville vite kva som stod der, men eg heldt
fram med leitinga. Så kasta eg meg over
Bibelen, las og las, og kjende at dette var
meiningsfylt for meg. Eg trudde.
Eg la også merke til at alle har eit høgt
menneskeverd, og at kvinner og menn
er like viktige. For meg som er samfunnsinteressert, ser eg at slike verdiar
må ligge i botnen viss ein skal skape
demokrati.
Fereshete nikkar:
- Vi har gått på den same vegen. No
gleder vi oss til dåpsdagen åt gutane
våre, det vert stort. Tradisjonane er nye
for oss, men vi lærer gjerne. No skal vi
snart snakke med presten. Vi skal låne
dåpskjolen som Sandane kyrkje har, og
finne fadrar. Vi må planlegge eit dåpsselskap og ordne med klede. Og kurdisk
mat må stå på bordet!
Det er ein glad familie som vinkar
farvel etter at vi har avrunda samtalen.
Vi ønskjer hjarteleg til lukke med den
store dagen, og velkomne i kyrkja!
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
25
Skal det stå noko her?
Jakob N. Kobberstad
Læraren, komponisten, bokhandlaren og
lærebokforfattaren
Jakob N. Kobberstad frå Breim (1840-1919)
Ein evnerik breimning
som sette spor etter seg
Tekst: Harald Aske
K
skolen i forening med hans ligefremme og
folkelige Væsen har sat ham et varig Minde
hos oss Søndmøringer.»
obberstad ser ut til å ha gjort eit
sterkt inntrykk på elevane. «Han
kom som en strålende, frisk ungdom til den nyopprettede skole,»
skreiv ein av dei første elevane hans seksti år
seinare. Ein elev frå Ørskog gav Kobberstad
dette vitnemålet: «Han besad en grundigere
Lærdom, var en rolig, mandig, liden Helt,
havde kun et lidet Legeme men deri en stor
Sjel. Jeg tror om 50 elever vilde slaa sig sammen for at bringe ham ud af sit gode Humør
vilde det dog vanskeligt ske.» (Sitat, kjelde 1)
Skulemannen Kobberstad
Vi har alt vore inne på at han var med heilt
frå starten av utdanninga av lærarar i Volda
frå 1861. Det er liten tvil om at han sette spor
etter seg i denne stillinga, det vitnar også
utsegna frå ein av elevane i starten av denne
artikkelen. Ved sida av songbøkene han gav
ut, skreiv han ei av landets første ABC-bøker
medan han var i Kristiania. Han forfatta også
Norsk Læsebog og Musiklære for folkeskolen.
Slektsrøter i Breim
Den evnerike guten vart fødd i Myklebustdalen i 1840 på garden med dei mange
namn: Koberstad, Kapperstadtt, Kapperstad
m.fl. (sjå Soga om Gloppen og Breim V s.
361-362.) Faren bygsla bruk nr. 1 nokre år,
men flytte til Støyva br.nr. 5 og busette seg
der. Dette bruket fekk han skøyte på i 1864
(jf. Bygdeboka), og då var sonen Jakob alt
komen til Volda etter at han hadde gått
lærarskule på Stord.
«Den 7. Januar 1861 vil den i Voldens Præstegjeld oprettede høiere Almueskole med
annecteret Dannelsesanstalt (Seminarium)
for Skolelærere træde i Virksomhed». Det
var ved denne institusjonen Jakob N. Kobberstad vart tilsett som andrelærar berre 21
år gammal. Ti år seinare rykte han opp som
førstelærar, men året etter gjekk denne stillinga til P. K. Bøckman, og det kan sjå ut til
at Kobberstad eitt år seinare var lei av å spele
andrefiolin og flytte til Asker Seminarium.
Volda. I Volda stod det den gongen ei stor ny
trekyrkje. Tidleg på 1860-talet fekk dei sett
inn eit brukt orgel frå Nykirken i Bergen.
Det hadde to manual, men ikkje pedalar.
Orgelet var bygt i 1779 av Thomas W. Vogt i
Hamburg og hadde åtte stemmer. Glopparen
Jakob N. Kobberstad vart den første organisten i Volda i 1863. Han skreiv i eit brev «at vi
har faaet Orgel i Kirken og at jeg saaledes er
bleven organist».
Kobberstad vart fyrste organisten i
Volda
Stord lærarskule var kjend for sitt gode
musikkmiljø i den tida Kobberstad gjekk
der (1856-1859). Truleg hadde sokneprest
Heffermehl i Gloppen ein finger med i
spelet då Jakob som 16-åring reiste til Stord
lærarskule. Etter eit par år kom han til
Motstand mot orgel
Der kom eit brev frå dalsfjordingane til formannskapet i Volda der dei gav klar beskjed
om at dei ikkje ville ha noko med orgelkostnadane å gjere, og dei bad innstendig om at
orgelet vart teke bort frå kyrkja så dei kunne
nyte sin gode salmesong utan påverknad.
Men orgelet kom, og oppgåva til Kobberstad
26
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almueskolelærere,
1862. Dette er eitt av dei to første bileta tekne i Volda av sjølvaste Marcus Thrane.
var å få salmesongen meir disiplinert og
samstemt.
Ragnar Aske, gloppar og organist i Volda i
mange år, skriv i ein artikkel om musikklivet
i Volda kyrkje: «Men organist Kobberstad
var ein allsidig mann. Han hadde truleg ein
stor fordel av å vere lærar på den Høiere
Almueskolen. Vi veit at han nytta korgrupper i kyrkja, og han hadde stor interesse av å
skaffe blåseinstrument til bygda. Han hadde
dessutan stort ansvar for lærarutdanninga,
ikkje minst for song- og musikkfaget. På den
måten starta han ein tradisjon med eit godt
samarbeid mellom Volda kyrkje og Lærarutdanninga i Volda.
God ven med Ivar Aasen
Etter at Kobberstad flytta til Asker i 1874,
hadde han ofte kontakt med Ivar Aasen, og
dei vart gode vener. Av det Terje Aarset skriv
i «Den nynorske songskatten» s. 28, ser vi
at Kobberstad hadde seks melodiar med i 3.
utgåva av Aasens «Symra». Det er Vaardagen, Haustvisa, Saknad, Det einlege Standet,
Tolugt Mod og Fals og Fusk. Han hadde også
laga melodiar til andre Symra-dikt, men
brukte dei ikkje i notetillegget som kom ut i
1875.
Det vert òg fortalt at han skreiv ned på
notar melodiar som Aasen hadde laga.
Kobberstad gav også ut eigne songbøker og
fekk dei trykte på Ekset. Han hadde vidare
kontakt med Lars Søraas d.e. og fekk på den
måten innverknad på utforminga av Søraas
si songbok – ei bok som vart nytta over heile
landet. Søraas brukte Kobberstad til å avklare
kva for tonar Ivar Aasen sjølv hadde komponert.
Bokhandlar
Jostein Fet har funne fram dette sitatet i
«Eksetiana»: Jakob N. Kobberstad sel bøker.
Kobberstad er framleis lærar ved Voldens
høiere Almueskole, og averterer bøker som
høver for elevane der: «Læsebøger, Forklaringer, Bibelhistorier, Katekismer, Testamenter,
Andagtsbøger, samt alle på landsmaalet
udkomne Bøger…»
Journalist og redaktør
Nokre år var Kobberstad journalist og redaktør av avisa Møringen. Han var sterkt oppteken av at landsmålet skulle nyttast i dette
bladet, sidan det låg nær opp til slik folket i
bygdene tala. Då han reiste frå Volda i 1874
stod det å lese: «I snart 14 Aar har han virket
her som Lærer ved Voldens høiere Almue- og
Lærerskole. Hans dyktighet og nidkjærhet for
Ferda vidare:
1874 tilsett ved Asker Seminarium
1880 tilsett som overlærar ved Møllergata
skule i Kristiania
1886 pause i lærargjerninga
1891 vikarlærar i amtsskulen på Apalset i
Gloppen i to vintrar, og seinare på Breim.
Han var lærar på framhaldsskular, amtsskular
og folkehøgskular.
Frå 1893 levde han eit omflakkande liv:
Gausdal, Ringsaker, Kristiania, Hvittingfoss,
Kongsberg, Sarpsborg og dei siste åra på
Stord, der dottera Nora budde.
Han døydde i 1919 og vart gravlagt på Vestre
gravlund i Oslo.
Kjelder: Forkynning, fellesskap, forsking.
Volda lærarskule 1895-1995. Høgskulen
i Volda. Redigert av Peder Bergem. Terje
Aarset: Den nynorske songskatten. Ragnar Aske: Den første organisten i Volda.
Del av: Musikklivet i Volda kyrkje. Soga
om Gloppen og Breim, bind V
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
27
Barneandakt
Tekst: Sigurd Vengen. Teikningar: Oddvar Almenning
Jul
Lag Rosinkrans til fuglane!
Barneknask
Av JOveig Almenning Døvle
I dei dagane vart det sendt ut beskjed
om at alle måtte oppsøke NAV-kontoret
der dei høyrde til. Det var på den tida
då dei utvida ferjekaia på Anda, og det
var arbeid helst om natta. Då hende det:
Arbeidsfolka hadde teke seg ein pause.
Då kom det eit merkeleg lys, - sterkt og
mildt på ein gong. Praten stilna, og det
vart skrekkeleg stilt, ja, dei vart redde for
det ukjende lyset.
Ei myndig stemme sa til dei, - midt ut frå
lyset: Ver ikkje redde! Eg kjem med bod
til dykk om ei stor glede, ja, ei glede for
alle! Det var høgtideleg, ei høg tid, ei
fortetta og fylt tid. Var det ein engel?
1
I dag er det fødd dykk ein Frelsar, heldt
han fram: Eit barn er fødd i natt inne på
Austrheim. De skal sjå etter eit teikn:
Barnet ligg i ei eplekasse!
Og plutseleg kom det endå meir lys, - og
lyd. Jau, det var englar. Dei såg nesten
ut som folk og hadde visst ikkje venger,
men var samtidig annleis enn menneske,
og det lyste av dei. Det var ein lysglans
utan like, - himmelsk og mild og mjuk.
Og så bar det laust med song, - heile
himmelen opna seg: Ære vere Gud i det
høgste, og fred på jorda blant menneske
som Gud har glede i! Ingen hadde høyrt
slik song før, endå fleire song i kor, og
alle hadde høyrt både Sissel Kyrkjebø og
Rita Eriksen synge.
Tre rosiner tett-i-tett på
ein ståltråd.
2
Lås ståltråden med to
løkker i kvarandre.
3
Heng opp i eit tre med eit fint band
og vent og sjå om småfuglane tar seg
ein godbit!
Prøv å syne vismenne vegen
til Jesusbarnet. Du skal gå
til Herodes i midten først,
og så derifrå til Betlehem
nede til venstre. Og på
heimvegen må du passe på
å gå ein annan veg heim
til landet, slik vismennene
gjorde.
Når du har gjort det, kan du
sjekke på side 61 om det
stemmer.
- Like plutseleg som dei kom var dei
borte. Då sa dei til kvarandre: Kom igjen,
karar! Dette må vi ‘stad og sjå! Dei heiv
seg i bilane og køyrde rett på med ein
gong. Det var i eit lite hus som sist var
brukt av polske jordbær-plukkarar.
28
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Der fann dei ei heilt unge jente, Maria,
og ein mann: Josef, som måtte vere midt
i trettiåra, og: eit nyfødt barn, og det låg
faktisk i ei eplekasse! - Anleggsarbeidarane var heilt forskrekka, men dei fortalde
alt det englane hadde sagt om barnet.
Dei såg no sjølve at det var noko spesielt.
Det var det same himmelske englelyset
rundt guten, særleg når han smilte. Så
knelte dei ned. Det var liksom ikkje så
mykje anna å gjere framfor dette barnet,
- og etterpå for dei på arbeid igjen,
forundra og forandra og glade.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
29
Barneknask
Fugleknask
Lær deg å seie
god jul
på fleire språk
engelsk: Merry Christmas «merri krismess» (lystig Kristusmesse)
tysk:
Frohe Weihnachten «fråe vainakten», med «skurring» på k-en (lystig/glad heilagnatt)
spansk: Feliz Navidad «felis navidad» (glad/lukkeleg jul)
fransk: Joyeux Noël «sjåijø nåell» (lukkeleg julenatt)
italiensk: Buon Natale «boån natale», med «lyse» a-ar (god fødselsfest)
Lag
meisebolle
til
fuglane!
Av JOveig Almenning Døvle
BILDEKRYSS
Fyll ut dei vassrette linjene ut frå bilda. Då får du eit ekte juleord loddrett.
Løysing på side 61
5
1: Finn fram det du har av brød- og
kakesmular, korn, frø, nøtter og
tørka frukt. Det einaste du må passe
på er at det ikkje er harskt eller mygla, og ikkje inneheld salt (viktig!).
2
2: Smelt Delfiafett eller Flott matfett
på låg varme, det må ikkje koke.
3: Rør inn korn og vent til det har
stivna litt. Her har vi brukt tomme
tørkerullar som form, men du kan
ha det i kva form du vil, t.d. melkekartong, kakeformer eller gamle
koppar!
1
Legg i eit band eller snøre, og pass
på at det når heilt ned i botnen og
går litt på kryss og tvers for å sitje
godt fast.
4
Fyll formene og set kaldt over natta.
På kjøl rekk det med eit par timar.
4: Riv av pappen.
Romjulssnop
5: Heng meisebollen ein plass
fuglane føler seg trygge for folk og
kattar (men gjerne ein plass du ser
dei!).
Av JOveig Almenning Døvle
Kna julekrydder, t.d. nellik, ingefær,
kanel og stjerneanis, inn i marsipan.
Rull kuler og set kaldt medan du
smeltar sjokolade i vassbad. Dypp
kulene i sjokoladen og nyt!
30
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
No har du gitt småfuglane god og
viktig næring! Hugs å fylle på så
lenge det er vinter, så fuglane kan
stole på at dei finn maten der dei er
vande!
3
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
31
31
Ting som skal skje
Dette skjer i
kyrkjene i jula
Foto: Ronny Solheim
Dei tradisjonelle julekonsertane
D
ei tradisjonelle julekonsertane i
Breim og Vereide går i år av stabelen
måndag 15. og onsdag 17. desember. Konserten i Breim har vanlegvis vore 3.
søndag i advent, men er i år flytta til måndag
for ikkje å kollidere med konserten til Sigrid
Moldestad (i Trivselshagen).
NB: På julekonserten i Vereide blir det
lansering av jubileumsboka om Vereide
kyrkje.
SØNDAG 21. DES KL. 11:
Gudsteneste på Hestenesøyra. Tore Myklebust. Offer: KFUK-KFUM Sogn og Fjordane
HYEN KYRKJE 21. DES KL. 16.00:
Vi syng jula inn
Jul er tradisjonar, og søndag 21. desember
skal jula som vanleg syngast inn i Hyen
kyrkje. Som i tidlegare år fyller vi kyrkja med
vellyd frå både fastbuande og heimkomne
hyarar, og det vert som vanleg også allsong
og andakt. Nytt av året er at både Hyen
blandakor og det nyskipa Hyen barne- og
32
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
ungdomskor deltek. Barne- og ungdomskoret byrja med øvingar no i haust og vert leia
av Eli Johanne Mjellem og Marièl Eikeset
Koren. Koret er eit tilbod gjennom kyrkja i
Gloppen, og her kan born og unge frå 4.–10.
klasse vere med. Målet er at dette skal verte
eit fast kor og ein naturleg del av fritidstilbodet i Hyen. Mjellem leier også Hyen
blandakor, som heller ikkje har vore med
på å synge jula inn tidlegare år. Blandakoret
starta opp som damekor i februar 2013. Etter kvart utvida dei til blandakor, og hadde
som blandakor si fyrste framføring 17. mai
i Hyen. No består koret av ein stor og flott
gjeng med damer og eit eksklusivt knippe
solide og flinke menn.
I år vert det ein liten pause i konserten,
der det vert servering av peparkaker og
gløgg. I tillegg vert det kollekt til misjonsprosjektet ved utgangen.
Har du lyst til å kome i julestemning
saman med desse kora og fleire andre flinke
utøvarar, er du hjarteleg velkomen til Hyen
kyrkje søndag 21. desember klokka 16.00.
Romjulskonsert
SØNDAG 28. DES KL. 20.00:
VEREIDE KYRKJE
Gudstenestene
JULAFTA
Kl. 11.00: Juleandakt på Gloppen omsorgssenter. Tore Myklebust
Kl. 14.00: Breim kyrkje. Tore Myklebust.
Breimskoret. Offer: Kirkens Nødhjelp
Kl. 14.30: Vereide kyrkje. Vidar Bjotveit.
Blåsarar frå Gloppen Janitsjar og Sandane
skulekorps. Offer: Kirkens Nødhjelp
Kl. 16.00: Sandane kyrkje. Vidar Bjotveit.
Sandane barnegospel. Offer: Kirkens Nødhjelp
Kl. 16.00: Gimmestad kyrkje. Tore Myklebust. Gimmestad kantori. Offer: Kirkens
Nødhjelp
1. JULEDAG
Kl. 11.00: Vereide kyrkje. Vidar Bjotveit.
Julekoret. Blåsarar. Offer: Det Norske Misjonsselskap
Kl. 12.00: Breim kyrkje. Tore Myklebust.
Offer: Det Norske Misjonsselskap
2. JULEDAG
Kl. 11.00: Gimmestad kyrkje. Vidar
Bjotveit. Rygg songlag. Offer: Det Norske
Misjonsselskap
Kl. 11.00: Hyen kyrkje. Tore Myklebust.
Offer: Nesholmen
NYTTÅRSAFTA 1. DES. Kl. 23.00:
Gimmestad kyrkje. Midnattsmesse.
Vidar Bjotveit
NYTTÅRSDAG 1. JAN. Kl. 11.00:
Sandane kyrkje. Vidar Bjotveit
Vereide kyrkjekor med gjester held konsert i
Vereide kyrkje søndag i romjula. Hovudinnhaldet i konserten dette året er ein korsuite
av den svenske komponisten Anders Öhrwall. Det er ei samling julesongar henta frå ei
gamal svensk skulesongbok: Piae Cantiones
(Fromme songar). Fleire av desse er også
i bruk i Norge. Det er slike som Eg synger
julekvad og Det hev ei rose sprunge. Anders
Öhrwall har arrangert songane for kor og
instrument. Instrumentalistane er fløytistane
Ingrid og Maria W. Ose og Henrik Silfverhielm på cello. Elles deltek songsolistane
Synnøve Nordvik (sopran), Eivind Kandal
(tenor) og Martin E. Koren (bass), dessutan
Anders Rinde (orgel).
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
33
Jule-søndagsskule-kryssord
Løys kryssordet og
send det inn før 30. januar
1. premie: Jubileumsbok
for Vereide kyrkje
2. premie: Kyrkjebladet
årgang 2015
3. premie: 3 Flax-lodd
Vassrett
Dyr
Pris
10 Utgliding
14 Trona
17 Artikkel
18 Matkart
19 Agitasjonen
20 Hovudstad
22 Hyl
24 Plass
25 Søndagsskuledame
30 Base
32 Fridomshelt
35 Filmsal
36 Kan flesket
37 Gekko
41 Øvd
42 Lengdemål
43 Kald kul
46 Sid
47 Dessert
49 Leikedyr
52 Hundreår
53 Plagget
56 Adverb
57 Nett
67 Uthus
69 Instrument
71 Soloprestasjon
73 Byggesett
74 Svært tunghøyrd
75 Reservoar
79 Fugl
80 Studer
84 Lidenskap
86 Prest
87 Hugskot
88 Lojal kvinne i GT
90 Fantasiforteljing
92 Sed
93 Kvelving
95 Jentenamn
97 Guds ambassadør frå Gloppen
til USA
102 Etter første tiarovergangen
104 Adverb
105 T _ _ _ , bogeskyttar
34
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
35
Jule-søndagsskule-kryssord
107 Hagen i aust
108 Drøvtyggar
109 Elv
110 Ukjend
111 Rett
112 Hanne
116 Like
117 Data
118 Verdsorganisasjon
119 Blei grunnlagt i 1895 av 97
Loddrett
126 Kjenn
128 Slag
131 Fase
132 Dekode
136 Ny
139 Nokre
142 Informasjonsteknologi
144 Instrument
147 Gudinne
149 Utrop
150 Båtbyggardistrikt
151 Hastar
152 Trimming
154 Heilag kunst
159 Pynt på erme eller gardin
160 Auke
162 Bakverk
163 Prest
164 Dumskalle
165 Indianarar
166 Blodsugar
168 Høgskule
169 Kasserolle
171 Plate
172 Musikkgruppe, krypteringsmaskin, eller eigentleg gåte
174 Bruk
175 Veks
177 Spioneringa
180 Personleg pronomen
181 Tine
182 Område
184 Kald sak
185 Nesten blink
186 Preposisjon
187 Mannsnamn
190 Undertrykking
192 Spikar
194 Velhalden
197 Skritt
199 Heimstad
201 Når vatn trenger inn
203 Preposisjon
204 Trudde
205 Tal (bokmål)
206 ”Velt alle dine _ _ _ _ ”
207 Elektrisk komponent
209 Aber
210 Konkurranse
212 På nedtur
36
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
215 Vigsle
216 Student
217 Ert!
218 Avdelingar
221 Kaldt vatn
222 Parten, omvendt
223 Kaffimat
225 Pronomen
226 Anonym
237 Ein frå Austerland
239 Moderne
240 Terging
241 Det Herrens År
242 Spor
244 Merkantilt føretak
249 Lys og fager
252 ”Anløpe”
254 Pronomen
256 Hast
257 Har munkar og fangar
260 Langt nede
261 Selskap
262 Koralar
263 Nasjonalheilagdomen
264 Pater
265 Namn (bildet)
Loddrett
1 Ende eller skrå
2 ”Tipperesultat”
3 Til håret, omvendt
4 Innlysande
5 Konge
6 Tidsrom
7 Intrikat
8 Labben
9 Yte
10 Måtte
11 Liten golfting, omvendt
12 Jentenamn, omvendt
13 Søndagsskuledame
14 Plass nok
15 Matfisk
16 Bibeldel, omvendt
27 Fanga fisk
28 Heile greia
31 Hysj!
32 Blei 25 vassrett kalla
33 Fæl
34 Spørje
38 Blei 13 loddrett kalla
39 Nynorsk aksjeselskap
40 Yr og galen
42 Som
44 ”Madrass”
45 Sportsutstyr
47 Namn
48 Selet
50 Vinne
51 Tom for
52 Hiss opp! Omvendt
Julequis
54 Duft
55 Bibeldel
58 Heimen til 97 vassrett (bildet)
59 Ukjend
60 Tiltenke
61 Sy
62 Verb i presens
63 Fottøy
64 Bak ut
65 Veene
66 Klauvdyr i skogen
68 Like
69 Sven Roset
70 Bakverket
72 Snu
75 Sluttefeiring
77 Landet
82 Strev
83 Luring
84 Nam nam
85 Fase
89 Klokke
91 I ytre Nordfjord
92 Avis
94 Informasjonsteknologi
96 Hysj
97 Syster til 97 vassrett
98 Gnagar
99 Månad
100 Vigsle
101 Disponerings-planlegging
102 Einar
103 Pronomen
106 Flire
108 Svein
111 Dessert
112 Kalle opp på radio
114 Kveikt
115 Bur
120 Oppviglar
121 Straffeinstallasjon
122 Truande
123 Unni Olsen
124 Sommar-reiskap
125 Verkekraftig
127 Klode
128 Adverb
129 Normer
130 Krøsus
133 Dass
134 Platepratar
135 Munnleg
137 Glasvaskaren
138 Ta
140 Liding
141 Side/kant på segl
143 Sølvvinnar
144 Organisasjon i Midtausten
145 Papiret
146 Tal
147 Bye
148 Merk, omvendt
153 Omstreifar
155 Sunnfjord-namn
156 Vulkansjø
157 Verdsdel
158 Elektrisitet
160 Trong og smal
161 Grasbakkane
162 Petter Ervik
167 Forkorting for klokka,
omvendt
170 Bre
173 Yte
175 Filmfigur
176 Veike
177 Tidl. parti, omvendt
178 Falsk
179 Skøyten
183 Arverett
184 Stilretninga
188 Vita
189 Fråhaldsorganisasjon
191 Likt
193 I håret
195 Dambyggar
196 Fostra
198 Konjunksjon
202 Trolldom
203 Renne
208 Pronomen
211 Jentenamn
213 Klo
214 Dass
219 Tidl. parti
220 Erato er ei slik
221 Bibelsk person
223 Klo
224 Tone
227 Jentenamn
228 Multiplisert
229 Dans
230 Jøtul
231 Einfelde
232 Badstove
233 Moderne
234 Gnukk
235 Frå Noreg
236 Jordhytta
237 Dufta
238 Medrekna
240 Tal, bokmål
242 Strykeinstrumentet
243 Grei
245 Prest
246 Organisasjon
247 Nordmann
248 Pussig
250 Høgtid
251 Kone
253 Smykkestoff
255 Kjemme, bokmål
Ganske lett:
Kven hadde vore i
kakeboksen?
Det er ikkje pent å stele, sa mor og såg
strengt på firlingane sine, Lars, Lukas, Lotte
og Lise. Kven av dykk er det som har vore i
spiskammerset i går kveld og ete halvparten
av berlinerkransane eg nettopp hadde steikt?
Eg likar ikkje berlinerkransar, sa Lars.
Eg var hos tante Gudrun i går kveld, sa
Lukas. Eg når ikkje opp der den boksen står,
sa Lotte. Eg trur eg såg Trofast kome frå
spiskammerset, sa Lise.
Kven tenkjer du er den skuldige?
Litt mølegare:
Julenøtter
Else, Tove og Hans har fått ein pose
med nøtter til jul av tante Sofie. Julekvelden
knekkjer dei ein sjettepart av nøttene på
kvar. Else får ei dårleg nøtt som ho må kaste,
men får ei ny i staden for.
Fyrste juledag knekkjer dei ein femtepart
på kvar av dei nøttene som er igjen.
Andre juledag knekkjer dei ein fjerdepart
på kvar av dei nøttene som er igjen, og så får
mor og far to nøtter på kvar.
«Men kva skal vi gjere med den eine nøtta
som er igjen?» spør Else. Dei blir einige om
at den skal tante Sofie få når ho kjem på
besøk – men kor mange nøtter var det då i
posen frå starten av?
Endå mølegare:
Isracet
For mange år sidan fraus det tjukk is
over heile Breimsvatnet, og det var heilt trygt
å køyre utpå med bil. Ein dag var det tre kameratar som fann ut at dei skulle arrangere
kappkøyring på isen. Dei heitte Hetle, Seime
og Reed, og bilane var, i tilfeldig rekkjefølgje,
ein Volvo, ein Opel og ein Toyota. Ein av dei
som såg på, fortalde meg dette:
Midt i løpet kom Volvoen for langt opp
under land og vart ståande fast på ein stein
heilt til dei andre var komne i mål. Herr
Reed hadde kvit bil. Han som køyrde Opelen
hadde vore ferievikar i Posten i tre somrar
og køyrt Kandalsruta. Herr Seime kunne
ha vunne viss han ikkje hadde snurra i siste
svingen. Vinnarbilen var mørk blå. Herr
Hetle hadde nettopp teke sertifikat.
Kan du då fortelje meg kva bilmerke kvar av
dei tre køyrde, og kva plass dei kom på?
Skikkeleg møleg:
Juleselskapet
Hei – eg heiter Astrid og er gift med
Sigvald. Kvar jul blir vi bedne i selskap til
tanta mi, Bolla, som er gift med Sigvald sin
onkel, Henrik.
Det er alltid dei same gjestene der kvart år,
nemleg bror min, Rolf, som er gift med Sara,
og syster mi, Tone, som er gift med Erling.
Sara og Erling er faktisk sysken.
Så er Sigvald sine sysken også inviterte,
nemleg Helga, som er gift med Robert, og
Morten, som er gift med Janne. Og tru det
eller ei – Robert og Janne er også sysken,
ikkje berre med kvarandre, men med Sara og
Erling og! Av ein syskenflokk på fire er altså
to gifte med mine sysken, og dei to andre
gifte med Sigvald sine sysken.
Tante Bolla likar å lage til leikar og moro
i juleselskapa sine, og i fjor fekk vi litt av ei
oppgåve av henne då vi skulle gå til bords:
Vi skulle nemleg setje oss på dei 12 plassane
etter tre bestemte reglar:
Vi skulle sitje annankvar mann og kvinne.
Ektefeller skulle ikkje sitje attmed kvarandre.
Sysken skulle heller ikkje sitje attmed
kvarandre.
Dette kan umuleg gå, ropte Janne etter
20 minutt. Tja – kva seier du, kom vi oss til
bords til slutt? Og i så fall, kven sat kvar på
dei 12 plassane? (Du kan nummerere frå 1 til
12 som på klokka.)
Kva for ein julesong?
Du kan løyse oppgåva stilt for deg
sjølv eller ta det som ein selskapsleik.
Då kan du til dømes gje deltakarane ark
og blyant. Dei deler arket i fire spalter, 4
poeng for spalte ein, 3 for spalte to osb.
Så les du høgt det første ordet, og deltakarane skriv forslag i spalte ein på arket
sitt. Så les du neste ord, og dei skriv i
spalte to. Når du les rette svar til slutt,
reknar alle ut kor mange poeng dei fekk.
Rett svar finn du på side 61.
1) halleluja - gledebod – Austerland – krubberom
2) skjønt - lød – prektig - henrulle
3) skinner - hviler – forlatt - stjerneskinn
4) stall - sjeleskatt – små - kongsstol
5) lovsang – tilbe – lys av lys – kristenskare
6) stjerna – vise menn – krakken – Jordmor-Matja
7) lysstreif – stråler – tennes – julelys
8) lengsel – palmegrene – under – føderom
9) glede - drage - knytter - bukker
10) konge - sol – jord - himmelborg
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
37
Mat frå Sri Lanka
Vi har funne oss
godt til rette
Tekst og foto: Gunn Hole
M
ary og Anthony frå Sri Lanka
kan gjerne omtalast som Ekteparet med stor E. Ser du den
eine, kan du rekne med at den
andre er like rundt hjørnet. For sju år sidan
kom dei saman med sonen som flyktningar til Gloppen. Med sin lune og vennlege
veremåte skaper dei ei god atmosfære kring
seg. Vi har invitert dei til å formidle noko av
livshistoria si til lesarane av Kyrkjebladet, og
fortelje om adventstid og jul i heimlandet.
Lysestøypar og fredsarbeidar
- Vi høyrer begge til ei minoritetsgruppe
som heiter Burgher people, fortel Anthony.
- Dette har sin bakgrunn i kolonitida, der
folk kom som immigrantar frå fleire land i
Europa. Vi er derfor meir vestleg orienterte
i skikkane våre enn til dømes tamilar og
singalesarar. Eg er nok arveleg belasta når
det gjeld å vere kreativ, for far min var ein
dyktig smed som tenkte meir på kvalitet enn
på forteneste. Eg har heile mitt liv hatt fleire
hobbyar, for eg trivst best når eg får skape
noko. Eg ser meg nytte i ting som mange her
behandlar som verdlaust, til dømes kapp av
trematerial og skalet på ei kokosnøtt. Hos
meg blir dette til leiker og smykke. Men det
gjævaste er å støype lys. I heimbyen min var
det eg som sytte for at kyrkja hadde lys. Særleg til påske og jul støypte eg mykje, og lysa
var gjerne høge, opptil 60 cm. Eg såg stort på
denne oppgåva.
Det var mykje politisk uro på Sri Lanka,
og eg vart involvert i fredsarbeid. Eg la vekt
på å vere heilt nøytral i rolla mi, men likevel
vart situasjonen direkte farleg. Eg trong
vern, og vi fekk raskt status som flyktningar.
Dette vart ordna i all hast, og vi kunne ha
reist omtrent på dagen. Men eg kom i eit
dilemma: Påska stod for døra, og eg hadde
lova å støype lys til kyrkja. Eg ønskte å halde
lovnaden min og gjere denne siste tenesta.
Straks lysa var ferdige og leverte, for vi frå
øya og direkte til Gloppen.
Det var ei enorm lette å komme til dette
fredelege og velorganiserte landet! Her
38
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
kjende eg meg trygg. Den største utfordringa var språket, særleg uttalen, der slit eg
framleis. Eg tykkjer godt om ordninga med
språk- og arbeidspraksis. Ein vert kjend med
fleire, bruker språket i daglegtale og får prøve
seg i ulike yrke. I ein alder av 65 år fekk eg
fast jobb på Strukturplast. Då var eg stolt! No
har eg nyleg pensjonert meg, men jobbar der
når dei treng ekstra folk.
Solid husmor og støttespelar
- Mi hovudoppgåve har vore omsorg for
heim og familie, held Mary fram. - Slik er det
for dei fleste kvinner i min kultur, og eg ser
på dette som eit viktig arbeid. Når eg tenkjer
tilbake, hadde eg eigentleg hendene fulle
heile tida. I fleire år var dessutan Anthony
i Saudi-Arabia som kvalitetskontrollør på
ein sementfabrikk, og då var eg åleine med
ansvaret for dottera vår. Heldigvis hadde eg
mor og storfamilien. Seinare, då mannen
min vart involvert i fredsarbeid, var eg ofte
uroleg for han. Men eg opplevde det også
vanskeleg å etablere seg i eit nytt land. Eg
sakna mine eigne, og det var mange tunge
stunder den første tida. Heldigvis har vi
halde kontakta med våre nærmaste på Skype.
No er alt lettare, eg kjenner fleire her og
forstår meir av språk og samfunn. Det var
utfordrande å lære eit nytt språk når ein ikkje er ungdom lenger, men det gjekk trass alt
ganske bra, seier ho.
I fritida heklar eg dukar etter tradisjonelt
mønster. Strikking fell ikkje naturleg for
oss frå Sri Lanka, for folk treng ikkje slike
tjukke klede der, smiler ho. Eg har derimot
lært meg å dekorere treleikene som Anthony
lagar. Det var nytt og kjekt. Det meste av
matlaginga er mi oppgåve, og eg skjemmer
sikkert bort både mann og son.
Advent og jul
- Gjeremåla i adventstida er stort sett like i
dei to landa, fortel ho. - Stort sett steller eg
med det same her som på Sri Lanka: Vaskar
og pyntar heimen, syter for juleklede, kjøper
julepresangar og lagar mat. Vi tek vare på
Auberginekarri
Daddelkake
Til 6-8 personar
2 auberginar, ca. 500 g
150 g løk
200 g tomat
1 ts grovknust raud chili (eller mindre)
karriblad
¼ ts kardemomme
500 ml solsikkeolje eller maisolje
salt
1 ss grovknust tørka tunfisk eller 1 klype
gastromat. Dette kan utelatast dersom
du vil lage ein vegetarrett
50 ml vatn eller kokosmjølk til slutt dersom du ønskjer ein saftigare rett
600 g dadlar
1 kopp vatn
300 g sukker
300 g smør
4 store eller 5 små egg
300 g mjøl
1 ts natron
1 ½ ts bakepulver
1 ts vanilje-essens ½ ts muskat
Slik gjer du:
våre gamle tradisjonar, men tilpassar oss til
nye skikkar.
Julekvelden på Sri Lanka er ganske forskjellig frå norsk julefeiring! Folk kjem pynta
i sin finaste stas til midnattsmesse i kyrkja
24. desember. Når klokka er tolv, kimar
kyrkjeklokkene, presten roper «Glory to
God» og trekkjer frå eit forheng, og den store
julekrybba kjem til syne. Alle gleder seg. Ute
skyt ungdomar opp fyrverkeri, og det er eit
spetakkel mest utan sidestykke! Dette prøver
presten å forhindre kvart einaste år, men
likevel gjennomfører ungdomane det. Så han
må gje seg, utan at det vert nokon stor krangel kring dette. Etter denne spesielle messa
går familiane heim kvar til sitt, et og drikk
og opnar julegåver utover heile natta. Også
barna får vere oppe ut i dei små timar!
- Vi må fortelje om ein særleg vakker
tradisjon julenatta, smiler Anthony og reiser
tilbake i tankane. Korgrupper på 4-5 perso-
nar kler seg ut som aktørane i juleevangeliet
og kjem på besøk for å syngje julesongar.
Det er stemningsfullt. Nokre av songane er
kjende her og, for eksempel: “Long time ago
in Bethlehem, so the Holy Bible say, Mary’s
boy child Jesus Christ was born on Christmas Day.”
Første juledag startar julegjesteboda. Folk
går på julebesøk til slekt og familie heilt fram
til 7. januar, som er Heilage tre kongars dag.
- Julematen er tradisjonsrik, og vi deler
gjerne oppskrifter. Som kaffimat vil eg anbefale Daddelkake, seier Mary. Vi brukar ikkje
is til kaka slik som bildet viser, men det fell
truleg godt i smak for dykk som er norske.
Kaka er søt og fyldig, så ein kan godt redusere litt på sukkermengda. Til julemiddag
brukar vi ofte ein rett som blir kalla Auberginekarri. Den oppskrifta er også frå heimlandet vårt og er vel verdt å prøve!
Skjer auberginane i 3 tommar lange
strimlar og del dei deretter opp i ca. 8
vertikale stykke. Legg dei i saltvatn, elles vil fargen bli endra. Skjer opp løk og
tomat i store bitar. Hell oljen i ei gryte
og varm han ved moderat temperatur.
Tøm vatnet av auberginane og la dei
koke i oljegryta til dei blir gyllenbrune.
Ta dei opp og legg dei på eit fat. Kok
deretter løken i same oljen til han får fin
farge, ta han opp og legg han til sides.
Kok til slutt karriblada til dei vert mørkegrøne. La alle ingrediensane ligge
åtskilt etterpå.
Legg tomatbitane i ei gryte og kok
opp ved middels sterk varme. Rør medan dei vert sundkokte. Legg i resten
av ingrediensane. Rør alt saman med
tomatane og kok i 5-6 minutt. Ta gryta
av komfyren og smak til med salt og
krydder. Denne retten smakar godt med
ris eller brød til.
Del dadlane i to og ta ut steinane.
Smelt smør saman med sukker i ei
panne. Tilset vatn og varm opp blandinga under omrøring. Når det boblar, skal dadlane leggast i. La dette
koke i 1 minutt og ta så panna av plata. Rør godt medan natron vert dryssa
i. La røra stå ei stund til avkjøling. Når
ho er kald, skal egg og mjøl vispast
vekselvis i til ein jamn deig. Hell deiga
i ei stor, smurd platekakeform (34x24
cm) og steik i ca. 40 minutt ved 160
grader. Lagar du 1/3 porsjon, er ei lita
springform høveleg.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
39
Mat frå Gloppen
Smilande og blid som alltid møtte meisterkokken
Bodil Kyrkjebladet til ein liten julematprat.
gande med det norske flagget fram gjennom
salen til scena.)
‘
Norsk på menyen
-Kor lenge har du vore på Gloppen Hotell?
Eg begynte som kjøkensjef her i 2006. Då eg
begynte her, sa Dag Moen: Gjer akkurat det
du vil. Eg fekk frie tøylar, og det tykte eg var
kjekt. Vi la om menyen til lokallaga mat ganske kjapt. Vi var av dei første som begynte
med det i Norge. No er det blitt populært
fleire stader. Dette førte til at vi auka omsetjinga med ein million.
Matmerk jobbar for norsk og lokal mat
og arrangerer ein konkurranse kvart år. Dei
hjelper også bedrifter til å kome i gang. Vi
skulle sende inn menyen vår til dei. Matmerk
vurderer korleis ein skriv menyane og om
ein brukar norske faguttrykk. Det er viktig
at folk skjønar kva dei får servert. Og prisen
på 25 000 kroner gjekk til Gloppen Hotell. Vi
gratulerer!
Julematprat med Bodil Fjellestad Eikrem
Fjellbygdejente med sans
for den gode smaken
Tekst og bilete: Harald Aske
Bodil er ei frisk og
engasjert jente som
brenn for lokale råvarer
og norske menyar. Ho
har allereie vunne fleire
prisar, og ho er med
på bokutgjeving som
set Gloppen og råvarer
herifrå på menyen.
Oppskrift på svineribbe
og berlinerkransar lærer
ho gjerne bort.
40
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
B
odil er fødd i 1981 og oppvaksen i Indre Fjellbygda saman med fire sysken.
Ho var den typen som ikkje skulle gå
glipp av noko og var med på mykje i oppveksten. Drill i Sandane skulekorps i 6 år og
det som var av sport og idrett, som handball,
friidrett og ski om vinteren. Dessutan var
ho veldig aktiv i 4H. - Etter kvart måtte eg
prioritere kva eg ville vere med på.
-Var det noko påverknad heimafrå sidan
du valde å verte kokk?
Foreldra mine har heile tida peika på at eg
måtte velje det eg hadde lyst til. Men eg ser at
eg har vakse opp med skikkeleg middag kvar
dag, og heimelaga brød. Eg var litt kresen då
eg var lita, men då eg begynte på skulekjøken, så var det òg noko som interesserte meg.
-Kvar fekk du utdanninga som kokk? På
Øyrane vidaregåande skule i Førde. Der var
eg i to år. Så var eg kokkelærling i Oslo i to
år, og der tok eg fagbrevet mitt.
Det norske måltid
Bodil var med i den TV2-sende konkurransen til Det norske måltid i Stavanger 2011.
Ho kan fortelje at filmteamet var her på førehand og filma ein heil dag. Heftig! Dei filma
rundt om i Gloppen, litt produsentar og litt
oss. Dei skulle plukke ut kokkar og produsentar dei ville ha med i programmet. Laga
kom frå fem forskjellige regionar. Det var
TV2 som sette saman laga. Så fekk vi utlevert
forskjellige råvarer vi skulle bruke. Eg hadde
mest ansvaret for desserten, bløtkaka. Og
laget frå Vest vann. (Alle som fylgde med på
TV, kunne sjå ei jublande jente kome sprin-
Spiskammers – flott ny bok
Saman med Ove Eide og med Ronny
Solheim som fotograf, har Bodil gitt ut eit
prakteksempar av ei kokebok. Der finn ein
flott natur og lokalhistorie frå Gloppen, og
dei får presentert ein del av produsentane.
Det var viktig for Bodil!
-Korleis arbeidde de med boka? Eg var veldig glad for at Ove ville vere med på å skrive
boka. Han har skrive bøker før og veit korleis
det fungerer. Det er han som har skrive alle
tekstane om produsentane og mathistorikken i Gloppen. Eg har stått for alle oppskriftene og testa dei ut.
Julemat
-Men der er lite julemat i boka? –Ja, det
stemmer. Men eg kan fortelje om to av mine
favorittar: Svineribbe og berlinerkransar.
Svineribbe går det veldig mykje av her på
hotellet òg. Vi brukar lokale råvarer. Eg
voks opp med all verdens julekaker. Sjølv
lagar eg ikkje julekaker heime - det får
eg. Berlinerkransane tykkjer eg er heilt
fantastiske.
Som juledessert vil eg anbefale riskrem
med heimelaga saus av bringebær og gjerne
litt jordbær. Ha sukker i bæra og kok opp - så
silar ein av safta og brukar til saus.
-Kva med saueribbe? -Må ha det på julafta.
Her på hotellet startar vi i september med å
lage pinnekjøt. Heime får vi lam frå garden salta og tørka.
Svineribbe med sprø svor klar
for servering.
Svineribbe
Berlinerkransar
2 hardkokte egg - 2 eggeplommer
- 125 g sukker - 250 g romtemperert
smør - 300 g kveitemjøl - 1 eggekvite til pensling - 3 ss perlesukker
Gni dei kokte eggeplommene godt
ut og rør dei saman med dei rå. Tilset
sukkeret og pisk eggedosis. Rør inn
romtemperert smør vekselvis med
mjølet (mjølmengda må regulerast litt
etter storleiken på eggeplommene).
Elt deigen jamn, men ikkje arbeid for
mykje med han. Dekk til deigen med
plast og la han stå i kjøleskap i ca. 1
time. Trill ut pølser på storleik med ein
veslefinger, del dei opp i ca. 12 cm
lange bitar og form dei til små kransar.
Legg kransane på bakepapir, pensle
med samanpiska eggekvite og strø på
perlesukker. Steik i midten av omnen
på 175 grader i ca. 10 minutt til dei
er lysegule og gjennomsteikte. Avkjøl
på rist.
1. Skjer gjennom svoren og litt ned
i spekket med ein skarp, spiss kniv.
Dersom du rutar opp parallelt med
ribbebeina, blir det lettare å få fine
bitar ved servering. Gni inn ribba med
salt og pepar (er du tolmodig, let du
ribba stå på kjøl 2-3 døgn før steiking,
tildekt med plast).
2. Legg ribba i langpanne med svoren
opp. Legg ein tallerk opp ned under
ribba så det vert litt høgde på midten.
(Då renn det smelta feittet vekk). Prøv
å få ribba like høg på begge sider for å
få eit fint steikeresultat.
Ha vatn i forma og dekk godt til med
folie (folien må vere heilt tett).
3. Steik ved 230 grader midt i omnen
i ca. 45 minutt (då blæs svoren seg litt
opp og spriker).
4. Fjern folien og reduser temperaturen til 200 grader. Set ribba tilbake
midt i omnen og steik vidare i ca.1 ½
time for tynnribba og ca. 2 timar for
familieribba.
5. La ribba kvile i ca. 20 minutt før du
skjer i ho.
Slik skal berlinerkransane sjå ut.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
41
Lys Vaken
Lys vaken i Vereide kyrkje
For Vereide og Gimmestad sokn
Tekst og foto: Harald Aske
I
år var 11-åringane frå Vereide og Gimmestad sokn samla til Lys vaken-helg
i Vereidskyrkja 29.-30. november.35
elevar hadde møtt fram for å vere med på
trusopplæringsprosjektet. For første gong
skulle dei overnatte i kyrkja. Trusopplærar
Marièl Eikeset Koren hadde ansvaret for
aktivitetane då Kyrkjebladet kom på besøk.
Framme i koret stod dei i stor ring og var
med på avisleiken. Seinare vart dei plasserte
langs midtgangen og skulle forflytte seg raskt
frå side til side - frå land til vatn. Dersom
reaksjonen var feil, måtte dei forlate leiken.
Stemninga var skikkeleg god og lydnivået
like så. Men det venta rolegare oppgåver
etter kvart: Då fekk alle «låne» sin bibel og
vi tok bilete av dei. Etter kvart vart dei delte
i fire grupper og fekk oppgåver knytte til å
finne fram i Bibelen. Kveldsmat og bålbrenning stod også på programmet, og etter kvart
skulle dei overnatte på galleriet – jentene på
sørsida og gutane på nordsida. Gutane Det
vart visst heitt og lite søvn. Prest, organist,
trusopplærar, medliturgar, Sandane Soul
Children og 11-åringane sjølve var med
på å lage ei festgudsteneste på søndag. Dei
fekk bibel, las og dramatiserte tekstar og las
bøner. Slik skal det vere.
Framme frå v.
Alice Kandal Mjøs, Mathea Solheim,
Mari Solheim, Sunniva Fure, Emma
Holvik, Maja Selsvik, Andreas Aske
Granheim, Kjetil Drageset Nes, Sindre
Sollid, Hallvard Bjotveit, Hermann
Solheim, Joakim Sola Strand.
2. rekkje:
Thea Rygg, Rebecca Røed Frøyset,
Estere Kristovska, Kellie Huus, Berit
Leirgul, Anna Fjellestad, Thea Christine
Evebø, Tobias Øren Leirgul, Fredrik
Osa Holtan, Sivert Fure Skinlo, Sander
Rauset Skogli, Tobias Mølmesdal
Aaberg.
I Hyen delte Tore Myklebust ut biblar til 11-åringane.
42
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
3. rekkje:
Emily Olin Wilke, Leah Røed Frøyset,
Julie Kristin Skjerdal, Maren Brunsvik
Rygg, Oscar Eystad, Torgeir Maritson
Grøneng, Elias Eikenes Osland, Reber
Bariaji, Markus Berle Fjellestad, Jonas
Aagård Arnestad, Mathias Lothe.
Lys vaken i Breim
Tekst og foto Venke Kollbotn
F
rå laurdag 22. til søndag 23. november var det for første gong overnatting i Breim kyrkje i samband med
Lys vaken. Dei 11 - åringane som ville,
kunne få overnatte i kyrkja. Arrangementet
starta laurdags kvelden og vart avslutta med
gudsteneste søndagen. Litt av kvelden gjekk
med til å førebu gudstenesta. Det er usikkert om dei hadde sove godt, men dei var
iallfall klare til innsats då gudstenesta tok til
kl. 11. Tema for gudstenesta var omtanke og
omsorg for kvarandre. 11- åringane deltok
med tekstlesing og song saman med Breim
Soul Children. Dei mange som var møtte
opp på gudstenesta fekk høyre mykje song,
og det var god stemning. Alle 11- åringane
fekk utdelt biblar. Gudstenesta vart avslutta
med kyrkjekaffi.
11-åringane i Breim song ilag med Breim Soul Children.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
43
Haustmøte på Nordfjord folkehøgskule
Det var fullt i kyrkja av ungdom og eldre som var samla til haustmøte i oktober.
Sigmund Evensen er generalsekretær i norsk
avdeling av Wycliff–instituttet og har drive
med bibelomsetjing. Han var talar både laurdag og søndag, og til stor inspirasjon.
Det er mykje fest i eit skikkeleg kakebord!
Stine Bostrøm (til venstre) og Yngvill Berge er elevar ved Nordfjord folkehøgskule og har
vore heilt til Okhaldhunga sjukehus i Nepal. På haustmøtet fortalde dei om turen og det
dei såg på sjukehuset.
Sterkt møte med
ei annleis verd!
Haustmøte på Nordfjord folkehøgskule
Liv i gammal tradisjon
Tekst og foto Oddvar Almenning
Fullsett Vereidskyrkje søndag, med straumar av unge og eldre til
nattverd, deltakande ungdom i tenesta, engasjert forkynning og
glødande sjeler. Jau, det var haustmøte på ”gamlemåten”, sjølv
om ting er endra. Bibelomsetjing og misjon stod sentralt på årets haustmøte på folkehøgskulen. Det var ei helg til inspirasjon og
styrke for trua, prega av begeistra informasjon og trygg tru på ei
uro for dei ufrelste, med plass til fleire enn dei mange som kom.
S
igmund Evensen har vore midt i
førstelinjes pionerarbeid langt inne i
jungelen på Papua Ny-Guinea, langt
aust i Oseania (nord for Australia)
i 20 år. Frå å vere ei isolert og frykta folkegruppe med grannestrid, svart magi, drap
og kannibalisme, endra Umanakaina-folket
seg ved at dei fekk Bibelen og ordet om frelsa
44
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
gjennom det arbeidet som Evensen gjorde.
Først måtte misjonærane lære seg språket,
og så kunne dei prate, og etter kvart omsetje
meir og meir av Bibelen til denne vesle gruppa på eit par tusen menneske med sitt eige
språk. Dermed fekk dei alfabetisert morsmålet ”på kjøpet”. Ordet gjorde si gjerning, og
folket kom til tru. Det høyrest enkelt ut når
det blir fortalt så kort, men Evensen opplyser
at ”å knekke koden inn til folkets virkelighetsverden tok mange år.”
Dette, og mykje meir om kva bibelomsetjing kan vere, fekk Evensen formidla
gjennom eit tre timars seminar for elevane
laurdag føre middag, bibeltime for alle kl.
16.00 og i talen på festkvelden laurdag. Det
var også Evensen som heldt preika i Vereidskyrkja på gudstenesta søndag.
Okhaldhunga sjukehus
Stine Bostrøm frå Trondheim og Yngvill
Berge frå Ølve i Kvinnherad har vore på
besøk på sjukehuset som er skulen sitt bistandsprosjekt år etter år. Dei fortalde og viste
bilde frå sjukehuset, og var tydeleg begeistra
over å lære så mykje om det dei skal ha som
oppgåve å samle pengar til i år og.
Heime i Nordfjord: -tenk om det går
bra!
Men ikkje alt dreia seg om folk på den andre
sida av kloden. Festleiar Vegard Tennebø
utfordra Frode Kvalheim til å kome med ei
helsing, og han fortalde om ting som no skjer
ut frå bedehuset i Måløy. Ungdomsarbeid,
bedehusmøte og husmøte vart nemnt. Det er
viktig å vere i lag med vanlege menneske,
også dei som ikkje trur, sa Frode. Korleis
skal vi elles få fortalt om kva vi trur på? Og
så må vi slutte å tenke: Tenk om det går
gale. Vi må seie: Tenk om det går godt! Di
meir vi går ut til folk med trua, di modigare
blir vi! Sa Frode Kvalheim.
Kakefest for misjonen og evangeliet
Festen laurdag inneheldt mykje å glede seg
over. God og særprega leiing, informativ og
inspirerande forkynning, humor, misjonsinnslag ved elevar og eit festbord av kaffi
og kaker etter at programmet var til ende.
Slik såg vi atter ein gong at eit samarbeid
mellom skulen, eigaren (Normisjon) og
bygdefolket gjev gode resultat! Hald fram
med det. Og til slutt eit lite minne knytt
til haustmøtet. Tanta mi, som ikkje hadde
vore med det året, spurde korleis det gjekk
på haustmøtet, og som tilsett på skulen
og dirigent for koret kunne eg svare litt
sakleg om korleis det hadde vore. Det gjekk
godt, sa eg. Det er ikkje det du skal seie, sa
ho. Du skal seie: -Og den Hellige Ånd var
mektig til stede iblant oss! Det kan vi seie
om Haustmøtet 2014: Og den Hellige Ånd
var mektig til stede iblant oss!
V
i snakka med Yngvill og Stine
etter festen, og spurde dei ut litt
meir om kvifor det var nettopp
dei som fekk reise. Dei fortalde at det
var mange av elevane som hadde meldt
seg interesserte, så det blei loddtrekking.
Begge jentene er med i ”bistandsstyret”
på skulen, og reknar med at dei dermed
blei prioriterte.
Det er ei lang ferd frå Vestlandet til
Okhaldhunga. Ikkje minst turen frå Katmandu flyplass til sjukehuset, 12 timar
bilkøyring på smale vegar fram til ei lang
hengebru som ikkje toler køyretøy, og så
langt på ny jeep etter at dei kom gåande
over til den andre sida med bagasjen.
-Korleis var det å kome fram?
Det var som ei anna verd! Det var bra
vi var godt førebudde! På dei tre dagane
vi var der fekk vi med oss svært mykje.
Det var lagt godt til rette. Vi såg nybygga, møtte dei som jobbar på sjukehuset
og fekk god informasjon om kva dei driv
med, og vi fekk møte lokalbefolkninga.
Det er familien som må syte for mat
til den som er sjuk, så det er heile tida
mange fleire enn dei sjuke på besøk.
-Då var det fingerspråket som galdt?
Ja, masse fingerspråk! Men ikkje berre
det. Dei yngste kan faktisk ein god del
engelsk, for no har dei engelsk i skulen.
Og Kristin Bøhler som tok seg av oss og
hadde lagt opp program for oss, var også
med som tolk.
-Møtte de Erik Bøhler og?
Ja, vi fekk prate litt med han. Men han
var mykje oppteken, - opererte og opererte heile tida! Tenk for ein mann.
Og vi frå Kyrkjebladet fekk fortelje
jentene at både misjonsforeininga på Vereide og Hyen kyrkjelyd har god kontakt
med sjukehuset, og har kjent prosjektet i
mange år og er med på å ta ansvar.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
45
Boka om Vereide kyrkje
Takk
for røtene
våre!
Av Asbjørg Apalset
I
Asbjørgs klipp
Organisasjonane veks fram:
I dag er det mange organisasjonar som arbeider i kyrkja eller samarbeider med henne. I
1870-åra voks dei friviljuge organisasjonane
fram frå lause samanslutningar. Merk: Dei
fleste var kvinneforeiningar! Kva desse har
hatt å seie for misjonsøkonomi og -kunnskap, organisasjonsbygging, kvinner si
sjølvstendiggjering, kan vi knapt tenkje oss.
Eg starta med å takke for røtene, og ser vi
på kyrkjelyden vår i dag, kan vi òg takke for
greinene.
VEREIDE KYRKJE
gjennomlesinga av jubileumsboka for
Prestar møter bygda:
Vereide kyrkje vert eg fylt med takkEg nemnde visitasbøkene som skildra glopsemd for dei røtene vi
parane på så ymist vis.
har, både dei som ligg oppe
Prestesonen Johan Prytz
i dagen, dei som er halvsine minne frå Gloppen er
VEREIDE KYRKJE
vegs synlege og dei som ligg
det moro å lese. Det stråKyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år
gøymde.
lar slik varme ut frå desse.
For meg er det av interesse
at han skriv at dei “bodde
Mellomalderen:
på en gård litt nordenfor
Kva kan krossen ved kyrkja
Vereide, der hadde vi gode
seie oss om gudstrua? Kva er
naboer og sådant mere”.
alderen på kyrkja? Var det solDet var på den garden eg
dyrking der? Er delar av muren
no sit og skriv! Dei gamle
så gammal at ein kan tenkje
her hadde gode minne om
seg at vereidarane sleit og
Prytz-familien.
drog fram stein medan det var
Vereide kyrkje. Kyrkjestad og
slåsting på Stiklestad? Vi veit
kyrkjelyd gjennom 850 år.
litt ut frå funn og skrifter, og
Ove Eide, redaktør, Ronny
Song og musikk:
det er presentert og sett saman
Solheim, foto og Bård Vereide,
Dei lutherske kyrkjene har
til ein artikkel som etterlet seg
biletredaktør.
sterk tradisjon for song
undring og hug til å vite meir.
og musikk. Luther sjølv
skreiv både tekstar og melodiar. I Gloppen
har vi eit rikt song- og musikkliv der ulike
Reformasjonstida:
musikksjangrar er ynskt velkomen i kyrkjeI Torill Fjellestad sin artikkel finn vi mange
ne. Det er ein fryd å lese artiklane til Anders
opplysningar bak “dei turre tala”. Ei ny lære
vart innført, nye skikkar, ny kyrkjeordning. Det Rinde og Elin Grytting. Det er to ulike
tradisjonar dei representerer, tradisjonar som
kom inn nye kunstuttrykk. Om det vart utreinutfyller kvarandre. Dei syner både dei nasjoska biletkunst, veit vi ikkje, men med lutherdonale og dei internasjonale røtene som vert
men kom kyrkjelydssongen inn, på folkemålet
tekne opp i gudstenester og på konsertar.
(hos oss diverre dansk). Katekismustavla kom
Sidan det er Rinde som skriv om organispå plass i fleire kyrkjer i Gloppen, anna inventane, er det ein smålåten omtale av han som
tar kan òg vere frå denne tida.
har vore i teneste her i over 30 år og har gjort
så mykje for musikklivet i kyrkja vår!
Det myndige lekfolket:
Konventikkelplakaten vart oppheva i 1842.
Lekfolk kunne tidlegare ikkje samlast om Guds
Prestane i Vereide kyrkje:
ord utan at ein prest var til stades eller hadde
Det er imponerande at det finst ei presterekgjeve sitt samtykke. Separatistane på Nesjane
ke heilt frå reformasjonen til i dag. Eg saknar
tok kostnaden ved å gjere det dei tykte var
liste over dei som var residerande kapellanar
rett, når presten ikkje gjorde det. Hans Nielsen
i Gloppen og sokneprestar i Gimmestad og
Hauge var i Gloppen tre gonger og møtte
Hyen. Dei òg har eller har hatt teneste i Vermotstand frå presten. Konflikten mellom Hefeide kyrkje. Harald Forland t.d. var i teneste
fermehl og Skule-Jo er ein sår bolk i den lokale
her i 14 år, og han er oppvaksen på Vereide.
kyrkjesoga. Biskopane førte visitasbøker der
“Gamlepresten“ Olaf Sigurd Gundersen vert
vi kan sjå stoda i kyrkjelyden frå deira ståstad.
presentert i eit eige intervju. Vi møter han òg
Dette er lesnad som kan kalle på både lått og
gjennom dei spor vi finn i kunsten han har
gråt. Ikkje alt var betre i gamle dagar!
tilført kyrkjene, som auksjonarius, i minna
Kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år
46
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Ove Eide
om mange tradisjonelle og utradisjonelle
gudstenester. Han er òg forfattaren bak fleire
av artiklane i boka.
Julaften
På kyrkjeferd:
Neste gong du drøftar med deg sjølv om du
skal fare til kyrkje ein preikesøndag, les Arne
Eikenes sin artikkel om kyrkjeferdene i eldre
tid. Kva gjorde ikkje folk for å kome til kyrkje
og høyre Guds ord! Les heile artikkelen, heilt
til slutt. Om du vil gå, ro eller køyre bil, kan
du fritt velje.
Tekst:A.F.W.J. Prytz Melodi: Lars Søraas
Illustrasjonar:
Jubileumsboka er sett saman av gode artiklar,
biletstoffet er rikhaldig, og dei fleste bileta har
høg kvalitet. Mange av bileta kan godt brukast
til refleksjon og ettertanke. Takk til dei som
har turka støv av gamle bilete og til dei som
har bore på kamera for å feste heilage augneblinkar på papir. Når eg ser på dei nyaste
bileta, får eg lyst til å ta treet som symbol att:
Takk for dei nye skota som har kome til.
Nokre merknader:
Kvar var kvinnene? Dette er ei bok om menn.
Vi kan seie at soga var slik. Men var kvinnene
så usynlege? Kva var ein prestegard utan prestekone? Eg ville gjerne ha høyrt deira røyst.
Vi har ein tekstilkunstnar, Jorunn Vereide,
som har laga vakre kyrkjetekstilar til Vereide
kyrkje. Det kunne ha vore med eit intervju
om korleis det er å arbeide med slike oppgåver og med bilete av arbeida hennar. Korleis
er deltakinga i dei kyrkjelege rådsorgana? Når
kom kvinnene med der? Dette er ikkje meint
som sur kritikk, men det er noko eg så gjerne
ville vite.
Tips til lesemåte:
Finn t.d. kva for år besteforeldra dine gifta
seg. Leit deg fram til kven det var som vigde
dei, kva for salmebok som vart nytta, bryllaupssalmar, om det var instrument i kyrkja,
korleis kyrkja såg ut utvendig og innvendig,
kva for bygningar låg kring kyrkja, korleis
bryllaupsfolket reiste. Kledde dei seg om på
vegen? Slik kan ein lese boka “på tvers”, og du
kan få ei lita slektssoge ut av det.
Noteapparatet:
Boka er utstyrt med eit fyldig noteapparat.
Det både imponerer og kveiker til vidare
lesing av kjeldene.
Takk til redaksjonskomité, artikkelforfattarar
og fotografar for det arbeidet de har lagt ned.
De kan få med dykk ei line frå Henrik Wergeland: Nu hvil Dig, Borger! Det er fortjent —
Dit værk er endt.
Det er jul ennu en gang!
Dempet lyder i mitt øre
som en gammel, fredfull sang julekvad bak hjemmets døre,
slik jeg sang dem barneglad,
Da på moders fang jeg satt.
Det er jul ennu en gang!
Å, jeg trenger julens tone,
trenger juleklokkers klang til å trøste og – å sone,
til å bringe glede inn
i et sårt og kargfullt sinn.
Det er jul ennu en gang!
Hadde vi kun barnets øre
Og et barnehjertes trang til de milde ord å høre!
Herre, sign vår julefest,
Vær du selv vår høye gjest.
T
il juleutgåva av Kyrkjebladet sender eg ikkje eit
klipp, men ein julesalme.
Forfattaren er Anton Fredrik
Winter Jakhelln Prytz, sokneprest i Gloppen i tida 1904-1911.
Denne salmen møtte eg i lagskoret på gymnaset (i Orkdal) kring
1960. Sidan har eg hatt noten
liggande. «Sangboken» har med
to salmar av Prytz, men ingen
av salmebøkene. Familien Prytz
budde her på Apalset medan
prestegarden vart vølt, og ei gåve
frå dei, ein Kristus-statue, står i
stova den dag i dag.
Asbjørg lånte oss noten som ho
har hatt lenge. Vi ser at prisen
var 40 øre, og at koret har sunge
”ennu” i staden for ”ennå” som
står på noten.Og er du i tvil om
namnet, så er det Killingbergtrø.
Leksvik er litt meir uleseleg.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
47
Dette var vi med på
Nokre ord om den gode
samtalen. Og om livet,
slik det faktisk er.
Kyrkjebladet har spurt ei av dei
som var med på Kyrkjedagen om
korleis ho opplevde dagen.
Vil du vere med i den gode samtalen?
Den som gjer livet rikare? Den som kan
gje håp og livsmot til å gå vidare, også
når livet er vanskeleg?
D
Skodespelar Thea Stabell fylte kyrkja med litt magi under si framføring av
Babettes gjestebud. God og enkel forteljarkunst er som vakker musikk.
Babettes gjestebud
Ein mørk og regnvåt haustkveld gav godt
grunnlag for å kome i god teaterstemning
Tekst og Foto: Venke Kolbotn
L
aurdag 18. oktober var 60–70 personar
samla i Sandane kyrkje for å oververe
framføringa av Karen Blixen si kjende
forteljing «Babettes gjestebud».Handlinga
føregår i Nord-Norge, nærare bestemt
Berlevåg kring 1870-talet og er sett inn i ein
historisk samanheng med hendingar i Paris
på den tida.
Vi blir presentert for eit strengt kyrkjesamfunn grunnlagt av prosten i bygda. Vi møter
også dei to fromme døtrene hans, Martine og
Philippa. Dei har heile livet sitt forsaka gleder og nytingar i verda mot eit liv i nøysemd
og forsaking til teneste for Gud.
Skjebnen vil det slik at prosten og døtrene
hans får besøk frå den store verda, både ein
verdsvant løytnant og ein stor songar frå
Paris. Dette fører til eit interessant møte mellom menneske frå heilt ulike verder. Opphaldet i Berlevåg skal vise seg å få mykje å seie
for resten av liva til desse to mennene.
Nokre år seinare, etter at prosten er død,
vil skjebnen det enno ein gong slik at dei
to fromme søstrene får besøk frå den store
verda, og denne gongen er det meisterkok-
48
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
ken Babette som har måtta flykte frå Paris
etter opprøret der. Dei to søstrene har både
hjarterom og husrom og tek Babette inn i
huset sitt. Der vert ho etter kvart uunnverleg
som hushalderske.
Opptakta til Babettes gjestebud eller den
store middagen er at dei to søstrene ynskjer
å markere 100-årsdagen for fødselen til
deira kjære far prosten. Lukka vil at Babette
vinn mange pengar i eit lotteri, og for desse
pengane vil ho lage eit måltid som kan gje
søstrene og dei andre medlemmene av kyrkjesamfunnet ei nærast himmelsk oppleving
som ein forsmak på det himmelske riket som
dei håpar å bli ein del av etter det jordiske
livet.
Skodespelar Thea Stabell fylte kyrkja med
litt magi under si framføring av Babettes
gjestebud. På ein intens og fengslande måte
vart vi dregne inn i ei verd av høgst ulike
menneskeskjebnar som møttest. Ei morosam
og underhaldande historie som samtidig
er kompleks og tek opp mange av dei store
spørsmåla i livet, og med mange replikkar
som ein kan fundere lenge på.
en gode samtalen er noko av det
beste livet kan gje oss. Har du
kjent på kor fantastisk det kan vere,
når det som skjer i møtet med eit anna
menneske gjer ein forskjell? Ein forskjell
for den andre - og mange gonger også for
deg sjølv?
Det skal så lite til. Berre tida det tar å
møtast og å snakke saman. Om det som
er viktig, akkurat no. Om livet slik det er.
Kor frigjerande det er å sleppe å late som
om eg er ein annan enn den eg er.
Livet er eit krevjande prosjekt. Det å
møte motgang og kriser er ein del av det
å vere menneske. Det burde vere enkelt
å snakke sant om livet – slik det faktisk er.
Dessverre er det ikkje alltid sånn det er.
Kirkens SOS svarer på 500 samtalar kvar
dag. Heile året. Folk ringer eller skriv via
internett . Om livet slik dei opplever det.
Det er utruleg mange samtalar. Ord som
går mellom to som ikkje kjenner kvarandre. Ord som kan utgjere ein forskjell.
Ofte ein stor forskjell, for den som kanskje
for aller første gong klarer å finne ord på
det han eller ho kjenner inni seg.
Unike møte mellom unike personar.
500 samtalar, kvar dag. Det er mange.
Men ikkje mange nok. Mange av dei som
tek kontakt med Kirkens SOS opplever
at det er opptatt. Eller at chat-tenesta er
stengt den natta dei verkeleg har behov
for det. Årsak: det er ingen der som har
tid til den gode samtalen.
Kirkens SOS har meir enn 1000 frivillige
medarbeidarar landet rundt. Folk som har
gått ut av komfortsona, overvunne eigen
motstand og som gjev litt av tida si. Fordi
einkvan der ute ein stad treng det. Og
som opplever at det gjev så mykje tilbake.
Møte med ukjente som lever andre liv,
som har andre erfaringar, og som kanskje
får tilbake håpet om at livet har noko meir
å by på.
Vil du vere med i den gode samtalen?
Om livet? Du vil garantert utvikle deg til
eit rikare menneske. Du trengst.
Karl Dag Bærug
Kirkens SOS i Bjørgvin
Jorunn og Reidar Ytre-Hauge fekk Frivilligprisen for sitt arbeid med born og unge i Berle.
Kyrkjedag for Nordfjord 18. oktober
Gunnar Stålsett tilbake
på gamle trakter
Av Tore Myklebust
G
jest og foredragshaldar var tidlegare
biskop Gunnar Stålsett, som har ei
fortid som gymnasiast på Eid. Han
sa at det var særs viktige år som forma han
som person og som kristen. Sjølv om han
no nærmar seg 80 år er han framleis vital og
har eit imponerande reiseprogram i inn- og
utland. Ved sida av å halde foredrag har han
også framleis mange verv og andre oppdrag.
Stålsett snakka om ”Verdien av verdiar”.
Han tok utgangspunkt i at teologien – læra
om Gud – handlar like mykje om menneske
og menneskesyn, individ og samfunn. Det
kristne verdisynet og trua på ein gud er ein
felles verdi for dei fleste menneske. I den nye
§2 i grunnlova står det at vi har eit kristent
og humanistisk verdigrunnlag. Rettferd,
likeverd og likestilling er sentrale verdiar, og
også grunnleggande kristne verdiar. Solidaritet og omsut, i det nære og globalt, var ein
sentral bodskap og har vore og er sentralt
i hans virke. Han viste mellom anna til si
deltaking i ”Religions for Peace”, 7 ulike religionssamfunn som arbeider for menneskerettar og felles verdiar. Det er viktig at kyrkja
deltek i samfunnsdebatten og at samfunnsaktørar bidreg i kyrkjedebatten.
Frivillegprisen
På Kyrkjedagen vart også Frivilligprisen
for Nordfjord prosti for 2014 delt ut. Den
gjekk i år til Jorunn og Reidar Ytre-Hauge.
Prisen er eit måleri av Kjell Stig Amdam
med motiv “Den gode hyrde”. Jorunn og
Reidar har vore engasjerte i arbeid for born
og unge sidan si eiga ungdomstid. Dei har
drive kristeleg arbeid for born og unge i
Berle sidan 1971 og driv framleis hobbyklubben der alle borna i bygda er med.
Seminar
Etter middag var det seminar. Dei fleste
vart med Gunnar Stålett vidare. Men det
var også salmeseminar ved kantorane
Anders Rinde og Jarle Grotle. Eit nyttig
tema når vi no har fått ny salmebok. Det
var og seminar om grøne kyrkjelydar ved
Jon Ytrehorn og Kristen Hundeide. Alle
kyrkjelydar er utfordra til å oppnemne
ein kyrkjelydskontakt. Ved sida av at fleire
kyrkjelydar blir utfordra til å bli sertifiserte
som grøne kyrkjelydar, er det viktigaste at
alle tenker miljø i kvardagen. I Nordfjord
arbeider ein med eit prosjekt for å utnytte
mat som blir kasta frå butikkar.
- Eg har vore med på Kyrkjedag desse
tre åra eg har sete i soknerådet, fortel
Anna Karin Wergeland Hansen som og
sit i Prostirådet og dermed er med på å
arrangere Kyrkjedagen. - Tidlegare år
har eg delteke litt meir tilfeldig, gjennom
annonsering som har fanga interesse.
Dei fleste av oss som deltek på denne
dagen har gjerne «mange jarn i elden»,
så eg har synst at det har vore fint at Kyrkjedagen er lagt til ein laurdag, og at eg
og andre set av dagen til dette. Vi treffer
kjende og ukjende
frå heile Nordfjord, er samla
i kyrkjerommet og i
forsamlingslokale
og får god
mat i gode
omgivelsar.
Reisa til og
frå saman med
andre soknerådsmedlemer har gitt oss
høve til prat og opplevingar saman
utover det vi elles rekk på det jamne. Under fellessamlinga sit vi rundt småbord,
og der er det høve til å bli kjent med nye,
eller bli betre kjent med «våre eigne». I
år var eg så heldig å hamne rundt bord
saman med Gundersen, Bjotveit og Kristine Schielderup frå Måløy. Vi hadde det
rett hyggjeleg gjennom dagen!
- Tidlegare år har eg delteke på
tekstlesarseminar, som eg synst har vore
veldig bra gjennomført med god rettleiing. Det har gjort det lettare å seie ja til
medliturgoppgåve som tekstlesar. I år
valde eg seminaret med Gunnar Stålsett.
Han var ein trygg og dyktig formidlar, og
eg blei imponert over vidsyn, samtidssyn og erfaringar som han delte med
oss. Eg drog heim med ei erkjenning
om frimodig å fremje og ta vare på dei
verdiane eg har i den kristne trua, i det
kristne menneskesynet. Og samtidig stå
saman med innvandrarar med lik og ulik
tru, i respekt for at vi søkjer noko som
er heilagt for oss. Kvar for oss og saman.
Vere i dialogen, vise toleranse og respekt.
Fred begynner i det nære. Som Stålsett
sa undervegs i foredraget: Gud seier
sjølv: «Eg er». Gud er det store mysteriet
i universet - og i mitt liv.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
49
Dette var vi med på
Eit fyrverkeri av ein konsert
Tekst og foto: Anders Rinde
Thomas Schoofs Melheim, Øystein Magnus Gjerde, Dag Håheim og Morten André Larsen gav ein fin konsert i Sandane kyrkje.
Knut Reiersrud var plassert i kordøra framme i kyrkja, men trass i den lange
avstanden mellom dei, var samspelet heilt presist. (arkivfoto)
Avslutningskonserten på Jeremiasfestivalen i år var ein
konsert i Vereide kyrkje med
Iver Kleive (orgel) og Knut
Reiersrud (gitar(ar)). Det vart
ei konsertoppleving av dei
sjeldne. Dei improviserte
seg gjennom diverse folketonar og velkjende salmar i
eit svært presist samspel der
dei utfylte kvarandre rytmisk,
melodisk og klangleg.
50
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
K
Velklingande strengespel
av dyktige menn
Iver Kleive ved orgelet.
nut Reiersrud veksla mellom fem
ulike gitarar, og Iver Kleive stod
ikkje tilbake i variasjon; han utfalda
seg på heile orgelet, frå tutti til det svakaste
register på svellverket. Når dei spelte L.M.
Lindemans melodi til Kyrkja ho er eit gamalt
hus, måtte eg tenkje på Lindemans konsertreise til London i 1871, til opninga av
Royal Albert Hall. Ti framståande europeiske organistar, deriblant Ludvig Mathias
Lindeman, var inviterte til å halde kvar sin
konsert på det store orgelet i konsertsalen.
Lindemans konsert vart så stor suksess med
så mykje publikumstilstrøyming at han
måtte halde to ekstra konsertar. Programmet hans var improvisasjonar over norske
folketonar og eigne salmemelodiar, som t.d.
Kyrkja ho er eit gamalt hus. Sjølve programmet var altså nokså tilsvarande det vi fekk
servert i Vereide kyrkje denne søndagskvelden. Lindeman hadde ingen medspelar.
Derimot hadde han eit orgel på 111 register,
altså temmeleg nøyaktig fem gonger større
enn orgelet i Vereide kyrkje. Men Iver
Kleive greidde seg godt med eit lite orgel:
Innimellom samspelet fekk vi høyre to
orgelstykke, først Bach: Fantasi i G-dur,
som har ei form som er nokså eineståande
blant Bachs orgelmusikk, og som er det
einaste han har gjeve ein fransk tittel: Pièce
d’Orgue (orgelstykke). Mot slutten spelte
Kleive ein eigenkomponert Toccata over
salmen Store Gud, vi lover deg. Toccata er
latin og kjem av verbet toccare som tyder å
slå, jfr uttrykket «slå an» ein tone, tangent
el. akkord. I dette tilfelle ein treffande tittel
på noko som opprinneleg er laga som filmmusikk. Dei omlag 190 frammøtte fekk til
slutt høyre igjen musikken til avslutningsseremonien på Lillehammer-OL, komponert av radarparet Kleive/Reiersrud over
ein folketone frå Oppdal, Overmåte fullt av
nåde. Deretter var det ståande applaus og
ekstranummer.
Fire unge karar med talent og veltrimma fingrar, fire velstemte gitarar og
utsøkte verk frå musikklitteraturen gav eit fåtallig, men fornøgd publikum
ei oppleving som vi gjerne skulle delt med fleire.
Tekst og foto: Oddvar Almenning
S
andane kyrkje viste seg å vere eit utmerka lokale til eit ensemble av denne
storleiken og klangtypen. Kort avstand
mellom utøvarar og tilhøyrarar og samtidig
god akustikk under høge takflater er ein bra
kombinasjon.
Gitaristane opererte som kvartett under
heile programmet, sjølv om dei kunne ha
levert eigne solostykke. Programmet hadde
stor spennvidde i tid og musikktypar, frå
Georg Philipp Telemann (samtidig med Bach
og den mest berømte av dei to i si samtid) til
notids gitaristar/komponistar som Duarte og
Bogdanovic.
Vi har sjølve sett saman dette programmet, kunne dei fortelje. Dei to musikkstykka
av Telemann i velkjend elegant barokkstil
var konsertar for fire fiolinar. Sjølv om det
såleis er skrive for andre instrument, kan det
spelast direkte frå notane utan anna bearbeiding enn den kvar gitarist sjølv gjer under
kvar framføring. Dei ”nyskrivne” stykka
i programmet var delvis komponerte for
gitarkvartett og delvis transkriberte stykke.
Meldaren var nok minst fornøgd med Arvo
Pärt sitt stykke ”Summa”. Thomas Schoofs
Melheim hadde før konserten forklart at
dette er eit religiøst verk skrive for songstemmer, med ein tekst som betyr nettopp ”Sum”,
- summen av det vi trur. Programarket som
var tillaga, kunne gjerne hatt med litt fleire
opplysningar om verk og komponistar, med
fødselsår for komponistane om ikkje anna.
Men det blir kanskje neste gong…
Elles var det god grunn til å vere fornøgd
med det meste. At dei fire karane er studentar, er nok grunnen til at ein så god konsert
kan vere gratis. Dei fekk kanskje billeg konsertlokale? Dei få som møtte opp, fekk i alle
fall ein god konsert. Kluss med klokkeslettet
i annonseringa og kollisjon med eit arrangement i Trivselshagen er vel litt av forklaringa
på eit skrantande frammøte. Vi utfordrar
med dette våre musikkmiljø i kulturskulen
og på Firda til å invitere til eit samarbeid
med denne kvartetten. Gitarelevar og andre
musikkstuderande kunne då gje oss alle ein
rik konsert for fulle hus!
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
51
Dette var vi med på
Dar kjem
dampen, -frå
Gloppen?
Mange, kanskje dei fleste, meiner å
vite at «Dar kjem dampen» er Ivar
Medås sitt verk. Det er noko rett i
det, men langt frå heile sanninga.
Teksten til songen vart skriven av
døveprest Ragnvald Hammer i
1953. Men songen vart landskjend
i 1963, då Ivar Medås sette den
fengande tonen til diktet.
F
Synnøve Nordvik er komen heim og jobbar her. Det lovar godt for fleire fine sopransoli,
som her i Schuberts ”Ave Maria”.
Juletonar
av finaste
sort
Rygg songlag, under dyktig leiing av Hanne
Grete Heen, stod for kveldens høgdepunkt
med si avdeling i ein vakker konsert med fint
program.
Sandane skulemusikk hadde med seg vaksenhjelp til solid støtte på galleriet.
52
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Tekst og foto Oddvar Almenning
Juletonar i november er kanskje
i tidlegaste laget, men det er fint
at ikkje alt kjem på dei tre-fire siste dagane før jul. Og konserten i
Gimmestad var vel verd å ta med
seg. Eit fint program framført av
flinke folk, fellesskap i salmesong
og poengtert forkynning for alle
og kven som helst.
N
år amatørar får solid støtte av profesjonelle, oppstår det beste vi kan
oppleve med lokale krefter. Fem distriktsmusikarar pluss ein av våre eigne organistar sikra kvaliteten i alle innslag. Synnøve
Nordvik gledde oss med Ave Maria av Frans
Schubert og Marias voggesang av Max Reger,
den første akkompagnert av Otto Ose med
varme flygelhorntonar og sikre vibrasjonar
frå Thomas Aanonlie, den andre av Henrik
Silfverhielm på sin cello, med orgel attåt.
Det er lett for å tenke at ein organist må ha
eit orgel så stort som i Vereide for å levere fin
musikk. Vi tykte instrumentet hadde nye og
interessante klangar då Anders Rinde gav oss
Offertorium over ei gammal fransk julevise.
Det beste av alt, i denne meldaren sine
øyre, var likevel Rygg songlag. Dei leverte
ei velklingande avdeling med julesongar av
gammalt og nytt slag. På ein særleg måte var
det den gamle velkjende ”Kling no, klokka”
som var kveldens høgdepunkt. Godt dirigentarbeid og konsentrert korinnsats gav oss
ei a capella-oppleving som løfter.
ar til Ragnvald Hammer, Josef Hammer, vart fødd på Hammaren (i Nesjekrinsen) i 1879, og vaks opp der. Josef
var ein evnerik kar, og ønskte seg til «seminaret» (lærarskulen) på Stord. 18 år gammal
rodde han til Vereide og la saka si fram for
soknepresten, som skreiv ein attest der han
sterkt tilrådde at unge Josef måtte få eit stipend frå seminaret, slik at han kunne få den
utdanninga han ønskte. Alt tyder på at han
fekk stipend, for han tok til på lærarskulen
og vart lærar. Dermed slår vi fast at songen
om gamle dampen ikkje berre er ein «strilesong», - han har også tilknyte til Hammaren
i Nesje-krinsen.
Ut frå Bergen hamn, til indre fjordar, ”dit gøtt ifrå bydn han vil bere”
Dar kjem dampen
Ved Bryggja i Bergen, dar ligg dar ein båt,
so blankpust og fin at han lyse.
Me sjikkele master og pipa med låt,
Og månge slags vare han hyse.
Han fer idnijønå me damp og me køl,
Nett snøgt ikkje fram han fere.
Men leia veit han og fidn kvart eit høl
Dit gøtt ifrå bydn han vil bere.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Tak på deg triskona og spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Linge-linge-linge-linge-linge-ling
Og no har han sigla i femtifem år,
Binda by og land saman han konne,
Og når han no ikkje lenger går,
Då græt både bymann og bonde:
I rubme ligg mjølsekkjena i høge lag,
Og kassa me ablesine.
På dekkj’ e da fullt utå adle slag:
Mjelkjespadn og røyre og tine.
Dar gjekk dampen, gamle dampen,
Far or triskona, far stilt.
Dar gjekk dampen, gamle dampen,
Å, detta va syrgjele ilt.
Dampskipet Oster, med ”damp og med køl”
Utsnitt frå søknad om friplass ved lærarskulen på
Stord. Der står mellom anna at ”kan derfor visselig
fra Hjemmet af ingen Hjælp til at bestride Udgifterne ved Opholdet paa Seminariet paaregnes..”
Sokneprest Borch har laga søknaden,
stempla og skrive under
Ivar Medås gjorde songen kjend
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
53
?
Dette stykket stod i Juletre, Norsk Barneblad sitt juleblad i 1954, og vi har fått lov å gje det att.
Susli-gubbane
Av Knut Gjengedal Teikning av Jostein Øvrelid
D
å eg var smågut, budde det to
ungkarar nord på skogbruna, to-tre
kilometer frå grenda. Dei var om
lag i 40-årsalderen. Den eine heitte Kristian,
og den andre heitte Fredrik. Staden innpå
der heiter Suslia, og så fekk karane namnet
Susligubbane. Suslia var ein liten plass, berre
nokre små dyrka jordbøter kringom hyttene.
Rettelege fjøshus var der ikkje. Dei få dyra
hadde gubbane i jordhol som dei hadde
grave i ein turr bakke.
Når snøen la seg, vart desse jordgammene gode skihopp. Og vi smågutane gjorde
mangt eit renn over desse «fjøstuvene» - vi
rende over kuryggane, sa vi, susa ut i lufta og
tok bakken langt nede. Vi høyrde dei svoltne
kyrne rauta under oss, gaula nede i jorda. Vi
tykte det var stor moro. Stundom kom gubbane og jaga oss.
Stovehusa i Suslia var små og grå, om lag
som gamle sæterbuer. Ein såg dei oppe på
skogbruna under himmelen. Dei hekk mest
som i lause lufta. Folk i grenda skjemta om at
Susligubbane budde mellom stjernene. Visst
er det at når dei hadde kveikt lampene i Suslia, og stjernene blenkte nord på høgda, var
det vanskeleg å skilja mellom himmelstjerner
og lampeljoset i Suslia.
Det var berre ein smal gangsti opp til
Suslia. Han gjekk i krokar og svingar, låg
stundom ut på hamrar og sleipe svaberg, og
var mest ikkje farande i mørkret. Ikring stod
det tett med einebuskar. Gjekk ein utfor vegen og ned i runnane, kunne det verta stort
strev å koma seg opp att,
Det gjekk ein snarveg òg frå grenda og opp
til Suslia. Han låg der som ei grå veite i einelia og var stupbratt. Om vinteren var veita
kvit. Denne snarvegen kalla folk i grenda
«gubberenna», for gubbane kom farande nedetter henne på skier eller kjelke så det gufsa.
Stundom kom dei på berre buksebaken. Når
renna var hard, gjekk det likevel så det susa
ikring øyro.
Susligubbane var sterke og seige karar og
54
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
nokre rivarar i arbeid. Folk leigde dei gjerne
til tungarbeid. Og gubbane grua seg ikkje for
tunge tak. Når dei tok i, var arbeidet frå seg
gjort så det gauv. Vanlege folk var mest berre
som smågutar saman med dei.
Men gubbane hadde eit lyte, eit stygt lyte:
Dei var så for glade i det sterke, og når dei
«kom på ein kant», som dei sa, hende det at
dei gjorde uverk. Stakkars den som då kom
i nevane deira. Dei handsama han som ein
vott, slengde og kasta så det var nifst å sjå.
Vi smågutane hadde både otte og vyrdnad
for Susligubbane, men otten var nok størst,
for det hende at dei var etter oss. Men då
hemnde vi oss etterpå med å gjera dei ei eller
anna prette. Til sist hadde vi nok terga dei
for mykje. Og ein gong nådde vi inn til sjølve
storsinnet i dei. Ein dag vi gjætte sauene
nord på høgdene ved Suslia, smaug ei gimmer seg gjennom den halvopne grinda og
inn i hagen hans Fredrik. Han hadde planta
litt ikring husa, tre og bærbuskar som aldri
bar mogen frukt. Fredrik var glad i desse
veike buskane, men gimra var glad i lauvet
og dei nysprotne blomane. No stod ho og
plukka i bærbuskane så det riste i dei.
Då veit vi ikkje ordet av før Fredrik er der.
Han kjem farande i fullt sinne, berrføtt og i
berre underkleda. Gimra skvett unna, men
hoppar framom grindopet, og så vert det
ein dans i hagen kringom hytta. Gong etter
gong grip Fredrik etter henne, men får ikkje
tak. Best det er, snåvar han, og fer stupande
ned gjennom bærbuskane så lang han er.
Dermed losnar harmen og så rasande vill at
eg har ikkje sett maken. Han riv ein staur or
gjerdet sitt så borda heng med, sparkar til
dei med berre føtene så bordfjølene fyk frå
stauren med spikrane i. Så er han etter gimra
att med stauren, slær etter henne så det fyk i
buskane. Det gjekk til hjarta på oss gjætargutane, ja, det harma oss slik at vi tok til å
bruka munn utanfor gjerdet. Vi kalla han
både «susepave» og «utange», for vi var glade
i sauene, og slik framferd tolde vi ikkje -Du skal koma i lensmanns-kjellaren, farr,
i bolt og jarn! Ropa vi. –Du skal få sitje på
vatn og brød! Då veit vi ikkje ordet av før
Fredrik hoppar over gjerdet og legg etter
oss med stauren. No er han liksom ikkje
menneske lenger, berre fræsande makt og
rasande sinne. Vi smågutane spring for livet,
spring beint gjennom potetåkeren hans
Kristian. Vi har berre ein tanke: å koma over
bøen hans og ned i einekavane, for Fredrik
vil vel ikkje setja etter oss ned gjennom det
harde, stive riset, han med dei nakne føtene
sine?
Men nede på bøen møter Kristian oss,
og han har ei lang stong i hendene. Sauene
har komi inn på bøen hans, for skikkeleg
gjerde hadde ikkje han heller. No går han
der og slær med stonga etter sauene. Han er
liksom ulven som spreier dei. Sinna er han,
det høyrer vi på røysta hans. Då han ser oss
gutane med Fredrik i hælane, slær han seg
med i jaget. Om nokon av oss skreik, minnest eg ikkje, men at vi ottast å verta slegne
helselause, det veit eg.
Eg såg så vidt at gimra hadde komi seg ut
or hagen og for tanande ned til dei andre
sauene. Så slengde eg meg utfor reina og
hoppa så langt eg greidde ned i einekavane.
Dei andre gutane kom etter, ein etter ein,
så einekollane riste og mjøl-røyken gauv.
Gubbane stogga på reina, og Kristian slengde
handyvlet sitt etter oss, men det råka ingen
av oss, som vel var.
Vi hadde berga oss, endå vi tykte det var
eit under. Sume var så glade at dei gret, og
vesle Jørgen Glom, som var så flink til å
syngja, tok til med: «Om vondskapen reiser
seg høgføtt på jord.» Og vi andre song med
så godt vi kunne.
Nokre dagar etter råka vi gubbane att. Vi
gjekk oss beint på dei i ein sving på stigen. Dei
hadde vori til handlaren og henta seg kvar sin
halvsekk med mjøl. No sat dei og kvilde og
stødde ryggen atti mjølbøra. Det stokk i oss
gutane, og dei to minste hoppa utfor stigen og
la i tan ned gjennom einelia. Eg òg var på veg,
men fordi Jørgen Glom stod att åleine, stansa
eg. Gubbane reiste seg. Dei hadde sett oss.
-Est de bange, karar? spurde Kristian og tala
gubbemål.
-Kom hit, gutar, sa Fredrik, -så skal de få
søta munnen dykkar. Han tok opp or lomma
ein pose og heldt fram. –Brunsukker, ekte
kandis, kom!
-Enn om dei berre vil lokka oss, få kloa i
oss og gjeva oss juling? sa eg og var så redd
at eg skalv. Eg såg meg ikring. Slo dei sterke
Susligubbane kloa i oss smågutane, greidde
dei nok å kasta oss langt ned i einekavane.
Det fraus i meg, for Jørgen var alt på veg bort
til gubbane. Då gjekk eg etter. Eg kunne ikkje
lata han gå beint i løvegapet åleine, tykte eg.
Kristian reiste på seg då vi kom bortåt dei.
–Kva vil de ha no, spurde han, -juling eller
kandissukker? Det stokk i meg. Eg veik attende, ville snu meg og hoppa ned gjennom
einerunnane. Då svara Jørgen så roleg at eg
vart undren. Får vi velja, tek vi helst kandis.
Då lo gubbane. Dei lo så hjarteleg, så
varmt og godt, og Fredrik rette fram posen.
-Ver så god, forsyn dykk med kandis, sa
han, og vi tok imot, bukka og takka i handa.
Så sat vi der og saug og knaska på brunsukker, både vi og gubbane, og otten for dei
var som blåsen bort. Dei var kameratar med
oss.
Best det var, bad Fredrik oss syngja eitt eller anna. Vi eva oss, men endeleg tok Jørgen
Glom til å småsulla, liksom han prøvde seg
fram, både med tonen og orda. Så la han
kandisklumpen som han saug på, i loven,
drog inn luft og sette i å syngja så det ljoma:
«Här är gudagott att vara! O vad livet dock
är skönt.»
Eg og la kandisklumpen ned i handa og
vart med i songen så godt eg kunne. Gubbane nikka. –Takk! sa dei. –Ver så god, sa
Fredrik. –De må få heile brunsukkerposen.
Ha flidde posen til Jørgen. De får gjeva dei
der reddskvettane kvar sitt korn og. Han
peika. Vi såg nedetter lia. På ein haug ovanfor bøgarden stod dei to som rømde.
Då Jørgen og eg gjekk heim, var vi samde
om at det fanst ikkje maken til Susligubbane.
Sinna kunne dei verta, og dei var sterke som
troll, men jamen var dei godhjarta og mjuke,
og.
Etter den dagen var vi smågutar vener med
gubbane. Og når ein eller annan var etter oss
for små knep vi gjorde, truga vi med å varsla
Susligubbane. Då skulle dei som ville refsa
oss, få så pass at…
Den dagen gubbane reiste til Amerika, sat
Jørgen og eg oppe i einelia og lika oss ille.
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
55
Synnøve Schjølberg Kvamme / Jorunn Eikenes / Ingrid Hageberg Bjørnereim / Vegard Tennebø / Morten Leirgul
Spaltisten
Eg treng ein julefasit
Hei Jesus. Eg har sagt det før og eg seier det igjen: På
enkelte område er Bibelen svært mangelfull. Kvar er instruksjonane for advent og jul? Kven skal eg høyre på når du og far
din er så utydelege?
To generasjonar på Ommedalsstøylen. Her sit Martin saman med vesle Kari i døropninga til
det gamle selet bygt i 1886. Hadde veggane her kunna tale, kunne det ha blitt mange dikt.
Foto: Familiemedlem
Ein gamal gangsti
Av Martin Ø. Ommedal
56
Eg trør på ein gamal gangsti,
som fører til sætra mi.
Det er slik ein stille haustdag,
ein sundag ved Barsok-tid.
Frå dalen den tronge og lange
eg går etter lia opp.
Og etter at stega vert mange,
eg kjenner, han mjuknar min kropp.
Eg låser meg inn i selet
og leitar fram nista mi.
Snart putrar det godt i kjelen
av det som eg har oppi.
Eg kikar i hytteboka
og skriv litt om turen i dag.
Men kjenner med eit litt vemod
for vi ikkje er fleire i lag. –
Eg går i eit roleg tempo.
Det har inga hast ein slik dag.
Tek pause ved kvilesteinen
og nyt kvart eit andedrag.
Det susar så lint i skogen
og bekken syng langsamt sin song.
Over driv dunkvite skyer
som fylgjer til fjellet min gong.
Inne ved Storehaugen,
står uplukka tyttebær.
Dei rispar eg opp i handa
og kjenner kor godt dei gjer .
Langsetter rabbar og tuver,
røsslyng så fager eg ser.
I våtlende myrulla duvar,
i tusental, mange dei er.
I haustsol ligg sætergrenda,
der fram millom husa eg går.
Men kvar eg enn auga mitt vender,
eit møte med stilla eg får.
Det bur ingen lenger i husa,
det kling inga bjølle i li.
Visnande gras står på vollen,
ein stølssumar er forbi. –
Langsmed dei haustfarga lier,
der fjellvinden bøyer kvart strå.
Eg ruslar i eigne tankar
og undrast på alt eg får sjå.
Snart vaknar eg opp av draumen,
eg kan ikkje lenger bli.
Eg fylgjer den gamle gangsti,
på veg heim frå sætra m
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
På den eine sida er det dei som startar på julegåvene i januar.
Som broderer juledukar i april. Som bestiller julekort i
august. Som gjer julevasken i oktober, pyntar i november og
feirar heile desember. Som har alt på stell og har
gode tips til korleis jula blir perfekt og koseleg
og vellukka.
På den andre sida har du dei som kritiserer alle for å styre så mykje før jul. Som
seier at no må vi slutte med alle desse
julegreiene. Ikkje vaske så mykje.
Ikkje rydde så mykje. Ikkje bake
så mykje. Ikkje bruke så mykje
pengar.
I kategori ein trur eg det er flest
damer. Og i kategori to trur eg det
er flest menn. (Eg lurer på om julegenet sit i det ribbebeinet Gud tok
frå mannen og laga kvinna av. Kan
du sjekke med Gud om dette stemmer?) Eg har i alle fall betydelege
mengder med jule-gen. Det kjenner
eg med heile meg. Men på grunn av
litt manglande instruksjonar frå deg,
Jesus, veit eg altså ikkje heilt kva eg
skal bruke jule-genet til.
tenkjer eg visst likevel at eg ryddar veg for Herrens komme
– mellom kanel, nellik og safran.
På gjesterommet vaskar og luftar eg ekstra grundig. (Eg vil
jo ikkje at systera mi skal utvikle støvallergi berre fordi ho
kjem på besøk.) Eg ordnar dynene så fint eg klarar, tenkjer
på julegjestene som skal sove der og ber deg Jesus om å gje
søvn og kvile til store og små.
Ein litt sær ting er behovet for å høyre på ein spesiell
CD. Eg må berre høyre på Smurfane som syng
inn jula. Eg er litt flau over dette, men håpar og trur at du har humoristisk sans.
Du har vel det…?
Jorunn skriv om det praktiske arbeidet før jul.
Kven vaskar vi for? Her er det Sigmund på Lia
gård som steiker pannekake til gjester i pannekakehytta. Sigmund er morbror til spaltisten.
Red. Foto Elna Marie Almenning
Er det OK om eg forklarar litt her
korleis eg har det? Og så kan du
kommentere etterpå? Det hadde vore fint.
For det første så kjenner eg ei dragning mot julevasken. Dette
syns eg er litt pussig. Vasking er ikkje akkurat favoritthobbyen
resten av året. Men når eg vaskar til jul, så kjennest det nesten
som eg vaskar for deg. I tillegg får eg ein underleg trong til å
rydde i kjøkkenskuffene. Sjølv om verken du eller eg har tenkt
å feire jula nedi der. Men når eg ryddar i kjøkkenskuffene så
Det siste eg vil nemne er Sølvguttene. No høyrest eg sikkert ut som
eg er 80 år. Men Sølvguttene - når
dei syng på julafta klokka 17, då
blir eg varm innvendig. Ikkje fordi
det luktar ribbe i huset akkurat på
det tidspunktet. Ikkje fordi treet
er pynta. Ikkje fordi stjerna heng i
vindauget. Men fordi eg feirar deg,
akkurat då. Når Sølvguttene syng
jula inn, då stengjer eg verda ute.
Då tenkjer eg på deg. Eg tenkjer på
englekoret og gjetarane. På stolte
foreldre og vise menn. På deg som
nyfødd og på deg som min Frelsar.
Sånn er jula mi. Kanskje med eit
par tillegg. Men er det slik du
tenkjer at eg skal feire? Viss du skal
lage eit lite tillegg til Bibelen ein
gong, kan du vere så snill å ta med eit par punkt om advent
og jul? Sånn at eg veit om eg er på rett kurs? På førehand
takk.
Beste helsing Jorunn.
PS: Håpar du får ein fin bursdag. Eg skal feire deg så godt eg
berre kan!
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
57
Min salme
Visste du
-at Gabriel Reed fekk Kongens fortenestemedalje i gull då han var 80 år?
-at Elias Skinlo og Rasmus Hunskår var sentrale personar då Breim bedehus vart bygt?
-at det gjekk ein gammal ferdaveg frå Hunskor - på nordsida av Veten - til Sandane?
Der måtte dei fare når Breimsvatnet var
utrygt og før vegen var bygt langs vatnet.
-at Kong Harald var den som opna Nordfjordheimen i 1979? Og at eika som står der,
stor og fin, er planta av dronning Sonja?
(Som kronprins og kronprinsesse)
-at Jakob N. Kobberstad med røter i Myklebustdalen var ein framståande person som
lærar, komponist, journalist, bokhandlar,
lærebok- og songbokforfattar - og at han
var god ven med sjølvaste Ivar Aasen?
-at Kristine Kobberstad (1899-1982), som
dreiv moteforretning på Sandane, var ein
slektning av Jakob N. Kobberstad? Jakob
Kristenson Kobberstad var syskenbarn til
den omtalte Jakob N. Sonen til Jakob K.
heitte Mons og gifte seg med Anette Raste.
Etter ei tid i Honningsvåg busette dei seg på
Sandane i 1922. Dei var foreldra til Kristine
Kobberstad - som vert firmenning til Jakob
N. sine barneborn.
stemmerett, frihandel og betre allmugeskular. I 1851 vart han arrestert og måtte sitje
fire år i tukthus. Etter dette byrja han som
fotograf. Thrane var nevø av komponisten
Waldemar Thrane.
og er ein av dei mest allsidige idrettsutøvarane Gloppen har fostra? Han var skihoppar,
langrennsløpar, kombinertløpar og friidrettsutøvar og har hatt fleire leiande verv
innan idretten.
-at etter oktoberflaumen i Flåm er fem hus
rivne bort og seks hus ubebuelege?
-at Liabakken er den største hoppbakken i
Gloppen og ligg i fjellsida aust for Ommedal
på Vereide? Han er så godt som gjengrodd,
men her vart det arrangert landsrenn der
fleire av topphopparane i landet deltok. Bakkerekorden er vel framleis 63 meter?
-at Skilaget Fjellhug vart skipa i 1899 og
at Lasse P. Solheim var den første leiaren
(formand)? Nestleiar var John K. Solheim,
og Kristen Henden og Jakob A. Austrheim
sat i styret.
-at Vereide Turn og Idrettslag vart skipa
våren 1922, og at Einar Rye var den første
leiaren i laget?
-at Fjellhug/Vereide Idrettslag vart eitt
idrettslag i 1966? Dei to laga møttest i Gimle
14.01.66 for å slå seg saman til eitt lag.
-at Håkon Lundestad, som deler ut Kyrkjebladet til alle i Fjellbygda, har vore medlem i
både Fjellhug og Fjellhug/Vereide Idrettslag
-at bygningen som hyste Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt
(som Kobberstad var lærar ved) vart teken
av ein stor flaum i elva like ved og sopt på
sjøen i 1865? Tømmeret vart plukka opp frå
Voldafjorden og huset sett opp att på Engeset i Volda. Det har vore flaumar før også.
-at Marcus Thrane, som tok det kjende
biletet av den første lærarskulen i Volda,
var fødd i Christiania i 1817? Han var kjend
som sosialistisk agitator og grunnleggar
av Thranerørsla. Han kjempa for allmenn
Visste du at Alv Nyland har laga eit relieff
av Gabriel Reed som er nemnt ovanfor, og at
dette står på ein minnestein på Utvikfjellet?
-at Asbjørn Gjengedal har skrive ei interessant bok om Abraham Vereide – utvandraren frå Noreg som samla leiarar i Amerika
og i andre land til frukost med bibel og
bøn? Der er også mykje god lokalhistorie frå
Vereide rundt 1900.
-at Ole Nordhaug, far til vår biskop Halvor
Nordhaug, var den første biskopen i det nye
bispedømmet Møre?
-at han som skreiv dei to vakre salmane «Det
lyser i stille grender» og «Du som låg i natti
seine» - Jakob Sande – også har skrive desse
linjene: Kvar gong Jesu namn kjem til meg,
kjenner eg hans broderhand, og eg veit at alt
han vil meg, er å lose meg i land?
-at «En stjerne skinner i natt» (Nå er den
hellige time) vart komponert og skriven
17. mai 1992? Tore Aas, dirigenten for Oslo
Gospel Choir, venta på kona som var på
badet og gjorde seg i stand til barnetoget i
Oslo. Tore sette seg til pianoet og melodien
kom av seg sjølv, og etter 4-5 minutt hadde
han melodien klar. Same dagen kontakta
han Eyvind Skeie, som mellom alle andre
gjeremål denne dagen fekk skrive ned tre
fine vers med refreng. 18. mai spelte dei den
nye julesongen inn på plate. Songen har gått
sin sigersgang i Noreg, Sverige, Danmark og
i engelsktalande land.
Mariahelg 6.-8.mars 2015. For kvinner i alle aldrar
Fredag 6. mars til søndag 8. mars
blir det igjen Mariahelg på Alværa
Misjonssenter ved Lavik i Sogn – ei
helg der vi får senke skuldrene og
løfte blikket. Opp til 40 damer samlast
til åndeleg og sosialt fellesskap,
kreativ utfalding, påfyll til kvardagane
og gode måltid, alt saman i trivelege
omgjevnader. Det vert høve til både
turgåing, skravling, song og spel,
meditasjon og/eller handarbeid i
sofakroken. Viktig på Maria-helga er
58
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
også at ein ikkje er forplikta til å vere med
på alle programpostar, men kan bruke tid
til kvile eller stille stunder, dersom det er
eit behov.
Hovudtalar er Sigríður Guðmarsdóttir
som er prest og teolog frå Island. Ho
har ein doktorgrad i kjønnsteologi og
økoteologi, har tent som prest i Island
og Amerika, og har undervist i teologi og
religionsfilosofi ved universitet i Island,
Amerika og England. No er Sigríður tilsett
Av Inga Margrete Tystad
som prost i Sør-Helgeland prosti, med
sete i Brønnøysund. I tillegg til Sigríður
har vi fått med oss Anne-Sissel Olsen
Bergum, som skal ha redesign-seminar,
der gamle ting får nytt liv.
Meir informasjon og påmelding: 489
90 661 eller på e-post: [email protected].
Du finn oss også på facebook.com/
Mariahelg.paa.Alvaera.
Velkomen til Mariahelg!
Nå vandrer fra hver en verdens krok
E
g heiter Inga Margrete Tystad og er
fødd og oppvaksen på Vereide som
eldst av fire sysken. Vi hadde ein
god heim. Mor bad alltid morgonbøn med
oss før vi gjekk på skulen. Det var trygt og
godt. Foreldra våre song begge to i Jubilo.
Det høyrdest fint ut, og eg såg fram til å
vere med. Eg var 15 år gammal då eg var
med på mi fyrste øving. Det vart mange
gode og fine opplevingar i om lag 35 år, til
koret vart nedlagt fyrst på 1990-talet. Eg
var og med i Nordfjord Oratoriekor, og eg
fekk nokre år i Kyrkjekoret til helsa sette
ein stoppar for det. Det er mykje godt å sjå
tilbake på og mange fine salmar og songar.
Men sidan dette kjem i bladet til jul, vil eg
ta med ein julesong eg lærte tidleg, men
som kanskje ikkje er brukt så mykje no.
Så vil eg ynskje at vi alle får ei god og fredeleg advent og julehøgtid.
Eg utfordrar Anne Berta Kleppenes.
Nå vandrer fra hver en verdens krok
i ånden frem, i ånden frem
et uoverskuelig pilgrimstog
mot Betlehem, mot Betlehem.
Se, barna er foran, glad i flokk,
så kvinner og menn, så kvinner og menn.
Selv rystende olding tar sin stokk:
Til krybben hen, til krybben hen!
For alle har samme hjertetrang
til julens fred, til julens fred.
Guds kirke i Norge ved våg og vang,
følg med, følg med! Følg med, følg med!
Og finner du ham i krybbens hø
som hyrder så, som hyrder så,
da eier du nok til freidig å dø
og leve på, og leve på.
Norsk salmebok nr. 78
Tekst: Jonas Dahl
Inga Tystad var med i Jubilo i
mange år. Ho står til venstre i andre
rekkja. Biletet er teke då koret
hadde drive på i 25 år, i 1957. Vi
tek med namna på alle: Rekkje 1 frå
v.: Ingeborg Austrheim*, Gudrun
Rinde*, Elfrid Vereide, dirigent
Jon Hauge*, Reidun Tistam, Klara
Vattøy* og Pernille Eide. Rekkje 2
frå v.: Inga Tystad (som skriv om
Min salme), Jenny Slyngstadli.
fru Rønnekleiv, Maria Skrivarvik*,
Signy Austrheim, Kjellfrid Hauge*
og Maria Aske Årskog. Bak frå v.:
Bertel Austrheim, Rolf Baadstø,
Dagfinn Aasen, Kolbjørn Aske,
Knut Rinde*, Sigfred Grimsbø, John
Austrheim*, Arne Alme, Samson
Skrivarvik*, Magne Tennebø, Bjarne
Tystad (far til Inga) og Melvin
Vattøy*. (Vi har sett * ved dei som
har ektemaken med i koret. Kven
som høyrer i hop, finn du ut av
etternamna.)
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
59
Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane
Tlf. 57 88 44 10 = Eikenæ[email protected]
www.libris.no/eikenes
6
22
22
Henden Sport
KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER
FRÅ INNERST TIL YTTERST
FOR HAN OG HENNE
Boks 138, 6821 Sandane
Tlf. 57 88 44 00
www.gloppenadvokat.no
Coop-bygget. Tlf. 57 86 59 57
[email protected] gloppenelkjop.no
22
HYEN
Tystad Blomster
Tlf 57 86 63 90
ADVOKATANE
LOTHE, MARDAL &
GJENGEDAL M.N.A.
Ryssdal kraft
Økonor Gloppen
Bolset Glass AS
KLE FOR A
FRÅ INNE
FOR HAN
Boks 138, 6821 Sandane
Tlf. 57 88 44 00
www.gloppenadvokat.no
[email protected]
Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected]
TELEFON 97 03 92 28
Elkjøp Gloppen AS
Rekneskaps kontoret
Gloppen AS
HY
Coop Vest SA
TELEFO
Økonor Gloppen
TELEFON 97 03 92 28
6823 SANDANE
KONFIRMASJON
= BRYLLAUP
= GRAVFERD
Bolset Glass AS
= KVARDAG OG FEST
KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER
Mardal rør
KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER
FRÅ INNERST TIL YTTERST
FOR HAN OG HENNE
HYEN
Økonor Gloppen
Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected]
Vereide Blomster
Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected]
Tannlege Øyvind Seim
=
&
A.
Velkomen innom!
FRÅ INNERST TIL YTTERST
FOR HAN OG HENNE
Vereide Blomster
HYEN
Leif Lothe elektriker
Elkjøp Gloppen AS
Rekneskaps kontoret
Gloppen AS
Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane
Tlf. 57 88 44 10 = [email protected]
www.libris.no/eikenes
Tannlege Øyvind Seim
Coop Vest SA
Økonor Gloppen
Bolseth
Glass
AS
Ryssdal
Kraft AS
Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected]
Mardal Rør
TELEFON 97 03 92 28
Gloppen Kommune
AS
Rekneskaps kontoret
Gloppen AS
KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER
FRÅ INNERST TIL YTTERST
FOR HAN OG HENNE
Nordfjord Havbruk AS
Seim
Coop Vest SA
Tystad Blomster
Bolset Glass AS
Henden Sport AS
Firda Elektro
www.fjordaudio.vpweb.no
Vereide Blomster
LEDIG
Leif Lothe elektriker
ADVOKATANE
LOTHE, MARDAL &
GJENGEDAL M.N.A.
Leif Lothe
elektriker
Boks 138, 6821 Sandane
Tlf. 57 88 44 00
www.gloppenadvokat.no
[email protected]
Gloppen Kommune
Vereide Blomster AS,
Nordfjord Havbruk AS
Blomster og hagesenter
telefon 57 86 51 07
Elkjøp Gloppen AS
Løysing på barnekryssord
Tannlege Øyvind Seim
Bolset Glass AS
Ryssdal Kraft AS
ElkjøpTannlege
Gloppen AS
Mardal Rør
VereideBlomster
Blomster
Tystad
Tlf: 57 86 50 24
Tannlege
Henden Øyvind
Sport ASSeim
LeifFirda
Lothe
elektriker
Elektro
Ryssdal Kraft AS
KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER
FRÅ INNERST TIL YTTERST
FOR HAN OG HENNE
Firda elektro
HYEN
TELEFON
97 03 92
28
Leif Lote
elektro
Gloppen Kommune
Rekneskaps kontoret
Løysing Gloppen
på barnekryssord
AS
Nordfjord Havbruk AS
Coop Vest SA
er
Henden Sport AS
60
Rekneskaps kontoret
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Gloppen
ASnr. 3, 2013
Kyrkjeblad
for
Gloppen
LEDIG
Øyvind Seim
Co
M
LEDIG
Gloppen kommune
Tystad Blomster
Jordnær og livskraftig
Hen
Fasit KVA FOR EIN JULESONG:
Grandavegen 9, 6823 Sandane
1) Eit barn
er fødtElektro
i Betlehem
Firda
57 88 38 00
2) Deilig er jorden
4) Her kjem
me, dine arme små
www.gloppen.kommune.no
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Ryssdal Kraft AS
Mardal Rør
5) Å kom nå med lovsang
6) Nå har vi vaska golvet
7) Nå tennes tusen julelys
Mardal Rør
TELEFON 97 03 92 28
Rekne
G
post @gloppen.kommune.no
3) En stjerne
skinner i natt
HYEN
S
AS
Boks 138, 6821 Sandane
Tlf. 57 88 44 00
www.gloppenadvokat.no
[email protected]
Tlf. 57 88 44 00/Faks 57 88 44 01
Adresse: Grandavegen 5, 6823 Sandane. Postboks 138, 6821 Sandane
www.gloppenadvokat.no
ADVOKATANE
LOTHE, MARDAL &
GJENGEDAL M.N.A.
ADVOKATANE
LOTHE, MARDAL &
GJENGEDAL M.N.A.
8) Mitt hjerte alltid vanker
Sandane 8-22 (8-20)
Gloppen Kommune
Nordfjord Havbruk AS
Tystad Blomster
Firda Elektro
Henden Sport AS
9) Å jul med din glede
10) Eg er så glad kvar julekveld
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
LEDIG
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
61
Kyrkja i Gloppen
VEREIDE SOKN
Leiar i soknerådet: Elin Villung,
tlf: 57 86 64 84 / 97716902
[email protected]
Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf: 950 22 917
[email protected]
BREIM SOKN
Leiar i soknerådet:
Aksel Rygg, tlf: 57 86 75 62 / 412 20 458
[email protected]
Kyrkjetenar: Ingvild Reed. tlf: 412 40 309
GIMMESTAD SOKN
Leiar i soknerådet:
Aase Ryssdal Sæther, tlf:57 86 50 51 /
911 07 329. [email protected]
Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf: 950 22 917.
[email protected]
HYEN SOKN
Leiar i soknerådet: Liv Øygard Solheim,
tlf: 57 86 96 59 / 958 61820.
[email protected]
Kyrkjetenar: Ola Jan Birkeland,
tlf: 57 86 98 32 / 975 91 747
Sokneprest i Vereide og Gimmestad
Vidar Bjotveit, tlf: 958 80 030
[email protected]
Kontorstad: Sandane kyrkje
Sokneprest i Breim og Hyen
Tore Myklebust, tlf: 456 01 260
[email protected]
Kontorstad: Prestebustaden i Breim.
Kyrkjeverje Kurt Djupvik
Kontor i Sandane kyrkje
Tlf kontor: 57 86 56 16. Mobil: 902 06 828.
[email protected]
Kontorstad: Sandane kyrkje
Kontoret er ope alle dagar, men kyrkjeverja er ofte ute, så det er lurt å ringe på
førehand.
Diakonimedarbeidar i Gloppen
Britt Randi Heggheim, tlf: 908 47 592
[email protected]
Kontor i Sandane kyrkje
Kantor
Anders Rinde
[email protected]
Vereide kyrkje, tlf: 57 86 93 06
Vi møtest i kyrkja
DÅP
14. desember
3. s. i advent Luk 3,7–18
16.00
15. desember
20.00
Breim
Julekonsert
17. desember
20.00
Vereide
Julekonsert
21. desember
4. s. i advent Luk 1,39–45
11.00
Hestenesøyra
Gudsteneste v/Tore Myklebust.
Takkoffer: KFUK-KFUM Sogn og Fjordane
16.00
Hyen
Vi syng jula inn. Takkoffer: Misjonsprosjekt
11.00
Gloppen omsorgssenter
Gudsteneste v/Tore Myklebust
14.30
Vereide
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit.
Takkoffer: Kirkens Nødhjelp: Sandane skulekorps
14.00
Breim
Gudsteneste v/Tore Myklebust. Song av Breimskoret.
Takkoffer: Kirkens Nødhjelp
16.00
Gimmestad
Gudsteneste v/Tore Myklebust. Takkoffer: Kirkens Nødhjelp. Song av Gimmestad kantori.
16.00
Sandane
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Kirkens Nødhjelp. Song av Sandane barnegospel.
11.00
Vereide
Høgtidsgudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Det
Norske Misjonsselskap. Song av ”Julekoret”. Messingblåsarar.
12.00
Breim
Høgtidsgudsteneste v/Tore Myklebust.
Takkoffer: Det Norske Misjonsselskap
11.00
Hyen
Høgtidsgudsteneste v/Tore Myklebust.
Takkoffer: Nesholmen.
24. desember
Julafta Luk 2,1–20
25. desember
Juledag Joh 1,1–14
26. desember
Andre juledag Joh 1,1–14
Hyen
Lysmesse v/Tore Myklebust og konfirmantane.
Takkoffer: Kirkens Nødhjelp
11.00
Gimmestad
Høgtidsgudsteneste v/Vidar Bjotveit.
Takkoffer: Det Norske Misjonsselskap
31. desember Nyttårsafta Joh
14,27
23.00
Gimmestad
Nyttårsgudsteneste v/Vidar Bjotveit
1. januar. Nyttårsdag.
Matt 1,20b-21
11.00
Sandane
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Nattverd.
Takkoffer: Søndagsskulen i Sogn og Fjordane
4. januar. Kristi openb. d.
Luk 2,40-52
11.00
Sandane
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeid
6. januar. Heilage tre kongars
dag
19.00
Fjordhestgarden (Breim)
Gudsteneste v/Tore Myklebust
11. januar. 2. s. i openb tida.
Mark 1,3–11
11.00
Vereide
Gudsteneste v/Tore Myklebust. Nattverd.
Takkoffer: Acta Sogn og Fjordane
18. januar. 3. s. i openb tida.
Joh 4,4–26
11.00
Breim
Gudsteneste v/Tore Myklebust.
Takkoffer: Kirkens SOS i Bjørgvin. Nattverd.
11.00
Gimmestad
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Nattverd.
11.00
Hyen
Gudsteneste v/Tore Myklebust. Nattverd.
Takkoffer: Åpne dører
25. januar. 4. s. i openb tida.
Joh 9,1–7.35b–38
11.00
Vereide
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Nattverd. Takkoffer: IKO
28. januar
20.00
Sandane
Opa kyrkje. Song og kveldsbøn kl. 20.40
1. februar. Såmannss. Mark
4,26–34
11.00
Breim
Gudsteneste v/Tore Myklebust.
Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Tårnagenthelg.
11.00
Gimmestad
Gudsteneste v/Vidar Bjotveit. Nattverd.
16.00
Sandane
Gratis varm mat kl. 16.00
Søndagssamling kl. 17.00
11.00
Vereide
Gudsteneste v/Tore Myklebust.
Nattverd. Takkoffer: Søndagsskulen, sentralt.
20.00
Sandane
Ungdomsgudsteneste v/Vidar Bjotveit.
Nattverd. Takkoffer: Det norske bibelselskap
Kantor/trusopplærar
Marièl Eikeset Koren, tlf: 90942503
[email protected]
Kontorstad: Sandane kyrkje
8. februar. Kr. forkl.dag. Mark
9,2–13
Gravar/ kyrkjegardsarbeidar
Ivar Hjelle, tlf: 57 86 58 59 / 970 76 668
15. februar. Søndag før faste.
Joh 12,20–33
11.00
Breim
Gudsteneste v/ Tore Myklebust.
Nattverd. Takkoffer: KRIK-Sandane
18. februar. Askeonsdag.
Matt 12,38–42
20.00
Sandane
Skriftemålsgudsteneste v/Tore Myklebust. Nattverd.
62
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014
Dåpsborn med foreldre og fadrar
Vereide
07.09.2014
SARA HESTENES LYSTAD
MONICA BRANDSØY LYSTAD
STEFFEN HESTENES
Sonja Hestenes
Gry Anett Butz
Frode Lindvik
Jannicke Lindvik
05.10.14
AMANDA SUNDT OLSEN
TORILL MARITA VON KROGH SUNDT
STEINAR ANDRÉ OLSEN
Ivan Sundt
Torunn Skrunes Sundt
LAURINE HAUGLAND BARMEN
TERESE HAUGLAND
HALLVARD BARMEN
Siv Haugland
Grete Barmen
Jenny Barmen
William Haugland
Bjarte Barmen
VERA SKOGLI
KATRIN NES SKOGLI
JAN ERIK SKOGLI
Camilla Skogli
Lisbeth Skogli
Øystein Nes
Mariann Nes
26.10.2014
VETLE ROTH-ANDENÆS
HEGE KRISTIN ROTH-ANDENÆS
BJØRN ROTH-ANDENÆS
June Andenæs
Sissel Ravnestad
Ditte Roth Hulgaard
Sune Laugesen
Arild Fjellestad Tystad
Ann-Iren Finstad
23.11.2014
OLAI SEKKINGSTAD EGGE
MAIKEN JOHANNE SEKKINGSTAD
ROLF KJETIL EGGE
Ellen Jorun Hjelle
Fred Leon Pedersen
Sissel Astrid Løvoll
Odd Ivar Pettersen
Merete Bange
Knut Arild Folkestad
KAMILLA AASEBØ FJELLESTAD
KARI ELISABETH AASEBØ
EGIL FJELLESTAD
Kristin Fjellestad
Arne Samestad
Katrine Fjellestad Aske
Kjell Aske
Valborg Høgalmen
ASK EGGE BJØRNEREIM
JANNICE EGGE
NILS EVEN BJØRNEREIM
Amalie Sofie Nerhus
Gunnar Eide
Pia Elise Kristiansen
Vegard Støyva
Breim
19.10.2014
OLA JOHAN KANDAL
IRENE KANDAL
Rigmor Johanne Kandal
Stig Magne Spjutøy
Geir Kandal
Torunn Erikstad
Ingvild Nesheim Hansen
Berit Daviknes
VER
2
L
A
L
G
S
M
T
2
S
J
H
K
A
K
H
BRE
0
H
B
S
E
B
0
E
J
M
J
Hyen
19.10.2014
JØRGEN NAVE RØNNEKLEIV
ANN KRISTIN NAVE
LARS MAGNE RØNNEKLEIV
Eivind Otto Rønnekleiv
Grethe Klubben
Maria Bergsholm
Geir Olav Rønnekleiv
Lill Rønnekleiv
G
JOR
VER
M
T
B
D
E
BRE
M
A
GIM
H
S
Vigde
Jordfeste
V1_Orginallayout.indd 27
Vereide sokn
11.10.2014
Aina Minde og Jesper Backer Lemming
Vereide
Paul Nilsen
26.07.1929 14.10.2014
Jakob Kolbjørn Gimmestad 06.06.1918 16.10.2014
Anne Karin Førde
01.07.1944 05.11.2014
Gimmestad
Ragna Margreta Rygg
07.09.1917 19.10.2014
Breim
Arne Bø
26.02.1953
10.11.2014
nr. 7, 2014 Kyrkjeblad for Gloppen
63
Att og bak
«Gedigent sølv»
Gedigent sølv, olje på lerret. Gedigent tyder ikkje diger, men rein eller tvers igjennom,
Olje på lerret
heilstøypt.
60x95
cm 2012Ein nyttar omgrepet i sølvsmedfaget. Magne Kristiansen står på kaia på Lote og
lyset skimrar over grå fjord. Då vert alt til sølv. Sjå meir kunst av Magne på side 12-15.
Gedigent tyder ikkje diger, men «rein» eller «tvers igjennom», «heilstøpt.»
Ein nyttar omgrepet i sølvsmedfaget.
Eg står på kaia på Lote og lyset skimrar over grå fjord.
Då vert alt til sølv.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 7, 2014